Sats for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn 2022
Rundskriv | Dato: 03.08.2022 | Barne- og familiedepartementet
Mottakar:
- Statsforvaltaren i Agder
- Statsforvaltaren i Oslo og Viken
- Statsforvaltarens fellestenester
Nr:
Q-04/2022
Vår referanse:
22/48
Status: Ugyldig/oppheva - erstatta av Sats for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn 2023
Satsen som skal nyttast for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2022, er 1 353 kroner per medlem.
Satsen er fastsett i samsvar med forskrift om registrering av og tilskot til trus- og livssynssamfunn (trussamfunnsforskrifta) § 8, jf. lov om trus- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) § 5 fjerde ledd.
Berekningsgrunnlaget for satsen utgjer 4 767 286 134 kroner. Beløpet består av ein statleg og ein kommunal del. Den statlege delen utgjer 2 322 378 376 kroner og den kommunale delen 2 444 907 758 kroner.
Det er 3 524 779 medlemmer i Den norske kyrkja per 1. januar 2022.
Vedlagt følgjer ei nærare utgreiing om fastsettinga av satsen.
Med helsing
Ellen Ur (e.f.) avdelingsdirektør
|
Geir Telstø seniorrådgjevar |
Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrive signaturar.