6 Menneskeretts- og sosiale spørsmål (3. komité)
6.1 Generelt
Seksti år etter at Verdserklæringa om menneskerettane blei vedteken, er dei tradisjonelle skiljelinjene mellom Vestgruppa (nord) og G77 (sør) framleis å finne i 3. komité. Behandlinga av tilleggsprotokollen til konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar er eit eksempel på dette. Trass i at protokollen blei vedteken ved konsens, valde ei rekkje vestlege land, deriblant Noreg, å leggje fram posisjonsforklaringar i samband med vedtaket.
Det imponerande oppmøtet under høgnivåmøtet om interreligiøs dialog understreka den allmenne erkjenninga av behovet for auka forståing på tvers av religiøse og kulturelle skiljelinjer. Frontane i resolusjonsforhandlingane om religionsfridom og nedsetjande omtale av religionen viste likevel kor langt gruppene står frå kvarandre i desse spørsmåla.
Samtidig var konfliktnivået på nokre område lågare under sesjonen i år enn i fjor. Initiativet om rettar for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar blei fremja ved såkalla «stille diplomati» gjennom kontakt med enkeltland. På den andre sida var forhandlingane om dødsstraffresolusjonen både harde og konfronterande, sjølv om ein viss forhandlingstrøyttleik var å spore.
Det norske hovudinnlegget tok utgangspunkt i 60-årsjubileet for Verdserklæringa, det universelle ved erklæringa og den manglande etterlevinga av rettane ho inneheld. Elles la Noreg vekt på kor viktige menneskerettsforsvararar er for å fremje og verne menneskerettane, og på den aukande merksemda om forholdet mellom religions- og livssynsspørsmål på den eine sida og ytringsfridom på den andre. Dødsstraff, tortur og kampen mot terrorisme blei òg omtalt.
6.2 Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar
Noreg var blant dei 66 landa som stilte seg bak eit innlegg om rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Innlegget var det første som ble halde om temaet i FNs generalforsamling. I innlegget fordømmer landa overgrep mot homofile på grunn av seksuell orientering og ber statane gjennomgå lovverket sitt for å sikre at homofil praksis ikkje er straffbart. Vidare slår innlegget fast at prinsippa om universalitet og ikkje-diskriminering også omfattar desse gruppene. Det var av stor verdi at alle regionale grupper i FN var representerte blant dei 66 landa. Det er òg verdt å merkje seg at eit motinnlegg organisert av Egypt berre samla 57 land. Det kan tyde på at ei lang rekkje land ser det som politisk kostbart å tone flagg i saka, same kva haldning dei har. Det er såleis for tidleg å fremje ein resolusjon om rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, sidan det er høgst usikkert om ein vil oppnå fleirtal. Noreg var med i kjernegruppa som utarbeidde innlegget. I 2006 leidde Noreg arbeidet med eit liknande innlegg i FNs menneskerettsråd i Genève.
6.3 Dødsstraffresolusjonen
Den banebrytande dødsstraffresolusjonen som blei vedteken under den 62. generalforsamlinga, var årsak til den mest opprivande debatten også i fjoråret. Ei følgje av dette var at mange medlemsland var lite innstilte på ein ny konfrontasjon under haustens generalforsamling. Resolusjonen som blei vedteken under den 63. sesjonen, møtte framleis sterk motstand, men konfliktnivået var redusert. Det kom hovudsakleg av at teksten var prosedyreprega og la opp til at neste substansielle debatt om temaet først blir i 2010. Ved å gjere resolusjonen toårleg håpa ein å gi land som vurderer å innføre eit moratorium på dødsstraff, tilstrekkeleg tid til å gjere lovendringar. Bakgrunnen for den prosedyreprega resolusjonen er at det er viktig å kunne vise til ein vedvarande trend i retning av eit globalt moratorium på dødsstraff.
6.4 Barns rettar
Saman med Sveits og New Zealand valde Noreg for første gong ikkje å vere medforslagsstillar til resolusjonen om barns rettar. Årsaka var misnøye med den årvisse forhandlingsprosessen, der EU og gruppa av latinamerikanske land saman presenterer kompromissutkast basert på eit minste felles multiplum, som det er vanskeleg for dei resterande medlemslanda å styrkje. At trelandsgruppa på denne måten understreka misnøye med prosessen, gjorde sitt til at resolusjonen i år blei sterkare enn den i fjor. Ordlyden blei styrkt på fleire område som er viktige for Noreg, mellom anna etterleving av retten til utdanning i humanitære kriser, auka merksemd om skadeverknadene av å vere vitne til vald, bruken av dødsstraff mot barn og seksuell vald mot barn. Det var spesielt viktig at fornyinga av mandatet til generalsekretærens spesialrepresentant for barn og væpna konflikt blei godt vareteken. På same tid er det bekymringsverdig at generalsekretæren framleis ikkje har utnemnt ein spesialrepresentant for vald mot barn over eitt år etter at Generalforsamlinga vedtok det.
