6 Utforminga av Den kulturelle skulesekken og utfordringar for dei ulike kulturfelta
6.1 Innleiing
I utarbeidinga av den overordna strategien for utviklinga av Den kulturelle skulesekken på landsbasis har Kultur- og kyrkjedepartementet lagt til grunn som eit heilt sentralt prinsipp at den framtidige utbygginga og utviklinga ikkje skal skje under sterk statleg styring. Detaljeringsnivået i framtidig bruk av midlar til føremålet vil difor vere høvesvis låg.
Den kvalitetsmessige utviklinga av Den kulturelle skulesekken vil i stor grad avhenge av dei initiativa som spring ut frå lokalt og regionalt nivå, og den viljen til samarbeid og felles måloppnåing som kultursida og skulesida og dei ulike forvaltingsnivåa må framvise.
I samsvar med Stortinget sine føresetnader er fylkeskommunen tillagd eit sentralt ansvar for regional samordning av tilbod og for kommunal innsats i utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Denne forvaltingsordninga føreset at også det kommunale nivået i sitt samarbeid med regionalt nivå og andre kommunar er viljug til å tenkje heilskapleg i høve til korleis regionen sine samla kulturressursar best mogleg kan brukast for å gje kvar enkelt elev i grunnskulen eit kvalitativt godt kulturtilbod.
6.2 Organisering og ansvarsdeling på nasjonalt nivå
På nasjonalt nivå er Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet dei ansvarlege instansane for utviklinga og iverksetjinga av Den kulturelle skulesekken. Kultur- og kyrkjeministeren har det politiske ansvaret for fordeling av spelemidlar til kulturføremål, inkludert fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken.
Nasjonale kompetansemiljø og produksjonsmiljø både på skulesida og kultursida har viktige roller i arbeidet med Den kulturelle skulesekken, både på lokalt og nasjonalt plan. Desse rollene omfattar oppgåver med å føre vidare og utvikle eksisterande formidlingsaktivitet til skuleverket, utvikle idéar og ta initiativ til framtidige satsingsområde og samarbeidsprosjekt med lokale og regionale aktørar. Det vil også vere trong for initiativ knytte til samordning, forsking og evaluering av tiltak i Den kulturelle skulesekken. Miljøverndepartementet vil òg vere ein viktig medspelar i forhold til å få kulturminne inn i Den kulturelle skulesekken.
6.2.1 Politisk styringsgruppe
Det er etablert ei politisk styringsgruppe samansett av ein statssekretær frå kvart av dei to departementa Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. Styringsgruppa vil fungere som eit samarbeidsorgan som gjev råd til kultur- og kyrkjeministeren i samband med utviklinga av Den kulturelle skulesekken.
Styringsgruppa sine overordna oppgåver er å definere mål og verkemiddel for Den kulturelle skulesekken og å gje råd om dei overordna føringane og rammefordelinga av økonomiske midlar som vert tildelte gjennom overskotet av spelemidlane til Den kulturelle skulesekken. Dette vil seie det årlege arbeidet med utkastet til kongeleg resolusjon om fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken.
Styringsgruppa kan også vurdere spørsmål av politisk karakter og vurdere samansetjinga av ei fagleg referansegruppe for Den kulturelle skulesekken. Styringsgruppa kan formulere satsingsområde for Den kulturelle skulesekken som kan gå over fleire år.
6.2.2 Sekretariatet
Det operative ansvaret for Den kulturelle skulesekken er lokalisert til ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Denne institusjonen har ansvar for å tilsetje dagleg leiar for tiltaket og eventuelle andre medarbeidarar.
Det er ein føresetnad at sekretariatet i ABM-utvikling har eit nært samarbeid med Læringssenteret, slik at tiltaket også på sekretariatsnivå får den nødvendige forankring i skulen. Læringssenteret og ABM-utvikling har utarbeidd eit samarbeidsgrunnlag som klargjer oppgåver og ansvarstilhøve mellom dei to institusjonane.
