4 Innspel frå interessegrupper og kommunar
Etter kvart som meir av det som har skjedd av omsorgssvikt og overgrep overfor barneheims- og spesialskulebarn er blitt avdekt, er det blitt etablert fleire interesseorganisasjonar: Stiftelsen Rettferd for taperne, Støttegruppen for personer som har opplevd overgrep under offentlig omsorg, Stavanger, Pressgruppen Ariel, Bergen og Støttegruppen i Oslo. Desse gruppene har kome med innspel i samband med oppfølginga av NOU 2004: 23 Barnehjem og spesialskoler under lupen. Barne- og familiedepartementet har grunn til å tru at det har variert kven og kor mange gruppene til ei kvar tid har representert. Vidare har Statens råd for funksjonshemma kome med innspel i saka.
I samband med kommunale granskingar har Bergen, Stavanger og Oslo kommune kome med førespurnader og ønske om statleg oppfølging.
Nedanfor følgjer dei ulike krava, innspela og førespurnadene.
4.1 Stiftelsen Rettferd for taperne
Stiftelsen Rettferd for taperne la fram desse krava i møte med Barne- og familieministeren 10. november 2004:
«Samlet sett mener Stiftelsen Rettferd for taperne at de tidligere barnehjemsbarna og skolehjemsungene har kommet svært dårlig ut sammenlignet med andre i samfunnet. Særlig synes vi det er svært alvorlig at ‘det som er prinsipielt viktig i denne sammenhengen, er at det er hevet over tvil at ansatte ved flere barnehjem og spesialskoler gjorde seg skyldig i seksuelle overgrep overfor barn’.
Stiftelsen Rettferd for taperne mener videre at det som fremkommer så godt dokumentert i Befring-rapporten, er i samsvar med de informasjoner og opplysninger vi sitter inne med, og har hevdet tidligere. Rapporten bekrefter at overgrep og omsorgssvikt har skjedd. Et viktig trekk ved barnevernsinstitusjonene er den defensive rollen de har inntatt, selv om de har stått overfor krevende samfunnsoppgaver.
Vi mener at Befring-rapporten gir et svært godt grunnlag for å tro på det barna som i sin tid ble utsatt for denne omsorgssvikten og overgrepene, sa. I 95 % står de til troende, sier professor Edvard Befring. Det slutter vi oss til!
Sentralstyrets behandling av denne saken:
Sentralstyret i Stiftelsen Rettferd for taperne behandlet denne saken i møtet 4. november på Gjøvik, der vi i sak 27/2004 vedtok følgende:
Sentralstyret frafaller kravet om en nasjonal gransking av disse institusjonene. Sentralstyret krever at det utbetales et likt erstatningsbeløp på kr 500 000 til de barnehjemsbarna og skolehjemsungene som kommer inn under erstatningsordningen.»
4.2 Støttegruppene i Stavanger, Bergen og Oslo
Desse har i eit felles brev til Barne- og familiedepartementet datert 7. desember 2004 fremma følgjande synspunkt og krav/ønske:
Dei ber om at det ikkje blir sett i gang nasjonal gransking, då dei går ut frå at det blir eit svært omfattande og tidkrevjande arbeid. Dei ber vidare om at det blir sett i verk gransking etter konkrete oppmodingar lokalt, og at fylkesmannen i det aktuelle distriktet får oppgåva med å gjennomføre granskinga. Dei ønskjer nasjonale retningsliner for gransking for å få ei einskapleg gransking der det blir bede om slik gransking. Retningslinene kan gjerne ha forslag til lokale tilpassingar, men desse må eventuelt byggje på dei same nasjonale retningslinene. Når det gjeld erstatning, seier dei:
«Vi ser det som prinsipielt og verdimessig viktig å få til en lik erstatning for alle. Vi ber om at alle får lik delerstatning fra staten på kr 725 000 etter søknad. Det er viktig å følge Befringrapportens råd om en svakere bevisførsel. Vi ser det også som viktig at den statlige erstatningsordningen ikke er slik innrettet at den utelukker et lokalt (kommunalt/fylkeskommunalt) erstatningsoppgjør … Bakgrunnen for å argumentere med dette er at vi ønsker det skal være sammenheng mellom de faktiske ansvarsforhold og spørsmål om erstatning.»
