Rundskriv V-9N 2008
Endring i tenesteordninga for kyrkjelydsprestar § 18
Rundskriv | Dato: 20.02.2008 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kultur- og kirkedepartementet
Nr: V-9N/2008
|
| |
Nr. |
Vår ref |
Dato |
V-9N / 2008 |
2006/07873 KIA krs |
23.01.2008 |
|
Endring i tenesteordninga for kyrkjelydsprestar § 18
I samsvar med framlegg frå Bispemøtet, har departementet med verknad frå 1. mars 2008 endra § 18 i tenesteordninga for kyrkjelydsprestar. Etter endringane lyder paragrafen slik:
Menighetsprester må ikke uten biskopens samtykke inneha bistilling eller bierverv eller drive privat næringsvirksomhet som kan hemme eller sinke prestens ordinære arbeid. Biskopens avgjørelse kan påklages til departementet. Bistilling, bierverv eller privat næringsvirksomhet må ikke være av en slik art at det kan bryte ned den aktelse eller tillit som er nødvendig for å utføre prestetjeneste.
Formålet med endringane er å likestille høvet til å drive næringsverksemd med høvet til å ha andre former for arbeid utanom den ordinære tenesta som kyrkjelydsprest. Det blir også klargjort at det ligg til biskopen å eventuelt gi samtykke, og at presten kan klaga avgjerda til departementet. Regelen om at arbeidet eller næringsverksemda ikkje må vere av ein slik art at det kan bryte ned nødvendig respekt og tillit, gjeld for alle som er ordinerte prestar i Den norske kyrkja.
Med helsing
Ole H. Fiskens e.f. ekspedisjonssjef |
Thom M. Rafoss |