I samarbeidsgrunnlaget vert det streka under at det må vere god gjensidig informasjon om arbeidet med Den kulturelle skulesekken, og at det skal haldast jamlege møte mellom sekretariatet og Læringssenteret.
ABM-utvikling har hovudansvaret for dei daglege operative oppgåvene, som sekretariatsarbeid for referansegruppa og styringsgruppa, spørsmål utanfrå, informasjonsflyt ut, drift av nettsidene og oppfølging av fylkeskommunane og dei musea som i 2003 har fått midlar over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett.
Det skal vere eit aktivt samarbeid mellom sekretariatet og Læringssenteret i saker som gjeld føre- og etterarbeid til styringsgruppa og referansegruppa, informasjonsflyt ut, kontakt til fylkeskommunane av sektorovergripande karakter, saker av meir prinsipiell karakter og andre spørsmål som kan ha felles interesse.
ABM-utvikling kan søkje råd frå Læringssenteret (og omvendt) i saker som gjeld forvalting av driftsmidlane til Den kulturelle skulesekken, oppdrag og førespurnader til enkeltpersonar, spørsmål av sektorovergripande karakter og andre spørsmål av felles interesse.
ABM-utvikling og Læringssenteret har begge ansvar for å bidra til:
å oppfylle intensjonane med Den kulturelle skulesekken
å skape forståing for Den kulturelle skulesekken som omgrep, idé og konsept
å utvikle nettsidene og foreslå ytterlegare informasjonstiltak
å etablere møteplassar for aktørar i Den kulturelle skulesekken
å ha god kontakt med dei miljøa som er involverte i tiltaket
å initiere og koordinere tiltak på sentralt nivå
å sikre forankring i L97
å sikre høg kvalitet i dei kunst- og kulturpresentasjonane elevane møter
ABM-utvikling har eit særleg ansvar når det gjeld å følgje opp sektorspesifikke oppgåver overfor kultursektoren, og Læringssenteret har eit særleg ansvar for å følgje opp sektorspesifikke oppgåver overfor skulesektoren.
6.2.3 Fagleg referansegruppe
Det er oppnemnt ei fagleg referansegruppe for Den kulturelle skulesekken som verkar i perioden 1.3.2003 – 31.12.2005. Referansegruppa er samansett av personleg oppnemnde medlemmer frå både kultur- og skulesektoren.
Referansegruppa har brei samansetning, og dei fleste forvaltningsnivå i både kultur- og utdanningssektoren er representerte. Ved oppnemninga er det lagt vekt på variert fagbakgrunn innanfor dei ulike kunst- og kulturfelta, bakgrunn frå skulesektoren, geografi, kjønn, alder og kompetanse på kulturelt mangfald. Det er særleg lagt vekt på å finne personar som både har røynsle frå kultursida og frå skulesida.
Referansegruppa skal bidra til å utvikle innhaldet i Den kulturelle skulesekken og gje råd av fagleg karakter til styringsgruppa og til sekretariatet. Medlemmene i referansegruppa vil vere viktige ressurspersonar for å utvikle innhaldet i Den kulturelle skulesekken gjennom framlegg til satsingsområde, tiltak og initiativ og gjennom å bidra til ei heilskapleg tenking kring utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Referansegruppa kan invitere fagområde og miljø til dialog, gjere framlegg om forskingsinnsats og definere område med særskilde behov for kompetanseutvikling.
6.3 Oppgåve- og ansvarsfordeling på regionalt nivå
Aktørar på regionalt nivå (fylkesnivå) er fylkeskommunen og fylkeskommunale institusjonar, fylkesmannen si utdanningsavdeling, regionale kunst- og kulturinstitusjonar og universitet/høgskular.
