2 Freds- og demokratibygging
OSSE har ein omfattande feltaktivitet. Gjennom 19 såkalla sendelag i 18 av dei 56 deltakarlanda i OSSE stør organisasjonen demokratisk utvikling, menneskerettar og rettsstatlege prinsipp i land på Vest-Balkan, i Ukraina, Moldova og Kviterussland, i Sør-Kaukasus og i Sentral-Asia.
2.1 Vest-Balkan
OSSE har framleis det største nærveret sitt på Vest-Balkan, og sjølv om ein ventar vidare reduksjon i personell, trengst det framleis å fokusere på utviklinga i regionen. Arbeidet er innretta mot demokrati- og institusjonsbygging, flyktningretur, atterreising, overvaking av og hjelp til gjennomføring av demokratiske val, utvikling av massemedium, fremjing av rettsstatlege prinsipp og menneskerettar og støtte til forsoning mellom folkegrupper. Det er eit tett samarbeid med FN, EU og NATO om desse spørsmåla. Rolla til OSSE vert høgt verdsett av vertslanda, som ser innsatsen frå organisasjonen som ei viktig støtte i deira eigne reformfreistnader og arbeidet for euroatlantisk integrasjon.
Det har vore ei viss nedbygging av aktivitetane til sendelaga dei seinare åra, etter kvart som mandata vert oppfylde og nasjonale styresmakter og lokale aktørar har vore i stand til å overta ansvaret. Samstundes har EU trappa opp arbeidet sitt, etter kvart som medlemskap i unionen rykkjer nærare. Det er i alle land eit tett samarbeid mellom sendelaga og EU-representasjonen og med Europarådet. Hjelpa frå OSSE til landa på Vest-Balkan har i høg grad medverka til å førebu landa på framtidige EU- og NATO-medlemskapar. Vedtaket i NATO om å invitere Albania, Kroatia og Makedonia inn i alliansen – sistnemnde under føresetnad av at namnespørsmålet vert løyst – er eit tydeleg uttrykk for den framgangen som har funne stad.
Framleis er OSSE-sendelaget i Kosovo den største feltoperasjonen til organisasjonen. Ved inngangen til 2008 rådde det stor uvisse om framtida til OSSE-sendelaget i Kosovo. Den 8. desember 2008 vart det oppnådd semje om at EU-operasjonen i Kosovo skal rapportere til FN og opptre statusnøytralt, og situasjonen har difor vorte klarare. OSSE sitt arbeid, ikkje minst for å sikre rettane til minoritetane, vert vidareført og utfyller det arbeidet som EU sin politi- og justisoperasjon (EULEX) utfører. Sendelaget er likevel for stort i høve til dei oppgåvene som det no skal utføre, og spelar for tida ei nokså marginal rolle blant dei internasjonale aktørane i Kosovo. Den finske formannskapen starta eit naudsynt arbeid med å freiste å redusere omfanget av operasjonen kraftig, kombinert med at ein ønskte å spisse mandatet med eit særleg fokus på overvaking av stillinga til minoritetane. Regjeringa stør eit endra og meir fokusert OSSE-nærvere i Kosovo. På denne måten vil OSSE kunne ha ei viktig rolle også når EULEX no er operativ.
Den politiske situasjonen i Bosnia-Hercegovina er vanskeleg og uoversiktleg. Sjølv om alle skjønar at det trengst ei ny grunnlov eller omfattande grunnlovsendringar, står leiarane for dei tre folkegruppene (bosnjakane, serbarane og kroatane) svært langt frå kvarandre i synet på om Bosnia-Hercegovina bør vere ein einskapsstat eller ein laus føderasjon med tilnærma de facto sjølvstyre for to (ev. tre) einingar. Den politiske situasjonen har påverka arbeidet til sendelaget, særleg på vanskelege område som utdanning, vern av menneskerettane og demokratibygging. Skuleverket er ei særleg utfordring fordi det medverkar til å halde ved lag etniske skiljeliner. Det er difor ei prioritert oppgåve for sendelaget å arbeide for at skulen skal verte ei sameinande og ikkje ei kløyvande kraft i det bosniske samfunnet. Det var lite framdrift i 2008 òg.
OSSE gav også i 2008 monaleg hjelp til oppbygginga av rettsstaten og uavhengige domstolar. Overvaking av domstolane si handsaming av krigsforbrytarsaker, medrekna saker som er overførde frå Det internasjonale straffetribunalet for Jugoslavia (ICTY) i Haag, var også i 2008 ei sentral oppgåve for sendelaget. Straffeforfølging av krigsforbrytarar er svært viktig for det nasjonale forsoningsarbeidet, og pågripinga og utleveringa av den tidlegare serbisk-bosniske leiaren Radovan Karadzic til ICTY i 2008 var viktig for den vidare forsoningsprosessen. Retur av flyktningar og internflyktningar har framleis høg prioritet hjå sendelaget. Løysing av uteståande eigedomsrettstvistar og tilbakeføring av privat eigedom er avgjerande for atterreising og økonomisk og sosial framgang og vert stødd av sendelaget. Men arbeidet er vanskeleg og møter ofte politiske, rettslege og administrative hindringar.
