Skodje kommune – motsegn til detaljreguleringsplan for Digernes næringsområde
Brev | Dato: 14.05.2013 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Miljøverndepartementet
Vår referanse: 12/4241
Miljøverndepartementet stadfestar detaljreguleringsplanen for Digernes næringsområde med endring i reguleringsføresegnene. Dette inneber at areal til ikkje-plasskrevjande detaljhandel totalt vert avgrensa til 3000 m2 i tråd med nasjonale mål for handel og sentrumsutvikling. Miljøverndepartementet tek såleis til følgje motsegna frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Miljøverndepartementet viser til brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal av
14. september 2012 med oversending av detaljregulering for Digernes næringsområde. Saka er oversendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd. Det ligg føre motsegn til planen frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Miljøverndepartementet stadfestar detaljreguleringsplanen for Digernes næringsområde med endring i reguleringsføresegnene. Dette inneber at areal til ikkje-plasskrevjande detaljhandel totalt vert avgrensa til 3000 m2 i tråd med nasjonale mål for handel og sentrumsutvikling. Miljøverndepartementet tek såleis til følgje motsegna frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Bakgrunn
Detaljreguleringa for Digernes næringsområde presiserer arealbruken i eit område som totalt utgjer om lag 400 daa. Det aktuelle området ligg ved Digernesskiftet, aust for krysset mellom europaveg 39 og fylkesveg 661. Planen legg til rette for utbygging av lager- og logistikkfunksjonar og ulike typar forretningsverksemd.
Detaljreguleringa er ledd i iverksetjinga av Reguleringsplan for næringsområde på Digernes, som vart godkjent fyrste gong av Skodje kommune i 2004, der det aktuelle området er avsett til forretnings-, industri- og lagerføremål. Kommunen har i etterkant sett i verk to reguleringsendringar knytt til justeringar av arealføremålet og internt vegsystem. I detaljreguleringa er difor ein større del av arealet sett av til næringsføremål og ein mindre del til forretningsføremål enn det som går fram av opphavleg reguleringsplan.
Eit viktig grunnlag for reguleringsplanen er kommunedelplan for Svorta-Valle, som opna for industrietablering i området. I tillegg definerer arealdelen til kommuneplanen for Skodje kommune 2007-2017 sentrale rammer for utviklinga av området.
I samband med detaljreguleringa er det utarbeidd konsekvensutgreiing for tema som ikkje allereie er tilstrekkeleg gjort greie for gjennom gjeldande reguleringsplan og godkjende detaljplanar. Konsekvensutgreiinga er revidert undervegs i planprosessen, mellom anna er handelsanalysen justert når det gjeld talet på forbruksvekst og definisjonen av varegrupper er endra slik at den er i tråd med fylkesdelplanen for senterstruktur.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i brev av 24. juni 2011 fremma motsegn til den delen av planen som ikkje samsvarar med den rikspolitiske føresegna for kjøpesenter, sidan utbyggingsvolumet for detaljhandel i planforslaget overstig maksimalgrensa på 3000 m², jf. òg fylkesdelplan for senterstruktur 2004-2008. Det vert lagt vekt på at Digernes ligg utanom det som oppfattast som sentrumsareal i Skodje kommune. Fylkesmannen uttalar i brev til kommunen av 5. mars 2012 at dei held fast på motsegna til planen.
Møre og Romsdal fylkeskommune uttalar i brev av 20. juni 2011 at dei har motsegn til planforslaget ut frå at tilhøvet til nabokommunane ikkje er tilstrekkjeleg utgreidd med nabokommunane. I brev av 16. mars 2012 går det fram at dei likevel kan akseptere at det vert opna for detaljvarehandel på Digerneset innanfor eit volum som er naturleg ut frå regionale forhold, dimensjonert etter mellom anna naturleg auke knytt til folketal og kjøpekraft i Skodje og allereie etablerte tettstader og handelssentra i regionen. Dei meiner difor at eit areal til detaljvarehandel på 9000 m² er akseptabelt.
Skodje kommune vedtok kommunedelplanen 19. juni 2012. Unnateke eigengodkjenninga er fyrste avsnitt i § 3 Bygningar og anlegg i reguleringsføresegnene, som er i strid med rikspolitisk føresegn for kjøpesenter. Føresegna har følgjande ordlyd (utdrag):
”Innanfor områda F1, F2, F/N1 og F/N2 kan totalt 9000 kvm BRA ekskl. parkeringsareal nyttast til ikkje-plasskrevjande varer innan 2020. Ikkje-plasskrevjande varer skal primært byggjast på områda F1 og F2. Før vidare etablering av verksemder med ikkje-plasskrevjande varer må ein vurdere utviklinga av området ifht. kriterium gitt i KU, og ut frå denne vurdere vidare utbygging av ikkje-plasskrevjande varer.”
