3 Saker i plenum
3.1 Generaldebatten
Generaldebatten som opna Generalforsamlinga, bar preg av ei verd i krise. Gong etter gong blei det teke til orde for at ein må få betre kontroll over verdsøkonomien, og for at det internasjonale samarbeidet må bli sterkare. Ved sida av finanskrisa var matvarekrise, energikrise, klimaendringar, tusenårsmåla og reform av FN tema som mange medlemsland var opptekne av.
USAs president, George Bush, heldt sitt siste innlegg for Generalforsamlinga. Han nytta høvet til å snakke om terrorisme og viste til korleis kampen for fridom hadde bore frukter i Afghanistan, Irak, Georgia, Ukraina, Libanon og Liberia. Bush var blant dei få som ikkje omtalte finanskrisa.
Frankrikes president, Nicolas Sarkozy, la derimot stor vekt på den pågåande finansuroa og understreka behovet for sterkare internasjonal styring av kapitalismen. Det same gjorde Storbritannias statsminister, Gordon Brown, som sette fram fem nøkkelprinsipp for ei sunn utvikling i den globale økonomien: openheit, betre bankpraksis, ansvar, integritet og globale reguleringar.
Russlands utanriksminister, Sergej Lavrov, var oppteken av internasjonal tryggleik. Han meinte krisa i Georgia viste at Europa ikkje var i stand til å handtere den typen truslar som Georgia representerte. Han nytta òg høvet til å kritisere den internasjonale kampen mot terror.
Kinas innlegg var meir nasjonalt fokusert. Statsminister Wen Jiabao nemnde jordskjelvet i Wenchuan og dei olympiske leikane som to viktige hendingar i landet det siste året. Den fredelege utviklinga i Kina blei på ny proklamert.
Brasil fokuserte i hovudsak på finanskrisa og behovet for å ta eit oppgjer med marknadsfundamentalismen. Både India og Tyskland nemnde behovet for reform av Tryggingsrådet i sine innlegg.
Noregs innlegg blei halde av statsminister Jens Stoltenberg, som fokuserte på to hovudmoment: behovet for global leiarskap og oppfølging av tusenårsmåla. Han understreka at landa i verda har eit felles ansvar for å gjere FN til eit effektivt forum for global styring. For Noreg var oppnåing av tusenårsmåla den høgast prioriterte oppgåva for FN. Mål nummer 4 (redusere talet på barn som døyr) og 5 (mødrehelse) blei spesielt framheva, og statsministeren informerte om at Noreg har teke på seg eit spesielt ansvar for å følgje opp desse måla. Spørsmål om klima- og finanskrise ble òg nemnde.
3.2 Høgnivåmøte
Toppmøtet om FNs tusenårsmål
I september 2000 vedtok FNs generalforsamling Tusenårserklæringa. Ho inneheld åtte mål for arbeidet med global fattigdomsreduksjon. Desse måla er blitt eit vegkart og eit rammeverk for multilateralt og bilateralt utviklingsarbeid i dei fattige landa fram mot 2015.
For å få større merksemd om tusenårsmåla blei det under opninga av den 63. Generalforsamlinga arrangert toppmøte der over 80 statsleiarar deltok. Gjennom meir enn 50 arrangement og eit hovudmøte, der statsministeren var leiar for eit rundebord om helse og utdanning, blei det gitt tilsegn om ca. USD 16 mrd. til arbeidet med å nå måla. Det er avgjerande at desse pengane kjem på bordet og blir omsette i handling. Dessutan trengst det ytterlegare midlar om ein skal ha håp om å innfri tusenårsmåla.
Under toppmøtet hausta Noreg stor ros for å vere eit land som leverer. Statsministerens engasjement og det norske bidraget for å redde 10 millionar mødrer og nyfødde i dei fattige landa innan 2015 fekk internasjonal merksemd og mediedekning. Saman med FNs generalsekretær lanserte statsministeren og miljø- og utviklingsministeren dessutan det norskfinansierte FN-programmet for kamp mot klimaendringar som følgje av avskoging (UNREDD). Dette initiativet var med og auka merksemda om klimautfordringane under toppmøtet.
