Rundskriv V-1N-2001

Budsjettrundskriv for 2002

Til statlege verksemder under Kulturdepartementet

Nr.

Vår ref

Dato

V-1N/2001

2000/4500 AØ/ØS EAn

02.01.2001

Budsjettrundskriv for 2002

Innleiing

Generelt

Budsjettrundskrivet gir retningslinjer for dei statlege verksemdenes arbeid med budsjettframlegget for 2002, både når det gjeld innhald og utforming.

Budsjettrundskrivet er eit viktig ledd i departementets arbeid med å betre budsjett- systemet og kommunikasjonen med dei statlege verksemdene. Det er ei prioritert oppgåve for departementet å tilpasse dei statlege verksemdenes budsjettprosess mest mogleg til departementets eige arbeid med statsbudsjettet, både når det gjeld prosedyrar og krav til innhald.

Arbeidet med mål- og resultatstyringa innanfor dei ulike forvaltningssektorane skal vidareførast på same måte som tidlegare. Dei opplysningane som departementet ber om i dette rundskrivet, er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet i departementet med dette.

Eit resultatorientert styringssystem føreset ein tettare kontakt mellom departementet og dei statlege verksemdene. Verksemdene må derfor utarbeide budsjettframlegg som er utforma slik at det gir departementet det nødvendige grunnlaget for å kunne gjennomføre ein budsjettprosess som ivaretek omsynet til betre resultatstyring.

Disposisjonen av budsjettframlegget skal følgje den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettframlegget for 2002.

Frist

Fristen for innsending av samla budsjettframlegg for 2002 til Kulturdepartementet er 1. mars 2001.


Budsjettframlegget for 2002 må sendast inn i 5 eksemplar. Budsjettsøknaden må også sendast inn på diskett med opplysing om kva for tekstbehandlingssystem som er nytta.

Budsjettframlegget for 2002

Budsjettframlegget for 2002 skal innehalde følgjande:

mål for verksemda

omtale av bemanning og eventuelle organisatoriske stillingsframlegg

budsjettframlegg med talbudsjett for 2002.

Verksemder som forvalter tilskottsordningar må også innarbeide omtale av dei aktuelle tilskottsordningane i budsjettframlegget.

Mål for verksemda

Dei statlege verksemdene må gi ein omtale av dei overordna måla og resultatmåla for verksemda i budsjettframlegget for 2002.

Verksemdenes forslag til formulering av resultatmål i budsjettframlegget for 2002 vil utgjere eit viktig grunnlag for departementets formulering av mål i budsjett- proposisjonen for 2002.

Departementet viser i denne samanhengen også til tildelingsbrevet for 2001, der det er gjort greie for dei måla verksemda skal arbeide etter i 2001.

Departementet vil på denne bakgrunnen be om at verksemdene i budsjettframlegget for 2002 innarbeider både forslag til overordna mål, jf. pkt. 2.1.1, og resultatmål for 2002, jf. pkt. 2.1.2.

Overordna mål for verksemda i 2002 og dei nærmaste åra

Departementet legg til grunn at dei statlege verksemdene har utarbeidd overordna mål som ikkje vil variere mykje frå år til år. Det overordna målet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten i verksemda, og vere i samsvar med dei rammene som er trekte opp for verksemda i lover, vedtekter, sentrale styrings-dokument o.l.

Resultatmål for 2002

Forslag til dei resultatmåla som verksemda tek sikte på å nå i 2002, må formulerast så konkret som råd. Som for 2001 er det tenleg at resultatmåla blir avgrensa til verk-semdas hovudarbeidsområde.

Det er viktig at resultatmåla blir formulerte slik at det i ettertid er mogleg å måle om ein har nådd dei resultata som vart sette for verksemda, t.d. ved hjelp av data for ressurs-bruk, produkt/produksjonar, kvalitet, service m.v.

I tilknyting til resultatmåla må det utarbeidast resultatindikatorar som kan angi graden av måloppnåing.

