Sola kommune - motsegn til kommuneplanen for Sola 2021-2040

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner kommuneplanen for Sola 2021-2040, men med endringar i parkeringsføresegnene. Departementet har lagt vekt på at parkeringsnormene for kommunane på Nord-Jæren bør følgje retningslinjene i Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke. Samstundes ser departementet at det kan vere naudsynt å tillate ein noko høgare parkeringsdekning i dei sørlegaste bustad-områda i kommunen som i dag ligg innanfor sone 3, men som likevel har dårleg kollektivdekning. Slike område bør kunne definerast som sone 4 i tråd med parkeringsretningslinjene i Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke. Motsegnene frå Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland er delvis tekne til følgje.

Bakgrunn

Kommuneplanen for Sola 2021 – 2040 blei sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Rogaland 6. oktober 2024, grunna uløyste motsegner frå statsforvaltaren og Rogaland fylkeskommune. Motsegnene gjeld parkeringsføresegnene i kommuneplanen. Departe­mentet avgjer etter plan- og bygningslova § 11-16 om motsegnene skal takast til følgje.

Rogaland fylkeskommune vedtok i fylkesutvalsmøte den 18. oktober 2022 å fremje motsegn mot parkeringsføresegnene til kommuneplanen. Motsegna gjeld parkerings­føresegna for bil til bustadføremål i Tananger sentrum og langs delar av områdetypen kalla «Langs høyverdig kollektivakse». Vidare har fylkeskommunen motsegn til parkerings­føresegna for blokker i andre område, som svarar til sone 3 i parkeringsnorma i Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke.

Fylkeskommunen sende den 17. oktober 2023 supplerande merknader til saka, kor dei utdjupar regionen sin samla politikk og verkemiddelbruk knytt til mobilitet og samordna areal- og transportplanlegging. Parkering og trafikkløysingar er òg eit viktig tema i byvekstavtalen som Sola kommune, saman med kommunane Stavanger, Sandnes og Randaberg og Rogaland fylkeskommune har signert og forplikta seg til. Ein premiss i byvekstavtalen er at veksten i persontrafikken skal takast gjennom kollektivtrafikk, sykkel og gonge (nullvekst­målet). Fylkeskommunen viser til regionalplanen som ble vedteken i juni 2019. Har blei det semje om å dele inn storbyområdet i tre parkeringssonar, med tydelege føringar for bil- og sykkelparkering i kvar av sonene. Sola kommune ligg delvis i sone 2 og delvis i sone 3. Sone 2 er avgrensa av ei buffersone på 500 meter frå «Bussveien». Sone 3 er «øvrige områder» i dei kommunane som inngår i byvekstavtalen.

Fylkeskommunen meiner det er spesielt uheldig at dei delane av kommunen som ligg utanfor buffersona til bussvegen, men som likevel har god bussdekning og kor det enno er ledige bustadareal som ikkje er regulert, blir gitt høgare parkeringsdekning enn i dag. Fylkes­kommunen peiker òg på at det vil vere relevant å sjå hen til norma for parkeringsdekning i dei andre kommunane på Nord-Jæren i vurderinga av kva som er «rett» parkeringsnivå for bil i ulike delar av Sola kommune. Parkeringssone 2, langs bussvegen, strekker seg gjennom fleire kommunar på Nord-Jæren. I utgangspunktet bør arealbruk, inkludert krav til parkering både for bil og sykkel, handterast likt innanfor denne sona.

Rogaland fylkeskommune oppfattar forslaget til parkeringsføresegner for bil som meir liberale enn den førre kommuneplanen for Sola, ved at det i sone 3 blir opna for 2 parkerings­plassar for småhus, òg i nye utbyggingsområde. Det strir mot føringane i byvekstavtalen om å arbeide for ein meir restriktiv parkeringspolitikk.