Det blir lagt opp til at det skal haldast eit nytt toppmøte om tusenårsmåla i 2010.
Høgnivåkonferansen om Afrika
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim deltok på høgnivåmøtet om Afrikas utviklingsbehov 22. september 2008. Alvoret i at ingen afrikanske land ligg an til å nå tusenårsmåla innan 2015, og behovet for at verdssamfunnet tek ansvar for å innfri gamle lovnader, var hovudbodskapane frå generalsekretæren. Andre tema som gjekk att i debatten, var utfordringar knytte til auken i matvareprisane, behov for omstrukturering i jordbrukssektoren, klimaendringar, helse, utdanning, vatn og sanitær, kapasitetsbygging og samanhengen mellom fred, menneskerettar/styresett og utvikling. Det blei lagt vekt på New Partnership for Africa’s Development (NEPAD) og Den afrikanske union (AU) som sentrale regionale aktørar.
Solheim la i sitt innlegg vekt på behovet for å sjå på alternative inntektskjelder for utviklingslanda. Han sa at bistand er viktig, men berre éin av mange vegar til utvikling, der privat kapital og investeringar er langt viktigare, og at mobilisering av ressursar og offentleg-privat samarbeid bør stå i fokus. Noreg vil at det skal rettast større internasjonal merksemd mot illegale pengestraumar og skatteparadis. Han understreka at inntekter frå fornuftig forvaltning av naturressursar og råvarer som olje- og gassførekomstar, er avgjerande for å finansiere utvikling. Han gjekk òg ut frå at klimaendringane vil trekkje til seg mest bistandsmidlar i framtida, og framheva det urimelige i at dei landa som i minst grad har medverka til klimaendringar, no står i fare for å måtte betale den høgaste prisen for omgåande handling og implementering.
Ministermøte i den internasjonale giverlandsgruppa for Det palestinske området (AHLC)
I samband med opninga av den 63. generalforsamlinga leidde utanriksminister Jonas Gahr Støre eit ministermøte i den internasjonale givarlandsgruppa for Det palestinske området (AHLC). Givargruppa gav 22. september si fulle støtte til ein palestinsk stat og rosa innsatsen til statsminister Salam Fayyad. Gruppa understreka behovet for økonomisk vekst i Det palestinske området og oppfordra Israel til å lette fri ferdsel for personar og varer ved å byggje ned vegsperringar på Vestbreidda og opne grenseovergangane til Gazastripa.
Finansiering for utvikling
Under FN-konferansen om finansiering for utvikling i Doha i slutten av november var Noreg svært synleg. Tidlegare FN-ambassadør Johan L. Løvald var tilretteleggjar for forhandlingane, og Noreg fekk gjennomslag for ei rekkje av sine prioriteringar. Sluttdokumentet understreka at ei styrking av kvinners stilling er eit effektivt middel til fattigdomsreduksjon. Etter påtrykk frå mellom andre Noreg var det òg semje om at det å hindre skatteunndraging og ulovlig kapitalflyt er eit viktig verkemiddel i kampen mot fattigdom.
Doha-konferansen bygde på ein tilsvarande konferanse i Monterrey i Mexico i 2002. Konferansen i 2002 understreka fattige lands ansvar for å mobilisere eigne ressursar til utvikling, mellom anna gjennom godt styresett og kamp mot korrupsjon. Under Doha-konferansen stadfeste dei rike landa bistandslovnadene sine, trass i finanskrisa. Konferansen vedtok òg at det skal arrangerast ei FN-konferanse om finanskrisa, den økonomiske krise og korleis dei verkar inn på utvikling. Sluttdokumentet frå Doha blei vedteke av Generalforsamlinga og har berre rådgivande kraft.
