11 Vedtak nr. 10/08. Ytterlegare fremjing av OSSE-tiltak i kampen mot terrorisme
Ministerrådet,
som på nytt legg vekt på at deltakarstatane i OSSE er fast bestemde på å nedkjempe alle former for og utslag av terrorisme, som eit brotsverk som ikkje kan rettferdiggjerast, kva som enn er motivasjonen for eller opphavet til han, og å føre denne kampen med respekt for rettsstatlege prinsipp og i samsvar med skyldnadene sine etter folkeretten, særleg internasjonale menneskerettar, internasjonalt vern for flyktningar og internasjonal humanitærrett,
som stadfestar OSSEs gjeldande skyldnader til å motarbeide terrorisme og stadfestar at antiterrorverksemd framleis skal vere ei prioritert oppgåve i OSSE,
som stadfestar at deltakarstatane i OSSE støttar FNs globale antiterrorstrategi,
som ønskjer velkomen G8-leiarane si fråsegn mot terrorisme, som vart vedteken 9. juli 2008 på Hokkaido Toyako-toppmøtet,
som tek opp att trongen for å ta tak i tilhøve som kan fremje og halde ved lag terrorisme, særleg ved å fullt ut respektere demokrati og rettsstatlege prinsipp, ved å tillate alle borgarane å delta fullt ut i det politiske livet, ved å førebyggje diskriminering og oppmuntre til interkulturell og interreligiøs dialog i samfunna deira, ved å engasjere sivilsamfunnet i å finne fellespolitiske løysingar på konfliktar, ved å fremje menneskerettane og toleranse og ved å nedkjempe fattigdom,
som minner om mellom anna erklæringa frå ministermøtet i Sofia om førebygging og nedkjemping av terrorisme (2004), erklæringa frå ministermøtet i Brussel om oppslutning om og fremjing av internasjonale føresegner mot terrorisme (MC.DOC/5/06) og erklæringa frå ministermøtet i Madrid om støtte til FNs globale antiterrorstrategi (MC.DOC/3/07),
som minner om ministerrådsvedtak nr. 5/07 frå Madrid om offentleg-private partnarskapar mot terrorisme og ministerrådsvedtak nr. 6/07 frå Madrid om sikring av kritisk energiinfrastruktur mot terrorangrep,
som merkar seg OSSEs oppfølgingskonferanse om ein offentleg-privat partnarskap kalla Partnarskap mellom offentlege styresmakter, sivilsamfunn og næringsliv i kampen mot terrorisme, som vart halde i Wien 15. og 16. september 2008, og som medverka til å kartleggje moglege område for ytterlegare samarbeid på området offentleg-private partnarskapar i kampen mot terrorisme,
som merkar seg møtet om hindring av valdeleg ekstremisme and radikalisering som fører til terrorisme, som vart halde 24. oktober 2008 i Wien, og som viste at det trengst betre forståing av fenomena og for fleirdimensjonale reaksjonar,
som merkar seg OSSEs ekspertmøte for å styrkje det rettslege samarbeidet i straffesaker knytte til terrorhandlingar, som vart halde 1. og 2. april 2008 i Ankara i Tyrkia, og som understreka trongen for å styrkje samarbeidet i denne samanhengen,
som òg merkar seg OSSEs subregionale sentralasiatiske konferanse om ein offentleg-privat partnarskap, som vart halde 4. og 5. november 2008 i Bisjkek i Republikken Kirgisistan, og som viste kor viktig det var å utvikle offentleg-private partnarskapar i kampen mot terrorisme på regionalt og subregionalt plan,
som merkar seg gjennomgangen som vart gjord i FN-systemet av gjennomføringa av FNs globale antiterrorstrategi, som gjev rettleiing til OSSEs antiterrorverksemd, og bidraget som han gjev til styrking av den globale antiterrorinnsatsen,
oppmodar deltakarstatane og dei operative strukturane i OSSE til å halde fram med innsatsen for å aktivt medverke til gjennomføringa av FNs globale antiterrorstrategi og andre FN- dokument mot terrorisme,
