3 Samarbeidet mellom kultur og skule – bakgrunn, verdiar og målsetjingar
3.1 Bakgrunn
Kulturtilbod og kulturformidling til born og unge har lenge vore eit viktig kulturpolitisk tiltaksområde, men først i 1990-åra vart det sett skikkeleg fokus på at born og unge har rett på eit kulturtilbod som er likeverdig med det dei vaksne får (jf. Vaagland m.fl., 2000). I St.meld. nr. 61 (1991–1992) Kultur i tiden , vart det understreka som eit viktig prinsipp at born og unge på den eine sida må få opplevingar med profesjonell kunst, og på den andre sida at borna sine eigne kulturelle ressursar vert tekne i bruk.
Utover 1990-talet kom skulen meir og meir i fokus som ein sentral arena for formidling av kunst og kultur til born og unge. I handlingsplanen Broen og den blå hesten (KUF og KD, 1996) vart det lagt vekt på at born må få opplevingar med profesjonell kunst av høg kvalitet, samstundes som dei får utfalde seg med eigne kulturelle aktivitetar. Handlingsplanen la vekt på eit auka samarbeid mellom skuleverket og kunst- og kulturlivet gjennom skisser til løysingar for ei samordning av desse sektorane.
Handlingsplanen var ei oppfølging av både St.meld. nr. 61 (1991–1992) Kultur i tiden , St.meld nr. 40 (1992–1993) «..vi smaa, en Alen lange» og St.meld nr. 29 (1995–1996) «Om prinsipper og retningslinjer for 10-årig grunnskole – ny læreplan» og handsaminga av desse i Stortinget.
I læreplanverket for den 10-årige grunnskulen (L97 og L97 Samisk, KUF, 1996) kom dei skisserte målsetjingane til uttrykk, mellom anna at profesjonelle utøvarar frå kunst- og kulturlivet i aukande grad skal trekkjast inn i skulen. Det vert lagt stor vekt på at skulen skal vere ein stad der born og ungdom møter profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet. Men minst like viktig er det at skulen skal vere ein stad der dei vert utfordra og inspirerte til eigenaktivitet (Røyseng og Aslaksen, 2003).
Delvis som ein konsekvens av ei meir regional dreiing i kulturpolitikken frå 1970- og 1980-talet og delvis som eit svar på dei politiske signala som mellom anna kom til uttrykk gjennom dei nemnde stortingsmeldingane og handlingsplanen Broen og den blå hesten , har enkelte fylkeskommunar og kommunar i løpet av 1990-talet utvikla og etablert modellar for ei heilskapleg kunst- og kulturformidling til grunnskulen og vidaregåande skule, jf. kap. 5. Desse initiativa og utviklingstrekka regionalt og lokalt dannar bakteppet for satsinga på Den kulturelle skulesekken på nasjonalt plan frå og med 2001.
3.1.1 Den kulturelle skulesekken som nasjonal satsing
I 2001 vart det for første gong sett av ein særskild sum over Kulturdepartementet sitt budsjett øyremerkt samarbeid mellom kultur og skule under paraplyen Den kulturelle skulesekken. Dette kom som eit tillegg til eksisterande løyvingar over Kulturdepartementets budsjett til institusjonar og tiltak som arbeider med kunst og kulturformidling til born og unge både i og utanfor skuletida. Utdannings- og forskingsdepartementet løyvde same året midlar til kompetanseutvikling i samband med Den kulturelle skulesekken. Løyvingane over statsbudsjettet i perioden 2001–2003 har gjeve grunnlag for å stimulere til aktivitet over heile landet og setje i verk eit knippe pilot- og samarbeidsprosjekt mellom kultur og skule, forankra i læreplanverket.
Endringa i fordelinga av spelemidlar til kulturføremål gjev grunnlag for ei opptrapping og utviding av satsinga. I åra som kjem vil ressursane til Den kulturelle skulesekken vere av eit slikt omfang at det er eit realistisk mål å gje alle born i grunnskulen, offentlege så vel som private, gode møte med kunstnarar og ulike kulturuttrykk.