Kommunen har med dette redusert arealet til ikkje-plasskrevjande varer, mellom anna for å ivareta omsynet til nabokommunar og vidare utvikling av Skodje sentrum. Det vert lagt vekt på at næringsområdet har ei sentral plassering, som er eigna for ulike typar lager- og logistikkfunksjonar og ulike typar forretningsverksemd, irekna detaljhandel.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal sende saka til Miljøverndepartementet ved brev av 14. september 2012. Fylkesmannen har vurdert seg inhabil i saka, og oversende difor saka utan å ta stilling til realitetane i saka gjennom ei tilråding til departementet.
Mekling i saka har ikkje funne stad.
Synfaring og møte blei halde 20. november 2012 med representantar for kommunen, fylkesmannen, fylkeskommunen og Miljøverndepartementet.
Miljøverndepartementet si vurdering
Saken vert handsama etter plan- og bygningslova av 2008. Etter § 5-4 fyrste ledd kan aktuell statleg og regionalt organ fremme motsegn til planforslag i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional verdi. Departementet skal avgjere vilkåra for etablering av detaljhandel på Digerneset for områda F1, F2, F/N1 og F/N2, då det er usemje om arealomfanget som kan nyttast for ikkje-plasskrevjande varer. Kommunen har i reguleringsføresegnene sett ei grense på 9000 m2 for det aktuelle området, medan fylkesmannen meiner arealet for slik detaljhandel må avgrensast til 3000 m2.
Saka skal i tillegg vurderast etter naturmangfaldlova. Det aktuelle arealet er avsett til forretnings-, industri- og lagerføremål i gjeldande reguleringsplan og avklart i kommuneplanens arealdel. Planområdet er for ein stor del utbygd, asfaltert eller anleggsområde. I samband med etablering av ny kryssløysning for veg ved planområdet, vart elvemuslingar i den nærliggande Svortavikbekken flytta. Svortetjønna, som er lokalisert aust for planområdet, er yngleområde for andefugl, men det er ikkje registrert trua artar blant desse. Ifølge fylkesmannen er det heller ikkje artar eller naturtypar av spesiell verdi innanfor planområdet. Etter departementet si vurdering vil planforslaget truleg ikkje ha effekt på elvemusling. Andre truga eller verdifulle artar eller naturtypar vil heller ikkje bli påverka av planforslaget. Kravet i § 8 om at saka i hovudsak skal baserast på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap er dermed oppfylt. I og med at dette planforslaget i liten grad har følgjer for naturmangfald og det ikkje kan påvisast effektar av tiltaket på truga, nær truga eller verdifull natur, legg departementet til grunn at det ikkje er naudsynt å foreta vurderingar etter miljøprinsippa i naturmangfaldloven §§ 9-12.
Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging vart vedtatt ved kgl.res. 24. juni 2011. Det går fram at regjeringa mellom anna påreknar at kommunane følgjer opp dei regionale planane slik at handelsverksemd og andre private og offentlege teneste- og servicefunksjonar lokaliserast sentralt og ved knutepunkt for kollektivtransport.
Rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre blei vedtatt ved kgl. res. 27. juni 2008. Føremålet er å leggje til rette for ei sterkare regional samordning av politikken for etablering av større kjøpesenter. Omsynet er å styrke eksisterande by- og tettstadsenter og leggje til rette for miljøvennlige transportval for å oppnå ei meir bærekraftig og robust by- og tettstadsutvikling som òg bidrar til å redusere klimagassutsleppa. Føresegna skal leggjast til grunn for nye planer, og vil ved motstrid gi grunnlag for motsegn. Det går fram at kjøpesenter berre kan etablerast eller utvidast i samsvar med godkjente regionale planer (tidlegare kalla fylkesdelplanar/fylkesplanar) med retningsliner for lokalisering av varehandel og andre servicefunksjonar, og at slike planar skal leggast til grunn for planlegging i kommunar.
Rikspolitiske retningslinjer for samordnet areal- og transportplanlegging blei fastsett ved kgl. res. 20. august 1993, og skal leggast til grunn i kommunal og regional planlegging. Målet med retningslinene er at arealbruk og transportsystem skal utviklast slik at dei fremjar samfunnsøkonomisk effektiv ressursutnytting, med miljømessig gode løysingar, trygge lokalsamfunn og bumiljø, god trafikksikkerheit og effektiv trafikkavvikling. Det skal leggast til grunn eit langsiktig, bærekraftig perspektiv i planlegginga, og det skal leggast vekt på å oppnå gode regionale heilskapelege løysingar på tvers av kommunegrensene.
Fylkesdelplan for senterstruktur vart vedtatt av Møre og Romsdal fylkesting i 2004, og er seinare godkjent av Miljøverndepartementet. Rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre fastset med juridisk bindande verknad at godkjente regionale planer (fylkesplaner/fylkesdelplaner) skal leggast til grunn for handsaming av søknader om etablering eller utviding av større kjøpesenter. I fylkesdelplanen s. 3 er det gitt følgjande retningsliner for lokalisering av kjøpesenter:
”Kjøpesenter og andre større nyetableringar og utvidingar innan detaljhandel og sørvis skal lokaliserast innanfor sentrumsareal avgrensa i kommuneplan. Etableringane skal tilpassast tettstaden sin storleik og funksjon.