Vidare ønskjer dei at kommunane skal få refusjon frå staten for dokumenterte meirutgifter i samband med oppretting av gode terapeutiske tilbod. Dei meiner at gode tilbod vil krevje meir av helsetenestene enn det dei kan tilby i dag. Dei krev at dei som har opplevd overgrep under offentleg omsorg, og som samtidig med psykiske plager og sjukdom har fått store fysiske plager, skal ha rett på åtte veker rekonvalesens kvart år, utan eigendel. Dei krev vidare at samlivspartnarar til tidlegare barneheimsbarn som har fått psykiske skadar som gjer det vanskeleg for dei å vere åleine, må kunne tilkjennast omsorgslønn etter søknad.
Vidare blir det opplyst at Pressgruppen Ariel i Bergen og Støttegruppen i Oslo har oppmoda støttegruppa i Stavanger om å starte arbeidet med å danne eit nasjonalt ressurssenter for personar som har opplevd overgrep under offentleg omsorg, med hovudkontor i Stavanger. Det er planlagt å fremme ein søknad om dette.
4.3 Statens råd for funksjonshemma
Statens råd for funksjonshemma har i brev datert 8. desember 2004 kome med synspunkt og tilråding i samband med oppfølginga av NOU 2004: 23 Barnehjem og spesialskoler under lupen . Dei uttaler:
«Befringutvalet sin rapport er ei av fleire kartleggingar av grupper som har vore spesielt utsett for overgrep, og der m.a. billighetserstatning blir vurdert som kompensatorisk verkemiddel, jf. St.meld. 44 (2003–2004).»
Dei er opptekne av at avgrensinga i kartlegginga, om at ho skal avgrensast til plasseringar gjorde av barnevernet, ikkje skal føre til ei tilsvarande avgrensing i målgruppa for særskilde tiltak.
Vidare seier dei:
«Rådet vil tilrå eit samarbeid mellom dei aktuelle departementa, BFD, ASD, HOD, UFD, slik at dei vedtak som blir gjort, sikrar like rettar for alle barn som har vore plassert utanfor heimen, uavhengig av heimelsgrunnlag og institusjonstype. Vi vil vise til at barna på ein og same institusjon kan ha vore plassert der med heimel i ulike lover, enkelte også med uklar heimel.
Statens råd for funksjonshemma ventar at oppfølginga av NOU 2004: 23 fører til eit system som sikrar likebehandling av alle barn, utan omsyn til kvifor dei er plassert utanfor heimen. Vi vil særskilt gjere merksam på at også barn i institusjonar for funksjonshemma bør omfattast av oppfølgingssystemet.»
4.4 Innspel frå kommunar
Bergen kommune har gjennomført ei gransking av 11 barneheimar, og har etablert ei kommunal rettferdsvederlagsordning. Bergen kommune tok i september 2003 kontakt med Barne- og familiedepartementet for å få staten til å medverke med midlar til sekretariatet og til å dele utgiftene knytte til den kommunale erstatningsordninga.
Stavanger kommune har i brev datert 6. september 2004 mellom anna fremma ønske om at departementet utgreier nasjonale retningsliner for gransking, slik at eventuelle kommunale granskingar blir samordna, og slik at kommunane ikkje utarbeider ulike ordningar. I denne samanhengen ber kommunen også om at departementet vurderer korleis staten vil gje hjelp overfor kommunane i det vidare arbeidet.
Oslo kommune er i gang med gransking av barneverninstitusjonar og har i den samanhengen også kontakta Barne- og familiedepartementet for å sjå oppfølginga av ei statleg erstatningsordning for barneheimsbarn i samanheng med ei eventuell lokal erstatningsordning.