5 Måla i neste fireårsperiode
Måla i kommande fireårsperiode vil vere:
Regjeringa har som mål at det skal vere minst 40 pst representasjon av kvart kjønn i statlege utval, styre og råd. Dette skal gjelde for alle departementsområde. Regjeringa har som mål å auke kvinnedelen i leiarposisjonar i statlege utval, styre og råd i fireårsperioden.
Regjeringa har som mål å betre den geografiske spreiinga i rekrutteringa til statlege utval, styre og råd, og elles styrke rekrutteringa frå dei yngre aldersgruppene.
Regjeringa vil vere med på å sikre at personar med innvandrarbakgrunn også blir rekrutterte, likeins vil regjeringa gjere sitt for å sikre at Sametinget og/eller representantar for nasjonale minoritetar blir rekrutterte der det er relevant. På dette området vil Regjeringa bl.a. vurdere bruk av referansegrupper og/eller høringsgrupper for å sikre at mangfaldet og det fleirkulturelle blant brukargruppene generelt blir ivaretatt der det er nødvendig og relevant ift oppgåveområdet.
Regjeringa vil som ledd i moderniserings- og effektiviseringsarbeidet i offentleg sektor vurdere å redusere talet på medlemmer med 10 pst i permanente og mellombels statlege utval, styre og råd.