4 Vedtak nr. 3/08. Tenesteperiodar for OSSEs generalsekretær
Ministerrådet,
som minner om vedtaket frå det tredje møtet i KSSEs ministerråd i Stockholm i 1992 om å skipe stillinga som generalsekretær og ministerrådsvedtak nr. 15/04 av 7. desember 2004 (MC.DEC/15/04) om rolla til OSSEs generalsekretær,
som tek omsyn til at Generalsekretæren har fått ei sterkare rolle og større ansvar når det gjeld å sørgje for kontinuitet og å leggje til rette for langtidsplanlegging av OSSE-aktivitetar,
som tek sikte på å gjere OSSE endå meir effektiv og sikre ei einsarta gjennomføring av OSSE-reglane om tenesteperiodar,
vedtek at OSSEs generalsekretær skal oppnemnast for ein periode på tre år, som kan forlengjast med ein andre og endeleg periode på tre år.