2 Skal tilbodet lovfestast?
Diskusjonen om lovregulering av incestsentra kan delast inn i to hovudspørsmål: Det første er spørsmålet om det offentlege skal ha ei lovpålagd plikt til å sikre dei incestutsette eit hjelpetilbod på lågterskelnivå. Det andre spørsmålet er om det skal stillast lovpålagde krav til kompetanse, kvalitet og geografisk dekning.
Eit mål med å gi det offentlege ei lovpålagd plikt til å syte for eit tilfredsstillande tilbod kan vere å gi incestsentra ein tryggare økonomisk situasjon. Incestsentra slit med usikre framtidsutsikter og manglande økonomisk støtte frå lokale og regionale bidragsytarar (sjå punkt 3.1.). Det har vore hevda at lov eller ei eventuell anna regulering kunne ha lagt grunnlag for ei sikrare finansiering. Ei lovfesting reiser likevel mange problemstillingar, og kan også ha uheldige verknader.
Sjølv om lovreguleringa i hovudsak skulle ta sikte på finansiering av incestsentra, ville det også vere nødvendig å gjere greie for innhaldet i det tilbodet som det offentlege skulle ha plikt til å syte for. Det kunne ha ført til at det blei stilt krav til incestsentra som ikkje stemte overeins med dei lokale prioriteringane og føresetnadene.
Ei lovregulering som nemnd over, reiser spørsmål om kvar ansvaret for incestsentra skal forankrast. Det kan synast meir naturleg å forankre ansvaret på regionalt nivå eller fylkesnivå enn på kommunenivå. Likevel meiner regjeringa at det er naturleg og viktig at kommunane yter økonomisk støtte til incestsentra. Regjeringa meiner at finansieringa må sikrast ved eit samarbeid mellom fleire instansar. Ein kan tenkje seg at kommunane fekk ei lovpålagd plikt til å ha ansvaret for dette samarbeidet. Ei slik lovfesting som omfattar heile kommunesektoren vil truleg ikkje vere eit godt verkemiddel for å løyse dette problemet. Ei slik lovfesting vil òg stå i motsetning til arbeidet for å styrkje den kommunale handlefridomen. Vi viser i denne samanhengen til tilsvarande vurdering av spørsmålet om lovfesting av kommunane sitt ansvar for krisesentra. Regjeringa meiner at det er meir føremålstenleg å nytte andre verkemiddel enn lovgiving for å gi sentra meir stabile rammevilkår, jamfør kapittel 3.
Vanskane som incestsentra opplever, gjeld i hovudsak økonomiske forhold. Regjeringa ønskjer ikkje å detaljregulere forhold som kompetanse, kvalitet og geografisk dekning. Regjeringa meiner at det er meir føremålstenleg å nytte andre verkemiddel enn lov når det gjeld innhaldet i tilbodet. Det er mogleg å leggje føringar for verksemda gjennom å stille vilkår for tildeling av statstilskot i rundskriv. Ein kan stille visse minimumskrav, og i tillegg gi nokre retningslinjer som kan stimulere verksemda, men som samstundes gir nødvendig fleksibilitet. Det er ofte dei lokale instansane som står nærmast til å vurdere kva slags tilbod det er behov for, og dette må sjåast i samanheng med kva incestsentra som frivillige organisasjonar ønskjer og har høve til å bidra med. Sjå også punkt 3.2. som omtalar noverande retningslinjer for statstilskot.
Når det spesifikt gjeld spørsmålet om lovregulering av opplysningsplikt til barnevernet, vil det i samband med oppfølging av rapporten «Tiltak for å beskytte barn mot overgrep. Forslag om endringer i barneloven m.v.» (rapport frå arbeidsgruppe) bli arbeidd vidare med eit forslag om at føresegna i barnevernslova om opplysningsplikt blir utvida til også å omfatte krisesentra. Regjeringa går inn for at også ei eventuell opplysningsplikt for incestsentra overfor barnevernet blir vurdert i denne samanhengen.