St.meld. nr. 17 (2006-2007)

Eit informasjonssamfunn for alle

Til innhaldsliste

5 Forsking og utvikling

Forsking har vore og vil vere heilt avgjerande for utviklinga innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og for bruk av teknologien. For det første er IKT eit eige forskingsfelt for utvikling og bruk av teknologien. For det andre er IKT eit viktig verktøy innanfor så å seie alle forskingsområde. Ny teknologi og betre bruk av teknologi kan derfor verke med til å drive vitskapen framover. For det tredje er det nødvendig å framskaffe kunnskap om korleis IKT er med på å endre samfunnet, bl.a. gjennom nye former for organisering, kommunikasjon og informasjonsflyt. IKT-forsking dekkjer derfor eit breitt felt som vil krevje ei omfattande satsing i åra som kjem.

5.1 Forskingspolitiske ambisjonar og prioriteringar

Forsking og utvikling vil vere avgjerande for å sikre eit kunnskapsbasert og innovativt samfunn i framtida. Regjeringa har som mål å auke den samla forskingsinnsatsen i Noreg til tre prosent av bruttonasjonalprodukt innan 2010. Dette er eit ambisiøst mål, som legg til grunn ei kraftig offentlig satsing og ein sterk auke i FoU-innsatsen til næringslivet.

Regjeringas overordna prioriteringar i forskingspolitikken følgjer hovudlinjene i St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning. Prioriteringa har tre dimensjonar, sjå fig. 5.1. Den første dimensjonen er den strukturelle: Langs denne dimensjonen skal internasjonalisering vere eit gjennomgåande perspektiv. Vidare skal grunnforskinga styrkjast, med særleg vekt på kvalitet og forsking innanfor matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag. Den tredje strukturelle prioriteringa er forskingsbasert innovasjon og nyskaping, irekna forsking for auka innovasjon i offentleg sektor. Den andre dimensjonen gjeld styrking av forsking innanfor dei fire tematiske områda energi og miljø, mat, hav og helse. Den tredje dimensjonen omfattar dei tre teknologiområda informasjons- og kommunikasjonsteknologi, bioteknologi og material- og nanoteknologi.

Figur 5.1 Prioriteringar i norsk forskingspolitikk.

Figur 5.1 Prioriteringar i norsk forskingspolitikk.

Kjelde: St.meld. nr 20 (2004 – 2005)

Oppfølginga av ambisjonane og prioriteringane vil bidra til ei brei styrking av norsk IKT-forsking. I tillegg til at IKT er definert som eitt av tre prioriterte teknologiområde, vil IKT bli styrkt gjennom dei andre prioriteringane. Breie satsingar på internasjonalisering, grunnforsking og forskingsbasert nyskaping vil i stor grad komme IKT-forskinga til gode. Vidare vil IKT kunne vere ein viktig del av dei tematiske satsingane og dei andre teknologiområda.

Regjeringa vil leggje til rette for meir IKT-forsking retta mot problemstillingar i nordområda. Auka innsats innafor klima, miljø, helse, marine ressursar, petroleumsverksemd, sjøtransport, tryggleik og beredskap og overvaking, vil krevje omfattande bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i forskinga. Regjeringa si satsing i nordområda vil såleis både utnytte eksisterande kompetanse og samtidig bidra til auka kompetanse i den norske IKT-forskinga, IKT-bransjen og næringslivet elles. Dette gir auka verdiskaping i nord òg ei styrking av IKT-sektoren nasjonalt.

Norsk IKT-forsking skal vere av høg kvalitet og ha eit omfang som mogleggjer innovasjon og nødvendig kompetanse i samfunn og næringsliv. Den skal medverke til auka deltaking i informasjonssamfunnet og leggje til rette for auka produktivitet og verdiskaping i privat og offentleg sektor og gjennom dette bidra til auka velferd. Norsk IKT-forsking skal gi opphav til produkt og tenester av høg internasjonal kvalitet. På viktige område skal Noreg ved hjelp av forskingsinnsats vere eit føregangsland for bruken av avanserte IKT-løysingar.

5.2 Betydninga av IKT-forsking for informasjonssamfunnet

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien er global, men den nasjonale forskinga og kunnskapen er likevel avgjerande for evna til å utnytte teknologien. IKT-næringane er forskingsintensive, og forskinga har først og fremst vore knytt til komponentar og måten dei blir sette saman på i data- og kommunikasjonssystem. Men auka utbreiing av IKT vil også føre til eit auka behov for forsking omkring bruk av teknologien.

Noreg investerer betydelege beløp i utstyr og system basert på IKT. Utstrekt bruk reiser utfordringar ved at bransjar, organisasjonar, menneskeleg åtferd og samfunnets rammevilkår må bli tilpassa informasjonssamfunnet. Ufordringane kjem ikkje minst fordi systema blir meir komplekse, og påverkar samfunnet på måtar vi tidlegare ikkje har sett. Konsekvensane er uoversiktlege og det er nødvendig med ny kunnskap, ikkje berre reaktivt for å forstå dei, men også normativt for å påverke utviklinga i ei retning ein ønskjer.

Kapittel 3 beskriv korleis IKT bidrar til produktivitetsvekst og verdiskaping i samfunnet. Produktivitet og verdiskaping avheng mellom anna av innovasjon og forsking om teknologi, kunnskap om måten teknologien kan nyttast på og kompetanse til å utnytte moglegheitene.

Nyare forsking 1 gir grunnlag for å seie at teknologisk utvikling vil spele ei sentral rolle i tida framover og at forskingspolitikken må vere rusta til å stimulere spreiing av ny teknologi inn i dei økonomiske vekstmekanismane. Som i førre hundreår, vil den nye teknologien som får størst betydning ikkje vere utvikla i Noreg. Ny IKT-teknologi, ny transportteknologi, ny medisinsk teknologi og heilt nye oppdagingar som vi i dag ikkje kjenner, vil i endå større grad få sitt opphav frå forskingsmiljø som no har ein aukande kapasitet internasjonalt fordi dei fleste land investerer kraftig i sine forskingsmiljø. Investering i eiga forsking aukar landets evne til å forstå, innhente og utnytte ny teknologi til framtidig verdiskaping.

Det er i dag gode utsikter til å hauste av norske IKT-investeringar. Dersom det skal skje, må landet bli flinkare til å utnytte dei moglegheitene som teknologien gir. Dette krev forsking og kunnskap, om korleis vi bruker og set i verk produkt og tenester i organisasjon og administrasjon, og om korleis vi får ut gevinstane ved dei investeringar som blir gjorde. Dette inneber både forsking om bruk av IKT generelt og forsking og utvikling i IKT-næringane.

Investeringar i IKT-forskinga er lågare i Europa enn i USA. I følgje ein studie utført for det franske forskingsdepartementet i 2005 2 var USAs utgifter til IKT-FoU meir enn det dobbelte av talet for EUs 15 medlemsland før siste utviding. USA brukte høvesvis 63 og 71 milliardar dollar i 1999 og 2005 til IKT-FoU, mens tilsvarande tal for EU-15 var høvesvis 29 og 32 milliardar dollar. IKT-forskinga er det einaste industrielle forskingsområdet der det er eit så stort gap mellom USA og EU-15. Mens gapet innan IKT-FoU er på 30 – 40 milliardar dollar i USAs favør, er det til dømes berre to til fire milliardar dollar i flyindustrien. I andre næringar bruker EU meir enn USA på forsking, blant anna innan bilindustrien, kjemisk og farmasøytisk industri. Tala kan indikere eit potensial for auka verdiskaping ved hjelp av IKT i Europa.

Nyare forsking i Noreg viser at ein vesentleg del av forskingsprosjekt der IKT inngår, leier til innovasjon. Innovasjon blir ofte resultatet, fordi informasjons- og kommunikasjonsteknologien er grensesprengjande med omsyn til nye organisasjonsformer, arbeidsmåtar og andre nye moglegheiter. Også utvikling av nye offentlege tenester og effektivisering av forvaltninga byggjer på ny og oppdatert IKT-kompetanse basert på forskning. I tillegg blir samfunnet påverka av nyvinningar knytte til IKT som både kan ha tilsikta og utilsikta verknader. Forsking og kunnskapsutvikling er derfor nødvendig.

