4 Digital inkludering – tilgang, universell utforming og kompetanse for alle
Utbreiinga av IKT på alle samfunnsområde gjer det mogleg for mange grupper å få lettare tilkomst til offentlege og private tenester, og det opnar for løysingar som gjer det mogleg for mange å ha eit meir sjølvstendig liv og auka livskvalitet. Med IKT har ein fått veleigna verktøy for å inkludere dei med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet og betre utsiktene for eldre til å bli lenger i jobb. Vi kan byggje bru over ulemper ved geografiske avstandar, til dømes når det gjeld arbeidsplassar i distrikta og tilkomsten til helsevesenet, og ein meir fleksibel arbeidssituasjon for småbarnsforeldre, eldre og andre grupper med behov for det. Bruken av IKT er så omfattande og utbreidd at IKT er tatt inn som ei basisferdigheit i dei nye læreplanane for grunnskulen, på linje med å lese, skrive og rekne. IKT har blitt ein mogleggjerar i inkluderingspolitikken.
Men om ikkje forholda vert lagde til rette, kan også IKT føre til skilje på mange område. Dei som ikkje har tilgang til eller meistrar bruken av ny teknologi risikerer å bli ekskluderte frå nye arenaer for informasjon og tenester. Digital ekskludering og digitale skilje kan skyldast mange forhold: manglande utbygd infrastruktur i einskilde område, det kan vere økonomiske barrierar knytte til innkjøp, teknologien kan vere utforma utilgjengeleg, og det kan vere manglande kompetanse. Undersøkingar viser at digitale skilje ofte følgjer dei same sosiale og økonomiske mønster som andre fordelingsmessige skilje i samfunnet: økonomi, utdanning, alder, kjønn, bustad osv.
4.1 Regjeringas mål og ambisjonar
I Soria Moria-erklæringa er det ein uttalt ambisjon om å gjere Noreg til ein leiande kunnskaps- og IKT-nasjon. Det vert framheva at
« alle må få tilgang til kunnskap og innsikt som gjør det mulig å delta i de demokratiske prosessene,» og at det skal satsast på «ny universell utformet teknologi og en offensiv IKT-politikk i offentlig sektor».
Dette skal skje innan rammene av eit inkluderande samfunn og arbeidsliv der ein tek omsyn til dei evner og moglegheiter kvar einskild har. Regjeringa har som mål å sikre at alle har høve og motivasjon til å tileigne seg nødvendig kompetanse for å kunne nyttiggjere seg teknologi og nye tenester på ein best mogleg måte. Denne regjeringa ønskjer å bruke IKT aktivt til å redusere forskjellane i samfunnet.
Noreg er ikkje aleine om å setje inkludering høgt på den IKT-politiske dagsorden. Mykje av den politikken som er utforma og dei tiltak som blir sette i verk, er utvikla i eit internasjonalt samarbeid. Ministererklæringa frå Riga i juni 2006 om eInclusion, som er underskriven av 30 land inklusive Noreg, gir uttrykk for ein felles europeisk visjon om digital inkludering, og arbeidsplanar framover mot 2008. Det handlar om å inkludere alle innbyggjarane uavhengig av alder, behov for tilkomst, kompetanse, geografi og kulturell bakgrunn.
Ein vellykka politikk for digital inkludering må baserast på tre hovudpilarar:
Tilgang til nett, utstyr og innhald.
Universelt utforma løysingar.
Digital kompetanse.
Med bakgrunn i dette ser regjeringa behov for blant anna:
å sikre heile landet eit tilbod om tilknyting til breibandsnett,
å satse på universelt utforma teknologi,
å styrkje satsinga på digital kompetanse i befolkninga, og
å styrkje satsinga på IKT i utdanninga.
4.2 Tilgang til nett, utstyr og innhald – den digitale allemannsretten
Tilgang til infrastruktur er ein viktig føresetnad for digital deltaking, anten det er skulen, arbeidsplassen eller heimen som er utgangspunktet for bruken av IKT. Utan tilgang blir det heller ingen bruk. Undersøkingar og statistikk viser at den norske digitale kvardagen ikkje er ein kvardag for alle 1. Tilgang til IKT varierer blant anna med inntekts- og utdanningsnivå. I skulen er det store forskjellar i tilgang, både kommunane imellom og mellom grunn- og vidaregåande skular.
4.2.1 Breibandstilgang til alle
Breibandspolitikken i Noreg er tidlegare behandla av Stortinget i St. meld nr. 49 (2002 – 2003) – Breiband for kunnskap og vekst. Derfor er det ikkje lagt opp til ei djuptgåande drøfting av området i denne meldinga.
4.2.1.1 Mål og ambisjonar
Regjeringa har sett ambisiøse mål for breibandsutviklinga. I Soria Moria-erklæringa er det eit mål for regjeringa at alle innbyggjarane skal ha tilbod om tilknyting til breibandsnett innan utgangen av 2007, og det blir derfor nytta offentlege midlar for å hjelpe til å realisere utbygging i område der det kommersielt ikkje let seg gjere.
Skulanes tilgang til tilstrekkeleg bandbreidd er ein viktig faktor for vellykka bruk av digitale medium i opplæringa. Regjeringa har som målsetjing å gi norske skular over heile landet sikker og god tilgang til høghastigheits breiband.
4.2.1.2 Status
Breibandsdekninga 2 i Noreg var per oktober 2006 ca. 95 prosent 3, ein auke på ca. 14 prosentpoeng frå august 2004. Utbygginga er relativt jamn over heile landet, og varierer på fylkesnivå frå 89 prosent (Finnmark, Møre og Romsdal og Nordland) til 99 prosent (Oslo). 15 av 19 fylke har ei estimert breibandsdekning på over 90 prosent og 10 av desse har ei estimert dekning på 95 prosent eller meir. Dei resterande fylka har ei dekning på mellom 89 prosent og 90 prosent.
Sju av ti norske huslydar hadde i andre kvartal 2006 tilgang til Internett. Av desse var 80 prosent tilknytte via breiband. Dette tilsvarer 57 prosent av norske huslydar, ein auke på 16 prosentpoeng sidan andre kvartal 2005 4. Familiar med barn og familiar med høg inntekt har i større grad enn andre tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Av huslydar med samla bruttoinntekt på over 600 000 kroner har 84 prosent breiband, mens prosentdelen for huslydar med inntekter under 200 000 kroner berre er 39.
Dagens definisjon av breiband er uttrykt i St. meld nr. 49 (2002 – 2003) – Breiband for kunnskap og vekst, som blei lagd fram for Stortinget i september 2003, og handsama av Stortinget i mars 2004. Her blei det påpeikt at det på grunn av uvisse knytt til utviklinga av kapasitet og behov for breiband, ikkje verkar tenleg å operere med noka talfesta grense for overføringskapasitet. I staden la regjeringa til grunn ei bruksorientert tilnærming der breiband er definert som:
«…toveis kommunikasjonsnett som kan overføre ulike former for data som tekst, lyd og levende bilder og som må kunne bære nye tjenester og tillate at mange bruker nettet samtidig.»
Regjeringa meiner dette framleis er ein tenleg definisjon.
Breibandspolitikken er basert på at det er marknadsaktørane som skal stå for bygging av infrastruktur, mens styresmaktenes oppgåve er å leggje til rette for verksam konkurranse og å stimulere etterspørselen ved å vere ein krevjande etterspørjar av breiband. I tillegg vurderer og iverkset styresmaktene særskilte tiltak i område der ein klart ser at det ikkje vil komme eit marknadsbasert breibandstilbod. Den offentlege politikken er teknologinøytral, dvs. det vert overlate til marknaden å avgjere kva teknologiar som er best eigna i kvart einskilt tilfelle.
I 1999 blei Høykom etablert som ei treårig tilskotsordning for å medverke til at offentlege verksemder over heile landet etterspør og tek i bruk avansert høgkapasitetsnett. I 2001 blei det vedteke at Høykom skulle vidareførast for tre år (2002 – 2004) og i 2004 for ytterlegare tre år (2005 – 2007).
Høykom er eit sentralt verkemiddel som skal hjelpe til å støtte opp under måla frå Soria Moria-erklæringa. Høykom gir tilskot etter nærmare bestemte kriterium, og det blir lagt vekt på å trekkje med kommunar, lokalt næringsliv og verksemder i regionane. Det er ei utfordring å utløyse investeringar i breiband i grisgrendte delar av landet. Frå og med 2004 blei det derfor oppretta eit nytt delprogram, Høykom Distrikt, spesielt innretta mot å styrkje etterspørselen etter breiband i distrikta.
Boks 4.1 Høykom – eit fornyings- og innovasjonsprogram for offentleg sektor
Programmet skal bidra til at det offentlege etterspør breibandstenester og til ei fornying av offentleg sektor. Programmet har som visjon å utvikle og setje i verk prosjekt og formidle kunnskap som medverkar til at Noreg er leiande med omsyn til innovativ bruk av IKT og breibandstenester i alle delar av offentleg sektor.
Høykom har sidan starten i 1999 støtta nærmare 500 prosjekt med over 400 millionar kroner. Totalt har dette utløyst eit samla prosjektomfang på over 1.200 millionar kroner. Programmet er dermed ei av dei største kjeldene til frie midlar innanfor området innovasjon i offentleg sektor og utvikling av e-forvaltning i Noreg. Frå og med 2006 har programmet fått ei sterkare innretning mot òg å understøtte etablering av infrastruktur i område utan eit marknadsbasert breibandstilbod.
Programmet har ein sterk regional profil samtidig som samspelet mellom lokal, regional og sentral forvaltning er viktig. Over 200 av kommunane her i landet har søkt Høykom om midlar og over hundre av desse har fått midlar. Programmet har i programperioden støtta prosjekt innanfor kommunalt samarbeid og tenesteutvikling, helse, skule og kultur. Prosjekta som får støtte er i stor grad nyskapande og innovative og fungerer som eksempel på korleis offentleg sektor kan tilpasse seg og bruke den nye teknologien. Programmet har i den seinare tid også lagt vekt på at prosjekta som blir finansierte gjer bruk av den kunnskapen og dei løysingar som er utvikla i programmet.
Programmet er finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Det blir leidd av eit programstyre på 9 personar med representantar frå privat og offentleg sektor frå heile landet. Programsekretariatet er plassert i Noregs forskningsråd i Oslo.
Høykom Skule blei oppretta i 2002. Hovudmålet med denne satsinga var å auke skulane sin tilgang til og bruk av breiband for både pedagogiske og administrative føremål. Programmet blei realisert i nær tilknyting til Høykom-programmet. Høykom Skule var samordna med Høykom gjennom felles programstyre og programsekretariat. Fram til avslutninga av 2005 var Høykom Skule finansiert gjennom Utdannings- og forskingsdepartementet og Utdanningsdirektoratet med samla omlag 100 millionar kroner.
Sjå elles http://www.hoykom.no
Ordninga byggjer på tilskot etter søknad, og for å sikre størst mogleg grad av heilskap blir fylkeskommunane oppfordra til å ta ei samordnande rolle i sine område. Dette blei gjort i samband med tilleggsløyvinga på 50 millionar kroner til breiband i RNB for 2006, med gode resultat. For 2007 har Regjeringa føreslått å løyve 122 millionar kroner, av desse 100 millionar til infrastruktur.
Førebels tal frå siste tildeling av midlar frå Høykom Distrikt (totalt 80 millionar kroner i september 2006) viser at desse midlane saman med lokale tilskot har utløyst totalt ca. 200 millionar kroner til breibandsutbygging. Størstedelen av midlane er fordelte til fylkeskommunane som har teke ei aktiv rolle i å koordinere utbygginga i sine område. Om estimata slår til, vil denne løyvinga i kombinasjon med lokale midlar gi nær 30 000 nye breibandslinjer. Dei nye linjane dekkjer nærmare ein tredjedel av dei ca. 5 prosent av huslydane som per oktober 2005 ikkje hadde eit tilbod om breiband. Dette vert vurdert som svært bra, og viser korleis stat, fylkeskommunar og kommunar saman effektivt kan medverke til at heile landet får eit breibandstilbod.
Grunnopplæringa
Utdanningsdirektoratet offentleggjorde sommaren 2005 ein rapport om infrastruktur og drift i grunnopplæringa 5. Rapporten viser at 80 prosent av elevdatamaskinar i grunnskulen er knytte til Internett. Tal frå Teleplan viser at det er mogleg for om lag 98 prosent av grunnskulane å knyte seg til breiband, og at oppunder 94 prosent no har kopla seg til eit breibandssamband 6.
Sjølv om stadig fleire grunnskular har fått breiband, er det stor skilnad i kapasitet skulane i mellom. Ungdomstrinnet har i gjennomsnitt betre linjekapasitet enn barnetrinnet. Nyare tal indikerer likevel at situasjonen i grunnskulen er i ferd med å betre seg.
I dei vidaregåande skulane er dekninga betre. 7
Tilgangen til nett og infrastruktur for dei høgre utdanningsinstitusjonane blir handtert av selskapet UNINETT A/S – eit selskap eigd av Kunnskapsdepartementet. Ettersom kapasitetsbehovet har auka, har UNINETT gradvis bygt ut infrastruktur. UNINETT arbeider no med å betre den interne infrastrukturen ved institusjonane slik at kvar einskild forskar og student fullt ut kan utnytte kapasiteten i nettet.
Nye infrastrukturar – digital-TV og mobile breibandsløysingar
Den teknologiske utviklinga medfører at det etter kvart vil ha mindre å seie kva plattform digitale tenester blir tilbydd over. Til dømes ser vi ei utvikling mot at ein kan tilby TV, eller TV-liknande tenester av god kvalitet, ved hjelp av fleire forskjellige plattformer eller nett, og då kanskje særleg mobile breibandsløysingar. Det er knytt store forventningar til framtidige løysingar for mobilt breiband, men det er framleis eit stykke att før desse er allment tilgjengelege med tilstrekkeleg kapasitet.
Boks 4.2 Aktuelle mobile breibands-teknologiar
EDGE (Enhanced Data rate for GSM Evolution) Vidareutvikling av GSM. 200/ 75 kbit/s. Dekkjer 99,8 prosent av huslydane og 84 prosent av landareala.
CDMA (Code Division Multiple Access) Opptil 2000/100 kbit/s. Skal dekkje eit område tilsvarande gamle NMT utanfor GSM-dekninga.
UMTS (Universal Mobile Telecommunications System) typisk 384/64 kbit/s. Dekning i tettstader med meir enn 200 innbyggjarar og dekkjer ca. 80 prosent av befolkninga.
HSDPA (High-speed Downlink Packet Access) Vidareutvikling av UMTS. Typisk 1000/144 kbit/s. Ikkje lansert i Noreg enno.
Innføring av digital-TV i Noreg gir interessante moglegheiter for å gi breie grupper tilgang til digitalt innhald. Digital-TV kan ein tilby via kabel, satellitt og Internett. I tillegg er det sannsynleg at aktørar kjem til å begynne å tilby mobil-TV i Noreg i løpet av nokre år. Lanseringa av det digitale bakkenettet for fjernsyn tek til frå hausten 2007, og utrullinga av bakkenettet vil skje regionsvis fram til full landsdekning er nådd i 2009. Med utbygginga av det digitale bakkenettet får forbrukarar som tidlegare har hatt avgrensa tilgang til TV-tilbodet større valfridom og tilgang til eit breiare innhaldstilbod. Dette gir ein viktig meirverdi for norske forbrukarar. Digital-TV-standarden inneber at ein kan tilby og ta i bruk tenester med interaktivitet, tekst-til-tale og biletskildring for svaksynte.
4.2.1.3 Utfordringar
Regjeringa sitt fokus på den digitale allemannsretten inneber eit høgt ambisjonsnivå for breibandsutbygginga. Geografi skal ikkje vere vilkår for om den einskilde skal kunne nyttiggjere seg ny teknologi eller ikkje. Dekninga vi har i dag er oppnådd ved hjelp av eit stort lokalt engasjement der kommunar, kraftselskap og andre lokale krefter har teke initiativ og bygd ut i område der dei større kommersielle aktørane ikkje har funne det lønnsamt å byggje ut. Men framleis finst det område som ikkje har tilstrekkeleg dekning. Skal ein klare å nå måla, er det viktig at også kommunar, fylkeskommunar og kommersielle aktørar held innsatsen på eit høgt nivå. Særleg fylkeskommunane kan gjere ein viktig jobb ved å koordinere utbygginga, og regjeringa oppfordrar desse til å ta nødvendige samordningsgrep i sine område.
Erfaringar viser at breiband er ein nødvendig føresetnad for at IKT skal bli ein naturleg del av kvardagen i skulen og anna utdanning. I rapporten « Skole for digital kompetanse8» frå 2003 er det gjort ei vurdering av behovet for breiband i grunnopplæringa ut frå pedagogiske vurderingar. Rapporten tilrår at norske skular bør ha ei bandbreidd på 2 – 100 Mb/sek avhengig av kor store skulane er, jf boks 4.3. Dei fleste skular ligg i dag under denne bandbreidda. Grunnskulane som har fleire PC-ar kopla til Internett og fleire samtidige brukarar har behov for større bandbreidd enn ein huslyd. Regjeringa vil peike på at utviklinga er positiv, men at det framleis er ønske om betre PC-dekning og breiband i grunnskulen. Skilnadene skular og kommunar imellom er framleis for store.
Boks 4.3 Forventa bandbreiddbehov i grunnopplæringa
Ein skule med mindre enn 50 elevar utan fjerndrifting av tjukke klientar (eventuelt med fjerndrifting av tynne klientar) vil trenge 2–10 Mbit/s.
Ein skule med 50 elevar og fjerndrifting vil trenge 10–32 Mbit/s.
Ein skule med 100 elevar og fjerndrifting vil trenge 32–100 Mbit/s.
Ein skule med 300 elevar og fjerndrifting vil trenge 100 Mbit/s +.
Kjelde: Skole for digital kompetanse, Høykom-programmet på bestilling frå Noregs Forskingsråd, 2003.
Vi ser ei utvikling der tilgang til innhaldstenester ikkje berre er eit spørsmål om breiband og PC-tilknyting. Andre kanalar for å formidle informasjon og tenester blir stadig fleire, det same blir mottakarapparata, t.d. mobiltelefonar og digital-TV. Kvar av kanalane og apparata har sin eigenart og funksjonalitet. Det er viktig framover at perspektiv rundt breibandspolitikken også omfattar dette.
4.2.1.4 Regjeringas tiltak
Tiltak 4.1: Breiband i heile landet
Regjeringa vil sikre dei siste 4 – 5 prosentane av innbyggjarane eit breibandstilbod. Dei auka midlane til breibandsutbygging skal gå til auka utbygging i distrikta og vil bli fordelte gjennom Høykom-ordninga. For 2007 legg regjeringa opp til ei total løyving på om lag 122 millionar kroner, den største løyvinga til Høykom nokon gong. Av desse midlane skal 100 millionar kroner øyremerkjast distriktsområde utan eksisterande breibandstilbod. Det offentlege skal bidra til utvikling og utbygging gjennom vedvarande sterk etterspørsel etter breibandstenester.
Utgangspunktet for breibandspolitikken skal framleis vere at det er marknadsaktørane som skal etablere nett og tenester. Styresmaktene skal berre understøtte utviklinga der marknaden sviktar.
