2 Konstituering og val
2.1 Avslutning av den 62. generalforsamlinga og opning av den 63. generalforsamlinga
Den 62. Generalforsamlinga blei formelt avslutta 15. september 2008 og den 63. opna 16. september 2008. Generaldebatten starta 23. september og blei avslutta 29. september.
2.2 Oppnemning av delegasjon til den 63. generalforsamlinga
Noregs delegasjon under FNs 63. Generalforsamling:
Statsminister Jens Stoltenberg, leiar
Utanriksminister Jonas Gahr Støre, nestleiar
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, nestleiar
Ambassadør Morten Wetland, nestleiar
Stortingsrepresentantar:
Første del av sesjonen:
Bendik Arnesen
Eva Kristin Hansen
Anders Anundsen
Gjermund Hagesæter
Lena Jensen
Trine Skei Grande
Andre del av sesjonen:
Eirin Faldet
Asmund Kristoffersen
Åse Schmidt
Peter Gitmark
Laila Dåvøy
Alf Ivar Samuelsen
Observatørar:
Den norske Burmakomiteen
FN-sambandet
Norsk kvinneleg teologiforening
Skeiv Ungdom
Sosialistisk Ungdom
Mellomkyrkjeleg råd
Næringslivets hovudorganisasjon, NHO
Landsorganisasjonen, LO
Networkers North-South
2.3 Val
President for den 63. generalforsamlinga
Den 63. Generalforsamlinga valde Miguel d’Escoto Brockmann, tidlegare utanriksminister for Nicaragua og romersk-katolsk prest, til president.
Tryggingsrådet
Den 17. oktober valde Generalforsamlinga fem nye medlemmer til Tryggingsrådet for perioden 2009–2010. I den vesteuropeiske gruppa tapte Island kampen mot Tyrkia og Austerrike, som fekk høvesvis 151 og 133 røyster i første valomgangen. Island fekk berre 87 røyster og låg dermed langt under det to tredjedels fleirtalet på 128 røyster som var kravet. Før valet var det knytt stor interesse til kor mange som ville støtte Irans kandidatur. Iran stilte mot favoritten Japan og fekk berre 32 røyster. Japan vann overlegent med 158 røyster. Mexico og Uganda stilte utan motkandidat og blei valde inn med brei margin. Sør-Afrika, Indonesia, Panama, Belgia og Italia overlét sine sete i Tryggingsrådet til dei nye medlemmene ved årsskiftet.
ECOSOC
Under Generalforsamlinga blei Noreg valt inn i FNs økonomiske og sosial råd (ECOSOC) for 2009 og 2010. Rådet har 54 medlemmer.