Høgnivåmøtet om interreligiøs dialog
Generalforsamlinga heldt i november høgnivåmøte om interreligiøs dialog. Møtet kom i stand etter eit personleg initiativ frå Saudi-Arabias kong Abdullah og samla ei lang rekkje stats- og regjeringssjefar, i første rekke frå muslimske land, men óg frå nokre vestlege land. Det gode oppmøtet speglar både muslimske lands frustrasjon over nedsetjande framstillingar av islam og muslimar og vestlege lands behov for å komme denne kritikken i møte. Samtidig understreka vestlege land, deriblant Noreg, at ytrings- og religionsfridom må vere grunnlaget for ein interreligiøs dialog. Krav om forbod mot nedsetjande omtale av religionen fekk ikkje nokon framtredande plass i debatten, men samtidig viser resolusjonsforslaget som Organisasjonen av islamske land (OIC) la fram om dette i 3. komité, at kravet framleis står ved lag.
3.3 FN-reform
Reform av bistandsverksemda i FN
I 2008 blei stillstanden i reformarbeidet som prega Generalforsamlinga i 2007, avløyst av forsiktig framdrift og optimisme. I bistandsverksemda er gjennomgripande reformer no på veg. Høgnivåpanelet, med statsminister Jens Stoltenberg som leiar, fremja i november 2006 ei rekkje konkrete forslag som skulle gjere FNs utviklingsarbeid meir effektivt. Rapporten fekk ein trong fødsel. Motstand frå sentrale utviklingsland som meinte at forslaga først og fremst varetok givarlanda sine interesser og ville bety nye krav og vilkår i bistanden, var med og bremsa oppfølginga av rapporten. I tillegg var ei rekkje av særorganisasjonane i FN redde for at reformene skulle medverke til å marginalisere deira rolle i utviklingslanda. 2007 blei derfor brukt til å byggje forståing og tillitt blant utviklingslanda og blant FN-organisasjonane. Bodskapen var at høgnivåpanelet først og fremst ønskte å gjere utviklingshjelpa frå FN meir relevant og sikre FN høg legitimitet og evne til å levere på tusenårsmåla. Saman med likesinna land har Noreg bygd strategiske alliansar med utviklingsland og aktørar i FN, og dette bidrog til fornya dynamikk og samarbeid om gjennomføringa av tilrådingane frå høgnivåpanelet.
I dei to åra som har gått sidan høgnivåpanelet la fram rapporten, er det sett i gang omfattande reformer på landnivå. I åtte utviklingsland blir ulike FN-kontor samla til eitt kontor med éin leiar, eitt program og eitt budsjett. Så langt tyder tilbakemeldingane frå desse landa på ein klar gevinst i form av auka effektivitet og betre målretting og resultat. Det såkalla «Eitt FN» på landnivå skal evaluerast i løpet av 2009. Etter dette vil reformene kunne setjast i gang i fleire land. På eige initiativ har likevel nær 30 utviklingsland starta ei omlegging av FN-verksemda i retning av «Eitt FN».
Forslaga til tettare samarbeid mellom FNs fond, program og særorganisasjonar, betre samordning og harmonisering av administrative ordningar og økonomiregelverk og til modernisering av personalforvaltninga blir òg følgde opp. Sommaren 2008 la FN fram ein handlingsplan for korleis ein skulle oppnå dette. Det vil ta 2–5 år før alle tiltaka er gjennomførte.
I september 2008 vedtok Generalforsamlinga ein resolusjon som anerkjenner rapporten frå høgnivåpanelet og tilrådinga om å styrkje FN-arbeidet med å fremje likestilling og kvinnerettar. Våren 2009 vil medlemslanda ta stilling til korleis FN konkret skal organisere arbeidet for å sikre større gjennomslag på dette området. Saman med dei nordiske landa er Noreg ei drivkraft i dette arbeidet.
