Rundskriv V-2N-2001

Budsjettrundskriv for 2002

Til Funksjonsdelingsinstitusjonene, Norsk Film AS, Vestnorsk filmsenter AS

Nr.

Vår ref

Dato

V-2N/2001

2000/4500 AØ/ØS EAn

02.01.2001

Budsjettrundskriv for 2002

1 Innleiing

1.1 Generelt

Budsjettrundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjettframlegget for 2002 både når det gjeld innhald og utforming.

Budsjettrundskrivet er eit viktig ledd i departementets arbeid med å betre budsjett- systemet og kommunikasjonen med tilskottsmottakarane. Det er ei prioritert oppgåve for departementet å tilpasse tilskottsmottakaranes budsjettprosess mest mogleg til departementets eige arbeid med statsbudsjettet, både når det gjeld prosedyrar og krav til innhald.

Arbeidet med mål- og resultatstyring innanfor dei ulike forvaltningssektorane skal i hovudsak vidareførast på same måte som tidlegare. Dei opplysningane som departementet ber om i dette rundskrivet, er eit viktig grunnlag for det videre arbeidet i departementet med dette.

Eit resultatorientert styringssystem føreset ein tettare kontakt mellom departementet og tilskottsmottakarane. Tilskottsmottakarane må derfor utarbeide ein budsjettsøknad som er utforma slik at den gir departementet det nødvendige grunnlaget for å kunne gjennomføre ein budsjettprosess som ivaretek omsynet til betre resultatstyring.


Disposisjonen av budsjettsøknaden skal følgje den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettsøknaden for 2002.

1.2 Frist

Fristen for innsending av samla budsjettsøknad for 2002 er 1. mars 2001.

Budsjettsøknaden for 2002 må sendast inn i 5 eksemplar. Budsjettsøknaden må også sendast inn på diskett med opplysing om kva for tekstbehandlingssystem/rekneark som er nytta.

2 Budsjettsøknaden for 2002

Budsjettsøknaden for 2002 skal innehalde følgjande:

- årsrapport for 2000
- omtale av mål
- budsjettframlegg for 2002

Tilskottsmottakarane må oppgi kva for bank- eller postgirokonto midlane skal overførast til.

2.1 Årsrapport for 2000

Årsrapporten for 2000 skal utarbeidast som eit eige vedlegg til tilskuddsmottakarens budsjettsøknad for 2002.

Årsrapporten for 2000 skal innehalde følgjande:

-

foreløpig rekneskap for 2000

-

oversikt over planlagde mål i tilsagnsbrevet for 2000 og omtale av tilskottsmottakarens planlagte tiltak og ressursbruk for å nå desse måla

-

dokumentasjon for kva for resultat tilskottsmottakaren har oppnådd i 2000 ut frå dei fastlagde måla

For dei tilskottsmottakarane der det i 2000 er fastsatt konkrete oppfølgjingskriterier, jf. tilsagnsbrevet for 2000, ber vi om at det blir utarbeidt dokumentasjon over kva for resultat tilskuddsmottakaren har oppnådd ut frå dei fastlagde oppfølgjingskriteria.

2.2 Mål

Kvart enkelt tilskott skal styrast i samsvar med den overordna politikken for dei ulike sektorområda, og dei hovedmåla og oppfølgjingkriteria som blir fastlagde i budsjett-proposisjon og tilsagnsbrev.

Tilskottsmottakarane må gi ein omtale av de overordna måla og oppfølgjingskriteria for tilskottsmottakaren i budsjettsøknaden for 2002. Tilskottsmottakarens forslag til formulering av mål og oppfølgjingskriterium i budsjettsøknaden for 2002 utgjer eit viktig grunnlag for departementets formulering av mål i budsjettproposisjonen.

Departementet viser i denne samanhengen også til tilsagnsbrevet for 2001, der det er gjort greie for kva for mål tilskottsmottakaren skal oppfylle.

Departementet vil på denne bakgrunnen be om at tilskottsmottakarene i budsjett-søknaden for 2002 både utarbeider forslag til overordna mål, jf. pkt. 2.2.1, og til oppfølgjingskriterium (resultatmål og resultatindikatorar) for 2002, jf. pkt. 2.2.2.