Resultatmål innanfor vedteken budsjettramme for 2001

Det budsjettet som er vedteke av Stortinget for 2001 dannar utgangspunktet for verksemdenes arbeid med 2002-budsjettet. Resultatmåla for 2002 må derfor basere seg på dette. Ambisjonsnivået i kvart enkelt resultatmål må ikkje setjast høgare enn den faktiske ressurstilgangen. Verksemdene må derfor gjere greie for kva for resultatmål som kan gjennomførast med dei budsjettrammene ein i dag har til disposisjon.

Departementet legg til grunn at dei statlege verksemdene gjennom omdisponering og effektivisering av noverande ressursar, kan frigjere ressursar til nye tiltak/satsings-område i 2002 og at dette også kan nedfellast i verksemdas formulering av resultatmål for 2002.

Resultatmål som krev budsjettauke

Verksemdene må gjere særskilt greie for resultatmål som krev auka budsjett- rammer i 2002--udsjettet. Ein må grunngi kvifor resultatmålet krev nye ressursar, og oppgi kor stort behovet for auka ressursar er.

Resultatmål som krev nye ressursar, vil i mange tilfelle henge saman med nye tiltak. Resultatmål og nye tiltak må derfor koplast nært saman i budsjettframlegget og nye tiltak skal omtalast spesielt, jf. pkt. 2.3.2.

Omtale av bemanning og organisatoriske stillingsframlegg

Verksemdene må leggje ved liste over alle fast tilsette med spesifikasjon av lønnstrinn og lønnsbeløp i 2002. Lønnsutgiftene skal førast opp på grunnlag av dei regulativsatsane som gjeld etter hovedtariff-forhandlingane for 2000.

Verksemdene må omtale den samla bemanningssituasjonen og om det leggjast opp til auke/reduksjon i antall årsverk i 2002. Dersom det blir fremma forslag om tiltak som det trengst nye årverk for å få gjennomført, må slike årsverk omtalast særskilt. Det må framgå av omtalen kva den enkelte stillingen skal nyttast til.

Dersom det blir gjort framlegg om omgjering/oppretting av stilling på leiarnivå, som inneber organisatoriske endringar, må det i tillegg til omtale av framlegget også utarbeidast organisasjonskart (eige vedlegg) som viser organiseringa av verksemda inklusive dei nye stillingane.

Budsjettframlegg med talbudsjett for 2002

Omtale av hovudlinjene i budsjettforslaget

Verksemdene må som innleiing til omtalen av framlegget til talbudsjett for 2002, presentere eit samandrag av budsjettframlegget der det kort blir gjort greie for korleis verksemdene vil realisere resultatmåla (jf. pkt. 2.1.2) innanfor noverande budsjett-rammer, kva for resultatmål som krev nye ressursar, hovudlinjene i framlegget og endringar i forhold til 2001.

Krav til omtale av nye tiltak

Verksemdene må leggje vekt på å gjere greie for korleis planlagte endringar og nye tiltak i 2002 vil endre ressursbehovet i høve til 2001-budsjettet.

Dei ulike forslaga til endringar og nye tiltak må omtalast særskilt og innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste (lønns- og driftsutgifter, utgifter til investeringar, nye stillingar) både i 2002 og 2003.

Dersom verksemda planlegg endringar/nye tiltak som treng nye ressursar i 2002, skal desse førast opp med kostnadsoverslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje.

I tilknytning til omtalen av budsjettforslaget for 2002 skal det også givast ein omtale av verksemdas planar for 2003-2004. Omtalen må utarbeidast på same måten som omtalen av budsjettframlegget for 2002, men omtalen skal vere kortfatta.