Reform av Tryggingsrådet
Debatten om reform av Tryggingsrådet starta for alvor i kjølvatnet av rapporten «In Larger Freedom», som generalsekretæren la fram i 2005, og varte fram mot toppmøtet i 2005. Enno er det brei semje om at Tryggingsrådet i si noverande form ikkje er tilpassa realitetane i det 21. hundreåret, og bør reformerast, både når det gjeld samansetjing og arbeidsmetodar. Det er likevel inga semje om korleis ei utviding bør skje. Dei ulike forslaga og alliansane som har utkrystallisert seg, nøytraliserer kvarandre slik at ingen av forslaga har det nødvendige to tredjedels fleirtalet i Generalforsamlinga. Det er tre «leirar» i spørsmålet. «G4-landa» Japan, Tyskland, India og Brasil ønskjer ei utviding til 25 plassar, underforstått med fast medlemskap for dei sjølve og to ikkje spesifiserte afrikanske land. I motsetning til dette forslaget står «konsensgruppa», med blant andre Italia, Spania, Pakistan, Sør-Korea, Argentina, Mexico og Canada, som meiner at det er uheldig at enkelte medlemmer av rådet ikkje kan stillast til ansvar for Generalforsamlinga gjennom val, same kva dei føretek seg. Dei set seg derfor imot ei utviding med fleire faste medlemmer og går i staden inn for ei ordning med fleire valde medlemmer og høve til attval når land gjer seg fortente til det. Eit tredje forslag er Den afrikanske unionens krav om 26 medlemmer, med fast plass til to uspesifiserte afrikanske land og vetorett for alle faste medlemmer. Mange, blant dei dei fem faste medlemmene, har uttrykt uro for at eit utvida Tryggingsråd kan bli mindre effektivt og svekkje FNs handlekraft.
Debatten om reform av Tryggingsrådet har halde fram i arbeidsgruppa (Open-Ended Working Group) som blei oppretta i 1993, men ein er ikkje kommen nærmare ei løysing som vil ha støtte hos fleirtalet i Generalforsamlinga. Det herskar utbreidd frustrasjon, særleg hos G4-landa og deira støttespelarar, over at debatten held fram i arbeidsgruppa utan konkrete resultat.
Noreg og dei andre nordiske landa har teke til orde for å styrkje Tryggingsrådets legitimitet gjennom utvida medlemskap og reform av arbeidsmetodane. Dei nordiske landa har ulikt syn på spørsmålet om fleire faste plassar, men vil ikkje at vetoretten skal utvidast.
3.4 Globale helsespørsmål
Med utspring i utanriksministerens initiativ til Oslo-erklæringa om «Global helse- og utanrikspolitikk» frå 2007 fekk Noreg igjennom ein resolusjon som set temaet på saklista i FN. Initiativet, som har aktive partnarar frå Frankrike, Sør-Afrika, Thailand, Senegal, Brasil og Indonesia i tillegg til Noreg, er eit ledd i arbeidet med å bringe globale helsespørsmål høgare opp på den internasjonale agendaen. I tillegg til å auke merksemda om temaet vil resolusjonen mellom anna kunne leggje til rette for betre koordinering om globale helsespørsmål i heile FN-systemet. Dette er første gongen eit slikt overgripande helsetema blir teke opp til behandling i Generalforsamlinga.
Noreg hadde ei aktiv rolle i arbeidet med resolusjonen, men gjennomslaget og oppslutninga var først og fremst eit resultat av eit lengre samarbeid på tvers av regionale grupper. Det viser igjen at brei forankring på tvers av tradisjonelle grupperingar kan vere ein nøkkelfaktor for å ta opp nye og til dels kontroversielle saker i Generalforsamlinga. Saman med statsministerens engasjement rundt barne- og mødrehelse (tusenårsmål 4 og 5) er dette engasjementet med på å konsolidere den norske leiarrolla på helseområdet.
3.5 Fredsbyggingskommisjonen
Fredsbyggingskommisjonen (PBC) er eit rådgivande organ under Tryggingsrådet og Generalforsamlinga. Kommisjonen starta arbeidet sitt i juni 2006 og skal samle alle relevante aktørar for å mobilisere ressursar og støtte utviklinga av integrerte strategiar. Vidare skal dei gi råd og informasjon for å betre koordinering og gjenreising i postkonfliktland. Saman med eit fredsbyggingskontor og eit fredsbyggingsfond under generalsekretæren utgjer kommisjonen den nye fredsbyggingsarkitekturen i FN. Fredsbyggingskontoret skal mellom anna bistå kommisjonen, utføre strategisk arbeid og administrere fredsbyggingsfondet. Noreg har skote inn 200 millionar kroner i fondet.
