Rundskriv V-13-02

Rapport over rekneskapen pr. 30. juni 2002 Plan for forbruket i resten av budsjetterminen 2002 (03.06.2002)

Til

statlege verksemder under Kultur- og kyrkjedepartementet
( utanom: Den norske Unesco-kommisjonen og verksemder under Kyrkjeavdelinga)

Nr.

Vår ref

Dato

V-13/2002N

2002/2319 AØ/Ø EAn

03.06.2002

Rapport over rekneskapen pr. 30. juni 2002
Plan for forbruket i resten av budsjetterminen 2002

I. Rapport over forbruket pr. 30. juni 2002 og plan for forbruket vidare

Det skal utarbeidast ein halvårleg rapport over rekneskapen på postane 01 og 21, og ein tilsvarande rapport over dei tilhøyrande inntektene. Målet med rapporteringa er å betre økonomistyringa og å unngå overskridingar i budsjetterminen. Det skal òg utarbeidast ein oversikt over årsverk.

For at departementet skal få oversyn over budsjettsituasjonen, både samla og ved den enkelte verksemda, ber vi verksemdene utarbeide rapport over rekneskapen pr. 30. juni 2002 og ein plan for korleis verksemda kan halde forbruket for resten av budsjetterminen 2002 innanfor den disponible budsjettramma på postane 01 og 21.

Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet "Rapport over rekneskapen pr. 30. juni 2002 - verksemder under Kultur- og kyrkjedepartementet". På side 3 i skjemaet er det opplyst kor på Internett skjemaet kan hentast opp og ei kort orientering om utfyllingen av skjemaet. Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse: postmottak@kkd.dep.no

Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må óg leggjast ved rekneskapsrapporten.

Det elektroniske skjemaet inneheld følgjande tabeller:

  • tabell 1: Post 01 Driftsutgifter
  • tabell 2: Post 21 Spesielle driftsutgifter/Store utstillingar/Arkeologiske og andre oppdrag
  • tabell 3: Inntekter
  • tabell 4: Talet på årsverk
  • tabell 5: Lønnsutgifter i pst. av samla driftsutgifter under post 01.

Alle rekneskapstala skal rundast av til nærmaste tusen kroner.

II. Merknad til tabell 1: Post 01 Driftsutgifter

Den budsjettramma som verksemda disponerer på post 01 i 2001, skal førast i kolonne 1. Ramma skal fordelast på underpostar slik det går fram av skjemaet. Trygdeutgiftene, sjå underpost 01-18, skal utgjere 14,1 pst. av utgiftene under underpostane 01-11 - 01-17.

Utrekninga av den disponible budsjettramma på post 01 må spesifiserast nærmare, slik det går fram av pkt. a - g i tabellen. Forutan beløp skal ein føre opp dato og journalnummer for brev om tildeling/innsparing av budsjettmidlar.

Overslaget over lønnsutgiftene for 2002 skal byggje på det faktiske lønnsnivået i 2002.

Verksemdene vil seinare få tildelt midlar til å dekke meirutgiftene som følgje av lønnsoppgjeret i 2002. Lønnsmeirutgiftene i 2002 som følgje av dette oppgjeret, blir rekna ut sentralt. Dersom denne tildelinga ikkje dekker dei faktiske lønnsmeirutgiftene fullt ut, må verksemda sjølv dekke differansen innanfor den tildelte budsjettramma for 2002. Vi ber likevel verksemda føre opp sitt eige overslag over desse lønnsmeirutgiftene under pkt. i.

Midlar som verksemda har fått stilte til disposisjon gjennom posteringsfullmakt, skal inntektsførast under inntektspost 01 på same måten som andre ymse inntekter.

Meirinntekter under inntektspost 01 skal førast opp under pkt. f.

Bruken av meirinntekter er knytt til det enkelte budsjettkapitlet. Når fleire verksemder får løyvd budsjettmidlar over same budsjettkapittel og -post, er det ein føresetnad at den enkelte verksemda ikkje overskrider den budsjettramma som verksemda har til disposisjon. Uheimla meirforbruk ved ein verksemd inneber at andre verksemder må bruke tilsvarande mindre.

Eventuelle mindreinntekter under inntektspost 01 førast òg opp under pkt. f.

Inntekter under inntektspostane 15, 16, 17 og 18 førast óg opp under pkt. f, jf. omtalen under pkt. IV nedanfor. Verksemda treng ikkje å søkje om samtykke til å bruke desse inntektene.

Dersom beløpet under pkt f. inneheld inntekter frå meir enn ein post, må beløpet spesifiserast på dei ulike inntektspostane i merknadsrubrikken.

