Satsar for kommunal eigenbetaling i barneverntiltak 2016
Brev | Dato: 25.01.2016 | Barne- og familiedepartementet
Vår referanse: 16/197
Nedanfor følgjer satsar for den kommunale eigenbetalinga for barn og unge i barneverntiltak, jf. barnevernlova §§ 9-4 og 9-5, Prop. 1 S (2015-2016) fra Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Tiltak |
Sats per månad |
Barneverninstitusjonar |
kr 66 900 |
Barneverninstitusjonar - einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar |
kr 33 450 |
Senter for foreldre og barn med full forpleiing |
kr 66 900 |
Senter for foreldre og barn der det førast eigen husholdning |
kr 24 200 |
Eigendel ved refusjon for utgifter til forsterking av kommunale fosterheimar* |
kr 31 500 |
Statlege beredskaps- og familieheimar |
kr 31 500 |
MST (Multisystemisk terapi) |
kr 15 750 |
FFT (Funksjonell familieterapi) |
kr 15 750 |
PMTO (Parent Management Training – Oregon-modellen) |
kr 0 |
Webster Stratton |
kr 0 |
Eigendel ved refusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar** |
kr 17 100 |
Øvrige hjelpetiltak i kommunal regi som alternativ til plassering utanfor heimen |
avtalast i det enkelte tilfellet*** |
* Statens refusjon av utgifter til forsterking av kommunale fosterheimar omtalast i Rundskriv Q-06/2007.
**.Jf. rundskriv Q-05/2004. 80 prosent av utgiftene utover eigendelen dekkast av staten, jf. Prop 1 S Tillegg 1 (2013-2014), kap. 854, post 65.
*** Hjelpetiltak i kommunal regi omtalast i Rundskriv Q-06/2007.
Det understrekast at satsane for barneverninstitusjonar, kommunale fosterheimar og statlege beredskaps- og familieheimar gjeld per barn.
Auken i samtlege eigendelar i 2016 tilsvarar prisjustering.
Eigendelen ved plassering av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar i kommunale barneverntiltak er 17 100 kroner per barn per månad. Av utgiftene som overstig dette beløpet, kan kommunane få refundert 80 prosent av refusjonsberettiga utgifter.
Når det gjeld senter for foreldre og barn med full forpleiing og der det førast eigen husholdning gjeld følgande: Ved plassering av éin føresett og eitt barn i institusjon betalar kommunen éin sats. Ved plassering av to føresette og eitt barn betaler kommunen éin og ein halv sats. For kvart av øvrige barn betalar kommunen halv sats.
Det visast til § 4 i forskrift om Barne-, ungdoms- og familieetaten sin rett til å kreve eigenbetaling frå kommunen for opphold i institusjon.