Reformarbeidet i Serbia er nært knytt til forventingane om rask europeisk integrasjon. Etter regjeringsskiftet i 2008 har den proeuropeiske kursen vorte tydelegare. Men Kosovos sjølvstendeerklæring og godkjenning frå dei fleste EU- og NATO-land, medrekna Noreg, har stilt serbiske styresmakter overfor vanskelege avvegingar. Hovudoppgåva til OSSE-sendelaget er å stø reformarbeidet, medrekna fremjing av minoritets- og menneskerettar, motarbeiding av korrupsjon og organisert kriminalitet samt oppbygging av kapasiteten til domstolane slik at dei kan gjennomføre krigsforbrytarsaker i samsvar med internasjonale standardar. Sendelaget har stått sentralt i etableringa av ein krigsforbrytardomstol og har sidan 2003 overvakt krigsforbrytarsaker som er førde i nasjonale domstolar. Sendelaget overvaker òg saker som er sende frå ICTY, og har stødd krigsforbrytaroppgjeret gjennom regionale konferansar med deltaking frå påtalemakt, forsvarsadvokatar og dommarar. Dette har mellom anna skapt betre flyt i fangeoverføringar og provmateriale og betre vern av vitne. Sendelaget har òg medverka til å styrkje det regionale samarbeidet om krigsforbrytarsaker.
Sendelaget stør vidare reform og utdanning innan rettsstellet, medrekna kamp mot organisert kriminalitet og korrupsjon. Sendelaget har det samordnande ansvaret for politireform og tilbyr støtte til styresmaktene på dette området. Reform av politiet har også stått svært sentralt i arbeidet for å betre tilhøvet mellom dei etniske gruppene og medverke til stabilitet i landet. Noreg har gjennom fleire år vore ein sterk støttespelar i dette arbeidet mellom anna gjennom å sekondere fleire ekspertar til sendelaget.
Serbia er det største flyktninglandet i Europa. Det er eit omfattande samarbeid med sendelaga i Bosnia-Hercegovina og Kroatia og med FNs høgkommissær for flyktningar og EU-kommisjonen om flyktningproblemet, som framleis er stort i denne regionen. Sidan 2006 har Noreg hatt sendelagsleiaren i Serbia og yter monaleg støtte til OSSE sine aktivitetar i tillegg til omfattande tosidige program.
Som følgje av Kroatias positive demokratiske og institusjonelle utvikling vart OSSE-sendelaget nedlagt ved inngangen til 2008. I staden vart det skipa eit mindre kontor, som har som oppgåve å overvake attståande krigsforbrytarsaker og å medverke til flyktningretur. Framleis framgang på desse områda er naudsynt for kroatisk EU-medlemskap. Kroatia har akseptert at dette arbeidet vil verte vidareført i 2009, men har ønskt – og fått støtte til – at det skal gjerast ei ny vurdering av OSSE-nærveret i landet ved utgangen av 2009.
Vidareføring av reformpolitikken er avgjerande for Makedonias ønske om EU-medlemskap, og OSSE-sendelaget si støtte til mellom anna utvikling av rettsstaten, tryggleiksreform, vallovgjeving, kompetanseutvikling og desentralisering er viktige tilskot til dette arbeidet. Sendelaget stør òg opp om reformer innanfor rettsstellet og oppbygginga av eit profesjonelt politi som betre speglar den etniske samansetjinga i landet. Sendelaget har òg hjelpt makedonske styresmakter med å motarbeide korrupsjon og organisert kriminalitet, medrekna menneskehandel. Sendelaget arbeider òg med integrering av minoritetsgruppene i det makedonske samfunnet.
Det overordna målet for sendelaget i Albania har i 2008 vore å stø demokratiske reformer, fremje rettsstatlege prinsipp og styrkje respekten for menneskerettane som ledd i arbeidet med å verte ein fullverdig deltakar i dei euroatlantiske samarbeidsstrukturane. Sendelaget har dei seinare åra medverka i arbeidet med eigedomsreform, regional administrativ reform, styrking av rolla til nasjonalforsamlinga, kamp mot menneskehandel og korrupsjon, medieutvikling, utvikling av sivilsamfunnet, hjelp innan politiarbeid og utdanning av grensepoliti. OSSE ytte hjelp i arbeidet med førebuingane til ny vallov, men var kritisk til det endelege utkastet, som vart vedteke i 2008, mellom anna på grunn av favorisering av dei store politiske partia i samansetjinga av valstyra sentralt og lokalt. Sendelaget har òg medverka til likestillingsreform og reform av fengselssystemet, betring av rettane til romafolket, betre vitnevern og skiping av tilpassa varetektsanlegg for mindreårige.