4.2.2 Tilgang til utstyr og tenester
4.2.2.1 Mål og ambisjonar
Regjeringa ønskjer at heile befolkninga skal kunne ta i bruk ny informasjonsteknologi om dei ønskjer det. Det føreset at datautstyr og nettenester er tilgjengelege. Noreg er eit leiande land når det gjeld utbreiing av informasjonsteknologi, men framleis er det 15 – 20 prosent som ikkje kan reknast å ha tilgang til slikt utstyr og slike tenester. Medan 82 – 94 prosent av dei under 60 hadde nytta Internett siste 30 dagar, gjaldt det berre 40 prosent av dei over 60 9. Dei praktiske og økonomiske tersklane knytte til å ta ny teknologi i bruk bør reduserast endå meir.
I skulane skal utstyrstilgangen reflektere måla regjeringa har sett om norsk skule som ein føregangsskule i verda med omsyn til bruk av IKT i undervisning og læring. Tilgang til datautstyr i opplæringssituasjonen er ein viktig faktor ved det fysiske læringsmiljøet på skulen, derfor slår Soria Moria-erklæringa fast at tilgang til PC og Internett for alle elevar skal sikrast, og satsinga på digitale læremiddel styrkjast. For å behalde og vidareutvikle gode lærarar bør lærarane få gode fysiske arbeidsplassar, der PC inngår som ein sjølvsagd del av utstyret.
4.2.2.2 Status
Tal frå SSB viser at dei fleste har tilgang til både datautstyr og Internett, anten heime eller på jobb/skule. Tre av fire huslydar har tilgang til PC, og den blir brukt dagleg av 66 prosent av befolkninga. I internasjonal målestokk ligg Noreg høgt med omsyn til tilgang til utstyr. Likevel har 10 prosent av befolkninga aldri brukt ein datamaskin, og 26 prosent bruker Internett sjeldan. Ca. 95 prosent av alle huslydar med barn har tilgang til PC og litt over 80 prosent av dei har tilgang til Internett 10.
Boks 4.4 Barn og unge på Internett
Prosentdelen av barn og unge som bruker PC og Internett held seg høg, og det er ein klar auke i prosentdelen barn og unge som har eigen PC. Barn Norge 2006-undersøkinga frå SAFT* viser at det dei siste tre åra er blitt 20 prosent fleire barn som har Internett heime. Barna blir tidlegare introduserte for Internett no enn i 2003. Undersøkinga opplyser at 14 prosent hadde brukt Internett allereie i 5 – 6 års alderen. Introduksjonen går ofte føre seg i heimane.
* SAFT – Safety, Awareness, Facts and Tools – Medietilsynets prosjekt for trygg bruk av internett.
Samla inntekt i huslyden har mykje å seie for tilgangen til PC og Internett heime. Mens 97 prosent av huslydar med samla inntekt over 600.000 kroner har PC og 91 prosent har internettilgang, er dei tilsvarande tala 53 prosent og 46 prosent for huslydar med samla inntekt under 200.000 kroner.
Grunnopplæringa
Tilgang på utstyr i grunnopplæringa er betre i Noreg enn i mange andre land som vi normalt samanliknar oss med. Tal frå Utdanningsdirektoratet 11 viser med nokre yttarst få unntak (ca. 0,4 prosent, eller mindre enn 20 skular på landsbasis), at alle grunnskular har datamaskinar tilgjengelege for elevane 12. Den gjennomsnittlege dekninga på landsbasis er 6,5 elevar per maskin. Det er fleire elevar per datamaskin på barnetrinnet enn på ungdomstrinnet.
I vidaregåande opplæring er dekninga betre enn i grunnskulen. 28 prosent av skulane har mindre enn 2 elevar per PC, altså meir enn 50 datamaskinar per 100 elevar, mens berre 2 prosent av dei vidaregåande skulane har fleire enn 7 elevar per PC. Nokre fylkeskommunar investerer også i berbare PC-ar for elevar i vidaregåande opplæring. Fylkeskommunane har valt ulike ordningar for å sikre elevar berbare PC-ar til bruk i opplæringa. Østfold fylkeskommune har valt å stille berbare PC-ar til rådvelde utan kostnader for elevane. Andre fylke som til dømes Nord-Trøndelag og Akershus har valt å påleggje elevane sjølve å dekkje heile eller delar av utgiftene til slike ordningar.
Boks 4.5 Innkjøpsguiden
Innkjøpsguiden var eit samarbeidsprosjekt mellom tidlegare Utdannings- og forskingsdepartementet, no Kunnskapsdepartementet og KS. Føremålet er å styrkje skulanes evne til å gjere kvalitetssikra bestillingar av IKT-infrastruktur. Guiden skisserer nokre av dei hovudutfordringar skuleeigarar og skuleleiarar møter når infrastruktur skal skaffast. Innkjøpsguiden rettar seg mot avgjerdstakarar med ulik IKT-fagleg kompetanse.
http://odin.dep.no/filarkiv/266699/Innkjopsguiden.pdf
Så å seie alle vidaregåande skular i Noreg bruker såkalla læringsplattformer, Learning Management System (LMS). LMS er ei samlenemning for ulike system som har det til felles at dei kan organisere prosessar rundt læring. Ei læringsplattform er ein type virtuelt læringsmiljø der lærarar og elevar går inn på ei nettside, loggar seg inn med brukarnamn og passord, og så får tilgang til ei rekkje «klasserom». Eit LMS gir informasjon om oppgåver, innleveringar, artiklar å lese – all den kommunikasjonen som tidlegare var på papir mellom elev og skule kan med LMS-systema skje elektronisk.
Boks 4.6 Fronter
Fronter AS er eit norsk selskap som driv med utvikling av programvare for læring. Selskapet blei etablert i 1998, og har sidan blitt ein av dei leiande leverandørane av bl.a. læringsplattformer til utdanningssektoren, både i Noreg og på nordisk plan. Også utanfor Skandinavia har Fronter suksess. Fronter er mest kjend for læringsplattforma Classfronter. Classfronter er ein LMS for nettbasert undervisning, og er vald som leverandør til over 30 høgskular/universitet og fleire hundre grunn- og vidaregåande skular i Noreg.
Sjå også http://www.fronter.no/no
Eit viktig ledd i satsinga på digitale læremiddel er å leggje betre til rette for at vår felles nasjonale kulturarv skal vere tilgjengeleg i skuleverket. Nasjonalbiblioteket og NRKs arkiv er eksempel på digitale kjelder til betre læring. 13
Boks 4.7 Kultur for deling
I 2005 utarbeidde ei arbeidsgruppe leidd av Kunnskapsdepartementet ein samla portalstrategi for utdanningssektoren – «Kultur for deling». Samordningsgruppa for nettstader i utdanninga (SANU) blei oppretta for å følgje opp tiltaka i strategien. SANU har sett i gang ulike tiltak for å gjere innhaldet på nettstader betre tilgjengeleg for alle. Blant anna har det i regi av SANU blitt sett i gang eit større samarbeidsprosjekt mellom ulike nettstader om utveksling og tilgjengeleggjering av digitale læringsressursar. I tillegg har det innanfor SANU blitt oppretta eit redaktørnettverk som skal arbeide for større samordning av alle typar digitalt innhald for utdanningssektoren.
I utdanningssektoren er det stor vekst innan digitale læremiddel og tenester der tilgangskontroll baserer seg på elektronisk identifikasjon hos brukarane. Sikker identifisering av elevar og lærarar er derfor ein føresetnad for at brukarane skal få tilgang til dei digitale ressursane og tenestene. Dette stiller krav om einskapleg elektronisk identitetsforvaltning. Prosjektet Felles elektronisk identitet (Feide) er oppretta med det siktemål å utforme ei einskapleg nasjonal identitetsforvaltning i utdanningssektoren. Prosjektet er forankra ved og blir leidd av UNINETT AS 14. Gjennom Feide blir personar tilknytte norske utdanningsinstitusjonar autentiserte via ei innloggingsteneste. Feide er òg ein standard for korleis ein skal handtere personopplysningar om brukarar i administrative system ved norske utdanningsinstitusjonar. Arbeidet med Feide i universitets- og høgskulesektoren byrja i 2001. I dag er Feide innført for rundt 50 prosent av brukarane i høgare utdanning, og det blir arbeidd med lokale Feide-løysingar. Kunnskapsdepartementet har bestemt at Feide òg skal innførast i grunn- og vidaregåande skular.
Boks 4.8 UNINETT ABC
UNINETT ABC rettleier norsk utdanningssektor om IKT og teknologival på vegner av Kunnskapsdepartementet. Rettleiingstenesta er eit gratis og leverandørnøytralt tilbod til alle offentlege og private aktørar som jobbar med IKT i utdanninga. I den noverande perioden har verksemda eit spesielt fokus på identitetsforvaltning og IKT-drift for skuleeigarar. UNINETT ABC har det nasjonale ansvaret for innføring av Feide i grunnopplæringa, og følgjer nøye med på utviklinga innan teknologi og bruk som kan komme utdanningssektoren til gode. Verksemdas visjon er at når læraren kjem inn i klasserommet skal det vere like enkelt å skru på datautstyret som å skru på lyset. Elevar og lærarar skal vere på skulen for å lære, og å lære bort. UNINETT ABC vil medverke til at dei som tek avgjerder i utdanningssektoren, gjer meir kvalifiserte teknologival, og at sektorens kompetansebehov når det gjeld val av IKT-løysingar blir delt på ein tilfredsstillande måte.
Sjå også http://www.uninett.no
Tilgang ved folkebiblioteka og offentlege kontor
I 2002 hadde 98 prosent av folkebiblioteka datamaskinar til bruk for publikum med tilgang til Internett. Statistikk frå 2004 viser at ca. 2/3 av folkebiblioteka har Internett-tilgang gjennom breiband 15. Ein av fem bibliotekbrukarar opplyser at dei nyttar nettenestene der 16.
Så godt som alle kommuneadministrasjonar 17 og offentlege kontor har i dag god tilgang både til datamaskinar og til Internett, sjølv om kapasiteten varierer.
4.2.2.3 Utfordringar
Tilgang til datautstyr og nettilgang er ein føresetnad for å dra nytte av moglegheitene til å delta i kunnskapssamfunnet. For somme er den økonomiske barrieren for høg til å gå til innkjøp av slikt utstyr. Tilgang til slik infrastruktur er ikkje berre eit spørsmål om geografiske ulemper knytte til breibandtilgang, men også om sosiale forskjellar. Dei gruppene i samfunnet som er svakast økonomisk stilte, må også få sjansen til å ta infrastrukturen i bruk.
Sjølv om ca. 95 prosent av alle huslydar med barn har tilgang til PC og litt over 80 prosent av dei har tilgang til Internett 18,så inneber det reint statistisk at omtrent 40 000 barn i skulepliktig alder ikkje har tilgang til PC heime, og at nærmare 150 000 barn er utan tilgang til Internett. Dette er ei utfordring når ein veit at svært mykje av IKT-bruk for barn og unge skjer i heimen. Når ein samstundes veit at dei huslydar som i minst grad har tilgang til PC og nett, òg er dei med lågast inntekt, ser vi ei utvikling der sosiale skilje kan føre til at ei gruppe unge fell utanfor.
Norske barns tilgang til IKT heime heng saman med utdannings- og inntektsnivået til foreldra. Kunnskapsdepartementet vil leggje fram ei eiga stortingsmelding om korleis skulen kan medverke til sosial utjamning, der òg tilgang til digitale ressursar vil bli behandla.
Biblioteka når mange grupper, og har ein viktig funksjon i arbeidet med å byggje bru over digitale skilje 19. Det ligg framleis ei utfordring i å utruste desse med nødvendig datautstyr og linjekapasitet. Offentlege publikumsverksemder når også mange brukarar. Å rettleie brukarane i bruk av verksemdenes eigne nettenester følgjer av rettleiingsplikta i offentlegloven. Men regjeringa ønskjer å utfordre verksemder til òg å gå eit steg vidare – og bidra til å viske ut forskjellane i tilkomst ved å tilby forskjellige brukargrupper tilgang og rettleiing i bruk av elektroniske tenester. Offentlege kontor som dei kommunale servicekontora og NAV-kontora, og generelt offentlege kontor med publikumstenester, bør tilby publikumsterminalar der brukarane får tid til setje seg inn i og nytte teknologien. Der bør ein òg få rettleiing i grunnleggjande bruk. Dette skjer allereie fleire stader, og regjeringa meiner dette er eit godt eksempel på ei brukartilpassa og framtidsretta offentleg forvaltning.
Men det er ikkje berre det offentlege som bør føle eit ansvar for å gi alle eit tilbod om å bruke maskinar og nett. Næringslivet tilbyr stadig fleire tenester på nett, og bør ha ei eigeninteresse i at så mange som mogleg beherskar og har tilgang på teknologien. Allereie i dag kan ein på fleire kjøpesenter, reisebyrå og bankar sjå tilgjengelege publikumsterminalar. Dette er svært positivt, og regjeringa ønskjer å oppfordre til at dette blir som ei sjølvfølgje å rekne på stader der menneske møtest. Tenestene bør så langt det er mogleg vere gratis. I eNoreg 2009-planen er det sett som eit mål at det skal etablerast ordningar som let alle som ikkje sjølve har tilgang til Internett, få utført tenester i sitt nærmiljø.
Grunnopplæringa
Vektlegginga i Kunnskapsløftet av grunnleggjande ferdigheiter i bruk av digitale verktøy, og kompetansemål knytte til bruk av IKT i læreplanane, føreset god tilgang til infrastruktur. God infrastruktur i skulen vil òg kunne vere eit viktig verkemiddel for å unngå digital ekskludering som ei følgje av manglande tilgang til IKT heime. Samtidig viser ein nasjonal kartleggingsstudie at:
«Det er en begrenset bruk av datamaskiner i norsk skole. Det er bare noen få applikasjoner og tjenester som blir tatt i bruk […] Det viser seg at datamaskiner blir brukt lite integrert i faga på alle klassetrinn.»20
Innsatsen og samordninga for å «bringe skulane på nett» har vore eit fokusområde, men treng ytterlegare styrking.
Ei vellykka integrering av grunnleggjande digitale ferdigheiter i dei nye læreplanane føreset eit rikt tilfang av digitale læremiddel og kunnskapskjelder. Ei viktig utfordring er å utvikle vidaregåande skular og skuleeigar sin kompetanse som utviklar og/eller tingar av digitale læremiddel. Det ligg også ei utfordring i å få opp ein marknad for digitale læringsressursar. Regjeringa vil oppretthalde hovudprinsippet om at etterspørselen skal styre utviklinga. I satsinga på digitale læremiddel for vidaregåande opplæring blir etterspørselen stimulert ved at fylkeskommunane søkjer om midlar til innkjøp og/eller utvikling av digitale læremiddel knytt til kunnskapsmåla i læreplanane. Det vart i 2006 avsett 50 millionar kroner til denne satsinga. For 2007 er det føreslått 373,3 millionar kroner til ei ordning med gratis læremiddel, inkludert digitale læremiddel. I dette beløpet inngår eit ikkje-behovsprøvd stipend som skal vere med å dekkje utgifter elevane har til andre læremiddel og nødvendig personleg utstyr.
Det er fleire stader gjort forsøk med å tilby tilgang til skulane sitt datautstyr etter skulens ordinære opningstider til organiserte aktivitetar, som til dømes leksehjelp. I Oslo er dette allereie prøvd gjennom pilotprosjektet «IKT i flerkulturelle skoler» i Oslo indre aust, med god tilbakemelding frå brukarane. Dette er i utgangspunktet skuleeigaren sitt ansvar, og regjeringa oppfordrar skuleeigarane til å vurdere slike tiltak.
4.2.2.4 Regjeringas tiltak
Tiltak 4.2: Offentlege verksemder skal bidra til tilgang på utstyr
Det skal satsast vidare på biblioteka si rolle som formidlar av rettleiing og tilgang til elektroniske tenester.
Alle relevante offentlege kontor bør ha publikumsterminalar tilgjengelege og kunne gi rettleiing i bruk av sine elektroniske tenester.
Tiltak 4.3: Satsing på IKT i skulen
Det skal leggjast til rette for auka bruk av digitale læremiddel. Over tid skal dette medverke til reduksjon av elevanes utgifter til læremiddel.
Skulen si rolle i arbeidet med utjamning av mellom andre digitale skilje vil bli behandla i ei eiga stortingsmelding om utdanning som verkemiddel for sosial utjamning.
Det skal leggjast til rette for ei identitetsforvaltning for grunnopplæringa som byggjer på Feide-prosjektet.
4.2.3 Tilgang til innhaldet
4.2.3.1 Mål og ambisjonar
God og riktig tilgang til offentleg informasjon og tenester er ein av føresetnadene for at velferdsstaten skal fungere. Det er òg ein demokratisk rett. Å gjere tilgjengeleg eit breitt tilbod av offentleg materiale vil kunne bidra til dette. Store og små institusjonar innanfor arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet (abm-feltet) forvaltar eit eineståande dokumentasjonsmateriale, som kan gjerast lettare tilgjengeleg for eit mykje større publikum gjennom digitalisering. Å gjere det kollektive samfunnsminnet tilgjengeleg i inn- og utland via Internett handlar om å demokratisere og desentralisere kunnskapskjeldene.
For at samfunnet skal sikrast ein jamn tilgang til digitalt innhald av høg kvalitet, ønskjer regjeringa å føre ein politikk som balanserer innhaldsprodusentane sine behov for å kunne leve av eige arbeid med moglegheitene til deling og tilgang som internetteknologi gir allmenta.
4.2.3.2 Status
I eit dokument frå EU-kommisjonen om digitale bibliotek, (COM(2005) 465 final) blir det sagt følgjande:
«Europeiske bibliotek, arkiv og museum inneheld eit skattkammer av informasjon og representerer rikdommen av europeisk historie, kulturelt mangfald og vitskaplege resultat. Graden av tilgang til denne informasjonen avgjer korleis folk kan erfare vår kulturelle arv og kva nytte ein kan ha av arven i studiar og arbeid. Det digitaliserte materialet er ein nøkkelverdi for utdanning og kan gjere Europas kulturelle liv rikare.»
Digitalisering og tilgang til kulturarven er ei høgt prioritert oppgåve i alle europeiske land. For Noregs vedkommande kan ein slå fast at vi er i gang, men det er lang veg fram til målet. Ei kartlegging i norske arkiv, bibliotek og museum hausten 2005 21 viser at over 80 prosent av katalogane 22 i arkiv og bibliotek er digitaliserte. For museumssektoren er talet 70 prosent. Arkiv og bibliotek-katalogane er i stor grad tilgjengelege for publikum (60 – 70 prosent), mens museumskatalogane i liten grad er tilgjengelege.