2.2.1 Overordna mål for 2002 og dei nærmaste åra

Departementet legg til grunn at dei fleste tilskottsmottakarene har utarbeidt overordna mål som ikkje vil variere mykje frå år til år. Det overordna målet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten, og vere i samsvar med dei rammene for tilskottsmottakaren som er trekte opp i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument e.l. Dersom det vanskeleg let seg gjere å formulere eit overordna mål for heile den aktiviteten som tilskottsmottakaren driv, må det formulerast forslag til overordna mål for dei ulike hovudarbeidsområda.

2.2.2 Oppfølgjingskriterium for 2002

Forslag til kva for resultat tilskottsmottakaren tek sikte på å nå i 2002, må utformast mest mogleg konkret. Som for 2001 er det tenleg at oppfølgjingskriteria blir avgrensa til tilskottsmottakarens hovudarbeidsområde.

Det er viktig at oppfølgjingskriteria blir formulerte slik at det i ettertid er mogleg å måle om ein har nådd dei resultata som vart sette for aktiviteten, t.d. ved hjelp av data for ressursbruk, produkt/produksjonar, kvalitet, service.

Oppfølgjingskriterium innanfor vedteken budsjettramme for 2001

Det budsjettet som er vedteke av Stortinget for 2001, dannar utgangspunktet for tilskottsmottakarens arbeid med 2002-budsjettet. Oppfølgjingskriteria for 2002 må derfor basere seg på dette. Ambisjonsnivået for oppfølgjingskriteria må ikkje setjast høgare enn den faktiske ressurstilgangen. Tilskottsmottakarane må derfor gjere greie for kva for oppfølgjingskriterium som kan gjennomførast innanfor dei budsjettrammene ein i dag har til disposisjon.

Departementet legg til grunn at tilskottsmottakarane gjennom omdisponering og effektivisering av noverande ressursar, kan frigjere ressursar til nye tiltak og satsingsområde i 2002, og at dette også blir nedfelt i tilskottsmottakaranes formulering av oppfølgjingskriterium for 2002.

Oppfølgjingskriterium som krev budsjettauke

Tilskottsmottakarane må gjere særskilt greie for oppfølgjingskriterium som krev auka tilskott i 2002-budsjettet. Ein må begrunne kvifor oppfølgjingskriteriet krev nye ressursar og ein må oppgi kor stort behovet for auka ressursar er.

Oppfølgjingskriterium som krev nye ressursar, vil i mange tilfelle henge saman med nye tiltak. Oppfølgjingskriterium og nye tiltak må derfor koplast nært saman i budsjettframlegget, og nye tiltak må omtalast spesielt, jf. pkt. 2.3.2.

2.3 Budsjettframlegg med talbudsjett for 2002

2.3.1 Omtale av hovudtrekka i budsjettframlegget

Tilskottsmottakarane må innleiingsvis gje eit samandrag av budsjettframlegget der det kort blir gjort greie for korleis tilskottsmottakaren vil realisere oppfølgjingskriteria (jf. pkt. 2.2.2) innanfor noverande tilskott, kva for oppfølgjingskriterium som krev nye ressursar, hovudtrekka i framlegget og endringar i forhold til 2001.

2.3.2 Krav til omtale av nye tiltak

Tilskottsmottakarane må gjere greie for korleis planlagde endringar og nye tiltak i 2002 vil endre tilskottsbehovet i høve til 2001-tilskottet.

Dei enkelte forslaga til endringar og nye tiltak må omtalast særskilt og innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste (lønns- og driftsutgifter, utgifter til investeringar), både i 2002 og 2003, og korleis dette vil verke inn på statstilskottet.

Dersom tilskottsmottakaren i 2002 planlegg endringar og nye tiltak som treng nye ressursar, skal desse førast opp med kostnadsoverslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje.

Eventuelle forslag om nye investeringar må omfatte ein samla investeringsplan.