Sendelaget i Montenegro stør reformarbeidet til styresmaktene i samarbeid med sivilsamfunnet med sikte på å oppfylle krava som vert stilte til full euroatlantisk integrasjon. Sendelaget medverkar til lovgjevingsreform og institusjonsbygging for å motarbeide korrupsjon og organisert kriminalitet og til politireform og yter støtte til frie medium. Sendelaget arbeider òg med miljøvern og økonomisk utvikling. Det er eit nært samarbeid med Europarådet om å styrkje det regionale samarbeidet, å hjelpe til i utviklinga av ny lovgjeving og å styrkje respekten for menneskerettane og rettane til minoritetane.
2.2 Ukraina, Moldova og Kviterussland
Situasjonen i Ukraina er prega av ein konstitusjonell konflikt om styrketilhøvet mellom statsmaktene, som mellom anna har gjeve seg utslag i langvarig rivalisering mellom presidenten og statsministeren. Landet er dertil hardt ramma av ei finansiell og økonomisk krise, som har ført til kraftig økonomisk og sosial tilbakegang. Eit vanskeleg tilhøve til Russland knyter seg mellom mykje anna til usemje om vilkåra for russisk gasstransitt gjennom Ukraina til kundar i Europa, ein konflikt som tidvis har fått direkte følgjer for andre land. Noverande regjering har medlemskap i EU og NATO som uttrykte mål. EU har hittil ikkje vilja kome med lovnader om medlemskap. Sjølv om leiinga i landet legg stor vekt på NATO-fråsegner om at Ukraina kjem til å verte NATO-medlem, er det i størstedelen av landet lita støtte for NATO-medlemskap. Særleg blant dei russisktalande i aust er støtta til medlemskap lita, og målsetjinga om NATO-medlemskap påverkar tilhøvet til Russland på ein negativ måte. Ukraina har lansert seg som kandidat til OSSE-formannskapen i 2013 med støtte frå GUAM-landa (Georgia, Ukraina, Aserbajdsjan og Moldova).
OSSE-sendelaget i Ukraina legg vekt på eit nært samarbeid med styresmaktene om å vidareutvikle demokratiet på grunnlag av rettsstatlege prinsipp. Sendelaget arbeider med demokratisering og godt styresett, med utvikling av rettsstaten og med økonomiske, miljømessige og politisk-miltære prosjekt.
Den utanrikspolitiske hovudmålsetjinga til Moldova er integrasjon i EU, og EU har dei siste åra trappa opp støtta til landet som ein del av ei langsiktig utvikling av samkvemmet i retning av EU-medlemskap. Reformprosessane går etter måten sakte. Moldova er det fattigaste landet i Europa og er prega av ei omfattande arbeidsutvandring. Den uløyste konflikten med utbrytarrepublikken Transnistria er òg ei alvorleg hindring for utviklinga i landet.
I konflikten om Transnistria har presidenten i Moldova, Voronin, og leiaren i Transnistria, Smirnov, møttest to gonger i 2008, noko som har medverka til ein forsiktig optimisme om framdrift i konfliktløysingsprosessen. Også Russland, som har stor innverknad på Transnistria, har vist forsiktige teikn til rørsle i retning av større kompromissvilje, og det er semje om å vidareføre dialogen mellom Moldova, Transnistria og Russland. OSSE-sendelaget i Moldova har som hovudoppgåve å medverke til ei varig politisk løysing på konflikten i Transnistria. Under leiing av den finske OSSE-formannskapen har det vore halde fleire uformelle møte med styresmaktene i Moldova og Transnistria, meklarar og observatørar i konflikten, men det er framleis stillstand i dei formelle forhandlingane. Noreg legg vekt på å oppmuntre partane til å gjere bruk av dei kanalane og verkemidla som finst, for å løyse konflikten.
Konflikten i Transnistria er òg viktig når det gjeld CFE-avtala. På OSSE-toppmøtet i Istanbul i 1999 batt Russland seg til å trekkje attverande styrkar og materiell ut av Transnistria (og Georgia) som eit ledd i gjennomføringa av den tilpassa CFE-avtala. Men uttrekkinga av materiell stansa opp i 2004.
Moldovske styresmakter samarbeider tett med OSSE-sendelaget. I 2008 har sendelaget lagt særleg vekt på arbeidet med spørsmål knytte til den demokratiske utviklinga i Moldova. Mange meiner at nasjonalforsamlingsvalet våren 2009 vil verte ein test på demokratiet i Moldova, og sendelaget og ODIHR hjelper styresmaktene med å betre lovgjevinga og valprosessen for å medverke til at valet vert gjennomført i samsvar med OSSE-skyldnadene. Arbeidet med å hjelpe styresmaktene i kampen mot menneskehandel og andre former for vald mot kvinner og barn er ei anna prioritert oppgåve for sendelaget. Sendelaget arbeider òg med å overvake individuelle menneskerettssaker.
