St.meld. nr. 32 (2008-2009)

Om Noregs deltaking i den 63. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 62. general- forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

8 Administrative og budsjettmessige spørsmål (5. komité)

8.1 Det regulære budsjettet for 2008–2009

FN-budsjettet blir vedteke for ein periode på to år. Budsjettet for perioden 2008–2009 blei vedteke under den 62. Generalforsamlinga i 2007. Etter langvarige forhandlingar mellom EU og G77 blei FNs generalforsamling like før jul samd om ein pakke med tilleggsbudsjett for 2009. Desse mindre budsjetta omfattar det eittårige budsjettet for særlege politiske oppdrag (Special Political Missions) og nye initiativ som styrking av FNs politiske avdeling (DPA), styrking av dei avdelingane i FN-sekretariatet som arbeider med utviklingsspørsmål og harmonisering av tenestevilkåra for FN-tilsette. Budsjetta kjem i tillegg til FNs toårige budsjett for 2008–2009, og innebar til saman ein auke på USD 657 471 800. Dermed er budsjettet for 2009 på USD 4 865 080 200. Generalforsamlinga godtok dessutan eit førebels overslag på det toårige budsjettet for 2010–2011 på USD 4 871 048 700. 

Bidragsskalaen

Bidragsskalaen for den neste treårsperioden (2010–2012) vil bli drøfta når sesjonen blir teken opp att i mars, men det er ikkje venta at det blir fatta noko vedtak før haustsesjonen i den 64. generalforsamlinga.

Den 61. generalforsamlinga vedtok å vidareføre den eksisterande treårige skalaen (2001–2003 og 2004–2006) for utlikning av medlemslanda sine bidrag til det regulære budsjettet for perioden 2007 til 2009. Dei store utviklingslanda tok då ansvar innanfor gruppa av utviklingsland og tok uformelt på seg å betale noko meir, slik at små utviklingsland som fekk stor auke i sine bidrag, kunne fase desse inn over dei neste tre åra. Russland tok òg på seg ei noko større økonomisk byrde ved å betale 2 % i staden for den utlikna satsen på ca. 1,2 %. USA var fornøgd med utfallet då «taket» på 22 % blei ståande. Også Japan kunne leve med vidareføringa ettersom bidraget deira ville bli redusert i alle tilfelle fordi dei hadde ein nedgang i BNP. Det norske bidraget til FNs regulære budsjett er på 0,782 %.

FNs finansielle situasjon

På grunn av sein eller manglande innbetaling frå medlemslanda har FN framleis sesongprega likviditetsproblem. Medlemslanda skulda i 2008 rundt 3,8 mrd. Det var meir enn ved utgangen av 2007, då medlemslanda hadde ei gjeld på USD 3,3 mrd. Av dette var USD 756 mill. til det regulære budsjettet, USD 2,9 mrd. til FNs fredsbevarande operasjonar, USD 53 mill. til krigsforbrytardomstolane og USD 80 mill. til oppgradering av FN-bygningen. USA har ved utgangen av 2008 ei totalgjeld på USD 1,6 mrd. og er den som skuldar mest. Andre store bidragsytarar som Japan og Argentina hadde til saman ei gjeld på over USD 944 mill.

8.2 Finansiering av FNs krigsforbrytardom­stolar

Generalforsamlinga vedtok å revidere dei toårige budsjetta for krigsforbrytardomstolane på USD 305,4 mill. for Rwanda (ein auke på USD 38 mill.) og USD 376,2 mill. for det tidlegare Jugoslavia (ein auke på 28,6 mill.).

8.3 Finansiering av FNs freds- bevarande operasjonar

Finansiering av FNs fredsbevarande operasjonar skjer i utgangspunktet for ein periode på eitt år, frå 1. juli til 30. juni. Generalforsamlinga vedtek som regel budsjetta for dei fredsbevarande operasjonane i juni kvart år. Det vil likevel vere behov for å behandle budsjettforslag etter kvart som Tryggingsrådet fornyar mandatet til beståande operasjonar eller opprettar nye operasjonar.

