Rundskriv V-8N/2009 Utnemning av biskop i Stavanger
Rundskriv | Dato: 02.03.2009 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kultur- og kirkedepartementet
Departementet ber adressatane stemme innan 27. april 2009. I tillegg til de nominerte kan de stemmeberettigede stemme på andre kvalifiserte personer, herunder biskoper som tidligere er utnevnt til biskop i et annet bispedømme.
I samband med at det skal utnemnast ny biskop i Stavanger bispedøme, oppmodar vi Dykk om å gi stemme til dei tre personane som De reknar for mest skikka til å bli utnemnt, i prioritert rekkjefølgje. Stavanger bispedømeråd har i møte 20. februar 2009 nominert desse kandidatane:
Prost Ludvig Bjerkreim
Domprost Øystein Bjørdal
Sokneprest Erling Johan Pettersen
Prost Svein Arne Theodorsen
Generalsekretær Kjetil Aano
Kandidatane er nemnde i alfabetisk orden. Vita deira følgjer vedlagt. Bispedømerådets forslag er ikkje bindande for dei som har røysterett. Det er også høve til å røyste på biskopar i embete.
Send stemmen Dykkar som vanleg brev direkte til Kultur- og kyrkjedepartementet, Postboks 8030 Dep., 0030 Oslo så tidleg at den kan vere i departementet innan
27. april 2009. Brevet vil ikkje vera offentleg tilgjengeleg.
Med helsing
Ingrid Vad Nilsen e.f.
ekspedisjonssjef
Thom M. Rafoss
avdelingsdirektør
Vedlegg i pdf-format:
Sokneprest Erling Johan Pettersen
Generalsekretær Kjetil Aano