Noreg yter eit substansielt tilskot til OSSEs og EUs arbeid med demokratisering, mellom anna til justissektorreform gjennom den såkalla Styrkebrunnen, som har seks utplasserte juristar i Moldova. Noreg yter òg eit tilskot til OSSE sitt arbeid med å motarbeide bruken av falske reisedokument gjennom utplassering av Interpols database for tapte og stolne reisedokument i Moldova.
Det autoritære styret i Kviterussland består, og menneskerettssituasjonen er framleis svært kritikkverdig. Men kviterussiske styresmakter har opna opp for ei forsiktig tilnærming til Europa og distansert seg noko frå sitt tidlegare svært tette tilhøve til Russland. Før valet på ny nasjonalforsamling i september 2008 vart dei siste politiske fangane sette fri, noko som førde til at EU letta på sanksjonane overfor landet. Kviterussland viste vilje til nært samarbeid med OSSE-observatørane både før, under og etter valet. Det er òg positivt at det etter valet er kome i gang eit samarbeid med ODIHR om endringar i valprosessen, med sikte på å leggje grunnlaget for frie val i samsvar med OSSE-skyldnadene. Dei internasjonale valobservatørane påviste likevel at valet var alt anna enn fritt og demokratisk. Saman med andre deltakarland retta Noreg i 2008 òg skarp kritikk mot styresmaktene for brot på menneskerettane og undertrykking av opposisjonen i Kviterussland.
Sendelaget i Minsk arbeider under svært vanskelege forhold, og all aktivitet vert kontrollert av styresmaktene. OSSE-nærveret er likevel viktig for å oppmuntre sivilsamfunnet, støtte demokratisering og overvake og rapportere om menneskerettsbrot.
Regjeringa sin Kviterussland-strategi frå 2007 vert òg følgd opp innanfor ramma av OSSE. Strategien inneber ei brei norsk tilnærming til arbeidet med å fremje demokratisering og respekt for menneskerettane i landet. Innsatsen rettar seg i første rekkje mot sivilsamfunnet og dei demokratiske kreftene i Kviterussland, gjennom styrkte kontaktar med ulike miljø i landet, ved å medverke til auka merksemd om landet i OSSE, Europarådet og Nordisk ministerråd, og gjennom ein monaleg auke i hjelpa til tiltak som direkte eller indirekte styrkjer sivilsamfunnet.
Noreg har saman med Tyskland og Finland stødd eit samarbeidsprosjekt mellom OSSE og kviterussiske styresmakter om styrkt grensekontroll, og saman med OSSE og UNDP gått inn i eit prosjekt for å sikre forsvarleg lagring og handtering av handvåpen og tilhøyrande ammunisjon.
2.3 Sør-Kaukasus
Krigen i Georgia i august 2008 illustrerer potensialet for open konflikt i dei uløyste konfliktane i Kaukasus. Som i Nord-Kaukasus har situasjonen også sør for fjella vore ustabile og uoversiktlege til tider. Vanskelege grannetilhøve har stått i vegen for regionalt samarbeid og hemma utviklinga i området. Dynamikken i regionen vert komplisert ytterlegare gjennom den viktige rolla som Russland spelar, direkte og indirekte.
Heilt sidan Georgia vart sjølvstendig att i 1991, har landet freista å samle heile landet under Tbilisis styre. Då dei mangeårige uløyste konfliktane om Abkhasia og Sør-Ossetia braut ut i open krig i 2008, hende det etter ei gradvis opptrapping over lengre tid. Konfliktane har i fleire år medverka til eit kriseprega tilhøve mellom Georgia og Russland, med ei monaleg forverring frå 2007. I august dette året vart det som georgiarane hevda var eit russisk missil, skote inn på georgisk territorium. Situasjonen vart ytterlegare tilspissa våren 2008 etter at dåverande president Putin ved eit dekret i april oppheva våpenblokaden av Abkhasia og samstundes tok til orde for eit meir formelt samarbeid mellom Russland og utbrytarområda. Spenninga auka då ein georgisk drone den same månaden vart skoten ned medan han flaug over Abkhasia. Episoden vart føremål for fleire diskusjonar i OSSE. Ein ekspertrapport som vart utarbeidd etter eit initiativ i FN, konkluderte i mai med at Russland hadde stått bak nedskytinga.
Russland styrkte det militære nærveret sitt i utbrytarområda utover våren og vedgjekk å ha krenkt georgisk luftrom ved at fire russiske jagarfly flaug ulovleg over Georgia i juli. Georgiske styrkar hadde få dagar i førevegen skote mot Tskhinvali, den administrative hovudstaden i Sør-Ossetia. Georgiarane grunngav åtaket med at sørossetisk milits skaut mot styrkane deira. I byrjinga av august bombarderte og hærsette georgiske styrkar Tskhinvali, med store sivile tap som følgje. Russland svarte med eit massivt militært motåtak og dreiv på få dagar dei georgiske styrkane ut av Sør-Ossetia og hærtok òg delar av uomstridt georgisk område. Etter fem dagar med krigshandlingar inngjekk Russland og Georgia ein våpenkvileavtale etter mekling av den franske EU-formannskapen. I slutten av august godkjende Russland – som einaste OSSE-land – Abkhasia og Sør-Ossetia som sjølvstendige statar.