5.2.1 Offentleg forvaltning har behov for IKT-forsking

Norsk offentleg forvaltning har over fleire år gjennomført radikale endringar med monaleg effektivisering som resultat. Det vidare fornyingsarbeidet inneber òg omstillingar som krev ny kunnskap. Deltaking i FoU-prosjekt og –program er viktig, både for å dele kostnader og erfaringar og for å unngå fragmentert innhenting av kunnskap. At etatane ofte har vore stilte overfor korte tidsfristar for å gjennomføre nye løysingar, har ikkje alltid gitt tilstrekkeleg tid til å setje i gang forskings- eller utviklingsprosjekt og søkje om nasjonale eller internasjonale forskingsmidlar. Etatane har i staden utvikla løysingane ved hjelp av eigne eller innleigde ressursar.

Dette blei blant anna synleggjort i EUs 6. rammeprogram der temaområdet «eGovernment» inngjekk i to prosjektrundar i 2003 og 2005. Den norske deltakinga i slike prosjektrundar har normalt vore god, men i 2003 var det ingen søknader med norsk deltaking innan dette temaområdet som nådde fram. I 2005 derimot var «eGovernment» eit av områda der norske søkjarar gjorde det best. Det viste seg seinare at omstillingskrava som etatane hadde måtta ta omsyn til rundt 2003, hadde vore så krevjande at etatane måtte leggje si deltaking i langsiktig internasjonalt forskingssamarbeid mellombels til side. I 2005 kom norske etatar sterkt tilbake og dei løysingane som i mellomtida var blitt sette i verk, viste seg å halde høgt internasjonalt nivå. Døme på offentlege institusjonar som er aktive i internasjonalt IKT-forskingssamarbeid er Brønnøysundregistra 3 og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane 4.

Eit verkemiddel innan IKT-forsking er forskings- og utviklingskontraktar som Innovasjon Noreg administrerer, jf. kap. 6. Ordninga skal stimulere til auka innovasjonsaktivitet og baserer seg på eit forpliktande samarbeid om produktutvikling mellom ein leverandør og ein offentlig etat eller ei privat bedrift.

5.2.2 Norsk IKT-forsking har gitt resultat

Noreg har ingen store, internasjonale industrilokomotiv innan IKT-næringane, slik som Finlands Nokia eller Sveriges Ericsson. Desse selskapene står for hovuddelen av forskinga i IKT-næringane i dei to landa. Derimot har Noreg dyktige forskingsmiljø knytte til mellomstore og mindre bedrifters behov for spesialtilpassa IKT-produkt og programvare. Telenor er den største einskildbedrifta i dei norske IKT-næringane, og er ei av Noregs største FoU-bedrifter. Dessutan har norsk anvendt forsking og grunnforsking eit solid fagleg utgangspunkt og har demonstrert innovasjon og berekraft i resultata, blant anna gjennom utvikling av programmeringsspråket SIMULA, industristandarden GSM og søkjemotoren til FAST. Alle tre vitnar om stor kompetanse innan programvareutvikling og viser at det er verdt å satse på norsk IKT-forsking på dette området.

Boks 5.1 SIMULA og FAST

Programmeringsspråket Simula – ein tidleg norsk forskingssuksess

Professorane Kristen Nygaard (1926 – 2002) og Ole-Johan Dahl(1931 – 2002) er opphavsmennene bak programmeringsspråket Simula som blei utvikla ved Norsk Regnesentral i 1960-åra. Simula introduserte såkalla objektorientert programmering der tenkjemåten er at systemet som blir beskrive blir delt inn i einingar kalla objekt og at kvart objekt blir beskrive gjennom eit sett data som definerer tilstanden til objektet og eit sett handlingar som objektet kan utføre. Oppdeling i objekt som kan beskrivast og forståast uavhengig av resten av programmet gjer at større programsystem blir langt meir oversiktlege og at det blir lettare for fleire programmerarar å arbeide på same programsystem. I tillegg fører objektorientering til at ein kan utnytte at beskrivne objekt ofte liknar på kvarandre eller på objekt andre programmerarar tidlegare har beskrive. Objektorienterte språk inneheld derfor mekanismar som gjer at viktige generelle eigenskapar kan bli oppgitte i meir generelle objektskildringar (eller ligg ferdig beskrivne i bibliotek knytte til programmeringsspråket). Når programmerarar skal beskrive eit objekt kan dei enkelt la det «arve» eigenskapar frå dei meir generelle objekta. Slik sparer ein mykje duplisering av arbeid.

Ettersom objektorienteringa gjer det langt enklare å handtere store datasystem er programmeringsspråk som Java og C++ objektorienterte. For sitt arbeid med å utvikle dei sentrale omgrepa innan objektorientering blei Kristen Nygaard og Ole-Johan Dahl tildelt dei prestisjetunge utmerkingane John von Neumann-medaljen i 2001 og Turingprisen (etter Alan Turing) i 2002. Desse blir rekna som dei høgaste utmerkingane det er mogleg å få for dataforskarar.

FASTSearch and Transfer – eit eksempel på nyare norsk forskingssuksess

Søkjemotorselskapet FAST har utspring frå NTNU, og har sidan slutten av 1990-åra blitt kjend internasjonalt for sin teknologi. FAST blei i juni 2006 einaste bedrift som fekk tilslag som vertsinstitusjon for eit av dei nyoppretta Senter for forskingsbasert innovasjon (SFI) – dei andre har forskingsinstitusjonar som vertskap. FASTs SFI Information Access Disruptions – iAd skal identifisere moglegheiter og utvikle neste generasjons søkjeverktøy som kan trekkje brukarvennleg informasjon ut av store komplekse datamengder. Forskingspartnarar er NTNU, UiO, Universitetet i Tromsø og BI. Bedriftspartnarar er Schibsted og Accenture.

SFI vil motta om lag ti millionar kroner i året frå Forskingsrådet i åtte år framover. I tillegg skal FAST bruke tilsvarande sum sjølv. Eit nasjonalt laboratorium med filialar i Trondheim, Tromsø og Oslo er under oppretting. Målet er å forske seg fram til endå raskare og meir presise søkjetenester. Det skal òg forskast på korleis datamaskinar kan arbeide betre saman og på nye forretningsmodellar.

5.3 Status og finansiering av norsk IKT-forsking

IKT-forsking går føre seg i næringslivet, ved forskingsinstitutt, universitet og høgskolar. Forskinga rommar mange fagdisiplinar, skjer i mange næringar og omfattar både grunnforsking og utvikling.

I 2003 utgjorde dei samla driftsutgiftene til IKT-forsking i Noreg 5,3 milliardar kroner, fordelte med 4,3 milliarder i næringslivet, noko over 700 millionar kroner i instituttsektoren og nærmare 300 millionar kroner i universitets- og høgskolesektoren.

I tiårsperioden 1993 til 2003 har det vore ein sterk realvekst i driftsutgiftene til IKT-forsking i næringslivet, mens det har vore reell nedgang i universitets- og høgskolesektoren og instituttsektoren, likevel med ein viss oppgang etter 2001, sjå fig. 5.2.

Ei internasjonal evaluering av norsk informatikkforsking frå 2002 konkluderte med at fagområdet held eit gjennomgåande høgt internasjonalt nivå, men at ressursinnsatsen er for låg til å utnytte potensialet fullt ut. Evalueringa gjaldt grunnforskingsmiljøa ved fire universitet, fire høgskoler og universitetsstudiene på Kjeller.

Figur 5.2 Driftsutgifter til FoU innanfor IKT 1993 – 2003
 etter sektor for utføring. Faste 2000-priser.

