Rundskriv V-4N/2015 Om utarbeiding av søknad om tilskot for 2016 og statistikkskjema – styringsnivå 1 og 2

Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2016 og statistikkskjema.

1.1         Innleiing

Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2016 og statistikkskjema.

Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via nettportalen ABM-statistikk. Internettadressa til nettportalen og brukarnamnet og passordet til institusjonen står på eit eige ark som ligg ved dette rundskrivet.

På kvar side er det lenke til hjelpetekstar om utfylling av skjemaet. Vi gjer merksam på at det er gjort enkelte endringar i søknads- og statistikkskjemaa.

1.2         Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalde:

- årsrapport med rekneskap for 2014
- søknad om statstilskot for 2016

Tilskotsmottakarane må oppgi kva for bankkonto statstilskotet skal overførast til.

Institusjonane skal innleie søknaden med ein statusrapport om den økonomiske situasjonen, jf. eige felt på side 2 i skjemaet.

1.2.1  Årsrapport med rekneskap for 2014

Krav til innhaldet i årsrapporten og årsrekneskapen gjekk også fram av Kulturdepartementets tilskotsbrev for 2014.

Årsrapporten:

Årsrapporten for 2014 skal skrivast inn på side 2 i skjemaet. Rapporten skal utarbeidast med utgangspunkt i dei krava som blei stilte i tilskotsbrevet for 2014.

Rapporten skal innehalde:

  1. omtale av aktivitetar i 2014 i samsvar med dei formåla som er omtalte i søknaden, og andre krav og føresetnader som går fram av tilskotsbrevet
  2. omtale av vedlikehald av bygningar, lokale og utstyr ved institusjonen, dersom det er aktuelt

Rapporteringa for 2014 frå institusjonane dannar grunnlaget for departe­mentet si rapportering til Stortinget.

Dei statlege heil- og deleigde scenekunstselskapa må lage ei kort utgreiing om oppfølginga av samfunnsansvaret til selskapet i tråd med eigarskapspolitikken til regjeringa, jf. pkt. 8.3.3 i publikasjonen ”Et mangfoldig og verdiskapende eierskap” utarbeidd av Nærings- og fiskeridepartementet i juni 2014.

Rekneskapen:

Rekneskapen inkludert balansen må innehalde alle utgifter og inntekter som institusjonen har hatt i løpet av året. Vesentlege avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2014 skal kommenterast.

Tilskotsmottakarane må forklare årsaker til eit eventuelt negativt årsresultat og opplyse om korleis dette blir dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.

1.2.2  Arbeidsbudsjett for 2015

Institusjonen må utarbeide arbeidsbudsjett for 2015 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen – jf. sidene 3–5 i skjemaet. Arbeidsbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter som institusjonen reknar med å få i løpet av budsjettåret.

1.2.3  Søknad om statstilskot for 2016

Tilskotsmottakarane må i søknaden for 2016 skrive kva som er formålet med den aktiviteten som tilskotsmottakaren driv, jf. side 2 i søknadsskjemaet. Institusjonane skal sjølve definere måla for verksemda. Forslag til kva for resultat tilskotsmottakaren tek sikte på å nå i 2016, må utformast mest mogleg konkret. Det er vidare viktig at måla blir formulerte slik at det i ettertid er mogleg å måle om ein har nådd dei måla som blei sette for aktiviteten.

Talbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter institusjonen reknar med å få i løpet av 2016. Inntekter og utgifter må balansere. I inntektsbudsjettet er det lagt inn eit nytt felt for spesifisering av andre eigeninntekter.

I skjemaet er det lagt inn ei ny rad for Den kulturelle skolesekken. Tilskot frå andre enn Kulturdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i særskilde felt.

Institusjonen skal gi ei tekstleg framstilling av planlagd drift i 2016 med utgangspunkt i uendra driftstilskot.

Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving, jf. side 7 i skjemaet, feltet ”Opprett nytt tiltak”. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må institusjonen vurdere konsekvensar av at tiltaket blir gjennom­ført ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkje­følgje.

1.3         Statistikkskjema

Tilskotsmottakarane skal òg fylle ut skjemaet for statistikk over aktivitetar, publikum, årsverk og likestilling. Dette skjemaet ligg på same side i nettportalen som søknadsskjemaet. Det er nye felt for måltal for publikum og aktivitetar i 2015. Måltala er dei måla institusjonen planlegg å nå i 2015.

Institusjonar som er medlem av Norsk teater- og orkesterforening, skal, som i tidlegare år, også levere statistikk, årsrapportering og kopi av budsjettsøknad til NTO.

Knutepunktinstitusjonar skal levere kopi av aktivitetsrapporten til NTO.

1.4         Fristar i 2015

Nettportalen vil vere openfrå1. februar til 1. mars, og institusjonen kan arbeide med og gjere endringar i skjemaet fram til fristen går ut. Det kan skrivast ut eller lagrast kopiar av søknaden i pdf-format på eigen maskin.

Søknaden skal leverast seinast 1. mars 2015.

Revidert rekneskap for 2014 med revisormelding og styrets årsmelding skal sendast til postmottak@kud.dep.no så snart dei ligg føre og seinast 1. juni 2015.

 

Med helsing

Christine Hamnen e.f.
ekspedisjonssjef                                                                   

 

Bernt Martin Schjerven
seniorrådgjevar

 

Vedlegg