Etter krigen i august har georgiske landsbyar i Sør-Ossetia vorte raserte, og store delar av det georgiskspråklege folket har vorte fordrivne. Det faste rådet i OSSE heldt gjennom heile august 2008 fleire krisemøte om krigen og var den første internasjonale organisasjonen som handla ved i august å gjere vedtak om å utplassere inntil 100 militære observatørar i landet. Av desse vart likevel berre 20 fysisk utplasserte på grunn av russisk motstand mot å utvide styrken, slik vedtaket opna for. Dei vestlege landa, mellom dei Noreg, tolka mandatet slik at det omfatta tilgjenge til heile Georgia. Russland har motsett seg at observatørane skal kome inn i Sør-Ossetia, og har berre tillate at dei opererer i dei uomstridt georgiske områda som grensar opp til området. Avslaget vart først grunngjeve med at tryggingssituasjonen i provinsen gjorde det for farleg å ferdast inne i Sør-Ossetia, og etter godkjenninga av utbrytarområdet med at sørossetiske styresmakter sjølv måtte ta stilling til førespurnadene. Mandatet til dei militære observatørane har vorte forlengt til 30. juni 2009.
Med utgangspunkt i ei avtale av 8. september, som òg omfatta Russland, inngjekk Georgia og EU seinare same månaden ei avtale om utplassering av inntil 200 sivile EU-observatørar i Georgia. I oktober kom det i gang samtalar i Genève mellom Georgia og Russland under leiing av FN, OSSE og EU. Også USA deltek i desse forhandlingane. I februar 2009 kom partane til semje om ein mekanisme for å handtere skyteepisodar og liknande hendingar, noko som alle partar ser som eit viktig og positivt steg.
Arbeidet til sendelaget var i heile 2008 sterkt prega av den auka spenninga mellom Georgia og dei russiskstøtta utbrytarområda. Sendelaget hadde fram til årsskiftet eit breitt mandat, som omfatta konfliktløysing, tillitsskapande tiltak, fremjing av menneskerettane, demokratisering, politireform, grensekontroll og økonomi- og miljøspørsmål. På grunn av russisk motstand har det ikkje lukkast å verte samde om ei forlenging av verksemda til sendelaget, og sendelaget er formelt under avvikling. Russland står nokså isolert i OSSE når det gjeld handteringa av Georgia-konflikten, og særleg etter at Russland godkjende dei to utbrytarområda. Sjølv tradisjonelle støttespelarar som Kviterussland og dei sentralasiatiske landa har halde tydeleg avstand til Russland i denne saka.
Etter krigen i august har heller ikkje sendelaget hatt tilgjenge til utbrytarområda. Derimot har Kontoret for demokratiske institusjonar og demokrati (ODIHR) og Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) vitja Sør-Ossetia og Abkhasia. I ein felles rapport, som kom ut i november, konkluderte dei med at den humanitære situasjonen var prekær, særleg i Sør-Ossetia. I utbrytarområda herska det langt på veg lovlause tilstandar.
ODIHR og OSSEs parlamentarikarforsamling (PA) gjennomførde omfattande observasjon av presidentvalet i Georgia i januar 2008 og nasjonalforsamlingsvalet i mai same året. Gjennomføringa av vala vart vurdert som relativt god, sjølv om klagehandsaminga i etterkant av presidentvalet ikkje fullt ut samsvarte med dei internasjonale standardane som Georgia har bunde seg til å følgje. På dette punktet vart det påvist framgang etter nasjonalforsamlingsvalet.
Noreg har gjeve full støtte til Georgias territoriale integritet og suverenitet. I samband med krigen i august vart det frå norsk side gjeve uttrykk for sterkt mishag over Russlands uproporsjonale maktbruk. Ein har oppmoda partane til å respektere våpenkvileavtala, uttrykt djup uro for den humanitære situasjonen i området og fleire gonger bede om at representantar for det internasjonale samfunnet må få tilgjenge til Sør-Ossetia. Frå norsk side beklaga ein Russlands godkjenning av utbrytarområda. Noreg har uttrykt full støtte til innsatsen som formannskapen, sendelaget og sekretariatet har gjort for konfliktførebygging og -handtering. Noreg har sekondert to nordmenn til sendelaget: ein militærobservatør og ein som arbeider med utvikling av godt styresett.