Men innhaldet er i liten grad digitalisert. Ved berre 4 prosent av institusjonane er 76 – 100 prosent av materialet digitalisert, mens det ved 3 prosent av institusjonane er 51 – 75 prosent som er digitalisert. 50 – 60 prosent av det digitaliserte materialet i arkiv og bibliotek er tilgjengeleg for publikum, mot berre 17 prosent av materialet i museumssektoren. Halvparten av arkiva og musea har planar for digitalisering av samlingane, ein tredjedel av biblioteka har slike planar. Arkivverket har digitalisert store mengder arkivmateriale, særleg folketeljingar og kyrkjebøker, og det er planar om digitalisering av alt eldre eigedomsmateriale i løpet av dei nærmaste åra. Alt dette og mykje anna digitalisert materiale er tilgjengeleg på Arkivverkets nettstad, Digitalarkivet. 23
Biblioteka si digitalisering må sjåast i samanheng med Nasjonalbibliotekets strategi for digitalisering. Nasjonalbiblioteket starta i mars 2005 ei omfattande digitalisering av sitt materiale, og etter planen skal heile Nasjonalbibliotekets samling bli digitalisert. Motiva er å bidra til at den delen av kulturarven som Nasjonalbiblioteket har som oppgåve å bevare, når fram til flest mogleg. Samtidig er det viktig å sikre at innhaldet blir bevart sjølv om originaldokumenta forvitrar, eller fordi publikum av tryggleiksgrunnar får avgrensa tilgang til det. Ei like sentral oppgåve er å gjere tilgjengeleg for eit større publikum den delen av kulturarven som oppstår i elektronisk form, dvs. bevaringsverdig arkivmateriale som er blitt og blir skapt i forvaltningas og private verksemders elektroniske arkiv. Som ledd i dette må forholdet til teieplikt av omsyn til personvern m.v. avklarast.
NRK er inne i ein prosess med digitalisering av sitt arkivmateriale. Digitaliseringa av radioprogrammet har komme lengst. Om lag 2/3 av radioprogramma på analogt lydband er overførte til eit digitalt radioarkiv. Digitaliseringa skjer i samarbeid med Nasjonalbiblioteket. På fjernsynsområdet har ikkje NRK komme like langt, og dette skyldast særlege utfordringar knytte til digitalisering og filbehandling av materialet. NRK opplyser at det kan ta opp til 15 – 20 år å kopiere det dokumentariske programmaterialet NRK har frå tida før 1985 til digitale videoband. Eit viktig prosjekt i digitaliseringsprosessen er Programbanken 2008. I dette prosjektet vil alle nyproduserte program frå 2008 vere tilgjengelege i NRKs produksjonsnettverk. Også gammalt materiale skal arkiverast kontinuerleg. Det er berekna at kostnadene ved å digitalisere heile samlinga av fjernsynsprogram vil vere i storleiken 200 millionar kroner og at arbeidet vil strekkje seg over 10 – 15 år.
Norsk filminstitutt er langt framme når det gjeld å ta i bruk digitaliseringsteknologi, og var det første filmarkivet i verda som lanserte ei klikkefilmteneste 24. Arkivet til Norsk filminstitutt inneheld også eit eige dokumentasjonsarkiv med filmhistorisk dokumentasjons- og referansemateriale knytt til norsk filmliv. Omtrent 4 prosent av Norsk filminstitutts samling på 10 000 norske titlar er digitalisert og gjort tilgjengeleg på Internett. Instituttet jobbar med å auke tilbodet og vil digitalisere 150 titlar i 2006 og 200 titlar i 2007.
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek si samling av lydbøker vil vere heilt ut digitalisert i løpet av våren 2007. Då vil om lag 9000 titlar vere tilgjengelege for digitalt utlån. No er om lag 8500 titlar tilgjengelege i digital form.
Språkbank
Ein språkbank er ei samling språkteknologiske ressursar som industri og forsking kan bruke i ei lang rekkje ulike produkt og samanhengar. Språkteknologi er på veg inn i kjøkenmaskinar og datamaskinar, forvaltning og helsevesen. Talegjenkjenning, talesyntese og ulike språklege analyseverktøy opnar for teknologisk styring ved naturleg tale.
I utgreiinga «Samling og tilgjengeliggjøring av norske språkteknologiressurser» frå oktober 2002, er samla kostnad for ein språkbank berekna til om lag 100 millionar kroner over fem år. Denne utgreiinga ligg til grunn for omtalen av norsk språkbank i Kulturmeldinga (St.meld. nr. 48 (2002 – 2003)). Seinare berekningar, som blant anna omfattar kjøp av eksisterande språkressursar i staden for å samle dei inn på nytt, viser at kostnaden kan justerast noko ned. Dei norske språkteknologiske fagmiljøa (universiteta, Forskingsrådet og Språkrådet) står samla bak eit uttalt behov for og ønske om at ein nasjonal språkbank blir etablert.
Boks 4.9 Litt meir om språkteknologi
Språkteknologi er ein tverrvitskapleg disiplin som omfattar utvikling av dataprogram for å analysere og generere menneskeleg språk, til dømes norsk eller samisk. Språkteknologi byggjer blant anna på kunnskapar innan informasjonsteknologi, lingvistikk, kunstig intelligens, fonetikk og kognitiv psykologi. Språkteknologi blir vanlegvis delt inn i to hovudområde, datalingvistikk og taleteknologi. Innan datalingvistikken konsentrerer ein seg hovudsakleg om analysar av skriven tekst, som blant anna vil opne for utvida søkjemoglegheit på Internett og automatisk omsetjing. Taleteknologien handlar om databehandling av menneskeleg tale, dvs. særleg talegjenkjenning og talesyntese. Talestyring og omdanning av tale til tekst og omvendt er resultat av språkteknologisk forsking og utvikling.
Informasjons- og kommunikasjonsteknologisk sett har skrift og tale til no vore stort sett åtskilde. Eit trekk i IKT-løysingane i stadig meir av våre apparat- og maskinomgivnader, er tilveksten av talestyring og syntetisk tale. Om vi løfta blikket frå historiske avgrensingar i teknologiutviklinga, er ei slik utvikling i samsvar med ideelle fordringar vi ville stille til dei menneskeskapte omgivnadene. Ideelt sett skulle vi frå dag éin kunne styre alle typar maskinar og apparat med talte kommandoar, og diktere våre tankar direkte til skrift, få lese att teksten med stemma vi helst vil høyre, tinge individuell teksting av fjernsynsprogram ved verbal kommando og så vidare. Krava våre utviklar seg med det som vert mogleg, og visjonen om robotar som forstår det vi seier og kan kommunisere til oss munnleg, er ikkje lenger berre ein fiksjon.
Ein ny verdsorden for spreiing av digitalt innhald
Digitalisering og tilgang til informasjon over Internett har skapt nye moglegheiter til å spreie musikk, filmar og andre åndsverk over heile verda. Samtidig blir rettshavarar og utøvande kunstnarar og plateindustri, filmindustri, forlag og aviser ramma av tapa i inntekter som ulovleg kopiering medfører.
Både musikkindustrien, filmindustrien og programvareindustrien er opptekne av og bekymra for piratkopiering og nedlasting over nett. Samtidig skaper sal over nett sjansar til å nytte nye forretningsmodellar. Nokon vil hevde at film- og musikkindustrien har vore seine til å utnytte desse moglegheitene og at dei derfor sjølve har ein del av ansvaret for den omfattande ulovlege bruken.
Boks 4.10 Ny distribusjon av musikk og film
Det er særleg rettshavarar til musikk og film som er utsette for ulovleg nedlasting og fildeling. Det er også på dette området dei mest markante nye marknadene har vakse fram, bl.a. som følgje av komprimerte lydfiler: mp3-spelarar, itunes mv. Online-distribusjon har gjort at det no er utenkjeleg for mange å skaffe seg fysiske eksemplar av musikk i form av CD-plater. Store heimestereoar er blitt for spesielt interesserte. Det held med ein liten mp3-spelar eller den berbare PC-en kopla til høgttalarane.
Åndsverkloven sikrar at opphavsmenn, utøvande kunstnarar og produsentar har kontroll med bruken og får eit økonomisk utbytte av sine skapande og utøvande prestasjonar. Åndsverkloven skal motivere til skapande innsats og gir grunnlag for økonomiske investeringar i åndsverk. Den sikrar òg rettshavaranes ideelle rettar, dvs. retten til å bli namngitt og at bruken ikkje er krenkjande. Opphavsrettsreglane har avgjerande betydning for at det i heile vil kunne bli skapt digitalt innhald, då dei sikrar at slik innsats også kan vere økonomisk interessant. Åndsverkloven byggjer òg på eit omfattande nordisk lovsamarbeid, i tillegg til Bernkonvensjonen og fleire EU-direktiv som Noreg er bunden av gjennom EØS-avtalen. Det finst bl.a. reglar om såkalla fri bruk (gratis bruk) av verk i undervisning, i arkiv, bibliotek og museum og for funksjonshemma. For normal bruk av verk innan undervisning og i verksemder er hovudregelen avtalelisens, som inneber at det blir inngått ein avtale mellom brukargrupper og rettshavarorganisasjonar om vilkår for bruk t.d. i skuleverket. Etter endringane av åndsverkloven i 2005 vil det vere opp til avtalepartane å bestemme vilkåra også for digital bruk, til dømes for digitalisering og bruk på Internett.
Samstundes som det er viktig å ta vare på og vidareutvikle dei forholda som vert regulerte under åndsverkloven er det òg viktig å vere merksam på dei spesielle forholda som har oppstått rundt Internett. Store mengder stoff blir lagde ut utan dei tradisjonelle føresetnadene som ein kjenner frå åndsverksloven, jf. t.d. stoff som blir lagt ut i nettleksikonet Wikipedia.
Stortinget drøfta opphavsrettslege spørsmål i forhold til digital bruk våren 2005 i tilknyting til revisjonen av åndsverksloven. Åndsverkloven vil bli gjennomgått på nytt innan 2009, og bruk av åndsverk digitalt vil få ei brei behandling.
Forhold knytte til menneske med synsproblem og lese- og skrivevanskar og opphavsretten
Dei tekniske moglegheitene har ført til enklare distribusjonsmåtar, til dømes for lydbøker til synshemma. Endringane i åndsverkloven i 2005 gjer det mogleg at lydbøkene òg kan distribuerast elektronisk på CD-plater eller over til dømes tilgangskontrollerte nettverk. For elektronisk distribuerte eksemplar kan dette gjennomførast til dømes ved at det elektroniske eksemplaret har ei tidsavgrensing eller berre er tilgjengeleg for brukaren i ein bestemt låneperiode. Forskrifter til åndsverkloven som følgje av lovendringa vil bli sende på høyring i løpet av kort tid. Den såkalla lydbokavtalen, som dannar grunnlaget for det vederlag staten betaler til rettshavarane, er under revisjon.
4.2.3.3 Utfordringar
I Noreg og i norsk kultur har vi lange tradisjonar i bruk av allmenningar. Det kan vere felles bruk og hausting av naturressursar i skog og på fjell, til dømes jakt, fiske og bærplukking. I forhold til ei rekkje andre land er denne bruken av allmenningar eit særnorsk og særnordisk fenomen. Internett er på sitt beste basert på ein delingskultur med gjenbruk av ressursar. Regjeringa ser på etablering og utvikling av ein digital allmenning som ei utfordring, eit høve til vidareutvikling av eit særtrekk ved vår kultur, og eit bidrag til å føre eit norsk samfunnssyn og fellesskapsforståing inn i ein digital tidsalder. Den digitale allmenningen bør vere så stor som mogleg og innehalde informasjon og materiale av høg kvalitet. På allmenningen står brukaranes behov i fokus. Det bør vere høve til digital gjenbruk til ikkje-kommersielle føremål, og bruken bør vere gratis for den einskilde brukar. Det er naturlegvis ein føresetnad at innhaldet på allmenningen ikkje er gjort tilgjengeleg utan samtykke frå rettshavaren.
Offentleg informasjon er ei sjølvskriven kjelde i den digitale allmenningen. Det bør òg vurderast om offentleg finansierte forskingsresultat bør publiserast som ein del av denne. Ein kan her vise til arbeid med ny offentleglov og påfølgjande arbeid med forskrifter, jf. EU-direktiv 2003 om tilgang til offentlege data 25.
Viktige og omfattande prosjekt går allereie føre seg både i Arkivverket, Nasjonalbiblioteket, ABM-utvikling og ved museum, men det er krevjande oppgåver som krev betydelege ressursar både utstyrsmessig og i form av arbeidsinnsats. Det er også store utfordringar knytte til standardisering av digitaliserings- og søkjefunksjonar med sikte på eit koordinert brukargrensesnitt. Arbeidet er stort, og prosessen har ikkje nådd eit tilfredsstillande nivå før materialet er tenleg organisert i form av gode brukartenester. Regjeringa legg til rette for å styrkje og auke tempoet i den digitale innhaldsproduksjonen gjennom løyvingar over statsbudsjettet. I St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) er det over KKDs budsjett føreslått 10 millionar kroner til digitaliseringstiltak på abm-feltet, som eit første steg på vegen.
I spesielle tilfelle kan det vurderast ordningar for frikjøp av opphavsrettsleg verna materiale som kan leggjast inn i den digitale allmenningen. Med dette kan ein sikre alle brukarar i Noreg tilgang til informasjon som elles ville vere reservert for ei snever, kjøpesterk gruppe. Det må greiast ut korleis slike ordningar kan fungere. Det er til dømes store forventningar, ikkje minst i utdanningssektoren, til digitalisering og tilgjengeleggjering av NRKs arkiv. Men både NRKs ønske om kommersiell utnytting av arkiva og opphavsrettslege forhold gjer denne saka komplisert.
Det finst problemstillingar knytte til kva slags «trafikkreglar» som skal gjelde på nettet. Ei av dei utfordringar som er reist dei siste åra har fått nemninga «nettnøytralitet». Nettnøytralitet dreier seg bl.a. om vilkår for at alternative leverandørar av innhalds- og kommunikasjonstenester får tilgang til nettkapasitet fram til kunden. Til no har kvar einskild brukar betalt for si nettilknyting og ei gitt maksimal hastigheit. Di større kapasitet den einskilde brukaren ønskjer – som avsendar eller mottakar – di meir kostar det. Men når kapasiteten er gitt, blir alle transportoppdrag behandla likt. Nettet er nøytralt i forhold til innhaldet i trafikken. Dette prinsippet blir no utfordra. I Noreg inngår til dømes både NRK og TV2 avtalar med nettleverandørar om å få levert nettinnhald av høgare kvalitet enn andre innhaldsleverandørar sitt innhald. Skal Internett konstruerast som motorvegar med fleire kjørefelt, der dei som sender informasjon skal kunne kjøpe seg ein rett til høgare hastigheit? Er dette ein modell der nettleverandørane faktisk kan ta betalt både for innhaldet og nettleiga? Dette spørsmålet blir no debattert verda over med stor styrke.
4.2.3.4 Regjeringas tiltak
Tiltak 4.4: Den digitale allmenningen
Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil saman med aktuelle departement som til dømes Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet greie ut om det er mogleg å kjøpe fri forskjellig opphavsrettsleg verna materiale, slik at ein på sikt kan gjere ein digital allmenning tilgjengeleg for befolkninga.
Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet leggje til rette for pedagogisk tilrettelegging av nasjonalarven.
4.3 Universelt utforma løysingar
4.3.1 Mål og ambisjonar
I Soria Moria-erklæringa har regjeringa peikt ut ein politikk der utforminga av det offentleges velferdstilbod skal styres av brukaranes behov:
«Enkeltmenneskets behov skal stå i sentrum både når det gjelder innholdet i, og organiseringen av, velferdstilbudene. Tjenestene skal så langt som mulig tilpasses den enkeltes behov. Gjennom hyppig og aktiv dialog med den enkelte skal offentlige myndigheter forsikre seg om at tilbudet som gis, samsvarer med de behov mottakeren har.»
Mange opplever at det er eit gap mellom utforminga av IKT-løysingar, og deira sjansar til å nyttiggjere seg teknologien på ein tilfredstillande måte. Regjeringas målsetjing er at all teknologisk utvikling innan IKT og media skal byggje på prinsippet om universell utforming. Dette skal gi alle brukarar meirverdi ved bruk av teknologien. Offentleg sektor har eit klart ansvar for sørgje for at dei ulike IKT- og nettbaserte tenestene ikkje skal føre til nye og omfattande barrierar for dei med særskilte behov.
Universell utforming skal bidra til inkludering, ved at dei same prinsippa for utforming blir nytta overfor alle menneske uavhengig av funksjonsevne. Ein skal unngå særskilde eller alternative tilpassingsordningar for menneske med nedsett funksjonsevne, og i staden så langt mogleg søkje løysningar som fungerer bra både for menneske med og utan funksjonsproblem. Tilkomst for einskildgrupper med heilt spesielle behov kan sikrast gjennom hjelpemiddel. Det er eit mål å gi alle grupper som treng det tilgang til slike hjelpemiddel.
4.3.2 Status
Vi nyttar IKT i ulike former på stadig fleire område i yrkes- og privatliv. Automatar erstattar personleg service til dømes innan bank, betaling, køsystem, bibliotektenester og billettkjøp. I heimen styrer intelligente system energiforbruk, alarmar og bestilling av vaskerom. Til kommunikasjon bruker vi mobiltelefonar og personlege planleggjarar med avanserte brukargrensesnitt. Bankkode-kalkulatorar set krav til minne, syn og digital kompetanse. Kvite- og brunevarer i heimen blir digitale med brukargrensnitt i stadig utvikling. Digital-TV-boks blir det neste digitale produktet mange forbrukarar må ta i bruk. Men mange opplever at den fysiske utforminga av IKT-løysingar som eit hinder for deira sjansar til å nyttiggjere seg teknologien og tileigne seg nødvendig informasjon. Nokre gonger krev ei IKT-løysing spesiell program- og maskinvare, andre gonger kan skriftstorleiken på ei nettside vere så liten at dei med nedsett syn ikkje klarer å lese det som står. Blinde kan møte nettstader som er biletbaserte, slik at det blir umogleg å få lese opp innhaldet ved hjelp av taleteknologi. Døve med teiknspråk som førstespråk kan møte nettstader som er utforma slik at dei ikkje let seg omsetje til teiknspråk.
Tilrettelegging har alle nytte av. Det kan vere PC-brukarar som ikkje har høgttalarar kopla til PC-en sin og som derfor ikkje kan lytte på lydfiler, personar som bruker mobiltelefon til å kople seg opp på nett, eller personar som heller vil bruke tastatur enn mus når dei skal navigere på ein nettstad. Dei brukarane som har nytte av enkeltilgjengelegheiter endå fleire. Det er i dag mange menneske både med og utan nedsette funksjonar som nyttar dei moglegheitene som finst for innstillingar i nettlesaren og som bruker spesialutstyr for å betene ein PC. Dette er hjelpemiddel som opphavleg blei utvikla for å hjelpe funksjonshemma, men som i dag er til nytte for langt fleire. Val av skriftstorleik er eit døme på dette. 3 av 10 nordmenn seier dei har helseproblem som påverkar kvardagen 26. Nesten 30 prosent av den vaksne befolkninga har problem med lesing og skriving i ei eller anna form 27. Med andre ord er spørsmål om tilgjengelegheit noko som vedkjem ein stor del av befolkninga. For store delar av disse gruppene ville relativt enkle endringar av løysingane kunne gi auka deltaking i samfunnet. Nytta på denne måten kan IKT gi auka livskvalitet og større sjølvstende for dei menneska dette gjeld. Samtidig vil samfunns- og arbeidslivet få større tilgang til verdifulle ressursar.
