Rundskriv V-1N/2011 Budsjettrundskriv for 2012
Rundskriv | Dato: 06.01.2011 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kulturdepartementet
Nr: V-1N/2011
| ||
Nr. |
Vår ref |
Dato |
V-1N/2011 |
2010/04844 AØ/Ø EAN |
04.01.2011 |
|
Budsjettrundskriv for 2012
1. INNLEIING
1.1 Generelt
Budsjettrundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjettframlegget for 2012, både når det gjeld innhald og utforming.
Mål- og resultatstyringa skal halde fram på same måten som i 2011. Verksemdene må derfor utarbeide budsjettframlegget slik at departementet får eit nødvendig grunnlag for å kunne gjennomføre ein budsjettprosess som sikrar omsynet til resultatstyring. Utarbeidinga av budsjettframlegget må derfor følgje den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettframlegget for 2012.
Som følgje av at departementet nyttar elektronisk saksbehandling blir budsjettframlegget skanna inn. Vi ber derfor om at framlegget blir sendt inn i A4-format og at det blir nytta svart skrift på kvit bakgrunn.
1.2 Frist
Fristen for innsending av samla budsjettframlegg for 2012 til Kulturdepartementet er 1. mars 2011.
Budsjettframlegget for 2012 inkl. elektronisk rekneark, jf. pkt. 2.3.2 nedanfor, skal sendast inn i eitt eksemplar og på e-post til følgjande adresse:
2. BUDSJETTFRAMLEGGET FOR 2012
Utarbeidinga av budsjettframlegget for 2012 må ta utgangspunkt i den tildelte budsjettramma for 2011 og rekneskapen for 2010. Det er viktig at budsjettframlegget er kortfatta og poengtert, og at følgjande går klart fram innleiingsvis:
- forslag til nye tiltak med behov for auka midlar
- behov for budsjettauke for å vidareføre eksisterande verksemd
- spesielle forhold som krev ekstraordinære eingongsmidlar.
Verksemder som forvaltar tilskottsmidlar/-ordningar, må også innarbeide omtale av dei aktuelle tilskottsmidlane/-ordningane i budsjettframlegget.
Budsjettframlegget for 2012 skal innehalde følgjande:
2.1 Mål for verksemda
Departementet ber om at verksemdene innarbeider forslag til overordna mål og resultatmål i budsjettframlegget for 2012.
Det overordna målet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten i verksemda, og vere i samsvar med dei rammene som er trekte opp for verksemda i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument o.l.
Forslag til dei resultatmåla som verksemda tek sikte på å nå i 2012, skal vere så konkrete som råd. Det er tenleg at resultatmåla blir avgrensa til hovudsatsingsområda for verksemda. Det er vidare viktig at resultatmåla blir formulerte slik at det i ettertid er mogeleg å måle om ein har nådd dei resultata som vart sette for verksemda.
I samband med resultatmåla må verksemda óg utarbeide resultatindikatorar som kan angi graden av måloppnåing.
2.2 Omtale av bemanning og organisatoriske stillingsframlegg
Verksemdene må leggje ved ei utrekning over dei samla lønnsutgiftene til alle fast tilsette spesifisert på stillingskategoriar, lønnstrinn, lønnsbeløp og talet på årsverk på det enkelte lønnstrinnet. Lønnsutgiftene skal førast opp på grunnlag av dei regulativsatsane som gjeld pr. 01.01.2011.
Verksemdene må omtale den samla bemanningssituasjonen og om det er lagt opp til auke/reduksjon i talet på årsverk i 2012. Dersom det blir fremma forslag om tiltak som krev nye årsverk for å få gjennomført, må verksemda omtale slike årsverk særskilt. Det må gå fram av omtalen kva den enkelte stillinga skal nyttast til.
Dersom det blir gjort framlegg om omgjering/oppretting av stilling på leiarnivå, som inneber organisatoriske endringar, må verksemda i tillegg til omtale av framlegget også utarbeide organisasjonskart (eige vedlegg) som viser organiseringa av verksemda medrekna dei nye stillingane.
2.3 Budsjettframlegg med talbudsjett for 2012
2.3.1 Omtale av budsjettframlegget
Verksemdene må innleiingvis gi eit kort samandrag av hovudlinjene i budsjettframlegget for 2012 og endringar i forhold til 2011.
Verksemdene må gjere greie for korleis planlagte endringar og forslag til nye tiltak i 2012 vil endre ressursbehovet i forhold til 2011-budsjettet. Forslag til endringar og nye tiltak krev særskilt grunngiving og må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste (lønns- og driftsutgifter, utgifter til investeringar, nye stillingar) både i 2012 og 2013.