Nagorno-Karabakh er folkerettsleg ein del av Aserbajdsjan, men er okkupert av armenske styrkar. Armenia okkuperer òg sju provinsar mellom Nagorno-Karabakh og Armenia. Mange internt fordrivne frå denne regionen utgjer eit stort problem for Aserbajdsjan. Fredsforhandlingane mellom Armenia og Aserbajdsjan går føre seg i den såkalla Minsk-gruppa, som vert leidd av USA, Russland og Frankrike. OSSE hjelper Minsk-gruppas medformenn i forhandlingsprosessen, rapporterer om situasjonen og kjem med framlegg til korleis det internasjonale samfunnet kan medverke til ei fredsløysing. Men det er vanskeleg å sjå at konflikten vil kunne verte løyst på kort sikt, sjølv om felleserklæringa frå presidentane i dei to landa av november 2008 er eit steg i rett retning. Her bind dei to statsleiarane seg til å intensivere forhandlingane om ei fredeleg løysing på konflikten og å vidareføre tillitsskapande tiltak.
Krigen i Georgia har truleg styrkt erkjenninga i begge land av at ei løysing må søkjast på fredeleg vis, og var i så måte med på å gje støyten til felleserklæringa. Det er òg grunn til tru at partane lettare kan kome kvarandre i møte no som presidentvala er tilbakelagde i begge land. Situasjonen i konfliktområdet er relativt stabil, sjølv om det i 2008 òg var fleire alvorlege samanstøyt med tap av menneskeliv. Frå norsk side vil vi halde fram med å stø OSSE sitt arbeid og å oppmuntre begge partane til å finne ei fredeleg løysing på konflikten.
Den armenske okkupasjonen av Nagorno-Karabakh, som vert fordømd av store delar av det internasjonale samfunnet, medverkar til å isolere Armenia regionalt. Grensene mot Aserbajdsjan og Tyrkia er stengde, og landet vert halde utanfor fleire viktige regionale samarbeidsprosjekt innanfor petroleums- og transportsektoren. Tilhøvet til Tyrkia synest likevel å vere i ei viss betring etter at den tyrkiske presidenten uventa godtok å vitje den armenske motparten sin i tilknyting til ein VM-kvalifiseringskamp i fotball i Jerevan i september 2008.
Presidentvalet i februar 2008 utløyste ei politisk krise i Armenia. Valet var svært omstridt, og i mars kom det til opptøyar i hovudstaden, der fleire vart drepne av væpna politi. Armenia innførde unntakstilstand, og det vart lagt fleire avgrensingar på utøvinga av grunnleggjande menneskerettar som forsamlingsfridom og pressefridom. OSSE-kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) og Europarådet hjelpte våren 2008 armeniarane med utforminga av ei ny lov, som i større grad sikrar forsamlingsfridomen. OSSE-sendelaget yter mellom anna hjelp til politireform, der også Noreg yter støtte til eit pilotprosjekt i Jerevan. Reform i kriminalomsorga og justisapparatet står også sentralt, og det vert lagt stor vekt på at folk skal ha tilgang til rettssystemet, mellom anna ved opplæring av advokatar og påtalemakt. Armenia har òg stor trong for hjelp til å handtere miljøutfordringar, og sendelaget medverkar til destruksjon av det svært miljøfarlege rakettdrivstoffet «mélange».
Utviklinga i Aserbajdsjan er prega av at landet vert stadig viktigare som eksportør av olje og gass. Samstundes står Aserbajdsjan overfor ei rekkje utfordringar når det gjeld demokratiske reformer, respekt for menneskerettane og frie medium. Både medie- og forsamlingsfridomen er i praksis avgrensa. ODIHR-observatørar påviste at presidentvalet i oktober 2008 ikkje tilfredsstilte internasjonale standardar, sjølv om det i høve til tidlegare val var klar framgang i sjølve den tekniske gjennomføringa.
OSSE-sendelaget har eit breitt mandat og arbeider særleg med spørsmål knytte til motarbeiding av korrupsjon, reform av politiet og godt styresett på sentralt og lokalt plan. Eit opplæringsprogram for parlamentarikarane i landet i utøving av funksjonen som folkevalde representantar for dei respektive valkrinsane, er viktig og har vorte gjennomført sidan 2005. Noreg gav i 2008 støtte til eit prosjekt for å styrkje mediefridomen i landet ved å gjere den statlege TV-kanalen om til ein allmennkringkastar. Regjeringa vil i 2009 framleis stø opp om OSSE si verksemd i Aserbajdsjan, med særleg vekt på justisreform og mediefridom. Tre juridiske ekspertar frå Styrkebrunnen vert sekondert til OSSE i Aserbajdsjan frå januar 2009. Også eit program for destruksjon av rakettdrivstoff er ein viktig del av arbeidet til sendelaget.
2.4 Sentral-Asia
Landa i Sentral-Asia står overfor store økonomiske og sosiale utfordringar, i tillegg til trugsmål mot stabiliteten som følgje av internasjonal terrorisme, narkotikatrafikk og andre former for organisert kriminalitet. Samstundes er landa strategisk viktige og har rike naturressursar.
Sentral-Asia har vorte viktigare innanfor OSSE i dei seinare åra. Som det første landet i regionen vil Kasakhstan ha OSSE-formannskapen i 2010. Denne formannskapen er òg eit element i styrkinga av den internasjonale rolla til Sentral-Asia og ønsket om tettare samarbeid med vestlege land. Regionen har òg fått større merksemd som følgje av granneskapet til Afghanistan og OSSE-vedtaket om å styrkje samarbeidet med Afghanistan med særleg vekt på større engasjement innan grensekontroll, politi og narkotikanedkjemping.