Ein måte å gripe tak i slike problemstillingar på er å utforme dei tekniske løysingane etter prinsippa om universell utforming. Med universell utforming meiner ein utforming av produkt og omgivnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing eller spesiell utforming. Omgrepet blir ofte brukt synonymt med tilkomst for alle, planlegging for alle og design for alle. Universell utforming har som målgruppe alle menneske, i alle aldrar, storleikar og ferdigheiter 28.Prinsippa går altså utover tilpassingar for menneske med funksjonshemmingar. I « Handlingsplan for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne (MD/AID 2004)» beskriver ein universell utforming i generelle vendingar:
«Universell utforming betyr at produkter, byggverk og uteområder som er i alminnelig bruk, skal utformes på en slik måte at alle mennesker skal kunne bruke dem på en likestilt måte så langt det er mulig uten spesielle tilpasninger eller hjelpemidler.»
Omgrepet universell utforming er teke i bruk på mange område. Det har komme med i lovtekstar, forskrifter, handlingsplanar og er framheva som ein strategi for å utvikle god tilgjengelegheit i mange politiske dokument. Blant anna er det nemnt eksplisitt i Soria Moria-erklæringa at ein skal satse på universelt utforma teknologi. Ei fleire nasjonale lovar er det aktuelt å leggje føringar på området, til dømes ekomloven og plan- og bygningsloven. Også dei forskjellige lovane innan opplæring og utdanning behandlar området. Vidare er Noreg forplikta av internasjonale konvensjonar. Noreg er ein av nasjonane som har vedteke Europarådets handlingsplan for å fremje rettar og deltaking for personar med nedsett funksjonsevne.
Dei norske reglane for offentlege innkjøp blei endra i 2006, og det nye regelverket skal tre i kraft frå 1. januar 2007. Både i loven og i forskrifta er det ein føresetnad om at oppdragsgivar allereie under planlegging av innkjøpa skal ta omsyn til universell utforming. Dette gjeld også for IKT-innkjøp. Lov om offentlege innkjøp gir likevel ikkje minimumskrav til tilkomst som skal oppfyllast på IKT-området.
Boks 4.11 Universell utforming og nyskapning
Universell uforming av elektroniske varer og tenester kan òg vere ei marknadsmoglegheit og ein konkurransefordel for dei bedriftene som satsar. Eit godt døme på dette er fjernkontrollen, som i si tid var eit spesialprodukt for dei med nedsett funksjonsevne, og blei tildelt frå hjelpemiddelsentralane etter skriftleg søknad og lang ventetid.
For å fremje ei slik utvikling har Norsk Designråd (ND) etablert nyskapingsprogrammet Innovasjon for alle, som er eit av programma i Handlingsplanen for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne. Programmet er femårig og går fram til 2008. ND sin rolle er å bidra til å støtte nyskaping i norsk industri og næringsliv med design for alle som strategi, med fokus på område der både forbrukarar og bedrifter vil dra fordel av nyskaping. ND bidrar til synleggjering av lønsemd og konkurransekraft ved å satse på design for alle, bl.a. gjennom bevisstgjering, synleggjering, kunnskapsspreiing og kompetanseheving.
ND sine erfaringar er at denne typen insentivfremjande verkemiddel har best effekt når den får «drahjelp» fra andre typar tiltak frå det offentlege, som lovforskrifter og liknande. Loven om offentlege innkjøp kan ha den effekten.
NOU 2005:8 Likeverd og tilgjengelighet (Syseutvalet), føreslår å lovfeste føresegner knytte til tilkomstrett for personar med nedsett funksjonsevne på ulike område. Det er føreslått ei føresegn i ein § 9 om plikt til generell tilkomst (universell utforming), der offentleg og privat verksemd retta mot allmenta skal arbeide aktivt og målretta for å fremje universell utforming innanfor verksemda. Denne føresegna vil også kunne gjelde IKT. Syseutvalet har vidare føreslått ei føresegn om plikt til universell utforming av bygg, anlegg og opparbeidde uteområde i ein § 11, med tidsfristar for universell utforming av høvesvis nye bygg, anlegg mv. og eksisterande bygg, anlegg mv. Eit mindretal i utvalet foreslo at det i § 11 også skal vere plikt til universell utforming av IKT og samferdsel med klare tidsfristar. Mange av høyringsinstansane, deriblant Sosial- og helsedirektoratet, Statens råd for funksjonshemma, ei rekkje organisasjonar for funksjonshemma, Oslo kommune m.fl. støttar mindretalsforslaget om at § 11 også må omfatte IKT. Det blir påpeikt at manglande krav på informasjons- og kommunikasjonsfeltet rammar mange grupper, til dømes personar med sanse- og kommunikasjonshandikap. Andre instansar er meir skeptiske og meiner at forslaget må utgreiast nærmare. Departementa arbeider med sikte på at ein odelstingsproposisjon kan fremjast for Stortinget hausten 2007.
I « Handlingsplan for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne» (2004 – 2009) siktar ein mot fullverdig tilkomst med varige verknader for alle over tid, og det blir understreka at universell utforming må forankrast i regelverk, administrativt medvit og kompetanse på alle sektorområde. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er eit av dei prioriterte områda i planen.
Arbeidet for universell utforming av IKT-løysingar må òg sjåast i samanheng med arbeidet som er sett i gang for å ta i bruk opne IKT-standardar i offentleg sektor. Især for funksjonshemma med behov for spesialutstyr eller spesiell programvare, kan mangel på bruk av opne standardar skape hindringar av di det ikkje er mogleg å bruke spesialløysingar på tvers av eksisterande løysingar. I 2006 etablerte regjeringa eit Standardiseringsråd for offentleg sektor som skal utarbeide forslag om IKT-standardar som skal gjerast obligatoriske eller tilrådde for offentleg sektor. I samband med dette vil det òg bli utarbeidd ein såkalla referansekatalog som vil gi ei systematisk oversikt over alle standardar som eit offentleg IKT-prosjekt skal ta omsyn til. Referansekatalogen vil òg omfatte relevante tilvisingar knytte til universell utforming. Dette er nærmare omtalt i kapittel 7, særleg 7.3.3.
Fleire departement, underliggjande etatar og kommunar har i dag informasjon om universell utforming. Blant anna ligg slikt på sidene til Noreg.no, regjeringas informasjonsteneste Odin, Deltasenteret og Post- og teletilsynet. Eit døme på ein privat aktør som har informasjon om kommunikasjonstenester for brukarar med særlege behov er Telenor.
Boks 4.12 Deltasenteret
Deltasenteret er statens kompetansesenter for deltaking og tilkomst for menneske med nedsett funksjonsevne. Verksemda er konsentrert om områda transport, bygningar og uteområde, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, opplæring og arbeid. Deltasenterets visjon er deltaking og tilkomst for alle. Målet er at funksjonshemma på lik linje med andre aktivt kan delta i samfunnet.
Deltasenteret skal bidra til at ulike tiltak og tenester blir sedde i eit heilskapleg perspektiv. Arbeidet skal vere sektorovergripande, dekkje alle livsarenaer og vere til nytte for menneske med funksjonshemmingar.
Senteret driv utviklingsarbeid som grunnlag for rådgiving og informasjon. Sentrale arbeidsoppgåver er å samle og vidareformidle kunnskap om kva som hemmar og kva som fremjar tilkomst og deltaking.
Deltasenteret har utarbeidd fleire rettleiarar for universell utforming som òg gjeld IKT. Enkelte av disse er tiltak i Handlingsplan for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne.
Universell utforming i offentlege innkjøp, som er ein rettleiar til den nye lova om offentlege innkjøp og gjeld universell utforming i offentlege innkjøp.
Tilgjengelege nettstader i 3 deler; alle basert på WAI og kvalitetskrava til offentlege nettsider når det gjeld tilgjengelegheit.
Sjølvbetjening for alle! – Tilgjengelege automatar
IKT-basert informasjon innan offentlege publikumstenester. Om funksjonshemmande barrierar – og nokre forslag til løysingar.
Smarthusteknologi – Planlegging og drift i kommunale tenester
Sjå også http://www.shdir.no/deltasenteret/
For å auke kompetansen og fokuset på tilkomst til Internettsider, vil Noreg.no også etablere eit nettverk for nettsideansvarlege med særleg fokus på tilkomst og kvalitetskrav. I tillegg jobbar dei med rettleiing og kompetanseheving gjennom årlege konferansar og ulikt presentasjonsmateriell.
Det finst retningslinjer for universell utforming av nettbaserte tenester og informasjon. Nasjonalt og internasjonalt er retningslinjene frå Web Accessibility Initiative (WAI) det mest anerkjente og oftast nytta grunnlaget for arbeid med tilkomst på IKT området. WAI- retningslinjene blei lanserte i mai 1999.
Boks 4.13 WAI
Det mest anerkjente og oftast nytta grunnlaget for arbeid med tilkomst er retningslinjene frå Web Accessibility Initiative (WAI). WAI er ei undergruppe i W3C, som er det internasjonale standardiseringsorganet for verdsveven. WAI-kriteria har som utgangspunkt at så mange som mogleg skal få tilgang til ei nettside. Nettsidene skal til dømes fungere godt for blinde og svaksynte. Kriteria retter seg òg mot tilkomst for eldre, dyslektikarar, folk med belastningsskadar og som må bruke spesielle verktøy, og for dei som har andre/utdaterte tekniske løysningar enn fleirtalet; som ISDN-linje, annan nettlesar enn Internet Explorer, eller bruker andre tekniske plattformer (som mobiltelefonar.) Til dømes er ein føresetnad for god bruk av verktøy for tekst-til-tale (talesyntese) at nettsida er godt strukturert, og at til dømes bilete har ein forklarande tekst.
WAI arbeider på tre område med tilkomst:
retningsliner for utforming av innhaldet på nettsider
retningsliner for korleis utviklingsverktøy skal vere for å gjere det lettare å kunne lage godt tilgjengelege nettsider
krav til nettlesarar om korleis dei skal vise tilpassa innhald.
Hos WAI finn ein òg ei sjekkliste som kan brukast til manuell kontroll av om ein nettstad oppfyller retningslinjene på eit bestemt nivå.
Sjå også http://www.w3.org/WAI/
Frå dei årlege kvalitetsvurderingane av offentlege nettstader som Noreg.no gjennomfører 29ser ein at offentlege nettstader i større grad enn tidlegare følgjer WAI-kriteria. I 2006 har Noreg.no testa 448 kommunale nettstader og 243 statlege nettstader. Det er størst betring i kommunal sektor, men gjennomsnittet ligg framleis under gjennomsnittet i statleg sektor. Talet på nettstader som oppfyller 80 prosent av kvalitetskriteria på området tilkomst/tilgjengelegheit, er 39 prosent av dei statlege nettstadene og 27 prosent av dei kommunale nettstadene.
Blant anna har nettstadene blitt meir tilgjengelege gjennom bruk av lyd. Gjennom eNoreg-planen er det sett som ei målsetjing at 80 prosent av offentlege nettstader skal oppfylle Noreg.no sine kvalitetskriterium for tilkomst. Desse kvalitetskriteria blir blant anna stilte med utgangspunkt i WAI-kriteria. Kommunanes Sentralorganisasjon har i sin ekvivalent til eNoreg 2009, eKommune 2009, sett det svært ambisiøse målet at alle kommunars nettstader skal utformast etter kvalitetskriteria.
Boks 4.14 Noreg.no sitt arbeid med kvalitetsvurderingar
Noreg.no skal vere ein pådrivar for at det offentlege betrar sine tenester på Internett. Kvalitetsvurderinga til Noreg.no er eit viktig verkemiddel for å fremje dette. Kvalitetsvurderinga legg vekt på å måle kvalitet innan tre eigenskapsområde:
Tilkomst/tilgjengelegheit: Krava blir stilte med utgangspunkt i WAI-kriteria*.
Brukartilpassing: Presentasjon av informasjon og tenester skal gjere det enkelt å orientere seg på nettstaden, og gjere det lett å finne og å bruke nettstaden sine informasjonsressursar.
Nyttig innhald av informasjon og tenester: Nettstadene skal ha eit innhald som gjer det enklare for brukarar å orientere seg i offentleg sektor. Dei skal sikre at brukarane får grunnleggjande informasjon om rettar, plikter og moglegheiter. Dei bør innehalde ulike formar for interaktive tenester som utnyttar web-teknologien. Tenestene skal òg stimulere til tilbakemeldingar frå brukarane og generelt oppfordre til dialog mellom etat og brukar.
Noreg.no arbeider også med ein ny versjon av det tidlegare LivsIT-systemet – ein temastruktur for offentlege tenester. Temastrukturen skal bli ein semantisk standard for organisering og beskriving av tenester og gjere det mogleg å utveksle slik informasjon på tvers i forvaltninga, og mellom stat og kommune. I arbeidet med eigne nettsider og tenester, vil Noreg.no arbeide for å fylle dei kunnskapshola som skaper spesielle problem for brukarane i møtet med det offentlege. Noreg.no vil vidareutvikle og supplere slike tenester som til dømes Samfunnskartet og Dekningskartet**. Noreg.no ser for seg auka samarbeid med organisasjonar som t.d. Seniornett og kommunale servicekontor i samband med utprøving og brukartilpassing av tenestene.
Noreg.no vil òg arbeide vidare med ei rettleiingsteneste som kan møte folk på det nivået dei er, både med omsyn til digital og samfunnsmessig kompetanse, og vil difor halde fram med å tilby ei fleirkanalteneste til dei som treng hjelp til å finne fram i det offentlege.
* Sjå boks 4.13.
** Ei grafisk teneste utvikla for å hjelpe folk å finne etatar som ikkje finst i kvar kommune og som det kan vere vanskeleg å finne fram til: http://www.Noreg.no/styresmakter/default.asp?vis=dekningskart
Omsynet til personar med nedsett funksjonsevne
Dei siste åra er det generelt blitt lettare for personar med nedsett funksjonsevne å få tilgang til informasjon, men det er framleis langt att til lik tilgang for alle. Til dømes kan bestillingstenester på Internett ikkje alltid nyttast av personar med nedsett funksjonsevne endå om nettstaden i seg sjølv er tilgjengeleg.
Dei kriteria ein har for tilkomst er heller ikkje alltid dekkjande for alle grupper av personar med nedsett funksjonsevne. Kvalitetskriteria til Noreg.no har førebels ikkje tilrettelegging for teiknspråk som ein indikator på tilgjengelegheit. Det er vanleg å tru at døve ikkje har problem med å lese ein skriftleg tekst. For mange kan dette vere riktig, men for langt dei fleste døve i Noreg er norsk teiknspråk deira førstespråk. Det finst store variasjonar i kor godt dei teiknspråklege meistrar norsk. I til dømes Sverige har ein teke tak i dette ved å integrere eit videobilete i teksten på skjermen, der teksten blir omsett til teiknspråk.
Boks 4.15 IT Funk
IT Funk er ei tverrgåande satsing knytt til personar med nedsett funksjonsevne og ny teknologi, og ligg under Noregs Forskingsråd. Målet med satsinga er å bidra til auka tilkomst til informasjons- og kommunikasjonsteknologi for personar med nedsett funksjonsevne, ved at IKT-baserte produkt og tenester som blir introduserte i den allmenne marknaden skal kunne brukast av alle. IT Funk skal verke med til å redusere samfunnsskapte barrierar på IKT-feltet som hindrar menneske med redusert funksjonsevne frå å delta i samfunnet på lik linje med andre. Gjennom satsinga blir det arbeidd for at universell utforming, med rom for personlege val og tilpassingar, blir lagd til grunn ved utvikling og innføring av IKT-baserte produkt og tenester.
IT Funk blei i 2005 vurdert av NIFU STEP. Resultata viste at IT Funk har gitt gode resultat for brukarane, levedyktige produkt for norske bedrifter, og større medvit og kunnskap om utfordringar og løysingar knytte til IKT og tilkomst for alle.
For å kunne gi alle tilgang er det av fleire peikt på behov for ytterlegare innsats frå det offentlege, og mange aktørar har peikt spesielt på tilgang til verktøy for talesyntese og oppretting av ein nasjonal språkbank.
Talesyntese
Tale har vist seg å vere ein effektiv måte å presentere informasjon på, anten den blir nytta aleine, saman med teksten, eller er synkronisert med teksten ved at markøren viser kva for eit ord som blir lese. Taleprogram kan gi menneske med lese- og skrivevanskar tilgang til ulike typar tekst, frå fagbøker til aviser. Menneske som skal lære norsk vil òg kunne få god nytte av slik funksjonalitet. Sametinget har greidd ut om det er mogleg å utvikle talesyntese for samiske språk. Talesyntesen skal brukast som tilleggsverktøy i kombinasjon med ordinære korrekturprogram. Erfaring viser at bruk av talesyntese støttar både lese- og skriveprosessen. I tillegg vil talesyntese kunne bli nytta som grunnlag for å utvikle eit moderne tenestetilbod på mange felt.
I dag er det eit aukande tal offentlege verksemder som kjøper taleløysingar til sine nettstader. Men ei fullt ut effektiv utnytting av syntetisk tale føreset at programmet ligg lokalt på kvar einskild datamaskin. Først då kan brukarane lese alt digitalt innhald uavhengig av om talesyntese er tilgjengeleg på nettstaden eller ikkje.
I 2005 kjøpte Rikstrygdeverket einskildlisensar for ca. 13 millionar kroner til personar med særskilte behov – inkludert program til blinde og svaksynte. I tillegg gir grunnskular og NAV-kontora økonomisk støtte til taleprogram til personar som ikkje fell inn under Folketrygdloven. Det er diagnosen som avgjer om ein person får støtte til taleprogram frå folketrygda. Det er peikt på at fleire med behov for talesyntese fell utanfor reglane for tildeling av individuelle tekniske hjelpemiddel. Søknadsmengda har òg auka monaleg dei siste to åra. Frå hausten 2007 vil enkel talesyntese kunne nyttast gratis gjennom operativsystemet Windows.
Språkbank
Ein norsk språkbank er òg omtalt under punkt 4.2.3. Utvikling av ein norsk språkbank kan vere eit viktig verkemiddel for å utvikle norsk talesyntese til eit endå betre språkverktøy. Norsk talesyntese er ikkje bygd opp fonetisk, men bygd opp rundt ein ordbokapplikasjon med eit avgrensa tal ord. Dermed ligg det ei naturleg avgrensing i forhold til det som er lagt inn i ordbokapplikasjonen. Ein språkbank vil kunne vere grunnlag for ei rekkje nye tenester. Nokre av dei mest aktuelle er automatisk teksting av fjernsynsprogram og situasjonar der talekommandoar er vurderte som betre enn andre interaksjonsformer.
Boks 4.16 Gode eksempel for ein enklare kvardag
Det finst fleire gode eksempel på at IKT-løysingar har ført til ein enklare kvardag for mange funksjonshemma:
Fleire dagsaviser og Noreg.no har gjennomført forsøksdrift av taleportal. Ved å ringje opp taleportalen vil ei syntetisk stemme lese opp nyheiter frå nettstadene til nyheitsformidlarane. Tenesta har talestyrte menyval.
Statens kartverk arbeider med forsøksprosjekt for digitale tilkomstkart. Kartet systematiserer og presenterer viktige tilkomstdata for gatemiljøet så som kantsteinsnedsenk og lyskryss med lydsignal. Kartet er tilgjengeleg på Internett. Det blir òg gjort forsøk med overføring og bruk av kartet til berbare einingar (PDA), kopling til GPS-systemet for posisjonsfastsetjing og innmelding av endringar i tilkomst via mobiltelefon til kartdatabasen.
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har laga løysingar for skrift til tale og tale til skrift (norsk språkdatabase, NRK) og digital stemme for opplesing av pensumtekstar ved universitet og høgskular.