Figur 5.2 Driftsutgifter til FoU innanfor IKT 1993 – 2003 etter sektor for utføring. Faste 2000-priser.

Kjelde: FoU-statistikk SSB/NIFU STEP

Næringslivet står for litt under halvparten av den totale FoU-innsatsen i Noreg 5. Samla utførte næringslivet FoU innan IKT for cirka 4,3 milliardar kroner i 2003, omtrent ein tredjedel av næringslivets totale FoU-kostnader. IKT står i ei særstilling ved at nesten alle næringar driv med forsking innan dette området. Det er spesielt tenesteytande næringar som konsentrerer innsatsen rundt IKT. Databehandlingsverksemd, der programvare er inkludert, er den einskildnæringa som bruker mest ressursar til FoU i næringslivet. I 2004 stod den for 14 prosent av næringslivets kostnader til eigenutført FoU. Mesteparten av næringslivets FoU er eigenfinansiert.

UoH-sektoren utfører nærmare ein tredjedel av all FoU i Noreg, og står for hovudtyngda av den grunnleggjande og langsiktige IKT-forskinga. I tillegg har institusjonane eit ansvar for å leggje til rette for næringsmessig utnytting av resultat som kjem fram på basis av forsking og anna arbeid utført ved institusjonen, og på den måten syte for at teknologi blir formidla til samfunnet. Alle dei fire store universiteta har sterke miljø innan fleire IKT-felt, og somme høgskolar har satsa tungt på særlege område innan IKT, til dømes Høgskolen i Vestfold innanfor mikroteknologi.

Boks 5.2 Simulasenteret

Forskingssenteret Simula på Fornebu blei oppretta i 2001 for å drive grunnleggjande forsking på høgt nivå på utvalde område innan IKT. Senteret mottek ei samla årleg grunnfinansiering frå det offentlege på 49 millionar kroner. Ei internasjonal evaluering av senteret frå 2005 viser at aktiviteten ved senteret held eit høgt internasjonalt nivå, både når det gjeld vitskapleg kvalitet, effektiv drift og synleggjering av aktiviteten. Det velrenommerte tidsskriftet Journal of Systems and Software rangerte ei av avdelingane ved Simula-senteret som det tredje beste miljøet i Europa og ein av seniorforskarane som den beste i Europa. Senteret har også vist stor evne til å tiltrekkje seg toppforskarar og forskartalent frå andre land.

Instituttsektoren utfører nærmare ein fjerdedel av all forsking i Noreg, og speler ei viktig rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Institutta leverer anvendt forsking til næringsliv og forvaltning og byggjer bru mellom bedrifter og offentlege etatar og akademia. På same vis som instituttsektoren elles, er norske institutt som driv med forsking og uvikling innan IKT hovudsakleg oppdragsbaserte. Dei teknisk-industrielle institutta har ei relativt lita grunnfinansiering. Oppdragsverksemda består i hovudsak av bruksorienterte FoU-prosjekt utført på vegner av offentlege og private verksemder. Ein vesentleg del av prosjekta er delfinansiert gjennom Forskingsrådet. I denne samanheng kan ein merke seg at norske institutt er aktive internasjonalt, og at dei ofte får gjennomslag i konkurransen om midlar i EU. Simulasenteret på Fornebu er eit godt døme på det, sjå boks 5.2.

Offentleg finansiering av forsking byggjer på det såkalla sektorprinsippet, som inneber at kvart departement har eit overordna ansvar for å definere behov og finansiere forsking på og for sin sektor. Forsking innan IKT blir finansiert over budsjetta til mange departement; av Nærings- og handelsdepartementet som eit verkemiddel i nærings- og innovasjonspolitikken, av Samferdselsdepartementet som ledd i å styrkje grunnlaget for ei vidare utvikling av infrastruktur og tenester knytte til elektronisk kommunikasjon, og av Kunnskapsdepartementet med eit særskilt ansvar for grunnforsking og internasjonalt forskingssamarbeid. Fleire departement, blant desse Fornyings- og administrasjonsdepartementet, har eit ansvar for å finansiere forsking retta mot kunnskapsbehovet i offentleg sektor. Det offentlege finansierer IKT-forsking gjennom Noregs forskingsråd, direkte løyvingar til universitet og høgskolar, helseføretak, verkemiddel gjennom Innovasjon Noreg og indirekte gjennom Skattefunn, sjå boks 5.3.

Boks 5.3 Skattefunn

Skattefunn er eit regelstyrt verkemiddel, der føretaka sjølve vel ut prosjekt som bør få støtte. Ordninga gir skatteytarar som driv verksemd i Noreg eit frådrag i skatt på inntil 20 prosent av kostnader til forskings- og utviklingsprosjekt etter nærmare fastsette reglar. Prosjektinnhaldet skal vere godkjent av Noregs forskingsråd. Ordninga er heimla i skatteloven mens godkjenninga av prosjektsøknader blir administrert av Noregs forskingsråd i samarbeid med Innovasjon Noreg.

Heilt sidan starten i 2002 har IKT-bransjen vore den største mottakaren av skattefunnmidlar (etter gruppa anna forretningsmessig tenesteyting). For inntektsåret 2005 fekk IKT-bransjen godkjend FoU-prosjekt som var budsjetterte til 1,6 milliardar kroner i alt. Dersom prosjekta blir gjennomførte i samsvar med dei godkjende søknadene gir dei rett til skattefrådrag på 274 millionar kroner. I tillegg kjem skattefunnstøtta IKT-FoU utført i andre bransjar. Prosjekt med IKT og tenesteyting som hovudaktivitet er sterkt utbreidde i så å seie alle bransjar. Bl.a. utgjorde denne type prosjekt 47 prosent innanfor maritim sektor og 42 prosent innanfor olje- og gassektoren i 2004.

Av den akkumulerte prosjektverdien for alle bransjar på 9,5 milliardar kroner i 2005, var 2,2 milliardar kroner innanfor teknologikoden Informasjonsteknologi, og 1,4 milliardar kroner innanfor Elektronikk/datautstyr/kommunikasjon. Desse to IKT-relaterte teknologikodane stod dermed for 37,7 prosent av den akkumulerte prosjektverdien av innfridde søknader og 1704 av totalt 5123 prosjekt.

I regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2007 blir det berekna at vel 33 prosent av statlege løyvingar til forsking blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Forsking innan IKT blir støtta for det første gjennom generelle grunnforskingsverkemiddel som frittståande prosjekt utanom program og infrastrukturtiltak, større forskarinitierte prosjekt (STORFORSK) og ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF). Dernest støttar ein IKT-forsking gjennom generelle næringsretta verkemiddel som den breie konkurransearenaen, Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) og den nye ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Endeleg støttar Forskingsrådet IKT-forsking også gjennom forskingsprogramma, både gjennom spesifikke IKT-program og som del av andre program.

IKT-utviklinga krev eit tett samspel mellom grunnforsking, innovasjon og anvendt forsking, og avstanden mellom dei kan vere kort. Tverrfaglege tilnærmingar og prosjektformer blir stadig viktigare som følgje av teknologisk konvergens og det aukande mangfaldet i bruksområde og problemstillingar knytte til bruk av teknologien. Noregs forskingsråd har eit breitt spekter av program og verkemiddel som gjer det mogleg å styrkje alle aspekt ved IKT-forskinga. Ei særleg relevant satsing er forskingsprogrammet VERDIKT, sjå boks 5.4, som skal verke på tvers av fag- og sektorgrenser. Programmet er eitt av sju store forskingsprogram under Forskingsrådet.