Sendelaga er ryggrada til OSSE i regionen. OSSE søkjer å fremje det regionale samarbeidet på område som grenseoverskridande vassforvalting, rettstryggleik, grensetryggleik og narkotikakontroll.
Frå norsk side legg vi vekt på å styrkje den regionale tilnærminga i hjelpa til Sentral-Asia. Den norske regionale innsatsen er retta mot område som demokratibygging, fattigdomsnedkjemping, berekraftig miljø- og ressursforvalting samt grensekontroll og nedkjemping av organisert kriminalitet.
Kasakhstan er det leiande landet i regionen og tek i stadig sterkare grad mål av seg til å spele ei viktig regional og internasjonal rolle. Landet har gjennom dei siste åra gjennomført ei rekkje demokratiske, økonomiske og sosiale reformer. I samband med tildelinga av OSSE-formannskapen i 2010 tok Kasakhstan på seg klare skyldnader om å vidareføre arbeidet med politiske reformer for å gjennomføre OSSE sine skyldnader på ulike område, mellom anna når der gjeld politiske parti, medium, valprosedyrar og lokalt sjølvstyre. Ei rekkje framlegg til lovendringar har nyleg vorte vedtekne av nasjonalforsamlinga. Dette er viktige steg. Det ser likevel ut til at det trengst ytterlegare reformer, mellom anna når det gjeld liberaliseringa av medielovgjevinga.
OSSE-sendelaget har ytt eit stort tilskot til reformarbeidet, mellom anna gjennom rådgjeving om lovreformer og gjennom dialog med styresmakter og sivilsamfunnet. Sendelaget arbeider òg med reformer i justissektoren, tryggleiks- og tillitsskapande tiltak, styrking av grensetryggleiken og kampen mot terrorisme samt aktivitetar som fremjar berekraftig utvikling og vassforvaltingsspørsmål. Det er ei viktig oppgåve for sendelaget å hjelpe Kasakhstan i førebuingane til formannskapen i 2010 både gjennom praktisk opplæring og større merksemd om OSSE sitt arbeid og gjennom hjelp til gjennomføringa av OSSE-skyldnader.
Under OSSE-formannskapen vil Kasakhstan prioritere arbeidet med å fremje demokratiske institusjonar i OSSE-området, utvikling av det europeiske og euroasiatiske transitt- og transportsamarbeidet, miljøproblem, tillitsskapande tiltak og regional tryggleik, ikkje-militære aspekt ved tryggleiken som kampen mot terrorisme, ekstremisme, narkotikatrafikk, organisert kriminalitet, våpen- og menneskehandel og atterreisinga av Afghanistan.
Kasakhstan vil framleis vere den viktigaste samarbeidspartnaren for Noreg i Sentral-Asia, og skipinga av ein norsk ambassade i Astana i 2009 vil venteleg gjere sitt til å styrkje det politiske og økonomiske samkvemmet. Støtte til demokratisering og betre styresett samt kompetanseheving innan energi- og miljøsektoren vil framleis vere prioriterte område i hjelpa frå Noreg til Kasakhstan. Noreg stør Kasakhstans formannskap i OSSE og yter tilskot til opplæring av kasakhstanske diplomatar med bakgrunn i erfaringar frå vårt eige formannskap i 1999.
Kirgisistan er framleis det minst autoritære landet i Sentral-Asia, men vert stadig meir ustabilt etter at demonstrasjonar dreiv det førre regimet frå makta i 2005. Opposisjonen, som har vore splitta, viser no teikn på samarbeid, men den løysinga dei har på dei grunnleggjande økonomiske problema, har populistiske overtonar. Landet er fattig og utviklinga vert hemma av utbreidd korrupsjon. Samstundes har landet eit stort potensial på område som turisme og vasskraft. Det har vore ei positiv utviking når det gjeld arbeidet med ny kriminallovgjeving og utviklinga av eit meir profesjonelt og uavhengig rettsstell. Likevel gjev ein del sider ved den nye grunnlova, vallova, endringar i lovene om forsamlingsfridom og medium samt den nye lova om religionsfridom og religiøse organisasjonar grunn til uro. Sendelaget arbeider med grenseforvalting og tryggleik, rettsstaten, godt styresett, lovgjeving, miljøsaker og regionalt samarbeid.
Den norske Helsingforskomiteen (NHC) skipa i 2006 eit regionalt kontor for Sentral-Asia i Bisjkek og starta deretter den formelle prosessen for å få kontoret registrert hjå kirgisiske styresmakter. Men det har oppstått ei rekkje problem i samband med registreringa, som enno ikkje er gått i orden. Etter at kirgisiske styresmakter ransaka NHC-kontoret sommaren 2008, tok Noreg saka opp med kirgisiske styresmakter og i Det faste rådet i OSSE. Seinare er den regionale representanten til NHC nekta innreise til landet. Saka vert følgd opp overfor kirgisiske styresmakter og gjennom OSSE.