Statsbygg utviklar dataprogram for registrering, analyse og presentasjon av tilkomsten til sin bygningsmasse. Detaljerte registreringar som blir utførte med berbare einingar på staden blir nytta til å kalkulere og planleggje utbetringsarbeid. Desse dataa skal samtidig brukast til å gi informasjon til brukarar via ein internettportal om kor tilgjengelege bygningane er.
4.3.3 Utfordringar
Fysisk tilkomst legg eit avgjerande grunnlag for sosial medverknad og deltaking i samfunnet. Frå eit inkluderingsperspektiv er det ikkje tilfredstillande at innbyggjarar blir haldne utanfor viktige samfunnsarenaer fordi utforminga av IKT-løysingar ikkje er tilpassa deira behov.
Regjeringa ønskjer lovfesta tidsfristar for universell utforming av IKT, jf mindretalsforslaget i NOU 2005:8. Eit krav om universell utforming av IKT har ikkje vore utgreidd. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil i samarbeid med andre aktuelle departement greie nærare ut korleis tidsfristar for universell utforming av ny og eksisterande IKT kan takast inn i ein diskriminerings- og tilkomstlov. Det er naudsynt å avgrense kva ein skal leggje i omgrepet IKT og å berekne økonomiske og administrative konsekvensar av å innføre eit pålegg.
Ansvarsforholda rundt universell utforming av IKT har ikkje framstått som klare nok. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hatt det overordna ansvaret for politikken for universell utforming, samtidig som Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for IKT-politikken og er i gang med å organisere ei forvaltning av IKT-standardane som det offentlege skal nytte. Det er ikkje i tilstrekkeleg grad teke eit heilskapleg ansvar for eit såpass viktig område. Som ei følgje av dette vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet sørgje for at dei departementa det gjeld, saman klargjer ansvarsfordelinga, og at denne er basert på sektoransvarsprinsippet. Det vil bli utarbeidd ein ny handlingsplan for tilgjengelegheit, og der vil ein komme tilbake til organiseringa av ansvar og verkemiddelapparat for IKT-delen.
Det offentlege må finne ut av korleis rett utforming av IKT kan utnyttast for å inkludere grupper som står i fare for å falle utanfor i informasjonssamfunnet. Ei rekkje etatar og institusjonar bør styrkje arbeidet med å utvikle eit oppdatert kunnskapsgrunnlag på dette området. Det er behov for å få på plass definisjonar, operasjonalisering og utvikling av nødvendige indikatorar på området universell utforming, både med omsyn til etterleving av dei krava som det er framlegg om, men òg for å sikre ei oppdatert utvikling på området. Dette er viktig sidan omgrepet universell utforming blant anna blir nytta i lovgiving, handlingsplanar og andre offentlege strategiar og måldokument. Ulike kompetansemiljø, som blant anna Standardiseringsrådet for offentleg sektor, Noreg.no, Standard Norge og Deltasenteret, bør saman utvikle rettleiingar med detaljering av standardar og krav til utforming av funksjonalitet og innhald for universell utforming. Det bør vurderast korleis dette kan inngå i dei offentlege rapporteringssystema slik som til dømes KOSTRA og det nye StatRes. Mangel på tilkomst skyldast i mange tilfelle mangel på kunnskap og mangel på konkrete tilkomstskrav i kravspesifikasjonar. Forbrukarar og borgarar treng informasjon om kva som finst, kva dei kan forvente og kva rettar dei har. Den største barrieren i dag er ikkje manglande teknologiske moglegheiter. Det er snarare manglande kunnskap om korleis ein kan utnytte dei teknologiske moglegheitene og tilpasse dei til ulike behov, i tillegg til avgrensa økonomiske, politiske og samfunnsmessige rammevilkår.
Det er vidare behov for forsking på korleis teknologi kan utviklast slik at den kan tilpassast individuelle behov og funksjonsnivå. 30 Det vil spesielt vere behov for forsking og utvikling som rettar seg mot norske forhold. Språkteknologi er ein svært viktig teknologi for auka deltaking i dagens svært skriftlege samfunn. Kunstig tale og tale til tekst er teknologi som i andre land har vist seg å ha svært stor nytteverdi. Det er av fleire framheva eit behov for ein nasjonal språkbank, og forsking og utvikling på dette området. Det ligg også ei utfordring i korleis ein i sterkare grad kan trekkje universell utforming inn i IKT-forsking generelt, for å sikre at dette kan komme inn på eit tidleg tidspunkt i utviklinga.
Teknologi tilgjengeleg for alle
Gjennom Noreg.no sine kvalitetsvurderingar har ein til ein viss grad lykkast med å få merksemd rundt kor tilgjengelege offentlege nettstader er mellom anna ved tildeling av «stjerner» etter kor gode resultata er. Men desse kriteria gjeld ikkje for interne nett, som til dømes intranett på arbeidsplassane og læringsplattformer i grunnopplæringa og høgskule/universitet. Heller ikkje private aktørar er underlagde krav til utforming av nettstader etter slike kvalitetskrav. Dette er eit tankekors sidan dei mest brukte nettenestene i landet er frå private leverandørar av nettaviser, nettbankar og bestillingssystem. Regjeringa ser det som ei utfordring å få også private aktørar til å sjå nytta av å utforme sine løysingar med tanke på at dei skal vere tilgjengelege for alle. Ei løysing som kan avhjelpe dette er at det offentlege tek på seg eit ansvar for å gjennomgå eit større tal nettstader enn det som ein har gjort til no. Til dette føremålet kan det utviklast ei merkeordning som seier noko om kor tilgjengeleg den aktuelle nettstaden er.
Det er viktig at den teknologien som blir teken i bruk er tilgjengeleg og at ein samtidig varetek den einskilde sitt behov for tryggleik. For eksempel må ein synshemma person som bestiller ei flyreise via nettet eller bruker ein nettbank, kunne vere trygg på at tinginga som blir gjord eller pengetransaksjonen som blir utført er i samsvar med det vedkommande ønskjer. Dette er eit ansvar som produsentar, styresmakter og andre aktørar må ta saman.
Regjeringa ser det som ei utfordring å gjere programvare for talesyntese tilgjengeleg, og då helst med fri tilgang for dei som ønskjer det. Programvaren må distribuerast via fleire kanalar, og ved bruk av Internett til distribusjon må taleprogrammet kunne lagrast lokalt på datamaskinen. Dette vil no delvis bli realisert. Microsoft Noreg har på oppmoding frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet teke på seg å vidareutvikle og gjere tilgjengeleg programvare for norsk og nynorsk talesyntese. Dette inneber at det i september 2007 vil bli mogleg å kostnadsfritt laste ned talesynteseprogramvaren Talsmann til bruk i Microsofts operativsystem Windows. Gjennom å installere programmet skal brukaren kunne markere tekst på skjermen og få denne lesen opp med så god kvalitet at ein normalt høyrande person kan forstå innhaldet.
Dette gjer Noreg til eit av dei første landa i verda med eit fritt tilgjengeleg talesynteseprogram. Programvaren vil vere stand til å lese både bokmål og nynorsk, slik at det vil vere like mogleg for brukarar av begge målformer å nytte seg av den. Samtidig er det klart at dette ikkje er ei løysing som fullt ut dekkjer alle tekniske plattformer. Regjeringa vil oppmode leverandørar og utviklingsmiljø til å få fram fritt tilgjengelege og gode løysingar for andre plattformer enn Windows.
4.3.4 Regjeringas tiltak
Tiltak 4.5: Universelt utforma offentlege elektroniske tenester
Regjeringa vil følgje opp forslaget frå Syseutvalet i NOU 2005:8 Likeverd og tilgjengelighet, og fremje forslag om ein ny ikkje-diskriminerings- og tilgjengelegheitslov. Regjeringa ønskjer at offentlege elektroniske tenester skal ha universell utforming dersom ikkje spesielle forhold gjer det umogleg. Fornyings- og administrasjonsdepartementet greier ut konsekvensane av å ta IKT inn i denne lova.
Under leiing av Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal relevante kompetansemiljø utvikle rettleiingar og detaljering av standardar og krav for universell utforming av IKT. I dette arbeidet må ein også utarbeide indikatorar for korleis universell utforming skal takast i bruk.
Når tenlege indikatorar for universell utforming av IKT ligg føre, vil ein vurdere å ta dei inn i offentlege rapporteringssystem som KOSTRA og det nye StatRes.
Tiltak 4.6: WAI-kriteria ved utvikling av offentlege nettstader
Ved all nyutvikling eller omfattande vidareutvikling av offentlege nettstader blir offentlege verksemder oppfordra til å følgje WAI-kriteria slik dei kjem fram i Noreg.no sine kvalitetskrav for nettstader. Ved tildeling av offentleg støtte til andre nettstader vil regjeringa også oppmode om at det bør stillast krav om at dei følgjer WAI-kriteria.
Etatar som ligg under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, blir pålagde å nytte WAI-kriteria slik dei kjem fram i Noreg.no sine kvalitetskrav for nettstader, ved nyutvikling eller omfattande vidareutvikling av sine eksterne og interne nettstader.
Arbeidet med kvalitetsvurdering av nettenester skal trappast opp. Frå 2007 skal også nokre sentrale, private nettstader med stor nytteverdi vurderast av Noreg.no. Noreg.no skal tilby ei merkeordning som synleggjer i kva grad offentlege og private nettstader er utforma etter kriterium for tilgjengelegheit.
Tiltak 4.7: Klårare ansvarsforhold i arbeidet med universell utforming av IKT
Organiseringa av det offentlege arbeidet med universell utforming av IKT og elektroniske tenester skal gjennomgåast med sikte på enklare og klårare tilbod og ansvarsforhold.
Det skal utarbeidast ein ny handlingsplan for auka tilkomst for personar med nedsett funksjonsevne, der IKT vil få ein sentral plass.
Tiltak 4.8: Stimulere til utvikling av løysingar som gir auka tilkomst til IKT-baserte produkt og tenester
Regjeringa ønskjer at satsinga på IT Funk vert vidareført i seks nye år frå 2007.
4.4 Digital kompetanse
4.4.1 Mål og ambisjonar
Utviklinga av digital kompetanse må reknast som eit samfunnsmessig innovasjonsprosjekt som går ut over utdanningspolitikken sin arena. Regjeringa har i Soria Moria-erklæringa uttrykt ein ambisjon om å gjere Noreg til ein leiande kunnskaps- og IKT-nasjon. I Soria Moria-erklæringa heiter det vidare at:
«alle må få tilgang til kunnskap og innsikt som gjør det mulig å delta i de demokratiske prosessene.»
Ingen skal måtte stå utanfor på grunn av faktorar som alder, geografi og økonomi når det gjeld høve til å utnytte og forstå det elektroniske tenestetilbodet.
Endringane og utviklinga i samfunn og teknologi gir eit auka tilfang av informasjon og informasjonskjelder, innhald og tenester, og meir fleksibilitet i kvardagen og i jobb. IKT har etter kvart blitt altomfattande og allstad nærverande, og dermed for dei fleste uunngåeleg og uunnverleg . Dette krev at vi alle, uavhengig av rolle og funksjon, må orientere oss, og auke vår kompetanse på stadig fleire felt. Det blir stilt stadig nye krav om at vi meistrar, bruker og drar nytte av desse moglegheitene på ein fullverdig måte.
Regjeringa er oppteken av at spesielt barn og unge skal oppleve Internett som ein trygg stad å ferdast. Det er nødvendig å styrkje arbeidet med digital dømmekraft blant barn, unge og foreldre. Lovverket og verkemiddelapparatet må oppdaterast der det er nødvendig for å verne sårbare grupper.
Norsk skule skal vere ein føregangsskule i verda med omsyn til bruk av IKT i undervisning og læring. Regjeringa har som mål å få fram ein moderne skule som har eit aktivt og kritisk forhold til ny teknologi, og som tek utgangspunkt i det potensialet som ligg i møtet mellom ein digital ungdomskultur og skulens meir tradisjonsbundne kultur for læring. Skulen må ta omsyn til at barn har ulike føresetnader for å nyttiggjere seg nye digitale tenester og verktøy, og gjennom eit slikt fokus medverke til å utviske tradisjonelle digitale skilje. Dette betyr at ein treng eit motivert og fagleg oppdatert lærarkorps. Dersom lærarane skal vere i stand til å undervise i og med IKT, må dei sjølve ha stor forståing for IKT og dei pedagogiske moglegheiter verktøyet byr på.
I høgre utdanning er regjeringa oppteken av at studentar blir lærte opp i og nyttar IKT som ein integrert del av studiearbeidet både i grunnutdanning og etter- og vidareutdanning. Målet er at studentane skal meistre IKT slik dei vil møte det i arbeidslivet og samfunnet elles. Dette inneber opplæring og bruk av dei mest vanlege formene av IKT for alle studentar og opplæring i meir spesialisert og avansert bruk der det er nødvendig. Dei høgre lærestadene må utvikle sin kompetanse for å møte dette, til dømes knytt til korleis ein legg opp infrastruktur og lærer opp tilsette. På same måte som i grunnopplæringa bør digitale læremiddel brukast både for å auke kvaliteten og fleksibiliteten i undervisninga og for å grunnfeste og utvikle digital kompetanse hos studentane.
4.4.2 Status
I utgreiinga «Digital skolehverdag» 31 er digital kompetanse definert som «ferdigheter, kunnskap, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet».
Innhaldet i omgrepet ligg dermed i spennet mellom rein brukarkompetanse og ei dømmekraft med medvit om dei føresetnader eller rammer dei digitale tenestene har for kvar einskild av oss.
Eit samfunn med auka bruk av teknologi, der tenester frå offentleg og privat sektor blir digitaliserte, kan gjere det mogleg å redusere det sosiale eller velferdsmessige gapet mellom folk, men samtidig kan gapet bli større. Den auka bruken bidrar til å auke krava i befolkninga til digital kompetanse. Omgrepet digital kompetanse spenner frå enkle ferdigheiter til ein meir gjennomgripande kompetanse som fører fram til digital dømekraft. To ulike retningar kan framhevast: Den eine kan beskrivast som basisferdigheiter i IKT som for eksempel e-post, tekstbehandling, internettsøk etc. Den andre byggjer på danningsomgrepet, og er ei utvida forståing av digital kompetanse 32. EU nyttar omgrepet eSkills i samband med praktiske IT-ferdigheiter og eInclusion for å fange opp utfordringar knytte til digital deltaking. Viktige kompetansearenaer er heimen, arbeidsliv, skule og bibliotek.
Boks 4.17 Internett er også ein barriere
I ALL-undersøkinga 2005* svarer 7 prosent av respondentane at dei aldri har brukt ein datamaskin. 8 prosent svarer at dei aldri har brukt Internett. Ikkje-brukarane var hovudsakeleg eldre og hadde lågare inntekt enn dei som brukte PC. Ikkje-brukarane hadde også vesentleg lågare ferdigheiter enn brukarane i lesing, talforståing og problemløysing
* Adult Literacy and Life skills - ei omfattande internasjonal kartlegging av vaksnes kompetanse på sentrale område som lesing, talforståing og problemløysing. Undersøkinga blei gjennomført i representative utval frå aldersgruppa 16 – 65 år i til saman seks land i 2003. Statistics Canada, Educational Testing Service (USA) og OECD utgjer den internasjonale prosjektleiinga.
Basisferdigheiter i bruk av IKT
I tråd med andre undersøkingar viser resultata frå ALL-undersøkinga at tilgangen til PC og Internett i heimen er svært høg i Noreg. Tilgang er ikkje det same som bruk eller kompetanse, men det er nærliggjande å rekne med at tilgang i alle fall gjer det lettare å tileigne seg grunnleggjande kompetanse. Ei nyleg utført undersøking frå TNS Gallup 33 viser at blant dei med tilgang til Internett heime, svarer 89 prosent at det ikkje er vanskeleg å bruke PC, og over halvparten vurderer seg kompetente til sjølv å ta hand om dei fleste dataproblem. Same undersøking viser at dei færraste føler det som problematisk å ta programvare eller Internett i bruk. Internasjonale undersøkingar 34 peiker på at så mange som fire av ti i Noreg kan klassifiserast i gruppa «høgt nivå» når det gjeld grunnleggjande IKT-ferdigheiter.
Boks 4.18 Dei som kontaktar Noreg.no
«Dei aller fleste har ganske god kompetanse, nokre svært høg. Vi blir kontakta av brukarar frå alle utdanningsnivå. Det kjem fram i samtalane at dei meistrar Internett som verkty godt, men dei kan likevel stå fast eller ønskje rettleiing slik at dei raskare og meir effektivt kan finna fram. Det hender dei er på utkikk etter meir kompleks og omfattande informasjon som krev meir inngåande «detektivarbeid». Til dømes kan dette gjelde hjelp til å finna eit særskilt politisk dokument eller ein lovtekst. Direkte dialog vert oppfatta som effektiv hjelp. Dei med lågast kompetanse har gjerne problem med svært elementære ting, som det å skriva ei nettadresse i adressefeltet i nettlesaren. Dei kan òg ha problem med å finne fram til det vi forsøker å vise dei på nettsidene.
Hovudsatsing og fokus i arbeidet for å redusere digitale skilje er retta mot dei ufrivillege ikkje-brukarane. På publikumstenesta møter vi også representantar for gruppa med frivillege ikkje-brukarar av Internett. Kvinner er i fleirtal i denne gruppa. For begge kjønn gjeld det at mange er eldre, ferdige med yrkeslivet, men kan ha mange år att som aktiv samfunnsborgar. Folk som har hatt karriere og posisjonar møter vi også i denne gruppa, ikkje berre lågt utdanna som ein lett trur. Det einsidige fokuset på Internett blir av einskilde opplevd som aktiv utestenging og diskriminering. Internett bør difor sjåast på som ein av fleire kanalar for informasjon, ikkje ei erstatning for andre kjelder til informasjon».
Kjelde: Noreg.no
Same undersøking viser at i dei fleste land speler kjønn ei mindre rolle når det gjeld skilnader i grunnleggjande IKT-ferdigheiter. Også norske undersøkingar har peikt på at bruk av IKT er blitt daglegdags for begge kjønn i dagens samfunn. Forskjellar som eksisterte mellom kjønna m.o.t. interesse for og bruk av IKT midt på 1990-talet, er ikkje like synlege i dag. Samtidig ser ein store forskjellar innåt i kvar kjønnskategori når det gjeld bruk av IKT. 35
Men forskjellar i alder speler viktigare rolle. Aldersgruppa 55+ omfattar i dag vel 1,2 millionar nordmenn. Av desse er drygt 800 000 ikkje-brukarar av IKT og Internett. Ei «yngre seniorgruppe», 55 – 74, tel i alt cirka 830 000. Av desse er cirka 500 000 ikkje IKT-brukarar, og dei skal leve i 10 – 30 år til. Tre av fire i aldersgruppa 65 – 74 er ikkje-brukarar av Internett 36.
Dei i yrkesaktiv alder utanfor arbeidslivet bruker PC og Internett i langt mindre grad enn dei som arbeider. Men spørsmålet om rettar til digital kompetanse vedkjem også alle dei som jobbar i bransjar der dataverktøy enno ikkje er teke i bruk i særleg grad. Statistikken tyder på at sjølvstendige næringsdrivande bruker IKT i langt mindre grad enn dei som er lønnsmottakarar.