Fylkeskommunane har ikkje noko direkte ansvar for innhaldet i grunnskulen, men derimot ei rolle som tilskotsytar til kulturinstitusjonar og som aktør på kulturformidlingsfeltet i sine regionar. Fylkeskommunane har dei seinare åra også fått eit større ansvar som regional utviklingsaktør og har difor fått større mynde i forvaltinga av dei distriktspolitiske og regionalpolitiske verkemidla, jf. St.meld. nr 19 (2001–2002), Nye oppgaver for lokaldemokratiet – lokalt og regionalt nivå . Den delen av spelemidlane til Den kulturelle skulesekken som fylkeskommunane får ansvaret for å forvalte, kan òg vurderast i ein regionalpolitisk samanheng.
Fleire fylkeskommunar har dei siste åra teke på seg eit delansvar for å utvikle eit profesjonelt kulturtilbod til kommunane som skuleeigar, jf. omtale i kap. 5. Dette arbeidet har delvis vore finansiert gjennom statlege overføringar direkte til fylkeskommunane gjennom satsinga på Den kulturelle skulesekken og indirekte gjennom statlege overføringar til formidlingsaktørar med eit landsomfattande virke, delvis ved fylkeskommunal eigeninnsats og bidrag frå regionale kulturaktørar og delvis ved kommunale eigendelar. Det er opp til kommunane om dei ynskjer å søkje om å vere med i desse formidlingsordningane, og integrere dette i arbeidet med kultur i skulen.
For å lukkast i det vidare arbeidet er det avgjerande at fylkeskommunane samarbeider breitt, mellom anna med kommunane og fylkesmannen si utdanningsavdeling, for å sikre at tilboda er i samsvar med skulen sine behov og målsetjingane med Den kulturelle skulesekken. Fylkesmannen si utdanningsavdeling har eit særleg ansvar for å bidra til å styrkje skulane sin kompetanse innanfor kunst- og kulturområda. Gjennom Utdannings- og forskingsdepartementet vil Læringssentret få i oppgåve å rettleie kommunane med sikte på å styrkje skulane sin tingingskompetanse.
Fylkeskommunen og fylkesmannen si utdanningsavdeling bør i samarbeid utvikle, motivere og hjelpe fram arbeidet i kommunane og arbeide for å inkludere Den kulturelle skulesekken i fylkeskommunale og kommunale planverk på kulturområdet
Samarbeidet kan omfatte informasjon om og organisering og koordinering av kunst- og kulturpresentasjonar av høg kvalitet som kan nyttast av kommunane. Dette vil innebere eit nært samarbeid med ulike profesjonelle kunstproduserande og formidlande institusjonar. Det vil vere naudsynt å etablere faglege nettverk på tvers av sektorar og samarbeide med regionalt nivå i andre fylkeskommunar om utviklinga av Den kulturelle skulesekken.
6.4 Lokal forankring og medverknad
Den kulturelle skulesekken skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen. For å oppnå dei generelle måla og prinsippa som ligg til grunn for L97, og for å innarbeide Den kulturelle skulesekken i skulen sine læringsmål må kommunane leggje tilhøva til rette for at den enkelte skule kan samarbeide målretta med profesjonelle kulturinstitusjonar og kunstnarmiljø.
Aktørar i arbeidet på lokalt nivå er skuleeigar – kommunen, den enkelte lokale skule, private og offentlege kunst- og kulturinstitusjonar, frie grupper, profesjonelle kunstnarar, dei kommunale musikk- og kulturskulane, private eigarar av kulturminne, enkelte friviljuge organisasjonar og kyrkja.
For å skape lokal eigarskap til Den kulturelle skulesekken må det skapast ein lokal visjon om korleis ein ynskjer at kultur skal inngå i skulen. Kommunane bør i tillegg vurdere eigne rammer, ut frå kva ein har og kva ein kan utvikle innanfor ulike prioriteringar av eit skule – kultursamarbeid. Utforminga kan skje lokalt ut frå lokale grunnlag og i samspel med det regionale arbeidet som vert lagt til rette på fylkesplanet.
Arbeidet med å utvikle Den kulturelle skulesekken lokalt er avhengig av ei organisering som sikrar eit økonomisk og fagleg samarbeid mellom kultur- og skulesektoren. Kommunen har eit særleg ansvar for å leggje til rette for gjennomføringa av intensjonane i L97, å styrkje skulane sin kompetanse innan kunst- og kulturområda og å integrere Den kulturelle skulesekken i skulen si årsplanlegging.
