Rundskriv V-8-N/Rekneskapskriv for 2010
Rundskriv | Dato: 24.01.2011 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kulturdepartementet
Nr: V-8N/2011
Tilskotsmotakarar i 2010
Nr. | Vår ref | Dato |
V8-N/2011 | 2010/04844 KA SLA:akd | 24. januar 2011 |
REKNESKAPSKRIV FOR 2010
1. INNLEIING
1.1 Generelt
Forvaltninga av ei rekkje tilskotsmotakarar som i 2010 fekk tilskot direkte frå
Kulturdepartementet er frå 2011 overført til Norsk kulturråd, jf. omtale i Prop. 1 S
(2010–2011) for Kulturdepartementet og Innst. 14 S (2010–2011). Mottakarar av dette rundskrivet er omfatta av endringa, og skal sende budsjettsøknad for 2012 til Norsk kulturråd, mens årsrapport og rekneskap for 2010 skal sendast til Kulturdepartementet.
Dette rekneskapsskrivet gir retningsliner for innsending av årsrapport og rekneskap for 2010 både når det gjeld innhald og utforming. Informasjon om nye rutinar for
budsjettsøknad vil institusjonane få frå Norsk kulturråd.
1.2 Rapporteringsrutinar
Årsrapport og rekneskap skal oversendast elektronisk direkte i eit webskjema på
Internett via webportalen ABM-statistikk. Departementet skal ikkje ha dokument i
papirversjon. Ettersending av revidert rekneskap er omtalt i punkt 3 under.
1.3 Frist
Internettadressa til webportalen ABM-statistikk og brukarnamnet og passordet til
institusjonen er oppgitt på ei eiga side lagd ved dette rekneskapskrivet.
Portalen vil vere open 1. februar – 1. mars, og institusjonen kan arbeide med og
gjere endringar i skjema fram til fristen går ut. Det kan skrivast ut eller lagrast kopiar av rapporten i pdf-format på eigen maskin.
Årsrapport og rekneskap skal leverast innan 1. mars 2011; fristen vil ikkje bli
utsett!
2. RAPPORT MED REKNESKAP FOR 2010
2.1 Årsrapport og rekneskap
Innhaldet i årsrapporten:
Rapporten for 2010 skal skrivast inn på side 2 i webskjemaet. Rapporten skal innehalde ein kort omtale av den samla aktiviteten til tilskotsmottakaren i 2010 i forhold til dei formåla og eventuelle andre føresetnader som er trekte opp i tilskotsbrevet for 2010.
Tilskotsmotakarane må gi ein kort rapport med omtale av arbeid og aktivitetar med kulturelt mangfald, jf. side 2 i webskjemaet.
Årsrekneskapen:
Rekneskapen må innehalde alle utgifter og inntekter som institusjonen har hatt i løpet av året, jf. sidene 3–5 i webskjemaet. Alle tilskotsmotakarar som utarbeider balanse, må fylle inn skjema for balanse på side 6 i webskjemaet. Merk at naudsynte kommentarar til rekneskapen også skal fyllast ut på denne sida.
Felter i webskjema:
I webskjemaet er følgjande felt aktuelle for rapporten til Kulturdepartementet:
- Årsrapport for 2010 samt rapport om kulturelt mangfald (felt 402 og 403)
- Talfelt som gjeld rekneskap 2010 og balanse 2010
- Ev. kommentarar til rekneskap, balanse eller rapport (felt 620 og 622)
- Alle obligatoriske ja/nei spørsmål må fyllast ut for å kunne lagre informasjon i skjema (felt 619, 621 , 655 og 656)
2.2 Statistikk over institusjonens aktivitetar, publikum og personale i 2010
Tilskotsmottakarane skal også fylle inn eit webskjema for statistikk over institusjonen sine aktivitetar, publikum og personale i 2010. Dette skjemaet vil de finne på same side i webportalen som skjemaet for årsrapport og rekneskap.
3. REVIDERT REKNESKAP, REVISORMELDING OG STYRETS ÅRSMELDING FOR 2010
Tilskotsmottakarar som skal levere revidert rekneskap, må sende departementet
følgjande dokument så snart dei ligg føre og seinast innan 1. juni 2011:
- revidert rekneskap
- revisormelding
- styrets årsmelding
Dokumenta skal vere signerte. Dokumenta skannast og sendast på e-post til følgjande adresse: postmottak@kud.dep.no
Dersom det ikke lar seg gjere å skanne dokumenta, oversendast dei til Kulturdepartementet på papir.
Med helsing
Kjell Myhren
ekspedisjonssjef e.f.
Steinar Larsen
seniorrådgjevar
Vedlegg