Rundskriv V-17N/2007

Utnemning av biskop i Møre


 

Til prestar, vigsla diakonar, kateketar og kantorar i offentleg kyrkjeleg stilling i Møre bispedømme, prostane i dei andre bispedømma, rektorane ved dei praktisk-teologiske seminara og teologiske professorar som er medlem av Den norske kyrkja

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-17N/2007

2007/04104 KIA AEL

08.11.2007

 

Utnemning av biskop i Møre

I samband med at det skal utnemnast ny biskop i Møre bispedømme, oppmodar vi Dykk om å gi stemme til dei tre personane som De reknar for mest skikka til å bli utnemnt, i prioritert rekkjefølgje. Møre bispedømmeråd har i møte 5. november 2007 nominert desse kandidatane:

Sokneprest Berit Øksnes Gjerløw
Leder Ingeborg Synøve Midttømme
Rektor Halvor Nordhaug
Prost Bjarne Olaf Weider

Kandidatane er nemnde i alfabetisk orden. Vita deira følgjer vedlagt. Bispedømme-rådets forslag er ikkje bindande for dei som har røysterett. Det er også høve til å røyste på biskopar i embete.

Send stemmen Dykkar som vanleg brev direkte til Kultur- og kyrkjedepartementet, Postboks 8030 Dep., 0030 Oslo så tidleg at den kan vere i departementet innan 11. januar 2008. Brevet vil ikkje vera offentleg tilgjengeleg.

Med helsing

Ole H. Fisknes e.f. Thom M. Rafoss  
ekspedisjonssjef avdelingsdirektør


Vedlegg:

Vedlegg 1: Biografiske data om Berit Øksnes Gjerløw
Vedlegg 2: Svar på spørsmål - Berit Øksnes Gjerløw

Vedlegg 3: Biografiske data om Ingeborg Synøve Midttømme
Vedlegg 4: Svar på spørsmål - Ingeborg Midttømme

Vedlegg 5: Biografiske data om Halvor Nordhaug
Vedlegg 6: Svar på spørsmål – Halvor Nordhaug

Vedlegg 7: Biografiske data om Bjarne Olaf Weider
Vedlegg 8: Svar på spørsmål - Bjarne Olaf Weider