Den lokale tilrettelegginga kan til dømes vere å lage eit oversyn over kva delar av etablert praksis som naturleg dannar basis i Den kulturelle skulesekken i kommunen, og å leggje til rette for kunst- og kulturopplevingar i lokalsamfunnet som «utvida klasserom». Dette kan inkludere museum og kulturminne, galleri, bibliotek, lokal byggjeskikk, arkitektur og utsmykkingsverk. Kommunen kan også arbeide aktivt for å stimulere det lokale kunst- og kulturlivet til ei kvalitativ utvikling innanfor kunst- og kulturproduksjonen og sikre kvalitet både i det pedagogiske arbeidet i skulen og i kulturformidlinga gjennom kompetanseheving for lærarar og kulturformidlarar. Ein viktig del vil vere å aktivere og utvikle brukar- og tingingskompetansen i skulesektoren.
Kommunen kan delta i eksisterande statlege og fylkeskommunale formidlingsordningar og setje i gang tiltak som gir den enkelte skule høve til å fylle Den kulturelle skulesekken ut over det som stat og fylkeskommune kan tilby. Kommunen kan også vurdere tilhøva for interkommunale samarbeidsordningar knytte til arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Dette kan til dømes omfatte kjøp, bytte og utveksling av kunst- og kulturproduksjonar, prosjektsamarbeid og anna.
Departementet har lagt til grunn at det er fylkeskommunen sitt ansvar å syte for at den overordna utviklinga av Den kulturelle skulesekken i fylket også er basert på innspel og initiativ frå kommunar, skular og kultursektoren. Fylkeskommunen må såleis sikre at Den kulturelle skulesekken får lokal forankring og at utviklinga av skulesekken skjer gjennom konsultasjonar og i samarbeid med kommunane. Det er avgjerande at kommunane får høve til å utvikle eigne initiativ og tiltak i tilknyting til Den kulturelle skulesekken.
Kommunar, skular og regionar kan i tillegg samarbeide med kompetansemiljø og ulike kunst- og kulturinstitusjonar for å utvikle søknader om særskilde prosjektmidlar frå Den kulturelle skulesekken. Desse ordningane vil gje eit ekstra insentiv for å utvikle spennande samarbeidsprosjekt lokalt som har pedagogisk verdi for den enkelte skulen, det lokale kulturlivet og samfunnet.
6.5 Utfordringar for kunst- og kulturfeltet i gjennomføringa av Den kulturelle skulesekken
6.5.1 Musikkfeltet
Musikkfeltet har lange tradisjonar med formidling til grunnskulen og er relativt godt dekt på landsbasis. Det er likevel ei utfordring å syte for at alle skular som ynskjer det, skal få eit mangfaldig musikktilbod av høg kvalitet.
Regjeringa ynskjer å bidra til å styrkje formidlinga av musikk på landsbasis. I 2003 er det avsett tre mill. kroner i nasjonale midlar til formidling av musikk. Midlane skal forvaltast av Norsk kulturråd på basis av kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter tilråding frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken.
Dei større musikkinstitusjonane og ulike frie ensemble som ikkje er engasjerte i skulekonsertordninga, kan vere viktige ressursar i arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Desse vil ha behov for auka ressursar for å vere i stand til å produsere meir for born og unge og for å delta i samarbeid med grunnskulen. Også skapande musikarar over heile landet kan vere viktige samarbeidspartnarar for fylke og kommunar. Det lokale musikklivet har behov for auka ressursar for å delta i lokale samarbeidsprosjekt med grunnskulen.
Desse aktørane bør drøfte med dei ulike fylka og kommunane på kva måte dei best mogleg kan medverke til å fylle Den kulturelle skulesekken.