Med opptrappinga av ressursar til profesjonell kulturformidling til skulen kan dette feltet no setjast inn i ein større heilskap. Målet er at alle born i framtida skal få oppleve kultur av høg kvalitet og eit stort mangfald, i tillegg til betre høve for deltaking i kulturelle prosessar ved samarbeid med kulturaktørar gjennom heile skulegangen. Dette gjev store utfordringar for både kultursektoren og skulesektoren, mellom anna når det gjeld kompetanseheving og å skape gode samarbeidsrelasjonar og møteplassar på tvers av faggrenser og forvaltingsnivå. Ikkje minst vil dette setje fokus på kunst- og kulturformidling til skuleverket generelt og dei ordningane som er etablerte på dette feltet.
3.1.2 Grunnskulen – målgruppa for Den kulturelle skulesekken
Den 10-årige grunnskulen er delt i eit 7-årig barnetrinn og eit 3-årig ungdomstrinn. Barnetrinnet er igjen delt i eit 4-årig småskuletrinn og eit 3-årig mellomtrinn. I byar og tettstader er det vanleg med separate skular for barne- og ungdomstrinnet. I grisgrendte strok, men også i nokre byar og tettstader, er barne- og ungdomstrinnet lagt til same skulen.
Skuleåret 2001–2002 var det registrert 588 521 elevar i 3147 offentlege grunnskular. I tillegg til dette gjekk 10 500 elevar i 96 private grunnskular. Talet på elevar i grunnskulen har stige noko dei siste åra. Etter prognose frå Statistisk sentralbyrå vil talet på elevar i grunnskulen auke dei næraste fem åra. Det er særleg talet på elevar på ungdomstrinnet som vil stige, og det er først og fremst store kommunar som får vekst.
Talet på offentlege grunnskular er redusert i perioden 1997–2002. Det er i hovudsak små skular som er lagde ned. Dette heng både saman med at folk flyttar frå grisgrendte strok til byar og tettbygde strok, og med økonomiske og pedagogiske forhold.
Staten ved Utdannings- og forskingsdepartementet har ansvaret for grunnskulesektoren. Læringssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter for utdanningssektoren med hovudoppgåver innanfor opplæringslova sine rammer og med hovudvekt på evaluerings- og utviklingsoppgåver. Fylkesmannsembetet er ansvarleg for statlege oppgåver knytte til drift og utvikling av grunnskulen. Fylkesmannen skal vere bindeleddet mellom departementet og utdanningssektoren og medverke til at den nasjonale utdanningspolitikken vert følgd opp av fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar. Utdannings- og forskingsdepartementet la i revidert budsjett for 2003 fram forslag om endringar i den statlege utdanningsadministrasjonen.
Kommunane er eigarar av offentlege grunnskular og har ansvaret for drift, utvikling og kvalitet i skulen. Kommunane har ansvaret for at elevar i grunnskulen får opplæring i samsvar med lov, læreplan og forskrifter. Kvar skule skal ha ein rektor som har ansvaret for den faglege, pedagogiske og administrative leiinga av skulen. Regjeringa arbeider for å gje skuleeigarane auka fridom til å organisere opplæringa ut frå lokale føresetnader og behov og la våren 2003 fram ein lovproposisjon med forslag til nye retningsliner.
3.1.3 Grunnskuleopplæringa og den estetiske dimensjonen i læreplanverket
Grunnskuleopplæringa har sitt lovgrunnlag i opplæringslova med forskrifter. Om føremålet for opplæringa heiter det mellom anna at grunnskulen i samarbeid og forståing med heimen skal «hjelpe til med å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadene deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn». Born og unge har plikt til grunnskuleopplæring og rett til ei offentleg grunnskuleopplæring.
Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen er fastsett med heimel i lov og gjer nærare greie for måla og prinsippa for opplæringa. Kommunane, leiinga og personalet ved skulane har enkeltvis og samla ansvar for at opplæringa er i samsvar med læreplanverket. Det er utarbeidd eit eige læreplanverk, L97 Samisk, for å sikre ei grunnskuleopplæring for samiske elevar som tek vare på og vidareutviklar samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Alle fag i grunnskulen skal ha ein estetisk dimensjon. I læreplanane for faga vil det seie at ein legg vekt på skapande verksemd og refleksjon, opplevingar og uttrykk og det å ha ei medviten haldning til kunst og estetikk. Elevane skal få oppleve den rikdommen som har nedfelt seg i dei ulike kunstartane uansett fagområde.