Boks 5.4 VERDIKT – Forskingsrådets nye store program innan IKT-forsking

Programmet VERDIKT: Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT skal bringe fram og nytte teknologi og kunnskap for innovasjon og IKT-basert samhandling, styrkje kompetanseutviklinga innan IKT, bidra til innovasjon og verdiskaping i norsk IKT-næring og nærings- og samfunnsliv elles, bidra til styrkt internasjonal kontakt for forskingsmiljøa og arbeide for eit tettare samarbeid mellom forskingsmiljø og IKT-næringa. Programmet skal kople grunnforsking, anvendt forsking og innovasjon, og går på tvers av fag- og sektorgrenser. Programmet er eit verkemiddel for å realisere IKT som eit nasjonalt satsingsområde. Dei faglege søylene i VERDIKT er:

  • brukargrensesnitt, informasjonsforvaltning og programvareteknologi,

  • kommunikasjonsteknologi og infrastruktur,

  • tryggleik, personvern og sårbare område ,

  • samfunnsmessige, økonomiske og kulturelle utfordringar og moglegheiter.

Med desse søylene som ramme definerer ein tema der forskingsaktiviteten særleg skal styrkjast. Trådlaus kommunikasjon var tema for VERDIKTs første utlysing i juni 2005. I programplanen for VERDIKT er følgjande nye tema blitt definerte for kommande utlysingar:

Saumlaus infrastruktur – tenestemessig opne infrastrukturar for alle typar medium og utstyr som tilgjengelege ressursar for samhandling.

Multimodale system og rike medium– informasjonsformidling og interaktive moglegheiter tilpassa ulike behov.

Digitale omgivnader – informasjonsutveksling med objekt og fysiske omgivnader med nye interaksjonsformer.

Kommuniserande organisasjonar – tenester og informasjon for IKT-basert samhandling – i og mellom organisasjonar og prosessar, og for innbyggjarar i roller som samfunnsborgarar og kundar.

Blant dei tre prioriterte teknologiområda er IKT det området som får mest midlar gjennom Forskingsrådet. I Forskingsrådets budsjett for 2006 utgjer IKT-forsking 410 millionar kroner eller 7,8 prosent av Rådets samla budsjett. Figur 5.3 under viser utviklinga i perioden 2000 til 2005 i Forskingsrådets tildeling av midlar til prosjekt på dei fem prioriterte områda som blei oppgitte i forskingsmeldinga frå 1999. IKT-forsking, finansiert gjennom Forskingsrådet, viser reell stagnasjon, mens utviklinga på dei andre prioriterte områda har vakse frå 60 prosent til 110 prosent.

I same periode etablerte det offentlege Skattefunnordninga, sjå boks 5.3, som i stor grad støttar IKT-relatert FoU.

Figur 5.3 Prosentvis utvikling av Forskingsrådets tildelingar
 til dei fem prioriterte områda i forskingsmeldinga frå 1999.

Figur 5.3 Prosentvis utvikling av Forskingsrådets tildelingar til dei fem prioriterte områda i forskingsmeldinga frå 1999.

Kjelde: NFR 2006

Noregs totale investeringar i IKT-forsking er relativt låge i internasjonal samanheng. Målt som del av BNP utgjorde utgiftene til IKT-forsking i Noreg 0,24 prosent i 2003. Det plasserer Noreg på den nedre halvdelen blant OECD-landa, men framfor land som Storbritannia og Australia. Finland ligg på topp med samla utgifter til IKT-forsking tilsvarande 1,27 prosent av BNP, etterfølgd av Korea og Sverige med omtrent en prosent. Noregs posisjon kan i ein viss grad forklarast med eit relativt høgt BNP-nivå og relativt låg samla FoU-innsats i næringslivet. 6

Ser ein på IKT-forskinga sin del av samla FoU-innsats i næringslivet, kjem Noreg mykje betre ut. I Noreg utgjer IKT-forsking nærmare ein tredel av næringslivets samla utgifter til eigenutført FoU. Det plasserer Noreg omtrent på nivå med land som Danmark og Frankrike, men likevel eit godt stykke bak Irland og Finland der IKT-forsking utgjer høvesvis 70 og 64 prosent av samla FoU-innsats i næringslivet. 7

5.4 IKT-forskinga må vere brei

Hovudtyngda av IKT-forskinga føregår innan teknologi og realfag, men IKT-forsking spenner også over samfunnsvitskap, humaniora og jus. Dette gir ei breidd og djupn i forskinga som er nødvendig for å hanskast med utfordringane i informasjonssamfunnet. Problemstillingane på desse tre områda påverkar kvarandre. Ved å ha ei IKT-forsking av tilstrekkeleg høg kvalitet og tilstrekkeleg omfang innan alle fagretningane vil Noreg kunne stå sterkt i utviklinga av informasjonssamfunnet. Forskings- og utviklingsaktivitetane må følgjast av prosjekt for forsøk og gjennomføring i praktisk bruk.

Den teknologiske og realfaglege IKT-forskinga

Den teknologiske og realfaglege IKT-forskinga skal bidra til utvikling av ny maskin- og programvare og til betre forståing av teknologiske samanhengar og moglegheiter. Forskinga har stor breidd og omfattar på maskinvaresida blant anna mikroteknologi og teleteknikk, mens programvareorientert forsking blant anna omhandlar programmeringsspråk, brukargrensesnitt, utforming av store programvaresystem (inklusive system for kommunikasjon og kommunikasjonstenester), databasar og tryggleik.

Utviklinga på maskinvaresida er dominert av nokre få utanlandske aktørar, men også Noreg har god aktivitet på dette feltet, basert på sterk nisjekunnskap. Næringslivets forsking på kommunikasjonsteknologi rettar seg mot fleire segment som nettverksløysingar, telekommunikasjonsutstyr, kommunikasjonstenester og mellomvare 8.

Innan programvareutvikling er det mange ulike aktørar, så vel internasjonalt som i Noreg. Næringslivets forsking innan programvare og bruksområde dekkjer eit stort tematisk spekter der bl.a. systemprogramvare, kommunikasjon, tenester og brukargrensesnitt inngår, og med bruk innan elektronisk handel, telekommunikasjon og databehandlingsverksemd i heile samfunnet. Kompetanse og evne til å utvikle programvare blir stadig viktigare etter kvart som fysiske komponentar blir standardiserte, prisane blir reduserte og nye tenester blir utvikla. Programvareutvikling utgjer om lag 75 prosent av utviklingskostnadene for ein mobiltelefon og om lag 50 prosent av utviklingskostnadene for ein ny bil. Utvikling av programvare er avgjerande for innovasjon og nyskaping og er i vesentleg grad knytt til FoU-innsats, både for å understøtte bruk av IKT i næringsliv og samfunn generelt og for å utvikle IKT-næringane. Dei teknologiske og realfaglege forskingsmiljøa i Noreg har god kompetanse på programvareutvikling, og har vist evner til nytenking. Dei bør vidareutviklast fordi dei er godt skikka til å kunne hanskast med framtidige utfordringar og moglegheiter i informasjonssamfunnet, og dei vil støtte opp under utviklinga av IKT-næringane som er blant dei raskast veksande næringane.

Tenesteutvikling innanfor nettverk og trådlause omgivnader er i større grad retta mot konkrete bruksmåtar og tenester. For programvare gjeld dette i endå større grad. Næringslivets mikroteknologiforsking er retta mot produktutvikling, basert på sterk nisjekunnskap hos bedrifta og samarbeidande forskingsmiljø.

I tillegg til å drive IKT-utviklinga framover er mange forskingsmiljø også avhengige av å bruke IKT som verktøy i forskinga. IKT er derfor ein viktig del av infrastrukturen for forsking, særleg innan matematikk, naturvitskap og teknologi.

Den totale mengda digitale data i verda blir dobla ca. kvart fjerde år. For å behandle, distribuere og nyttiggjere seg denne datamengda trengst moderne elektronisk infrastruktur. Ein viktig del av denne infrastrukturen er GRID-infrastruktur. GRID-samarbeid og utnytting av forskingsnett føreset utvikling av applikasjonar som kan handtere store datamengder og organisere datamaskinar til å arbeide saman som om dei var éin maskin. Denne utviklinga, som i utgangspunktet var driven fram i forskingsverda, har etter kvart fått kommersiell betydning og kjem også resten av samfunnet til gode.