Dersom ein skal utvikle skulekonsertordninga etter dagens modell og innlemme ventelista i ordninga, vil det vere trong for ein ressursauke på om lag 18 mill. kroner årleg. I fordelinga av avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i 2003 er det ikkje avsett særskilde midlar til å dekkje inn etterspurnaden av skulekonsertar frå Rikskonsertane. Skulekonsertordninga vil på generelt grunnlag verte drøfta i den generelle kulturmeldinga som vert lagd fram for Stortinget i 2003.
6.5.2 Visuell kunst
Det er ei utfordring å lyfte fram den visuelle kunsten i Den kulturelle skulesekken på landsbasis. Det er også eit stort potensial for å styrkje samtidskunst, design og arkitektur i det regionale og lokale arbeidet med den kulturelle skulesekken.
Departementet vil bidra til å utvikle og formidle god og mangfaldig visuell kunst og sikre eit likeverdig og heilskapleg tilbod for alle elevar i heile landet. Som ein del av dette vil det vere viktig å sikre ressursar til avgrensa utviklingsprosjekt og formidlingsprosjekt både lokalt, regionalt og nasjonalt.
I 2003 er det sett av tre mill. kroner i nasjonale midlar for å styrkje formidlinga av visuell kunst. Midlane skal forvaltast av Norsk kulturråd etter kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter tilråding frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken.
Norsk Form og Utsmykkingsfondet for offentlege bygg er viktige kompetansesentra og kan til dømes delta i utviklings- og utprøvingsprosjekt i tilknyting til Den kulturelle skulesekken i samarbeid med lokale aktørar og skular. Det er ei utfordring å knyte kontakt mellom desse institusjonane og lokale og regionale aktørar for å utvikle fagleg interessante prosjekt med lokal forankring til bruk i Den kulturelle skulesekken.
Kunstmusea og kunstindustrimusea har stort formidlingspotensial og er naturlege aktørar i arbeidet med Den kulturelle skulesekken over heile landet. Kunstinstitusjonane bør ta initiativ til samarbeid med regionalt nivå for å drøfte korleis tilbodet på best mogleg måte kan verte ein integrert del av Den kulturelle skulesekken for heile regionen. Kunstinstitusjonane bør også vurdere andre samarbeidspartnarar lokalt og nasjonalt for å utvikle gode tilbod til born og unge.
Kunstnarsentra, lokale kunstnarar, kunsthandverkarar, arkitektar og fotografar rundt om i landet er aktuelle ressursar både når det gjeld ulike typar utstillingar og avgrensa prosjektarbeid i skulane lokalt eller i samarbeid med etablerte kunstinstitusjonar. Fylke og kommunar bør vurdere slike ressursar i utviklinga av lokalt tilpassa tilbod i Den kulturelle skulesekken.
Alle aktørar som arbeider med formidling av visuell kunst til born og ungdom, bør i større grad vurdere og prøve ut dialogbaserte metodar som til dømes workshop i formidlingsarbeidet. Behovet for og etterspurnaden etter nye formidlingsmetodar tilrettelagde for born og unge er ei utfordring for både institusjonar og kunstnarar som samarbeider med skuleverket.
Dersom ein skal utvikle Riksutstillingar sitt engasjement i formidlinga av ulike typar visuell kunst på landsbasis, vil det etter dagens organisering og modell vere trong for auka ressursar. Dersom det vert lagt til grunn at ein ikkje kan nytte skulesekkmidlar for å styrkje Riksutstillingar direkte, vil det ikkje vere mogleg å gjere tilbodet landsdekkjande. I fordelinga av avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i 2003 er ikkje avsett særskilde midlar til å auke Riksutstillingar sitt tilbod.
6.5.3 Scenekunstfeltet
Hovudutfordringa er å få til meir differensiert scenekunst av høg kvalitet for born og unge. Eit meir differensiert tilbod til born og unge og eit meir målretta engasjement i høve til skuleverket vil bidra til å auke talet på produksjonar som eignar seg for Den kulturelle skulesekken. I tillegg er det naudsynt med ein reell auke i talet på produksjonar for born og unge tilrettelagde for turné.