Utarbeiding av talbudsjettet for 2002

Som vedlegg til budsjettrundskrivet følgjer:

-

Tabell I:

Talet på årsverk 2001-20022

-

Tabell II:

Budsjettframlegg for 2002 - utgifter

-

Tabell III:

Spesifikasjon av leigeareal og husleigeutgifter

-

Tabell IV:

Budsjettframlegg for 2002 - inntekter

-

Tabell V:

Tilsegnsfullmakt i 2002

Alle tabellane skal fyllast ut. Alle beløp som blir førte opp i talbudsjettet for 2002 skal kommenterast/grunngivast nærmare.

Blir det ikkje planlagt endringar i talet på årsverk i 2002, skal totalsummen i kolonna for 2002 i tabell I førast opp med null.

Verksemder som forvalter tilskottsordningar må også føre opp beløp for de aktuelle tilskuddsordningene i tabell I.

Statlege verksemder betaler husleige både i statlege bygg og i bygg som er leigd av privat utleigar. I tabell III skal derfor alle leigeavtalar førast opp uavhengig av om avtalen er/vil bli inngått med privat eller statleg utleigar.

Talbudsjettet for 2002 skal utarbeidast etter statens kontoplan, jf. tabell II og tabell IV. Talbudsjettet skal førast opp med tre kolonner:

-

rekneskap 2000

-

løyving 2001

-

framlegg 2002

Alle kronebeløp skal rundast av til nærmaste tusen kroner, også rekneskapstal.

Budsjettframlegget for 2002 må byggje på ein detaljert disposisjonsplan for
2001-budsjettet.

Utgifter

Lønnsutgiftene for 2002 under underpost 01-1 Lønn og godtgjering og underpost 21-12 Lønn og godtgjering, oppdrag, skal budsjetterast ut frå lønnsnivået pr 1.1.2001. ved budsjetteringa skal ein nytte det som i lønnstabellen heiter "nettolønn", dvs. den lønna ein får når pensjonsinnskottet til Statens pensjonskasse ikkje er rekna med, jf. del II, pkt. 10.4, i Veileder i statlig budsjettarbeid, utarbeidt av Finansdepartementet

Endring i lønnsutgiftene i 2002 ved planlagt auke/reduksjon i talet på årsverk skal førast opp i eigen rubrikk. Trygdeutgiftene førast opp med 14,1 pst. av summen under 01.11-17 og 01.19.

Dei øvrige driftsutgiftene under underpost 01-2 Varer og tenester skal utarbeidast i 2001-kroner.

Framlegget under post 21 Særskilte driftsutgifter/Store utstillingar må byggje på eit realistisk overslag over det omfanget verksemda reknar med at oppdragsaktiviteten vil få i 2002. Overslaget må sjåast i samanheng med dei oppdragsinntektene ein ventar å få under inntektskapitlet, jf. inntektspost 02.

Kommentarane til post 45 Større nyinnkjøp og vedlikehald må omtale:

-

disponering av løyvinga i 2000 og eventuell overført ubrukt løyving frå 1999

-

planlagt disponering i 2001

-

behov for 2002

Inntekter

Aktuelle inntektspostar må fyllast ut, også rekneskapstal for 2000, og kommenterast. Oppdragsinntektene under inntektspost 02 må byggje på eit realistisk overslag over det omfanget verksemda reknar med at oppdragsaktiviteten vil få i 2002.

Dei verksemdene som har andre inntekter enn oppdragsinntekter (sal, utleige o.l.) må også omtale desse.

Tilsegnsfullmakter

Tilsegnsfullmakter fastsett det maksimumsbeløp som ein til kvar tid kan ha ståande som tilsegn utan dekning i løyving. Når ein ber om fullmakt for ein ny termin, må ein derfor i tillegg til behovet for nye tilsegner i 2002 også rekne med kor mykje av tidlegare tilsegner som ikkje vil vere utbetalt pr. 1.1.2002. For nærmare omtale viser vi til del I, pkt. 8.2 i Veileder i statlig budsjettarbeid, utarbeidt av Finansdepartementet.

