Rundskriv V-14N/2009: Blanketten Krav om gravlegging og/eller kremasjon
Rundskriv | Dato: 29.09.2009 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kultur- og kirkedepartementet
Blanketten ligg no føre i revidert utgåve.
Kyrkjelege fellesråd Sokneråd i kommunar med eitt sokn |
|
|
Nr. |
Vår ref |
Dato |
V-14N/2009 |
2009/04202 KIA krs |
29.09.2009 |
|
Blanketten Krav om gravlegging og/eller kremasjon
Blanketten Krav om gravlegging og/eller kremasjon V-0916 N og Begjæring om gravlegging/og eller kremasjon V-0916 B ligg no føre i revidert utgåve. Det er i hovudsak gjort mindre språklege endringar. Det er lagt til ein rubrikk for e-postadresse og to nye avkryssingsboksar for kva type grav det skal vere ved ny grav. Dei to avkryssingsboksane gjeld fri kistegrav med ledig kistegrav over (to nivå), jf. forskrift til gravferdslova § 18. I tillegg er det ein avkryssingsboks for dei tilfella der grava skal vere i namna minnelund, som no har blitt tatt i bruk nokre stader.
Blanketten er tilgjengeleg i elektronisk utgåve og kan bli lasta ned frå Statleg blankettarkiv.
Med helsing
Anne-Lise Brodtkorb e.f.
avdelingsdirektør
Kristian Skjeldal
seniorrådgjevar
Kopi: HSH Gravferd/BFN