For å oppnå dette må både frie sceniske grupper og ikkje minst institusjonsteatra mobiliserast til å lage fleire gode produksjonar som kan turnere i skulane, og opplegg for til dømes å involvere lærarar og elevar i føre- og etterarbeid med framsyningar. Det må etablerast system som sikrar utveksling over heile landet, og eit tilbod til dei skulane som ynskjer det.
Scenekunstinstitusjonane bør gjennom samarbeid med aktørar på regionalt nivå tilby produksjonane sine for born og unge gjennom Den kulturelle skulesekken. Vidare må institusjonane leggje til rette for at skulane kan kome til teatret også i skuletida.
Kultur- og kyrkjedepartementet ynskjer å bidra til å utvikle og formidle fleire scenekunstproduksjonar for born og unge tilrettelagde for turné gjennom å setje av fem mill. kroner frå Den kulturelle skulesekken i 2003.
Midlane skal forvaltast av Norsk kulturråd etter kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter tilråding fra styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken.
Ved handsaminga av prosjektsøknader og fordelinga av midlar gjennom støtteordninga for fri scenekunst er praktiseringa av omgrepet nyskapande avgjerande for prioriteringa av prosjektsøknader. Omgrepet nyskapande må ikkje tolkast for snevert i handsaminga av prosjektsøknader med born og unge som målgruppe. Ordninga bør gje rom for støtte til eit mangfald av scenekunstprosjekt med ulik kunstnarisk profil.
Institusjonane som mottek fast årleg statleg støtte, skal òg kunne søkje og få tildelt midlar frå Den kulturelle skulesekken. Men det er ein føresetnad at dei må vidareutvikle tilbodet sitt og måten å formidle til born og unge på for aktivt å bidra til at vi får meir god scenekunst til born og unge gjennom Den kulturelle skulesekken. Tilbodet må vidareutviklast både innhaldsmessig, med omsyn til tidspunkt for vising, slik at skulane kan oppsøkje institusjonane også i skuletida, og gjennom auka turnéverksemd og samarbeid med skulen.
Norsk scenekunstbruk vil ha behov for fleire ressursar dersom institusjonen skal styrkje og utvide formidlinga av fri, profesjonell scenekunst til heile landet. I avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i 2003 er det ikkje sett av midlar til å styrkje Norsk scenekunstbruk direkte, utover dei midlane som institusjonen årleg mottek over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett.
Amatørteater, kultur- og musikkskular, festivalar og distriktsoperaer kan vere ressursar i arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Samarbeidsprosjekt på tvers av profesjonell kultur, lokal amatørkultur og skuleverket kan vise seg å vere svært fruktbare.
6.5.4 Litteratur- og bibliotekfeltet
Ei utfordring på litteraturområdet er å inspirere born og ungdom til å lese, jf. resultata i den internasjonale OECD/PISA-undersøkinga i 2002.
Kultur- og kyrkjedepartementet ynskjer å medverke til å realisere gode prosjekt og tiltak knytte til auka leselyst innanfor ramma av Den kulturelle skulesekken. Departementet ynskjer også å styrkje samarbeidsstrukturane mellom folkebibliotek og skulebibliotek og vurdere måtar for overføring av kunnskap og kompetanse som er opparbeidd gjennom ei rekkje lokale leselystprosjekt av ulik art.
Kultur- og kyrkjedepartementet har forplikta seg til å delta i gjennomføringa av Utdannings- og forskingsdepartementet sin strategiplan Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og kunnskapsglede 2003–2007 gjennom ei årleg avsetning av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken til dette føremålet i perioden 2003–2005.
I 2003 er det sett av fem mill. kroner av skulesekkmidlane til dette føremålet. Midlane skal nyttast til lesestimulerande tiltak og samarbeidstiltak mellom skulebibliotek og folkebibliotek. Midlane skal forvaltast av ABM-utvikling etter kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter tilråding frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken.
