12 Vedtak nr. 11/08. Handvåpen og lette våpen og lagra konvensjonell ammunisjon
Ministerrådet,
som erkjenner verdien av OSSE-tiltak for å nedkjempe alle former for ulovleg handel med handvåpen og lette våpen (SALW) og for å bidra til å minske og hindre ein stor og destabiliserande konsentrasjon og ukontrollert spreiing av SALW,
som òg erkjenner verdien av OSSE-tiltak som tek sikte på å møte den tryggingsrisikoen det er at det er lagra konvensjonell ammunisjon, sprengstoff og tennmiddel i overskot og/eller som skal destruerast, i somme statar i OSSE-området,
som merkar seg den aktive rolla som OSSE spelar i den internasjonal innsatsen som byggjer på FNs handlingsprogram for å førebyggje, nedkjempe og avskaffe alle former for ulovleg handel med handvåpen og lette våpen,
som stadfestar skyldnaden sin til full gjennomføring av OSSE-dokumentet om SALW (FSC.DOC/1/00, 24. november 2000), OSSE-dokumentet om lagra konvensjonell ammunisjon (FSC.DOC/1/03, 19. november 2003), og skylde FSC-vedtak,
som erkjenner verdien av betre forvalting og sikring av lager av handvåpen, lette våpen og konvensjonell ammunisjon,
som òg stadfestar at det er frivillig hjelp som vert ytt av deltakarstatane i OSSE for å minske mengda av SALW, for å destruere overskotslager av konvensjonell ammunisjon og for å betre lagerforvaltinga og tryggingspraksisen til dei deltakarstatane som ber om hjelp til dette,
som merkar seg at det er svært viktig at ulike organisasjonar og andre relevante aktørar samordnar seg og samarbeider om korleis dei skal møte dei ovannemnde utfordringane på ein effektiv måte, og at dei ønskjer å styrkje tilskotet frå OSSEs til denne innsatsen innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane og/eller tilskot utanom budsjettet,
ser med glede på, innanfor ramma av Forumet for tryggingssamarbeid,
initiativa som vart tekne i 2008 til å vurdere og ajourføre OSSEs normativeskyldnader om SALW, medrekna
vedtak nr. 4/08 om kontaktpunkta for handvåpen og lette våpen og lagra konvensjonell ammunisjon,
vedtak nr. 5/08 om ajourføring av OSSE-prinsippa for kontroll med eksporten av berbare luftforsvarssystem,
vedtak nr. 6/08 om handbok for beste praksis med omsyn til konvensjonell ammunisjon,
vedtak nr. 11/08 om å innføre best mogleg praksis for å hindre destabiliserande overføringar av handvåpen og lette våpen via lufttransport og om eit tilhøyrande spørjeskjema, og
vedtak nr. 12/08 om informasjonsutveksling med omsyn til utgåver av sluttbrukarsertifikat og relevante verifiseringsprosedyrar,
framdriftsrapportane om den vidare gjennomføringa av OSSE-dokumenta om lagra konvensjonell ammunisjon og om handvåpen og lette våpen, som vart framlagde på det 16. møtet i Ministerrådet i samsvar med vedtak nr. 3/07 vedteke på det 15. møtet i Ministerrådet,
synergikonferansen for regionale organisasjonar om gjennomføring av FNs handlingsprogram mot ulovlig handel med SALW, som var støtta av Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) og OSSE og halde i Brussel frå 28. til 30. mai 2008,
møtet om implikasjonane av tekniske, forvaltningsmessige og finansielle spørsmål om eksisterande og planlagde OSSE-prosjekt om handvåpen og lette våpen og lager av konvensjonell ammunisjon, som vart halde i Wien 5. og 6. februar 2008,
ber Forumet for tryggingssamarbeid
om å sørgje for at saker i samband med SALW og lagra konvensjonell ammunisjon vert ståande på dagsordenen i 2009,
om å arrangere eit OSSE-møte om SALW i 2009 som skal gjennomgå OSSE-dokumentet om SALW (FSC.DOC/1/00, 24. november 2000) og tilleggsvedtak for å sjå nærare på eventuelle ytterlegare tiltak,
ved formannen, om å leggje fram framdriftsrapportar for det 7. møtet i Ministerrådet i 2009 om framleis gjennomføring av OSSE-dokumentet om SALW og OSSE-dokumentet om lagra konvensjonell ammunisjon,
om å halde fram innsatsen for å støtte deltakarstatane i OSSE som søkjer hjelp til å destruere lager av handvåpen, lette våpen og konvensjonell ammunisjon i overskot og/eller som skal destruerast, og å betre lagerforvaltinga og tryggingspraksisen til dei deltakarstatane som ber om hjelp, ved effektiv samordning og samarbeid med andre aktørar der det høver,
ber alle deltakarstatane i OSSE om å skipe eller eventuelt styrkje eit rettsleg rammeverk for lovleg meklarverksemd innanfor sin nasjonale jurisdiksjon innan utgangen av 2010 i samsvar med FSC-vedtak nr. 8/04 om OSSE-prinsipp for å få kontroll med meklarverksemda knytt til handvåpen og lette våpen,
oppmodar alle deltakarstatane i OSSE til å bringe nasjonale lover, forskrifter og forvaltingsmessig handsaming i tråd med Det internasjonale verkemidlet til å setje statar i stand til å identifisere og spore ulovlege handvåpen på ein rettidig og påliteleg måte, særleg når det gjeld merking, journalføring og samarbeid i sporing,
pålegg Generalsekretæren om å halde fram innsatsen for å styrkje samordning og samarbeid med andre internasjonale og regionale organisasjonar for å utvikle synergiar, auke effektiviteten og fremje ei heilskapleg tilnærming til gjennomføringa av FNs handlingsprogram for å førebyggje, nedkjempe og avskaffe alle former for ulovleg handel med handvåpen og lette våpen.