Rundskriv V-2N/2002
Budsjettrundskriv for 2003 / Funksjonsdelingsinstitusjonane (09.01.2002)
Rundskriv | Dato: 09.01.2002 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kultur- og kirkedepartementet
Til |
|||
Nr. |
Vår ref |
Dato | |
V-2N/2002 |
2002/4416 AØ/Ø EAn |
09.01.2002 | |
Budsjettrundskriv for 2003
Innleiing
Generelt
Budsjettrundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjettframlegget for 2003 både når det gjeld innhald og utforming.
Budsjettrundskrivet er eit viktig ledd i departementets arbeid med å betre budsjett- systemet og kommunikasjonen med tilskottsmottakarane. Det er ei prioritert oppgåve for departementet å tilpasse tilskottsmottakaranes budsjettprosess mest mogleg til departementets eige arbeid med statsbudsjettet, både når det gjeld prosedyrar og krav til innhald.
Arbeidet med mål- og resultatstyring innanfor dei ulike forvaltningssektorane skal i hovudsak vidareførast på same måte som tidlegare. Dei opplysningane som departementet ber om i dette rundskrivet, er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet i departementet med dette.
Eit resultatorientert styringssystem føreset ein tett kontakt mellom departementet og tilskottsmottakarane. Tilskottsmottakarane må derfor utarbeide ein budsjettsøknad som er utforma slik at den gir departementet det nødvendige grunnlaget for å kunne gjennomføre ein budsjettprosess som ivaretek omsynet til betre resultatstyring.
Disposisjonen av budsjettsøknaden skal følgje den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettsøknaden for 2003.
Frist
Fristen for innsending av samla budsjettsøknad for 2003 til Kultur- og kirkedepartementet er 1. mars 2002.
Budsjettsøknaden for 2003 må sendast inn i 5 eksemplar. Budsjettsøknaden må også sendast inn på diskett med opplysing om kva for tekstbehandlingssystem som er nytta.
Budsjettsøknaden for 2003
Kultur- og kyrkjedepartementet mottek årleg ei stor mengd budsjettsøknader som er av varierande omfang. For departementet er det viktig at søknaden er kortfatte og poengtert, der følgjande går klårt fram innleiingsvis:
- nye tiltak med behov for auka midlar
- behov for budsjettauke for å vidareføre eksisterande verksemd
- spesielle tilhøve som krev ekstraordinære eingongsmidlar.
Budsjettsøknaden for 2003 skal innehalde følgjande:
- årsrapport for 2001
- omtale av mål
- budsjettframlegg for 2003
Tilskottsmottakarane må oppgi kva for bank- eller postgirokonto midlane skal overførast til.
Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-regneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet "Budsjett 2003, rekneskap 2001 m.m. – funksjonsdelingsinstitusjonar under Kultur- og kyrkjedepartementet". På side 7 i skjemaet er det opplyst kor på Internett skjemaet kan hentast opp og ei kort orientering om utfyllingen av skjemaet. Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse: postmottak@kkd.dep.no
Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må óg leggjast ved budsjettsøknaden for 2003.
Årsrapport for 2001
Årsrapporten for 2001 skal utarbeidast som eit eige vedlegg til tilskuddsmottakarens budsjettsøknad for 2003.
Årsrapporten for 2001 skal innehalde følgjande:
- |
foreløpig rekneskap for 2001 |
- |
oversikt over planlagde mål i tilsagnsbrevet for 2001 og omtale av tilskottsmottakarens planlagte tiltak og ressursbruk for å nå desse måla |
- |
dokumentasjon for kva for resultat tilskottsmottakaren har oppnådd i 2001 ut frå dei fastlagde måla |
Departementet ber vidare om styrets vurdering av om det ved institusjonen er utført tilstrekkeleg vedlikehald av bygningar, lokale og utstyr i rapporteringsåret, eller om det er gjort tilstrekkkelege avsetningar til vedlikehald kommande år.
For dei tilskottsmottakarane der det i 2001er fastsatt konkrete oppfølgjingskriterier, jf. tilsagnsbrevet for 2001 ber vi om at det blir utarbeidt dokumentasjon over kva for resultat tilskuddsmottakaren har oppnådd ut frå dei fastlagde oppfølgjingskriteria.
Mål
Kvart enkelt tilskott skal styrast i samsvar med den overordna politikken for dei ulike sektorområda, og dei hovedmåla og oppfølgjingkriteria som blir fastlagde i budsjett-proposisjon og tilsagnsbrev.Tilskottsmottakarane må gi ein omtale av de overordna måla og oppfølgjingskriteria for tilskottsmottakaren i budsjettsøknaden for 2003. Tilskottsmottakarens forslag til formulering av mål og oppfølgjingskriterium i budsjettsøknaden for 2003 utgjer eit viktig grunnlag for departementets formulering av mål i budsjettproposisjonen.
Departementet viser i denne samanhengen også til tilsagnsbrevet for 2002, der det er gjort greie for kva for mål tilskottsmottakaren skal oppfylle.
Departementet vil på denne bakgrunnen be om at tilskottsmottakarene i budsjett-søknaden for 2003 både utarbeider forslag til overordna mål, jf. pkt. 2.2.1, og til oppfølgjingskriterium (resultatmål og resultatindikatorar) for 2003, jf. pkt. 2.2.2.