Endringar/nye tiltak som treng nye ressursar i 2012, skal førast opp med kostnadsoverslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje, jf. tabell 4 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet.
I samband med omtalen av budsjettforslaget for 2012 må det også vere ein omtale av verksemdas planar for 2013-2014. Omtalen skal vere kortfatta.
2.3.2 Utarbeiding av talbudsjettet på elektronisk rekneark
Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet ”Budsjett 2012, rekneskap 2010 m.m. – statlege verksemder under Kulturdepartementet". Skjemaet er lagt ut på Internett under ”Regjeringen.no” og kan hentast opp frå Kulturdepartementets heimeside under ”Dokumenter\Andre dokumenter\Skjema”. På side 1 i skjemaet er det gitt ei kort orientering om utfylling av skjemaet. Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse:
Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må óg liggje ved budsjettframlegget for 2012.
Verksemda må utarbeide talbudsjettet for 2012 etter statens kontoplan, jf. tabell 2 og 3 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet. Talbudsjettet skal førast opp med tre kolonner:
- |
rekneskap 2010 |
- |
løyving 2011 |
- |
framlegg 2012 |
Alle kronebeløp skal rundast av til nærmaste tusen kroner, også rekneskapstal.
Følgjande tabellar i det elektroniske skjemaet skal fyllast ut:
- |
tabell 1: |
Administrasjon | ||||
- |
tabell 2: |
Budsjettframlegg for 2012 - utgifter Budsjettframlegget skal inkludere utgifter til evt. nye tiltak. Lønnsutgiftene for 2012 skal budsjetterast med "nettolønn", jf. Finansdepartementets rundskriv R-101/2010, pkt. 2.5.3 Pensjonsinnskudd, og ut frå lønnsnivået pr. 01.01.2011. Driftsutgiftene under underpost 01-2 Varer og tenester skal utarbeidast i 2011-kroner. Oppdragsutgiftene under utgiftspost 21 og oppdragsinntektene under inntektspost 02/07 skal balansere (gjeld ikkje Riksteatrets turnéutgifter under kap. 324, post 21 og billett- og salsinntektene under kap. 3324, post 02). Kommentarane til post 45 Større nyinnkjøp og vedlikehald må omtale: - disponering av løyvinga i 2010 og evt. overført ubrukt løyving frå 2009 - planlagt disponering i 2011 - behov for 2012 | ||||
- |
tabell 3: |
Budsjettframlegg for 2012 - inntekter Aktuelle inntektspostar må fyllast ut, også rekneskapstal for 2010, og kommenterast. Inntektene under inntektspost 02/07 må byggje på eit realistisk overslag over det omfanget verksemda reknar med at aktiviteten vil få i 2012. | ||||
- |
tabell 4: |
Oppsummering av budsjettframlegget for 2012 - tiltak som krev auka løyving | ||||
- |
tabell 5: |
Spesifikasjon av leigeareal og husleigeutgifter (gjeld berre verksemder som får løyvinga frå budsjettkapitla 320-329) Alle leigeavtalar, både i statlege bygg og i bygg som er leigde av privat utleigar skal førast opp, uavhengig av om avtalen er/vil bli inngått med privat eller statleg utleigar. | ||||
- |
tabell 6: |
Tilsegnsfullmakt i 2012 (gjeld berre Kunst i offentlege rom) Tilsegnsfullmakter fastset det maksimumsbeløpet som ein til kvar tid kan ha ståande som tilsegn utan dekning i løyving. Når ein ber om fullmakt for ein ny termin, må ein derfor i tillegg til behovet for nye tilsegner i 2012 også rekne med kor mykje av tidlegare tilsegner som ikkje vil vere utbetalt per 01.01.2012. For nærmare omtale viser vi til Del II, pkt. 2.5.2.1 i Veileder i statlig budsjettarbeid, utarbeidd av Finansdepartementet i mars 2006. | ||||
- |
tabell 7: |
Personale |
|
|
|
(gjeld berre verksemder som får løyvinga frå budsjettkapitla 320-329) |
- |
tabell 8: |
Ulike aktivitetar m.m. |
|
|
Alle beløp som blir førte opp i talbudsjettet for 2012 krev kommentar/nærmare grunngiving.
Verksemder som forvaltar tilskottsordningar må også føre opp beløp for dei aktuelle tilskottsordningane i tabell 2.
Med helsing
Henning Gorholt e.f.
ekspedisjonssjef
Einar Andersen
seniorrådgjevar
Vedlegg:
Skjema i excel-format: Budsjett 2012, rekneskap 2010 m.m. – Statlege verksemder under Kulturdepartementet
Skjema i ods-format/Open Document Format: Budsjett 2012, rekneskap 2010 m.m. – Statlege verksemder under Kulturdepartementet