Forskingsrådets eVita program (eVitskap, infrastruktur, teknologi og anvendelse) skal bidra til utviklinga av ein nasjonal eInfrastruktur som bl.a. skal dekkje behovet for framtidas forskingsverksemd for samkjøring av store databasar, kraftige datamaskinar og høghastigheits datanett. Programmet skal også styrkje forskinga innan berekningsvitskap.

Noreg har også bygd opp viktig elektronisk infrastruktur på fleire område: Det statlege selskapet UNINETT AS driv nett og nettenester for universitet, høgskolar og forskingsinstitusjonar i Noreg. Fram til 2009 skal campusnetta styrkjast og samordnast slik at ein høgkapasitets infrastruktur blir tilgjengeleg for sluttbrukarar ved alle universitet og høgskolar i landet. Noreg har òg utvikla eit omfattande samarbeid om tungrekning. Samarbeidet omfattar ei rekkje sentrale aktørar i norsk forsking. Frå 2004 er dette samarbeidet organisert som eit dotterselskap under UNINETT (UNINETT Sigma). Dette selskapet er utpeikt som norsk GRID-koordinator, både i nordisk og europeisk grid-arbeid.

Det skjer monalege satsingar internasjonalt på utvikling av GRID-infrastruktur. Utfordringa framover blir å utvikle rammeverk som set Noreg, Norden og nærområda i stand til å arbeide saman slik at regionen står fram som ein attraktiv samarbeidspartnar på dette området, både i Europa og globalt.

Den samfunnsvitskaplege og humanistiske IKT-forskinga

Den samfunnsvitskaplege og humanistiske IKT-forskinga er viktig, dels for å utvikle kunnskap om korleis IKT-system må utformast for å møte behova til ulike brukarar, dels for å få ei breiare forståing av kva som påverkar teknologiutviklinga og korleis teknologien påverkar kultur og samfunn. Forsking på dei kulturelle og samfunnsmessige sidene ved IKT gir eit kunnskapsgrunnlag for offentleg og privat verksemd – og for einskildmennesket. Utvikling av digitale læremiddel krev til dømes kunnskap om sjangerutvikling i nye medium og korleis ulike aldersgrupper bruker IKT. Dessutan er nye kommersielle tenester avhengige av blant anna kunnskap om teknologi, brukarar, forretningsmodellar og regulatoriske rammevilkår.

Forsking er viktig for å få ei grunnleggjande forståing av kva slags samfunn vi er ein del av og korleis samfunnet og kulturen vert endra. Metodar for informasjonsformidling, forteljarmåtar og kulturelle kodar blir påverka i møte med ny teknologi. Det same gjer politiske, økonomiske, sosiale og symbolske maktforhold.

Samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking innan IKT har dei siste åra lagt vekt på tverrfaglege perspektiv, både mellom samfunnsvitskapane og humaniora, og over til teknologifaga. Tverrfaglege forskingssentra har sett fokus på samanhengen mellom design og bruk av IKT. Den designorienterte forskinga er retta mot å skape nye former for IKT-omgivnader. Dette er viktig for å gjere teknologi og system betre tilgjengeleg for brukarane, samtidig som det bidrar til å motverke digitale skilje.

Regjeringas målsetjingar om auka vekt på kunnskapsintensive næringar tilseier auka bruk av IKT. Dette betyr igjen at analytisk kunnskap om bruk av IKT er viktig både for å forstå samfunnsendringane dei medfører, motverke negative effektar, sikre opptak av effektive bruksmåtar og forstå grunnlaget for nye tenester og produkt.

Juridisk IKT-forsking

Den juridiske IKT-forskinga behandlar regelverksaspekt ved IKT. Utviklinga gjer regelverksendringar nødvendige som følgje av konvergens mellom teknologiar og av omsyn til opphavsrettslege og andre immaterialrettslege forhold, forbrukarrettar, kontraktsforhold med meir.

Dei fleste samfunnsområde og aktivitetar er i dag i større eller mindre grad rettsleg regulerte. Ettersom IKT blir teken i bruk og får innverknad på alle område, vil også tradisjonell, rettsleg regulering måtte endrast eller tilpassast. I tillegg oppstår det moglegheiter ved ny teknologi som gjer det nødvendig å vurdere rettslege rammevilkår. Mange endringar fører til at produkt kan flytte mellom område som tradisjonelt blir behandla åtskilt. Eit typisk eksempel vil vere overgangen frå varer til tenester. Data har typisk vore bundne til eit fysisk medium (ei bok, ei plate, ein CD-rom, ein DVD), men blir no også omsette som ei teneste på nett.

Den rettsinformatiske forskinga, sjå boks 5.5, omfattar grunnlagsspørsmål som oppstår på grunn av informasjons- og kommunikasjonsteknologiens natur, særeigne rettsinformatiske spørsmål som er oppståtte på grunn av ny teknologi, spørsmål som gjeld marknader for elektroniske varer og tenester, og elektronisk forvaltning, spesielt den alminnelege offentlege tenesteproduksjonen.

Boks 5.5 Rettsinformatisk forsking

Grunnlagsspørsmåla omfattar problem knytte til overgang frå varer til tenester, som typisk har verknader for immaterielle gode som musikk, film og tekstar. Kontroll med omsetninga har tradisjonelt vore basert på kontroll med dei fysiske produkta. Når denne sviktar, må ein utvikle nye former for administrasjon av rettar. Den internasjonale marknaden som utspeler seg over Internett gjer det nødvendig å ta stilling til om det er norsk eller andre lands rett som skal gjelde. Prinsippa for dette er tradisjonelt bygde på territoriell tilknyting – noko som sviktar for tenester over nett. Det må derfor etablerast alternative kriterium for lovval, bruk av juridiske omgrep, med meir.

Rettsinformatiske problemstillingar kan vere knytte til spørsmål om personvern eller reglar for behandling av personopplysningar, som er tett knytte til sentrale rettspolitiske problemstillingar som overvaking, fridom og tryggleik i samfunnet. Blant dei relaterte tenestene finn ein elektronisk kommunikasjon, der dereguleringa har skapt eit eige rettsområde med sine særlege problemstillingar. I dette perspektivet kan ein også nemne spørsmåla om korleis Internett skal styrast.

Marknadsspørsmåla er omfattande og vanskelege og handlar om spørsmål om nye tenester som elektronisk signatur, sertifiseringstenester, elektronisk betalingsformidling, og andre relaterte spørsmål som dannar grunnlaget for ein sikker handel på nettet. Nettet gjer det mogleg for kjøparar, seljarar og avtalepartnarar å samhandle på ein ny måte og utan nødvendigvis å vite om kvarandre eller å ha etablert ein relasjon på førehand. Også forbrukarrettslege spørsmål høyrer heime her.

Spørsmål knytte til elektronisk forvaltning (forvaltningsinformatikk) kan dreie seg om bruk av datamaskinbaserte system der program representerer rettsreglar, og der data blir henta frå store databasar, ofte slike som omfattar heile befolkninga (skatteadministrasjon, trygdeadministrasjon, arbeidsmarknadsetaten osv). Det er ei stor utfordring å sikre garantiar for rettstryggleik i denne til dels dramatiske endringsprosessen. Samtidig gjer IKT det mogleg å få ei sterkare offentlegheit og ei meir aktiv deltaking frå kvar einskild borgar – eit «elektronisk demokrati».

Endringsprosessane omfattar mange samfunnssektorar, og dette skaper i seg sjølv eit behov for innsats over ein brei front som lett utfordrar dei ressursar som tradisjonelt er stilte til disposisjon for juridisk forsking. Blant anna av denne grunn har Justisdepartementet teke initiativ i januar 2004 til eit «Krafttak for juridisk forsking» 9.