Burundi og Sierra Leone var dei første landa kommisjonen hadde på saklista. I løpet av 2008 blei Guinea-Bissau og Den sentralafrikanske republikken tekne med. For kvart land blir det sett opp område som skal prioriterast for fredsbygging, og integrerte fredsbyggingsstrategiar skal utarbeidast. Utviklinga av dei integrerte fredsbyggingsstrategiane har sett ein ny standard for korleis eit mellomstatleg FN-organ kan samarbeide med eit medlemsland og støtte opp om konsolidering av fred.
Det har vore mange vanskelege debattar i PBC sidan starten. Omgrepet fredsbygging er blitt definert etter kvart som utfordringar har meldt seg i dei landspesifikke formata. Forholdet mellom overgangsjustis, demobilisering og tryggingssektorreform og meir tradisjonell utviklingspolitikk er sett på saklista. Det er aukande semje om at fredsbygging ikkje er spesifikke område, men at forholdet mellom tryggleik, politikk, menneskerettar og utvikling må sjåast i samanheng. Ei sentral utfordring blir å sikre at FN-systemet, internasjonale finansinstitusjonar og eksterne aktørar opptrer koordinert i tilnærminga til fredsbyggingsarbeidet.
Noregs tidlegare FN-ambassadør, Johan L. Løvald, var nestleiar i kommisjonen første året og leidde arbeidet med Burundi fram til juni 2008. Noreg er framleis medlem av Burundi-formatet, men Sverige har overteke leiinga. Medlemskapen i kommisjonens organisasjonskomité går på omgang. Som stor givar til FN-budsjettet kan Noreg forvente å komme tilbake som medlem med jamne mellomrom. Leiarposisjonen har gitt god anledning til å påverke utforminga av den nye fredsbyggingsarkitekturen, og Noreg har hausta stor ros for jobben vi har gjort. Sentrale norske prioriteringar har medverka til at søkjelyset er sett på landnivå, fleksible arbeidsmetodar og brei deltaking.
3.6 Humanitære spørsmål
Noreg har òg vore pådrivar for å styrkje den humanitære rolla til FN, både gjennom det vi har gjort, og i form av solide bidrag. Dette kom ikkje minst til uttrykk under høgnivåkonferansen om CERF (Central Emergency Response Fund), der Noreg er fjerde største givar og åleine står for rundt 10 % av fondet for 2009 (42 av drygt USD 400 mill.).
Under givarkonferansen dette året runda vi 100 givarland, som er eit solid uttrykk for det samlande og legitimerande potensialet FN har. Samtidig er det ei utfordring at de sju største givarane står for 85 % av budsjettet. Dessutan har dei mange samanfallande «krisene» sett sitt preg også på FNs arbeid med humanitære spørsmål, og FNs høgkommissær for flyktningar og FNs flyktningekoordinator, har nytta alle høve til å understreke den doble utfordringa krisene representerer: vesentleg auke i behov, kopla med fare for svekt evne eller vilje til å hjelpe. Dette kom til uttrykk gjennom ei noko labrare givarglede til CERF enn ein hadde håpa.
Når utviklingslanda, med Kina, India, Brasil og Sør-Afrika i spissen, tek stadig sterkare til orde for ei «multipolar» verd, bør CERF vere ei interessant plattform for å be dei same landa ta ansvar i samsvar med eigne ambisjonar. Det kan dessutan vere ein kanal for å gjere desse landa ansvarlege i andre vanskelege spørsmål som har prega FNs mellomstatlege diskusjonar på det humanitære området, til dømes respekt for det humanitære rommet og tilgang og trygge tilhøve for humanitært personell.
