2 Omfanget av utvalssystemet - endringar sidan 2000
Det var 533 utval, styre og råd i verksemd ved utløpet av 2001. Dette er 10 færre enn ved utgangen av 2000. Ved siste årsskifte var det 468 faste og 59 mellombels statlege utval, styre og råd.
Delen kvinner er om lag den same som i 2000, og er framleis på om lag 42 pst.
Den geografiske fordelinga mellom dei ulike landsdelane har også halde seg noko nær uendra.
Tabell 2.1 Endringar i talet på statlege utval, styre og råd og utval mellom dei ulike departementa
Faste og mellombels organ i 2000 | Faste og mellombels organ i 2001 | |
Statsministerens kontor | 4 | 4 |
Utanriksdepartementet | 14 | 14 |
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet | 64 | 62 |
Kulturdepartementet | 37 | 39 |
Justisdepartementet | 91 | 94 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 34 | 24 |
Sosial- og helsedepartementet | 110 | 103 |
Barne- og familiedepartementet | 10 | 9 |
Nærings- og handelsdepartementet | 42 | 43 |
Fiskeridepartementet | 15 | 20 |
Landbruksdepartementet | 35 | 31 |
Samferdselsdepartementet | 4 | 4 |
Miljøverndepartementet | 5 | 6 |
Arbeids- og administrasjonsdepartementet | 20 | 24 |
Finansdepartementet | 23 | 20 |
Forsvarsdepartementet | 18 | 15 |
Olje- og energidepartementet | 17 | 21 |
Til saman | 543 | 533 |