Vi er i stadig rørsle og det vil derfor alltid vere utfordringar knytte til læring av nye løysingar. Nye og meir avanserte IKT-verktøy kjem stadig, og mykje av det som no må reknast som grunnleggjande ferdigheiter ville for 10 år sidan berre vore for dei vidarekomne. Samtidig blir det introdusert nye kommunikasjonsformer, og det å meistre desse krev at ein heile tida er open for å tileigne seg ny kunnskap. Tre av fire i alderen 15 – 29 år bruker lynmeldingar (også kalla «Instant Messaging») fleire gonger i veka 37. E-post bruker dei derimot sjeldnare, og bruken er då normalt knytt til offisielle oppgåver som skulearbeid og i jobb. Det teiknar seg etter kvart eit bilete der bruk av ulike typar digitale kommunikasjonsformer kan knytast til «generasjonar» eller til og med årsklassar av nettbrukarar.
Boks 4.19 Eldre sin bruk vs yngre sin bruk av Internett
Aldersgruppa 67 – 79 bruker i dag tre minutt på Internett ein gjennomsnittsdag, mens 16 – 19-åringar bruker over ein time. Mens bruken hos yngre har auka vesentleg dei siste åra, har ikkje den same auken skjedd hos dei over 60 år. Unge menn er dei største brukarane, mens vi ved fylte 45 år ser ein nedgang i bruken. Dei over 67 år bruker 1 minutt på Internett ein gjennomsnittsdag. Aldersgruppa 55 – 66 år bruker derimot nettet 10 minutt meir enn 9 – 12-åringane, og det er grunn til å gå ut frå at dette kjem av bruk av PC og Internett i jobbsamanheng.*
* Statistikken over Internettbruk dekkjer bruk både heime, på arbeid, skule og andre stader.
Teknologi påverkar korleis barn lever, leiker og lærer. Dei fleste barna kjem til barnehagen med kunnskapar om og erfaringar med IKT. Dei er nyfikne, og vil gjerne prøve å forstå korleis ting fungerer. Fram til no har IKT i barnehagen fått lita merksemd. IKT kan supplere arbeidsmåtar i barnehagen, støtte barna si utvikling og tilby nye uttrykksmåtar. Den pedagogiske verksemda i barnehagen skal sjåast i samanheng med skulen si verksemd, også på IKT-området (jf rammeplan for barnehagar).
Bibliotek som kompetansearena
Biblioteka speler ei ikkje uvesentleg rolle som kunnskapsformidlarar i eit perspektiv med livslang læring – både dei fysiske biblioteka og dei digitale innhaldsressursane som biblioteka gir tilgang til. Heile 48 prosent av befolkninga besøkte eit bibliotek i løpet av 2005. Bibliotek er dermed det kulturtilbodet som blir brukt mest i Noreg, nest etter kino.
Mange bibliotek held kurs for dei som ikkje meistrar e-post eller søking på Internett. Fri tilgang til informasjon er eit grunnleggjande prinsipp for biblioteka. Gjennom å tilby tilgang til teknologi, rettleiing og opplæring i informasjonskompetanse er biblioteka med i arbeidet med å auke befolkningas kompetanse og i arbeidet med å motverke digitale skilje. Kombinasjonen av nye digitale tenester og lokalt forankra tilbod er eit område der biblioteka har mykje å tilby.
Boks 4.20 Bibliotektenester
Den digitale referansetenesta Biblioteksvar* og tenesta Forbrukarinfo** – i samarbeid mellom Forbrukarrådet og fleire folkebibliotek – er to eksempel på nasjonale eller etatsoverskridande tilbod som også kan vidareførast og utviklast til òg å dekkje andre område.
Deichmanske Bibliotek har – med støtte frå bl.a. Høykomprogrammet og ABM-utvikling – sett i gang fleire prosjekt for å gi brukarane tilgang til digitale ressursar, og auke den digitale kompetansen hos befolkninga. Dette gjeld til dømes:
Bydagboka – http://www.bydagboka.no
Deichmans Digitale Verksted – http://verkstad.deichman.no/
Reaktor – http://www.minreaktor.no/
Prosjekta gir brukarane tilgang til og kompetanse i mediehandtering og mediebruk, i tillegg til eit forum for å presentere og evaluere digitalt innhald. Prosjekta er både låg- og høgterskeltilbod, der brukarar får tilgang til digitale produksjonsverktøy for video, lyd og bilete tilpassa sitt nivå.
* Biblioteksvar: http://www.biblioteksvar.no/
** Forbrukarinfo: http://www.deichmanske-bibliotek.oslo.kommune.no/article56831 – 5360.html
Kjelde: Deichmanske bibliotek.
Arbeidslivet som kompetansearena
I ei tid prega av rask teknologiutvikling og omfattande globalisering vil kunnskap og kompetanse spele ei stadig viktigare rolle. Undersøkingar frå EU 38 peiker på at 60 prosent av yrkesaktive nyttar IKT som ein del av sine daglege arbeidsrutinar. Ny teknologi og nye tenester integrerer stadig meir funksjonalitet og innhald. Dette medfører auka krav til hyppig omstilling og tilpassingsevne frå arbeidstakarane.
Gjennom undersøkinga eBorgersurvey 2006 39 veit vi at mange av dei som er i arbeidslivet, vurderer sin digitale kompetanse som tilstrekkeleg for dei krava som blir stilte i arbeidslivet. Fleirtalet av dei spurde ser ut til å ha stor sjølvtryggleik når det gjeld bruk av IKT.
Denne tilfredsheita med eigen IKT-kompetanse blir stort sett ikkje delt av leiarane i verksemdene, og heller ikkje blant forskarar. Og ei rekkje førespurnader til Vox 40 indikerer også at arbeidslivet opplever eit stort behov for digital kompetanse. I Vox-barometeret for 2005 fann dei dessutan eit stort gap mellom kor viktige dataferdigheiter blant dei tilsette er, og kor tilfredse dei er med desse. Dette gapet kan indikere at verksemdsleiarane meiner at dei tilsette i for liten grad held seg fagleg oppdaterte. Omtrent halvparten av verksemdene var einige i at medarbeidarane ville utføre jobben meir effektivt dersom dei var betre i data og IKT.
Boks 4.21 Vox – nasjonalt senter for læring i arbeidslivet
Vox er ein etat under Kunnskapsdepartementet, som arbeider for auka deltaking i samfunns- og arbeidsliv ved å heve kompetansenivået hos vaksne med særleg vekt på grunnleggjande ferdigheiter, vaksnes rettar og realkompetanse. Etaten arbeider for å betre vaksnes ferdigheiter i lesing, skriving, rekning og bruk av IKT.
Vox forvaltar midlar til læringsprosjekt som styrkjer grunnleggjande ferdigheiter, og gir driftstilskott til opplysningsorganisasjonar og fjernundervisningsinstitusjonar og tildeler midlar til pedagogisk utviklingsarbeid i dei same organisasjonane.
http://www.vox.no
Jamvel om mange vurderer sin eigen kompetanse som høg, er det mange arbeidstakarar som føler at dei ikkje heng med i utviklinga og opplever seg som svært sårbare fordi dei mistar kontrollen over gjeremål i det daglege eller i jobbsamanheng. I ei undersøking utført av FAFO opplyste ein av fire AFP-pensjonistar at innføring av IKT-system i verksemda var ein grunn til å gå av med pensjon 41. Dette kan vere ein indikasjon på at seniorar blir tilsidesette ved innføring av ny teknologi, og at mangel på grunnleggjande IKT-kompetanse kan føre til at eldre arbeidstakarar blir forbigåtte og dermed mistar motivasjon til å stå i jobben. Dette vil igjen kunne bidra til utstøyting og val av tidlegpensjonering og ei dårleg utnytting av den samla arbeidskrafta i landet. Kunnskapsdepartementet vil i 2007 vidareføre arbeidet med å kartleggje digitale ferdigheiter blant vaksne. Ei arbeidsgruppe leidd av Vox, samansatt av representantar frå aktuelle fagmiljø innan forsking, arbeidstakar og arbeidsgivarsida og interesseorganisasjonar, har utarbeida forslag til mål for digital kompetanse for vaksne. Det vil bli vurdert korleis slike mål kan brukast i det vidare arbeidet med å utvikle og kartleggje digitale ferdigheiter blant vaksne. Ein vil og sjå nærare på om dei måla som arbeidsgruppa har utarbeidd kan nyttast i grunnskuleopplæringa for vaksne etter opplæringslova.
Boks 4.22 Voxbarometeret – vurdering av eigenkompetanse
Det finst inga samla oversikt over vaksnes digitale kompetanse, men kopling av funn frå ulike undersøkingar indikerer altså eit misforhold mellom kva folk meiner om eigen kompetanse og kva som er den reelle kompetansen. Brote ned på grupper er det studentar som har størst tillit til eigen IKT-kompetanse, mens dei med lågast utdanning, dei over 60 og heimeverande har klart lågast tillit til eigen IKT-kompetanse.*
* Vox (2006), Vox-barometeret 2006
Partane i arbeidslivet og Regjeringa har blitt einige om ein ny avtale for eit inkluderande arbeidsliv (IA) for perioden 2006 – 2009. Det er eit overordna mål i denne avtalen å hindre utstøyting frå arbeidslivet, og det er eit operativt nasjonalt mål å auke forventa pensjoneringsalder for personar over 50 år med minimum 6 månader for perioden 2001 – 2009. Gjennom verkemidla i IA-avtalen er det avsett tre millionar kroner årleg frå 2007 til tiltak for å synleggjere seniorar som ein ressurs i arbeidslivet. Ansvaret for planlegging og gjennomføring av tiltaka er lagt til Senter for seniorpolitikk. Innanfor denne satsinga vil ein vurdere å gjennomføre tiltak for å hindre at mangel på grunnleggjande digitale ferdigheiter i jobbsituasjonen fører til tidleg utstøyting frå arbeidslivet. Arbeidssøkjarar som manglar nødvendig kompetanse for å komme i arbeid, og som ikkje kjem i arbeid gjennom eigen innsats og bistand til formidling, vil bli vurderte av NAV-forvaltninga med tanke på arbeidsmarknadstiltak. På AMO-kurs i regi av NAV-kontora deltek 16 prosent av dei yrkeshemma tiltaksdeltakarane og 7 prosent av dei «ordinære» tiltaksdeltakarane på reine datakurs. Datafag inngår like fullt òg i ei rekkje andre AMO-kurs. 45 prosent av dei yrkeshemma tiltaksdeltakarane og 26 prosent av dei ordinære tiltaksdeltakarane deltek på slike kurs.
Digital kompetanse i utdanningssektoren
IKT bidrar til å endre læringsomgivnadene, måten vi lærer på og korleis læringa genererer ny kunnskap 42. Det nasjonale og fleirårige PILOT 43-prosjektet 44 har vist oss at IKT er med på å framskynde og stimulere endringsprosessar, både administrativt, leiingsmessig, fagleg og pedagogisk. Føresetnaden er ei utvikling av skulen med eit heilskapleg perspektiv, og då både på individnivå og kollektivt. Nye kommunikasjonsformer og delingskulturar internt i skulen, ikkje minst mellom skulen og omgivnadene, stimulerer til å opne skulen for meir samarbeid med heimen, lokale aktørar som næringsliv og andre offentlege etatar.
Boks 4.23 Program for digital kompetanse
Program for digital kompetanse 2004 – 2008 er Kunnskapsdepartementet si satsing på IKT i utdanninga. Det er inndelt i hovudområda infrastruktur, kompetanseutvikling, digitale læringsressursar, læreplanar og arbeidsformar, og forsking og utvikling. Programmet er retta mot heile utdanningssektoren, frå grunnskule til høgare utdanning, og inkluderer også dei vaksne si læring.
Gjennom prosjektet Lærande nettverk syter Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet for at røynslene om pedagogisk bruk av IKT frå tidlegare IKT -prosjekt blir spreidde blant lærarar og skuleleiarar. Prosjektet skal stø opp om målsetjingane i Program for digital kompetanse og innføringa av Kunnskapsløftet. Det vart starta opp nye nettverk i 2005 og 2006. I løpet av 2006 har 28 lærarinstitusjonar og ca. 500 skular vore involverte i Lærande nettverk.
Som ein del av Kunnskapsløftet blei det frå hausten 2006 innført nye læreplanar for grunnopplæringa. Til grunn for all læring og utvikling reknar ein fem grunnleggjande ferdigheiter. Dette er lesing, skriving, uttrykkje seg munnleg, rekning og bruk av digitale verktøy. I dei nye læreplanane er IKT-ferdigheiter integrerte i kompetansemåla i alle fag. Elevane skal mellom anna lære å søkje, lokalisere, behandle, produsere, gjenbruke, presentere og kritisk evaluere informasjon i tillegg til å kommunisere og samhandle med andre 45. Noreg er tidleg ute i internasjonal samanheng med ein læreplan der digitale ferdigheiter skal integrerast i faga.
Dei fleste skular har teke i bruk digitale læringsplattformer, og IKT blir i større grad også teke i bruk ved eksamen. Bruk av digitale læremiddel kan vere med på å auke motivasjonen for læring hos elevane, slik at gjennomføringa blir betre. Frå hausten 2007 blir det innført ei todelt ordning med gratis læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring, der fylkeskommunen får ansvar for at elevane får nødvendige trykte og digitale læremiddel. I tillegg til gratis trykte og digitale læremiddel får elevane eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Lånekassen som skal vere med på å dekkje utgifter elevane har til andre læremiddel og nødvendig utstyr. Ordninga blir innført for elevar på Vg2 frå hausten 2007.
Forholdet mellom barn og unges bruk av dataspel og læring er framleis eit uavklart forskingsområde, som i stor grad har vore prega av offentleg bekymring om negativ påverknad. TV- og dataspel er ein av dei fritidsaktivitetane barn og unge er mest opptekne av. Kvar fjerde ungdom i alderen 13 – 20 år speler til dømes dataspel kvar einaste dag i følgje ei svensk undersøking 46. Tal frå Norsk mediebarometer 2005 og SAFT Barn Norge 2006 peiker i same retning – at over halvparten av gutar mellom 9 – 15 speler dataspel dagleg. Jenter speler i noko mindre grad, sjølv om frekvensen også er aukande blant dei. Men med tanke på den eksplosive utviklinga som har vore dei seinare åra i multiplayer online-spel og andre former for databaserte spel, der tusenvis av unge inngår i ulike fellesskap og nettverk for å løyse oppgåver, er det svært aktuelt å spørje korleis læringsomgrepet kan knytast til slike aktivitetar. Forholdet mellom dataspel og læring er eit interessant tema, også fordi forholdet er vanskeleg å skjøne utan å spele mykje sjølv. Sjangeren dataspel er svært mangfaldig, faktisk kanskje i større grad enn andre mediesjangrar.
Forsking viser òg at når barn og unge speler, inneber det at dei er involverte og engasjerte i komplekse læringssituasjonar, ved å beherske ulike uttrykksformer, som til dømes skriftleg- eller munnleg språk, bilete, symbol, reiskapar osv. for å kommunisere ulike meiningar (Gee 2005 47). Forsking på dataspel i skulen peiker i fleire retningar i forhold til korleis dataspel kan nyttast og kva rolle dei faktisk bør ha i undervisninga; nokre forskarar vurderer dataspel som relevante og sentrale bidrag inn i undervisninga (Gee 2005), mens andre forskarar er meir kritiske til korleis dataspel kan tilføre noko nytt i undervisninga (Egefeldt-Nielsen 2005 48).
Spel kan brukast som utgangspunkt for ein diskusjon ved at læraren demonstrerer eit spel, som blir etterfølgd av klassediskusjon eller oppgåve for korleis spel er konstruerte i forhold til røyndommen. Dette kan vidareførast i til dømes mediestudiar. Spel kan verke motiverande på elevar som ikkje er sterke på skulen. For å lykkast med dataspel i skulen er det nødvendig at lærarane set seg godt inn i dei spela som blir tekne i bruk, og at spela blir tilpassa elevsamansetninga. Spela må brukast i samsvar med uttalte læringsføremål, og ikkje som påskjønning.
Lærarkompetansen i grunnopplæringa
Innføring av Kunnskapsløftet og nye læreplanar utfordrar lærarane på fleire måtar. Dei nye læreplanane inneheld kunnskapsmål som føreset at lærarane er fortrulege med korleis IKT kan utnyttast i læringsarbeidet. Dette reiser utfordringar både i forhold til utdanning av nye lærarar og etterutdanning av lærarar.
Boks 4.24 Effektar av kompetanseutviklingstiltak innan IKT for lærarane
E-Learning Nordic frå2006 viser at ein relativt liten del av dei spurde lærarane oppgir at kompetanseutviklingstiltak dei har delteke på har hatt nokon substansiell innverknad på, læraranes kompetanse i bruk av IKT. Dette er eit tankekors når omtrent to tredjedelar av dei spurde lærarane opplyser at dei har delteke i ei eller anna form for kompetanseutvikling dei siste tre åra.
Også utviklinga av barn og unges sosiale praksis med IKT reiser nye utfordringar til læraranes digitale kompetanse. I rammeplan for allmennlærarutdanninga er « IKT som hjelpemiddel for kommunikasjon og læring» eit tverrgåande område som skal vere ein del av fagplanane for alle fag i utdanninga. Lærarutdanningsinstitusjonane må i sine lokale fagplanar følgje opp dette slik at nye lærarar skal ha fått opplæring i bruk av IKT som kommunikasjon og reiskap for læring i dei ulike faga.
For å behalde og vidareutvikle gode lærarar som tek i bruk IKT på ein fornuftig og framtidsretta måte, må det derfor leggjast til rette for gode fysiske arbeidsplassar, der PC inngår som ein sjølvsagd del av utstyret. Gode arbeidsplassar gir fordelar både med omsyn til læraranes undervisningsførebuing, læraranes eiga kompetanseutvikling, effektiv deltaking i faglege nettverk og fagleg utveksling. Skal lærarane bruke tida effektivt, treng dei òg verktøy tilpassa den røyndommen dei arbeider i.
Skuleleiaren står sentralt i utviklinga av skulen som kunnskapsorganisasjon, og har blant anna ei viktig rolle i korleis IKT vert integrert i undervisning og læring. Skuleleiing handlar derfor både om teknologi, pedagogikk og organisasjon. Ei viktig rolle for styresmaktene er å leggje til rette for at skuleleiaren finn og bruker den kompetansen som trengst, eller utviklar nødvendig kompetanse i sin eigen organisasjon. Aktuelle verkemiddel som styresmaktene nyttar er blant anna:
UNINETT ABC 49 som utformar rettleiarar på fleire område, og
Innkjøpsguiden 50 utvikla i samarbeid med KS
IKT og elevane si læring
Som omtalt i 4.2.2, heng norske barns tilgang til IKT heime saman mellom anna med inntektsnivået til foreldra. Norsk skule har tatt i bruk IKT i opplæringa. Dette er ei stor investering, som det er viktig å få godt utbytte av. Utfordinga blir å kunne nytte teknologien til beste for både den einskilde og for samfunnet. For å kunne gjere dette, treng ein god kunnskap og erfaringar om korleis teknologien verkar i opplæringa.