Det er ikkje avsett særskilde midlar frå Den kulturelle skulesekken til direkte støtte til institusjonar og tiltak som arbeider med litteraturformidling for born og unge, og som i dag får støtte over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett. Dette gjeld til dømes Norsk forfattarsentrum, Foreningen !les og Norsk barnebokinstitutt. Desse institusjonane kan i 2003 i staden søkje prosjektmidlar nasjonalt og regionalt/lokalt i samarbeid med aktørar i skuleverket for å utvikle og eventuelt føre vidare vellukka prosjekt knytte til lesestimulerande tiltak, samarbeidstiltak og utviklingsprosjekt retta mot føremålet.
6.5.5 Museum, kulturminne og vitensentra
Musea har brei røynsle frå samarbeid med skulen, men det er ei utfordring å heve og sikre kvaliteten og å profesjonalisere formidlinga i musea rundt om i landet.
I tillegg til eigne samlingar nyttar musea gjerne kulturminne og kulturmiljø som finst i lokalmiljøet, og utarbeider undervisningsopplegg der desse er inkluderte. Grunnlaget er med det lagt for eit utvida samarbeid med kulturminneforvaltinga, lokale historielag og andre friviljuge, lokale og regionale arkivinstitusjonar og andre. Fleire stader er det grunnlag for å etablere eit utvida samarbeid mellom musea, arkiva, skuleverket og kulturminneforvaltinga. Den norske kyrkja og andre trussamfunn kan òg samarbeide med skulen og ymse fagmiljø for betre å formidle kunst og kultur knytt til dei religiøse institusjonane.
Strukturen både på museumsfeltet og kulturminnefeltet gjev eit godt grunnlag for framtidige samarbeidsprosjekt retta mot skuleverket både lokalt og nasjonalt. Eksisterande satsingar og prosjekt på kulturminnefeltet kan i stor grad inngå i arbeidet med Den kulturelle skulesekken.
Departementet ynskjer å leggje til rette for betre og meir målretta formidling av kulturarven til born og unge og auka samarbeid med kulturminnevernet gjennom å setje av midlar frå Den kulturelle skulesekken. Dette vert gjort på følgjande måte:
Over statsbudsjettet for 2003 er det sett av 10 mill. kroner til formidlingstiltak ved 20 utvalde museum. Det vil verte lagt vekt på å utvikle, prøve ut og evaluere ulike formidlingsmetodar.
For 2003 er det sett av tre mill. kroner av spelemidlane til søknadsbaserte prosjekt knytte til formidling av kulturarv og kulturminne og særleg sett i samanheng med 100-årsjubileet for Noregs sjølvstende.
For 2003 er det sett av fem mill. kroner til utviklingstiltak og formidlingsverksemd ved vitensentra, jf. Utdannings- og forskingsdepartementet sin handlingsplan «Realfag, naturligvis» Strategi for styrking av realfagene 2002–2007.
Midlane skal forvaltast av ABM-utvikling etter kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter tilråding frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken.
Som ledd i ABM-utvikling si ordinære verksemd vil institusjonen ha særleg ansvar for å gje tilbod om kompetanseutvikling for museumstilsette og etablere samarbeid med kulturminnevernet, Arkivverket og andre.
6.5.6 Filmfeltet
Både Norsk filminstitutt, Statens skulefilmutval og fleire regionale og lokale miljø er med på å gje skuleelevar gode filmopplevingar og auka forståing for film og lèt born og ungdom bruke film som uttrykksmiddel for eigen aktivitet.
Departementet ynskjer at fleire elevar etter kvart kan få ei meir bevisst haldning til film som uttrykksform og kunstform gjennom Den kulturelle skulesekken. I avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken for 2003 er det ikkje avsett særskilde midlar til film, men i 2003 vil det verte sett i gang eit førebuande arbeid med tanke på ei særskild satsing på film innanfor ramma av Den kulturelle skulesekken frå og med 2004.
Skisser til ei slik satsing vil måtte drøftast med filmmiljøet og vurderast av styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken som grunnlag for ei første fordeling i 2004.