Handel med plasskrevjande varer bør ligge i eller i utkanten av sentrumsareala. Plasskrevjande varer er bilar og andre motorkøyrety, fritidsbåtar, landbruksmaskinar, trelast og andre større byggevarer, trær og planter i hagesenter. For å sikre eit godt tilbod av grunnleggjande funksjonar kan det leggjast til rette for mindre etableringar også utanfor tettstadene/grenda.”
I tråd med retningslinene skal detaljhandel primært lokaliserast innafor sentrum, men plasskrevjande varer kan lokaliserast i utkanten av sentrum. Det kan likevel leggjast til rette for mindre etableringar utanfor sentrum. Digernes-området ligg om lag fem km frå Skodje sentrum, dvs. i eit område der det etter fylkesdelplanen berre er opna for mindre etableringar av detaljhandel. Møre og Romsdal fylke har i brev 29. oktober 2008 til alle kommunane i fylket kommentert dei nasjonale måla for kjøpesenteretablering knytt opp til fylkesdelplan for senterstruktur. Fylket har her peikt på at fylkesdelplanen ikkje set noko fast grense for tillèt bruksareal detaljhandel utanfor sentrum, og legg til grunn ei øvre grense på 3000 m2. Miljøverndepartementet sluttar seg til at det er formålsteneleg å nytte denne grensa som utgangspunkt ved forståing av fylkesdelplanen for senterstruktur. Dette inneber at etableringa av kjøpesenter på Digernes med areal for detaljhandel som utgjer 9000 m² ikkje er i samsvar med intensjonane i fylkesdelplanen.
Miljøverndepartementet kan forstå at Skodje kommune ønskjer å leggje til rette for etablering av varehandel og andre servicefunksjonar i kommunen. Digernes har ei sentral plassering med omsyn til hovudvegar, det er lagt til rette for kollektivterminal og deler av området er allereie bygd ut. Når det gjeld detaljvarehandel er dekningsgraden i kommunen relativt lav. Miljøverndepartementet konstaterar likevel at ei utbygging av detaljhandel ved Digernes etter dei dimensjonane som er foreslått ikkje samsvarar med nasjonale mål for handel og sentrumsutvikling, sidan Digernes er lokalisert utanfor det som kan definerast som Skodje sentrum. Etter departementet si vurdering vil ei etablering av detaljhandel i tråd med planforslaget bidra til å svekke moglegheita for god sentrumsutvikling i Skodje tettstad og i andre nærliggande kommunesenter. Det vil òg gi avgrensa tilgjengelegheit for innbyggjarar som ikkje brukar bil. Departementet viser vidare til handelstilbodet mellom anna i Ålesund sentrum og på Moa, som er eit av dei største kjøpesentra i landet.
I arealdelen til kommuneplanen er det sett av areal til sentrumsføremål i Skodje sentrum. Innanfor desse områda ligg det i dag unytta areal, og areal som kan utviklast vidare. Kommunen opplev befolkningsvekst, ein trend som synes å halde fram, og ein bør prioritere å leggje til rette for ei styrking av eksisterande sentrumsområde med vekt på å skape eit attraktivt og levande tettstad. På grunnlag av nasjonal politikk vil departementet fastsetje ei grense for detaljhandel på totalt 3000 m2 for Digernes næringsområde, noko som òg er i samsvar med intensjonane i fylkesdelplan for senterstruktur.
Vedtak
Med heimel i plan- og bygningslova av 2008 § 12-13 andre ledd stadfestar Miljøverndepartementet detaljregulering for Digernes næringsområde vedteke av Skodje kommune 19. juni 2012 med følgjande endringar i reguleringsføresegnene:
§ 3 Bygningar og anlegg, fyrste avsnitt:
- Fyrste setning får følgjande ordlyd: ”Innanfor områda F1, F2, F/N1 og F/N2 kan totalt 3000 kvm BRA ekskl. parkeringsareal nyttast til ikkje-plasskrevjande varer innan 2020.”
- Følgjande setning tas ut: ”Før vidare etablering av verksemder med ikkje-plasskrevjande varer må ein vurdere utviklinga av området ifht. kriterium gitt i KU, og ut frå denne vurdere vidare utbygging av ikkje-plasskrevjande varer”.
For oppfølging og forståing av føresegna nemnt over skal Forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre, fastsett ved kongeleg resolusjon av 27. juni 2008 og gjeldande Fylkesplan for senterstruktur i Møre og Romsdal 2004-2008, leggjast til grunn.
Departementet legg til grunn at Skodje kommune reviderer reguleringsføresegnene i samsvar med dette vedtaket.
Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.
Med helsing
Bård Vegar Solhjell
Kopi til: |
|
Møre og Romsdal fylkeskommune |
Fylkeshuset |
6404 |
MOLDE |
Skodje kommune |
Rådhuset |
6260 |
SKODJE |
Haram kommune |
Storgata 19 |
6270 |
BRATTVÅG |
Ørskog kommune |
Rådhuset |
6240 |
ØRSKOG |