Dei praktisk-estetiske faga kunst og handverk, musikk, kroppsøving og heimkunnskap, har stor plass i grunnskulen. Etter ein rapport frå OECD frå 1998 er Noreg mellom dei landa som brukar flest undervisningstimar til slike fag. Faget kunst og handverk er eitt av dei faga som samla har flest undervisningstimar i grunnskulen. Berre norsk, matematikk og samfunnsfag har fleire timar.
Boks 3.1 Skapande evner og kreativitet
Den estetiske dimensjonen i læreplanane for faga vil seie at ein legg vekt på skapande verksemd og refleksjon, opplevingar og uttrykk og har ei medviten haldning til kunst og estetikk. Elevane må få oppleve den rikdommen som har nedfelt seg i dei ulike kunstartane. Dei må få kunnskap om og få vidareutvikle symboluttrykk gjennom leik og kunstnarleg formgiving. Opplæringa må gi elevane høve til å utfalde sine eigne skapande evner og vere med å gi dei ei estetisk fostring. Kulturaktivitetar og kulturformidling skal stå sentralt, og skulen skal leggje til rette for at dei kan medverke i aktivitetar og uttrykksformer som til dømes skulekor, konsertar og teatergrupper.
Kjelde: Læreplanen for grunnskulen (L97)
3.2 Verdiar
3.2.1 Kulturen sin eigenverdi
Kunst og kultur har eigenverdi og kan ha stor innverknad både for enkeltmennesket og samfunnet som heilskap. Gjennom ein aktiv kulturpolitikk er det eit hovudmål å sikre alle tilgang til eit breitt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet og å leggje tilhøva til rette for eit vidt spekter av aktivitet, oppleving, røynsle og erkjenning.
Kunst og kultur gjev opplevingar som kan ha avgjerande verknad på utviklinga av det enkelte menneske sin personlegdom og livskvalitet. Ved å ta del i kulturelle aktivitetar og få oppleve kultur vert vi òg deltakarar i den store forteljinga, det djupe verdifellesskapet som gjer oss til siviliserte menneske. Kunst og kultur – også samtidskunsten – gjev oss del i ein kulturarv med liner langt tilbake i tid og utgjer viktige delar av vårt felles minne, historie og samtid. I overleveringa av ein slik samansett kulturarv er det viktig å vende blikket framover og ha eit medvite forhold til kva ein ynskjer å overbringe til born og unge.
Kunsten føreset kunnskap og dugleik. Publikum si evne til å oppleve og forstå kunst er noko som må utviklast – dersom ein skal nå inn til mest mogleg av den rikdomen som kunsten si verd rommar. Det er difor vesentleg at også born og unge får høve til å møte god kunst på eit tidleg tidspunkt, og at den undervisninga som vert gjeven i skulen, vert bygd ut med eit tilbod som appellerer til dei unge sitt kjensleliv og deira kreative evner. Dette er naudsynt for at den menneskelege danningsprosessen skal verte så heilskapleg som mogleg, slik at vi utviklar også mennesket sitt åndsliv, ikkje berre det kjølige intellektet og dei reint instrumentelle dugleikane. Også born og ungdom må få kunnskap om utviklinga av dei einskilde kunstformene og korleis kunsten og kulturen på mange måtar speglar seg i dei endringane samfunnet gjennomgår.
St.meld. nr. 39 (2001–2002) Oppvekst og levekår for barn og ungdom i Norge , understreka verdien av at born og ungdom får prøve ut og verte kjende med eit breitt spekter av kunst- og kulturaktivitetar og opplevingar, både fordi det har eigenverdi, og fordi det kvalifiserer til medansvar og deltaking i samfunnet. Ein offensiv kulturpolitikk er eit naudsynt korrektiv og supplement til den kommersielle underhaldningsindustrien og kan motverke einsretting, intoleranse og kunnskapsløyse.