I tilknyting til omtalen av budsjettframlegget for 2002 skal det også givast ein omtale av tilskottsmottakarens planar for 2003-2004. Omtalen må utarbeidast på same måten som omtalen av budsjettframlegget for 2002. Omtalen skal vere kortfatta.

2.3.3 Utarbeiding av talbudsjettet for 2002

Som vedlegg til budsjettrundskrivet følgjer tabell for oversikt over utgifter og inntekter 2000-2002.

Tabellen skal fyllast ut. Alle beløpa i tabellen må kommenterast/grunngivast nærmare.

Utgangspunktet for budsjettframlegget er rekneskapet for 2000. Framlegget for 2002 må vidare byggje på ein detaljert disposisjonsplan for 2001-budsjettet, som skal vere i balanse, jf. tilsagnsbrevet for 2001.

Budsjettframlegget for 2002 må utarbeidast i 2001-kroner. Utgifter og inntekter må balansere.

3 Framtidig informasjonsinnhenting – utfylling av skjema

Kulturdepartementet arbeider med å utvikle eit nytt opplegg for framtidig innhenting av informasjon frå dei statlege verksemdene og dei faste tilskottsmottakarane. Målet er å få til eit enklare og meir systematisk opplegg for informasjonsinnhenting enn det ein har i dag. Departementet legg til grunn at den framtidige informasjonsinnhentinga i hovudsak skal vere elektronisk basert.

Saman med budsjettrundskrivet følgjer eit eige Skjema for oppsummering av budsjettsøknaden for 2002 for statlige virksomheter og faste tilskuddsmottakere under Kulturdepartementet.

Målet med skjemaet er m.a.:

å forbetre og forenkle kommunikasjonen mellom dei statlege verksemdene, tilskottsmottakarane og departementet

å få informasjonen systematisert slik at den blir meir einsarta, lettare tilgjengeleg og reduserer risikoen for feil/mistydingar

få samla viktig informasjon i eitt dokument

Vi viser til dette og ber om at skjemaet blir fylt ut. Skjemaet kan hentast inn frå ODIN i Word tekstbehandlar som eit elektronisk skjema. Det utfylte skjemaet skal sendast elektronisk til Kulturdepartementet via e-post til den adressa som er oppgitt på skjemaet. Nærmare omtale av korleis skjemaet skal fyllast ut er også oppgitt på skjemaet.

Erfaringane med bruken av skjemaet vil danne grunnlag for departementets vidare arbeid med eit enklare og meir systematisk opplegg for framtidig informasjonsinnhenting. På bakgrunn av denne runden vil det m.a. bli vurdert å endre dei framtidige budsjettrundskriva og innrapporteringa av informasjon knytt til budsjettsøknaden.

Vi ber derfor om forståing for at vi denne gongen ber om ei viss dobbeltrapportering av informasjon.

Med helsing

Henning Gorholt e.f.

ekspedisjonssjef

Einar Andersen

rådgjevar

Vedlegg


Kopi: Fylkeskommunane

OVERSIKT OVERUTGIFTER OG INNTEKTER 2000 - 2002


(i 1 000 kr)



Budsjett
2000


Rekneskap
2000

Disponibelt
budsjett
2001


Framlegg
2002

Driftsinntekter:

Statstilskott frå

Kulturdepartementet

Tilskott frå fylkeskommunen

Tilskott frå kommunen

Andre offentlege tilskott

Billettinntekter

Andre eigeninntekter 1)

Sum driftsinntekter


Driftskostnader:

Lønnskostnader

Husleigeutgifter

Utgifter til drift av lokale 2)

Utstillingsvederlag 3)

Ordinære avskrivingar

Øvrige driftsutgifter

Sum driftskostnader


Driftsresultat


Finansinntekter

Finanskostnader

Netto finanskostnader


Årsresultat


Disponering av årsresultat:

Dekking av tidligare

underskott

Overføring til/frå eigen-

kapitalen

1)Spesifikasjon av andre eigeninntekter:

- sponsorinntekter

- salsinntekter

- anna

Sum

2)Utgifter til elektrisitet, brensel, reinhald, vedlikehald, avgifter m.v.
3) Gjeld kun tilskottsmottakarar som har utgifter til utstillingsvederlag