6.5 FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR)
Resolusjonen «Office of the United Nations High Commissioner for Refugees», som stadfester støtte frå Generalforsamlinga til UNHCRs arbeid, blei vedteken ved konsens. Å framforhandle resolusjonen er eit nordisk rotasjonsansvar, og Noreg leidde arbeidet denne gongen. Teksten gir Generalforsamlinga høve til å komme med innspel til UNHCRs arbeid og minner i tillegg om ansvaret Generalforsamlinga har overfor kontoret til FNs høgkommissær for flyktningar.
6.6 Menneskerettssituasjonen i enkeltland
Generalforsamlinga vedtok tre landspesifikke resolusjonar om Iran, Myanmar/Burma og Nord-Korea. Noreg var medforslagsstillar til alle tre. I Generalforsamlinga er resolusjonar om menneskerettssituasjonen i enkeltland blant dei mest kontroversielle, og dei blir gjerne angripne for å vere selektive og politisk motiverte. Det ble fremja ikkjebehandlingsforslag på resolusjonane om Iran og Myanmar/Burma. Begge forslaga mislykkast. Canada og nærståande land, deriblant Noreg, la ned eit betydeleg lobbyarbeid i framkant av Iran-resolusjonen for å hindre at ikkjebehandlingsforslaget skulle føre fram.
6.7 Tortur
Den årlege danske resolusjon om tortur oppnår tradisjonelt konsens blant medlemslanda, men i 2008 såg det lenge ut til å gå mot votering då framtredande G77-land, støtta av Russland og Kina, sette seg mot at resolusjonen skulle omtale ei styrking av innsatsen for å førebyggje bruk av tortur. Den same gruppa av land forsøkte å undergrave det absolutte forbodet mot tortur ved å relativisere forbodet mot å utlevere personar til statar som ein trur praktiserer tortur.
6.8 Utanomrettslege, summariske eller tilfeldige avrettingar
Ikkje uventa gjekk Sveriges toårlege resolusjon om utanomrettslege, summariske eller tilfeldige avrettingar til avrøysting. Resolusjonen inneheld mellom anna den einaste referansen til seksuell legning i ein FN-resolusjon. Statane blir i denne paragrafen bedne om å setje i verk tiltak for å sikre spesielt sårbare grupper mot drap, m.a. grunna seksuell legning. Det var gledeleg at ei separat paragrafvotering om denne referansen blei avvist med ei overvekt på eit titals stemmer. Elles var det positivt at det lykkast Sverige å få inn ein referanse til «ansvar for å beskytte», nærmare bestemt statanes ansvar for å beskytte borgarane mot dei alvorlegaste brotsverka og verdssamfunnets ansvar, gjennom Tryggingsrådet, for å treffe nødvendige tiltak dersom den aktuelle staten ikkje oppfyller sitt ansvar.
6.9 Retningslinjer for arbeidet hos Høgkommissæren for menneskerettar (Programme 19)
Noreg deltok aktivt i forhandlingane om retningslinjer for arbeidet hos Høgkommissæren for menneskerettar. Retningslinjene er kjende som «Programme 19» og inngår i Høgkommissærens strategiske rammeverk for perioden 2010–2011. Noreg er nest største givar til Høgkommissærens kontor, og det er avgjerande viktig for Noreg at kontoret ikkje får mandatet sitt underlagt føringane til Menneskerettsrådet. Som tidlegare år freista G77- landa, særleg Cuba og Afrika-gruppa, å svekkje Høgkommissærens mandat og endre teksten i ei retning som var uakseptabel for vestlege land, deriblant Noreg. Mange av forslaga gjeld ønske om å sløyfe referansar til brot på menneskerettane og til arbeid for å fremje og verne om menneskerettane. For første gong blei denne resolusjonen vedteken ved votering. Det skuldast i første rekkje ein referanse til oppfølginga av FNs rasismekonferanse (Durban). Verken Israel, USA, Canada eller Australia kunne gå med på nokon slik referanse.