Under haustsesjon drøfta Generalforsamlinga ein framdriftsrapport for den fredsbevarande operasjonen i Darfur (UNAMID) og vedtok eit budsjett for første halvdel av 2009 på USD 449,9 mill. , noko som tilsvarer eit kutt på USD 100 mill. samanlikna med det opphavlege forslaget. UNAMIDs budsjett for andre halvdel av 2008 var på USD 919 400 200.

Generalforsamlinga vedtok dessutan å redusere budsjettet for FNs observatørstyrke i Etiopia og Eritrea (UNMEE), til USD 37,02 mill. frå den opphavlege løyvinga på USD 100,37 mill. (se 7.4 over).

Med desse vedtaka har FN aktive fredsbevarande operasjonar som kostar om lag USD 7,1 mrd. for 2007–2008. Desse budsjetta, med unntak av UNTSO i Midtausten og UNMOGIP i Kashmir, blir finansierte gjennom pliktige bidrag frå medlemslanda etter ein bidragskala der dei fem permanente medlemmene av Tryggingsrådet yter ein større del enn til det regulære budsjettet. Noreg står for 0,782 %.

8.4 FNs politiske misjonar

I tillegg til FNs fredsbevarande operasjonar behandlar Generalforsamlinga kvar haust dei eittårige budsjetta til FNs 27 særlege politiske misjonar. Generalforsamlinga godkjende eit samla budsjett på USD 413,65 mill. , noko som utgjer om lag 20 % av FNs regulære budsjett. Den sivile FN-operasjonen i Afghanistan (UNAMA) er den største enkeltposten og fekk støtte til den planlagde utvidinga med 115 nye internasjonale stillingar, som inneber at budsjettet blir dobla til USD 155 mill. .

8.5 Styrking av FNs politiske avdeling (DPA)

Etter halvtanna års forhandlingar blei det endeleg semje om å styrkje FNs politiske avdeling (DPA) med 49 nye stillingar, om lag halvparten av det Generalsekretæren opphavleg hadde føreslått. Utviklingslanda stilte seg i utgangspunktet skeptiske til å styrkje FNs evne til politisk rapportering, mekling og konfliktførebygging.

8.6 Styrking av FNs utviklingsarbeid

Generalforsamlinga vedtok å styrkje FNs utviklingsarbeid ved å godkjenne 92 nye utviklingsrelaterte stillingar i FN-sekretariatet. Utviklingslanda kravde opphavleg langt fleire stillingar, men EU hevda at dei nye stillingane var dårleg grunngitte og ville føre til overlapping med FNs fond og program. Utviklingslanda gjorde dette til ei fanesak under haustens sesjon og blokkerte andre forhandlingar for å få støtte til ei mengd nye stillingar. Til slutt blei det semje om eit kompromiss på 92 nye stillingar. Noreg og Island støtta styrking av kvinne- og likestillingseeininga i FN-avdelinga for utvikling (DESA), som til slutt fekk fem nye stillingar.

8.7 Harmonisering av tenestevilkår

Generalforsamlinga vedtok dessutan å harmonisere tenestevilkåra for FN-tilsette, mellom anna for å styrkje rekrutteringa til utsette feltoperasjonar. For UNAMA betyr det at det særskilde risikotillegget (om lag 1620 US-dollar per månad) som unntaksvis blei løyvd fram til 30. juni 2009, blir ein del av dei regulære godtgjerslene. Talet på ledige stillingar i UNAMA gjekk markant ned etter at risikotillegget blei vedteke i sommar, og det er von om at den nye ordninga vil gjere det lettare å rekruttere kvalifisert personell. Den totale kostnaden med harmoniseringa for 2009 er på ca. 93 mill. US-dollar.

8.8 Reformspørsmål

Haustens sesjon tok igjen fatt på arbeidet med å reformere FN i tråd med vedtaka som blei fatta under høgnivåmøtet i 2005. Mens EU og USA har vilja fortsetje arbeidet med reformresolusjonane, har G77 vore skeptiske og heller gjort geografisk representasjon av utviklingsland i FN-sekretariatet til hovudsak. Japan på si side har vore tilbakehaldne med ressursbruken og har derfor gjort det endå vanskelegare å få reformprosessen framover. Ein har likevel fått vedteke eit nytt internt rettspleiesystem for FN. Dette profesjonaliserer FN som arbeidsgivar og er eit viktig framsteg no når FN har over tretti tusen tilsette.