Behovet for tilsegnsfullmakt må begrunnast nærmare. Departementet treng informasjon om korleis behovet er rekna ut. Vedlagte tabell V Tilsegnsfullmakt i 2002 derfor fyllast ut.

Framtidig informasjonsinnhenting – utfylling av skjema

Kulturdepartementet arbeider med å utvikle eit nytt opplegg for framtidig innhenting av informasjon frå dei statlege verksemdene og dei faste tilskottsmottakarane. Målet er å få til eit enklare og meir systematisk opplegg for informasjonsinnhenting enn det ein har i dag. Departementet legg til grunn at den framtidige informasjonsinnhentinga i hovudsak skal vere elektronisk basert.

Saman med budsjettrundskrivet følgjer eit eige Skjema for oppsummering av budsjettsøknaden for 2002 for statlige virksomheter og faste tilskuddsmottakere under Kulturdepartementet.

Målet med skjemaet er m.a.:

  • å forbetre og forenkle kommunikasjonen mellom dei statlege verksemdene, tilskottsmottakarane og departementet
  • å få informasjonen systematisert slik at den blir meir einsarta, lettare tilgjengeleg og reduserer risikoen for feil/mistydingar
  • få samla viktig informasjon i eitt dokument

Vi viser til dette og ber om at skjemaet blir fylt ut. Skjemaet kan hentast inn frå ODIN i Word tekstbehandlar som eit elektronisk skjema. Det utfylte skjemaet skal sendast elektronisk til Kulturdepartementet via e-post til den adressa som er oppgitt på skjemaet. Nærmare omtale av korleis skjemaet skal fyllast ut er også oppgitt på skjemaet.

Erfaringane med bruken av skjemaet vil danne grunnlag for departementets vidare arbeid med eit enklare og meir systematisk opplegg for framtidig informasjonsinnhenting. På bakgrunn av denne runden vil det m.a. bli vurdert å endre dei framtidige budsjettrundskriva og innrapporteringa av informasjon knytt til budsjettsøknaden.

Vi ber derfor om forståing for at vi denne gongen ber om ei viss dobbeltrapportering av informasjon.

Med helsing

Henning Gorholt e.f.

ekspedisjonssjef

Einar Andersen

rådgjevar

Vedlegg

Tabell I: Talet på årsverk 2001- 2002

Talet på årsverk
2001

Planlagt auke/reduksjon
i talet på årsverk i 2002

Faste

Tidsavgr.

Totalt

Faste

Tidsavgr

Totalt


Leiarstillingar:

Nasjonalbibliotekar

Riksarkivar

Riksteatersjef

Direktør

Avdelingsdirektør

Dagleg leiar

Administrative

Leiarstillingar

...

...

Sum:


Andre stillingar:

Amanuensar

Arkivarar

Forskar

Saksbehandlarar

Rådgjervarar

Bibliotekarar

Kontorstillingar

Tekn.stillingar

...

...

Sum:


Oppdragsfinansierte stillingar


Sum totalt:

Lønnsutgifter i pst. av samla driftsutgifter under post 01

Rekneskap 2000:

pst.

Budsjett 2001:

pst.

Framlegg 2002:

pst.

Tabell II: Budsjettframlegg for 2002 – utgifter

(i 1 000 kr)


Post 01 Driftsutgifter

Rekneskap

2000

Løyving

2001

Framlegg

2002

01-1 Lønn og godtgjering:

01-11

Stillingar

uten endringar i antall årsverk
frå 2001 til 2002

Endringar i antall årverk
frå 2001 til 2002

Sum 01-11

01-12

Ekstrahjelp

13

Bistillingar m.v.

14

Lærlingar, elevar, innkalte m.v.

15

Reinhaldspersonale

16

Ledig

17

Styrer, råd, utval

19

Ledig

Sum 01-1 unnateke 01-18

01-18

Trygder, pensjon (14,1 pst.)

