4 Økonomisk og miljømessig samarbeid
Arbeidet med økonomiske og miljømessige spørsmål er eit viktig felt i OSSE si breie tilnærming til konfliktførebyggjande arbeid. Ei hovudoppgåve er å identifisere og møte økonomiske og miljømessige utfordringar og trugsmål mot tryggleiken i OSSE-området.
Arbeidet har vore konsentrert om område som godt styresett, sambandet mellom miljø og tryggleik, medrekna regionalt samarbeid om grensekryssande vassforvalting, migrasjon og transport- og energitryggleik. Madrid-erklæringa om miljø- og tryggleik legg vekt på at OSSE, som ein regional tryggingsorganisasjon etter FN-pakta kapittel VIII, har ei utfyllande rolle innanfor mandatet sitt når det gjeld å møte utfordringa frå klimaendringane. Den finske formannskapen har òg ønskt å setje dei tryggingsmessige følgjene av klimaendringar på OSSE-dagsordenen og har fått brei støtte frå mellom andre EU, men på grunn av russisk motstand har det hittil ikkje lukkast å oppnå konsensus om å mobilisere OSSE i arbeidet med desse spørsmåla.
Organisasjonen samarbeider nært med andre relevante aktørar i dette arbeidet, mellom andre FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE), FNs utviklingsprogram (UNDP), FNs miljøprogram (UNEP) og NATO, om gjennomføringa av meir enn 50 prosjekt som fokuserer på tilhøvet mellom miljø og tryggleik. Også Noreg yter tilskot her med støtte til ulike prosjekt.
Regjeringa meiner at OSSE har ei viktig rolle når det gjeld tema og problemområde som utgjer tryggingsmessige utfordringar. Samstundes har organisasjonen avgrensa ressursar, og det er viktig at OSSE legg vekt på å konsentrere arbeidet om område der organisasjonen har faglege føremoner. Regjeringa meiner at samanhengane mellom miljø, klima og tryggleik framleis vil vere ei viktig oppgåve for OSSE.
Samarbeidet om maritime transportruter og innlandsvassvegar i OSSE-området, med vekt på auka tryggleik og betre vern av miljøet, var tema for OSSEs 16. økonomiske og miljømessige forum i 2008. På møtet i Helsingfors vedtok utanriksministrane å styrkje dialogen og samarbeidet om tryggingsmessige, økonomiske og miljømessige sider ved maritime transportruter og innlandsvassvegar. Vidare utvikling av samarbeidet mellom OSSE og internasjonale organisasjonar som FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og UNECE vil vere eit viktig element i dette arbeidet, og deltakarlanda vert oppfordra til å slutte seg til relevante konvensjonar under IMO og UNECE.
I arbeidet med økonomiske og miljømessige spørsmål vil den greske OSSE-formannskapen i 2009 prioritere migrasjon og følgjene for stabilitet og tryggleik i OSSE-området. Den økonomiske krisa må ventast å ramme somme av OSSE-landa hardt, særleg dei som er store eksportørar av arbeidskraft (Moldova, Armenia, Kirgisistan og Tadsjikistan). Situasjonen i desse landa og for desse vandrearbeidarane må ventast å verte verre i 2009. Regjeringa vil vidareføre støtta til OSSE sitt arbeid med migrasjonsspørsmål.