5.5 Realfagleg kompetanse

Sjølv om IKT-forskinga femnar over mange fagområde, vil ei satsing på IKT vere særleg avhengig av tilgangen på teknologisk og realfagleg kompetanse. For det første er det eit sterkt behov for realfagsutdanna arbeidskraft som kan utvikle og ta i bruk IKT-løysingar i næringsliv, forvaltning og i samfunnet elles. For det andre er det viktig at dei beste kandidatane får høve til å forfølgje ein forskarkarriere innan IKT og IKT-relevante fag. For det tredje er det nødvendig å ha mange nok realfagsutdanna lærarar i skolen, slik at ein på sikt sikrar den framtidige rekrutteringa til desse faga.

I Noreg er det i dag stor etterspørsel etter forskarar og høgt utdanna personale innan IKT og IKT-relevante fag som til dømes matematikk. I mange tilfelle er etterspørselen langt større enn tilgangen på slik kompetanse.

Prosentdelen studentar med fullførte realfaglege studiar har falle frå 22,4 prosent i 1994 til 17,8 prosent i 2004. På den andre sida er det fleire teikn til at den negative trenden kan vere snudd. Tal frå Samordna opptak for 2006 viser at det no er ein monaleg auke i søkninga til studiar innan teknologi, ingeniørfag og arkitektur. Auken i talet på søkjarar til sivilingeniørstudiet er til dømes på 17 prosent i forhold til året før.

Det har lenge vore eit mål å auke rekrutteringa av jenter til realfaglege studiar. Prosentdelen jenter som er uteksaminerte frå naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag har halde seg på ca. 25 prosent dei siste åra. Men det er ein generell tendens til at jenter no vel fleire studieretningar enn tidlegare, og at dei i større grad er villige til å søkje tradisjonelt mannsdominerte studiar. Det vil vere viktig å sikre at denne utviklinga medverkar til at fleire jenter vel studiar og forskarkarrierar innan realfaglege område.

Når det gjeld forskarutdanning har det vore ein auke i talet på doktorgradar i matematikk og naturvitskaplege fag dei siste ti åra. I 2005 blei det avlagt 221 doktorgradar i desse faga, mot 146 i 1995. Innanfor teknologi har det derimot vore reell stagnasjon i den same tiårsperioden. Som før nemnt er behovet for slik kompetanse langt større enn tilbodet. Tala for første halvår 2006 viser dessutan ein nedgang i avlagde doktorgradar både innan matematikk, naturvitskap og teknologi.

Når det gjeld doktorgradsavtalar, dvs. personar som har starta opp ei doktorgradsutdanning, var det i 2005 inngått 715 slike avtalar ved dei matematisk-naturvitskapelege fakulteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Det er ein merkbar auke frå 588 avtalar i 2002. Ved to teknologifakultet ved NTNU var det i 2005 inngått 715 doktorgradsavtalar, mot 588 i 2002. Med utgangspunkt i denne veksten i inngåtte avtalar, bør ein òg kunne vente ein auke i uteksaminerte kandidatar dei kommande åra.

Trass i positive tendensar er det framleis behov for ein sterk innsats i heile utdanningskjeda for å sikre den framtidige rekrutteringa til realfag. Oppfølginga av regjeringas nasjonale realfagsstrategi omfattar ei rekkje tiltak frå barnehagenivået til forskarutdanninga. Som eit ledd i oppfølginga av strategien har regjeringa også oppretta eit Nasjonalt forum for realfag under leiing av kunnskapsministeren. Forumet skal samle sentrale aktørar innan utdanning, forsking og arbeidsliv til ein samla innsats for utforming og gjennomføring av nye tiltak for auka rekruttering til realfag. St. meld. nr 20 (2004 – 05) Vilje til forsking varsla òg ei generell prioritering av grunnforsking innan matematikk, naturvitskap og teknologi. Som ei oppfølging av denne ambisjonen har Forskingsrådet utarbeidd ein nasjonal strategi for grunnforsking innan matematikk, naturvitskap og teknologi.

Regjeringas oppfølging av desse og andre tiltak for å styrkje rekrutteringa til realfag vil ha mykje å seie for den framtidige satsinga på IKT-forsking i Noreg.

5.6 Deltaking i internasjonal forsking og utvikling på IKT-området

IKT-forskinga er internasjonal av karakter. Internasjonalisering av norsk forsking er ei generell forskingspolitisk prioritering. Internasjonalisering av norsk IKT-forsking verkar med til auka kvalitet og relevans av norsk IKT-forsking og auka innovasjon og verdiskaping i IKT-næringa. Noreg har som ei følgje av dette ein uttalt politikk om å vere aktiv i EUs rammeprogram, nettverket for marknadsorientert FoU (EUREKA), i FoU-program gjennom den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA), andre organisasjonar og gjennom bilateralt forskingssamarbeid.

5.6.1 Deltaking i EUs forskingsprogram er nødvendig

EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling er den viktigaste internasjonale samarbeidsarenaen for den totale norske FoU-innsatsen. Spesielt viktig er den relasjonsbygginga mot andre forskarar, forskingsinstitusjonar og næringsliv som norske aktørar må gjennom for å sikre finansiering og deltaking i EU-prosjekt. EUs rammeprogram påverkar òg norsk politikk og forskingspolitiske prioriteringar gjennom nye tiltak i og knytte til programmet.

Noreg har sidan 1994 gjennom EØS-avtalen delteke i dei EØS-relevante delane av EUs rammeprogram for forsking på lik linje med EUs medlemsland. IKT er det største tematiske området. EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling startar i 2007 og skal vare til 2013. Programmet har fire hovudsøyler:

  • FoU-samarbeid innanfor prioriterte tematiske område i programmet «Cooperation».

  • Grunnleggjande forsking ved forskingsfronten i «Ideas».

  • Styrking av menneskelege ressursar og mobilitet i «People».

  • Styrking av kapasiteten for forsking i «Capacities», med fokus på infrastruktur og SMB.

Figur 5.4 Planlagd budsjettfordeling av tematisk prioritet innan Cooperation-søyla
 i EUs sjuande rammeprogram.

Figur 5.4 Planlagd budsjettfordeling av tematisk prioritet innan Cooperation-søyla i EUs sjuande rammeprogram.

Figur 5.4 viser planlagd fordeling av 32,2 milliarder euro tildelt søyla «Cooperation» med dei tematiske prioriteringane i verketida for sjuande rammeprogram 10. Som i det sjette rammeprogrammet vil IKT klart vere det største temaområdet. Perioden vil starte med ein viss nedgang dei første åra før ein i 2010 er tilbake på 2006-nivået. IKT-forsking finn ein òg innanfor andre delar av programmet, mellom anna innanfor satsinga på tryggingsforsking og romforsking. Om lag 18 prosent av det samla budsjettet for det sjuande rammeprogrammet er tildelt IKT-området.

Boks 5.6 DIADEM – Delivering Inclusive Access for Disabled or Elderly Members of the community

Norsk Regnesentral (NR) og Karde AS tok initiativet til det treårige prosjektet som blir finansiert av programmet eInclusion under Information Society Technologies i EUs sjette rammeprogram for FoU. Prosjektet starta i 2006. Målet er å utvikle retningslinjer og teknologi som skal gjere elektroniske tenester meir tilgjengelege for eldre og personar med kognitive funksjonshemmingar. Blant anna skal det utviklast teknologi som kan tilpasse nettstader og programvare til kvar einskild brukar sitt funksjonsnivå. Det vil gjere fleire i stand til å ta i bruk og nyttiggjere seg moderne IKT, og det skal bli lettare og meir effektivt for alle å nytte seg av IKT heime og i arbeid. Resultata frå prosjektet vil bli tekne i bruk i to norske små og mellomstore verksemder som deltek i DIADEM.

Ni partnarar deltek i prosjektet, der Brunel University frå Storbritannia er koordinator. Dei andre partnarane er: Norsk Regnesentral (Noreg), KardeAS (Noreg), More AS (Noreg), Bluegarden AS (Noreg), Sheffield City Council (Storbritannia), CSI-Piemonte (Italia), Turin Municipality (Italia) og Riga City Council (Latvia).