3.2.2 Kulturelt mangfald
Noreg har alltid vore eit land med kulturelt mangfald uttrykt gjennom kulturen til det samiske urfolket og dei nasjonale minoritetane jødar, kvener, rom (sigøynarar), romanifolket (taterane/dei reisande) og skogfinnar. I kultur- og kunnskapspolitikken er det viktig å medverke til at born og unge vert trygge på eigen og andre menneske sin kulturelle identitet, og å synleggjere kulturen og historia til desse minoritetane.
Det som i dag av mange vert rekna som typisk norsk kultur har vorte til under påverknad frå innvandrarar gjennom mange hundre år. Innvandrarar har over lang tid teke med seg kulturuttrykk til landet. Dette har også medverka til framveksten av den nasjonale norske identiteten.
I kjølvatnet av globaliseringa er det kulturelle mangfaldet i Noreg vorte meir synleg. Auka innvandring er ein dimensjon ved globaliseringa som har ført til eit meir pluralistisk samfunn.
Dei siste 30 åra har nettoinnvandringa vore større enn tidlegare og involverer også andre land enn før. I 1970 hadde 1,5 prosent av folkemengda i Noreg ein annan etnisk bakgrunn enn norsk, det vil seie to foreldre som er fødde i utlandet. I 2001 hadde denne delen stige til 6,6 prosent. Om lag halvparten av desse har bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika eller Tyrkia, 18 prosent frå andre land i Norden, vel 11 prosent frå Vest-Europa og 16 prosent frå Aust-Europa. Dei to største gruppene har bakgrunn frå Sverige eller Pakistan.
Innvandringa har hatt stor innverknad i dei største byane. I denne situasjonen står Oslo i ei særstilling. Ein tredel av dei som har ein annan etnisk bakgrunn enn norsk, bur i Oslo. Folkesetnaden med innvandrarbakgrunn i Oslo utgjer om lag 19 prosent av folketalet. I Oslo bur dessutan folk med bakgrunn frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika eller Tyrkia ganske konsentrert i nokre drabantbyar og i dei austlege delane av indre Oslo. I enkelte av Oslo-skulane har opp i mot 90 prosent av elevane eit anna morsmål enn norsk. Der finst fleire titals morsmål, der urdu er den klart største språkgruppa. Alle dei store religionane er representerte (Statistisk sentralbyrå).
På eit grunnleggjande plan har globaliseringa medverka til ein generell framvekst og ei synleggjering av ein meir samansett kulturtradisjon. I møte mellom kulturimpulsar av ulike opphav skjer prosessar som fører til danning av nye kulturuttrykk og ny kulturell identitet. Desse impulsane bryt med dei tradisjonelle oppfatningane av det norske kulturfellesskapet og utvidar registeret av verdiorienteringar og ytringsformer som eksisterer i Noreg. På denne måten er grunnlaget for førestillinga om kva det vil seie å vere norsk blitt endra, og det har oppstått trong for å skape ny forståing av kva norsk felleskultur består av.
Desse utviklingstrekka er ei utfordring som også kulturpolitikken må ta på alvor, mellom anna når det gjeld å utforme ein overordna kulturpolitikk som skal fremje auka deltaking og kulturelt mangfald. Frå ein kulturpolitisk synsvinkel må ein understreke den rikdomen som ligg i mange av dei nye kulturimpulsane. Dette skaper eit større kulturelt mangfald både med omsyn til levemåte og livsstil, kunnskapar, røynsler og kunstnariske innhalds- og ytringsformer.
Det kulturelle mangfaldet i Noreg er eit viktig aspekt som må synleggjerast i arbeidet med Den kulturelle skulesekken over heile landet.
Boks 3.2 Konferanse om kulturelt mangfald
I samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet arrangerte Norsk kulturråd i august 2002 ein nasjonal konferanse i Drammen om kulturelt mangfald. Konferansen hadde som mål å drøfte dei spørsmåla som mellom anna innvandring og globalisering reiser for det norske kunst- og kulturfeltet. Mellom temaa som vart drøfta, var ungdom og ungdomskultur i det fleirkulturelle Noreg, og korleis ein kan rekruttere born og unge med innvandrarbakgrunn til kunst- og kulturfeltet.
