St.meld. nr. 15 (2002-2003)

Statlege utval, styre og råd mv. 1. januar - 31. desember 2001

Til innhaldsliste

3 Samansetting av utval, styre og råd i 2001

Tabell 3.1 syner korleis dei ymse utval, styre og råd er fordelte mellom dei ulike departementa i 2001. Sosial- og helsedepartementet skil seg framleis klart ut som det departementet med dei fleste slike organ knytte til seg.

Tabell 3.1 Talet på statlege utval, styre og råd fordelte på departementa pr. 31.12.2001.

FasteMellombelsI alt
Statsministerens kontor134
Utanriksdepartementet13114
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet60262
Kulturdepartementet38139
Justisdepartementet771794
Kommunal- og regionaldepartementet19524
Sosial- og helsedepartementet958103
Barne- og familiedepartementet819
Nærings- og handelsdepartementet37643
Fiskeridepartementet17320
Landbruksdepartementet29231
Samferdselsdepartementet314
Miljøverndepartementet336
Arbeids- og administrasjonsdepartementet20424
Finansdepartementet17320
Forsvarsdepartementet15015
Olje- og energidepartementet19221
Til saman47162533

Utvalsmedlemmene

Ved årsskiftet var det i alt 5969 verv fordelte på i alt 5833 personar. Som ein ser av tabell 3.2, er dei aller fleste med berre i eitt utval, styre eller råd. Dette gjeld både for kvinner og menn.

Tabell 3.2 Talet på kvinner og menn i høve til antal verv i statlege utval, styre og råd ved utgangen av 2001.

KvinnerMennI alt
1 verv192726754602
2 verv368526894
3 verv119180299
4 verv7037107
5 verv102030
6 verv51823
7 verv000
8 verv eller meir01414
Til saman249934705969

Tabell 3.3 Prosentvis fordeling av styreverv

Talet på vervProsentdel
1 verv77
2 verv15
3 verv eller fleire8

Kjønnsfordeling

Kvinnedelen er stabil på om lag 42 pst både i 2000 og 2001. Det er likevel verd å merke seg at skilnaden enno er stor mellom dei ulike departementa. Under ein femtedel kvinner finn ein berre for Forsvarsdepartementet og Olje- og energidepartementet, men delen av kvinner er låg jamvel for Samferdselsdepartementet, Statsministerens kontor, Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeridepartementet sin del. Barne- og familiedepartementet skil seg framleis ut som departementet med den høgste kvinnedelen tett fylgt av Miljøverndepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kulturdepartementet og Sosial- og helsedepartementet.

Tabell 3.4 Prosentvis fordeling av verva mellom kvinner og menn i statlege utval, styre og råd i 2001.

KvinnerMenn
Statsministerens kontor2179
Utanriksdepartementet3862
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet4852
Kulturdepartementet4753
Justisdepartementet4357
Kommunal- og regionaldepartementet4753
Sosial- og helsedepartementet4456
Barne- og familiedepartementet5347
Nærings- og handelsdepartementet3367
Fiskeridepartementet3565
Landbruksdepartementet4060
Samferdselsdepartementet2476
Miljøverndepartementet4159
Arbeids- og administrasjonsdepartementet4555
Finansdepartementet4456
Forsvarsdepartementet1882
Olje- og energidepartementet26
Gjennomsnitt TOTALT4258

Tabell 3.5 Fordeling av ulike typar verv mellom kvinner og menn i prosent.

FunksjonKvinnerMenn
Leiar2674
Nestleiar4159
Sekretær/medlem3565
Medlem4456
Varamedlem/nestleiar3466
Varamedlem4456
Gjennomsnitt4258

Ein finn framleis ein klår skilnad mellom menn og kvinner når ein ser på kva for verv dei har i utval, styre og råd. Medan nestleiarfunksjonen er om lag jamt delt mellom menn og kvinner, er det enno berre ein firedel av dei som vart leia av kvinner.

Tabell 3.6 Medlemmene fordelte etter alder likna med aldersfordelinga i befolkninga i prosent.

Prosentdel av utval styre- og rådsmedlemmene,Prosentdel av folkemengda pr. 01.01.2002
16-29 år319
30-49 år3429
50-64 år4717
65 el. eldre1613

Alderssamansetting

Dei eldste, men særleg dei yngste årsklassane er såleis framleis sterkt underrepresenterte i statlege utval, styre og råd.

Geografisk fordeling

Det er enno store skilnader mellom landsdelane når det gjeld deltaking i utval, styre og råd. Framleis er dei sentrale områda på Austlandet godt overrepresenterte, medan Sør- og Vestlandet har lågare deltaking enn kva som høver for folkemengda.

Om ein bryt tala ned på dei einskilde fylka, ser ein endå klårare korleis Oslo og Akershus dominerer dei kollegiale organa. Overrepresentasjonen frå Oslo, og i ein viss mon frå Akershus, skuldast truleg at mange av organisasjonsrepresentantane er busette i det sentrale Austlandsområdet.

Tabell 3.7 Geografisk fordeling i prosent av medlemmer i utval, styre og råd i høve til folkemengda.

FylkeMedlemmerVaramedlemmerTotaltProsentdel av folkemengda 01.01.2002
Østfold2,72,62,75,6
Akershus15131410,5
Oslo31262911,3
Hedmark2,332,64,2
Oppland2,22,32,34
Buskerud3335,3
Vestfold2,52,92,64,8
Telemark1,71,81,83,7
Aust-Agder1,10,812,3
Vest-Agder1,71,51,73,5
Rogaland4,13,748,4
Hordaland6,36,86,59,7
Sogn og Fjordane1,11,91,42,4
Møre og Romsdal2,62,12,65,4
Sør-Trøndelag5,25,25,25,9
Nord-Trøndelag1,72,21,92,8
Nordland3,44,23,75,2
Troms4,24,24,23,4
Finnmark3,24,13,61,6
Svalbard0,20,10,2
Fylke - ikkje kjent0,20,10,2

Tabell 3.8 Geografisk virkeområde for organa som var i verksemd 31.12.2001. Absolutte tal

FasteMellombelsTotalt
Internasjonalt31132
Nordisk415
Nasjonalt24943292
Regionalt74074
Lokalt79079
EU/EØS101
Ukjent13114
Totalt45146497

Tabellen syner kva for virkeområde dei ulike organa har. Som naturleg er for statlege utval, styre og råd opererer langt dei fleste kollegiale organa på nasjonalt nivå. Regionale organ er dei kollegiale organa som opererer minst innafor eitt fylke. Regionale og lokale organ omfattar for det meste skular.

Til forsida