Dei norske partnarane skal stå for rundt 35 prosent av FoU-arbeidet. Budsjettramma for heile prosjektet er på ca. 3.200.000 € (ca. 26 millionar kroner), av dette bidrar EU med 1.950.000 € (ca. 16 millionar kroner). Dei norske partnarane vil motta 42 prosent av EU-løyvinga.

Kjelde: Norsk regnesentral/KardeAS, 2006.

Norsk deltaking i IKT-delen av det sjette rammeprogrammet er stor og utgjer om lag 15 prosent av den samla norske deltakinga. Av IST-søknadene med norsk deltaking, har 22 prosent blitt innstilte til finansiering, mot eit gjennomsnitt på 17 prosent for alle IST-søknader. Eit førebels tal for den norske delen av alle bidrag innanfor IST er 1,49 prosent, som indikerer framgang i forhold til prosentdelen i det femte rammeprogrammet som var på 1,3 prosent. Dette er likevel blant dei lågaste norske prosentdelane i dei tematiske satsingane. Norsk kontingent til det sjette rammeprogrammet utgjer om lag to prosent av budsjettet for rammeprogrammet.

Deltaking i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling gjer det mogleg å styrkje den norske IKT-forskinga og fremje norske prioriteringar. Dei to prosjekta DIADEM og InterrRisk er gode eksempel på det, sjå boksane 5.5 og 5.6. Det er eit mål at både norsk deltaking og norsk økonomisk retur innanfor IKT-programmet skal auke i det sjuande rammeprogrammet.

Boks 5.7 Miljøprosjektet Interrisk*

InterRisk er EU-prosjekt under det sjette rammeprogrammet som tek opp problem rundt tilgang til miljøinformasjon ved forureining av hav og kystområde som kjem av blant anna oljesøl og giftige algeoppblomstringar, for å utvikle eit pilotsystem for tenester for overvaking og varsling av marin forureining. Hovudtema er utvikling av teknologi og programvare for å gi brukarar i t.d. offentlege overvakingstenester rask og påliteleg tilgang til oppdatert informasjon om marin forureining. Denne informasjonen vil komme frå ulike kjelder, bl.a. jordobservasjonssatellittar, fly, skip, faste måleinstrument på bøyar, og numeriske modellar som varslar spreiing av oljesøl eller algar.

Marin forureining er ikkje avgrensa av landegrenser. Sjølv om mange nasjonale overvakings- og varslingstenester er godt utbygde, er det ingen felles europeisk infrastruktur som let brukarar i fleire land samarbeide og dele informasjon. Dette gjer det vanskeleg å koordinere ein felles innsats i ein krisesituasjon. Forsking innan IKT er nødvendig, for å kunne knyte saman informasjonssystem.

InterRisk skal kunne støtte opp om programmet GMES (Global Monitoring of Environment and Security), eit samarbeid mellom EU og ESA (Europan Space Agency). Eit viktig element vil vere å sørgje for interoperabilitet ved å definere standardar for kommunikasjon mellom dei mange ulike systema som er i drift i dag. Vidare skal InterRisk utvikle og demonstrere slike tenester i ei rekkje hav- og kystregionar i Europa. Norske tenester vil omfatte overvaking og varsling av oljesøl og skadelege algar. Tenestene vil bli tilgjengelege via Internett, og brukarar frå nasjonale organ med ansvar for miljøovervaking skal evaluere dei.

InterRisk har 15 partnarar, frå sju land i Europa: Noreg, Tyskland, Belgia, England, Irland, Frankrike og Italia. Desse har kompetanse innanfor eit breitt spekter av fagfelt, deriblant IKT, satellitt- og flybasert fjernmåling, skipsbaserte måleinstrument, numerisk modellering og operasjonell vêrvarsling. Prosjektet blir koordinert av Nansen Senter for miljø og fjernmåling i Bergen. Meteorologisk institutt og Norsk institutt for vassforsking er andre norske partnarar. Prosjektet starta 1 september 2006, og varer i tre år.

* (interoperable GMES services for environmental risk management in marine coastal areas)

EU har aktivt støtta etableringa av meir enn 30 såkalla europeiske teknologiplattformer (ETP), sjå boks 5.7. Dei europeiske teknologiplattformene er ikkje ein formell del av det sjuande rammeprogrammet, men har fått ei rolle i å bidra til å auke det næringsretta innhaldet i det sjuande rammeprogrammet, og å auke næringslivets investeringar i forsking og utvikling. Plattformene samlar næringslivs-, forskings- og teknologiaktørar, regulerande myndigheiter og finansieringsaktørar, og utviklar langsiktige strategiske forskingsagendaer for ein ny teknologi.

Noreg bør vere ein aktiv deltakar i dei europeiske teknologiplattformene. Plattformene kan nyttast strategisk for å utvikle norsk næringsretta IKT-forsking. Noregs forskingsråd bør stimulere til deltaking i IKT-plattformene, medverke til at det blir skipa norske arenaer som kan arbeide opp mot relevante europeiske teknologiplattformer og sikre god kopling til nasjonale programaktivitetar. Noreg er invitert og har takka ja til å delta i utforminga av einskilde av teknologiplattformene.

Boks 5.8 Teknologiplattformer og felles teknologiinitiativ – to nye europeiske verkemiddel innan IKT

I samband med oppstart av sjuande rammeprogram vil EU ta i bruk to nye verkemiddel: Europeiske teknologiplattformer (ETP) og såkalla felles teknologiinitiativ (Joint Technology Initiatives – JTI).

Dei europeiske teknologiplattformene er næringsinitierte aktivitetar innan bestemte teknologiar eller bransjar. Det er i dag meir enn 30 slike plattformer. Plattformene byggjer på «nedanfrå-og-opp-innspel» til Europakommisjonen sitt arbeid med å utvikle innhaldet i og utlyse midlar til rammeprogrammet. Plattformene kan oppgraderast og få status som felles teknologiinitiativ. Det inneber utstrekt offentleg-privat samarbeid der næringas eigne forskingsinvesteringar blir møtte med store offentlege bidrag frå Kommisjonen og nasjonalt. Også reindyrka teknologiplattformer kan vere aktuelle for offentlege bidrag frå EU og nasjonalt, men ikkje i same massive omfang som for dei felles teknologiinitiativa.

Kommisjonen har føreslått å oppgradere seks teknologiplattformer til felles teknologiinitiativ. To av desse er på IKT-området: ARTEMIS for innebygde system og ENIAC for nanoelektronikk. To av dei seks felles teknologiinitiativa, der det eine er ARTEMIS, er komne så langt at oppstart kan vere aktuelt våren 2007. For dei andre felles teknologiinitiativa, deriblant ENIAC, har Kommisjonen bedt om ytterlegare opplysningar før oppstart kan bli vurdert.

Det finst i dag éi norsk teknologiplattform eller arena innanfor IKT. «Trådløs Framtid» er eit nettverk som Abelia, SINTEF og Telenor har teke initiativet til, og har eit motstykke i den europeiske teknologiplattforma Mobile and Wireless Communications («eMobility»). Fleire andre kan vere aktuelle.

Regjeringa legg vekt på at Noreg deltek aktivt og strategisk i utforminga og implementeringa også av relevante Joint Technology Initiatives. For Noreg og dei andre deltakarlanda vil bidraga til fellesfinansieringa avgjerast i lys av bl.a. moglegheitene for å oppnå norsk deltaking, samanfall med nasjonale programsatsingar og norsk næringslivs eigen vilje til å bidra finansielt til aktivitet.

EUREKA-samarbeidet er eit europeisk nettverk for marknadsorientert FoU. Fleire europeiske IKT-selskap har teke initiativ til store programsatsingar («ICT clusters») på område som mikroelektronikk, telekommunikasjon, programvare og multimedia. I motsetning til rammeprogramma etablerer ein finansiering og kontraktar på nasjonalt nivå. Norske engasjement er i hovudsak innan områda programvareteknologi, telekommunikasjon og mikrosystem. Norsk næringsliv vurderer det marknadsnære EUREKA-samarbeidet som relevant og positivt. EU vil i det sjuande rammeprogrammet søkje å styrkje samarbeidet med EUREKA. Den norske EUREKA-deltakinga innanfor IKT-området bør vidareførast og om nødvendig styrkjast.