Pedagogisk bruk av IKT har ei heller kort historie. Det var først etter år 2000 at ein fekk dei første få substansielle forskingsresultata knytte til IKT og læring. Av desse er ImpaCT 2-undersøkinga frå England av dei mest kjende. Denne synte positive og signifikante, men ikkje store, verknader på læringsutbyttet ved bruk av IKT. Ein annan studie frå USA har sett på læringsutbyttet for elevar som nytta berbare PC-ar samanlikna med læringsutbyttet for andre elevar. Studien, som er rapportert i The Journal of Technology, Learning and Assessment(januar 2005), synte at dei elevane som nytta berbare PC-ar, fekk betre karakterar enn dei elevane som ikkje gjorde det.
Begge desse undersøkingane gir gode indikasjonar på at IKT kan medverke til betre læring. Samstundes så er det andre undersøkingar som ikkje har vore like positive. Difor er ein OECD-rapport 51 frå PISA 52-studien 2003 både viktig og spanande. Denne rapporten ser på tilgang til spesielt PC (og Internett) heime og på skulen, og kor fortrulege elevane er i bruken av IKT. Desse resultata blir så samanlikna med kor godt dei presterer i matematikk og i lesing. Rapporten syner at den minoriteten av elever som framleis har liten tilgang til PC, presterte lågare enn OECD-gjennomsnittet for PISA 2003, sjølv når ein korrigerte for elevane sin sosiale og økonomisk bakgrunn. Elevar med den kortaste erfaringa i å bruke PC presterte også lågare enn gjennomsnittet. Vidare synte rapporten at både dei som brukte PC lite, og dei som brukte PC svært mykje, presterte lågare enn gjennomsnittet.
Den siste studien på dette feltet er den felles nordiske studien E-Learning Nordic frå 2006. Han tek for seg korleis elevar, lærarar, foreldre og skuleleiarar opplever effekten av IKT. Studien fortel oss at størstedelen av lærarane opplever at IKT har ein positiv effekt for både fagleg sterke og fagleg svake elevar. Lærarar som opplever noko effekt av IKT, utgjer nesten halvparten av lærarane. Mens 30 prosent av lærarane opplever stor positiv effekt av IKT, er det 23 prosent som ikkje opplever effekt av IKT. Dei spurde meiner at IKT har størst effekt på faglege prestasjonar, men at IKT også kan ha positiv innverknad på grunnleggjande ferdigheiter som lesing og skriving. IKT blir oppfatta av lærarane som ein verdifull reiskap for å understøtte differensiering i undervisninga. Eit stort fleirtal av lærarane opplever altså ein positiv effekt av IKT både på elevanes prestasjonar og på undervisningssituasjonen.
OECD-rapporten Are Students Ready for a Technology-Rich World? What PISA Studies Tell Us,gir ei god oppsummering av utfordringane for IKT i opplæringa. Rapporten peker på at i ein tidsalder der IKT blir ein stadig større og viktigare del av daglegliv og utdanning, så vil den minoriteten av elevar som har dårleg tilgang til IKT, som bruker IKT lite og som ikkje er fortrulege med IKT, prestere dårlegare enn dei andre. Bruk av IKT i skulen kan medverke til å jamne ut eit slikt digitalt gap. Vidare strekar OECD under at det er kvaliteten på bruken av IKT, meir enn kvantiteten, som vil bestemme om og kor mykje IKT vil verke positivt på elevane sitt læringsutbytte.
IKT i høgre utdanning
I høgre utdanning er den einskilde lærestad strategisk ansvarleg for satsing på bruk av IKT i eiga forsking og utdanning. Universitet og høgskular har mykje å seie for utviklinga av ein kompetent bruk av ny teknologi i utdanningssektoren, både ved eiga forsking og ved å prøve ut nye metodar for IKT-bruk i undervisning, læring og studentevaluering. For å styrkje satsinga på IKT i norsk høgre utdanning er det etablert eit eige statleg organ, Noregsuniversitetet. Noregsuniversitetet støttar lærestadene si utprøving og bruk av IKT i nær- og fjernundervisning gjennom tildeling av prosjektmidlar, evaluering og spreiing av erfaringar.
Dei norske universiteta og høgskulane er på ulike nivå i bruk av IKT. Det er også store skilnader mellom ulike fagmiljø internt på dei einskilde lærestadene. Generelt er norsk høgre utdanning langt framme med omsyn til bruk av IKT. Det er etablert ein solid infrastruktur og eit godt nettverk gjennom UNINETT. Lærestadene har også på institusjonelt nivå innført plattformer for elektronisk behandling av kurs- og læringsressursar, såkalla LMS («Learning Management System»).
Noregsuniversitetet har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført to undersøkingar av «den digitale tilstand» i norsk høgre utdanning 53. Desse undersøkingane viser mellom anna:
Det er store skilnader mellom lærestader med omsyn til på kva måte strategiar for bruk av IKT vert utvikla. Det er også usemje om kor viktige slike strategiar er for faktisk satsing på feltet.
Infrastrukturen inneber ikkje hinder for satsing på IKT i undervisninga.
I dei siste åra er det i aukande grad ei institusjonell organisering av arbeid med kompetanseutvikling innanfor bruk av IKT i undervisninga og parallelt med dette har fagpersonale og studentar auka si deltaking i slik kompetanseutvikling.
Omtrent alle lærestadene har dei siste åra skaffa seg LMS og har gjort dei pedagogiske IKT-verktøya lett tilgjengelege for fagpersonalet. Det er store variasjonar med omsyn til på kva måte ein nyttar LMS-systema. I hovudsak blir LMS brukt til formidling av enkel informasjon, digitale læremiddel og til å administrere innlevering av oppgåver frå studentane. Meir avansert – og interaktiv – bruk finst òg, men er mindre vanleg. Sentrale verknader av IKT-bruken er rasjonalisering av kommunikasjon mellom lærestad og student og ei viss fleksibilisering av studia, noko som fører til rekruttering av nye studentgrupper, til dømes vaksne som er i arbeid.
Det er utvikla ei rekkje ulike typar digitale læringsressursar for høgre utdanning dei siste åra, frå enkle tekstbaserte ressursar til interaktive læringsprogram og utforskingspakkar som består av ulike typar element. Slike ressursar blir sjeldan brukte utanfor den konteksten der dei opphavleg vart utvikla. Dette syner at UH-sektoren har utfordringar med omsyn til deling og gjenbruk av digitale læringsressursar.
Norske universitet og høgskular er inne i ei intensiv utvikling når det gjeld bruk av IKT. Mellom anna blir den rådande satsinga på LMS diskutert opp mot andre modellar baserte på såkalla tenesteorientert arkitektur («Service Oriented Architecture) 54. Diskusjonen gjeld både pedagogikk, fleksibilitet i bruk og forretningsmodellar. Når det gjeld meir avansert bruk av IKT i undervisninga, mellom anna IKT-bruk knytt til dei einskilde faga sine særpreg, er dette i ferd med å utvikle seg parallelt med at lærestadene og fagmiljøa utviklar sin eigen kompetanse innanfor pedagogisk bruk av IKT.
Digital dømmekraft – trygg bruk av Internett
Digital dømmekraft er evna til å tileigne seg viktig informasjon, tolke medieinnhald og å vere kritisk tenkjande. Det handlar om å ha den kompetansen som trengst for å vere fullverdige deltakarar i dagens digitale samfunn. Her vil evna til kommunikasjon og innhaldsproduksjon på Internett vere viktig. Vi ser ei utvikling der brukarane går frå å vere passive mediekonsumentar til aktive deltakarar og innhaldsprodusentar. Det å kunne skape og dele medieinnhald blir stadig viktigare, og kan kallast digital kulturell kompetanse. Dette stiller nye krav til brukarkompetanse og kritisk evaluering, i tillegg til kvar einskild sin evne til å skilje mellom det vesentlege og uvesentlege, det truverdige og det som ikkje er truverdig 55.
Det er spesielt i forhold til barn og unge omgrepet «trygg bruk av Internett» er aktuelt. Bruken av Internett manøvrerer i spenningsfeltet mellom retten til å ta imot informasjon og barn og unges rett til å bli verna mot ulovlege, skadelege og uønskte sider av informasjons- og kommunikasjonsmedia. FNs konvensjon om barns rettar legg vekt på både tilgang på informasjon og vern mot skadeleg informasjon
Boks 4.25 SAFT – Safety, Awareness, Facts and Tools
SAFT var i utgangspunktet eit internasjonalt prosjekt der det blei drive opplysningsarbeid for å auke medvitet om trygg bruk av Internett og nye medium. Statens filmtilsyn leidde prosjektet. I 2004 gjekk prosjektperioden ut, men arbeidet heldt fram. Ein ny, toårig prosjektperiode tok til same år, men denne gong med tilsynet som einaste ansvarlege organisasjon. Prosjektet heitte NONO, men utetter blei det kjente merkenamnet SAFT brukt. I kraft av SAFT/NONO har tilsynet fungert som eit nasjonalt koordineringsorgan på trygg bruk-området.
I dag er arbeidet permanent forankra i Medietilsynet. I tillegg har tilsynet inngått kontrakt med Europakommisjonen om ein ny prosjektperiode.
Sjå også http://www.saftonline.no
SAFTs barneundersøking viser at barn og unges teknologibruk er i endring og også at dei bruker meir tid på teknologi. Den viser òg at barn og unge har blitt meir kritiske til den informasjonen dei finn på nettet. Ei slik kritisk tilnæring er viktig når vi veit at
75 000 barn opplyser at dei har motteke e-post som har plaga eller skremt dei. Berre 14 av barna i aldersgruppa 9 – 16 år seier at dei har sendt hatefulle kommentarar på nettet (mobbing eller trakassering).
24 prosent av dei som bruker Internett opplyser at dei har opplevd å få uønskte seksuelle kommentarar.
Barn og unge er ikkje berre potensielle offer. Dei kan òg vere ansvarlege for lovbrot og for å skade andre menneske. Publisering av ærekrenkjande materiale er eit døme. Å hengje ut klassekameratar eller andre på Internett eller via mobiltelefon er stygge former for mobbing som samfunnet må klart ta avstand frå.
Boks 4.26 Om barn og unges bruk av digitale medium
ITU Monitor 2005 viser at elevar på alle trinn bruker vesentleg meir tid ved datamaskinen heime enn når dei er på skulen. SAFTs Barneundersøking viser også at 38 prosent av barna gjer noko for å sikre seg at informasjonen dei finn er sann. Dette er ein auke på 13 prosent frå 2003.
Same undersøking viser at å spele spel, gjere lekser og laste ned musikk er topp 3-aktivitetar for barn på Internett. Oppslutninga om desse aktivitetane er langt større i 2006 enn dei var i 2003.
Barn og unge er svært mottakelege for ytre påverknad. Reklame på nett kan invadere barn og unges privatliv dersom ein ikkje tek personvern på alvor. På Internett er det vanleg at barn og unge som besøker kommersielle nettstader, blir spurde om haldningar, smak og vanar. Informasjonen som blir lagd att, blir nytta til å hjelpe annonsørar og reklamefolk til å forstå marknaden. Barn og unge må derfor få opplæring i personvern, og gjerast bevisste på at dei ikkje ukritisk skal fylle ut kjøpeskjema, medlemsskjema mv. på nettet som ber om personlege opplysningar 56. SAFT og MMI Univeros foreldreundersøking 2006 viser at heile 60 prosent av dei spurde føler at dei treng meir informasjon om trygg bruk av Internett. Det er den gruppa som definerer seg sjølv som nybegynnarar, som etterspør slik rettleiing og rådgiving mest. Her svarer 82 prosent at dei føler at dei treng meir informasjon om trygg bruk av Internett. Tryggleiksråd og rettleiing for bruk av nettet gjeld også for mobilbruk.
Dette nasjonale samarbeidet for trygg bruk av Internett har fram til no blitt koordinert av Medietilsynet. Det er fleire aktørar som tilbyr både informasjon og til dels også hjelp i samband med trygg bruk av Internett. Ved sidan av Medietilsynet er tre konkrete dømer Barneombodet, Redd Barna og den ideelle organisasjonen BarneVakten. Samstundes har Utdanningsdirektoratet utarbeidd ein eigen læringspakke om IKT-tryggleik til bruk i IKT-undervisninga. Kvar på sin måte arbeider desse for å auke foreldre og andre vaksnes kunnskapar om barn og medium gjennom å informere og gi gode råd. Aktørane har eit utstrekt arbeid seg imellom der det overordna føremålet er å verne barn mot skadeleg informasjon gjennom media.
Til dømes vil Kunnskapsdepartementet, IKT-Norge, Microsoft, Telenor og Medietilsynet sitt SAFT-prosjekt i samband med den Europeiske Trygg bruk-dagen 2007 gi ut eit eige spesialbilag av Donald Duck om trygg og sikker bruk av Internett. Spesialbilaget vil distribuerast via Donald Duck og i tillegg til alle fjerdeklassingar i Noreg. Eit slikt bilag er tidligare laga i andre europeiske land med stor suksess.
Barne- og likestillingsdepartementet og Kultur og kyrkjedepartementet har i samarbeid med andre aktuelle departement ansvar for ein felles tiltaksplan for tryggare bruk av Internett for barn og unge. Tiltaksplanen er svært viktig fordi arbeidet med å sikre ein tryggare bruk frå mange departement, underliggjande etatar og verksemder, bransjeorganisasjonar, einskildaktørar i marknaden og frivillige organisasjonar blir koordinert og presentert på ein samordna måte.
Trygg bruk av Internett er heller ikkje berre knytt til barn og unge. Blant alle forbrukarar – gamle som unge – er behovet for informasjon, opplæring og ansvarleggjering til stades, og ein ventar at behovet vil auke endå meir.
Boks 4.27 Forståing av eigen tryggleik på nett
Noreg.no ser skilnad på korleis brukarar forstår eller vernar om sin eigen tryggleik på Internett – og tenkjer då på personvern og informasjonstrygging. Ikkje alle er like merksame på dette. Det hender at brukarane sender Noreg.no e-postar med fullstendig utfyllande personopplysningar. Dette kan til dømes vere fødsels- og personnummer og inntekt. Grunnen kan vere at dei forvekslar Noreg.no med den offentlege etaten dei skal til, eller at dei trur at det offentlege er samla i Noreg.no. Alt i alt viser dette ei noko urealistisk forventning til informasjonsteknologien, og Noreg.no har eit inntrykk av at ein del brukarar ikkje har forståing for kompleksiteten og omfanget av det offentlege som informasjonssamfunn
Trygg bruk av nettet er sterkt knytt til sikkerbruk av Internett. Einskildindivid ser ut til å ha ein generell mangel på innsikt omkring IKT-tryggleik, og kva rolle dei sjølve speler som del av eit elektronisk nettverk. Datamaskinar som ikkje er tilstrekkeleg verna kan, utan at eigaren merkar det, bli fjernstyrde og dermed utnytta som plattformer for angrep mot bl.a. kritiske delar av infrastrukturen i internettet. Dette inneber ikkje berre ein risiko for den einskilde brukaren sin integritet eller eigedom, men for Internetts funksjon i stort. Eit «tenestenektsangrep» mot kritiske delar av Internetts infrastruktur kan få konsekvensar for internettbruken verda over. Dette stiller krav til at alle internettbrukarar tek eit større ansvar for eiga åtferd på Internett og tryggleik i sitt eige miljø. Dei tryggingsproblema som finst på Internett i dag er likevel svært komplekse. For at den einskilde skal kunne handle sikkert på Internett og sikre sitt eige miljø blir det kravt eit omfattande medvit og kunnskap om dei ulike tryggleiksutfordringane 57.
Det finst somme nettstader som gir generell orientering om sikker bruk av Internett. Den mest kjende er kanskje Post- og teletilsynets Nettvett.no som blei lansert i april 2005. På Nettvett.no er det lagt ut informasjon og råd om bl.a. surfing, e-post, brannmur, spam, virus, fildeling, chatting, e-handel, vern mot tap og øydelegging, uønskt innsyn i eigen informasjon og vern mot angrep utanfrå.
4.4.3 Utfordringar
Regjeringa ser behovet for å setje i gang tiltak for å vedlikehalde og utvikle digital kompetanse i utsette grupper i befolkninga for å unngå at det utviklar seg for store digitale skilje i åra som kjem. For å sørgje for dette må ein tilby kompetansearenaer for alle. Kompetansearenaene kan vere skulen, arbeidslivet, offentlege arenaer som eit bibliotek eller kommunale servicesenter, kjøpesenter eller til og med heimen.
Ser ein kompetanseutvikling i eit livslang-læringsperspektiv, er det viktig med tiltak for den vaksne befolkninga, i og utanfor arbeidslivet. I motsetning til andre lærande, som studentar og elevar, bruker mange i denne gruppa ikkje IKT til dagleg. Når det gjeld vaksnes læring, kan digital kompetanse vere med på å bidra til å redusere langtidsarbeidsløyse og utstøyting av arbeidslivet. Aktive tiltak mot dei med lågast kompetanse vil i mange tilfelle vere samfunnsøkonomisk lønnsame. Det er ei utfordring å sjå samanhengar på tvers av utdanningspolitikken, men også mellom utdannings- og arbeidsmarknadspolitikken. I etter- og vidareutdanning er digital kompetanse hos vaksne viktig for å utnytte utdanningstilbod der IKT inngår. Vaksne skal kunne utnytte dei moglegheiter elektronisk kommunikasjon gir til dømes gjennom nettsidene til media, elektronisk innlevering av sjølvmeldinga, banktenester på nett, e-handel, innhenting av offentleg og privat informasjon.
Blant anna ser regjeringa det som ei utfordring å gi alle innbyggjarar tilgang til gode og framtidsretta bibliotektenester. Men mange bibliotekbrukarar er allereie kompetente PC- og internettbrukarar. For å møte også desse brukaranes behov må bibliotektilsette også auke sin eigen kompetanse. Det inneber høgare krav til grunnutdanning, samtidig som eksisterande kompetanse må fornyast. ABM-utvikling har derfor i fleire år støtta prosjekt med føremål å auke informasjonskompetansen ved universitets- og høgskulebibliotek og folkebibliotek. Biblioteksektoren er også ein viktig medspelar for skulesektoren. For å møte nye behov i skulen er auka samarbeid mellom bibliotek- og skulesektor om utvikling av metodar for opplæring i informasjonskompetanse og kjeldekritikk viktig. Det handlar blant anna om å flytte den bibliotekfaglege kompetansen inn i klasseromma. Som eit tiltak i den nasjonale lesestrategien «Gi rom for lesing!» skal Møreforsking på oppdrag for Utdanningsdirektoratet gjere ei landsomfattande kartlegging av skulebiblioteka i 2006. Den har fokus på bruk av skulebibliotek og kompetanse i bruk hos elevar, lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar. Det skal gjerast både spørjeundersøkingar og djuparegåande studiar både for grunnskule og vidaregåande opplæring.
Dei som går ut av grunn- og vidaregåande skule, og som manglar den grunnleggjande digitale kompetansen for å fungere tilfredstillande i arbeidslivet, vil bli følgd opp i eit samarbeid mellom utdanningsmyndigheitene og arbeids- og velferdsforvaltninga. NAV-reforma er eit viktig verkemiddel som rettar seg mot dei som av ulike grunner har behov for særleg tilrettelegging og tilbod for å komme i arbeid. Digital kompetanse vil i mange tilfelle vere heilt nødvendig for å kunne delta i arbeidslivet. IKT-kompetanse vil stå sentralt i oppbygginga av denne reforma/institusjonen.
