Rundskriv V-17N 2008

Utnemning av biskop i Bjørgvin

Til sokneråda i Bjørgvin bispedømme

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-17N/2008

2008/01210 KiA AEL

18.06.2008

 

Utnemning av biskop i Bjørgvin

I samband med at det skal utnemnast ny biskop i Bjørgvin bispedømme oppmodar vi soknerådet om å gi stemme til dei tre personane som rådet reknar for mest skikka til å bli utnemnt til bispeembetet, i prioritert rekkjefølgje.

 

Bjørgvin bispedømmeråd har i møte 10. juni 2008 nominert desse kandidatane:

 

Sokneprest Ivar Braut

Domprost Ørnulf Elseth

Rektor Halvor Nordhaug

Generalsekretær Kjell Bertel Nyland

Bymisjonsprest Kari Veiteberg

 

Kandidatane er nemnde i alfabetisk orden. Vita deira følgjer vedlagt. Bispedømme-rådets forslag er ikkje bindande for dei som har røysterett. Det er også høve til å røyste på biskopar i embete.

 

Røystinga i soknerådet skjer ved vanlig fleirtalsvotering. Først voterer soknerådet over kven som skal stå som kandidat nr. 1, deretter kven som skal stå som nr. 2, og til sist kven som skal stå som nr. 3. I fall ingen av kandidatane får fleirtal (meir enn halvparten av røystene), skal soknerådet røysta om att. I denne runden skal den reknast for valt som har fått flest røyster. Før omrøystinga kan rådet gjera vedtak om at valet berre skal stå mellom to eller fleire av dei som fekk flest røyster i den første runden. Om valet enno er uavgjort fordi fleire kandidatar har fått like mange røyster, skjer avgjerda ved loddtrekning.

 

Røystinga i soknerådet er hemmeleg. Prestar, kateketar og diakonar i offentleg kyrkjeleg stilling som er medlem av soknerådet, deltar ikkje i røystinga.

 

Resultatet av røystinga med opplysningar om stemmetal eller i tilfelle vedtak om at erklæring ikkje blir avgitt, skal førast inn i møteboka. Stadfesta utskrift av møteboka skal sendast direkte til Kultur- og kyrkjedepartementet, Postboks 8030 Dep., 0030 Oslo så tidleg at utskrifta kan vere i departementet innan 15. oktober 2008.

 

 

Med helsing

 

 

Thom M. Rafoss e.f.
fung. ekspedisjonssjef

 

Anne-Lise Brodtkorb
avdelingsdirektør

 

Vedlegg:

Om sokneprest Ivar Braut (i pdf-format)

Om domprost Ørnulf Elseth (i pdf-format)

Om rektor Halvor Nordhaug (i pdf-format)

Om generalsekretær Kjell Bertel Nyland (i pdf-format)

Om bymisjonsprest Kari Veiteberg (i pdf-format)