Sum underpost 01-1

01-2 Varer og tenester:

01-21

Maskiner, inventar, utstyr

22

Forbruksmateriell

23

Reiseutgifter m.m.

24

Kontortenester m.m.

25

Konsulenttjenester

26

Ledig

27

Vedlikehald og drift av

maskiner, transportmiddel m.m.

28

Vedlikehald av bygg og anlegg

Sum 01.21-281)

01-29

Drift av bygningar, lokalleige


Sum underpost 01-2


Sum post 01

(i 1 000 kr)

Rekneskap

2000

Løyving

2001

Framlegg

2002

Post 21 Særskilde driftsutgifter/-
Store utstillingar:

21-12

Lønn og godtgjering,

oppdrag

22

Varer og tenester,

oppdrag

18

Trygder (14,1 pst)

Sum post 21


Post 45 Større nyinnkjøp og vedlikehald,
kan overførast


Post 50 Norsk kulturfond/
Utsmykkingsfondet for offentlige bygg


Post 51 Norsk kassettavgiftsfond


Post .....
2)


Post ..... 2)

Post ..... 2)



Sum utgifter

2) Desse postane gjeld verksemder som forvalter tilskuddsordningar. Dei aktuelle

postane må førast opp med postnummer og navn. Alle tre kolonnene skal fyllast ut.

Tabell III: Spesifikasjon av leigeareal og husleigeutgifter

(i 1 000 kr)

Namn på den eigedommen som blir leigd1)

Brutto kvm.

Noverande husleige 2)

Sist regulert (dato/år)

Dato/år for neste regulering 3)

Framlegg 2002
01-29-4

1.

2.

3.

4.

5.

osv.


Sum



Kommentarar:

1)

Dersom det er leigeforhold som vil gå ut i 2002, må det opplysast om dette i kommentarane nedanfor. Det samme gjeld leigeforhold som har gått ut i 2000 eller som vil gå ut i 2001, av omsyn til samanlikninga mellom rekneskaps- og budsjettsummane for desse åra og budsjettframlegget for 2002.

2)

For leigeforhold som er nye i 2002, fører ein opp den pårekna årlege husleiga og dato for når husleigeforholdet tek til å gjelde.

3)

Her fører ein opp kva slag reguleringsklausul som gjeld, f.eks. "60 pst av konsumprisindeksen", "leige i tilsvarande strøk".

Tabell IV: Budsjettframlegg for 2002 - inntekter

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2000

Løyving
2001

Framlegg
2002


Post 01 Ymse inntekter/-
Inntekter ved Rikskonsertane/-
Inntekter ved Riksteatret


Post 02 Inntekter ved oppdrag/-
Inntekter frå store utstillingar

(jf. utgiftspost 21)


Post 70 Gebyr


Post 15 Refusjon arbeidsmarknadstiltak


Post 16 Refusjon av fødselspenger


Post 17 Refusjon lærlingar


Post 18 Refusjon av sykepenger


Sum inntekter

Tabell V: Tilsegnsfullmakt i 2002 1)

(i mill kr)

A

B

A-B

C

D

(A-B+C)

E

D-E

Prosjekt igangsett før 2002



P r o s j e k t

Samla tilsegn om tilskott til prosjekt igangsett før 2002

Over- slag over utbetalt tilskott pr

31. Des. 2001

Står att å ut- betale pr 1.jan. 2002

Behov for løyving til nye prosjekt

Samla behov for løyving

Fram- legg til løyving 2002

Står att å ut- betale pr 1.jan. 2003

Prosjekt igangsett

før2002

1.

2.

3.

4.

5.

6.

7.


Sum "gamle" prosjekt


Nye prosjekt

i 2002

1.

2.

3.

4.

5.

6.

7.


Sum nye prosjekt



Behov for bevilgning og tilsegnsfullmakt i 2002

1) Dersom det ikkje er plass til alle prosjekta i tabellen må prosjekta spesifiserast på eige ark.