Noreg stør eit samarbeid mellom OSSE-akademiet i Bisjkek og NUPI som tek sikte på å utvikle dette akademiet som eit regionalt knutepunkt for undervising og forsking. Vidare stør Noreg arbeidet til OSSE-høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) i arbeidet med mellomstatleg dialog om utdanning for minoritetar. Noreg stør òg OSSE sitt arbeid for tollopplæring i Bisjkek, der også afghanske tolltenestemenn vil kunne få opplæring. Noreg vil vidareføre støtta til politireform i Kirgisistan.
Tadsjikistan er eit av dei fattigaste landa i verda. Landet er prega av demokratisk underskot, og den politiske situasjonen er skjør. Det er utbreidd korrupsjon, og landet er særleg utsett for grenseoverskridande kriminalitet langs grensa mot Afghanistan. Samstundes er tilhøvet til Afghanistan og dei utfordringane som denne granneskapen medfører, avgjerande for tryggleiken og stabiliteten i Tadsjikistan. Ei av dei dominerande folkegruppene i Nord-Afghanistan er tadsjikarane, noko som aukar interessa for eit samarbeid på tvers av landegrensene. Hovudtyngda av OSSE sine prosjekt for å styrkje grensesamarbeidet med Afghanistan vil verte gjennomførd i Tadsjikistan.
Den norske innsatsen i Tadsjikistan er retta mot godt styresett, styrkt grensetryggleik og nedkjemping av organisert kriminalitet. Noreg har i fleire år stødd sendelaget sitt arbeid i kampen mot ulovlege handvåpen og har sekondert ekspertar. Vidare stør Noreg opp om Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM). Innanfor ramma av OSSE yter Noreg støtte til eit patruljeringsprosjekt på grensa mot Afghanistan og til skipinga av eit opplæringssenter i Dusjanbe om grensetryggleiks- og grenseforvaltingsspørsmål.
Den nye politiske leiarskapen i Turkmenistan vidarefører dei svært forsiktige reformtiltaka sine innanfor utdanning, helse, økonomi og jordbruk. Styresmaktene er interesserte i styrkt internasjonalt samarbeid. I ljos av reformprosessen har sendelaget i 2008 lagt vekt på å yte tilskot i form av ekspertise, gode erfaringar og utveksling av idear på område som grensetryggleik og grenseforvalting, lovgjevingsreformer og effektiv utnytting av vassressursane. Dette arbeidet vil verte vidareført. Sendelaget vil òg søkje å hjelpe turkmenske styresmakter med gjennomføring av menneskerettsstandardar. Noreg stør OSSE sitt arbeid for å styrkje opplæring av tolltenestemenn og samarbeidet om tollspørsmål mellom Turkmenistan og Afghanistan.
Turkmenistan inviterte for første gong offisielt internasjonale observatørar til å overvake nasjonalforsamlingsvalet i desember 2008. ODIHR sende ei mindre gruppe av observatørar for å få betre innsikt i valprosessen. ODIHR-gruppa gjennomførde ikkje nokon ordinær valobservasjon, men følgde prosedyrane på valdagen og vitja eit utval av røystelokale.
Usbekistan har eit autoritært styresett, der demokratiske rettar, rettsstaten og ytringsfridomen står svakt. Landet har vore delvis isolert frå vestleg samarbeid sidan hendingane i Andisjan i 2005. Dei usbekiske styresmaktene har likevel vist teikn til ønske om meir samarbeid med Europa og USA. Noreg har slutta seg til EU si oppheving av visumsanksjonar som vart innførde etter hendingane i Andisjan. Det har vore nokre framsteg innan rettsreform, og ein del politiske fangar er sette fri.
Menneskerettssituasjonen og mangelen på rettsstyre i Usbekistan er framleis urovekkjande, sjølv om landet kan vise til ein viss framgang i arbeidet med å avskaffe dødsstraff, å innføre habeas corpus og å godkjenne ILO-konvensjonen om barnearbeid. Tilrådingane frå ODIHR i samband med presidentvalet i 2007 er ikkje følgde opp, og Usbekistan tok til motmæle mot valrapporten, som konkluderte med at valet var strengt kontrollert og generelt ikkje vart gjennomført i samsvar med skyldnadene som landet har når det gjeld demokratiske val.
Sendelaget vil framleis leggje vekt på å hjelpe usbekiske styresmakter i kampen mot terrorisme, valdeleg ekstremisme og narkotikatrafikk, med fremjing av sosial og økonomisk utvikling og miljøvern og med gjennomføring av OSSE sine prinsipp og skyldnader, medrekna når det gjeld utviklinga av eit sivilt samfunn. Sendelaget drøftar styrkt samarbeid med Afghanistan med dei usbekiske styresmaktene.