Etter- og vidareutdanning er eit av dei viktigaste verktøya vi har for å kvalifisere folk til eit yrkesliv som stadig blir endra, både i struktur og arbeidsmåtar. Regjeringa ser ei utfordring i å leggje til rette for er eit meir inkluderande arbeidsliv med plass til ulike menneske med ulike evner. I 2006 har regjeringa gjennom Kunnskapsdepartementet oppretta eit «Program for basiskompetanse i arbeidslivet». Programmet gir støtte til private og offentlege verksemder som gir opplæring i lesing, skriving, matte og IKT til eigne tilsette og arbeidssøkjarar, og då med vekt på IKT-kompetanse. Vox – nasjonalt senter for læring i arbeidslivet – har det faglege ansvaret for programmet. Etter ein søknadsrunde i 2006 er 14,5 millionar kroner i støtte fordelt mellom 64 bedrifter og verksemder som skal drive opplæring i grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving, matematikk og IKT. For 2007 er det totalt sett av 35 millionar kroner. Av desse midlane er 10 millionar kroner del av handlingsplanen mot fattigdom 58.
Biletet av dei eldre som gruppa med dei dårlegaste digitale ferdigheitene har ikkje endra seg særleg dei seinare åra. Samtidig ser vi at dei negative konsekvensane av å ikkje delta på nettet stadig blir større. Offentleg sektor satsar store midlar på utvikling av nettbaserte tenester som også har seniorar som viktig målgruppe. Eldre over 60 år og pensjonistar er storforbrukarar av skranketenester 59. Dei som nyttar nettenester, både frå det offentlege og det private, får i stor grad lønn for strevet gjennom til dømes lengre innleveringsfristar, billegare billettar og lågare gebyr. Situasjonen vil kunne endre seg etter kvart som meir teknologivande generasjonar når denne alderen, men ein må gå ut frå at desse utfordringane vil vere til stades i mange år framover. Vi treng meir kunnskap om korleis digitaliseringa av velferdssamfunnet påverkar eldres sosiale deltaking, og kvifor dei opplever det digitale samfunnet som ekskluderande. Mange eldre finn også andre metodar for å meistre kvardagen i eit digitalt velferdssamfunn. Korleis ordnar dei seg i så fall?
Det frivillige Noreg vil kunne ha ei nøkkelrolle i mobiliseringa av ein del av dei aldersbestemte gruppene vi ser fell utanfor i dag. Regjeringa ved Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Kunnskapsdepartementet støttar tiltak som Seniornett økonomisk, og ønskjer framover å halde fram med støtte til ideelle organisasjonar som ønskjer å medverke til å auke den digitale kompetansen i befolkninga. Offentlege tenesteytarar bør i større grad inngå samarbeid med både arbeidslivet og ideelle verksemder for å betre den digitale kompetansen i den vaksne delen av befolkninga.
Offentlege kontor som NAVs brukarstader, kommunale servicetorg og andre publikumsetatars brukarstader bør òg vere arenaer der ein kan tilby rettleiing og hjelp til å nytte det offentlege sine tenestetilbod på nett 60. På same vis kan òg private aktørar innan media, finans, varehandel og reiseliv utfordrast til å ta ansvar for å hjelpe brukarane med rettleiing slik at dei meistrar deira løysingar fullt ut.
Boks 4.28 Seniornett
Seniornett Noreg er ei ideell medlemsforeining, med føremål å bidra til at seniorar (55+) deltek aktivt i informasjons- og kommunikasjonssamfunnet. I tillegg til den årlege SeniorSurf-dagen arbeider laget med å etablere lokale Seniornett-klubbar, der tiltak som utvikling av teknisk støtteapparat, kurstilbod og heilårleg tilbod om rettleiing for medlemmene står på programmet. Verksemda er basert på innsats frå ei rekkje frivillige, og målet er ein klubb i kvar kommune.
I seks år har det vore arrangert SeniorSurf-dag over heile landet, med tilbod om gratis rettleiing i å bruke Internett. Over 30 000 seniorar har delteke hittil, på over 600 møteplassar over heile landet.
Seniornett fekk i november 2006 ein ekstra million i støtte frå Fornyings- og administrasjonsministeren.
Sjå også http://www.seniornett.no
Eit utdanningssystem tilpassa elevanes og studentanes medievanar
Eit rikt og tilgjengeleg tilbod av digitale læringsressursar av høg kvalitet innanfor alle fag, er ein føresetnad for ei vellykka integrering av IKT i læringsarbeidet. Digitale læringsressursar gir gode moglegheiter for å tilpasse læringsbehova til ulike lærande innanfor ei rekkje kompetanseområde
Barn og unge blir eksponerte for og tek i bruk digitale medium og tenester på eit stadig tidlegare stadium, og mange har tileigna seg nokre digitale ferdigheiter allereie før dei begynner på skulen. Skulen har som oppgåve å skape gode vilkår for læring for alle elevar, uavhengig av ressursar heime. Ein kan ikkje oppnå sosial utjamning dersom ein for å lykkast i opplæringa må ha ressursar som somme elevar ikkje har tilgang til. Dersom sider ved skulegangen er avhengig av at heimen kan bidra økonomisk eller avheng av læringsressursar som er ulikt fordelte, vil dette kunne føre til forskjellar mellom elevane. Digitale ferdigheiter er ein integrert del av alle fag, og sjølv om mange huslydar med barn har tilgang til PC og Internett, vil ei gruppe elevar mangle tilgang til det utstyret som er nødvendig for å gjere lekser heime. Det vil kunne medverke til større forskjellar mellom elevar med ulik familiebakgrunn.
Men barns kjennskap til ny teknologi må skulen utnytte der det er mogleg. Mange barn og unge har omfattande erfaringar med bruk av spel. Desse nedfeller seg i forventningar til spel og i dei evalueringskriteria som dei legg til grunn, også når spelformatet er tenkt nytta i ein læringskontekst. Ungdommar påpeiker at spel må vere fengjande. Med dette meiner dei at spel må ha ein eigendynamikk og logikk, som gjer at spelaren raskt kan plassere seg inn i ei oversiktleg forteljing samtidig som dei blir utfordra på eigne ferdigheiter og kompetanse. I tillegg ønskjer dei ikkje at utfallet er kjent. Spelet blir drive fram av si eiga forteljing. Desse kriteria legg dei til grunn for korleis dei evaluerer også læringsspel. 61
Boks 4.29 Konstruksjon av ei virtuell verd ved Fjell ungdomsskule
Fjell ungdomsskule, i Hordaland, bruker læringsspelet Active Worlds Educational Universe (AWEDU) som ein del av undervisninga. Det er eit online 3D-rollespel der klassane får kvar si «verd», og kvar elev får sin online identitet representert i ein «avatar». Elevane kommuniserer via chat på engelsk, dei byggjer hus og andre installasjonar som skal vise kva dei har lært i eit realfagsprosjekt, og dei bruker blogg til å reflektere rundt læringsprosessane. AWEDU er ei simulering; ein virtuell tumleplass for presentasjon og kommunikasjon, men grafisk og funksjonsmessig liknar AWEDU mykje på store kommersielle online rollespel. Både lærarar og elevar fekk kurs i programvaren før den blei teken i bruk. Skulen er svært fornøgd med AWEDU, elevane har vist større forståing for realfag, særleg matematikk. I tillegg har den sosiale dimensjonen ved spelet hatt ein positiv effekt; faglege «outsiderar» har blitt meir inkluderte gjennom å delta som «avatarar» i den virtuelle verda. Frå og med hausten 2006 skal fem ungdomskular i regionen delta i eit internasjonalt prosjekt der dei skal samarbeide virtuelt med ungdomsskular i Polen.
Det er såleis viktig at skulen ikkje ser på dei unges digitale kultur som ein trussel mot skulens innhald og arbeidsformer, men klarer å avvege si rolle i forhold til dei yngres digitale medievanar. Skulen må ha ei velutvikla omverdorientering og -analyse for å fange opp det betydelege potensialet for læring og samarbeid som ligg i dei teknologiar som raskt kjem i bruk hos barn og unge, til dømes gjennom såkalla Web 2.0-teknologiar. 62
Det er nødvendig å styrkje kunnskapsgrunnlaget for bruk av IKT i opplæringa. Kunnskapsdepartementet vil sjå nærmare på korleis ein kan få auka utbytta av pedagogisk IKT-forsking, mellom anna om samhandlinga mellom IKT-modulen innanfor Noreg forskingsråds program Kompetanse, utdanning og læring og verksemda til ITU bør bli betre.
Men bruk av IKT i utdanninga kan ikkje fjerne det grunnleggande faktum at ting tar tid og læring krev modning, innsats og konsentrasjon. Det tar tid å lære multiplikasjonstabellen. Det tar tid å sette seg inn i historias utvikling. Det tar tid å lære seg engelske gloser og engelsk gramatikk. Det tar tid å sette seg inn i et matematisk bevis. Det tar tid å lese ti sider. All verdens datamaskiner kan ikkje fjerne disse grunnleggande fakta. Bruk av IKT i undervisning og opplæring kan derfor aldri bli noe trylleformular som automatiserer eller fjernar det sunne strevet med å tilegne seg nye kunnskapar.
På same måte som grunnopplæringa er det viktig at norske universitet og høgskular i sin teknologibruk er tilpassa studentanes medie- og teknologivanar. Her er det ikkje berre tale om dei vanar studentane har med seg inn i høgre utdanning. Det er også nødvendig at studentar blir lærte opp i og nyttar IKT i studiearbeidet på eit vis som gjer at dei meistrar IKT slik dei vil møte det i arbeidslivet og samfunnet elles. Dette inneber opplæring og bruk av dei vanlegaste formene av IKT for alle studentar og opplæring i meir spesialisert og avansert bruk der det er nødvendig. For å bli oppfatta som attraktive studiestader, både for norske og utanlandske studentar, blir det i åra framover viktig for norske lærestader at dei kan tilby digitale læringsmiljø og læringsressursar og høg fleksibilitet i undervisninga gjennom bruk av IKT. IKT-støtta utdanning kan med andre ord medverke til å styrkje lærestadene si konkurranseevne i utdanningsmarknaden, både når det gjeld grunnutdanning og etter- og vidareutdanning. St. meld. nr. 27 om kvalitetsreforma peiker på at det er nødvendig at lærestadene har eit strategisk perspektiv på bruk av IKT i utdanninga.
Tryggleik på nett
Regjeringa er bekymra for tryggleiken til barn- og ungdom på nettet. Justisdepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på tiltak for å førebyggje Internett-relaterte overgrep mot barn. Gruppa vil levere sine tilrådingar i januar 2007, og Regjeringa vil vurdere forslaga til tiltak. Barn, unge og vaksne treng ein open dialog om etisk bruk av nettet, i staden for at det blir ei hemmeleg ungdomsverd. For at foreldre skal kunne gi barn nødvendig oppfølging, må dei sjølve vere oppdaterte på utviklinga på Internett og digitale medium. SAFTs barneundersøking viser klare indikasjonar på at foreldre har liten kunnskap om barn og unges faktiske Internettbruk. Regjeringa ser det som ei utfordring å få skulen og foreldra i fellesskap til å ta eit ansvar både som rettleiarar og grensesetjarar. Alle som arbeider med barn og unge, skal ha kunnskap om barn og unges mediebruk, og korleis dei positivt kan utnytte dette i læringsarbeid og møte med barn. Regjeringa ønskjer trygge rammer rundt barn og unges bruk av Internett og nye medium og vil ha fokus på dette blant anna i arbeidet med tiltaksplanen «Barn, unge og Internett». Utdanningsdirektoratet vil også trappe opp sin innsats på dette området. Regjeringa vil satse på ei meir fokusert informasjons- og kunnskapsformidling om trygg internettbruk (irekna etiske/juridiske problemstillingar) på nasjonalt nivå. Det skal fokuserast på best mogleg koordinering av dei nettressursane som allereie eksisterer for å få høgast mogleg utbyte av ulike tiltak, og nye skal eventuelt setjast i verk. Det er viktig at dette arbeidet byggjer vidare på dei erfaringar som allereie er gjorde.
4.4.4 Regjeringas tiltak
Tiltak 4.9: Offentlege verksemder skal bidra til digital kompetanseutvikling.
Offentlege verksemder skal bidra til ei digital kompetanseutvikling i befolkninga, ved i større grad å inngå samarbeid både med arbeidslivet og ideelle verksemder.
Offentlege kontor med publikumstenester vert oppmoda til å opprette publikumsterminalar og organisere rettleiing for å sikre tilgang til elektroniske tenester for den delen av befolkninga som ikkje har tilgang til datautstyr heime eller på arbeidet.
Tiltak 4.10: Informasjonen som blir gitt til skular, foreldre, unge og forbrukarar knytt til trygg bruk av Internett, skal koordinerast ytterlegare
Dette er ei oppfølging av tiltaksplanen «Barn, unge og Internett», ein felles tiltaksplan for tryggare bruk av Internett for barn og unge. Her blir arbeidet med å sikre ein tryggare bruk frå mange departement, underliggjande etatar og verksemder, bransjeorganisasjonar, einskilde aktørar i marknaden og frivillige organisasjonar koordinert og presentert på ein samordna måte.
Tiltak 4.11: Kunnskapsløftet skal følgjast opp
Arbeidet med å sikre alle elevar digital kompetanse som ei grunnleggjande ferdigheit, blir følgt opp i tilknyting til innføringa av Kunnskapsløftet. Det same gjeld arbeidet med å sikre alle lærarar nødvendig kompetanse og ferdigheiter til å utnytte IKT i undervisning og læring.
Universitet og høgskular skal medverke til ei digital kompetanseutvikling blant studentar og fagfolk som ein integrert del av eiga verksemd innanfor utdanning og forsking. Lærestadene skal samspele med nasjonale tiltak som UNINETT og Noregsuniversitetet om å vidareutvikle ein god og effektiv bruk av IKT i norsk høgre utdanning.
Fotnotar
Statistisk sentralbyrå (2006). Bruk av IKT i husholdningene.
Med breibandsdekning meiner vi den delen av befolkninga som har moglegheit for å få breiband. Det er ikkje det same som at 95 prosent av befolkninga har eit breibandsabbonement.
Teleplan (oktober 2006). Nexia (september 06).
Statistisk sentralbyrå (2006). Bruk av IKT i husholdningene.
Utdanningsdirektoratet (2005), Kartlegging og rapportering av utstyrs- og driftssituasjonen i grunnopplæringa.
Teleplan (mai 2006). Analysen er basert på tal frå grunnskulanes informasjonsregister (GSI).
44 prosent av elevane i vidaregåande opplæring har tilgang til breiband med kapasitet på frå 10 til over 100 Mbp/s.
Høykom-programmet på oppdrag frå Noregs Forskingsråd (2003), Skole for digital kompetanse.
TNS Gallup (3. kvartal 2006), Interbuss.
Statistisk sentralbyrå (2006). Bruk av IKT i husholdningene.
Utdanningsdirektoratet (2005), Kartlegging og rapportering av utstyrs- og driftssituasjonen i grunnopplæringa.
Ikkje alle desse er knytte til Internett.
Desse er nærmare omtalte under punkt 4.2.3.
UNINETT driv nett og nettenester for universitet, høgskular og forskningsinstitusjonar, og handterer andre nasjonale IKT-oppgåver. Kunnskapsdepartementet eig selskapet.
Upublisert statistikk frå ABM-utvikling.
Statistisk sentralbyrå (2006), Rapporter 2006/14: Undersøking om bibliotekbruk.
Statistisk sentralbyrå (2005), Bruk av IKT i kommunene og fylkeskommunene.
Statistisk sentralbyrå (2006). Bruk av IKT i husholdningene.
Dette er gitt meir omtale under punkt 4.4 om digital kompetanse.
ITU (2004), Skulens digitale tilstand 2003.
ABM-utvikling (2005), Rapport fra kartlegging av digitalisert digitalisering i abm-sektoren.
Katalogane er oversikter over det samlinga inneheld, ikkje sjølve samlinga.
http://www.digitalarkivet.no
http://www.filmarkivet.no
Dette arbeidet er nærmare omtalt i avsnitt 6.3.7 «Vidarebruk av offentlege data».
SSB (2002), Levekårsundersøkelsen om helse, omsorg og sosial kontakt.
OECD (2005), ALL-undersøkinga.
Rådet for funksjonshemma (1997), Universell utforming. Planlegging og design for alle.
http://www.Noreg.no/kvalitet/
Sosial- og helsedirektoratet og Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne (2006), Full deltaking for alle, delrapport IKT
ITU (2005), Digital skole hver dag.
HØYKOM (2003), En utredning for programstyret i HØYKOM: Skole for digital kompetanse. Om framtidige behov for bredbånd i utdanningssektoren.
TNS Gallup (2006), Interbuss nr. 3 2006.
Eurostat (2006), 2005 Community survey on ICT usage in househalds and by individuals.
Utdannings- og forskingsdepartementet, program for digital kompetanse (2004), Digitale kjønnskiller? En rapport om kjønn og IKT.
Statistisk sentralbyrå (2006), Bruk av IKT i husholdningene.
TNS Gallup (2006), Interbuss nr. 3 2006.
Eurostat (2006), 2005 Community survey on ICT usage in househalds and by individuals.
Vox (2006), Vaksnes læring 2006 - tilstand, utfordringar, anbefalinger.
Vox er det nasjonale senteret for læring i arbeidslivet
FAFO (2002), Rapport 385: AFP-pensjonisten: sliten eller frisk og arbeidsfør?
ITU (2005), Digital skule kvar dag.
Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi.
ITU (2004), Rapport forskinga i PILOT.
Ei rekkje fag har kunnskapsmål som viser spennet i grunnleggjande digitale ferdigheiter. Elevar i norsk på tredje og fjerde trinn skal ”foreta informasjonssøk, skape, lagre og gjenhente tekster ved hjelp av digitale verktøy”, mens elevane i 5.-7. trinn skal ”bruke digitale skriveverktøy i skriveprosesser og i produksjon av interaktive tekster”.
Ungdomsstyrelsen (2006), New game: Om unga och datorspell.
Gee, J. P. Common Ground (2005). Why videogames are good for your soul: Pleasure and learning.
Egefeldt-Nielsen, S. København: IT-Universitetet (2005): Beyond edutainment.
Som omtalt i boks 4.8.
Som omtalt i boks 4.5.
OECD (2005), Are Students Ready for a Technology-Rich World? What PISA Studies Tell Us.
http://www.pisa.oecd.org.
Norgesuniversitetet (2006), Utredning om digital tilstand i høyere utdanning og Utredning om digital tilstand i høyere utdanning, fase II.
Jf. kapittel 7.3.2.
Petter Bae Brandtzæg, Sintef IKT, Aftenposten 18.1.2005: ”Digital dannelse er blitt en nødvendighet, både for voksne og barn”.
Personvernspørsmål er behandla i kapittel 8.
IKT-tryggleik og sikker bruk av Internett er nærmare handsama i kapittel 9 ”IKT-tryggleik”.
Tiltaket er nærmare omtalt under punkt 6.3.2 «Næringslivet treng både brukarkompetanse og spisskompetanse».
FAFO (1998), Nye tjenester på postkontorene, Fafo-rapport 249.
Jf. tiltak 4.3.
ITU (2004), Siida - spillet om fortiden, kampen om fremtiden.
Jf. kap. 2.2.1 om «deltakernettet».