Statsforvaltaren i Rogaland fremja i brev av 13. oktober 2023 motsegn til parkeringsnorma for bustader. Dei viser til at kommuneplanen legg opp til ei mindre streng parkeringsnorm for bil i bustadprosjekta i Tananger sentrum, «langs høyverdig kollektivakse» og i blokker i andre område (sone 3) enn det som følgjer av planretningslinjene i regionalplanen. Statsforvaltaren viser til at parkeringsdekning var eitt av områda som blei grundig gjennomgått i den siste revisjonen av regional plan, kor biltrafikken skulle reduserast av omsyn til klimagassutslepp, energibruk, lokal forureining og støy.

Sola kommune peiker på at dei i stor grad er ein bilbasert kommune, og at dei har store areal utan eit tilstrekkeleg kollektivtilbod. Regionalplanen er i liten grad tilpassa kommunen sitt behov når det kjem til parkeringsdekning.

Kommunen legg òg vekt på at buss er det einaste kollektivtilbodet i Sola, og at tilbodet er veldig varierande avhengig av kor ein bur. Særleg i dei sørlege områda av kommunen er det eit dårleg busstilbod. Befolkninga i store delar av kommunen er følgeleg avhengige av bil for å kome seg til daglege gjeremål og for å få kvardagen til å gå opp.

Mekling blei halde 1. juni og 15. juni 2023. På møta deltok representantar frå Sola kommune, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland. Partane blei ikkje samde om planføresegnene for parkeringsdekning.

Statsforvaltaren i Rogaland sende saka til Kommunal- og distriktsdepartementet i brev av 6. oktober 2023. I oversendinga sluttar statsforvaltaren seg til motsegnstyresmaktene sine grunngjevingar. Statsforvaltaren legg vekt på at føreslått parkeringsdekning er i strid med parkeringsnorma i Regional plan for Jæren og Søre Ryfylke og målet om nullvekst i personbiltransporten. Den er difor ikkje i tråd med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og inngått byvekstavtale.

Møte om saka og synfaring blei halde den 22. februar 2024. På møtet deltok representantar frå Sola kommune, Rogaland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Rogaland, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet rår i brev av 25. mars 2024 til å ta motsegna til følgje. Etter departementet si vurdering strir den vedtekne parkeringsdekninga mot Regionalplanen for Jæren og Søre Ryfylke og nullvekstmålet i byvekstavtalen. Etter departementet si vurdering er planføresegna i kommuneplanen òg i strid med statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, punkt 4.2 og 4.3.

Sola kommune er saman med Stavanger, Sandnes og Randaberg kommunar og Rogaland fylkeskommune partar i byvekstavtalen for Nord-Jæren. Gjennom byvekstavtalen har partane forplikta seg til å nå nullvektsmålet. Etter Klima- og miljødepartementet sitt syn er det uheldig for nullvekstmålet om kommunar unnlèt å ta i bruk effektive verkemiddel i ein situasjon der personbiltransporten aukar. Dette vil undergrave føremålet med byvekstavtalen og invester­ingane i ny sykkelveg og bussveg, og gjere det vanskeleg for regionen å omstille seg for å nå nullvekstmålet.

Departementet viser til at dei lokale partane i byvekstavtalen for Nord-Jæren har fram­forhandla ei avvikling av rushtidsavgifta i 2019, og at Nord-Jæren i dag får statleg tilskot for å kompensere for dei reduserte bompengetakstane. Samstundes viser dei til at bompengar saman med parkeringsrestriksjonar er blant dei få effektive og tilgjengelege verkemidla som kommunen har for å redusere personbiltrafikken. Departementet viser her til at det er viktig at slike verkemiddel ikkje avgrensast til særskilde geografiske område, då det kan vri bilbruken mot område med mindre strenge verkemiddel. Klima- og miljødepartementet viser òg til at kommunane Stavanger og Sandnes nettopp har vedteke kommuneplanar der dei følgjer parkeringsføresegnene for sone 2 og 3 i den regionale planen.