Overordna mål for 2003 og dei nærmaste åra
Departementet legg til grunn at dei fleste tilskottsmottakarene har utarbeidt overordna mål som ikkje vil variere mykje frå år til år. Det overordna målet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten, og vere i samsvar med dei rammene for tilskottsmottakaren som er trekte opp i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument e.l. Dersom det vanskeleg let seg gjere å formulere eit overordna mål for heile den aktiviteten som tilskottsmottakaren driv, må det formulerast forslag til overordna mål for dei ulike hovudarbeidsområda.
Oppfølgjingskriterium for 2003
Forslag til kva for resultat tilskottsmottakaren tek sikte på å nå i 2002, må utformast mest mogleg konkret. Som for 2002 er det tenleg at oppfølgjingskriteria blir avgrensa til tilskottsmottakarens hovudarbeidsområde.
Det er viktig at oppfølgjingskriteria blir formulerte slik at det i ettertid er mogleg å måle om ein har nådd dei resultata som vart sette for aktiviteten, t.d. ved hjelp av data for ressursbruk, produkt/produksjonar, kvalitet, service.
Oppfølgjingskriterium innanfor vedteken budsjettramme for 2002
Det budsjettet som er vedteke av Stortinget for 2002, dannar utgangspunktet for tilskottsmottakarens arbeid med 2003-budsjettet. Oppfølgjingskriteria for 2003 må derfor basere seg på dette. Ambisjonsnivået for oppfølgjingskriteria må ikkje setjast høgare enn den faktiske ressurstilgangen. Tilskottsmottakarane må derfor gjere greie for kva for oppfølgjingskriterium som kan gjennomførast innanfor dei budsjettrammene ein i dag har til disposisjon.
Departementet legg til grunn at tilskottsmottakarane gjennom omdisponering og effektivisering av noverande ressursar, kan frigjere ressursar til nye tiltak og satsingsområde i 2003, og at dette også blir nedfelt i tilskottsmottakaranes formulering av oppfølgjingskriterium for 2003.
Oppfølgjingskriterium som krev budsjettauke
Tilskottsmottakarane må gjere særskilt greie for oppfølgjingskriterium som krev auka tilskott i 2003-budsjettet. Ein må begrunne kvifor oppfølgjingskriteriet krev nye ressursar og ein må oppgi kor stort behovet for auka ressursar er.
Oppfølgjingskriterium som krev nye ressursar, vil i mange tilfelle henge saman med nye tiltak. Oppfølgjingskriterium og nye tiltak må derfor koplast nært saman i budsjettframlegget, og nye tiltak må omtalast spesielt, jf. pkt. 2.3.2.
Budsjettframlegg med talbudsjett for 2003
Omtale av hovudtrekka i budsjettframlegget
Tilskottsmottakarane må innleiingsvis gje eit samandrag av budsjettframlegget der det kort blir gjort greie for korleis tilskottsmottakaren vil realisere oppfølgjingskriteria (jf. pkt. 2.2.2) innanfor noverande tilskott, kva for oppfølgjingskriterium som krev nye ressursar, hovudtrekka i framlegget og endringar i forhold til 2002.
Krav til omtale av nye tiltak
Tilskottsmottakarane må gjere greie for korleis planlagde endringar og nye tiltak i 2003 vil endre tilskottsbehovet i høve til 2002-tilskottet.
Dei enkelte forslaga til endringar og nye tiltak må omtalast særskilt og innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste (lønns- og driftsutgifter, utgifter til investeringar), både i 2003 og 2004, og korleis dette vil verke inn på statstilskottet.
Dersom tilskottsmottakaren i 2003 planlegg endringar og nye tiltak som treng nye ressursar, skal desse førast opp med kostnadsoverslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje, jf. tabell 4 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet.
Eventuelle forslag om nye investeringar må omfatte ein samla investeringsplan.
I tilknyting til omtalen av budsjettframlegget for 2003 skal det også givast ein omtale av tilskottsmottakarens planar for 2004-2005. Omtalen må utarbeidast på same måten som omtalen av budsjettframlegget for 2002. Omtalen skal vere kortfatta.
Utarbeiding av talbudsjettet for 2003
Følgjande tabeller i det elektroniske skjemaet, jf. vedlagte kopi av skjemaet "Budsjett 2003, rekneskap 2001 m.m. - funksjonsdelingsinstitusjonar under Kultur- og kyrkjedepartementet" skal fyllast ut:
- |
tabell 1: |
Administrasjon |
- |
tabell 2: |
Budsjett og rekneskap (kolonnene A – F skal fyllast ut) |
- |
tabell 3: |
Balanse |
- |
tabell 4: |
Oppsummering av budsjettsøknaden for 2003 - tiltak som krev auka tilskott |
- |
tabell 5: |
Ulike aktivitetar i 2000 og 2001 (fyllast bare ut av tilskottsmottakarar under Kulturavdelingen) |
Alle beløpa i budsjettframlegget for 2003, jf. kolonne E i tabell 2, må kommenterast/grunngivast nærmare. Utgangspunktet for budsjettframlegget er rekneskapet for 2001. Framlegget for 2003 må vidare byggje på ein detaljert disposisjonsplan for 2002-budsjettet, som skal vere i balanse, jf. tilsagnsbrevet for 2002.
Budsjettframlegget for 2003 må utarbeidast i 2002-kroner. Utgifter og inntekter må balansere.
Med helsing
Henning Gorholt e.f. ekspedisjonssjef |
||
Einar Andersen seniorrådgjevar |
Vedlegg: Skjema: Budsjett 2003, rekneskap 2001 m.m. – Funksjonsdelingsinstitusjonar under Kultur- og kyrkjedepartementet
Kopi: Fylkeskommunane