3.7 Anstendig arbeid
FNs generalforsamlinga vedtok i haust ein resolusjon som støttar ILO-erklæringa «Sosial rettferd for ei rettferdig globalisering», som skal styrkje vernet av arbeidstakarrettane. Noreg var initiativtakar til resolusjonen som eit ledd i oppfølginga av regjeringsstrategien for betre vern av arbeidstakarrettar globalt. Dette er òg eit direkte resultat av konferansen «Decent Work – a key to Social Justice for a Fair Globalization», som utanriksministeren heldt i Oslo 5. september i år saman med LO og NHO.
Resolusjonen blei forhandla fram gjennom konstruktivt samarbeid med Tanzania og blei vedteken utan avrøysting. EU og Sveits var aktivt støttande under prosessen. Det same var USA-delegaten, som openbert var positivt prega av det føreståande regimeskiftet i Washington.
3.8 Regionale konfliktar
Behandlinga av dagsordenspunkta om Midtausten og situasjonen for palestinarane blei som venta ei gjentaking frå tidlegare år. I debatten uttrykte stadig fleire land uro over den forverra humanitære situasjonen på Gazastripa og beklaga den israelske blokaden av området. Avrøystingane over dei mange resolusjonane skjedde etter same mønster som tidlegare. Generalforsamlinga kom saman til ein spesialsesjon 15. januar for å krevje ei omgåande og varig våpenkvile på Gazastripa. Spesialsesjonen uttrykte alvorleg uro over at partane ikkje hadde etterlevd tryggingsrådsresolusjon 1860 (2009), og kravde full respekt for Tryggingsrådets vedtak om våpenkvile.
Den 10. november gav Generalforsamlinga samrøystes støtte til gjenreisinga av Afghanistan og til FN og spesialrepresentant Kai Eide (UNAMA) som leiar for den sivile innsatsen i landet. Trass i vanskelege forhandlingar mellom USA og Russland blei resolusjonen om Afghanistan til slutt vedteken ved konsens, som tidlegare år. Noreg la vekt på at UNAMA og spesialrepresentant Kai Eide måtte få tilstrekkelege ressursar, at det trengst auka internasjonal innsats for å avverje ei humanitær krise og at det føreståande valet blir avgjerande demokratiet i Afghanistan.
3.9 Havretts- og fiskerispørsmål
Generalforsamlinga er ein sentral arena for å profilere Noreg som ein ressursnasjon med viktige interesser på det marine området. Det norske innlegget tok for seg utfordringar knytte til klimaspørsmål, ulovleg, uregulert og urapportert fiske, utkast av fisk, sjørøvarverksemd og avgrensing av yttergrensa for kontinentalsokkelen.
Noreg lukkast i å få FN til å fokusere sterkare på behovet for kamp mot utkast av fisk gjennom gode formuleringar i fikseriresolusjonen. Etter norsk initiativ vedtok dermed Generalforsamlinga ei oppfordring om å vurdere å utarbeide eit regelverk for å stanse utkast av fisk, t.d. gjennom vedtaking av ein handlingsplan under FNs matvareprogram.
Stadig fleire signal tyder på at det er samanheng mellom organisert kriminalitet og ulovleg fiske. Etter norsk initiativ blei det semje om å oppfordre statar og relevante internasjonale organisasjonar til å undersøkje årsakene til og metodane ved ulovlig fiske. Forslaget var svært omstridd, særleg fordi enkelte flaggstatar fryktar ei utvikling av havretten i retning av utvida høve for andre statar til å gripe inn mot fiskefartøya deira.
Forhandlingane om havrettsresolusjonen var dessverre prega av tilbakeslag og dårleg forhandlingsklima. Til dømes kunne ikkje G77 engasjere seg i forhandlingane om mandatet til ein viktig og årleg konferanse om havrettslege spørsmål før heilt i sluttspurten av forhandlingane. Vidare måtte tidlegare aksepterte formuleringar om reduserte utslepp av klimagassar slettast.