Det er høve til å omdisponere inntil 5 pst. av den samla løyvinga på post 01 til investeringar under post 45. Omdisponeringsadgangen gjeld berre for eingongs- investeringar som ikkje krev oppfølging i seinare budsjettår, og godkjennast av departementet. Departementet sin fullmakt til å omdisponere midlar frå post 01 til investeringar under post 45 er knytt til det enkelte budsjettkapitlet. Når fleire verksemder får løyvd budsjettmidlar over same budsjettkapittel og -post, er det ein føresetnad at den enkelte verksemda ikkje overskrir den samla budsjettramma. Fullmakta kan berre brukast når det totale forbruket på budsjettkapitlet under post 01 viser nødvendig innsparing.

Eventuell søknad om omdisponering av midlar frå post 01 til investeringar under post 45 må grunngjevast nærmare. Beløpet førast opp under pkt. g.

Utgiftene i kolonne 2, 3 og 4 skal også fordelast på underpostar. Oppstillingane skal også inkludere trygdeutgifter under underpost 01-18.

III. Merknad til tabell 2: Post 21 Spesielle driftsutgifter/- Store utstillingar/ Arkeologiske og andre oppdrag

Dei samla inntektene som verksemda disponerer på post 21 i 2002 skal førast i kolonne 1 slik det går fram av tabellen. Ramma skal fordelast på underpostar. Trygdeutgiftene under underpost 21-18 utgjer 14,1 pst. av utgiftene under underpostane 21-12 og 21-22.

Utrekninga av dei samla inntektene verksemda disponerer på post 21 spesifiserast med ein sum for faktiske rekneskapsførte inntekter pr. 30.06.2002 og ein sum for forventa inntekter i perioden 1.7. - 31.12.2002, jf. pkt. a og b, samt omtale under pkt. IV nedanfor. Med forventa inntekter meiner departementet dei inntekter som truleg blir rekneskapsførte innan 31.12.2002.

Utgiftene i kolonne 2, 3 og 4 skal også fordelast på underpostar. Oppstillingane skal inkludere trygdegifter under underpost 21-18.

Ein føresetnad for oppdragsverksemda er at inntektene fullt ut dekker utgiftene. Fører verksemda likevel opp større utgifter enn det inntektene dekker, må ein grunngi dette særskilt.

I pkt. d i tabellen skal verksemda føre den ramma for oppdragsinntekter som er stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for 2002.

IV. Merknad til tabell 3: Inntekter

Dei samla inntektene som verksemda disponerer under inntektspostane 01, 02, 15, 16, 17 og 18 førast opp i dette skjemaet. Utrekninga av dei samla inntektene under dei ulike postane spesifiserast med ein sum for faktiske rekneskapsførte inntekter pr. 30.06.2002 og ein sum for forventa inntekter i perioden 1.7. - 31.12.2002. Med forventa inntekter meiner departementet dei inntektene som truleg blir rekneskapsførte innan 31.12.2002.

Faktisk regnskapsførte oppdragsinntekter pr. 30.06.2002 og forventa oppdragsinntekter for perioden 1.7. - 31.12.2002 overførast til tabell 2, pkt. a og b. Forventa meir- eller mindreinntekter under inntektspost 01 overførast til tabell 1, pkt. f. Forventa inntekter under inntektspostane 15, 16, 17 og 18 overførast også til tabell 1, pkt. f.

V. Merknad til tabell 4: Talet på årsverk og tabell 5: Lønnsutgifter i pst. av samla driftsutgifter under post 01

Verksemdene kan ikkje tilsetje fleire tenestemenn i løpet av året enn at lønns- utgiftene, både for inneverande år og dei påfølgjande åra kan dekkast innanfor driftsbudsjettet. Departementet er pålagt ansvar for at dette blir følgt opp.

Talet på årsverk i tabell 4 førast opp pr. 31.12.2000, 31.12.2001 og 30.06.2002. Talet på årsverk finansiert av oppdragsmidlar spesifiserast for seg. Utrekninga av talet på årsverk må omfatte samtlege tilsettingar pr. dei aktuelle datoane, dvs. fast tilsette, vikarar, engasjerte, mellombels tilsette m.v. Verksemda må nytte den same utrekningsmåten som ved innrapporteringa til det sentrale tenestemannsregisteret.

Både tabellen for talet på årsverk og tabellen for lønnsutgifter i pst. av dei samla driftsutgiftene skal fyllest ut.

VI. Spørsmål om og innsending av rapporten

Eventuelle spørsmål om rapporteringa må rettast til verksemda sin fagavdeling i Kultur- og kyrkjedepartementet.

Rekneskapsrapporten skal sendast til verksemda sin fagavdeling i Kultur- og kyrkjedepartementet innan 1. august 2002.

Med helsing

Henning Gorholt e.f.
ekspedisjonssjef

Einar Andersen
seniorrådgjevar

Vedlegg