oppmodar deltakarstatane til å halde fram med å fremje offentleg-private partnarskapar med sivilsamfunnet, media og næringslivet i kampen mot terrorisme, mellom anna ved å dele erfaringar og utveksle relevant informasjon og nasjonale bestpraksisar både på OSSE-plan og på nasjonalt, subregionalt og regionalt plan, der det høver,
pålegg Generalsekretæren og dei relevante operative strukturane i OSSE å støtte arrangering i 2009 av seminar, møte og simulasjonar på ekspertnivå, innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane, som kan spore til offentleg-private partnarskapsinitiativ, til dømes på område som samarbeid med sivilsamfunnet og media i kampen mot terrorisme, fremjing av interkulturell og interreligiøs dialog i kampen mot terrorisme, vern av ikkje-nukleær kritisk energiinfrastruktur mot terroråtak, og motarbeiding av finansiering av terrorisme og kvitvasking av pengar, særleg med omsyn til gjennomføring av Spesialgruppa for finansielle tiltak (FATF) sine tilleggstilrådingar om terrorfinansiering,
oppmodar deltakarstatane i OSSE til å nytte seg av dei operative strukturane i OSSE i kampen mot valdeleg ekstremisme og radikalisering som fører til terrorisme i landa sine. For dette føremålet vert deltakarstatane oppmoda til å halde fram med å utveksle tankar og nasjonale bestepraksisar i samband med strategiane og tiltaka sine for å motarbeide valdeleg ekstremisme og radikalisering som fører til terrorisme, og å styrkje samarbeidet sitt med media, næringslivet og sivilsamfunnet,
pålegg Generalsekretæren å utarbeide, i samråd med dei relevante operative strukturane i OSSE, ein rapport, innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane, om antiterrorverksemda si. Rapporten bør spegle gjeldande mandat og OSSE-skyldnader på antiterrorområdet og bør vurdere antiterrorverksemda til OSSE, samtidig som han tek omsyn til evnene og ressursane til OSSE, og sendast til deltakarstatane innan 1. april 2009 til ytterlegare drøfting i relevante organ. Deretter, som det er fastsett i MC(10).DEC/3, vil deltakarstatane gjennomgå gjennomføringa av OSSE sine skyldnader i kampen mot terrorisme på den årlege tilsynskonferansen om tryggingsspørsmål i 2009,
oppmodar samarbeidspartnarane til å frivillig gjennomføre føresegnene i dette vedtaket og ber dei delta i aktivitetane som vert utførde innanfor ramma av dette vedtaket.
Tolkingserklæring i samsvar med punkt iv.1(a)6 i møteføresegnene til Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa
Frå delegasjonen frå Georgia:
«Sjølv om vi har slutta oss til konsensus i ministerrådsvedtaket om ytterlegare fremjing av OSSE-tiltak i kampen mot terrorisme, beklagar Georgia at det på ministermøtet i Helsingfors ikkje har vore mogleg å oppnå semje blant deltakarstatane om på høveleg måte å ta tak i spørsmålet om eksisterande uløyste konfliktar og territorium utan legitime styresett innanfor OSSE-området. Fråveret av rettsstatlege prinsipp, demokrati og respekt for menneskerettane, mangel på openskap på både nasjonalt og internasjonalt plan og stadig meir valdeleg ekstremisme og radikalisering på somme av desse territoria skaper gunstige tilhøve for spreiing av internasjonal terrorisme. Ei forsvarleg spegling av dette spørsmålet i ministerrådsvedtaket kunne difor ha vore svært avgjerande for å sikre full og effektiv gjennomføring av alle OSSE sine skyldnader i kampen mot terrorisme.
Vi ber om at denne fråsegna vert lagd ved vedtaket og vert teke inn i journalen for møtet i dag.»