St.meld. nr. 33 (2000-2001)

Om Noregs deltaking i den 55. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 54. generalforsamling

Til innhaldsliste

2 Konstituering og utvikling

2.1 Avslutning av den 54. generalforsamlinga

Den 54. generalforsamlinga vart førebels avslutta 23. desember 2000. Ho kom saman med jamne mellomrom våren og sommaren 2000 for å drøfte uteståande spørsmål på dagsordenen. Den 54. generalforsamlinga vart formelt avslutta 5. september 2000.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 55. generalforsamlinga

Til å representere Noreg på FNs 55. generalforsamling vart denne delegasjonen oppnemnd:

Delegerte:
UtanriksministerThorbjørn Jagland, leiar
UtviklingsministerAnne Kristin Sydnes, nestleiar
StatssekretærRaymond Johansen, nestleiar
StatssekretærEspen Barth Eide, nestleiar
StatssekretærSigrun Møgedal, nestleiar
AmbassadørOle Peter Kolby, nestleiar
1. del av sesjonen:
Delegerte:
StortingsrepresentantErik Dalheim
StortingsrepresentantIngvald Godal
Vararepresentantar:
StortingsrepresentantGrethe Fossum
StortingsrepresentantLodve Solholm
StortingsrepresentantTor Nymo
StortingsrepresentantArne Lyngstad
2. del av sesjonen
Delegerte:
StortingsrepresentantAnnelise Høegh
StortingsrepresentantAnne Helen Rui
Vararepresentantar:
StortingsrepresentantVidar Bjørnstad
StortingsrepresentantElsa Skarbøvik
StortingsrepresentantBritt Hildeng
StortingsrepresentantPer Sandberg

Observatørar:

Sami Nisson Forum

AUF

En Verden

LO

NHO

Noregs Unge Venstre

ANSA

Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja

FN-sambandet

NGO-forum for menneskerettigheter

Pressemedarbeidar Arnfinn Mauren

I tillegg deltok som rådgjevarar for delegasjonen medarbeidarane ved Noregs faste delegasjon til Dei sameinte nasjonane og andre norske utanriksstasjonar, samt embets- og tenestemenn som arbeider med FN-spørsmål i Utanriksdepartementet.

2.3 Forsamlinga si utvikling

Den 55. generalforsamlinga vart opna 5. september og førebels avslutta 23. desember 2000.

Dagsordenen for Generalforsamlinga omfatta i alt 179 punkt. Sakslista for den 54. generalforsamlinga kom til slutt opp i 183 punkt før sesjonen vart avslutta.

I den føreliggjande stortingsmeldinga er det gjort greie for dei hovudsakene som prega denne sesjonen. Som grunnlag for arbeidet sitt hadde delegasjonen på vanleg måte instruksar frå Utanriksdepartementet. Delegasjonen stod i nær kontakt med delegasjonane frå dei andre nordiske landa, delegasjonane frå EU-landa og andre delegasjonar som det var naturleg å samarbeide med i dei einskilde sakene.

2.4 Konstituering og val av nye medlemmer

Den 55. generalforsamlinga valde Harri Holkeri, tidlegare statsminister i Finland, som president.

Republikken Tuvalu vart under den 55. generalforsamlinga teke opp som FNs 189. medlemsland.

Noreg vart under den 55. generalforsamlinga valt som ein av fem nye ikkje-faste medlemmer av Tryggingsrådet for perioden 2001-2002, saman med Colombia, Singapore, Mauritius og Irland.

Til forsida