Personalforvaltning

Generalforsamlinga vedtok ei gjennomgripande reform av personalforvaltninga i FN, som omfattar kontrakts- og tilsetjingsforhold, rekruttering, nasjonale opptaksprøvar (NCE), kvalitetskrav, mobilitet, karriereutvikling, geografisk representasjon og kjønnsfordeling. Dei viktigaste reformene gjaldt tilsetjingsforhold og tenestevilkår. Det blei vedteke å forenkle tilsetjingsforholda i FN ved å opprette tre standardiserte arbeidskontraktar frå 1. juli 2009: midlertidig (opp til eitt år), tidsavgrensa (fornybar opp til fem år) og fast tilsetjing. Det herskar framleis usemje om kriteria for fast tilsetjing. Det blei dessutan vedteke å harmonisere tenestevilkåra (risikotillegg og liknande) for FNs feltoperasjonar, som no blir inndelte i «family missions» og «non-family missions», med særskilde tillegg. Det er håp om at denne reforma vil styrkje rekrutteringa til utsette FN-operasjonar som den i Afghanistan (UNAMA). Det var førebels inga semje om å forenkle rekrutteringsprosessen i FN.

Tilsyn og kontroll

Reform av FNs tilsyns- og kontrollstruktur er ein del av oppfølginga av høgnivåmøtet i 2005. Ved den 61. generalforsamlinga blei det teke sikte på ei brei evaluering av FNs eksisterande tilsyns- og kontrollsystem. Temaet er vanskeleg, med stort sprik mellom posisjonane til medlemslanda, og då punktet blei lagt fram for komiteen under haustens sesjon, stod EU og G77 framleis langt frå kvarandre. Av den grunn lét det seg ikkje gjere å einast om hovudelementa i ein resolusjon. Diskusjonen om tilsyns- og kontrollproblematikken vil halde fram i den gjenopptekne sesjonen våren 2009.

Revisjonsstandardar

Arbeidet med å innføre internasjonalt godtekne revisjonstandardar (International Public Sector Accounting Standards – IPSAS) i FN-systemet held fram. Etter planen skal desse standardane vere i bruk i heile FN-systemet innan 2010.

8.9 Andre budsjettspørsmål

Oppussing av FN-sekretariatet

Det er vedteke at FN-bygningen skal totalrenoverast for første gong sidan han stod ferdig for 59 år sidan («Capital Master Plan»). Oppussinga starta i 2008 ved at det blir bygd eit mellombels bygg (149,5 mill. US-dollar) for Tryggingsrådet, Generalforsamlinga og konferansar i parkområdet nord for dagens bygning. Eit totalrenovert FN-bygg skal etter planen kunne takast i bruk i 2014. Prosjektet har eit eige budsjett på USD 1,87 mrd. .

Modernisering av FNs IT-system

Generalforsamlinga vedtok etter lange og kompliserte forhandlingar ein resolusjon som legg grunnlaget for ny IT-strategi og IT-plattform i FN-sekretariatet. Det blir oppretta eit uavhengig kontor for informasjon, kommunikasjon og teknologi (ICT) under leiing av ein eigen IT-sjef. Generalforsamlinga godkjende dessutan første fase i «ERP»-prosjektet («Enterprise Resource Planning»), som skal modernisere og integrere FNs IT-prosessar med omsyn til rekruttering, innkjøp og budsjettadministrasjon, og løyvde 20 mill. US-dollar for åra 2008–2009. Eit nytt og omfattande IT-system vil vere ei stor og dyr investering for FN, men er helt nødvendig for å profesjonalisere drifta og gjennomføre internasjonale standardar for bokføring. Det blei likevel inga semje om datatryggleiken og databeredskapen i FN i samband med oppussinga av FN-bygget og nødvendige omlokaliseringar.

Til forsida