Eit anna viktig innsatsområde for Noreg er avgrensing av kontinentalsokkelen for land der denne strekkjer seg ut over 200 nautiske mil. Ei avklaring av yttergrensa for sokkelen er viktig for å skape folkerettsleg klarleik, men kan òg ha store positive konsekvensar for ein stats utvikling. For mange kyststatar er 2009 fristen for å dokumentere sokkelens yttergrenser for Kontinentalsokkelkommisjonen, eit ekspertorgan oppretta under havrettskonvensjonen. For mange utviklingsland er dette ei stor utfordring, og støtte til utviklingsland er derfor heilt nødvendig. Noreg er den viktigaste bidragsytaren til eit FN-fond som yter slik støtte.
Sjørøvarverksemd har fått auka merksemd i FN etter kvart som fleire skip har blitt angripne utanfor Somalia. Havrettsresolusjonen erkjenner problemet og oppfordrar til tett samarbeid på alle nivå for å slå ned sjørøveri. Likevel er det FNs tryggingsråd som gjennom året har vore leiande på dette området, særleg gjennom vedtaking av resolusjonar som opnar for bruk av makt mot sjørøvarar i somalisk farvatn og basane deira på land. Slik maktbruk krev mellom anna eit generelt samtykke frå somaliske styresmakter.
Som før stod Noreg som medforslagsstillar til begge resolusjonane. Fiskeriresolusjonen blei vedteken ved konsens, havrettsresolusjonen med overveldande fleirtal.
3.10 Terrorisme
Det har ikkje vore framdrift i forhandlingane om ein generell terrorismekonvensjon og definisjonen av terrorisme. Det blei sett av ein dag til behandling av status i gjennomføringa av FNs terrorismestrategi. Dette var den første tilsynskonferansen sidan den globale strategien blei vedteken i 2006. Det var brei tilslutning for strategien fram mot neste tilsynskonferanse i 2010.
3.11 Dei internasjonale domstolane
Den internasjonale domstolen i Haag
Under utgreiinga si påpeika domstolspresident Rosalyn Higgins at domstolen aldri har vore så produktiv som no, med fire dommar avsagde i perioden juli 2007 til juli 2008. Det høge aktivitetsnivået stadfester at domstolen er relevant og viktig for fredeleg løysing av tvistar mellom statar. Det blei òg valt fem dommarar til domstolen. Desse kom frå Storbritannia, Frankrike, Brasil, Somalia og Jordan. Alle har brei folkerettsleg og internasjonal røynsle.
Den internasjonale straffedomstolen
Domstolen er fullt operativ, og etter at Cook Island tiltredde i juli 2008, har vedtektene 108 partar. Presidenten for domstolen, Philippe Kirsch, la fram rapporten frå domstolen, og nemnde kort status i dei fire situasjonane som er til behandling i domstolen, nemleg Uganda, Darfur, Den demokratiske republikken Kongo og Den Sentralafrikanske republikken. Kirsch understreka den preventive effekten domstolen har, og at han er med og oppfyller FNs målsetjingar. Han påpeikte òg det viktige i at statar samarbeider effektivt med domstolen, då ein elles ikkje kan pågripe eller straffeforfølgje dei tiltalte. Noreg uttrykte full støtte til domstolens arbeid.
Dei internasjonale straffedomstolane for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) og Rwanda (ICTR)
Presidentane for dei to tribunala tok for seg strategiane for å avslutte arbeidet ved domstolane. Ei vellykka sluttføring av mandata er avhengig av tilstrekkeleg samarbeid frå statane og at alle tiltalte blir arresterte og overleverte til domstolane. Pågripinga og overleveringa av Radovan Karadzic var ein viktig merkestein i arbeidet ved domstolen for det tidlegare Jugoslavia. Sentrale tema for domstolane og medlemslanda i FN er kva mekanismar som må behaldast for å sikre at dei som ber det største ansvaret for dei alvorlege overgrepa i det tidlegare Jugoslavia og Rwanda, ikkje får gå ustraffa. Det må òg etablerast ordningar som gjer at arkiva til domstolane er tilgjengelege for ettertida. Noreg rosa domstolane for arbeidet deira og gav dei på ny si fulle støtte.