Rundskriv V-9N/2007
Rundskriv | Dato: 13.03.2007 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Kultur- og kirkedepartementet
Statsbudsjettet 2007 – Kap. 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane
Sokneråda i kommunar med eitt sokn Bispedømmeråda |
| |
Nr. |
Vår ref |
Dato |
V-9N/2007 |
2006/07768 KIF obl |
09.03.2007 |
|
Statsbudsjettet 2007 – Kap. 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane
Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2007 gjorde Stortinget vedtak om ei løyving på kr 70 200 000 under kap. 340, post 72 Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane. Budsjettvedtaket til Stortinget var i samsvar med framlegget i St.prp. nr. 1 (2006–2007).
I rundskriv V-25N/2006 av 28. november 2006 gjorde departementet greie for målsettinga og premissane for løyvinga for 2007, og for fordelinga av løyvinga på driftstilskott og på sentrale tiltak, mellom anna til den felles forsikringsordninga for kyrkjebygga og kyrkjebyggdatabasen. I rundskrivet no vert det orientert om fordelinga av driftstilskottet på dei kyrkjelege fellesråda/sokneråda i kommunar med eitt sokn, jf. vedlegget til rundskrivet der fordelinga er vist.
1. Fordelinga av tilskottet i 2007
I vårt rundskriv V-25N/2006 av 28. november 2006 vart det mellom anna vist til postkommentaren i St.prp. nr. 1 (2006–2007), der det heiter:
”Det generelle driftstilskuddet til de kirkelige fellesrådene er 49,5 mill. kroner i 2006. Tilskuddet foreslås videreført med 44,1 mill. kroner i 2007. Hoveddelen av fellesrådenes inntektsgrunnlag er de kommunale overføringane. Det vises i denne sammenheng til økningen i kommunenes frie inntekter i 2006 og kommuneopplegget for 2007, som innebærer en styrking av kommuneøkonomien. Kriteriene for tildelingen av driftstilskuddet til fellesrådene vil departementet drøfte med Kirkerådet og den kirkelige arbeidsgiver- og interesseorganisasjonen KA, bl.a. i lys av de særlige utfordringene som er knyttet til kirkeøkonomien og kirkeforvaltningen i de minste fellesrådene.”
Av løyvinga under posten for 2007 er det dermed kr 44 100 000 som skal fordelast som driftstilskott. Fordelinga skal gå føre seg etter det same prinsippet som har vore gjeldande tidlegare år, dvs. med eit grunntilskott til kvart fellesråd og elles etter innbyggjartalet. I lys av dei særlege utfordringane som er knytt til kyrkjeøkonomien og kyrkjeforvaltinga i dei minste fellesråda, dvs. område med låge innbyggjartal, er grunntilskottet for 2007 sett til kr 75 000. Fellesråda/sokneråda i kommunar med låge innbyggjartal vil dermed få om lag det same tilskottet i 2007 som i 2006.
2. Utbetaling av tilskottet, rapportering mv.
Bispedømmeråda vil betale ut tilskottet. Bispedømmeråda vil gjennom særskilt brev til mottakarane av tilskottet opplyse om utbetalingsterminar m.m.
Som følgje av at statstilskottet er eit generelt driftstilskott, har ikkje departementet stilt krav om særskilt rapportering om bruken av tilskottet. Vi viser til at rekneskapane frå fellesråda og sokneråda skal rapporterast til Statistisk sentralbyrå (SSB), jf. i denne samanhengen brevet frå SSB i januar 2007 som gjeld rekneskapsåret 2006.
Med helsing
Jørn Hagen e.f.
avdelingsdirektør
seniorrådgjevar
Vedlegg
Statsbudsjettet 2007 – Kap. 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane - fordeling