Klima- og miljødepartementet har forståing for at det i delar av Sola kommune som ligg i sone 3, kan vere utfordrande med ei låg parkeringsdekning. Dette er område med eit til dels dårleg kollektivtilbod, der transporttida er lang med buss, og kor gonge og sykkel ikkje er reelle alternativ på grunn av avstand. Klima- og miljødepartementet meiner likevel at føreslått parkeringsdekning i regionalplanen framleis gir eit stort rom for bilbruk. Det er opplyst om at det ikkje er store ubygde område som er avsette til bustadføremål i sone 3 i Sola kommune, slik at planføresegna i alle tilfelle får avgrensa verknad i denne sona.

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd ta stilling til om motsegnene til kommuneplanen skal takast til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

Departementet legg avgjerande vekt på at den interkommunale planen bør ha ei parkerings­dekning som gjer det mogeleg å nå nullvekstmålet. Nullvekstmålet er forankra i dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanegging. Byvekstavtalane er regjeringa sitt viktigaste verkemiddel for å nå nullvekstmålet, og både staten og dei lokale partane i byvekstavtalen har forplikta seg til tiltak for å nå nullvekstmålet. Bompengar og parkeringsdekning vil vere viktige verkemiddel for å nå dette målet. 

Departementet meiner det ikkje bør tillatast ein liberal parkeringspolitikk i område som ligg nær bussvegen og andre høgverdige kollektivaksar, då dette vil vere i strid med nullvekst­målet. Departementet legg òg vekt på at parkeringsnorma i Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke bør handterast likt i dei ulike kommuneplanane på Nord-Jæren, og at parkerings­norma difor bør vere i tråd med retningslinjene i regionalplanen. Dette er naudsynt både for å sikre at nullvekstmålet blir nådd og at investeringane i ny sykkelveg og bussveg får størst mogleg effekt. I område i buffersona til bussvegen (sone 2 i regionalplanen) og i dei andre områda med blokker og småhus (sone 3 i regionalplanen) bør det difor ikkje tillatast ei parkeringsdekning som er høgare enn det som er gjeldande parkeringsnorm i Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke. Det inneber parkeringsnorm på 1,2 plasser per bustadeining i sone 2 og 1,8 plassar per bustadeining i sone 3, inklusive gjesteplassar.

Kommunal- og distriktsdepartementet har forståing for at nokre område i den sørlegaste delen av Sola kommunen framleis vil vere bilbaserte. Dette gjeld særleg område nær Hålandsmarka kor det er vedtekne reguleringsplanar som enno ikkje er fullt ut realiserte. I desse områda meiner departementet at ein bør kunne ta i bruk parkeringsnorma for sone 4 i Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke, som tillèt ei parkeringsdekning på 1,8 plassar per bustadeining inklusive gjesteparkering som for sone 3. I Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke gjelder denne norma berre som fagleg råd i sone 4. Dette inneber at norma her berre er ei anbefaling frå fylkeskommunen og at kommunen sjølv kan vurdere parkeringsnorma for reguleringsplanane i desse områda. Dette er òg i tråd med handsaminga av tilsvarande område i Sandnes kommune.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet kommuneplan for Sola 2021- 2040, vedteken av Sola kommunestyre 28. september 2023, med desse endringane:

Sone 2: Parkeringsdekning for «Sola sentrum, Tananger sentrum og 500 meter influensområde langs bussvei»: 1,0 plass per bustadeining, inklusive gjesteparkering

Sone 3: Parkeringsdekning for «Øvrige områder med blokkbebyggelse»: 1,2 plassar per bustadeining, inklusive gjesteparkering. Parkeringsdekning for «Øvrige områder med småhusbegyggelse»: 1,8 per bustadseining, inklusive gjesteparkering.

Parkeringsnormene for Sone 4 i Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke kan leggjast til grunn i dei sørlegaste delane av Sola kommune (sør for Svartaberg og vest for Einarshaug)

Departementet ber om at kommunen gjer dei naudsynte endringane i planen. For kunn­gjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd. Kommunen er orientert om vedtaket gjennom kopi av dette brevet.

Departementet sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. plan- og bygningslova § 11-16, siste ledd.

Med helsing
Erling Sande

Kopi
Klima- og miljødepartementet
Rogaland fylkeskommune
Sola kommune