3.2.3 Eit felles verdigrunnlag
Grunnskulen skal gje alle born og unge grunnleggjande kunnskap, levandegjere kulturarven, stimulere til å ta lokalkulturen i bruk og inspirere born og unge til å vere aktive og skapande. Den estetiske dimensjonen er difor eit gjennomgripande aspekt ved skulen. Samisk er ein del av den felles nordiske kulturen som alle elevar skal bli kjende med. Skulen skal bidra til at kvar elev får ein grunnleggjande og heilskapleg kompetanse. Kulturell kompetanse er ein naturleg, integrert og viktig del av denne.
Grunnskulen har òg ei sentral rolle som kulturberar og formidlar i lokalsamfunnet og som møteplass og arena for produksjon og framsyning av ulike kulturelle uttrykk. Kulturformidling i skulen ligg i spenningsfeltet mellom det nasjonale og det globale, i balanse mellom perspektivet Noreg i verda og verda i Noreg. Grunnskulen skal formidle både nasjonal og internasjonal kultur. Felles referanserammer i grunnopplæringa gjer det mogleg å kommunisere på tvers av kulturelle og geografiske grenser og blir enda viktigare når kulturen blir meir internasjonal.
Ynsket om å bevare tradisjon og kulturelt særpreg må knytast saman med ein vilje til å finne nye løysingar på nye problem. I denne vekslinga mellom kontinuitet og fornying er skulen si rolle som kulturformidlar og læringsarena eit viktig kulturelt ankerfeste i samfunnet.
3.2.4 Inspirasjon for læring
Kreativ kompetanse og evne til å vere nysgjerrig er viktig for lærelysta til elevane, læringsutbyttet på alle område og evna til nyskaping. Opplæringa i kultur i skulen har også ei eiga utfordring i å tilpasse seg arbeidsmarknaden i framtida og kompetansekrav frå næringslivet. Ikkje minst er evna til nyskaping avgjerande viktig for eit kunnskapsbasert og konkurransedyktig næringsliv.
Kommunikasjonsevner, evne til symbolbehandling og sans for grafisk utforming er nokre døme på kva type kulturell kompetanse skulen kan bidra til å utvikle. I eit fleirkulturelt og høgteknologisk samfunn er dette etterspurt og naudsynt kompetanse.
3.2.5 Kultur som livskvalitet
Forståing for den kulturelle identitet og kunnskap om den kulturhistoriske tradisjon er ein føresetnad for å kunne ta del i samfunnslivet. Kunst og estetiske prosessar må difor vere ein integrert del av læringa til elevane og må gjennomsyre den pedagogiske verksemda i skulen og i dei omgjevnadene der læringa skjer.
Samstundes må skulen også ta vare på det estetiske aspektet ved kulturomgrepet. Kunst og andre kulturelle uttrykksformer er ein viktig del av elevane sin individuelle dannings- og læringsprosess. Den kulturelle dimensjonen i skulen famnar difor både utviklinga i samfunnet og utviklinga hjå individet.
3.3 Målsetjingar med Den kulturelle skulesekken
Dei overordna målsetjingane med Den kulturelle skulesekken er:
å medverke til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod
å leggje til rette for at elevar i grunnskulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag
å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål
I formidlinga av kunst og kultur i og utanfor institusjonane vil det i utviklinga av Den kulturelle skulesekken vere viktig:
å nytte lokal kulturarv, kunst- og kulturressursar i aktivitetar
å appellere til og utvikle borna si nyfikne, deira kreativitet og ansvarskjensle
å sikre at elevane får fagkunnskap som grunnlag for kreative uttrykksformer og eiga formidling gjennom ord, bilete, musikk og song, og dans og drama
å sikre borna gode møte med fagfolk på ulike kunst- og kulturfelt
å sikre eit kulturtilbod også til funksjonshemma elevar
Gjennom L97 er skulane forplikta til å gje elevane eit kulturtilbod og å nytte eigne midlar til dette. Det er skulane sitt ansvar å oppfylle intensjonane med L97.
