Rundskriv V-18N/2007
Rundskriv | Dato: 08.11.2007 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kultur- og kirkedepartementet
Nr: V-18N/2007
Utnemning av biskop i Møre
| ||
Nr. |
Vår ref |
Dato |
V-18N/2007 |
2007/04104 KIA AEL |
08.11.2007 |
|
I samband med at det skal utnemnast ny biskop i Møre bispedømme oppmodar vi soknerådet om å gi stemme til dei tre personane som rådet reknar for mest skikka til å bli utnemnt til bispeembetet, i prioritert rekkjefølgje.
Møre bispedømmeråd har i møte 5. november 2007 nominert desse kandidatane:
Sokneprest Berit Øksnes Gjerløw
Leder Ingeborg Synøve Midttømme
Rektor Halvor Nordhaug
Prost Bjarne Olaf Weider
Kandidatane er nemnde i alfabetisk orden. Vita deira følgjer vedlagt. Bispedømme-rådets forslag er ikkje bindande for dei som har røysterett. Det er også høve til å røyste på biskopar i embete.
Røystinga i soknerådet skjer ved vanlig fleirtalsvotering. Først voterer soknerådet over kven som skal stå som kandidat nr. 1, deretter kven som skal stå som nr. 2, og til sist kven som skal stå som nr. 3. I fall ingen av kandidatane får fleirtal (meir enn halvparten av røystene), skal soknerådet røysta om att. I denne runden skal den reknast for valt som har fått flest røyster. Før omrøystinga kan rådet gjera vedtak om at valet berre skal stå mellom to eller fleire av dei som fekk flest røyster i den første runden. Om valet enno er uavgjort fordi fleire kandidatar har fått like mange røyster, skjer avgjerda ved loddtrekning.
Røystinga i soknerådet er hemmeleg. Prestar, kateketar og diakonar i offentleg kyrkjeleg stilling som er medlem av soknerådet, deltar ikkje i røystinga.
Resultatet av røystinga med opplysningar om stemmetal eller i tilfelle vedtak om at erklæring ikkje blir avgitt, skal førast inn i møteboka. Stadfesta utskrift av møteboka skal sendast direkte til Kultur- og kyrkjedepartementet, Postboks 8030 Dep., 0030 Oslo så tidleg at utskrifta kan vere i departementet innan 11. januar 2008.
Med helsing
Ole H. Fisknes e.f. | Thom M. Rafoss | |
ekspedisjonssjef | avdelingsdirektør |
Vedlegg:
Vedlegg 1: Biografiske data om Berit Øksnes Gjerløw
Vedlegg 2: Svar på spørsmål - Berit Øksnes Gjerløw
Vedlegg 3: Biografiske data om Ingeborg Synøve Midttømme
Vedlegg 4: Svar på spørsmål - Ingeborg Midttømme
Vedlegg 5: Biografiske data om Halvor Nordhaug
Vedlegg 6: Svar på spørsmål – Halvor Nordhaug
Vedlegg 7: Biografiske data om Bjarne Olaf Weider
Vedlegg 8: Svar på spørsmål - Bjarne Olaf Weider