EU etablerer også handlingsprogramsom tek sikte på å byggje bru mellom teoretisk og teknisk forsking og praktisk bruk. Handlingsprogramma er reiskapar for å setje i verk vedteken politikk. I mange tilfelle gjeld dette gjennomføring av tiltak som følgjer av regelverk som også gjeld for EØS-området. Regjeringa vurderer jamleg deltaking i ulike handlingsprogram innanfor IKT-området i EU.

EU vil frå og med 2007 ha eit eige rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon; «Competitiveness and Innovation Programme» (CIP). Programmet vil innehalde IKT-tiltak som skal stimulere til nye e-handelsmarknader, elektronisk innhald i europeiske medium og auka bruk av digital teknologi, samarbeid og utvikling når det gjeld eHelse, eGovernment og eInclusion. Delar av IKT-forskinga i det sjette rammeprogrammet blir òg overførte til rammeprogrammet for konkurranseevne og innovasjon. Dette omfattar område som EU vurderer har fått meir preg av utviklingsarbeid, som satsinga på e-Government. Regjeringa har spørsmålet om norsk deltaking i CIP til vurdering.

5.6.2 Globalt samarbeid om IKT-forsking

Den globale karakteren IKT-feltet har tilseier at Noregs deltaking i internasjonalt IKT-forskingssamarbeid ikkje må avgrensast til Europa, sjølv om deltakinga i europeisk samarbeid er særleg viktig, òg sett ut frå at Noreg er ein del av EUs indre marknad.

Noreg har inngått ei rekkje bilaterale avtalar som legg til rette for samarbeid på forskar- og institusjonsnivå, også innanfor IKT-området. Samarbeidet med Nord-Amerika er viktig for norsk IKT-forsking og IKT-næring og bygger på samarbeidsrelasjonar som er utvikla over mange år mellom norske og nordamerikanske akademiske miljø på fleire IKT-område. Universitet og IKT-bedrifter har òg ofte eit meir dynamisk samarbeid i Nord-Amerika enn i Europa, og dette kan gi viktige impulsar til norsk IKT-forsking. I 2004 blei det utarbeidd ein nasjonal strategi for norsk forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika. Som ei oppfølging av strategien blei det i 2005 inngått ein bilateral forskings- og teknologiavtale mellom Noreg og USA.

Med viktige land i Asia er det òg aukande samarbeid både om FoU og marknadsinnpass. India med sin programvareindustri og Kina med sin produksjon av elektronikk er dei raskast veksande marknader for og produsentar av IKT-produkt i verda. Japan er òg interessant innanfor IKT-forsking, med tunge satsingar innanfor blant anna mobile løysingar.

Ordningar og stimulanstiltak for bilateralt FoU-samarbeid bør vidareførast og om nødvendig styrkjast. Dette omfattar prosjektetableringsstøtte til bilateralt samarbeid og oppfølging av bilaterale FoU-avtalar. Ein ny bilateral forskingsavtale med India blei underskriven i november 2006, og ein ny tilsvarande avtale med Kina er under forhandling. Avtalane opnar mellom anna for meir næringsretta samarbeid, òg innanfor IKT-forskinga. Dei bilaterale satsingane bør evaluerast på eit passande tidspunkt for å vurdere effektar og forbetringspotensial, òg for bilateralt samarbeid om IKT-forsking.

5.7 Tiltak for å styrkje norsk IKT-forsking

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien har stor og aukande innverknad på økonomisk vekst og produktivitet, vert teken i bruk i aukande grad i heile samfunnet og påverkar samfunnet på nye måtar. Regjeringa vil fremje ein kultur for nyskaping og gründerverksemd på alle forskingsområde, gjennom eit samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsmiljø. Regjeringa ønskjer at IKT-forsking skal gi vesentlege bidrag til ein slik kultur og eit slikt samspel. Regjeringa vil intensivere IKT-forskinga på brei basis:

Tiltak 5.1: Regjeringa har som mål å auke den samla forskingsinnsatsen i Noreg til tre prosent. av bruttonasjonalprodukt innan 2010. Dette er eit ambisiøst mål, som legg til grunn ei kraftig offentlig satsing og ein sterk auke i FoU-innsatsen til næringslivet.

Tiltak 5.2: Regjeringa vil prioritere og styrkje IKT-forskinga i dei generelle løyvingane til FoU i tråd med føringane som ligg i St. meld. nr 20 (2004 – 2005) Vilje til forskning.

Tiltak 5.3: I satsinga på nordområda vil regjeringa prioritera mellom anna IKT-forskinga.

Tiltak 5.4: Regjeringa vil arbeide for å styrkje IKT-forskinga gjennom eit breitt spekter av verkemiddel under Noregs forskingsråd og bidra til at dei ulike satsingane blir sedde i samanheng. Programmet Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT (VERDIKT) vil vere eit sentralt verkemiddel.

Tiltak 5.5: Regjeringa vil styrkje rekrutteringa til IKT og IKT-relevante fag, mellom anna gjennom oppfølging av Kunnskapsdepartementets realfagsstrategi og Forskingsrådets strategi for grunnforsking innan matematikk, naturvitskap og teknologi.

Tiltak 5.6: Regjeringa vil vidareutvikle offentleg sektors rolle som god og krevjande kunde innanfor IKT-feltet. Ut over løyvingane til FoU spelar det offentlege ei viktig rolle i næringsutviklinga som kunde og bestillar av ulike produkt, utviklingsprosjekt og tenester.

Tiltak 5.7: Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling og vil leggje fram ein eigen proposisjon om norsk deltaking etter at endeleg vedtak er treft i EU, venteleg rundt årsskiftet.

Tiltak 5.8: Noreg er invitert og har takka ja til å delta i utforminga av europeiske teknologiplattformar. Dette er viktig både for norsk IKT-forsking og for anna norsk deltaking i europeisk forskingssamarbeid. Regjeringa vil oppfordre til at fleire norske nasjonale teknologiplattformer blir oppretta der det er etablert store europeiske teknologiplattformer med aktiv norsk deltaking.

Tiltak 5.9: Regjeringa legg opp til at den norske EUREKA-deltakinga innanfor IKT-området blir vidareført og om nødvendig styrkt.

Tiltak 5.10: Regjeringa vurderer jamleg deltaking i ulike handlingsprogram innanfor IKT-området i EU.

Tiltak 5.11: Regjeringa vil òg styrkje samarbeidet om IKT-forsking med land utanom Europa, mellom anna gjennom å utnytte dei nye bilaterale avtalane med USA og viktige asiatiske land.

Fotnotar

1.

Gordon, R.J. (2000): Does the «New Economy» Measure up to the Great Inventions of the Past? «Journal of Economic Perspectives» vol. 14, 4/2000; Jørgensen, (2003); Hagen, K.P. (2002): Den nye økonomien. Artikkel i «Næringspolitikk for ny økonomi», Hope, E (red) Oxford. 1995.

2.

Kjelde: GFII (Groupement Français del’Industrie de l’Information), 2005.

3.

Innan blant anna interoperabilitet av bedriftsregister og langtidslagring av elektroniske transaksjonar.

4.

Innan blant anna digitale løysingar for lokal administrasjon og nærdemokrati i grisgrendte strøk.

5.

NIFU, 2004.

6.

Kjelde: OECD, Information Technology Outlook 2006.

7.

Kjelde: SSB, Nøkkeltal om informasjonssamfunnet 2005.

8.

På engelsk ”middleware” eller programvare som sørgjer for at det er samband mellom komponentar og applikasjonar.

9.

Jf. http://www.dep.no/jd/norsk/dok/andre_dok/planer/012101-990448/dok-bn.html

10.

Utbetalingane for 2006 (siste verkeår) i sjette rammeprogram er lagde inn som samanlikningsgrunnlag.

Til forsida