Frå kultursektoren si side vert det i dag brukt mange ressursar for å kunne gje eit godt tilbod til born og unge, til dømes i skuletida. Kulturinstitusjonar med statleg støtte har plikt til å gje eit tilbod til born og unge – til dømes via skulen. Kultursektoren gjev også faste tilskot over statsbudsjettet til institusjonar som i særskilt grad arbeider med formidling av kunst og kultur til skuleverket. Gjennom Norsk kulturråd og ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum vert det årleg utdelt prosjektmidlar til tiltak for born og unge.
Likevel er det openbert eit utviklingspotensial i kultursektoren for å gjere meir, både når det gjeld å betre formidlingskompetansen overfor denne målgruppa, utvikle nye metodar i formidlinga og å auke statusen knytt til kunst- og kulturformidling for born og unge. Det ligg dessutan eit stort potensial i å betre samhandlinga og samarbeidet mellom kultursektoren og skulesektoren på alle nivå.
Det er ein føresetnad at avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken skal vere eit tillegg til og ikkje kome som erstatning for eksisterande engasjement og ressursbruk til dette området i skule- og kultursektoren, verken lokalt, regionalt eller nasjonalt. Midlane til Den kulturelle skulesekken skal nyttast til kvalitativt gode kunst- og kulturopplevingar og bidra til at intensjonane i L97 vert oppfylte.
Den framtidige utviklinga av Den kulturelle skulesekken bør difor i hovudsak byggje vidare på dei strukturane som allereie finst, og som er bygde opp gjennom mange år. I tillegg vil midlane til Den kulturelle skulesekken skape høve til særskilde satsingsområde og utviklingsprosjekt og auka vekt på samarbeidsformer mellom kultur- og skulesektoren på lokalt nivå.
For å nå målsetjingane om at born i grunnskulen skal få ein kulturell skulesekk med eit innhald av høg kvalitet, må skulesida og kultursida samarbeide målretta og effektivt på alle forvaltningsnivå. Opne og gode sambandsliner og ein konstruktiv dialog på tvers av sektorgrenser vil vere avgjerande for å lukkast. Både i kultursektoren og i skulesektoren er det trong for kompetanseheving og auka kjennskap til strukturar og rammevilkår på begge sider. Skulen sin tingingskompetanse må betrast, og kultursektoren må setjast i stand til å utvikle aktivitetar og tilbod som er tilpassa behov i skulesektoren.
Det er eit mål at kulturfeltet sine tilbod ikkje berre skal kome elevane til gode, men også gje inspirasjon og ny kunnskap til lærarane og på denne måten skape auka forståing og kunnskap om kunsten og kulturen sitt vesen, utvikling og verdi. Særleg viktig vil det vere om røynsler og kunnskapar frå kultursektoren sine utviklings- og signalprosjekt på ulike felt kan kome til nytte i utviklinga av skulesektoren. Eit sterkare og opnare samarbeid mellom kultur og skule på alle nivå kan vise seg å vere både fruktbart og lærerikt for begge partar.
Boks 3.3 Suksessmål
Varig tiltak. Den kulturelle skulesekken skal etablerast som eit varig tiltak i den enkelte skule og kulturinstitusjon, til beste for alle elevar i grunnskulen
For heile grunnskulen. Den kulturelle skulesekken skal omfatte alle grunnskuleelevar i landet
Basis i L97. Den kulturelle skulesekken skal vere forankra i Læreplanen for den tiårige grunnskulen (L97 og L97 Samisk)
Høg kvalitet. Dei kunst- og kulturuttrykka som vert presenterte i grunnskulen, skal gjennomgåande halde høg kvalitet, både kunstnarleg og i formidlinga
Kulturelt mangfald . Den kulturelle skulesekken skal omfatte kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidsperiodar
Regularitet. Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod med stor breidde i kunstnarlege og kulturelle uttrykksformer
Breidde. Heile kunst- og kulturfeltet skal vere representert i Den kulturelle skulesekken
Samarbeid skule – kultur. Det skal utviklast eit godt samarbeid mellom kultur- og skulesektoren på alle nivå
Lokal forankring. Utforminga av Den kulturelle skulesekken må i første rekkje skje lokalt, i den enkelte kommune
Alle skal eige. Alle skal kunne kjenne eit eigedomstilhøve til Den kulturelle skulesekken. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar