St.prp. nr. 1 (2003-2004)

FOR BUDSJETTERMINEN 2004 — Utgiftskapittel: 1400-1471, 2422 og 2465 Inntektskapittel: 4400-4471, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 2
Omtale av Miljøverndepartementet sine mål og verkemiddel

8 Innleiing til del II

Resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

For å verne villmarksområde som er att for kommande generasjonar, vil Regjeringa halde fram det intensiverte arbeidet med å gjennomføre nasjonalparkplanen. Nye nasjonalparksenter vil bli oppretta, og forvaltnings- og skjøtselstiltak i nasjonalparkane vil bli prioriterte. Det er lagt inn ein monaleg budsjettauke for å styrkje oppsyn i regi av Statens naturoppsyn i nye nasjonalparkar og andre verneområde.

Regjeringa vil intensivere arbeidet med skogvernet etter at den førre planen for barskogvern no er fullført, og foreslår auka løyvingar og auka tilsegnsfullmakter til nytt vern i 2004. Dette gir rom for oppkjøp og vern av område, og midlar til å gjennomføre nye verneprosessar. Frivillig vern som verneform, og aktiv bruk av Statskogareal for å auke skogvernet, vil bli prioritert.

Regjeringa vil halde fram med å styrkje arbeidet for å bevare dei ville laksestammene og innsatsen mot Gyrodactylus salaris vil bli ytterlegare styrkt. Arbeidet med å redde fjellreven frå å bli utrydda blir ytterlegare styrkt i 2004.

Resultatområde 2 Friluftsliv

Regjeringa foreslår å føre vidare satsinga på friluftsliv i 2004, gjennom tiltak for barn og unge, sikring av nye friluftsområde og kvalitetar for friluftslivet, i samsvar med dei hovudutfordringane som går fram av friluftsmeldinga. Midlane til sikring av strandperler aukar monaleg. Løyvingane til skjøtsel og oppsyn i nasjonalparkar og andre naturvern- og friluftsområde vil òg auke.

Resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø

Arbeidet med å sikre dei nasjonalt viktige kulturminna og kulturmiljøa blir ført vidare på om lag same nivå som tidlegare. Avkastninga frå Norsk kulturminnefond, som vart oppretta i 2002, er dobla i forhold til 2003, og tildelingane vil utløyse auka innsats i 2004. Regjeringa vil innafor dei ordinære tilskotsmidlane særleg prioritere arbeidet med å sikre dei norske verdsarvsområda Bergstaden Rørosog Bryggen i Bergen og følgje opp dei nye nominasjonane til lista. I tillegg vil arbeidet med stavkyrkjene og kystkulturen bli prioritert. Regjeringa legg vekt på at tilskotsmidlane i hovudsak skal gå til konkrete tiltak. Samanlikna med budsjettet for 2003 er det ein liten nedgang på resultatområdet som i hovudsak skuldast at eingongsløyvinga til verna område rundt Yttersø gard i Larvik kommune er teken ut i 2004.

Resultatområde 4 Overgjødsling, oljeforureining og akutte utslepp

Regjeringa vidarefører arbeidet innafor overgjødsling, oljeforureining og akutte utslepp. Regjeringa vil òg avsetje midlar for å sikre at EU sitt rammedirektiv for vatn medverkar til ei effektivisering av vassforvaltninga. Krava i EU sitt avløpsdirektiv vil på sikt bli innfridde ved å medverke til utvikling av reinseteknologi som sikrar lågast mogleg kostnader for kommunane. Tilskot til heilskapeleg vassforvaltning er overført til Kommunal- og regionaldepartementet og blir innlemma i rammetilskotet til kommunane. Ved inngangen til 2004 vil Statens miljøfond ha gjennomført alle utlån, noko som òg inneber ein reduksjon på dette resultatområdet, og på resultatområda 5, 6 og 7.

Resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Regjeringa ønskjer å føre ein aktiv kjemikaliepolitikk, med fokus på å redusere utsleppa av dei farlegaste miljøgiftene, styrkt kontroll og tilsyn og ein aktiv innsats for å styrkje internasjonale reguleringar på kjemikalieområdet. Det blir òg satsa på viktige forskings- og overvakingsaktivitetar. Regjeringa aukar løyvingane til kartlegging av nye miljøgifter (screening), for på eit tidleg tidspunkt å kunne avdekkje nye truslar mot miljøet frå dei farlegaste kjemikaliane, slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk i tide.

I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav vart det trekt opp ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment i fjordar og hamner. Det er sett i gang aktivitetar på alle satsingsområda i strategien, m.a. fylkesvise tiltaksplanar, opprydding i fire høgrisikoområde med spreiingsfare, arbeid for å skaffe oversikt over forureining frå skipsverft og småbåthamner, og pilotprosjekt som skal skaffe erfaring med konkret oppryddingsarbeid. Løyvinga er auka med ca. 42% frå 2002 til 2003, og blir trappa opp ytterlegare i 2004, slik at auken i alt blir på ca. 70%. I tillegg er bestillingsfullmakta styrkt monaleg i perioden. Det blir òg satsa på viktige forskings- og overvakingsaktivitetar.

Resultatområde 6 Avfall og gjenvinning

Regjeringa vidarefører arbeidet med avfall og gjenvinning. Det er ein budsjettmessig reduksjon på området samanlikna med 2003 budsjettet, noko som skuldast at den tidsavgrensa ordninga med tilskot til innsamling av PCB-haldige isolerglasruter vart avslutta i 2003. Dei andre tiltaka innafor dette området blir førte vidare med om lag same løyving.

Omlegginga av avgifta på sluttbehandling av avfall - til ei utsleppsavgift og tilskotsordning for produksjon av energi - er foreslått innført 1. juli 2004. Tilskotsordninga avheng likevel av godkjenning frå EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). Dersom godkjenning ikkje blir gitt vil Regjeringa komme med forslag til eit alternativ til den føreslåtte tilskotsordninga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004. Den tonnbaserte avgifta som gjeld i dag blir ført vidare til 1. juli 2004.

Resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å redusere klimagassutslepp både globalt og nasjonalt. Den vil på den niande Partskonferansen under klimakonvensjonen i desember 2003 arbeide for at spørsmålet om ytterlegare reduksjonar av klimagassutslepp og eit meir globalt klimaregime etter første periode av Kyotoprotokollen blir teke opp. Løyvingane på dette resultatområdet går ned, noko som først og fremst skuldast at Statens miljøfond er ferdig med sine utlån.

Resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid, - bistand, nord- og polarområda

Dei alvorlegaste miljøutfordringane er globale og krev forpliktande internasjonalt samarbeid. Noregs miljøvernminister leiar FN-kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) fram til og med neste sesjon i april 2004. Det norske formannskapet legg stor vekt på å revitalisere CSD som overordna policyorgan for berekraftig utvikling, og at kommisjonen effektivt overvakar gjennomføring av vedtaka frå toppmøtet om miljø og utvikling i Johannesburg 2002. Gjennom politisk mobilisering vil det norske formannskapet medverke til å setje fokus på gjennomføring av Milleniums- og Johannesburgmåla for vatn/sanitær og bosetnad. Når det gjeld nord- og polarområda vil Norsk Polarinstitutt bli styrkt som kunnskapsprodusent i klimaspørsmål, m.a. ved at det blir bygt ein heilårsstasjon i Antarktis.

Den store reduksjonen på dette resultatområdet er av teknisk karakter. Løyvinga til nikkelverka i Petsjenga på Kola er sett ned med 110 mill. kr, noko som skuldast forseinkingar i reinseprosjektet med tilhøyrande forskyvd utbetalingstakt for dei midlane Noreg har avsett til prosjektet. I tillegg er løyvinga til Kievkonferansen som vart gjennomført i 2003, teken ut av budsjettet.

Resultatområde 9 Regional planlegging

Regjeringa vil vidareføre innsatsen retta mot etablering av eit system for elektronisk byggjesaksbehandling, for å fremje meir effektive og føreseielege planprosessar. Innan ramma av St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder vil det bli sett av midlar til prioriterte tiltak for betre miljø i byar og tettestader, m.a. til utprøving av miljøsoner og omforming av eldre byområde. I samsvar med St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer vil ein sikre arbeidet med å leggje betre til rette det fysiske miljøet for personar med nedsett funksjonsevne.

Resultatområde 10 Kart og geodata

Stortinget har behandla stortingsmeldinga om kart- og geodatapolitikken, «Noreg digitalt» - et felles fundament for verdiskaping. Regjeringa går i meldinga inn for å føre vidare arbeidet med geografisk infrastruktur som omfattar fullstendige kartdata over både sjø og landområda. Det er lagt opp til vidareutvikling av løysingar som tek i bruk digitale kart - på Internett og mobiltelefon, og som kan kombinerast med satellittbaserte posisjoneringssystem.

Resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

Miljøverndepartementet har omprioritert ressursbruk frå drift og utgreiingsoppgåver til miljøtiltak. Dette er m.a. gjort mogeleg gjennom rasjonaliserings- og effektiviseringstiltak.

9 Resultatområde 1: Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar bevaring av biologisk mangfald gjennom berekraftig bruk, vern og restaurering. Hovudårsakene til tap av biologisk mangfald er m.a. knytte til forureining, spreiing av framande arter og tap av biologiske nøkkelområde. Resultatområdet omfattar derfor òg arbeidet med å motverke negative miljøeffektar på det biologiske mangfaldet av desse påverknadene, med unntak av forureining som blir dekt av resultatområde 4-8. Bevaring av verdifulle geologiske førekomstar og ulike landskapskvalitetar inngår òg i resultatområdet. I tillegg dekkjer resultatområdet internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Strategisk mål

Naturen skal forvaltast slik at arter som finst naturleg blir sikra i levedyktige bestandar, og slik at variasjonen av naturtypar og landskap blir halden oppe og gjer det mogleg å sikre at det biologiske mangfaldet får halde fram med å utvikle seg. I likskap med EU har Noreg som målsetjing å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar.

1.1. Gjennomføre fylkesvise verneplanar i løpet av år 2005.

Talet på etablerte fylkesvise verneplanar.

1.2. Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 36 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010.

Talet på nye verneområde etablerte.

1.3. Verne eit representativt utval av marine område av nasjonal verdi i alle dei tre biogeografiske regionane langs kysten.

Prosentdel av dei ulike marine naturtypane (representative, særeigne, truga og sårbare) innan kvart av dei tre biogeografiske områda langs fastlands-Noreg som i tilstrekkeleg omfang er verna etter naturvernlova (ikkje operativ enno).

1.4. Sikre at verneområde blir forvalta i tråd med verneføremålet.

Prosentdel av verneområde der forvaltninga er i tråd med verneføremålet (ikkje operativ enno).

2. I truga naturtypar skal ein unngå inngrep, og i omsynskrevjande naturtypar skal ein halde oppe viktige økologiske funksjonar.

2.1. Etablere eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald i samarbeid med sektorane innan 2007, jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Sektoransvar og samordning.

Etablert Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald.

Lagt fram utgreiing om bruk av økonomiske verkemiddel.

Etablert ein interdepartemental informasjonsstrategi.

Talet på km2 bortfall av areal i inngrepsfrie område, jf. database inngrepsfrie område.

Talet på inngrep/omdisponeringar i omsynskrevjande naturtypar (ikkje operativt enno).

2.2. Samordne Noreg sitt arbeid med internasjonal gjennomføring av konvensjonen om biologisk mangfald.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

2.3. Sikre at Noreg følgjer opp sine nasjonale plikter under konvensjonen om biologisk mangfald, den europeiske landskapskonvensjonen og andre relevante avtaler.

Kvalitativ vurdering av arbeidet.

2.4. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.

Talet på dispensasjonar som er gitt.

3. Forvalte kulturlandskapet slik at kulturhistoriske og estetiske verdiar, biologisk mangfald og tilgjenge blir halde ved lag.

3.1. I samarbeid med involverte partar leggje til rette for utvikling av føremålstenlege forvaltningsmåtar og verkemiddel for verdifulle kulturlandskap, og leggje til rette for at alle sektorar tek omsyn til kulturlandskapet i si verksemd.

Talet på og delen av areal av verdifulle kulturlandskap i «Nasjonal-registrering» som er i «god hevd» (ikkje operativ enno).

4. Hausting og annan bruk av levande ressursar skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir utrydda eller truga.

4.1. Sikre at forvaltninga av vilt- og fiskeressursar som kan utnyttast innan 2006 som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid med rettshavarar, kommunar og brukarar.

Talet på driftsplanar som er lagt til grunn for forvaltninga.

Talet på laksebestandar som er truga av overutnytting.

5. Menneskeskapt spreiing av organismar som ikkje høyrer naturleg heime i økosystema skal ikkje skade eller avgrense økosystema sin funksjon.

5.1. Førebyggje introduksjonar av framande og/eller miljøskadelege organismar, og negative effektar av tilsikta og utilsikta introduksjonar.

Talet på kjende innførsler som kan vere årsak til skade på miljøet (indikator ikkje operativ enno).

5.2. Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar slik at det ikkje oppstår skade på helse og miljø.

Talet på økosystem som er signifikant endra i samansetjing og produktivitet som følgje av introduksjonar (indikator ikkje operativ enno).

6. Halde oppe eller byggje opp att truga arter til livskraftige nivå.

6.1. Sikre levedyktige bestandar av dei store rovdyra:

Talet på familiegrupper av ulv.

Talet på vaksne bjørnebinner.

Talet på ynglande jervetisper.

Talet på familiegrupper av gaupe.

Talet på meldingar for ulovleg felling.

6.2. Sikre dei ville laksebestandane.

Talet på truga og sårbare bestandar.

6.3. Medverke til å redusere presset på truga og sårbare arter gjennom samarbeid med andre involverte partar.

Talet på raudlistearter knytte til: - elvedelta - skogsbiotopar - beite- og slåttenger - villmarksprega område

7. Disponere dei jordressursane som har potensial for produksjon av matkorn slik at ein tek omsyn til framtidige generasjonar sine behov.

Statusbeskriving

Tabell 9.2 Oversikt over område verna etter naturvernlova pr. 01.01.03.

Tal

Areal km2 (inkl. ferskvatn)

% av landarealet i Noreg (*)

Nasjonalparkar

19

17 022

5.26

Landskapsvernområde

126

11 393

3.52

Naturreservat

1 615

3 220

0.99

Naturminne

1011

2

0.00

Andre fredingsområde 2

79

97

0.03

Sum

1 940

31 734

9.80

* Fastlandet ekskl. Svalbard (verneområde på Svalbard er oppretta i medhald av svalbardmiljølova).

99 av desse naturminna er geologiske. I tillegg er ca. 180 tre/tregrupper freda som botaniske naturminne.

2 Gjeld plante-, fugle- og dyrefredingsområde (med biotopvern). Artsfreding utan biotopvern er innført på enkelte andre lokalitetar.

Aldri har ei regjering verna så mykje av norsk natur på så kort tid som denne Regjeringa har gjort. Det internasjonale fjellåret 2002 vart det store naturvernåret i Noreg. Arbeidet blir ført vidare i 2003. Sidan tiltredinga har Regjeringa oppretta 214 verneområde på til saman 7 840 km2 landareal inkl. ferskvatn etter naturvernlova. I tillegg kjem 2 vernevedtak etter viltlova og eit område (Bjørnøya) etter Svalbardlova. Pr. 1. september 2003 er 10,1% av Noregs fastlandareal verna etter naturvernlova (7,6% i oktober 2001). I tillegg er ca. 2002 km2 av Noregs sjøareal verna.

Vernevedtaka i 2002 fordeler seg slik: 2 nasjonalparkar, 146 naturreservat, 21 landskapsvernområde og 4 andre fredingsområde.

Arbeidsmål 1.1. Gjennomføre fylkesvise verneplanar i løpet av år 2005

I 2002 vart det fatta vernevedtak for verneplan for Oslomarka del II, verneplan for Gjessåssjøen, verneplan for havstrand og elveos i Møre og Romsdal og kystverneplan for Nordland.

For 2003 er det pr. 1. september fatta vernevedtak for verneplan for edellauvskog i Møre og Romsdal. I tillegg er Amdam naturreservat i Møre og Romsdal revidert. Hausten 2003 skal mellom anna verneplan for sjøfugl i Nord-Trøndelag, verneplan for sjøfugl i Sør-Trøndelag og verneplan kyst i Troms vedtas. Verneplan for Jærstrendene skal reviderast. I 2004 er følgjande fylkesvise verneplanar planlagt etablerte: Verneplan for Smøla, verneplan for myr i Sogn og Fjordane, supplerande vern for Oslofjorden-Vestfold og supplerande vern for Oslofjorden-Telemark og enkeltområda Kvitsanden i Sør-Trøndelag og Slevdalsvatn i Vest-Agder.

Arbeidsmål 1.2. Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 36 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010.

I 2002 vart det fatta vernevedtak for verneplanar for Dovrefjell-Sunndalsfjella, Skrim, Nærøyfjorden, Helgelandsøyane, Røstøyane, Svellingsflaket og Stabbursdalen. Pr. 1. september 2003 er 15 av i alt 50 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte.

For 2003 er det pr. 1. september fatta vernevedtak for Femundsmarka, Øvre Pasvik, Møysalen og Børgefjell. Ytterlegare verneplanar er planlagt gjennomførte i 2003: Rondane/Dovre, Blåfjella-Skjekerfjella (Verdal/Snåsa/Lierne), Hartkjølen, Roltdalen, Junkerdalen/Balvatn, Frafjordheiane, Lyngsalpene, Rebbenesøy og utviding av Ånderdalen nasjonalpark (dei to siste som del av kystverneplanen for Troms).

I løpet av 2004 er følgjande verneplanar planlagt gjennomførte: Varangerhalvøya, Reinheimen, Naustdal/Gjengedal, Ålfotbreen, Geiranger/Herdal, Folgefonna, Ytre kystsone Flekkefjord og Ytre kystsone Kristiansand - Mandal. Gutulia nasjonalpark skal utvidast.

I 2005 er det lagt opp til at følgjande område skal vernast: Øvre Dividal nasjonalpark (utviding), Seilandet, Tysfjord/Hellemo, Hallingskarvet, Hyllingsdalen, Sørdalen/Isdalen, Visten/Lomsdal og Sylane.

Statens naturoppsyn (SNO) er no etablert i mange av dei store nasjonalparkane og landskapsvernområda i Sør-Noreg. Det blir fremja forslag om ein monaleg budsjettauke i 2004 for å styrkje oppsynet i regi av Statens naturoppsyn i nye nasjonalparkar og verneområde.

Pr. 1. september 2003 er det autorisert 9 nasjonalparksenter. Etter den nasjonale gjennomføringsplanen står det att å etablere slike senter i Reisa, Saltdal, Lierne, Røros/Elgå og Rosendal. Det blir gjort framlegg om å styrkje budsjettet for å forsere denne etableringa.

Den største tildelinga til nasjonalparksenter i 2003 gjaldt Saltdal. Departementet har elles medverka til gjeldssanering for Hardangervidda nasjonalparksenter Møsvatn, gitt stønad til oppgradering av utstillingar ved fleire nasjonalparksenter, m.a. til utvikling av ei klimautstilling ved Bremuseet i Fjærland, og gitt økonomisk stønad til gjennomføringa av Europarc-konferansen i Stryn.

Arbeidsmål 1.3. Verne eit representativt utval av marine område av nasjonal verdi i alle dei tre biogeografiske regionane langs kysten.

Arbeidet med ein marin verneplan vart sett i gang i 2001. Det nasjonale rådgivande utvalet la fram ei førebels tilråding om område og restriksjonsnivå i februar 2003. Endeleg framlegg til verneplan skal utarbeidast av Direktoratet for naturforvaltning i samarbeid med m.a. Fiskeridirektoratet, og det er teke sikte på høyring i løpet av 2004.

Arbeidsmål 1.4. Sikre at verneområde blir forvalta i tråd med verneformålet.

Resultatindikatorar for arbeidsmålet er ikkje utarbeidde enno.

Område verna i medhald av naturvernlova skal forvaltast i tråd med verneformålet slik at verneverdiane blir haldne ved lag. Alle kommunar i landet har fått tilbod om å overta forvaltningsansvar for naturreservat, naturminne og landskapsverneområde. Pr. mai 2003 har Direktoratet for naturforvaltning delegert forvaltningsansvar for verneområde i 40 kommunar. Dette er kommunar som har sagt ja utan atterhald. Som prøveprosjekt er det overført forvaltningsmynde til kommunane for Forollhogna og Dovrefjell/Sunndalsfjella nasjonalparkar.

Regjeringa viser òg til omtalen av bruk av verneområda i lokal næringsutvikling og verdiskaping i St.prp. nr. 65 (2002-2003). Regjeringa går inn for at desse områda skal kunne nyttast meir i turistutvikling. Forvaltningsplanar for nasjonalparkar og andre verneområde skal leggje grunnlaget for dette. Forbodet mot kommersiell aktivitet som gjeld i nokre av nasjonalparkane, vil bli fjerna så snart som råd. Det er òg i gang naturbruksprosjekt med utgangspunkt i vern i nokre fylke. Det gjeld m.a. Sogn og Fjordane der ein tek for seg slike utfordringar med eigne prosjekt i Veitastrond og Hyen. Departementet vil støtte desse prosjekta økonomisk.

Arbeidsmål 2.1. Etablere eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald i samarbeid med sektorane innan 2007, jf. St.meld. nr. 42 (2001-2002) Biologisk mangfold. Sektoransvar og samordning.

I St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Sektoransvar og samordning er det lagt opp til å etablere eit nytt kunnskapsbasert forvaltningssystem for biologisk mangfald. Systemet inneber ei statleg samordning av juridiske og økonomiske verkemiddel, der desse er retta mot dei viktigaste områda for biologisk mangfald.

Område med stor verdi for biologisk mangfald blir identifiserte gjennom det tverrsektorielle arbeidet i Nasjonalt program for kartlegging og overvaking. I tillegg kjem den fortløpande kartleggings- og overvakingsaktiviteten.

Utdannings- og forskingsdepartementet vil i 2003 etablere ein artsdatabank i samarbeid med aktuelle departement.

I løpet av 2003 vil ca. 400 kommunar vere i gang med eller ha avslutta første gongs kartlegging av dei viktigaste områda for biologisk mangfald i kommunane. Planen er at alle kommunar skal vere ferdige med første gongs kartlegging på land i løpet av 2004. Desse vil inngå i fylkesvise og nasjonale fagsystem og blir offentleg tilgjengelege. Utviklinga av det nye forvaltningssystemet vil leggje til rette for at kommunane blir sentrale i forvaltning av biologisk mangfald i Noreg, m.a. gjennom behandlinga av planar og enkeltsaker etter plan- og bygningslova.

Gjennom arbeidet med karakterisering av vassførekomstar i EU sitt rammedirektiv for vatn vil ein få fram mykje god kunnskap om biologisk mangfald knytt til vatn. Dette arbeidet tok til i 2002. I fase 1 har karakteriseringa dreia seg om den generelle inndelinga av vass- og havførekomstar i vasstypar. Fase 2 blir starta i 2003 og inneber konkret arbeid med dei enkelte vassførekomstane.

Status for inngrepsfrie og villmarksprega område i Noreg (INON) blir oppdatert i 2003, og ajourførte kart og statistikk blir lagt ut på nettet ved årsskiftet 2003-2004.

Databasen over nesten 300 elvedelta større enn 250 da vil bli ajourført i 2004 og det blir lagt inn lenker frå denne basen til andre databasar med relevant informasjon. Det gjeld både miljøforvaltninga sine eigne databasar og databasar som er administrerte av andre styresmakter.

Arbeidsmål 2.2. Samordne Noreg sitt arbeid med internasjonal gjennomføring av konvensjonen om biologisk mangfald.

Miljøverndepartementet samordnar arbeidet under konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) med relevante departement. I 2004 skal det sjuande partsmøtet haldast i Malaysia. Her er viktige tema marin ressursforvaltning, forvaltning av ferskvassressursar og verneområde, og biologisk mangfald i fjellområde. Eit anna viktig tema er teknologioverføring og kunnskapsoppbygging i utviklingsland. Trondheimskonferansen 2003 var ei viktig førebuing til dette. Det er eit mål at konvensjonen skal ha ei leiarrolle innanfor biomangfald i internasjonale fora, og dette blir òg stadfest under WSSD. Vedtaka frå WSSD er nært knytte til gjeldande arbeidsplanar og program under CBD, som mellom anna vedtok å arbeide for ein monaleg reduksjon i tapet av biologisk mangfald innan 2010.

Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Protokollen trådde i kraft 11. september 2003, 90 dagar etter at 50 land har ratifisert den. Noreg ratifiserte protokollen som tredje land 10. mai 2001.

Noreg har medverka aktivt til ei operasjonalisering og vidareutvikling av FN-konvensjonen om biologisk mangfald, mellom anna gjennom Trondheimskonferansane. Den fjerde konferansen, om teknologioverføring og kapasitetsbygging (technology transfer and capacity building), vart gjennomført i juni 2003. Noreg prioriterer arbeidet med å betre det vitskapelege grunnlaget for konvensjonen. Dette må òg sjåast i samanhang med det norske initiativet for å opprette eit vitskapspanel under FNs miljøprogram, UNEP. Ei hovudutfordring blir å samordne arbeidet mellom relevante internasjonale fora og konvensjonen om biologisk mangfald.

Noreg har mellom anna arbeidd for å knyte det internasjonale arbeidet med biomangfald saman med FNs milleniumsmål (Millenium Development Goals, MDG), for å medverke til auka merksemd om samanhengane mellom berekraftig naturressursforvaltning, biomangfald og kamp mot fattigdom.

Arbeidsmål 2.3. Sikre at Noreg følgjer opp sine nasjonale plikter under konvensjonen om biologisk mangfald, den europeiske landskapskonvensjonen og andre relevante avtaler.

Pliktene under biokonvensjonen er konkretiserte i St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Samordning og sektoransvar, under dette kartlegging og overvaking av biologisk mangfald.

I arbeidet med å ta vare på biologisk mangfald etter nasjonale mål og i forhold til internasjonale plikter, er plan- og bygningslova kommunane sitt verkemiddel. Kommunal planlegging skal òg ivareta nasjonale og regionale interesser som m.a. ligg i å sikre ei berekraftig utvikling.

Arbeidsmål 2.4. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.

Det totale talet på snøskuterar pr. 31.12.01 var 50 500. Pr. 31.12.02 hadde talet stige til 52 200. Dette indikerer at omfanget av motorferdsel i utmark har auka.

Ved å kople kommunale planprosessar og planvedtak saman med lokal politikk for motorferdsel vil Regjeringa prøve om formålet med motorferdsellova kan bli betre oppfylt. Dette vil auke medvitet rundt dei verdiane som bruk av motorkøyretøy i utmark kan komme i konflikt med. Åtte kommunar deltek i ei treårig forsøksordning som skal gi grunnlag for betre styring av motorferdsel i utmark. I 2003 skal alle kommunane ha ferdigstilt sine planar. Norsk institutt for naturforsking (NINA) vil følgje gjennomføringa i dei enkelte kommunane med tanke på å bringe fram ei evaluering av prosessane og i kva grad målsetjingane blir oppfylte. Då berre fire av dei åtte kommunane hadde vedteke planar for motorferdsel ved inngangen til vintersesongen 2002/2003, har det komme fram ønskje frå fleire av forsøkskommunane om å forlengje forsøket slik at heile vintersesongen 2003/2004 blir med. Ein kommune ønskjer at forsøket skal gå til våren 2005, slik at ein kan få eit endå betre grunnlag for å trekkje konklusjonar. Departementet er positivt til ei forlenging for å få eit best mogeleg grunnlag for evalueringa som blir sluttført i 2005.

Det er god grunn til å gi barmarkkøyringa større merksemd framover. Det blir registrert eit stadig større tal terrenggåande køyretøy, og det kan vere naudsynt å gjennomføre ein informasjonskampanje for å klargjere regelverket, og vurdere presiseringar i det same regelverket.

Arbeidsmål 3.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for utvikling av føremålstenlege forvaltningsmåtar og verkemiddel for verdifulle kulturlandskap, og leggje til rette for at alle sektorar tek omsyn til kulturlandskapet i si verksemd.

I 2002 leverte Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning ein rapport med oversikt over status og truslar i område som var plukka ut gjennom Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. I 2003 er det m.a. arbeidd med å oppdatere oversikta over dei høgast prioriterte områda og gjere desse data lettare tilgjengelege for andre sektorar, og då særleg landbruksstyresmaktene.

Arbeidsmål 4.1. Sikre at forvaltninga av vilt- og fiskeressursar som kan utnyttast innan 2006 som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar.

Den driftsplanbaserte forvaltinga av vilt- og fiskeressursane krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene deira. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på desse tilhøva og komme med innstilling i løpet av 2003. Anbefalingane frå denne gruppa vil bli følgde opp vidare i 2004. Det er no utarbeidd driftsplanar for ca. 60% av vassdraga med årleg fangst over 100 kg.

Reguleringar av laksefisket er i dag baserte på kunnskap om storleiken på bestandane, fagleg skjønn og erfaringar.

Arbeidsmål 5.1. Førebyggje introduksjonar av miljøskadelege organismar, og negative effektar av tilsikta og utilsikta introduksjonar.

Vi står overfor utfordringar knytte til introduksjon av framande arter. Det regjeringsoppnemnde lovutvalet for biologisk mangfald vil i løpet av 2004 m.a. utgreie nytt regelverk.

Departementet har sendt ut på høyring forslag til ny forskrift om innførsel av landlevande virvellause dyr til Noreg. Siktemålet er å hindre at framande arter etablerer seg i norsk natur utan at dette på førehand er vurdert av styresmaktene. Forskrifta skal vere på plass innan utgangen av 2003.

Framande arter kan ha effektar som grip over mange sektorar. Samarbeid mellom sektorstyresmaktene for finne metodar for å handtere dette vil bli vidareført. I tillegg vil det bli lagt auka vekt på informasjon til allmenta om kva reglar som gjeld ved innførsel av dyr og planter til Noreg.

Utslepp av ureinsa ballastvatn frå skip nær kysten utgjer ein særleg stor risiko for introduksjon og spreiing av framande og skadelege arter som kan skade dei marine økosystema og næringane våre. Ein internasjonal konvensjon om tiltak mot spreiing av framande organismar via ballastvatn er venta vedteken under FNs skipsfartsorganisasjon IMO i februar 2004. Det er vidare teke sikte på å fastsetje ei nasjonal forskrift for ballastvatn, basert på krava i konvensjonen, i løpet av 2004. Noreg vil ratifisere konvensjonen så raskt som mogleg etter at den er vedteken.

Arbeidsmål 5.2. Handtere reguleringa av utsetjing og omsetning, under dette omsetning av genmodifiserte organismar, slik at det ikkje oppstår skade på helse og miljø.

Av 35 omsøkte produkt i EU/EØS er 18 godkjende i EU. Noreg har gjennom ei tilpassing i EØS-avtala sagt nei til 8 produkt. Desse er mais, oljeraps (3 typar) og sikorisalat, to vaksinar mot respektive rabies og pseudorabies, og ein mjølketest. Plantene og mjølketesten er forbodne hovudsakleg fordi dei inneheld genar som kan gi resistens mot antibiotika. Ein tobakk og tre typar nellik er tillatne omsett i Noreg, men er lite aktuelle å dyrke.

I andre saker ventar ein på fleire opplysningar før behandling.

Globalt er Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar det sentrale verkemiddelet for å sikre at handel med og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Protokollen trådde i kraft internasjonalt 11. september 2003.

Arbeidsmål 6.1. Sikre levedyktige bestandar av dei store rovdyra.

Registreringar vinteren 2003 viser at det er 8 familiegrupper (flokkar) av ulv i Sør-Skandinavia. I tillegg er det registrert 9 revirmarkerande par. Av familiegruppene er 2 registrerte i Noreg, 4 i Sverige, og 2 på tvers av riksgrensa. Av registrerte par er 5 i Sverige, 1 i Noreg og 3 på tvers av riksgrensa. Bestandsovervaking av ulv skjer i nært samarbeid mellom svenske og norske forskingsmiljø innanfor forskingsprogrammet Skandulv.

Eit overslag over talet på bjørnar i Noreg pr. mars 2003 viser minimum 6-12 vaksne binner. Registreringar tyder på ein viss vekst i bestanden. Reproduktive binner er påviste i Finnmark (Sør-Varanger), Nord-Trøndelag (Lierne) og Hedmark (Trysil). Førebels status for yngling hos jerv viser at det pr. 15. september 2003 er ca. 30 trulege eller dokumentere ynglingar i Nord-Noreg og 17 i Sør-Noreg. Tala tyder på ei relativt stabil utvikling når det gjeld jerv i Nord-Noreg gjennom dei siste åra, og ein klar auke i bestanden av jerv i Sør-Noreg. For gaupe viser tal frå juli 2003 at det var 42-45 familiegrupper eller 250-270 individ før jakta, mens gjennomsnittet for åra 2000-2002 var på 57 familiegrupper. Det er særleg regionane i Midt-Noreg og Sørvest-Noreg som har hatt nedgang i talet på familiegrupper. Gaupebestanden vil derfor bli følgt nøye i tida som kjem.

Miljøverndepartementet sette i 2001 i gang prosjektet «Leve med rovdyr» i utvalte kommunar i Hedmark, Akershus og Østfold. Prosjektet er ført vidare i 2002 og 2003 i fleire nye kommunar. Prosjektet inneber at dei medverkande kommunane sjølve er med på å definere aktuelle tiltak lokalt som kan medverke til å dempe frykt og samtidig auke kunnskapen om store rovdyr. Resultata frå dette prosjektet inngår som ein del av avgjerdsgrunnlaget for arbeidet med ny rovviltmelding.

Arbeidsmål 6.2. Sikre dei ville laksebestandane.

Laksefisket dei siste åra har totalt sett vore betre enn på mange år som følgje av betre temperaturforhold i havet og gode føresetnader for oppvandring i elvane i fiskesesongen. Det er i all hovudsak dei bestandane som har vore i rimeleg god forfatning også i dei seinare åra som har gitt grunnlag for auka fangst. Omlag ein tredel av bestandane er framleis truga eller sårbare.

Regjeringa sitt forslag til nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vart med visse endringar vedteke av Stortinget i februar 2002. Stortingsvedtaket, som gir ein vesentleg del av den norske villaksressursen særskilt vern og prioritet, er ein milepæl i det nasjonale og internasjonale arbeidet med å ta vare på den nordatlantiske villaksen. Av andre tiltak vil det bli lagt særleg vekt på kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Fiskeri- og veterinærstyresmaktene vil prioritere tiltak mot rømming frå oppdrettsanlegg og kamp mot lakselus. Ein viser til tekst under Del III kap. 1427 om oppfølging av oppmodinga frå Stortinget om å vurdere Direktoratet for naturforvaltning sin handlingsplan mot Gyrodactylus salaris og den langsiktige oppfølginga av kampen mot lakseparasitten.

Statens naturoppsyn er i ferd med å styrkje lakseoppsynet gjennom organisatoriske endringar og effektivisering. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar vil utviklingstrekk i viktige lakseområde bli fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske bli styrkt.

Arbeidsmål 6.3. Medverke til å redusere presset på truga og sårbare arter gjennom samarbeid med andre involverte partar.

I den nasjonale raudlista blir det ført oversikt over arter som er truga av utrydding, arter som er sårbare eller som krev omsyn og arter som er i ein slik situasjon at dei bør overvakast. Artsdatabanken, som blir etablert i 2003, vil vere viktig i raudlistearbeidet framover.

Fjellreven sin situasjon i Noreg er svært alvorleg. I Noreg (utanom Svalbard) er det færre enn 50 vaksne fjellrevar att, og arta er klassifisert som «direkte truga» på raudlista. Regjeringa har sett i gang tiltak for å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. Det blir gjort framlegg om å disponere om lag 4,9 mill. kr til arbeidet med å ta vare på fjellreven. Dette vil seie ei dobling av midlane i høve til 2003. Ein gjer framlegg om at om lag fire millionar kroner blir nytta til ulike tiltak for å styrkje bestanden, og auke kunnskapen om fjellreven. Eitt av tiltaka er eit prosjekt med innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Dette prosjektet er alt i gang. Tilhøvet mellom raudrev og fjellrev skal også kartleggjast i større grad. Det vil også bli undersøkt om kontroll av raudrevbestanden er eit aktuelt tiltak i utvalde leveområde for fjellrev. Her skal det først gjennomførast ein konsekvensanalyse. Andre tiltak er identifisering av viktige leveområde for fjellreven, og forsking på genetikk hos rev. Ein gjer framlegg om at blir nytta nesten ein million kroner til naudsynt overvaking av fjellreven, der det mellom anna blir oppretta ein nasjonal database. Arbeidet med fjellreven skjer med utgangspunkt i ein handlingsplan utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning, og Miljøverndepartementet legg vinn på samarbeid med frivillige organisasjonar i arbeidet. Miljøverndepartementet har sidan 2002 stadig auka innsatsen i arbeidet med å ta vare på fjellreven.

Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn er kontrollen med ulovleg jakt på sårbare og truga arter blitt stadig betre.

Det nasjonale programmet for kartlegging, overvaking og etablering av artsdatabank er tiltak i følgje St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Eit slikt system vil betre leggje til rette for at artsmangfald og viktige naturtypar blir tekne vare på, under dette raudlisteartene og levestadane deira. Truga og omsynskrevjande arter og naturtypar skal kartleggjast og kunnskapen gjerast tilgjengeleg for forvaltningsstyresmaktene på alle nivå. Dette systemet er ein parallell til Natura 2000-programet i EU som skal ta vare på levestadane for tilsvarande arter etter dei såkalla habitat- og fugledirektiva. Arbeidet i Noreg tek i tillegg sikte på å samordne dei økonomiske og juridiske verkemidla slik at alle sektorar og styresmakter må ta ansvaret på sine område.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 622,8 mill. kr. Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og fagkapitla 1425 og 1426, men òg kapitla 1400, 1410, 1429 og 1441 inneheld budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2004. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 1. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Naturvernlova, viltlova, laks- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan- og bygningslova er dei viktigaste juridiske verkemidla for miljøvernforvaltninga innan resultatområdet. Friluftslova har innverknad på arealforvaltning og naturbruk. Vernearbeidet etter naturvernlova skjer i det alt vesentlege gjennom tematiske fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen, marin verneplan og framtidige verneplanar for utvida skogvern. Område med særleg store natur- og kulturverdiar kan òg fredast etter kulturminnelova, eventuelt i kombinasjon med naturvernlova og plan- og bygningslova. Plan- og bygningslova vil vere det viktigaste generelle verkemidlet for å ta vare på omsynskrevjande naturtypar på dei ca. 85% av areala som ikkje blir omfatta av vern. Lov om statleg naturoppsyn har som mål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. Lova har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn (SNO). SNO skal utviklast vidare, med spesiell vekt på etablering i nye store verneområde.

Departementet går inn for å overføre administrasjonen av storviltjakt i statsallmenning frå Statskog SF til fjellstyra. Det er starta ein prosess med endring av forskrifter for å gjennomføre dette.

Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er regulert av motorferdsellova og nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark. Også her er det stort behov for målretta og samordna oppsyns-, kontroll- og førebyggingstiltak.

Framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) er regulert i genteknologilova i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling. Forvaltninga i Miljøverndepartementet skjer i samråd med andre aktuelle departement.

Som ei oppfølging av plikta til å utvikle ein nasjonal handlingsplan for konvensjonen, vart St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfald. Sektoransvar og samordning lagt fram våren 2001. I meldinga foreslo Regjeringa at det blir etablert eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald, som Stortinget har gitt tilslutning til. Regjeringa vil prioritere desse innsatsområda for åra 2003-2007:

Etableringa av eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking (under dette etablering av ein artsdatabank) står sentralt. Miljøverndepartementet leier arbeidet med det nasjonale programmet som starta i 2003 med midlar frå 6 departement på totalt 12 mill. kr. Miljøverndepartementet medverkar med 3,0 mill. kr, Utdannings- og forskingsdepartementet med 1,0 mill. kr, Fiskeridepartementet med 3,5 mill. kr, Landbruksdepartementet med 1,3 mill. kr, Forsvarsdepartementet med 1,6 mill. kr og Samferdselsdepartementet med 1,6 mill. kr.

Når det gjeld juridiske verkemiddel er eit lovutval nedsett for å vurdere lovverk om biologisk mangfald og relevant sektorlovgiving (Biomangfaldlovutvalet). Utvalet vil òg vurdere erstatningsordningar for vern etter naturvernlova. Ei eventuell innføring av ny erstatningsordning for nasjonalparkar og landskapsvernområde vil òg gjelde for område der vernevedtak allereie er fatta, men der fristen for krav om erstatning enno ikkje har gått ut. Dette vil i så fall innebere at ei slik overgangsordning òg vil omfatte område der fristen ikkje er gått ut 1. januar 2002. Innstillinga frå Biomangfaldslovutvalet blir lagt fram i 2004.

Verneplan for barskog som vart vedteken av Stortinget i 1996, vart sluttført med vedtaket av delplan Aust-Noreg fase II i desember 2002. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2002 vart ramma for vern av skog auka med til saman 35 mill. kr ved løyving og disponering av kapital i Jordfondet. Ein vesentleg del av denne løyvinga vart nytta til å verne 8 område med til saman ca. 22 km2 produktiv barskog ut over den fastsette kvoten for produktiv barskog for delplan Aust-Noreg fase II. Mellom desse områda er eit 18 km2 stort produktivt område i Trillemarka i Buskerud. Ytterlegare disponering av midlar i Jordfondet for å styrkje skogvernet vil bli vurdert. Regjeringa tek sikte på at om lag halvparten av kapitalen i Jordfondet på sikt skal vere tilgjengeleg for skogvern.

Verneomfanget i Noreg på ca. 1% av produktivt skogareal er internasjonalt sett relativt lite. Sjølv om verneprosentar mellom land ikkje kan samanliknast direkte, bør skogvernet aukast både for å ivareta viktig biologisk mangfald og for å sikre framtidig eksport av norske trebaserte produkt til miljømedvitne marknader.

Regjeringa framhevar i forslaget til strategi for auka skogvern i St.meld. nr. 25 (2002-2003) at det er nødvendig å auke skogvernet i Noreg. For å kunne vidareføre ein offensiv politikk for auka skogvern gjer Regjeringa framlegg om ei løyving på 18 mill. kr, og ei tilsegnsfullmakt på 40 mill. kr, som samla vil gi ei tilsegnsramme knytt til nytt skogvern på 58 mill. kr. Dette gir rom for oppkjøp og vern av område, og midlar til å gjennomføre nye verneprosessar. M.a. vil ein raskt kunne sluttføre verneprosessar for prioriterte område der det var innført meldeplikt fram til 1. august 2003.

Viktige utfordringar i dette arbeidet blir å redusere konfliktnivået, samtidig som ein sikrar god fagleg kvalitet i skogvernet. Pilotprosjektet for frivillig vern i samarbeid med Noregs Skogeigarforbund skal ha høg prioritet. Skogeigarforbundet har så langt komme med forslag til ca. 36 000 dekar skog for vern. Av dette er ca. 20 000 dekar produktiv skog. Det er aktuelt å utvide arbeidet med frivillig vern med fleire prosjekt, m.a. gjennom sluttføring av vern for prioriterte areal i Saugbruksskogane og gjennom å setje i verk eit samarbeidsprosjekt med NORSKOG. Regjeringa legg til grunn at frivillig vern vil kunne bli ein viktig konfliktdempande arbeidsmåte i det framtidige skogvernet.

Også saksbehandlinga for å vurdere vern etter naturvernlova i Trillemarka-Rollag Østfjell skal førast vidare i 2004. Dette området er truleg det største verneverdige skogområdet som er igjen i Sør-Noreg. Det er sett i gang ein grundig saksbehandling for å klargjere både verneverdiar og andre interesser i området, og for å sikre innspel og medverknad frå aktuelle partar. Samarbeidet mellom Direktoratet for naturforvaltning og Statskog SF for å identifisere verneverdige statlege skogareal skal førast vidare.

Vidare arbeid med omlegging av Samla plan for vassdrag til eit meir effektivt styringsverktøy, under dette å byggje opp ein database som gir ei vassdragsvis verdi- og ressursoversikt, vil bli samordna med suppleringa av Verneplan for vassdrag. Ei supplering og ferdigstilling av ordninga med nasjonale laksevassdrag vil bli avklart i samband med dette arbeidet.

Når det gjeld dei store rovdyra blir det lagt vekt på å gjennomføre ei balansert og differensiert forvaltning. SNO har ansvaret for all skadedokumentasjon i heile landet, i tillegg til bestandsregistrering og i einskilde høve også uttak av dyr som gjer skade. I tillegg disponerer ein midlar til førebyggjande tiltak og omstillingstiltak for å avgrense rovviltskadar, og til bestandsovervaking av dei fire store rovdyrartene. I løpet av hausten blir det lagt fram ei eiga stortingsmelding om bevaring av rovdyr i norsk natur. Her vil utviklinga i rovdyrbestandane og erfaringar med verkemiddelbruk etter førre stortingsmelding bli evaluerte. Meldinga vil komme med tilrådingar til målsetjingar innanfor forvaltningsområdet. I 2002 og 1. halvår 2003 er det gjennomført prosessar med utgreiingsarbeid i forskingsmiljøa, og det har vore lagt stor vekt på opne prosessar og stor brukarmedverknad i denne utgreiingsfasen. Mellom anna har ei rådgivingsgruppe knytt til forskingsprosjektet «Rovvilt og Samfunn» lagt fram eit temahefte med fokus på forvaltingskonsekvensar av forskningsresultata, og dei viktigaste resultata har vore presenterte på ein større konferanse med stor deltaking frå brukargruppene. Departementet har òg oppretta ei nettside der alle rapportar og utgreiingar blir presenterte fortløpande, saman med innspel frå organisasjonar og privatpersonar.

Miljødata, geografiske data og kunnskap om biologisk mangfald skal gjerast tilgjengelege for avgjerdstakarar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Internasjonalt blir det arbeidd i ulike fora med problema kring avskoging i tropiske land, og ulovleg og ikkje berekraftig hogst og handel med tropisk tømmer. Det er teke initiativ til eit samarbeid med EU for å vurdere tiltak og verkemiddel. Nasjonalt blir det arbeidd etter eit frivillig spor med bransjar som innfører og nyttar tropisk tømmer, mellom anna forhandlarar av hagemøblar og båtbransjen. Det er vidare bestemt at staten ikkje skal kjøpe inn produkt av tropisk tømmer som anten er ulovleg eller produsert på ein ikkje berekraftig måte. Dette betyr at tropiske tømmerprodukt som blir kjøpte inn av staten må vere sertifiserte gjennom ei godkjent sertifiseringsordning. Noreg har vidare inngått ei avtale med Indonesia om utvikling og handheving av lovverk mot ulovleg hogst, og samarbeider også med indonesiske styresmakter om bevaring av skog i og rundt ein nasjonalpark i Riau-provinsen.

10 Resultatområde 2: Friluftsliv

Definisjon og avgrensing

Arbeidet på dette resultatområdet skal sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Areal for friluftsliv, grunnlaget for jakt og fiske o.l. og natur- og kulturopplevingar ved friluftsliv blir òg tekne vare på gjennom arbeidet på resultatområda 1, 3 og 9. Andre miljøkvalitetar som har innverknad på friluftslivet er ivaretekne gjennom resultatområda 1, 3, 4, 6 og 7. Friluftsliv i polare område er dekt av resultatområde 8.

Strategisk mål

Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 Friluftsliv

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av folket.

1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.

Statistikk om folk si deltaking i friluftsliv, under dette:

Dagsturar og overnattingsturar i naturomgivnader.

Bruk av nærområde i byar og tettstader.

Bærplukking, fritidsfiske og jakt.

2. Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv.

2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark.

Kunnskap om allemannsretten, fjellreglane og sjøvettreglane innan fylte 18 år, i eit utval kommunar (ikkje operativ).

Prosentdelen av barn og unge under 18 år som har delteke i friluftsaktivitetar dei siste 12 månadene.

Talet på medlemmer i ungdomsorganisasjonar dominerte av aktivitetar retta mot natur- og friluftsliv som f.eks. speidarforeiningar og turistforeininga sine ungdomsgrupper (ikkje operativ).

3. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting blir fremja og naturgrunnlaget teke vare på.

3.1. Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for føremålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.

Talet på nye område pr. år.

3.2. Alle viktige friluftslivsområde, (dvs. skjergardsparkar og tilsvarande og viktige (by)marker), skal innan år 2005 inngå i opplegg som gir tilfredsstillande tilretteleggings- og skjøtselsnivå.

Prosentdelen av friluftsområde med slikt forvaltningsopplegg.

3.3. Viltressursar og fiskeressursar i ferskvatn som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

Prosentdelen av område som kan utnyttast (dvs. fiskevatn, fiskeførande elvelengd, jaktterreng o. l.) i eit utval kommunar med sal av kort for fiske og småviltjakt.

4. Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med godt samband til naturområde omkring.

4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30% av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meter avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur.

Prosentdelen slike bygningar med rekreasjonsareal og tilknyting til grønstruktur innan 500 meter.

Statusbeskriving

Stortinget behandla våren 2002 St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv - Ein veg til høgare livskvalitet. Meldinga gir ei brei oversikt over friluftslivet sine verdiar, utbreiing, trendar, mål og tiltak. Hovudarbeidet i 2004 innan friluftsliv vil vere å følgje opp dei tiltaka som ligg i meldinga.

Arbeidsmål 1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.

Landsomfattande undersøkingar om friluftsliv er blitt gjennomførte ei rekkje gonger sidan 1970. I Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking i 2001 vart det gjennomført ei kartlegging av fritidsbruk - deriblant friluftsliv, trenings- og mosjonsaktivitetar. Førebelse analysar synest å dokumentere stor stabilitet i aktivitetsmønsteret innanfor friluftslivet dei ti siste åra, men det er òg teikn på at norsk friluftsliv er i endring. Det er stor og til dels aukande oppslutning om fotturar (81 prosent av dei spurte) og skiturar. Jakt har i lengre tid hatt stabil oppslutning (ca. 10 prosent av dei spurte), mens særleg fiske og til dels bærplukking har hatt ein svakt dalande tendens dei siste 10 åra. Veksten i bruk av sykkel til turformål ser ut til å halde fram. Det er mogeleg å tolke endringane i aktivitetsmønsteret i lys av generelle samfunnsendringar som òg set sitt preg på friluftslivet.

Arbeidsmål 2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark

Det er ingen klare teikn på rekrutteringssvikt blant barn når det gjeld friluftsliv, men hos ungdommen skjer det ei gradvis endring i friluftslivsvanane. «Moderne» aktivitetar som sykling, snøbrett- og laussnøkøyring og fjellklatring blir meir populære. Friluftslivsmeldinga (St.meld. nr. 39 (2000-2001)) legg opp til å styrkje arbeidet overfor barn og barnefamiliar, med særleg fokus på dei som i dag sjeldan eller aldri tek del i friluftsliv og fysiske aktivitetar. Ein generelt negativ tendens er no i ferd med å snu, takka vere medviten og offensiv satsing ved enkelte skular og især frå friluftslivsorganisasjonar si side.

Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen.

Departementet har starta eit samarbeid med Helsedepartementet om felles innsats til fremje av friluftsliv og fysiske aktivitetar blant barn og unge.

Arbeidsmål 3.1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for føremålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.

Fleire viktig område er sikra til friluftsføremål med statleg finansiering det siste året (26 område i 2002). Ein er no oppe i eit samla tal på over 1 900 slike område for heile landet.

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde, og gjer framlegg om å auke løyinga til sikring av friluftsområde med 6 mill. kr. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye «strandperler» tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Dette er òg eit positivt verkemiddel som er konfliktdempande.

Eit treårig strandsoneprosjekt i regi av Direktoratet for naturforvaltning vart avslutta ved utgangen av 2002, slik som føresett ved starten. Det er sett i gang ei evaluering av erfaringane med dette prosjektet, og når denne ligg føre vil det bli teke stilling til eventuell oppfølging. Etter Regjeringa sitt syn bør no hovudvekta av arbeidet innrettast på å sikre fleire område gjennom kjøp og avtaler med eigarane og viser til auken i løyvingane til dette føremålet (kap. 1427 post 30).

Det er innleia eit samarbeid med Stavanger kommune for å sikre viktig grønstruktur som ei oppfølging av St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.

Arbeidsmål 3.2. Alle viktige friluftslivsområde, (dvs. skjergardsparkar og tilsvarande, og viktige (by)marker), skal innan år 2005 inngå i opplegg som gir tilfredsstillande tilretteleggings- og skjøtselsnivå.

Det er utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som m.a. omtaler behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for ein overvegande del av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Skjergardstenesta er no etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland.

Kysten byr på gode høve til naturopplevingar og friluftsliv. Kystlandskapet er særprega og det er mange kulturhistoriske spor som er svært attraktive for friluftslivet. Kjenneteiknet på kystfriluftslivet er aktivitetar som bading, soling, båtliv og fritidsfiske, men her som i innlandet er det likevel fotturar som er den vanlegaste aktiviteten.

Kystleiprosjektet i regi av Den norske turistforeining (DNT), Friluftsrådas Landsforbund (FL) og Forbundet Kysten er eit tiltak for å stimulere til og leggje til rette for eit ikkjemotorisert friluftsliv langs kysten.

Det blir utarbeidd ein «Marka-rettleiar» som eit tilbod til dei kommunane som forvaltar viktige bymarker.

Status for bygging i strandsona er gitt omtale under resultatområde 9 - resultatmål 2 om kommunal arealplanlegging.

Arbeidsmål 3.3. Viltressursar og ressursar av ferskvassfisk som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta.

Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Aktiviteten aukar likevel på dette feltet. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område organiserte og opna for allmenta.

Som eit tiltak for å auke tilgjenget til innlandsfisk vart fiskeavgifta for denne type fiske (unnateke fiske etter anadrom laksefisk) fjerna frå og med 2002. Talet på jegerar som har løyst jegeravgiftskort har stabilisert seg omkring 191 000 personar. I jegerregisteret er det registrert 372 600 personar (mot 363 000 året før).

Arbeid med å betre tilgangen for allmenta til jakt og innlandsfiske vil i aukande grad skje ved at rettshavarane utarbeider driftsplanar for dei vilt- og fiskeressursane som kan haustast, jf. arbeidsmål 4.1 under resultatområde 1.

Arbeidsmål 4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30% av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grønstruktur.

Stortingsmeldinga om friluftsliv foreslår at kartlegging av grønstrukturen blir lagt til grunn i den kommunale planlegginga og forvaltninga, og blir ein premiss for vidare tettstadutvikling. Statistisk sentralbyrå har nyleg utvikla ein metode for å overvake arealstorleikar og tilgjenget til slike nære, grøne lunger. Resultat frå dette arbeidet underbyggjer at dette målet er naudsynt. Tilgangen til slike areal er god på landsbasis, men tilgangen til nærturterreng minkar ved aukande storleik på tettstaden.

Arbeidet med kartlegging og rettleiing blir ført vidare som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv - Ein veg til høgare livskvalitet og St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 94,7 mill. kr. Finansieringa blir i hovudsak dekt av Direktoratet for naturforvaltning si budsjettramme jf. kap. 1427, og delar av kapitla 1425 og 1426. Vidare inneheld delar av Miljøverndepartementet sine budsjettkapittel 1400 og 1410 òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2004. Fylkesmannen har òg oppgåver under resultatområde 2. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene vart frå og med 2001 budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Statlege midlar er med å sikre regionalt og nasjonalt viktige friluftslivsområde. Statlege midlar er òg viktige for å motivere kommunane til å realisere vedtekne planar for å bevare grønstruktur og leggje til rette for friluftsliv, jf. St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder. Løyvingane til sikring av friluftslivområde vart auka i statsbudsjettet for 2003 og blir auka ytterlegare i 2004, jf. forslag i dette budsjettframlegget.

Plan- og bygningslova er det generelle verkemidlet som kommunane har for å utvikle gode område for friluftsliv for alle folkegrupper og interesser.

Staten medverkar dessutan, i samarbeid med kommunane, til finansiering av driftsordningar for dei sikra områda. I kystsona frå Østfold til og med Hordaland er dette samordna gjennom Skjergardstenesta. Statens naturoppsyn arbeider òg med å integrere naturoppsyn i den daglege drifta av skjergardstenesta.

Det blir vidare gitt driftsstøtte til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Friluftsrådas Landsforbund. Dette gjeld m.a. til arbeidet i Forum for natur og friluftsliv som er organisert i alle fylke. Det blir dessutan gitt tilskot til stimuleringstiltak i regi av dei frivillige organisasjonane. Desse midlane vil vere knytte til aktivitetsretta prosjekt med formål å stimulere nye grupper, især barn og unge, til å utøve friluftsliv.

Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar til tilrettelegging for fritidsfiske og jakt.

I tillegg til plan- og bygningslova er friluftslova, laks- og innlandsfisklova og viltlova dei viktigaste juridiske verkemidla. Miljøverndepartementet har gitt ut eit rundskriv om friluftslova med oversikt over kommunane sine oppgåver når det gjeld å fremje allmenta sine friluftsinteresser.

Departementet ønskjer å bruke informasjon/kommunikasjon som eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområde 2 Friluftsliv. Førebuingane til Friluftslivets år 2005 vil ta til i 2004.

11 Resultatområde 3: Kulturminne og kulturmiljø

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet gjennom vern, bruk og verdiskaping. I arbeidet inngår arkeologiske kulturminne på land og under vatn og kulturminne og kulturmiljø som er automatisk freda gjennom vedtak etter kulturminnelova. Sikring og aktiv bruk av kulturhistoriske verdiar og kvalitetar i våre fysiske omgivnader skjer i stor grad gjennom tilfredsstillande forvaltning, gjennom eigarinnsats, kommunalt planarbeid og i arbeidet med by- og tettstadsutviklinga, sjå òg resultatområde 9. Resultatområdet inkluderer òg statlege bygningar, fartøy og enkelte verneverdige kyrkjer som er kulturhistorisk spesielt viktige. I tillegg dekkjer det internasjonalt samarbeid og oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale avtaler for å sikre kulturminne og kulturmiljø. Landskapsarbeidet er i hovudsak dekt av resultatområde 1 og delvis under resultatområde 9. Verknader av luftforureining på kulturminne er dekt av resultatområde 7.

Strategisk mål

Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for oppleving og vidareutvikling av fysiske omgivnader. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv som inspirasjon, kunnskapsressursar og som grunnlag for opplevingar.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Det årlege tapet av kulturminne og kulturmiljø som følgje av fjerning, øydelegging eller forfall skal minimerast, og skal innan år 2008 ikkje overstige 0,5% årleg.

1.1. Styrkje omfang og tilgang til forvaltningsretta kunnskap om kulturminna.

Talet på kommunar med tilgang til kulturminneregister.

Talet på arealbrukande sektorar med tilgang til kulturminneregister.

1.2. I samarbeid med aktuelle partar skal stadene si eigenart og deira kulturhistoriske innhald takast vare på, og estetiske kvalitetar i stadforminga innan kommunal planlegging og byutviklingspolitikk skal leggjast vekt på.

Talet på kommunar med vedteken kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

Talet på kommunar med kulturminnefagleg kompetanse.

Talet på kommunar som nyttar stadsanalyse som planverktøy.

1.3. Oppgåver innan kulturminneområdet skal leggjast til utvalde byar.

Utvalde byar skal vere med i forsøk over 4 år (2004-2008) der dei får meir ansvar og mynde etter kulturminnelova.

Opplærings- og rettleiingstiltak som er sette i verk.

1.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for auka medvit i kommunane om verdien av og høvet til vidare bruk og ombruk.

Talet på verneverdige bygningar som er gitt endra bruk.

1.5. I samarbeid med andre sektorar utvikle verkemiddel (eksisterande og nye) for vern og bruk av kulturminne og kulturmiljø.Talet på statlege sektorar med eigen kulturminnefagleg kompetanse.

2. Det representative utvalet av kulturminne og kulturmiljø skal bevarast i ein tilstand som svarer til 1998-nivå, og freda bygningar og anlegg skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan år 2010.

2.1. I samarbeid med m.a. lokale styresmakter og eigarar leggje til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Prosentdel verneverdige kulturminne som har ordinært vedlikehaldsnivå.

Talet på forvaltningsplanar for freda kulturminne og kulturmiljø.

Formelt vern etablert.

2.2. Følgje opp Noreg sine plikter i forhold til UNESCO sin verdsarvkonvensjon - gjennom forvaltinga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet for områda på verdsarvlista.

Rutinebasert revidering av tilstand på dei norske verdsarvområda er gjennomført og dokumentert.

Nye norske nominasjonar til verdsarvlista sende UNESCO i samsvar med tentativ liste

3. Den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige breidda i varig verna kulturminne og kulturmiljø skal betrast, slik at svakt representerte og manglande hovudgrupper er representerte med fleire objekt innan år 2004 (i forhold til 1998-nivå).

3.1. I samarbeid med aktuelle partar arbeide for at andre sektorar tek større ansvar for kulturminne knytte til eiga verksemd.

Talet på ferdigstilte sektorvise verneplanar.

3.2. Gjennomføre fredingar i samsvar med sektorvise verneplanar.

Talet på fredingar av svakt representerte hovudgrupper.

Talet på fredingar i samsvar med plan.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Styrkje omfang av og tilgang til forvaltningsretta kunnskap om kulturminna.

For å gjere kulturminnedata lettare tilgjengelege og brukarvennlege for m.a. eigarar, rettshavarar, kommunar osv., skal eksisterande kulturminneregister samordnast i ein moderne kartbasert database som vil gi oversikt over alle typar kulturminne. Kulturminnebasen skal bli tilgjengeleg over Internett. Det blir vist til omtale under Verkemiddel.

Arbeidsmål 1.2. I samarbeid med aktuelle partar skal stadene si eigenart og deira kulturhistoriske innhald takast vare på, og estetiske kvalitetar i stadforminga innan kommunal planlegging og byutviklingspolitikk skal leggjast vekt på.

Arbeid med rettleiing og kunnskapsutvikling er i gang, med særleg vekt på å få fram kvalitetar og historiske verdiar i forminga av byar og tettstader. I den samanhengen blir det utvikla prinsipp for bruk, vern, omforming og nybygging i eksisterande kulturmiljø.

Arbeidsmål 1.3. Oppgåver innan kulturminneområdet skal leggjast til utvalde byar.

Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regional og lokalt, blir det i 2004 sett i gang prosjekt med lokal kulturminneforvaltning (differensiert oppgåvefordeling) i byane Bergen, Stavanger og Kristiansand.

Arbeidsmål 1.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for auka medvit i kommunane om verdien av og høvet til vidare bruk og ombruk.

Bygningane i landet med tilhøyrande infrastruktur representerer store samfunnsverdiar. Meir enn 70% av realkapitalen i landet er investert i bygningar og anlegg. På årsbasis er ca. 40% av aktiviteten innanfor bygg- og anleggsverksemda knytt til eksisterande bygningsmasse.

Arbeidsmål 1.5. I samarbeid med andre sektorar utvikle verkemiddel (eksisterande og nye) for vern av kulturminne og kulturmiljø.

Det er jamleg kontakt med sektorar som driv verksemd som kan ha særleg effekt på kulturminna. Siktemålet er å få dei til å ta auka sektoransvar og påverke utforminga av eksisterande og nye verkemiddel.

Arbeidsmål 2.1. I samarbeid med m.a. lokale styresmakter og eigarar leggje til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Analysar viser at den tekniske tilstanden for dei fleste kulturminne og kulturmiljø framleis ikkje er god nok. Riksantikvaren utviklar eit system for registrering og overvaking av vedlikehaldstilstanden for freda bygningar og anlegg som grunnlag for fylkeskommunane sitt vernearbeid. Systemet vil kunne medverke til meir systematisk innsats for å betre tilstanden.

Arbeidsmål 2.2. Følgje opp Noreg sine plikter i forhold til UNESCO sin verdsarvkonvensjon - gjennom forvaltninga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet i områda på verdsarvlista.

Det er fire norske verdsarvområde; Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Røros Bergstad og bergkunsten i Alta. UNESCO sine retningslinjer fastset at det skal rapporterast om verdsarvområda sin tilstand og utviklinga deira kvart 6. år. Alle dei fire områda er blitt evaluerte, og det blir arbeidd med å følgje opp evalueringane. Den nordiske verdsarvstiftinga (Nordic World Heritage Foundation - NWHF) som vart etablert i 2002, har som føremål å styrkje arbeidet med UNESCO-konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv.

Arbeidsmål 3.1. I samarbeid med aktuelle partar arbeide for at andre sektorar tek større ansvar for kulturminne knytt til eiga verksemd.

Sektorstyresmaktene har ansvaret for å setje i stand og halde ved like kulturminne i offentleg eige, og for at deira eiga verksemd tek godt nok omsyn til eksisterande kulturminne og kulturmiljø. Regjeringa arbeider for at omsynet til kulturminneverdiane får ein større plass i sektorstyresmaktene si utforming av politikken på ei rekkje område.

Arbeidsmål 3.2. Gjennomføre fredingar i samsvar med sektorvise verneplanar.

Arbeidet med å følgje opp landsverneplanane for Forsvaret og for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne vil bli ført vidare. Jernbaneverket sin verneplan er framleis under utarbeiding. NVE har satt i gang arbeid med ein verneplan for kraftstasjonar.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 232,4 mill. kr i 2004-budsjettet. Finansieringa er i hovudsak dekt av Riksantikvaren si budsjettramme, jf. kap. 1429, men òg kapitla 1400 og 1410 inneheld budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2004.

I tillegg kjem avkastninga frå Norsk kulturminnefond som i 2004 er på i alt 13 mill. kr. Desse midlane skal nyttast til tilskot til ulike kulturminnetiltak. Styret for Kulturminnefondet gjer vedtak om tildeling av midlar innanfor ramma av gjeldande vedtekter og føresegner. Grunnideen for fondet er å få til eit maksimalt samspel mellom offentlege og private midlar. Føresetnaden er at fondsmidlane skal løyse ut midlar frå privatpersonar, næringsliv og andre. På den måten skal fondet gi synergieffektar og løyse ut meirinnsats. Det er eit mål at Kulturminnefondet skal føre til meir fleksible og effektive samarbeidsformer mellom offentleg og privat sektor og byggje opp under ein styrkt verneinnsats.

Kulturminne og kulturmiljø gir høve til auka verdiskaping, både direkte og indirekte. Gode døme på dette er stavkyrkjene som genererer store reiselivsinntekter i fleire kommunar. Vidare har mange av fyra i landet fått ein ny funksjon som ferie- og reisemål. Kulturminne er såleis viktige ressursar for lokalsamfunna og regionane og har stor betydning for næringsutvikling på staden. Stader med godt bevarte kulturminne og ei særeigen historie og identitet kan ha konkurransefortrinn med omsyn til reiseliv og anna næringsverksemd, og det kan medverke til å oppretthalde busetjing og arbeidsplassar lokalt og regionalt. Regjeringa vil leggje til rette for at kulturminna kan bli ein ressurs for lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Det er sett i gang arbeid med å få fram gode døme på måtar å nytte kulturminna i dette utviklingsarbeidet. Kulturminnefondet som Regjeringa har oppretta blir ein viktig reiskap for å sikre utvikling og verdiskaping basert på kulturminneressursane. Fondet skal ha ei rolle som pådrivar for å stimulere og utløyse prosjekt med potensiale for verdiskaping.

Dei økonomiske verkemidla på kulturminnefeltet skal medverke til å ta vare på den historiske kulturarven vår. Midlane skal i første rekkje nyttast til dei nasjonalt viktige kulturminna: freda kulturminne frå mellomalderen og frå nyare tid, og viktige satsingar som kystkultur og verdsarvområda. Regjeringa legg vekt på at tilskotsmidla skal gå til konkrete tiltak på kulturminna.

Dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa av nasjonal verdi skal sikrast gjennom freding etter kulturminnelova. Lokal deltaking er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå resultatmåla i resultatområde 3. Forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø skjer i dag i stor grad innanfor rammene av plan- og bygningslova. Det er derfor viktig å få fram opplysningar tidleg i planarbeidet for å unngå dyre og tidkrevjande prosessar. Kulturminnebasen som no blir utvikla, er eit moderne IT-basert planleggingsverktøy for informasjon om kulturminne og kulturmiljø og for overvaking av tilstand og rapportering om miljøstatus. Basen vil medverke til å førebyggje konfliktar og lette og effektivisere arbeidet med plansaker for offentlege og private aktørar.

Internasjonalt samarbeid om bevaring av kulturminne og kulturmiljø skjer gjennom nordiske fora, i norsk-russisk samarbeid, innan Europarådet, gjennom EØS-samarbeidet og innanfor UNESCO, mellom anna gjennom Den nordiske verdsarvstiftinga (Nordic World Heritage Foundation) i Oslo. Stiftinga skal støtte gjennomføringa av UNESCO sin verdsarvkonvensjon (World Heritage Convention) av 1972 og vere med å utvikle modellar for berekraftig forvaltning av kulturminne, jf. arbeidsmål 2.3. Riksantikvaren er fagsenter for kulturminneforvaltning i bistandsarbeidet og skal i samarbeid med NORAD syte for at kulturminneinteressene blir tekne vare på i norske bistandsprosjekt. Ein viser elles til omtale under resultatområde 8.

Noreg har som første land i Europa ratifisert Den europeiske landskapskonvensjonen. Landskapskonvensjonen gir grunnlag for å få fram meir kunnskap om landskap og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet og kan medverke til utviklinga av eit betre grunnlag for å ta avgjerder. Informasjon og kommunikasjon er viktige strategiske verkemiddel for å nå måla under resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø.

12 Resultatområde 4: Overgjødsling og oljeforureining

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av partiklar, næringssalt (nitrogen og fosfor) og olje til vassførekomstane. Kravstilling til privat og kommunal beredskap mot akutt forureining frå olje og kjemikaliar er òg dekt av dette resultatområdet, mens ansvaret for staten sin eigen operative beredskap vart overført til Fiskeridepartementet frå 01.01.03. Utsleppa av næringssalt og partiklar kjem i hovudsak frå kommunale avløp, landbruk, fiskeoppdrett og industri, og kan føre til skadar på økosystemet i form av nedslamming og overgjødsling. Utsleppa av olje kjem frå landbasert verksemd, skipsfart og petroleumsverksemd, og kan skade organismar og økosystem i havet, på sjøbotnen, i strandsona og i jordsmonnet. Resultatområdet omfattar internasjonalt havmiljøarbeid, slik som oppfølging av m.a. Nordsjø-deklarasjonane, OSPAR-konvensjonen, London-konvensjonen og konvensjonar innan den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO), så vel som relevante EU-direktiv.

Strategisk mål

Det skal sikrast ein vasskvalitet i ferskvatn og marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei nasjonale resultatmåla og miljøvernforvaltninga sine eigne sektorvise arbeidsmål og miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar innanfor resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining.

Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Utsleppa av næringssalta fosfor og nitrogen til eutrofipåverka delar av Nordsjøen skal vere redusert med om lag 50% innan 2005 rekna frå 1985.

1.1 Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med forslag til ny avløpsforskrift.

Talet på anlegg med gjennomført primær, sekundær og tertiær reinsing blir vurdert mot talet på anlegg som skal ha dei ulike reinsetypane.

2. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje medføre uakseptabel helse- eller miljøskade. Risikoen for miljøskade og andre ulemper som følgje av akutt forureining skal liggje på eit akseptabelt nivå.

2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleums-verksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp).

Mengd utslepp av olje i vatn frå petroleumsverksemda.

Talet på og mengd akutte utslepp av olje frå petroleumsverksemd, skip og landbaserte utslepp.

2.2. Innan 2006 skal det etablerast ordningar som sikrar at utsleppskrav til skipsfarten blir overhaldne i samarbeid med relevante sektorstyresmakter.

Talet på mottaksordningar for avfall frå skip.

Talet på og mengd oppdaga ulovlege utslepp av olje frå skip.

2.3. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Talet på godkjende private og kommunale beredskapsplanar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med forslag til ny avløpsforskrift.

Forslag til ny forskrift om utslepp frå avløpsanlegg er ute på høyring. Forskriftsforslaget opphever fem eksisterande forskrifter. Forskriftsforslaget er m.a. basert på EU sitt avløpsdirektiv. Kommunane er tidlegare blitt oppmoda om å setje i gang førebuingar til å gjennomføre tiltak i tråd med direktivet så raskt som mogleg, slik at dei er budde på krava som vil bli stilte i den nye forskrifta. I samband med dette er det viktig at kommunar som ønskjer unntak frå sekundærreinsekravet set i gang nødvendige resipientundersøkingar. Dette vil klargjere kva reinsegrad dei ulike anlegga må oppfylle.

Arbeidsmål 2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal stansast eller minimerast innan 2005 (nullutslepp).

Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er produsert vatn. Det vart i 2002 registrert utslepp på til saman 2 572 tonn olje saman med det produserte vatnet frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemda. Dette er ein svak nedgang frå året før. Dei føregåande åra har det vore ein årleg auke på ca. 10% i slike utslepp. Til samanlikning vart det i 2002 sleppt ut i underkant av 100 tonn olje gjennom akutte utslepp frå petroleumsverksemda. I 2002 var dei totale operasjonelle utsleppa av offshorekjemikaliar på 176 332 tonn. Delen miljøfarlege kjemikaliar som blir nytta og sleppte ut er monaleg redusert dei siste åra. I 2002 vart det registrert utslepp av ca. 87 tonn miljøfarlege stoff, hovudsakleg naturleg førekommande miljøfarlege stoff i produsert vatn.

Arbeidsmål 2.2. Innan 2006 skal det etablerast ordningar som sikrar at utsleppskrav til skipsfarten blir overhaldne i samarbeid med relevante sektorstyresmakter.

Det er dei ulovlege utsleppa frå skipsfarten som utgjer hovudutfordringane. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonen sitt vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip. Gjennom Kystverket sitt system for overvaking vart det identifisert ca. 95 ulovlege utslepp frå skip i år 2002, mot 57 i 2001. I mengd er utsleppa rekna til å vere i underkant av 142 m3 olje i 2002, mot 235 m3 i 2001. Ein reknar elles med monalege mørketal for ulovlege utslepp frå skip.

Gjennomføringa i eiga forskrift av EU-direktivet om mottaksanlegg i hamner for avfall og lasterestar frå skip pålegg alle hamner å ha tilstrekkeleg mottakskapasitet for avfall frå skip. Når denne forskrifta trer i kraft, vil det vere grunnlag for å talfeste talet på mottaksanlegg og behandlingskapasiteten deira.

Arbeidsmål 2.3. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.

Regjeringa har frå 1. januar 2003 overført ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining frå Miljøverndepartementet/SFT til Fiskeridepartementet. Ansvaret for det førebyggjande arbeidet, aksjonar og opprydning etter forureiningsulykker er dermed samla i eitt departement, med Kystverket som utøvande etat. Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse før leite- og produksjonsverksemd startar. På landsida har ca. 70 bedrifter godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2002 vart det registert 174 akutte utslepp frå landbaserte bedrifter.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 40,7 mill. kr over Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2004. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyn si budsjettramme, jf. kap. 1441, men òg kap. 1400 og 1410 inneheld budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2004. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Gjennom lov om kommunale vass- og kloakkavgifter, med tilhøyrande forskrift, er kommunen gitt høve til å dekkje sine kostnader på avløpssektoren gjennom gebyr. Miljøverndepartementet fører eit overordna tilsyn med korleis denne ordninga fungerer og behov for eventuelle endringar.

For å sikre ei meir heilskapleg, økosystembasert havforvaltning, har Regjeringa starta eit arbeid med sikte på å etablere heilskaplege forvaltningsplanar for alle norske havområde, jf. St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav. Som eit første steg vil Miljøverndepartementet i samarbeid med andre aktuelle departement utvikle ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanen vil etablere miljøkvalitetsmål og rammer for påverknad i dei enkelte delane av Barentshavet, og på den måten gi føringar for kva slag krav som må stillast til verksemd i dei ulike delane av havområdet. Planen skal baserast på utgreiingar av konsekvensar av petroleumsverksemd, fiskeri og sjøtransport, som er under utarbeiding av respektive Olje- og energidepartementet og Fiskeridepartementet. I tillegg er Miljøverndepartementet i ferd med å gjennomføre ei utgreiing av konsekvensar for Barentshavet av ytre påverknader, slik som klimaendringar og langtransporterte forureiningar. Utgreiinga om petroleumsverksemda blir ferdig hausten 2003, mens dei andre utgreiingane vil bli ferdige i 2004. I ferskvatn og dei kystnære områda legg St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav opp til ei forvaltning etter EU sitt rammedirektiv for vatn. Direktivet sett som mål at ein skal oppnå såkalla god tilstand i vassførekomstane innan 2015 og krev at ein innan 2009 gjennomfører ein samordna planleggingsprosess for korleis måla skal nås. Som eit grunnlag for planleggingsarbeidet skal ein i løpet av 2004 gjennomføre eit karakteriseringsarbeid der ein kartlegg tilstanden og negative påverkingar i vassførekomstane. I Innst. S. nr. 9 (2002-2003) ber Stortinget energi- og miljøkomité Regjeringa orientere om arbeidet med rammedirektivet for vatn og eventuelt vurdere behovet for å føye til ytterlegare middel for å sikre implementeringa av dette direktivet. Gjennomføringa av direktivet skjer i fellesskap mellom Miljøverndepartementet, Olje- og energidepartementet, Fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet og Helsedepartementet. I dei næraste åra vil rammedirektivet krevje ekstra ressursinnsats m.a. når det gjeld krav til kartlegging, overvaking, utgreiing, samordning, rapportering og utarbeiding av forvaltningsplanar. Fram mot år 2005 er behovet for ressursar til implementeringa i hovudsak knytt til arbeidet med å konkretisere tilstanden i norske vassførekomster. Karakteriseringa er viktig for å kunne fastsetje tiltaka for å gi vassførekomstane tilfredsstillande kvalitet i samsvar med rammedirektivet. Arbeidet inneber m.a. å beskrive ulike typar vassførekomster, vurdere tilstanden i dei ulike typane førekomstar ut frå data om vasskvalitet og påverkingar (forureiningar og fysiske inngrep), og utføre ein vassbruksanalyse. Arbeidet vil gjennomførast i samarbeid mellom etatar under departementa nemnd ovafor. Av etatar underlagd Miljøverndepartementet vil arbeidet særleg krevje ressursar i Statens forureiningstilsyn, som koordinerer bidraga frå miljøvernforvaltninga. For å sikre at Statens forureiningstilsyn har tilstrekkeleg ressursar til arbeidet ble bevillinga deira til dette arbeidet styrka med 2,6 mill. kr i 2003 og Regjeringa foreslår å auke bevillinga til arbeidet med ytterlegare 2 mill. kr i 2004 jf. kap. 1441 post 01. Det er framleis vanskeleg å vurdere omfanget av meir langsiktige kostnader knytt til planlegging og gjennomføringa av tiltak som blir utløyste av direktivet. Miljøverndepartementet og dei aktuelle departementa vil komme tilbake til dette i budsjettproposisjonar i åra framover. Innan kommunal avløpssektor og fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve/pålegg om reinsing, i medhald av forureiningslova, og bruk av forureiningsgebyr for å sikre gjennomføring av pålegga. Avrenning frå landbruket er regulert av miljøvernstyresmaktene, m.a. gjennom forskrifter om husdyrgjødsel, bakkeplanering og silopressaft.

Den som driv verksemd som kan medføre akutt forureining skal i medhald av forureiningslova ha ein tilfredsstillande beredskap. Den offentlege beredskapen (kommunal og statleg) er derfor i prinsippet eit supplement til den private beredskapen. Beredskapen for petroleumsverksemda er basert på miljøvernstyresmaktene sitt felles regelverk med tryggleiksstyresmaktene (Oljedirektoratet og Statens helsetilsyn). Internkontroll, som òg omfattar beredskap, er gjennomført hos alle operatørselskap. Operasjonelle utslepp til sjø frå petroleumsverksemda er regulert gjennom forureiningslova, mens sjødugleikslova regulerer utslepp frå skip. I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav er det slått fast at Regjeringa vil sikre at målet om nullutslepp av miljøfarlege stoff til havs blir realisert. I St.meld. nr 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand er målet presisert, og det er beskrive tiltak for å nå det innan 2005. Det må leggjast vekt på å utvikle teknologi for å hindre eller redusere utslepp av produsert vatn. På oppdrag frå SFT har operatørselskapa utgreidd ein strategi med tiltaksplan for nullutslepp av miljøfarlege stoff for kvar enkelt installasjon. Tiltaka omfattar både utslepp frå boring/brønnoperasjonar, produksjon og rørleidningar. Sommaren 2003 leverte operatørselskapa ein omfattande rapport om status for utslepp, og om gjennomførte og planlagde tiltak for å nå målet om nullutslepp.

Det er brei semje om at kunnskapsgrunnlaget om moglege langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda ikkje er godt nok. På denne bakgrunnen har Regjeringa i samarbeid med industrien sett i gang eit forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd på langtidseffektar av utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda.

Miljøvernstyresmaktene arbeider vidare for å nyttiggjere seg data frå satellittovervaking av havområda i den langsiktige miljøovervakinga.

13 Resultatområde 5: Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk og utslepp av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn nasjonalt. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølginga av Stockholm-konvensjonen, Rotterdam-konvensjonen, miljøgiftprotokollar under FN sin økonomiske kommisjon for Europa (ECE) og kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og FN sitt miljøprogram UNEP. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale luftforureiningar er dekte under resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.

Strategisk mål

Utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Konsentrasjonane av dei farlegaste kjemikaliane i miljøet skal bringast ned mot bakgrunnsnivået for naturleg førekommande stoff, og tilnærma null for menneskeskapte sambindingar.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 13.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Nasjonale resultatmål:

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål:

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar:

1. Utslepp av enkelte miljøgifter (jf. prioritetslista og kriteria i tabell 14.2) skal stansast eller reduserast vesentleg innan år 2000, 2005 og 2010.

1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista eller kriteria, for dei bruksområda som fell innanfor ansvarsområdet til miljøvernforvaltninga, og i samsvar med fristane i det nasjonale målet.

Indeks for utslepp av kjemikaliar på prioritetslista vekta etter fare for helse og miljø.

2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det mål å stanse utsleppa innan ein generasjon (25 år, dvs. ca. 2020).

2.1. Målet skal operasjonaliserast nærare gjennom m.a. internasjonalt arbeid.

Talet på stoff på OSPAR si prioritetsliste.

3. Risikoen for at utslepp og bruk av kjemikaliar blir årsak til skade på helse og miljø skal reduserast vesentleg.

3.1. Sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikaliane og bruksområda som fell innanfor ansvarsområdet til miljøvernforvaltninga.

Utvikling i bruk av:

- utvalde stoff/stoffgrupper (vurderte etter fare for helse og miljø) på OBS-lista

- farlege kjemikaliar fordelte på ulike bransjar (alle fareklassar eller CMR-stoff)

- utvalde produkttypar.

4. Forureina grunn, vatn og sediment som skriv seg frå verksemd i tidlegare tider, feildisponering av avfall og liknande, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

4.1. Miljøvernstyresmaktene skal syte for at dei som har ansvar for forureina grunn og forureina sediment, sikrar at forureininga som skriv seg frå tidlegare verksemd ikkje medfører fare for spreiing av alvorleg forureining eller helseskade.

For tilstand:

- areal med kosthaldsråd i norske fjordar

- samla areal med «alvorleg» forureina grunn i Noreg

- talet på kilometer vassdrag som er alvorleg påverka av avrenning frå nedlagde gruver.

For påverknad:

- talet på grunnforureiningslokalitetar der det er konstatert eller mistanke om at det lek ut forureining.

(Nøkkeltala på feltet er til vurdering.)

1 Miljøvernstyresmaktene har ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på miljøet generelt. I tillegg har miljøvernstyresmaktene ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på helsa til forbrukarane, mens påverknad på helsa til arbeidstakarane er arbeidsstyresmaktene sitt ansvar. Miljøvernstyresmaktene sitt ansvar er vidare avgrensa i forhold til kjemikaliane sine bruksområde. Eksempel på bruksområde som fell utanfor miljøvernstyresmaktene sitt ansvarsområde er plantevernmiddel, legemiddel, veterinærprodukt, kosmetikk, næringsmiddel og ei rekkje bekjempingsmiddel. Endeleg er ansvaret òg avgrensa i forhold til enkelte eigenskapar ved kjemikaliar. Brann- og eksplosjonsfare knytt til kjemikaliar fell utanfor miljøvernstyresmaktene sitt ansvarsområde.

Tabell 13.2 Liste over prioriterte kjemikaliar som er omfatta av det nasjonale resultatmål 1 (Prioritetslista)

Skal reduserast vesentleg innan 2000 og blir freista stansa innan 2005:

Skal reduserast vesentleg, seinast innan 2010:

Skal reduserast vesentleg innan 2010 også dersom stoffa oppfyller eit av kriteria under:

Høgklorerte, kortkjeda parafinar

PCB

Pentaklorfenol

Nonylfenol og nonylfenoletoksilat*

Oktylfenol og oktylfenoletoksilat*

Enkelte tensid

* skal stansast innan 2000

Bromerte flammehemmarar

1,2 Dikloretan (EDC)

Dioksin og furan

Heksaklorbenzen

Klorerte alkyl benzen (KAB)

Muskxylen

Tetrakloreten (PER)

Triklorbenzen

Trikloreten (TRI)

PAH

Tributyltinnsambindingar

Trifenyltinnsambindingar

Bly

Kadmium

Koppar

Kvikksølv

Krom

  1. Stoff som vanskeleg let seg nedbryte, hopar seg opp i levande organismar og som

    1. har alvorlege langtidsverknader for helse, eller

    2. er svært giftige i miljøet.

  2. Stoff som svært vanskeleg let seg nedbryte og som svært lett hopar seg opp i levande organismar (utan krav til kjende giftigverknader)

  3. Stoff som

    1. blir gjenfunne i næringskjeda (f.eks. i morsmjølk) i nivå som kan representere ein helse- eller miljørisiko, eller

    2. gir tilsvarande grunn til bekymring slik som hormonforstyrrande stoff og tungmetall

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista eller kriteria, for dei bruksområda som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde, og i samsvar med fristane i det nasjonale målet.

Arbeidsmål 1 omfattar miljøgifter som utgjer særlege helse- og miljøproblem i Noreg. I følgje målet skal utsleppa av stoffa på den første delen av lista vere vesentleg reduserte innan 2000 i forhold til nivået i 1995, og målet er å stanse dei heilt innan 2005. Utsleppa av dei andre miljøgiftene på lista skal reduserast vesentleg innan 2010.

I St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand vart det foreslått å utvide resultatmål 1 for å sikre at det rettar seg mot dei farlege miljøgiftene. Dette vart gjort ved å inkludere konkrete kriterium for helse- og miljøfare i målet.

Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Utsleppa av miljøgiftene på den første delen av lista er vesentleg reduserte, og målet om at utslepp av oktyl- og nonylfenol og etoksilata deira skulle vere stansa innan år 2000 vart etter miljøvernstyresmaktene sitt syn oppfylt så langt som mogleg. Utsleppa av miljøgiftene på den andre delen av lista er òg reduserte, men det er naudsynt med ytterlegare tiltak for å nå målet om vesentleg reduksjon for alle stoffa på lista innan 2010.

Arbeidsmål 2.1. Målet skal operasjonaliserast nærare gjennom m.a. internasjonalt arbeid.

Målet inneber at utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal stansast innan ein generasjon (25 år frå 1995 då målet vart vedteke, dvs. innan 2020). Stoffa som er omfatta av generasjonsmålet er dei som er rekna som miljøgifter. Målet er nedfelt i miljøgiftstrategien i OSPAR. Innan OSPAR er rundt 400 stoff identifiserte som moglege miljøgifter, og av desse er 45 stoff prioriterte for tiltak. Eit liknande mål har òg blitt vedteke i det nye EU-direktivet om vassressursar, og målet er dermed omfatta av EØS-regelverket. Reduserte utslepp av stoff omfatta av resultatmål 1 og stoff omfatta av internasjonale konvensjonar og plikter medverkar til at vi kjem nærare dette målet.

Arbeidsmål 3.1. Sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikalia og bruksområda som fell innanfor ansvarsområdet til miljøvernforvaltninga.

Arbeidsmålet er retta mot det meir generelle arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar. Målet inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer faren for helse- og miljøskade til eit minimum. Bruksomfanget av kjemikaliar som er klassifiserte som helse- eller miljøfarlege er ein indikasjon på utviklinga av risiko knytt til bruk og utslepp av kjemikaliar. Bruksomfanget av slike kjemikaliar er ikkje vesentleg endra frå 1999 til 2001. Se elles omtale i St. meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Arbeidsmål 4.1. Miljøvernstyresmaktene skal syte for at dei som har ansvar for forureina grunn og forureina sediment sikrar at forureining som skriv seg frå tidlegare verksemd ikkje medfører fare for spreiing av alvorleg forureining eller helseskade.

I St.prp. nr. 1 (1999-2000) og St.meld. nr. 8 (1999-2000) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand vart det utførleg gjort greie for dei resultata som var oppnådde i arbeidet med forureina grunn, og samtidig trekt opp ein strategi for å forsterke og målrette arbeidet på dette området. Omtale av strategien og status i arbeidet med forureina grunn er vidare presentert i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav vart det gitt ein brei presentasjon av arbeidet med forureina sediment, og trekt opp ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment. Det er sett i gang aktivitetar på alle satsingsområda i strategien. Arbeidet med fylkesvise tiltaksplanar har starta for dei 29 prioriterte områda der det skal vere utarbeidd planar innan 2005. Det er teke initiativ til opprydding i fire høgrisikoområde med spreiingsfare. SFT starta i februar 2003 arbeidet med å framskaffe eit oversyn over stader der det kan vere forureining i grunnen og/eller sjøbotnen som følgje av nedlagte eller eksisterande skipsverft. I 2004 vil det bli laga eit tilsvarande oversyn over småbåthamner. Det vil i haust bli oppretta eit nasjonalt råd for forureina sediment, med brei deltaking frå m.a. næringsliv, forskingsmiljø, miljøvernorganisasjonar og aktuelle partar. Det er sett i gang fem pilotprosjekt som skal skaffe erfaring med konkret oppryddingsarbeid, og som blir fullførte i perioden 2003-2005. Ein rettleiar for arbeidet med å rydde opp i forureina sediment er under utarbeiding. Utover dette går det føre seg viktige forskings- og overvakingsaktivitetar på feltet.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 151,1 mill. kr. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyn sitt budsjett kap. 1441 og kapitla 1400, og 1410. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 5. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett. Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), Lov om kontroll med produkt og forbrukartenester, og forskrifter gitt i medhald av desse er dei sentrale juridiske styringsverktøya på kjemikalieområdet. Nye reguleringar og initiativ på kjemikalieområdet er omtalte i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Internasjonalt arbeid er spesielt viktig då ei stor mengd av dei helse- og miljøfarlege kjemikaliane som blir tilført miljøet i Noreg stammar frå utslepp i andre land, og blir ført til Noreg via luft- og havstraumar. I tillegg blir det innført ei rekkje kjemikaliar via produkt som er produserte utanfor Noreg. Utviklinga av det nye kjemikalieregelverk i EU (REACH) har spesielt stor innverknad for Noreg fordi regelverket vil vere ein del av EØS-avtala. Regjeringa vil medverke til å utvikle eit godt nytt europeisk kjemikalieregelverk gjennom dei fora Noreg deltek i, og Noreg skal medverke til effektiv gjennomføring og utviding av regionale og globale avtaler og konvensjonar på kjemikalieområdet.

Produktregisteret er eit landsdekkjande register for farlege kjemikaliar og stoffblandingar som blir produserte i og importerte til Noreg. Produktregisteret arbeider med å leggje til rette for elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar. I denne samanhengen vil ein òg betre tilrettelegginga av offentleg informasjon for allmenta.

Verkemiddel for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er presenterte i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og i St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav. Det viktigaste verkemidlet for å få rydda opp er pålegg etter forureiningslova.

Utgangspunkt for arbeidet med forureina grunn og forureina sediment er at forureinar skal betale. Midlar over Miljøverndepartementet sitt budsjett (kap. 1441, post 39 Oppryddingsmidlar, sjå postomtalen) er i første rekkje avsette til undersøkingar eller opprydding der ein ansvarleg ikkje finst, der det ikkje er rimeleg at ansvarleg blir pålagt å dekkje kostnadene fullt ut, eller der forureiningsstyresmakta må forskottere utgiftene for å få løyst miljøproblema raskt. I tillegg blir midlar nytta til kunnskapsoppbygging eller liknande, og til å syte for nødvendige tilstandsdata på området. Løyvinga er auka med ca. 42% frå 2002 til 2003, og blir trappa opp ytterlegare i 2004, slik at auken i alt blir på ca. 70%. I tillegg er bestillingsfullmakta styrkt monaleg i perioden.

Ei rekkje lokalitetar med forureina grunn representerer ikkje noko problem med den bruken som er i dag av aktuelle areal og resipientar, men må vurderast i samband med aktuelle byggje- og gravesaker. For slike saker er det no utarbeidd eit forslag til ny forskrift med sjølvberande krav til tiltakshavar, mellom anna krav til utarbeiding av plan for å unngå spreiing av forureininga før og etter tiltaket. Det er teke sikte på at forskrifta blir vedteken innan utgangen av 2003.

14 Resultatområde 6: Avfall og gjenvinning

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. farleg avfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet, og å medverke til mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Resultatområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall, eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv mv. Både fiskeavfall som blir dumpa til sjøs og lausmassar, stein og grus er omfatta av avfallsomgrepet, men dei er ikkje årsak til vesentlege ulemper når det gjeld forureining.

For omtale og status på avfallsområdet viser ein til St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Strategisk mål

Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast ved å løyse avfallsproblema gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og som blir gjenvunne, brent eller deponert.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sitt arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 14.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6: Avfall og gjenvinning

Nasjonale (resultat)mål:

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål:

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar:

1. Utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

1.1. Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengdene blir vesentlig lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir riktig prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling1).

Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

2. Basert på at mengd avfall til sluttbehandling skal reduserast i tråd med kva som er eit fornuftig nivå av omsyn til samfunnsøkonomi og miljø, er det teke sikte på at mengda avfall til sluttbehandling innan 2010 skal vere om lag 25% av generert avfallsmengd.

2.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til sluttbehandling skal vere maksimalt 25% av generert avfallsmengd pr. år innan 2020, gjennom forvaltning av Forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv1).

Den delen av totalt generert mengd avfall som går til sluttbehandling.

3. Praktisk talt alt spesialavfall skal takast forsvarleg hand om, og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

3.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt spesialavfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av Forureiningslova og forskrift om spesialavfall.

Mengd spesialavfall med ukjend disponering.

Mengd spesialavfall som blir eksportert til sluttbehandling.

Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i monaleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og omvendt.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengd blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir riktig prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling.1

Miljøvernforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer genereringa av avfall, men strengare krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å stimulere til avfallsreduksjon. Statistikken frå dei seinare åra viser at dei totale avfallsmengdene aukar mindre enn BNP, i tråd med målsetjinga.

Som eit ledd i arbeidet med å fremje avfallsreduksjon nedsette Miljøverndepartementet eit utval med representantar frå næringsliv, kommunar, organisasjonar, forbrukarar og forsking som skulle gi råd om verkemiddel og forslag til tiltak for å redusere avfallsmengdene. Innstillinga frå utvalet vart lagt fram hausten 2002 (NOU 2002: 19 Avfallsforebygging). Utgreiinga blir vurdert for å klargjere i kva grad innhaldet er eigna i vidare politikkutforming.

Arbeidsmål 2.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til sluttbehandling skal vere maksimalt 25% av generert avfallsmengd pr. år innan 2020, gjennom forvaltning av Forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv.

Sluttbehandlingsavgifta set strenge krav til sluttbehandling og medverkar til å styre avfallsstraumane i ønskt retning. Særskilte retur- og produsentansvarsordningar for enkelte avfallstypar, m.a. EE-avfall (elektrisk og elektronisk avfall), bilvrak og emballasje, legg i tillegg til rette for ei stadig aukande grad av gjenvinning.

Delen avfall som gjekk til sluttbehandling i 2000 var 37%. Denne delen har gått gradvis ned frå 43% i 1995, noko som inneber at avfall til gjenvinning har auka frå 57% til 63% i same perioden. Denne utviklinga har skjedd i ein periode då den totale avfallsmengda samtidig har auka med om lag 15%. Det er auka materialgjenvinning som står for den største veksten, men også energigjenvinninga har auka.

Arbeidsmål 3.1. Miljøvernforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt spesialavfall blir tatt forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av Forureiningslova og forskrift om spesialavfall.

Det fortløpande arbeidet i miljøvernforvaltninga med regulering og tilsyn med alle som handterer farleg avfall er viktig for å sikre ei høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av farleg avfall. Særskilde returordningar medverkar òg til høge tal for gjenvinning, for eksempel EE-avfall og isolerglasvindauge som inneheld PCB.

Det oppstod om lag 684 000 tonn farleg avfall i 2001, tilsvarande 150 kilo pr. innbyggjar. Dette er 34 000 tonn eller 5% meir enn i 1999. Til trass for auka mengder har delen farleg avfall til ukjent handtering gått ned med 17 000 tonn til 45 000 tonn i same perioden.

Verkemiddel

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; lover og forskrifter, avgifter, tilskotsordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Resultatområdet er planlagt finansiert med 393,2 mill. kr, som blir løyvd over kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, kap. 1400 Miljøverndepartementet, og i noko grad over kap. 1410 Miljøforsking. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 6. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Forskrift om kasserte køyretøy trådde i kraft i juli 2002 og inneber at produsentar og importørar av køyretøy gradvis tek over ansvaret for handtering av kasserte køyretøy fram mot 2007. Innan den tid vil ein vurdere om det er behov for å vidareføre den statlege ordninga eller om det er aktuelt med alternative system for å sikre innlevering av bilvrak.

Dagens vrakpantordning omfattar kjøretøy med ei totalvekt mindre enn 3 500 kg. Det er ved fleire høve reist spørsmål om ikkje også tyngre køyretøy burde bli ein del av ordninga. Miljøverndepartementet gav i 2002 SFT i oppdrag å vurdere miljøproblema knytte til tyngre køyretøy og eventuelt behov for nye verkemiddel. I følgje SFT si vurdering utgjer ikkje handteringa av utrangerte, tyngre kjøretøy eit vesentleg miljøproblem. Eventuelle problemstillingar let seg venteleg løysast gjennom bruk av forureiningslova og den nye forskrifta om kasserte køyretøy. Forskrifta stiller spesifikke krav til miljømessig behandling av alle køyretøy før opphogging, også tyngre køyretøy. Regjeringa vurderer det derfor som ikkje nødvendig å innføre særskilte krav når det gjeld tyngre køyretøy.

Innsamling og gjenvinning av brukt smøreolje (spillolje) blir stimulert gjennom ei avgift på smøreolje med tilhøyrande avgiftsrefusjon ved innlevering av spillolje til godkjent innsamlar. Refusjonsordninga vart i 2000 utvida til også å omfatte spillolje som ikkje stammar frå avgiftspliktig smøreolje, men framleis med unntak for spillolje som stammar frå skip i utanriksfart. Sjå nærare omtale av refusjonsordninga under kap. 1441, post 76. For nærare omtale av avgifta viser ein til St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte, avgifts- og tollvedtak frå Finansdepartementet.

Over kap. 1400, post 73 Tilskot til kompetanseoppbygging og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, blir det gitt driftstilskot til ulike verksemder, jf. postomtalen.

Avgift på sluttbehandling av avfall

Avgifta på sluttbehandling av avfall vart innført 1. januar 1999. Avgifta skal prise miljøkostnadene ved sluttbehandling av avfall og stimulere til auka gjenvinning og reduserte avfallsmengder. I Budsjett-innst. S. nr. 1 (2000-2001) bad finanskomiteen Regjeringa vurdere korleis sluttbehandlingsavgifta kan endrast slik at den i større grad enn i dag stimulerer til energigjenvinning og samsvarer med miljøkostnadene som er knytte til sluttbehandling av avfall for alle anlegg. Som oppfølging av dette la Regjeringa fram forslag til endra avgiftsregime i samband med Statsbudsjettet for 2003.

Avgift på deponering av avfall vart vedteken endra med ei differensiering avhengig av miljøstandarden på deponia, med ein høg sats på 427 kroner pr. tonn og ein låg sats på 327 kroner pr. tonn. Endringa trådde i kraft 1. juli 2003.

På forbrenning av avfall består avgifta i dag av ei grunnavgift på 80 kroner pr. tonn og ei tilleggsavgift på 240 kroner pr. tonn. Tilleggsavgifta blir redusert etter graden av energiutnytting i det enkelte forbrenningsanlegget. Ordninga vart i Statsbudsjettet for 2003 vedteken endra til ei avgift på utsleppa til luft og ei tilskotsordning (kap. 1441, post 78) for å stimulere til auka avfallsbasert energiproduksjon. Tilskotsordninga er omfatta av EU sitt regelverk om offentleg støtte og er derfor blitt notifisert til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). Grunna spørsmål frå ESA om tilskotsordninga, og dermed manglande godkjenning, vart omlegginga av avgifta på forbrenning av avfall med tilhøyrande tilskotsordning utsett til 1. januar 2004, jf. vedtaket i samband med Revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2003. Den tonnbaserte avgiftsordninga på forbrenningsanlegga er dermed vidareført.

Regjeringa har lagt til grunn at iverksetjinga av utsleppsavgifta på forbrenningsanlegg føreset at det samtidig blir etablert ei tilskotsordning for energiutnytting som er godkjent av ESA, jf. St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettetmed regnet folketrygden 2003. ESA har likevel enno ikkje teke endeleg stilling til tilskotsordninga, men har stilt ytterlegare spørsmål om utforminga av den. Spørsmåla frå ESA er av ein slik karakter at det blir vurdert som usikkert om godkjenning vil bli gitt. Parallelt med å svare på spørsmåla frå ESA med sikte på å få avklart den foreslåtte tilskotsordninga, ser Regjeringa derfor behov for å vurdere alternativ til ordninga.

Regjeringa legg til grunn at utsleppsavgifta for forbrenningsanlegga med tilhøyrande tilskotsordning blir sett i verk 1. juli 2004 dersom ESA gir si godkjenning. Dersom tilskotsordninga ikkje blir godkjend, vil Regjeringa komme tilbake med forslag til eit alternativ til den foreslåtte tilskotsordninga i samband med RNB 2004. Regjeringa foreslår derfor at dagens tonnbaserte avgift blir ført vidare til 1. juli 2004.

Saka er også omtalt i St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Innsamling og ombruk eller gjenvinning av emballasje for drikkevarer blir stimulert gjennom ei miljøavgift som blir redusert i takt med aukande returdel. I tillegg er det ei grunnavgift på eingongsemballasje til drikkevarer for å stimulere til ombruk. Innsamling og gjenvinning av anna emballasje er regulert gjennom frivillige avtaler med næringslivet. Desse avtalene vart fornya i år og dei ambisiøse krava til gjenvinning vart vidareførte.

Dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet er lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), og forskrifter gitt i medhald av den.

Anlegg for sluttbehandling av avfall er konsesjonspliktige, og det er stilt strenge krav til reinsing av utslepp frå deponi og forbrenningsanlegg. I 2002 vart det fastsett ei forskrift med nye krav knytt til deponering av avfall, mens nye krav til forbrenning av avfall vart fastsette gjennom ny forskrift i 2003.

15 Resultatområde 7: Klimaendringar, luftforureining og støy

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

  • Klimaendringar

  • Nedbryting av ozonlaget

  • Langtransporterte luftforureiningar

  • Lokal luftkvalitet

  • Støy

15.1 Klimaendringar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O). Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen.

Strategiske mål

Konsentrasjonen av klimagassar skal stabiliserast på eit nivå som vil hindre farleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet i tråd med artikkel 2 i Klimakonvensjonen.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltinga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 15.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Klimaendringar

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnads-effektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.

Status for dei internasjonale forhandlingane og landa si oppfølging av avtalene.

Tilstrekkeleg ratifikasjon for at Kyotoprotokollen skal kunne tre i kraft.

Ferdigstilling og implementering av regelverket for Kyotoprotokollen.

Ferdigstilling og implementering av regelverk for Kyoto- mekanismar.

Førebuing av forhandlingar om nye forpliktingar etter 2012.

2. Noreg skal overhalde forpliktinga i Kyotoprotokollen om at utsleppa av klimagassar i perioden 2008-2012 i gjennomsnitt ikkje skal vere meir enn 1 % høgare enn i 1990.

2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg.

Utvikling i nasjonale utslepp av klimagassar. Styrken i bruken av verkemiddel overfor klimagassar. Utviklinga og gjennomføringa av kvotesystem og andre verkemiddel.

2.2. Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.

Omfang av utnytting av lokale og nye fornybare energikjelder.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og kostnadseffektive instrument for å redusere utslepp og auke opptaket av klimagassar.

Noreg ratifiserte Kyotoprotokollen i 2002. Protokollen trer i kraft når minst 55 partar har ratifisert den, blant desse industriland som stod for minst 55% av dei samla CO2-utsleppa frå industrilanda i 1990. Sidan USA ikkje vil ratifisere, avheng i praksis iverksetjinga av russisk ratifikasjon. I 2003 har arbeidet internasjonalt m.a. vore knytt til oppfylling av forpliktingar under Klimakonvensjonen og praktisk tilrettelegging for iverksetjing av Kyotoprotokollen. Ein har vidare fokusert på operasjonalisering av den grøne utviklingsmekanismen (CDM) og ferdigstilling av CDM-regelverket for opptak av CO2 i skog.

Regjeringa vil at Noreg framleis skal vere ein aktiv deltakar i internasjonalt klimasamarbeid, m.a. i arbeidet med å utvikle vidare Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og klimaeffektive instrument for å avgrense utsleppa og auke opptaket av klimagassar. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at norsk industri og næringsliv skal kunne delta aktivt i internasjonalt klimasamarbeid, m.a. gjennom bruk av Kyoto-mekanismane.

Regjeringa vil òg arbeide for at førebuingar til forhandlingar om internasjonale forpliktingar for åra etter 2012 (etter perioden med forpliktingar under Kyotoprotokollen) kjem i gang så snart som mogleg. Under den åttande Partskonferansen under Klimakonvensjonen i november 2002 viste det seg vanskeleg å få i gang førebuande diskusjonar om nye forpliktingar etter 2012. Ein må vere budd på at dette òg vil vere stoda under den niande Partskonferansen i Milano i desember 2003.

Arbeidsmål 2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg.

Utsleppa av klimagassar i 2002 var om lag 55 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette er 2,5% lågare enn året før, og 5% høgare enn utsleppa i 1990. Klimagassutsleppa i Noreg er i dag venta å auke i åra framover . I 2002 la Regjeringa fram St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikk. I tilleggsmeldinga legg Regjeringa opp til ein heilskapleg bruk av verkemiddel for å sikre at Noreg oppfyller sine forpliktingar under Kyotoprotokollen. Regjeringa arbeider vidare med oppfølginga av tiltaka som er skisserte i tilleggsmeldinga, inkludert tilrettelegging for bruk av Kyoto-mekanismane.

Arbeidsmål 2.2. Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.

Utslepp av CO2 frå stasjonær forbrenning svarer til 18,1 millionar tonn i 2001. Regjeringa har som mål å gjere norsk energiproduksjon og energiforbruk mest mogleg robust og miljøvennleg, gjennom m.a. aktiv bruk av Energifondet og Enova SF. Ei viktig målsetjing er dessutan at avfall i langt større grad enn i dag skal erstatte bruk av fossilt brensel.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 7, underområda klimaendringar, nedbryting av ozonlaget og langtransporterte luftforureiningar blir dekt over kap. 1400, kap. 1410, kap. 1441 og kap. 1471. CO2-avgifta som vart innført i 1991, vil framleis vere hovudverkemidlet i Noreg inntil eit breitt nasjonalt kvotesystem er på plass. CO2-avgifta dekkjer om lag 64% av CO2-utsleppa og om lag 47% av dei samla utsleppa av klimagassar. Ein viser til Finansdepartementet sin avgiftsproposisjon for ei nærare oversikt over satsane for CO2-avgifta.

Regjeringa foreslo i tilleggsmeldinga til klimameldinga å etablere eit nasjonalt kvotesystem frå 2005 for utsleppskjelder som i dag ikkje er pålagt CO2-avgift, samstundes som CO2-avgifta blir ført vidare. EU vedtok i juli 2003 eit direktiv om kvotehandel for klimagassutslepp. Regjeringa vil leggje fram ei eiga sak om kvotesystemet. Den endelege utforminga av enkeltelementa i dette systemet vil bli sett i lys av EU-direktivet og utforminga vil skje i nær dialog med industrien. Denne dialogen er allereie godt i gang.

Miljøverndepartementet har inngått ei avtale med elektrobransjen om reduserte utslepp av SF6. Frå 1. januar 2003 er det innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK. Det blir vist til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. I samsvar med oppmoding frå stortingsfleirtalet i samband med behandling av statsbudsjettet for 2003, blir det innført ei refusjonsordning i tilknyting til avgifta. Denne blir heimla i forskrift for brukt HFK/PFK. Se også omtale under kapittel 1441 post 76. Som ledd i klimapolitikken vil Regjeringa medverke til auka bruk av nye fornybare energikjelder. Enova SF skal medverke til å oppfylle nasjonale energi- og miljømål, og spelar gjennom sine tilskotsordningar ei sentral rolle i arbeidet med å auke bruken av ny fornybar energi. Regjeringa legg i tillegg opp til at avfall i langt større grad enn i dag skal erstatte bruk av fossilt brensel. I samband med framlegging av statsbudsjettet for 2003, foreslo Regjeringa å gjennomføre ei omlegging av avgifta på sluttbehandling av avfall frå 1. juli 2003. Fordi prosessen med notifisering til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har synt seg å ta meir tid enn venta, er størstedelen av omlegginga no utsett til 1. juli 2004. Det er gjort nærare greie for dette under Resultatområde 6 (Avfall og gjenvinning), postomtalen under kap. 1441, post 78 (del 3) og i avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Dei nordiske energi- og miljøministrane har vedteke å etablere eit prøveprosjekt for Austersjø-regionen for utprøving av Kyoto-mekanismane for å skaffe nærare erfaring med slikt prosjektsamarbeid. Prøveprosjektet trådde i kraft i 2003.

Regjeringa har styrkt og fokusert den klimavitskaplege forskinga i Noreg på område av spesiell verdi for Noreg. Satsinga er retta mot forskingsmiljø på eit høgt fagleg nivå, som gjennom kvalitet og val av fordjupingsområde kan få fram resultat av spesiell verdi for problemforståing og politikkutforming, både nasjonalt og internasjonalt. Spesielt er forskinga rundt den regionale klimautviklinga styrkt, med fokus m.a. på den arktiske forskinga og utviklinga av strategiar for tilpassing. Regjeringa vil gjennom tiltak knytte til forsking, informasjon og oppbygging av kompetanse aktivt medverke til å byggje opp beredskap, og leggje til rette for nødvendige samfunnsvise tilpassingar i ulike sektorar for å avgrense skadar og tap som er venta å ville komme på grunn av klimaendringar. Hovudvekta av denne klimaforskinga blir frå 2004 samla i eit stort klimaforskingsprogram, NORKLIMA.

Regjeringa vil leggje vekt på å spreie oppdatert informasjon om klimapolitikken og utviklinga i dei internasjonale klimaforhandlingane. Den faglege informasjonen om klimaspørsmål og prosjekt skjer gjennom SFT og andre direktorat. I tillegg blir det gitt støtte til CICERO, Senter for klimaforsking, for å styrkje informasjonsarbeidet på klimaområdet.

Regjeringa vil også utarbeide ein strategi for korleis Noreg kan tilpasse seg moglege klimaendringar.

15.2 Nedbryting av ozonlaget

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, m.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Montrealprotokollen.

Strategiske mål

All produksjon og forbruk av ozonreduserande stoff skal stansast i tråd med Montrealprotokollen.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 15.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Nedbryting av ozonlaget

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

3.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff.

Status i det internasjonale arbeidet:

- talet på land som har ratifisert og følgjer opp dei ulike endringane av protokollen

- landa si oppfølging av sine forpliktingar.

4. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK).

4.1. Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK.

Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

5. Forbruket av metylbromid skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2005.

5.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av metylbromid.

6. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2010.1

6.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU.

Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

1 Målet er skjerpa som følgje av at Norge har gjennomført EU si forordning av 2000 om stoffer som bryt ned ozonlaget.

Statusbeskriving

Arbeidsmåla 3.1. - 6.1. Leie det norske arbeidet med å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff og forbruket av desse.

Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og gjennomført EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) 2037/2002), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen. Dette siste skjedde ved at Miljøverndepartementet vedtok forskrift av 20. desember 2002 om ozonreduserande stoff. For metylbromid er EU sine delmål at bruken skal reduserast med 75% i høve til 1991-nivå innan 1. januar 2003 og 100% innan 1. januar 2005. Bruken av HKFK skal reduserast med 70% i høve til eit nytt basisnivå (som er lik HKFK-bruken i 1989 pluss 2% av KFK-bruken i 1989) innan 1. januar 2004, 75% innan 1. januar 2008 og 100% innan 1. januar 2010.

Noreg ligg godt an til å nå utfasingsmåla for ozonreduserenda stoff både under Montrealprotokollen og den nye EU-forordninga. Noreg har ingen produksjon av ozonreduserenda stoff. Det blir i dag gitt løyve til import av avgrensa mengder metylbromid og HKFK. I tillegg blir det importert små mengder KFK, teraklormetan (karbontetraklorid) og 1,1,1-trikloretan (metylkloroform) til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen.

Noreg har i mange år lege i forkant av dei internasjonale føresegnene når det gjeld reduksjon i forbruket av dei ozonreduserande stoffa. Målt i ozonreduserande effekt er norsk forbruk av ozonreduserande stoff redusert med meir enn 98% i perioden 1986 til 2002. I 2002 var bruken av HKFK redusert til 47,5% under EU sitt krav.

Verkemiddel

Finansiering av resultatområde 7, underområde nedbryting av ozonlaget, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441.

Bakgrunnen for dei gode reduksjonsresultata for ozonreduserande stoff i Noreg er at det er teke i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som har virka styringseffektivt. Forskrifter, informasjon, frivillige tiltak og samarbeid mellom styresmaktene og bransjane har stått sentralt. Alle dei ozonreduserande stoffa i Montrealprotokollen er no regulerte gjennom forskrifter. Som ledd i gjennomføringa av EU-forordninga, måtte Noreg skjerpe delar av regelverket om ozonreduserande stoff. I samanheng med dette nytta Miljøverndepartementet høvet til å samle regelverket om ozonreduserande stoff, slik at talet på forskrifter kunne reduserast frå sju til ei. For brukarane av regelverket representerer derfor den nye forskrifta av 20. desember 2002 ei forenkling.

I samband med reduksjonen av forskriftene under forureiningslova - frå 40 til 2 - er det også foreslått å leggje ozonforskrifta under den nye produktforskrifta. Forslaget til reduksjon av forskrifter er no ute på høyring.

Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll av at føresegnene blir etterlevde, overvaking av miljøsituasjonen og oppfølging av dei endringane i Montrealprotokollen som vart vedtekne hausten 1997. Noreg har sett i verk ei ordning med lisensiering for import og eksport av ozonreduserande stoff slik dei nye krava i Montrealprotokollen la opp til frå 1. januar 2000.

15.3 Langtransporterte luftforureiningar

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. I tillegg omfattar det arbeidet med å betre miljøtilstanden, som f.eks. kalking. Meir enn 90% av nedfallet av svovel og nitrogenoksid i Noreg kjem frå andre land. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Konvensjonen om langtransporterte grensekryssande luftforureiningar.

Strategiske mål

Utsleppa av svovel, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk skal reduserast, slik at påverknaden av naturen blir halden innanfor kritiske belastningsgrenser (naturen si tolegrense), og slik at mennesket si helse og miljøet ikkje tek skade, i tråd med artikkel 2 i Gøteborgprotokollen.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 15.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Langtransporterte luftforureiningar 1

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar.

Del av økosystem i respektive Noreg og heile avtaleområdet som er verna mot overskriding av tolegrenser for forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling.

8. Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2-utsleppa) skal maksimalt vere 22 000 tonn f.o.m. 2010.

8.1.-11.1 Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2, NOx, VOC og NH3

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

9. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn f.o.m. 2010. Fram til 2010 skal dei årlege utsleppa ikkje vere større enn nivået i 1987.

9.1. Sjå ovanfor.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

10. Dei samla årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal snarast mogleg reduserast til nivået frå 1988, og f.o.m. 2010 skal dei årlege utsleppa av VOC maksimalt vere 195 000 tonn.

Dei årlege utsleppa av VOC frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal snarast mogleg reduserast med 30 prosent i høve til nivået i 1989.

10.1. Sjå ovanfor.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

11. Utsleppa av ammoniakk (NH3-utsleppa) skal maksimalt vere 23 000 tonn f.o.m. 2010, som svarer til utsleppsnivået i 1990.

11.1. Sjå ovanfor.

Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar.

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. I 1999 vart det vedteke ein ny protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. 31 statar har underteikna protokollen, mens fem partar så langt har ratifisert den. Noreg ratifiserte protokollen 30.01.02. Det er venta at protokollen vil tre i kraft i 2004.

Protokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Pliktene for Noreg i høve til den nye protokollen er reflekterte i dei nasjonale måla. Frå 1985 og fram til i dag har område med forsuringsskadar i Noreg blitt reduserte med meir enn 30%. Med den nye protokollen vil område med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli reduserte med ytterlegare 50-60%. Likevel vil tolegrensene vere overskridne på ca. 7-8% av arealet i Noreg i 2010. Gøteborgprotokollen inneheld ei føresegn om at partane eitt år etter at protokollen trer i kraft skal vurdere m.a. om forpliktingane er tilstrekkelege til å nå dei langsiktige måla om at forureiningane ikkje skal overstige naturen si tolegrense for forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Det faglege arbeidet som skal danne grunnlag for revisjon av protokollen har allereie starta. Dette arbeidet omfattar m.a. etterprøving av at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei forventa miljøeffektane. Det omfattar òg overvaking, undersøkingar og analysar som grunnlag for moglege nye protokollar. Det er ved revisjon av Gøteborgprotokollen òg aktuelt å regulere landa sine utslepp av partiklar som medverkar til helseproblem.

Arbeidsmåla 8.1.-11.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2, NOx, VOC og NH3.

Det er i følgje framskrivingane av utsleppa av svoveldioksid (SO2 ) rekna med at utsleppa utan nye miljøtiltak vil vere om lag 29 000 tonn i 2010. Utsleppa var i 2002 24 800 tonn (førebels tal). Noreg vil med dette overhalde den internasjonale plikta for SO2 frå 1994. For å overhalde plikta i Gøteborgprotokollen innan 2010 må Noreg redusere utsleppa av SO2 med 11% i høve til 2002.

På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen har Miljøverndepartementet og Prosessindustriens Landsforening inngått ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Då avtala vart inngått forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO2 med minimum 5 000 tonn. Prosessindustrien skal vidare leggje fram konkrete forslag til korleis ein slik utsleppsreduksjon kan gjennomførast, og samtidig leggje fram forslag til korleis ein samla reduksjon på 7 000 tonn kan gjennomførast på ein måte som er kostnadseffektiv for Noreg. Utslepp frå den enkelte verksemda vil bli regulerte i konsesjon frå SFT. Stortinget vedtok på denne bakgrunnen å fjerne avgifta for utslepp av SO2 frå bruk av kol og koks og frå raffineria frå 1.1.2002.

Framskrivingar viser at utsleppa av NOx kan ventast reduserte med 17% i perioden 2000-2010. Utsleppa av NOx i 2002 var 214 000 tonn (førebels tal). Dette er 15 600 tonn under gjeldande internasjonale krav. For å overhalde kravet i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av NOx med 27% i høve til 2002. For NOx-utsleppa er bruken av verkemiddel i dag utforma med utgangspunkt i St.meld. nr. 41 (1994-95) Om Norges politikk mot klimaendringer og utslipp av nitrogenoksider (NOx). Utsleppa av NOx frå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er gjort strengare i tråd med utviklinga av EU sitt regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy etter utsleppa av m.a. NOx. Låg-NOx-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Sjøfartsorganisasjonen i FN, IMO, har vedteke regelverk som set krav til NOx-utslepp frå skip som er bygde eller oppgraderte 1. januar 2000 eller seinare. Dei største utfordringane er knytte til å redusere utsleppa av NOx frå sjøfart og fiske utover det som følgjer av dei krava som allereie er fastsette.

Dei samla norske utsleppa av VOC auka med 28% frå 1990 til 2001. Frå 2001 til 2002 vart utsleppa reduserte med 11%. Dette varslar ein ny trend med reduksjon i utsleppa. I 2002 tilsvara utsleppa av VOC 334 400 tonn (førebels tal). Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 er 248 000 tonn. For å etterleve forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av VOC med 42% i høve til 2002.

For å redusere utsleppa ned til eit nivå som er innanfor det vi har forplikta oss til internasjonalt, blir utslepp av VOC frå lasting av olje på sokkelen no regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennom forskrifter gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar og eit direktiv om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg. Dei gjeldande VOC-krava, som skulle ha vore innfridde i 1999, ligg ein an til å greie først i 2005 og 2006, gjennom krav til utsleppsreduksjonar ved lasting og lagring av råolje på sokkelen. Desse krava er venta å føre til at Noreg oppfyller VOC-krava i Gøteborgprotokollen òg.

Utsleppa av ammoniakk i Noreg har auka med om lag 9% i perioden 1990-2001. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite fram mot 2010 utan nye tiltak. For å overhalde krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av ammoniakk med 7% i høve til 2001. Meir enn 90% av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Derfor må utsleppsreduksjonane gjennomførast i denne sektoren.

Verkemiddel

Finansiering av arbeidet under resultatområde 7, underområde langtransportert luftforureining, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap. 1441.

Regjeringa vil føre vidare den aktive medverknaden frå Noreg si side i det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet omfattar mellom anna etterprøving av at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei venta miljøeffektane, og overvaking, undersøkingar og analysar som grunnlag for moglege nye protokollar. Dei nasjonale overvakingsprogramma, forskingsprogram under Noregs forskingsråd, og Miljøverndepartementet sitt program «Naturen sine tolegrenser», er sentrale for å leggje grunnlag for nye avtaler om langtransportert luftforureining.

Noreg er gjennom EU-direktivet om integrert forureiningskontroll (IPPC-direktivet) pålagt å stille krav til bruk av dei beste tilgjengelege teknikkane når det gjeld utslepp av m.a. SO2, NOx, VOC og frå store energi- og industrianlegg, både på land og på sokkelen. Gjennomføringa av direktivet vil vere viktig for å overhalde Noreg sine plikter under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining.

Miljøstyresmaktene tek, så langt m.a. forureiningslova gir høve til det, sikte på å utforme utsleppsløyve slik at det blir mogleg for industrien å oppfylle reduksjonskravet ved å gå saman om å setje i verk felles tiltak som reduserer utsleppa der industrien finn det mest tenleg.

Det blir no arbeidd med ein heilskapleg gjennomgang av bruken av verkemiddel for å oppfylle krava til reduksjonar av utslepp i Gøteborg-protokollen. Regjeringa vil komme attende med eventuelle endringar i bruken av verkemiddel.

15.4 Lokal luftforureining

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere helseskadelege utslepp av dei stoffa som gir redusert luftkvalitet lokalt. Hovudkjeldene til slike utslepp er vegtrafikk og vedfyring, men andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Strategiske mål

Lokale problem med luftforureining skal førebyggjast og reduserast slik at ein tek omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 15.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Lokal luftkvalitet

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

12. Gjennomsnittleg døgnkonsentrasjon av svevestøv (PM10) skal innan 2005 ikkje overskride 50 mg/m3 meir enn 25 dagar pr. år og innan 2010 ikkje meir enn 7 dagar pr. år.

12.1.-15.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff og fyringsolje.

Utslepp av svevestøv (PM10), nitrogendioksid (NO2), svoveldioksid (SO2) og benzen frå store stasjonære kjelder.

13. Gjennomsnittleg timekonsentrasjon av nitrogendioksid (NO2) skal innan 2010 ikkje overskride 150 mg/m3 meir enn 8 timar pr. år.

14. Gjennomsnittleg døgnkonsentrasjon av svoveldioksid (SO2) skal innan 2005 ikkje overskride 90 mg/m3.

15. Gjennomsnittleg årskonsentrasjon av benzen skal innan 2010 ikkje overskride 2 mg/m3 som bybakgrunnsverdi.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 12.1.-15.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og betre miljøkvalitet på drivstoff og fyringsolje.

Lokal luftforureining er framleis eit problem i fleire av dei største byane i Noreg, sjølv om utviklinga dei siste ti åra viser ei monaleg betring. Utrekningar viser at i Oslo vart i 2001 rundt 200 000 menneske utsette for konsentrasjonar som var høgare enn dei nasjonale måla. Endå fleire vart utsette for forureining som kan gi helseverknader for spesielt utsette grupper. Det må setjast i verk ytterlegare tiltak for å nå dei nasjonale måla for svevestøv for 2005 og 2010. Det synest òg nødvendig med ytterlegare tiltak for å nå målet for 2010 for nitrogendioksid. Konsentrasjonen av svoveldioksid og benzen i by- og tettstadsluft vil truleg vere innanfor dei nasjonale måla i respektive 2005 og 2010.

Vegtrafikk er den dominerande kjelda til lokal luftforureining. For NO2-konsentrasjonar i byar og langs vegar er eksosgassar frå vegtrafikk hovudkjelda. Likevel er utsleppa av NOx frå vegtrafikk redusert med 37 prosent frå 1990 til 2001 som følgje av innførte avgasskrav. Vegtrafikken er òg ein hovudbidragsytar til partikkelforureining gjennom eksosgassar og vegslitasje, men her kan vedfyring òg vere ei vesentlig kjelde. Gjennom nye krav til utslepp frå tunge køyretøy, kvaliteten på drivstoff og redusert piggdekkbruk er utsleppa av svevestøv frå vegtrafikken blitt reduserte.

Fyring med ved er fleire stader ei vesentleg kjelde til luftforureininga (svevestøv), spesielt på kalde dagar om vinteren. Dette gjeld spesielt dei minste partiklane. Utslepp frå vedfyring auka med 6 prosent frå 1990 til 2001. Utsleppsveksten hadde vore høgare dersom ikkje stadig fleire skifter ut gamle forureinande omnar med nyare og meir miljøvennlege omnar.

Utslepp frå store, stasjonære kjelder fører i dag til enkelte overskridingar av dei nasjonale resultatmåla.

Verkemiddel

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med lokal luftkvalitet, og blir dekte under kap. 1441 og 1410. Resultat frå miljøovervaking blir nytta vidare i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og i dose-respons-samanhengar. Budsjettmidla blir òg nytta til å utvikle verktøy og metodar.

Forskrift om lokal luftkvalitet av 4. oktober 2002 er ei gjennomføring av tre EU-direktiv som set grenseverdiar for konsentrasjonane av svevestøv, svoveldioksid, nitrogendioksid, bly, benzen og karbonmonoksid. Forskrifta set òg krav til målingar, utrekningar, tiltaksutgreiingar og rapportering. Eit EU-direktiv som stiller krav til måling av bakkenær ozon blir vurdert implementert i same forskrift. I tilknyting til forskrift om lokal luftkvalitet følgjer det òg ein rettleiar. Gjennom forskrift om kvaliteten på bensin og autodiesel til bruk i motorvogner av 22. mars 2000 implementerer Noreg EU-direktiv på området. Eit nytt endringsdirektiv stiller strengare krav til bensin og autodiesel frå 2005. Desse krava vil bli implementerte i norsk rett.

Plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel i samband med lokal luftforureining, fordi den kan nyttast til å påverke lokaliseringa av utsleppskjeldene, og til å regulere utnyttinga av omkringliggjande areal. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ.

15.5 Støy

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Sentralt står òg arbeidet med å fremje stille som miljøkvalitet. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.

Strategisk mål

Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 15.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Støy

Nasjonale resultatmål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

16. Støyplaga skal reduserast med 25% innan 2010 i forhold til 1999.

16.1. Miljøvern-styresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy, gjennom m.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.

Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 16.1. Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy, gjennom m.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.

Støy er eitt av dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar personar er utsette for støy nær bustaden sin. Eit fleirtal av desse opplever å vere plaga av støyen, og rundt 1/2 million personar er sterkt eller mykje plaga. Støy frå samferdsel utgjer til saman rundt 80% av støyplaga, og vegtrafikk åleine står for over 70%. Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innanfor sin samfunnssektor og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå måla er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå trafikken.

Industristøy er den nest største kjelda til støyplage (ca. 13% av samla støyplage). Støyplagene frå skytebaner og motorsport er vesentleg mindre. Støy frå produkt kan òg vere plagsam, men denne støyen er sett på som liten og svært vanskeleg å kartleggje. Miljøvernstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt, og spesielt frå dei ulike kjeldene der miljøvernstyresmaktene sjølve har verkemiddel.

Verkemiddel

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekte over kap. 1441, 1400 og 1410. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 7. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett. Miljøovervaking er innhenting av tal over utslepp og andre miljødata og blir nytta m.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Budsjettmidlane blir vidare nytta til å skaffe fram eller betre datagrunnlag og modellar for å følgje opp støyutslepp og støyplage. Også i tida framover vil både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar vere sentrale for å kunne utvikle vidare den nasjonale støymodellen for utrekning og oppfølging av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar medverkar vidare til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning.

Forskrift om grenseverdiar for støy av 4. oktober 2002 set krav til gjennomføring av utbetringstiltak innan januar 2005 i dei områda som er mest utsette for støy. Støy frå m.a. industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om m.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.

Plan- og bygningslova er, gjennom ein fornuftig arealbruk, det viktigaste verkemidlet for å førebyggje støyproblem. Plansystemet blir nytta til å bestemme lokaliseringa av støykjelder, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Retningslinjer for respektive vegtrafikkstøy (blir òg nytta for tog), skytebaner og arealbruk i flystøysoner gitt i medhald av lova skal leggjast til grunn for planlegginga. Planretningslinjene for støy er under revisjon og er planlagt sende på høyring hausten 2003. EU vedtok 25. juni 2002 eit rammedirektiv for utandørs støy. Fokus er i første rekkje på kartlegging, informasjon og etablering av felles måleeining og målemetodar for støy. Rammedirektivet stipulerer òg at Europakommisjonen i løpet av 4 år skal ha utarbeidd forslag til reduksjon av støy frå dei viktigaste kjeldene - veg og køyretøy, jernbaner og -materiell, fly, utandørs maskiner og industriutstyr og mobile maskiner.

16 Resultatområde 8: Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda

Resultatområdet omfattar følgjande underområde:

  • Internasjonalt miljøvernsamarbeid

  • Miljøvern i polarområda

  • Radioaktiv forureining

16.1 Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Definisjon og avgrensing

Til resultatområdet høyrer å ta vare på norske interesser innanfor det generelle internasjonale miljøvernsamarbeidet, og arbeidet med miljø- og utviklingsproblem innanfor organisasjonar knytte til FN-systemet, særleg UNEP og Kommisjonen for berekraftig utvikling, og innanfor Nordisk Ministerråd, EFTA/EØS, OECD, ECE og Verdas handelsorganisasjon (WTO). Internasjonalt arbeid retta mot dei enkelte miljøutfordringane er dekt under dei andre resultatområda. Resultatområdet omfattar vidare bilateralt miljøvernsamarbeid med u-land.

Strategiske mål

Internasjonalt miljøvernsamarbeid skal medverke til å skape kontroll over globale miljøproblem, redusere miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land, sikre ei berekraftig utvikling og betring av miljøtilstanden i nærområda våre og i u-landa, og sikre at internasjonale avtaler og regelverk gir rammevilkår som ikkje svekkjer den nasjonale miljøvernpolitikken.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 16.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Internasjonalt miljøvernsamarbeid

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Samarbeidet i Norden, i Noreg sine nærområde og i den arktiske regionen skal medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminneverdiane i desse områda og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse og næringsverksemd i Noreg.

1.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlings-programmet for det nordiske miljøsamarbeidet 2001-2004.

Talet på målsetjingar i handlingsplanen som er oppfylte.

Talet på aktivitetar i miljøhandlingsplanen som er sette i gang/gjennomførte.

Utarbeide indikatorsett vedrørande strategien for berekraftig utvikling.

2. Noreg skal arbeide aktivt for at EU/EØS-regelverket har eit høgt vernenivå på miljøområdet og medverke til ei berekraftig utvikling.

2.1. Påverke utforminga av EU sin politikk basert på ein brei nasjonal prosess og sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

Talet på gjennomførte/ innlemma rettsakter innanfor overvakingsorganet (ESA) sine fristar, jf. ESA si resultattavle.

3. Noreg skal arbeide for at rammevilkåra for handel innanfor WTO medverkar til ei berekraftig utvikling.

3.1. Arbeide for at miljøkonsekvensar blir analyserte og miljøomsyn integrerte i forhandlingane i WTO og i regelverka.

Status i norske posisjonar i WTO-forhandlingane.

Status i det internasjonale arbeidet med handel og miljø i WTO, OECD og UNEP.

4. Globale og regionale samarbeidsorgan skal utviklast til effektive reiskap for berekraftig utvikling, for å oppnå globale og regionale miljømål og for effektiv oppfølging av internasjonale miljø-konvensjonar.

4.1. Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling.

4.2. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa, innan UNECE med særlig vekt på «Miljø for Europa»-prosessen, under dette oppfølging av EECCA-strategien (Eastern Europa, Caucasus and Central Asia).

4.3. Medverke, gjennom det norske formannskapet, i Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD), til at CSD blir vitalisert og til at målsetjingane frå Johannesburg-toppmøtet knytte til vatn, sanitær og busetnad blir sette ut i livet.

4.4. Arbeide for å oppgradere UNEP, m.a. ved å få til vedtak om å opprette ein global kvikksølvmekanisme, og å styrkje vitskapskapasiteten til UNEP. Føre vidare arbeidet med å integrere omsynet til klima, biodiversitet og miljøgifter i den ordinære verksemda i dei multilaterale organisasjonane.

Status for miljøkomiteen sitt arbeid når det gjeld miljøstrategien i OECD.

Status i arbeidet med miljøstrategien for EECCA-landa.

Auke talet ministrar (innafor ulike sektorar) som deltek på CSD-sesjonane.

Positivt vedtak på UNEP sin spesialsesjon i mars 2004 om å opprette ein eigen vitskapsmekanisme.

Dei mellomstatlege konsultasjonane i UNEP hausten 2003 resulterer i ei konkret anbefaling om å setje i gang ein forhandlings- prosess om kvikksølv/ tungmetall.

5. Miljøomsyn skal integrerast i norsk utviklingsarbeid. Miljøretta bistand og anna samarbeid med utviklingsland skal medverke til å styrkje miljøvernforvaltninga og betre miljøtilstanden i samarbeidslanda og til å førebyggje globale miljøproblem.

5.1. Arbeide for at Noreg blir eit føregangsland som nyttar ein større del av bistandsmidlane til miljøtiltak enn i dag, og integrerer miljøomsyn i all bistand.

Etablering av pilotland med integrering av miljø i alle bistandsprogram.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1.1. Medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2001-2004.

Oppfølginga av strategien for berekraftig utvikling i Norden skjer både nasjonalt i dei enkelte landa, og gjennom sektorsamarbeidet under nordisk Ministerråd. I 2003 vart det lagt fram ein midtvegsrapport for oppfølging av denne strategien som syner at dei enkelte landa nasjonalt er godt i gang med gjennomføringa av strategien. I regi av Nordisk Ministerråd vart det i 2003 òg utarbeidd eit indikatorsett som skal vise utviklinga i forhold til dei konkrete måla i strategien.

Miljøsektoren sitt ansvar for å gjennomføre berekraftstrategien er lagt til grunn ved utarbeiding av Det nordiske miljøhandlingsprogram 2001-2004. Dette programmet inneheld ei rekkje konkrete mål og aktivitetar. Sekretariatet i Nordisk Ministerråd gjennomfører for tida ei evaluering av korleis miljøsektoren følgjer opp miljøhandlingsprogrammet, men allereie no kan ein slå fast at miljøsektoren har nådd/gjennomført eller sett i gang arbeidet med å gjennomføre dei aller fleste måla og aktivitetane i programmet.

Arbeidsmål 2.1. Påverke utforminga av EU sin politikk basert på ein brei nasjonal prosess og sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.

EØS-avtala blir stadig meir omfattande ettersom nye rettsakter kjem til i avtala. Den innverknad avtala har på norsk politikk aukar tilsvarande. Innverknaden EØS-avtala har på norsk miljøpolitikk aukar i takt med utvidinga av det ambisiøse lovgivingsprogrammet i EU. Særleg innafor forureiningsområdet deltek Noreg aktivt i Kommisjonens arbeidsgrupper i medhald av EØS-avtala. Arbeidet er nærare omtalt under dei enkelte resultatområda.

Utvidinga av EU og EØS-avtala gjer utfordringa med å få innverknad på regelverket stadig større. Derfor følgjer Regjeringa kontinuerleg med i utforminga av politikken i Kommisjonen, Rådet og Europaparlamentet og legg til rette for ein brei nasjonal prosess, gjennom tidleg varsling av nytt regelverk og informasjon til allmenta på internett.

Kommisjonen er i ferd med å utarbeide nytt regelverk om kjemikaliar, ein strategi for marint miljø, ein strategi for miljøteknologi og ei rekkje endringar i eksisterande direktiv som skal betre luftkvaliteten, vasskvaliteten og avfallshandteringa.

Det er lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable. I denne prosessen er det viktig å sikre medverknad frå aktuelle partar.

Arbeidsmål 3.1. Arbeide for at miljøkonsekvensar blir analyserte og miljøomsyn integrerte i forhandlingane i WTO og i regelverka.

I mandatet for den nye forhandlingsrunden i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) har miljø blitt eit eige forhandlingstema, under dette forholdet mellom WTO-regelverket og miljøvernavtalene, og det er eit omsyn som skal integrerast i alle forhandlingsområde. I tillegg til miljø skal det forhandlast på områda landbruk, tenester og immaterielle eigedomsrettar, marknadstilgang for industriprodukt; inklusive fisk og regelverk (subsidiar og antidumping).

Arbeidsmål 4.1. Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling.

OECD arbeider aktivt for å styrkje den tverrfaglege integreringa av miljøomsyn i den samla verksemda i organisasjonen. Berekraftig utvikling er nedfelt som ei sentral målsetjing for heile OECD-området.

OECD har vedteke ein miljøvernstrategi for dei neste 10 åra som gir målsetjingar for miljøpolitikken i OECD-landa og nasjonale tiltak for å nå desse. Dei fem overordna målsetjingane er: å halde oppe integriteten i økosystema, kople økonomisk vekst vekk frå forverring av miljøet, bruke indikatorar til å måle framsteg og betre grunnlaget for avgjerder, betra livskvalitet, og styrkt internasjonal miljøstyring og samarbeid. For kvar av målsetjingane er oppgitt dei viktigaste utfordringane, nasjonale tiltak for å møte utfordringane, indikatorar til å måle framsteg og forslag til OECD sitt vidare arbeid. Prioriteringane, både i berekraftprosjektet og i miljøvernstrategien, samsvarer godt med norsk miljøvernpolitikk.

Arbeidsmål 4.2. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa, innan UNECE med spesiell vekt på «Miljø for Europa»-prosessen, under dette oppfølging av EECCA-strategien (Eastern Europe, Caucasus and Central Asia).

Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i landa i Sentral-, Søraust og Aust-Europa er ei prioritert oppgåve for å kunne oppnå miljøforbetringar. Samarbeidet mellom landa i Europa og Nord-Amerika om reformarbeid og miljø i dei austlege delane av kontinentet skjer innan ramma av «Miljø for Europa»-prosessen.

Ministerkonferansen i Kiev i mai 2003 gav «Miljø for Europa»-prosessen ei ny retning med ein miljøstrategi for dei 12 tidlegare sovjetrepublikkane (Russland, Kviterussland, Ukraina, Moldova, Georgia, Aserbajdsjan, Armenia, Turkmenistan, Tadsjikistan, Kasakhstan, Kirgisistan og Usbekistan). Miljøsamarbeidet på Balkan skal førast vidare. Tre nye miljøavtaler vart underteikna (om strategiske miljøvurderingar, om nasjonale forureiningsregister og om erstatningsansvar ved industriulykker ved grenseoverskridande vassdrag). Vidare fekk ein handlingsplan for biologisk mangfald tilslutning. Det vart også vedteke retningsliner for betre energiprising, energisparing og utfasing av miljøskadelege energisubsidiar. «Miljø for Europa»-prosessen fekk òg eit klart mandat for sitt vidare arbeid fram til neste konferanse. Noreg hadde ei sentral rolle som medlem av styret for konferansen og i forhandlingane om ministererklæringa.

Arbeidsmål 4.3. Medverke, gjennom det norske formannskapet i Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD), til at CSD blir vitalisert og til at målsetjingane frå Johannesburg-toppmøtet knytte til vatn, sanitær og busetnad blir sette ut i livet.

CSD har hovudansvaret for å overvake gjennomføringa av vedtaka frå toppmøtet i Johannesburg 2002. På CSD sin sesjon i april/mai 2003 fikk Noreg gjennomslag for at kommisjonen skal fokusere sitt arbeid dei to kommande åra på tre hovudområde: vatn, sanitær og busetnadsspørsmål. Dette vil gjere kommisjonen sitt arbeid meir fokusert. Resultata frå toppmøtet i Johannesburg vil vidare bli følgde opp ved valet av den norske miljøvernministeren til leiar for CSD det kommande året.

I den norske formannskapsperioden vil det bli søkt å gjennomføre WSSD-måla om berekraftig utvikling for kamp mot fattigdom gjennom ei vitalisering av CSD som overordna politikkorgan for berekraftig utvikling gjennom brei politisk mobilisering. CSD skal spesielt medverke til at Millennium- og Johannesburg-måla knytte til vatn, sanitær og busetnad, og tverrgåande spørsmål og overvaking, blir gjennomførte på ein mest mogleg kostnadseffektiv og berekraftig måte med konkrete og synlege resultat som demonstrerer at det nyttar.

På nasjonalt plan pliktar Noreg å ha ein nasjonal agenda for berekraftig utvikling, NA21. Koordineringsansvaret for denne planen er lagt til Finansdepartementet, men Miljøverndepartementet spelar ei viktig rolle i utarbeiding av NA21, og vil framover arbeide med den vidare oppfølginga. Miljøverndepartementet og andre involverte departement deltek i ei styringsgruppe leia av Utanriksdepartementet, for å støtte opp under det norske formannskapet ved å utarbeide ein strategi for formannskapet og medverke til at strategien blir gjennomført på ein mest mogleg effektiv, koordinert og smidig måte. Styringsgruppa vil førebu posisjonar når det gjeld dei substansielle spørsmåla som står på dagsordenen til CSD; vatn, sanitære forhold og busetnadsspørsmål, og tverrgåande spørsmål og overvaking. For å styrkje bemanninga er det utnemnt ein eigen ambassadør til CSD samtidig som bemanninga ved den norske FN-delegasjonen i New York vil bli styrkt.

Arbeidsmål 4.4. Arbeide for å oppgradere UNEP, m.a. ved å få til vedtak om å opprette ein global kvikksølvmekanisme, og å styrkje vitskapskapasiteten i UNEP. Føre vidare arbeidet med å integrere omsynet til klima, biodiversitet og miljøgifter i den ordinære verksemda til dei multilaterale organisasjonane.

FN sitt miljøvernprogram UNEP har sentrale funksjonar for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Det er i dag brei internasjonal semje om at UNEP må styrkjast. Miljøverndepartementet har spelt ei aktiv rolle ved m.a. å foreslå eit vitskapspanel for UNEP, ein miljøombodsmann for FN og ein strategi for å byggje opp kapasitet innan miljøforvaltning i u-landa. Miljøvernministeren fekk, på UNEP sitt styremøte i februar 2003, gjennomslag for at UNEP sin vitskapskapasitet skal styrkjast, og at UNEP skal utarbeide ein strategisk plan for kapasitetsbygging og teknologioverføring. Desse forslaga, og behovet for adekvat og stabil finansiering av UNEP, skal følgjast opp i både UNEP og Kommisjonen for berekraftig utvikling sine prosessar framover, mellom anna gjennom mellomstatlege konsultasjonar hausten 2003 og på UNEP sin spesialsesjon i mars 2004.

Departementet fikk i 2003 gjennomslag for at GEF skal utvide verksemda si til også å omfatte støtte til PIC- og POPs-konvensjonane på kjemikalieområdet.

Arbeidsmål 5.1. Arbeide for at Noreg blir eit føregangsland som nyttar ein større del av bistandsmidlane til miljøtiltak enn i dag, og integrerer miljøomsyn i all bistand.

Den andre programperioden (2000-2004) i miljøvernsamarbeidet mellom Noreg og Sør-Afrika er komme godt i gang, og dei fleste miljøprosjekta er no under gjennomføring. Strategiske konsultasjonar mellom dei to miljøverndepartementa inngår som ein viktig del av avtala. Det vart i 2003 gjennomført ein midtvegsgjennomgang av miljøprogrammet. Anbefalingane frå denne må følgjast opp i 2003/2004.

I 2001 underteikna Indonesia og Noreg ei intensjonsavtale om å føre vidare miljøvernsamarbeidet i 2001-2004. I 2002 vart ramma for samarbeidet ytterlegare utvida. Samarbeidet vil no vere eit «partnarskap» slik Toppmøtet i Johannesburg definerer det og oppmodar til.

Når det gjeld Kina og Noreg har det vore ein tett miljøpolitisk dialog mellom miljøvernstyresmaktene i dei to landa. Den kinesiske miljøvernministeren besøkte m.a. Svalbard i 2003 etter invitasjon frå miljøvernministeren. Avtala mellom Kina og Noreg om bilateralt miljøsamarbeid omfattar aktivitetar innan institusjons- og kapasitetsbygging, kulturminnevern, miljøinformasjon og luft- og vassforureining.

NORAD har inngått rammeavtaler med 7 miljøfagsenter, under dette Miljøverndepartementet, Statens forureiningstilsyn, Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Statens Kartverk. Fagsentra skal vere kompetansebase for NORAD innan miljøbistand, og skal stille til rådvelde fagkompetansen sin innanfor dei fagområda og arbeidsfelta som dei er ansvarlege for i statsforvaltninga. Fagsentra er òg aktive med å styrkje miljøadministrasjonen i fleire utviklingsland gjennom institusjonelt samarbeid. Alle miljøfagsentra har i 2003 utført oppdrag for NORAD knytte m.a. til vurdering av ulike program og prosjekt og til vurderingar retta mot norsk bistandsforvaltning. Eit døme på dette er samarbeidet som er etablert mellom Direktoratet for naturforvaltning og miljøstyresmaktene i Nepal for å styrkje deira kapasitet knytt til konsekvensvurderingar av vasskraftutbygging.

Verkemiddel

Resultatområde 8 - underområda internasjonalt miljøvernsamarbeid, miljøvern i polarområda og radioaktiv forureining blir hovudsakleg finansiert over kap. 1400, 1410 og 1471.

For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig både på politisk nivå, embetsmanns- og ekspertplan for å få betre gjennomslag i miljøarbeidet i EU og anna internasjonalt miljøsamarbeid. På sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke det internasjonale regelverket i ei grad som ville vore vanskeleg for Noreg aleine.

På EU/EØS-området er møte med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd og nordiske «frukostmøte» i forkant av miljøvernministermøta i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan.

Noreg held uformelle kontaktar med sentrale aktørar i EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EU-medlemslanda omkring saker som er viktige for Noreg. Dette gjeld spesielt på klimaområdet, der Noreg ved fleire høve har gitt til kjenne sine synspunkt på det føreslåtte kvotedirektivet til EUs miljøkommisær, dei sentrale Europa-parlamentarikarane og medlemsstatar. Andre spørsmål som har vore reiste overfor aktørar i EU er marine spørsmål, kjemikaliepolitikken og ulovleg hogst av tropisk tømmer.

Noreg deltek òg i EU-møte på departementsrådsnivå (EPRG) og i ca. 30 ekspertgrupper på miljøområdet. Miljøverndepartementet har lånt ut ein person til det svenske miljøverndepartementet for å styrkje kontakten med miljøarbeidet i EU. På nasjonalt plan blir det halde informasjonsmøte med frivillige organisasjonar og partane i arbeidslivet, og relevante saker blir sende på høyring til aktuelle partar. Det blir arbeidd med å gjere tilgangen til informasjon endå betre for eksterne aktørar, og med auka deltaking i dei førebuande EU/EØS-prosessane.

Det vil vere spesielt viktig at det vidare arbeidet innan OECD med berekraftig utvikling og oppfølging av miljøstrategien reflekterer resultata frå toppmøtet i Johannesburg, og korleis OECD kan medverke til å fremje desse. Det vidare arbeidet i OECD med fråkopling av miljøpåverknad frå økonomisk vekst er viktig i denne samanhengen. I 2004 vil det vere eit miljøvernministermøte i OECD-regi.

Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i landa i Sør-Aust-Europa (Balkan) og dei tidlegare sovjetrepublikkane (dei såkalla EECCA-landa; Eastern Europa, Caucasus and Central Asia) er ei prioritert oppgåve for å kunne betre miljøet. Eit viktig verkemiddel vil framleis vere økonomisk stønad til miljøprosjekt på Balkan og i EECCA-landa. På ministerkonferansen «Miljø for Europa» i Kiev, Ukraina i mai 2003, vart det vedteke ein miljøstrategi for EECCA-regionen. Noreg hadde ei sentral rolle i førebuinga av strategien, og i denne vil Noreg si oppfølging av Kiev-konferansen også vere eit viktig verkemiddel.

Noreg vil medverke aktivt både i forhold til forhandlingsmøte i WTO og i samband med alliansebygging, for å få til ei tilfredsstillande forhandlingsløysing som sikrar fleksibilitet for verkemiddelbruk i miljøvernpolitikken, og som vidare sikrar at miljøvernavtalene ikkje blir underordna WTO-regelverket. Noreg legg vekt på at miljøomsyn skal integrerast i WTO-forhandlingane og i handelsregelverket, for å sikre at handelssystemet medverkar til berekraftig utvikling. Vurderingar av miljøkonsekvensar vil vere eit viktig verkemiddel i denne samanhengen.

Regjeringa vil medverke til at miljøbistand for m.a. implementering av miljøkonvensjonar blir styrkt i Verdsbanken, UNESCO, UNEP, UNDP, WHO og andre.

Regjeringa vil følgje opp vidareføringa i UNEP av arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet, m.a. gjennom å følgje opp vedtaka frå Ministermøtet i Cartagena i februar 2002 og handlingsplanen frå Johannesburg i september 2002, der ein skal komme fram til tiltak for å styrkje den internasjonale miljøforvaltninga. I denne samanhengen vil ein særleg leggje vekt på å utvikle mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming til miljøvern, m.a. gjennom vidare å styrkje UNEP si rolle som sentral FN-autoritet innan miljøspørsmål, inklusive styrkt og meir planmessig finansiering, styrking av UNEP si koordineringsrolle overfor miljøkonvensjonane, og betre koordinering mellom dei ulike konvensjonane på miljøområdet.

CSD-formannskapet gir Noreg høve til å forme det vidare internasjonale arbeidet med berekraftig utvikling med særleg fokus på fattigdoms- og utviklingsaspektet. Formannskapet set oss i ei pådrivarrolle i forhold til viktige politiske prosessar med fokus på utvalde tema, og kan vere ein modellskapar for det framtidige arbeidet i CSD gjennom utforminga av den første «review»-sesjonen etter Johannesburg.

Regjeringa vil arbeide for ein meir målretta kommisjon. Regjeringa vil arbeide for at CSD blir ein global møteplass der landa i samarbeid med private aktørar utviklar globalt politisk engasjement for å møte dei framtidige utfordringane i arbeidet med berekraftig utvikling.

Det globale miljøfondet (Global Environment Facility: GEF) finansierer dei globale miljøavtalene. GEF vart oppretta for å dekkje tilleggskostnadene ved tiltak som gir globale miljøfordelar innanfor områda vern av biologisk mangfald, klima, ozon, internasjonale vasspørsmål og, i den grad dette heng saman med dei 4 hovudformåla, ørkenspreiing. For inneverande fireårsperiode disponerer GEF ca. 2,7 mrd. USD. Fondet har nyleg vedteke retningslinjer for bruk av midlar til støtte for den globale miljøgiftavtala (POP-avtala) og det vil òg bli opna for å innlemme miljøgifter, og jorderosjon og avskoging som nye hovudformål.

Miljøverndepartementet medverkar på ulike måtar til å styrkje miljøintegrasjonen i det norske utviklingssamarbeidet. Utanriksdepartementet sitt dokument om Utvikling, fattigdom og miljø: Miljøpolitiske prioriteringer 2001-2005 gir føringar for implementering av strategien. Regjeringa sin handlingsplan for kampen mot fattigdom i sør mot 2015 - Kamp mot fattigdom utgjer ei overordna tilnærming til korleis vi kan medverke til å realisere FNs millenniumsmål. Vidare er miljøfagsentra sentrale miljørådgivarar for NORAD og samarbeidspartnarar i fleire utviklingsland. Utvekslingsordninga mellom NORAD og miljøforvaltninga (1999-2003) har ført til ei gjensidig styrking av den bistands- og miljøfaglege forståinga i organisasjonane, og det blir vurdert å halde fram med dette.

16.2 Miljøvern i nord og polarområda

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles og Antarktis med biland og det bilaterale miljøsamarbeid med Russland.

Strategiske mål

Noreg skal, gjennom internasjonalt arbeid, medverke til at miljøsituasjonen blir betra i Noreg sine nærområde i nord og i den arktiske regionen. Dei store, samanhengande villmarksområda på Svalbard og i Antarktis skal saman med kulturminna sikrast mot vesentlege inngrep og påverknader. Svalbard skal framstå som eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda, og busetnadene skal drivast på ein miljøforsvarleg måte for å sikre miljø og trivsel. Noreg skal arbeide for at dei nære arktiske havområda våre blir tekne vare på som nokon av dei reinaste i verda, og at ressursutnyttinga går føre seg innanfor rammer som sikrar at det biologiske mangfaldet blir halde oppe på kort og lang sikt.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 16.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Miljøvern i nord og polarområda

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

6. Samarbeidet i Norden, i Noreg sine nærområde og i den arktiske regionen skal medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminne-verdiane i desse områda, og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse og næringsverksemd i Noreg (same som nasjonalt mål 1 under dette resultatområdet).

6.1. Medverke til å betre miljøsituasjonen i Noreg sine nærområde i Barentsregionen og i den arktiske regionen.

Aktivitetar som er sette i gang i arbeidsgrupper og program under Arktisk Råd. Omfang av lokalt og regionale samarbeid.

Aktivitetar og prosjekt som er sette i gang under den norskrussiske miljøkommisjonen.

7. Samarbeid skal medverke til å setje styresmakter og næringsliv i Russland betre i stand til å få forsvarleg kontroll over eigne miljøproblem, og til å integrere miljøvernforvaltninga i Russland i internasjonalt og regionalt samarbeid.

7.1. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland gjennom m.a. NEFCO og Den nordiske investeringsbank (NIB).

Framdrift i modernisering av nikkelverket i Petsjenga.

Talet på verna område som er viktige for biologisk mangfald.

Talet på registrerte kulturminne.

Talet på prosjekt i Nordvest- Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på prosjekt med norsk samarbeidspartnar.

7.2. Styrkje miljøkompetansen i forvaltning og industri.

Økonomisk og miljømessig vinst i bedrifter som har gjennomført Program for Reinare Produksjon.

8. Utnytting av ressursane i våre nære arktiske havområde skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir truga eller utrydda. Bestandar av arter som i dag er rekna som truga eller på annan måte er negativt påverka av arealbruk, hausting og/eller forureining skal bevarast og om mogleg byggjast opp att.

8.1. Styrkje samarbeidet om vern og forvaltning av Barentshavet.

Grad av felles problemforståing av miljøutfordringane i Barentshavet.

Betre standard på russisk oljevernberedskap i nord.

Russisk tilslutning til OSPAR-standardar.

8.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter.

Bestandsstatus for utvalde arter.

Talet på arter som har endra status på raudlista for Svalbard og Jan Mayen.

9. Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur på Svalbard skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad gjennom særskilde vernevedtak innan år 2003. Viktige marine naturverdiar rundt Svalbard skal sikrast.

9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

Omfanget av urørt villmark på Svalbard.

Fråvær av gjennomgåande «linjeinngrep».

Områdevernet sin representativitet og vernestatus.

Talet på verneområde der vernevedtektene er oppgraderte.

Omfanget av område med vernestatus.

10. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart som eit vitskapeleg kjeldemateriale og eit grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 % årleg.

10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Talet på og omfang av registrerte kulturminne og kulturmiljø.

Gjennomsnittleg årleg tap av kulturminne i %.

Gjennomføring av tiltak i medhald av kulturminneplanen for Svalbard og miljøhandlingsplanen for Jan Mayen innan 2005.

11. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjonen eller forstyrre dyrelivet. Høvet til å oppleve naturen uforstyrra av motorisert ferdsel skal sikrast òg i område som er lett tilgjengelege frå busetnadene.

11.1. Styre ferdsla på Svalbard.

Omfanget av motorisert ferdsel på Svalbard.

Geografisk utstrekning av snøskuterfrie område.

Ferdselsslitasje i utvalde område.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 6.1. Medverke til å betre miljøsituasjonen i Noreg sine nærområde i Barentsregionen og i den arktiske regionen.

Det er i gang 7 prosjekt i oppfølginga av den nordiske handlingsplanen for vern av natur- og kulturminne i Arktis (Grønland, Island og Svalbard). Dei gjeld m.a. effektar av tråling og botnskraping, overvaking av slitasje på vegetasjon og kulturminne, LA 21 i Arktis og prosjekt om miljøundervisning. Nokre av prosjekta blir avslutta i 2003 og resultata vil bli gjort kjent gjennom rapportar via Internett. I 2003/2004 er det planlagt å setje i gang med ytterlegare 3 prosjekt, eit om representativt utval av arktiske kulturmiljø, eit om naturvegleiarar i Arktis og eit om integrering av miljøomsyn i forskingssektoren.

Arktisk Råd vart oppretta i 1996 av dei fem nordiske landa, Russland, USA og Canada. Hovudformålet med Arktisk Råd er å fremje samarbeid, koordinering og samhandling mellom landa i felles arktiske saker på ei rekkje område. Noreg dekkjer sekretariatsutgiftene til «Arctic Monitoring and Assessment Program», AMAP. Noreg deltek aktivt i «Arctic Climate Impact Assessment», ACIA. Under ministermøtet i Arktisk Råd hausten 2003 vart førebelse resultat presenterte. Vidare har Noreg vore ein viktig pådrivar og bidragsytar til eit større prosjekt i Russland under Arktisk råd sitt program for bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF) knytt til økosystemtilnærming og bevaring av biologisk mangfald i det nordlige Russland (ECORA). Hovudfinansieringa kjem her frå den globale miljøfasiliteten (GEF), men det er òg store bidrag frå Noreg og nokre andre arktiske land.

Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen utgjer arbeidet under den bilaterale miljøkommisjonen det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentssamarbeidet på miljøområdet (jf. arbeidsmål 2). Arbeidet under kommisjonen er no strukturert i tre hovudområde for å få best mogleg effektivitet og samarbeid på tvers av fagdisiplinar. Hovudområda er det grensenære miljøsamarbeidet, natur- og kulturforvaltning i Kenozero og vern av dei nordlege havområda. Programmet Reinare Produksjon og samarbeid på klima- og energiområdet er òg høgt prioritert. Det regionale miljøvernsamarbeidet mellom Finnmark fylke og Murmansk fylke rapporterer òg til miljøvernkommisjonen. Vidare er det eit nordisk samarbeid om prosjekt knytte til vern av område i Barentsregionen. Miljøvernkommisjonen møtest årleg og vedtek arbeidsprogramma for to år av gongen. Det blir lagt stor vekt på å stimulere og styrkje det regionale og lokale folk til folk-samarbeidet, under dette samarbeid mellom urbefolkningar. Austersjøområdet er frå 2003 etablert som ein felles gjennomføringsmekanisme under Kyotoprotokollen.

Når det gjeld vern og bruk av naturressursar og biologisk mangfald, har den norsk-russiske gruppa for biodiversitet eit koordinert samarbeid med Sverige og Finland om fleire prosjekt i Russland. Delar av dette går inn i arbeidet i Barentsrådet og Arktisk Råd. På kulturminneområdet står objekt på UNESCO-lista, vern og rehabilitering av kultur- og landskapsvernområde i Kenozero og samarbeid om kulturminne i grenseområda sentralt.

Arbeidsmål 7.1. Fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland gjennom m.a. NEFCO og Den nordiske investeringsbank (NIB).

Moderniseringsprosjektet for nikkelverket kom i gang i 2002. NIB har informert departementet om at prosjektet no blir seinka med 1-1 1/2 år i forhold til tidlegare ferdigstilling som var planlagt innan utgangen av 2006. I følgje NIB vil ikkje dette påverke utsleppsreduksjonane. Når moderniseringa er fullført er det venta at utsleppa av SO2 og tungmetall til luft vil vere reduserte med minst 90%. Det er også gjennom NEFCO gitt støtte til eit biobrensleprosjekt i Kamenka i Arkangelsk fylke.

Dei fleste store industrikombinata i Barentsregionen har delteke i program for reinare produksjon og dei første investeringsprosjekta blir førte vidare under NEFCO-fondet for reinare produksjon. Sertifisering av ei mekanisk bedrift etter miljøsertifiseringssystemet ISO 14001 er ferdigstilt og opplæring med sikte på sertifisering er sett i verk ved to nye bedrifter.

Arbeidsmål 7.2. Styrkje miljøkompetansen i forvaltning og industri.

Nordic Environmental Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld miljøprosjekt i Norden sine nærområde og har medverka til fleire miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen, m.a. energiøkonomisering, overgang til bioenergi, innsamling og destruksjon av miljøgifta PCB, rehabilitering av vass- og avløpssystem og reduksjon av forureining frå landbruket. Norske konsulentar og bedrifter medverkar i fleire av desse. Innsatsen i kandidatlanda til EU blir gradvis nedtrappa, mens innsatsen i Nordvest-Russland er aukande. Det blir vurdert sterkare engasjement m.a. i Ukraina og etter kvart også i Kviterussland.

Arbeidsmål 8.1. Styrkje samarbeidet om vern og forvaltning av Barentshavet.

For Barentshavet vil framtidig utvikling når det gjeld utnytting av naturressursar i russisk farvatn og på russisk sokkel vere viktig. Transporten av oljeprodukt frå russisk side langs norskekysten har auka monaleg frå våren 2002 og har også halde nivået gjennom vinteren med 10-15 transportar pr. månad. Desse oljeprodukta kjem frå kjelder på land, men det er òg ein monaleg auke i oljeleiting på russisk sokkel. Det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet blir difor nytta til å sikre at russiske ekspertar deltek i delar av arbeidet med den heilskaplege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet, jf. verkemiddelomtalen under resultatområde 4. Arbeid med å utvikle og etablere eit system for miljøovervaking av radioaktivitet og andre miljøgifter i norsk del av dei nordlege havområda er i gang. Norsk-russisk samarbeidd om risikovurdering og vurdering av behov for framtidig beredskap knytt til kommande petroleumsaktivitet og petroleumstransport frå norsk og russisk sokkel, er starta opp.

Arbeidsmål 8.2. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter.

Svalbardrein har i dag ein levedyktig bestand. Det er òg grunn til å tru at bestanden av polarrev på Svalbard er innafor sikre biologiske grenser.

Det er likevel store variasjonar i bestanden av rein og rev frå år til år, noko som først og fremst skuldast klimatiske forhold. Det er ikkje påvist at den svært avgrensa haustinga av svalbardrein og polarrev påverkar bestandane.

Bestandane av kvitkinn- og kortnebbgås er innafor biologisk sikre grenser. Det er usikkert om bestanden av ringgås er innafor sikre biologiske grenser. Alle tre bestandane har auka sidan 1980.

Transporten av fleire forureiningsstoff gjennom luft til Svalbard synest å vere redusert dei seinare åra. Det er påvist nedgang i svoveldioksid og sulfatkonsentrasjonane, og reduksjonen er på respektive 75% og 67% sidan 1980. Det er lite truleg at svovelsambindingar er årsaka til forsuring som overstig tolegrensene på Svalbard. Produksjon og bruk av PCB og persistente plantevernmiddel er sterkt redusert i løpet av dei siste 10-30 åra i dei fleste land. Undersøkingar viser likevel at PCB-nivået i arter som isbjørn, sel og polarmåse ved Svalbard framleis er blant dei høgaste i Arktis. Dei siste målingane tyder på at nivåa aukar. Det er gjennomgåande lågare nivå av tungmetall på Svalbard enn nær dei industrielle punktkjeldene der mesteparten blir avsett. Vi har førebels ikkje så lange tidsseriar at dei kan nyttast til å sjå utviklingstrendar når det gjeld kvikksølv, tungmetall etc. på Svalbard. Vi kan difor ikkje seie noko om kor vidt desse stoffa førekjem i avtakande eller aukande konsentrasjon.

Arbeidsmål 9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.

I behandlinga av St.meld. nr. 22 (1994-95) Om miljøvern på Svalbard uttalte Stortinget at dei etablerte verneområda på Svalbard i lita grad omfattar dei delane av øygruppa som har biologisk produksjon. Regjeringa vart beden om å leggje fram forslag til nye verneområde på Svalbard, der viktige landområde med biologisk produksjon blir sikra vern.

Hovudinnhaldet i eit forslag til verneplan vart presentert i St.prp. nr. 1 (2002-2003) Miljøverndepartementet.

Arbeidsmål 10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.

Ein del kulturminne er utsette som ein følgje av den auka ferdsla. Det er påvist endringar i vegetasjonsdekket omkring dei kulturminna der cruiseskip set i land eit større tal turistar om sommaren.

Det er etter kvart også eksempel på at turistar og andre besøkande skader kulturminne direkte, anten ved å fjerne ting eller ved utilsikta aktlaus åtferd. Den viktigaste slitasjefaktoren er likevel framleis naturlege prosessar som m.a. vêr, vind og erosjon.

Det er sett i verk overvaking av slitasje på kulturminne, og det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som stod i fare for å bli øydelagde m.a. på grunn av aukande ferdsel. Det er òg sett i verk utvida vern av enkelte kulturminne som er sterkt utsette for slitasje.

Arbeidsmål 11.1. Styre ferdsla på Svalbard.

Ferdsla på Svalbard aukar. Det er registrert ein klar auke i talet på ilandstigingsplassar og personar som har gått i land frå oversjøiske cruiseskip og frå cruiseskip i kysttrafikk dei siste åra.

Styresmaktene vil følje nøye med når det gjeld dette besøkstrykket som framleis aukar, for å sikre at det ikkje medfører skade på naturen eller øydelegg høvet for andre til naturopplevingar uforstyrra av motorisert ferdsel.

Ferdsla blir regulert gjennom ei eiga forskrift slik at denne ikkje reduserer omfanget og kvaliteten på villmarksområda. Det er òg lagt vekt på å sikre at ferdsel i dei villmarksprega områda i dag ikkje øydelegg eller reduserer kulturminna på lengre sikt. Det er sett i gang overvaking av den motoriserte ferdsla.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 8, underområde miljøvern i nord- og polarområda, blir dekt over Norsk Polarinstitutt si budsjettramme, jf. kap. 1471, men kap. 1410 inneheld òg budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet i 2004.

Prosjektsamarbeidet med Russland, støtte til NEFCO sitt miljøutviklingsfond, blir finansiert over Utanriksdepartementet sitt budsjett. Årleg løyving til NEFCO sin grunnkapital er delt mellom Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet. Noreg stiller til rådvelde eit tilskot på inntil 270 mill. kr til moderniseringsprosjektet for nikkelverket i Petsjenga. Tilskotet blir administrert av Nordisk Investeringsbank, NIB. Norilsk Nikel låner tilsvarande beløp av NIB og medverkar med resterande 1/3 i eigenkapital. Sverige medverkar med 3 mill. USD i tilskot. Det er avtalt å samarbeide med miljøvernforvaltninga i Russland om overvaking av miljøverknadene av prosjektet.

Det viktigaste verkemidlet Miljøverndepartementet har i samarbeidet med Russland er den bilaterale miljøkommisjonen, som er leia på politisk nivå. Informasjon i nordområda er eit viktig verkemiddel for Barentssamarbeidet. Dette blir i all hovudsak ivareteke av Svanhovd miljøsenter.

Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard er den nye miljøvernlova for Svalbard med tilhøyrande forskrifter som tok til å gjelde 1. juli 2002. Lova set klare rammer for all verksemd på øygruppa, og Sysselmannen har eit effektivt apparat for handheving som kan oppdage og straffeforfølgje brot på regelverket.

Andre verkemiddel som er tekne i bruk er velordna registrering og overvaking av sentrale miljøkomponentar og aktive vernetiltak gjennom m.a. Miljøovervakingsprogrammet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ).

Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare territorium på ein økologisk forsvarleg måte. Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ei aktiv rolle i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet i polarområda. Det blir henta inn viktig ny kunnskap gjennom forsking i regi av Norsk Polarinstitutt, andre forskingsmiljø og NFR.

Eit internasjonalt samarbeid for forvaltning av miljøet på Svalbard, knytt mellom anna til å verne trekkjande arter og hindre langtransportert forureining, er òg eit viktig verkemiddel.

Det blir kontinuerleg samla inn store mengder data om våre hav- og kystnære område i nord. Samtidig aukar behovet for miljøovervaking og kriseberedskap i samband med ulykker. Departementet vurderer å etablere Barentshavet på skjerm som eit nytt verktøy for miljøvernforvaltninga.

Vidare er informasjon eit verkemiddel for å spreie kunnskap om Regjeringa sin miljøpolitikk for Svalbard.

16.3 Radioaktiv forureining

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet. Internasjonalt går dette arbeidet føre seg m.a. i regi av Londonkonvensjonen og Oslo- og Paris-konvensjonane, og gjennom felles innsats for å løyse atomproblema i Nordvest-Russland. Strålevern og helseverknader av radioaktiv forureining ligg under Helsedepartementet sitt ansvarsområde.

Strategiske mål

Noreg skal medverke til å redusere utslepp og risiko for utslepp av radioaktive stoff som kan føre til forureining av norsk miljø.

Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Tabell 16.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Radioaktiv forureining

Nasjonale mål

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

12. Samarbeidet med Russland skal medverke til å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske land- og sjøområde for å unngå moglege konsekvensar for helse, miljø og næringsverksemd.

12.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noreg sine nærområde.

Gjennomførte felles norskrussiske seminar/kurs om utgreiing av miljøkonsekvensar.

Gjennomførte tryggingstiltak.

Atomtryggleiks- og avfallssituasjonen i Nordvest-Russland.

Status og planar for transport av radioaktivt materiale langs norskekysten.

13. Noreg skal arbeide for at utsleppa av radioaktive stoff frå reprosesseringsanlegg i våre nærområde skal reduserast monaleg.

13.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innanfor relevante internasjonale fora.

Resultat frå overvakings-programmet.

Reduksjon av utslepp frå Sellafield.

14. Utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder skal avgrensast til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

14.1. Kartleggje kjeldene og redusere utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

Samla utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 12.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noreg sine nærområde.

Arbeidet med ei norsk-russisk konsekvensvurdering av ulykkesscenarium ved atomanlegga i Majak er avslutta. Første fase i arbeidet med vurdering av radioaktiv forureining av elva Jenisej frå atomanlegget i Krasnojarsk og mogleg påverknad av dei nordlege havområda er avslutta. Prosjektet som vurderer landområde som er særleg sårbare for radioaktiv forureining ved ei atomulykke ved atomkraftverket på Kola er avslutta, mens arbeidet med eit felles russisknorsk automatisk målenettverk i Murmansk-regionen held fram. Eit norsk forslag til overvakingsprogram for radioaktivitet i nordlege havområde er utarbeidd og godt motteke av russiske ekspertar. Det er skipa ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på ei styrking av samarbeidet.

Idear om transport av kjernebrensel og radioaktivt avfall mellom europeiske reprosesseringsanlegg og kjernekraftverk i Japan via den nordlege sjøruta og norske farvatn blir følgde nøye. Noreg vil arbeide for at det internasjonale regelverket om transport av radioaktivt avfall blir styrkt.

Arbeidsmål 13.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innanfor relevante internasjonale fora.

Dei totale utsleppa av radioaktive stoff til det marine miljøet er vesentleg reduserte i forhold til tidlegare. Frå det engelske reprosesseringsanlegget i Sellafield vart det på 90-talet sleppt ut store mengder av det radioaktive stoffet Technetium-99. Det er dei seinare åra målt høge konsentrasjonar av dette stoffet i tang og hummar langs norskekysten. Noreg har i mange år lagt stort press på britiske styresmakter og oppmoda dei til å redusere utsleppa. Britane har no vedteke ein mellombels stans i 9 månader, mens dei testar ut den nye teknologien. Trykket på britiske styresmakter når det gjeld Sellafield vil bli halde oppe til utsleppa er stansa permanent.

Arbeidsmål 14.1. Kartleggje kjeldene og redusere utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining vil norske styresmakter halde seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder. Dette arbeidet har så langt vore fokusert på utslepp frå dei nukleære anlegga i Halden og på Kjeller, og bruk av opne radioaktive kjelder ved sjukehus, oljeindustri og forskingsaktivitetar. Overvakingsprogrammet vil bli ført vidare i 2004, mellom anna for å få oversikt over utslepp av naturleg radioaktive stoff frå oljeindustrien.

Verkemiddel

Finansieringa av resultatområde 8, underområde radioaktiv forureining, er i hovudsak dekt over kap. 1410, mens det på kap. 1400 òg er sett av midlar til dette underområdet. Finansieringa på kap. 1410 dekkjer m.a. ei vidareføring av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og eit terrestrisk overvakingsprogram. Midlar til prosjektsamarbeidet med Russland kjem frå kap. 0197 post 70 - Tilskot til atomtryggleikstiltak og samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa over Utanriksdepartementet sitt budsjett.

Gjennom ei samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet ved Statens strålevern, vart Strålevernet i 1999 formelt faginstans for Miljøverndepartementet på området radioaktiv forureining av miljøet. Dette gir tryggleik for at Miljøverndepartementet sine noverande og framtidige plikter på dette området vil bli ivaretekne på ein tilfredsstillande måte. Det behovet Miljøverndepartementet har for slik ekspertise vil truleg auke i åra framover m.a. som følgje av aukande fokus på utsleppa frå Sellafield, auka fokus på utsleppa frå oljeindustrien og planar om transport av radioaktivt avfall i eller i nærleiken av norske farvatn. Det er òg generelt aukande internasjonalt fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining. Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er aukande satsing på forsking i moglege effektar på naturmiljøet som følgje av eksponering frå radioaktive stoff.

Informasjonsberedskap er svært viktig når det gjeld radioaktiv forureining. Statens strålevern har som faginstans på området hovudansvaret for informasjonsarbeidet.

17 Resultatområde 9: Regional Planlegging

Definisjon og avgrensing

Programområdet omfattar planlegging og utgreiing etter føresegnene om planlegging og konsekvensutgreiing i plan- og bygningslova. Verksemda er kjenneteikna av at planlegginga skal vere eit sentralt verkemiddel for å fremje og sikre den utviklinga som kommunane og fylka ønskjer, både fysisk og økonomisk, sosialt og kulturelt. Samtidig skal planlegginga ivareta dei nasjonale og regionale interessene som m.a. ligg i å sikre ei berekraftig arealforvaltning. Planlegginga må derfor vere sektorovergripande. Ansvaret for planlegginga ligg i hovudsak til kommunestyra og fylkestinga, men skal skje i nært samråd med statlege fagstyresmakter, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar. Miljøverndepartementet er statleg planstyresmakt etter lova og har som oppgåve, i samarbeid med andre departement, å utvikle og formidle nasjonale mål for planlegginga i fylke og kommunar, arbeide med lov og forskrifter, behandle enkeltsaker og sikre riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring.

Strategiske mål

Den regionale planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levevilkår for ulike grupper innanfor rammene av ei berekraftig utvikling. I planprosessane blir det lagt vekt på ei opa haldning, innsyn og deltaking. Det er ei hovudutfordring framover å leggje til rette for at dei ulike sektorane tek plan- og bygningslova i aktiv bruk både på det kommunale og regionale nivået.

Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Forvaltninga av plandelen i plan- og bygningslova er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.

Tabell 17.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 9 Regional planlegging

Nasjonale resultatmål

Resultatindikatorar

1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innanfor kommunen sine område.

Talet på kommunar med ny/revidert kommuneplan i siste kommunevalperiode.

2. Kommunal arealplanlegging skal skje innanfor rammene av nasjonal politikk, slik den kjem til uttrykk m.a. i St.meld. nr. 29 (1996-97) Regional planlegging og arealpolitikk, med særleg vekt på rikspolitiske retningslinjer.

Departementet si politikkformidling retta mot fylke/kommunar.

Talet på og typar motsegnsaker avgjort av departementet og endringar gjort av eigengodkjende planar.

3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunane si fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.

Talet på godkjende planar der det ikkje er vesentleg avvik i forhold til nasjonal politikk.

Avvik mellom mål og strategiar i kommune- og fylkesplan.

Talet på fylke der regionalt utviklingsprogram (RUP) er integrert i fylkesplanen sitt handlingsprogram.

4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene.

Talet på godkjende fylkesplanar og delplanar med konkrete retningslinjer for areal- og naturressursar.

Talet på godkjende fylkesplanar og delplanar med retningslinjer for senterstruktur og varehandel.

5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring.

Tilgjenge til opplæring og vegleiing for alle viktige aktørar.

Framdrifta i oppfølginga av planlovutvalet sitt arbeid.

Talet på besøk på MD sine planrelaterte internettsider.

6. Alle viktige vedtak skal byggje på kunnskap om konsekvensar for miljø og samfunn.

Kjennskap til regelverk om konsekvensutgreiingar hos relevante aktørar.

Tidsbruk for KU-saker i forhold til dei rammer forskrifta set.

Statusbeskriving

Formålet med planlegging etter plan- og bygningslova er å samordne den offentlege innsatsen mellom forvaltningsnivå, sektorar og næringar. Tilrettelegging for meir effektiv og brukarretta planlegging har vore eit sentralt mål i samarbeidsregjeringa sitt moderniseringsprogram. Utvikling av elektronisk saksbehandlingssystem basert på kart, areal- og miljødata, og forenkling av plan- og bygningslova har vore - og er - sentrale grep i denne samanhengen.

Resultatmål 1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innanfor kommunen sitt område.

Kravet om ei berekraftig utvikling, effektiv næringsutvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for utvikling av kommunen. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. Lokal Agenda 21 gir nye perspektiv og arbeidsformer som kan medverke til å styrkje og fornye interessa for kommunal planlegging og lokalt miljøvern. Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet samarbeider med fleire departement og Kommunanes Sentralforbund om å organisere læring frå utviklingsarbeida.

Dei fleste kommunane har vedteke eigen arealdel til kommuneplanen og reviderer denne med jamne mellomrom. Mange kommunar har òg utvikla ein aktiv bruk av kommunedelplanar for enkelte tema eller geografiske område i kommunen. Departementet arbeider med å få fram system for betre planlegging og tilgang på planinformasjon. I medhald av plan- og bygningslova skal kommunar sende departementet vedtekne kommune(del-)planar til orientering. I inneverande kommunevalperiode har departementet motteke 166 planar.

Ved gjennomføring av større byggje- og anleggsarbeid, og ved nærare avklaring av arealbruken i område som er avsette til utbygging i følgje kommuneplanen, blir det utarbeidd reguleringsplanar. På dette området legg ein m.a. vekt på å ta i bruk IKT-baserte verktøy med sikte på ei meir effektiv plan- og byggjesaksbehandling. Miljøverndepartementet samarbeider med Kommunal- og regionaldepartementet i prosjektet Byggsøk (eByggsak og ePlansak), som går ut på å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Dette vil gjere det enklare både for publikum, planleggjarar, tiltakshavarar og saksbehandlarar å få ei raskast mogleg saksavvikling, pga. at dokument er lagt betre til rette og kan sendast raskare mellom aktørane.

Resultatmål 2. Kommunal arealplanlegging skal skje innanfor rammene for nasjonal politikk.

Integrering av berekraftperspektivet i kommunal planlegging krev samarbeid på tvers av sektorane og formidling av nasjonale og regionale mål tidleg i planprosessane. Fylkeskommunen har vegleiingsplikt. Fylkesmannen og Miljøverndepartementet har tilsynsmynde.

I det store fleirtalet av plansaker blir det oppnådd semje lokalt og planane blir eigengodkjende av kommunestyret, noko som viser at plansystemet fungerer som føresett. Miljøverndepartementet behandlar berre dei planane der det er konflikt mellom kommunen og fylkeskommunen eller statlege fagstyresmakter (motsegnsaker). Talet for saker departementet handsamar er nokså stabilt frå år til år. I 2002 fatta departementet vedtak i 28 slike saker. I 36% av sakene vart motsegnene tekne til følgje, mens kommunen fekk heilt eller delvis medhald i 64% av sakene. Til samanlikning blei det i 2001 fatta vedtak i departementet i 31 saker. I 45% av desse sakene vart motsegna tekne til følgje.

I saker der kommunale vedtak blir overprøvde er det viktig å understreke den klare føresetnaden at fylkeskommunen eller staten sitt standpunkt skal ha forankring i viktige regionale eller nasjonale interesser. Gjennom departementet sine avgjerder i desse sakene blir gjeldande arealpolitikk konkretisert og formidla når det gjeld viktige nasjonale spørsmål.

Utviklinga av byggjeverksemda i 100-metersbeltet er behandla av Stortinget våren 2002 i samband med St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv og Riksrevisjonens Dok. nr. 3:7 (2001-2002). Sidan 2000 har Miljøverndepartementet, frå kommunane via fylkesmennene, innhenta tal for dispensasjonar frå byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. Departementet har no halvårsrapportar for til saman tre år, og kan òg samanlikne tala på årsbasis. Rapporteringa gjeld i område som ikkje er avsette til bygging i godkjent plan. Rapporteringa viser at kommunane årleg får 1800-1900 søknader om dispensasjon. Omlag 75% av søknadene blir godkjende og talet på dispensasjonar ligg på rundt 1400 pr. år. Frå 2002 vart nye bygg skilt særskilt ut. Det vart i fjor gitt 693 dispensasjonar for nye bygg i 100-metersbeltet, med ein klar nedgang for andre halvår. Andre halvår 2002 vart det gitt 303 dispensasjonar mot 390 halvåret før. Langs Oslofjorden og Sørlandskysten er det dei små tiltaka som klart dominerar, og nye bygg er primært erstatningsbygg. Tala viser at i andre halvår 2002 vart berre22 nye bygg godkjende langs Oslofjorden, på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Telemark. Av desse var 13 erstatningsbygg og 9 nye bygg.

Strandsonetala viser at utviklinga kan seiast å vere under kontroll. Utviklinga i strandsona må likevel følgjast framover, særleg når det gjeld oppføring av nye bygg der nye område blir tekne i bruk. Rapporteringa av dispensasjonspraksis gir viktig informasjon om utviklinga og held fram. Rapporteringa er no forenkla og skal berre gjerast ein gong årleg, og då om hausten slik at ein får med sommarsesongen. For framtida er det berre nye bygg som skal rapporterast. Dette vil gi eit meir effektivt rapporteringssystem, og vil gjelde dei same tiltaka som er omfatta av rapporten frå Riksrevisjonen. Det vil bli vurdert om rapporteringa på sikt kan inkorporerast i det statleg-kommunale rapporteringssystemet KOSTRA.

I St.prp. nr. 65 (2002-2003) revidert nasjonalbudsjett har Miljøverndepartementet gjort greie for mål og utfordringar knytte til bruk, vern og verdiskaping i fjellområda, med særleg vekt på reiseliv. Regjeringa meiner at nasjonalparkar og andre verneområde har eit stort potensial for turistutvikling, samstundes som natur- og kulturverdiane blir bevarte. Det skal utarbeidast forvaltningsplanar for nasjonalparkane der dette blir eit viktig tema. Forbodet mot kommersiell aktivitet i parkane skal opphevast. Dette gir nye høve for lokal verdiskaping. Natur- og kulturopplevingar er hovudgrunnlaget for turismen i Noreg, og auka fritid gir meir bruk av fjellet til friluftsliv og fritidsbustader. Samstundes gir hyttebygging og turisme viktige inntekter for mange kommunar.

Fjellområda ligg ofte i fleire kommunar og fylke, og krev interkommunalt og regionalt samarbeid. Miljøverndepartementet vil fokusere på dei langsiktige utfordringane som er knytte til berekraftig utnytting av fjellområde, og på den naudsynte samordninga mellom verneplanar og planlegging etter plan- og bygningslova.

Miljøverndepartementet la våren 2002 fram St.meld nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder. I oppfølginga av meldinga er det lagt serleg vekt på å gjennomføre pilotprosjekt på utvalde område i samarbeid med byane, næringslivet og frivillige organisasjonar. Føremålet er å utvikle nye og gode løysingar på miljøproblem og utviklingsoppgåver som kan vere gode døme for andre. Det er starta pilotprosjekt for å utprøve miljøsoner der ein prioriterer reinare luft, mindre støy, trafikktryggleik, tilgjenge for alle, grøntområde og kulturminne. Vidare er det sett i gang prosjekt om sentrumsutvikling og byomforming, og det er innleia eit samarbeid med næringslivet om miljøvennleg transport. Miljøverndepartementet har etablert ein eigen bymiljøpris som går til byar som har gjort ein særskilt innsats for å betre bymiljøet. Kristiansand fekk prisen i 2002 og Drammen i 2003. Eit program for å utvikle attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta vil bli ført vidare. I programmet blir offentlege verkemiddel samkøyrde med private ressursar for å få størst mogleg effekt og skape gode nettverk.

Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002-2003) om Nedbygging av funksjonshemmende barrierer, koordinerer Miljøverndepartementet handlingsprogrammet for universell utforming. Programmet erstattar utviklingsprogrammet Planlegging for alle, og har som mål at dei fysiske omgivnadene i samfunnet skal planleggjast og utformast slik at dei fungerer best mogleg for den enkelte og for samfunnet som heilskap.

Resultatmål 3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunane si fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.

Hovudansvaret for fylkesplanlegginga ligg hos fylkeskommunane. Fylkesplanen skal vere eit felles regionalt plandokument og planprosessane må bere preg av partnarskap, slik at kommunar og stat får eigarskap til planen. I 2002 vart det godkjent 4 fylkesplanar og 11 fylkesdelplanar.

Miljøverndepartementet har i samarbeid med Kommunanes Sentralforbund og aktuelle departement sett i gang eit utviklingsprogram for fylkesplanlegginga. Programmet rettar seg mot å betre den praksisen som er i dag i fylka og sentralt. Eventuelle regelendringar vil bli vurderte i samanheng med forslaga frå Planlovutvalet. Dette gjeld òg den forma som gjeld i dag for statleg godkjenning av fylkesplanane.

Resultatmål 4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene.

I 2002 vart det godkjent 11 fylkesdelplanar som behandlar spørsmål knytte til store samanhengande naturområde, store infrastrukturtiltak og hovudtrekka i utbyggingsmønsteret. Dei handlar om tema som samferdsle, arealbruk og utbygging, vindkraft, kystsone og naturvern.

Stortinget gjorde følgjande vedtak ved behandlinga av St.meld. nr 29 (1996-97) om regional planlegging og arealpolitikk:

«Stortinget ber Regjeringa vurdere å innføre etableringsstopp for nye kjøpesenter i 3-5 år. I denne perioden vert i tilfelle regelverket i plan- og bygningslova gått gjennom, og det vert utarbeidd naudsynte regionale planar med tanke på å oppnå sterkare styring med etablering av kjøpesenter. Det vert føresett at departementet skal kunne dispensere når lokale tilhøve tilseier det.»

Kjøpesenterstoppen vart innført 1. februar 1999 for inntil 5 år. Dei fleste fylka vil venteleg ha slike planar på plass når perioden går ut. Kjøpesenterstoppen opphøyrer som føresett 1. februar 2004. Då vil dei vanlege reglane i plan- og bygningslova gjelde.

Resultatmål 5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring.

Miljøverndepartementet legg vekt på ein aktiv dialog med fylkesnivået. Gjennom årlege tildelingsbrev til fylkesmennene blir det mellom anna teke standpunkt til kva prioriteringar som skal leggjast til grunn for verksemda i fylket. Det er særskilt viktig at fylkesnivået gir naudsynt bistand til kommunane, slik at ein i samarbeid kan oppnå effektive og målretta løysingar på aktuelle arealspørsmål og miljøutfordringar.

På grunnlag av stortingsbehandlinga av Ot.prp. nr. 113 (2001-2002) har Regjeringa satt i kraft lovendringa om fristar i planlegginga og betre tilgang til kart og geografisk informasjon med verknad frå 1. juli 2003. Det er m.a. innført ein frist på 12 veker for kommunane si behandling av private reguleringsframlegg. Eit framlegg til forskrift om redusert gebyr dersom kommunane ikkje held fristen, med sikte på verknad frå 1. juli 2004, er sendt på høyring. Det er òg sett frist for kommunestyret si behandling av reguleringsplanar, og det er innført frist for retten til å reise motsegn frå fylkeskommunen og statlege fagorgan. Dette gir ei meir effektiv planhandtering.

Planlovutvalet, som vart oppretta i 1998, la fram si utgreiing med framlegg til nye planleggingsføresegner for ei betre kommunal og regional planlegging våren 2003 (NOU 2003:14). Framlegget er sendt på brei høyring med frist for uttale 1. desember 2003. Departementet vil som ledd i arbeidet med å effektivisere plan- og byggesaksbehandlinga alt hausten 2003 leggje fram ein odelstingsproposisjon med endringar i føresegnene, slik at ein berre kan fremje motsegn eller klage på same forhold ein gong. I samband med høyringa er det gitt kortare frist for uttale om desse framlegga. Det vil òg bli fremja endringar i føresegnene om konsekvensutgreiingar som følgje av EU-direktiv på området. Fristen for å innarbeide nødvendige føresegner i norsk rett er 27. juni 2004. Departementet vil i 2004 vurdere dei andre framlegga frå Planlovutvalet.

Resultatmål 6. Alle viktige vedtak etter plan- og bygningslova skal baserast på kunnskap om konsekvensar for miljø og samfunn.

Føresegna om konsekvensutgreiingar (KU) i plan- og bygningslova omfattar større utbyggingsprosjekt og stiller krav til vurdering av verknadene for miljø, naturressursar og samfunn før det blir fatta vedtak om gjennomføring. Kvaliteten på konsekvensutgreiingane er tilfredsstillende og både utbyggjarar, styresmakter og allmenta har etter måten god kjennskap til regelverket. Tidsbruken varier avhengig av type utbyggingstiltak og om KU-behandlinga er samordna med plan- eller søknadsprosessen for tiltaket. Departementet vil undersøkje nærare kostnadene og nytten ved KU-reglane.

Departementet vil leggje fram forslag til endringar i føresegnene om konsekvensutgreiingar i samsvar med EU-direktiv om vurdering av miljøverknader av visse planar og program, slik at dei kan vedtakast innan fristen sommaren 2004. Departementet vil samtidig foreslå å forenkle regelverket med sikte på å effektivisere planlegginga. Endringsforslaget vil òg ta omsyn til føresegnene i FN/ECE-protokollen om strategiske miljøkonsekvensutgreiingar som vart underteikna i Kiev i mai 2003.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med om 44,1 mill. kr i 2004. Finansieringa er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1427 og 1429. Fylkesmannen har òg ansvar for oppgåver under resultatområde 9. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.

Føresegnene i plan- og bygningslova om planlegging og konsekvensutgreiing er det viktigaste verkemidlet på resultatområdet.

For å medverke til avgjerder som fungerer godt for samfunnet, må det utviklast eit godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endelig vedtak om arealbruken. Etatane på regionalt nivå må i ein tidleg fase av planarbeidet gjere kommunen kjent med nasjonale og viktige regionale interesser.

I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet blir det arbeidd med å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Departementet gir ut vegleiing og rundskriv knytte til regelverket, og avgjerder og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Easy-find. Publikasjonane PlanNytt og PlanJuss blir utgitt jamleg med oppdatert informasjon. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementet sine internettsider www.planlegging.no. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementet sin innsats. Samarbeidsforum for storbyutvikling, der seks byar og ni departement deltek, er ein viktig arena for politikkformidling og utveksling av erfaringar med planlegging i byområde.

18 Resultatområde 10: Kart og geodata

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar etablering og drift av geografisk basisinformasjon. Resultatområdet dekkjer òg oppfølging og utvikling av standardar og regelverk og fagleg samarbeid med andre land på området, stimulering av norsk næringsutvikling innanfor geografisk informasjonsteknologi (GIT), forsking og utvikling, og sikring av historisk geografisk informasjon. Kartlegging av polare landområde høyrer til resultatområde 8. Resultatområdet inkluderer òg eit forvaltningsansvar for å skaffe fram arealdata for planleggingsformål. Frå 2004 startar arbeidet med å overføre tinglysinga frå domstolane til Statens kartverk som eit sentralt register.

Strategisk mål

Landet skal ha ein tenleg infrastruktur for lett tilgjengeleg geografisk informasjon, dvs. kart og elektronisk baserte tenester som tilfredsstiller det felles behovet ulike brukargrupper har for geografisk informasjon og fastlegging av posisjonar, under dette eit tilfredsstillande geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) for kartlegging, oppmåling og satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming). Det er viktig å utvikle gode standardar for geodata, som er tilpassa internasjonale forhold.

Innanfor arealpolitikken er det eit mål å skaffe fram god informasjon om areala sin tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. Staten og kommunane må i fellesskap etablere dette datagrunnlaget. St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt - et felles fundament for verdiskaping, som Stortinget behandla i juni 2003, gir føringar for ei framtidig utvikling både for Statens kartverk som nasjonalt fagorgan og for kva slag løysingar som skal etablerast for å få på plass ein nasjonal infrastruktur av geodata.

Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Forvaltninga av den nasjonale kart- og geodatapolitikken er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.

Tabell 18.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 10 Kart og geodata

Nasjonale resultatmål

Resultatindikatorar

1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) tilpassa satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming).

Tal på kommunar med ferdig målt landsnett

Gjenståande km høgdegrunnlag

Status for centiposprosjektet

2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar.

Prosentvis del av felles geodata som står att å etablere for landområda

Digitalt eigedomskartverk i prosent av totalt tal eigedommar

3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar.

Ajourhaldsfrekvens for trykt hovudkartserie Noreg 1:50 000

Del trykte sjøkart i moderne kvalitet

Del autoriserte elektroniske sjøkart for norskekysten etter internasjonal standard i prosent av total

4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Utvikling og bruk av nasjonale og internasjonale standardar

Tal på kommunar som deltek i «Geovekst»-samarbeidet for felles forvaltning av geodata

Tal på brukarar (oppslag mot) NGIS

5. Arealplanlegginga skal få eit best mogleg informasjonsgrunnlag om verdien og bruken av areala.

Tal på kommunar som har teke Arealis-data i bruk

Statusbeskriving

Resultatmål 1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag tilpassa satellittbasert stadfesting (koordinatbestemming).

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag (kartreferanse). Grunnlaget er bygd opp over ei rekkje år, men er mange stader ikkje så nøyaktig og påliteleg som overgangen til satellittbaserte løysingar krev. Nytt landsomfattande overordna grunnlag, basert på internasjonal standard (EUREF89), kom på plass i 1997. Arbeidet med eit meir detaljert landsnett skjer i samarbeid med kommunar og andre brukarar som samfinansierte prosjekt. Så langt er 56% av kommunane målte ferdig, noko som er godt føre planen. Det står i tillegg att arbeid for den enkelte kommune før den kan ta grunnlaget i bruk i det daglege arbeidet. Det nasjonale høgdegrunnlaget frå 50-talet blir no oppdatert med nye målingar, tilpassa bruk av satellitteknologi. Kartverket vil framleis ta ansvar for å utarbeide tenester som kan ta i bruk satellittinformasjon til posisjonering. Det blir i samarbeid med kommunar og privat sektor bygd ut nettverk som gir stadig større grannsemd ved bruk av satellittdata.

Resultatmål 2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar.

Arbeidet med å etablere grunnleggjande geodata for landområda skjer i nært samarbeid innanfor Geovekst. Dette er eit samarbeid mellom Statens kartverk, Statens vegvesen, landbruksavdelingar på fylkesnivå, Telenor, dei fleste energiverka og dei fleste kommunane om etablering, ajourhald og finansiering av grunnleggjande geodata i samsvar med felles standard, under dette FKB-standarden (Felles Kart Base). Digital førstegongsetablering etter FKB-standard er venta å vere fullført etter 2015. I løpet av 2003 er det venta at ca. 50% vil vere fullført. Den årlege nyetablering ligg på ca. 6%. Det er i 2003 inngått ei avtale med Arbeids- og administrasjonsdepartementet som sikrar fylkesmennene tilgang til nødvendige geodata.

Det nasjonale eigedomsregisteret består av tre element; Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB), Elektronisk grunnbok og digitalt eigedomskartverk (DEK). Arbeidet med etablering av digitalt eigedomskartverk er eit samarbeid mellom Statens kartverk og den enkelte kommune.

Resultatmål 3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar.

Første gongs produksjon av økonomisk kartverk vart fullført i 2002, og omfattar vel 180 000 km2, dvs. alt vesentleg produktivt areal, til saman over 32 000 kartblad. Frekvensen på ajourhaldet av denne typen kart er i dag 18 år. «N50», den digitale førsteutgåva av hovudkartserien for Noreg 1:50 000 vart lansert i 2001.

Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem vil betre tryggleiken til sjøs. Bruk av slike system vil kunne redusere faren for skadar på personar og miljø, redusere materielle kostnader, auke regulariteten, korte ned seglingsruter og styrkje næringsgrunnlaget langs kysten. Så langt har Kartverket gitt ut 49 av 141 papirkart i moderne kvalitet. Det ligg no til rette for å få på plass moderne digitale elektroniske sjøkart for alle viktige farleier langs kysten i 2006-2007, og for heile strekninga frå svenskegrensa til og med Trøndelag i løpet av 2003. Dei siste åra er det blitt sendt ein sjømålingsekspedisjon til Svalbard kvart år. Dette har, saman med investeringa i ny teknologi, gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Til no er 46% av samla areal dekt med tidsmessige målingar. Dei viktigaste sjøområda vil bli målte først.

Resultatmål 4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Det er særdeles viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data. Noreg er aktiv i utvikling og bruk av felles standardar. Erfaringane viser at Kartverket har ei oppgåve som sentral koordinator og bidragsytar i eit vellykka standardiseringsarbeid. Miljøvernforvaltninga spesielt, og offentleg forvaltning generelt, skal gjennomføre ein planmessig bruk av slike standardar.

Geovekstsamarbeidet omfattar så langt 390 kommunar. Det blir årleg produsert geodata for ein verdi av 75 mill. kr innanfor geovekstkonseptet, det meste ved kjøp av tenester i privat sektor.

Sjøkartverket har etablert ei koordineringsteneste for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege. Sjøkartverket har så langt inngått avtale med 8 nasjonar om å finansiere denne tenesta under nemninga PRIMAR Stavanger. Det er ei sentral målsetjing å få fleire land sine sjøkarttenester med i samarbeidet, også dei utanfor Europa.

Resultatområde 5. Arealplanlegginga skal få eit best mogleg informasjonsgrunnlag om verdien og bruken av areal.

Geodata er eit verkemiddel for at kommunane og forvaltninga skal oppnå effektiviseringsvinstar og betre resultat innanfor område der det ofte er utarbeidd nasjonale målsetjingar. Kommunane har ei sentral rolle som planstyresmakt. Geografisk informasjon og kart framstiller biletleg og forenklar viktig faginformasjon. Geodata kommuniserer derfor effektivt med brukargrupper som ikkje har tematisk spesialkompetanse. Noreg digitalt legg til grunn at arealdata, ressursdata, miljødata og plandata skal inngå i den felles geografiske infrastrukturen. Det har gjennom fleire år vore arbeidd med slike temadata innanfor Arealis; i samarbeid mellom kommunar, fylke og statlege fagstyresmakter leia av Statens kartverk. Dette arbeidet blir no ført vidare gjennom ei integrering med samarbeidet om felles basis geodata (Geovekst).

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med om lag 283,3 mill. kr i 2004, der alt i hovudsak blir dekt over kapitla 1465 og 2465. I tillegg dekkjer statsoppdraget midlar til delar av Kartverket si drift som blir finansiert over resultatområde 11. Kapitla 1400, 1410, 1427, 1429 og 1441 er òg med på å finansiere resultatområdet.

Det ansvaret Miljøverndepartementet har innan resultatområdet blir i all hovudsak utført av Statens kartverk. Kommunane har òg eit monaleg ansvar. Verksemda i kommunane er tradisjonelt knytt til teknisk kartlegging (målestokk 1:1 000) og GAB-registrering. Kartverket har eit tradisjonelt ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og register, m.a. hovudkartseriane i målestokk 1:50 000 for respektive sjø og land, økonomisk kartverk (målestokk 1:5 000) og landet sitt offisielle register for grunneigedoms-, adresse- og bygningsdata (GAB-registeret). Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.

Når kart og stadfesta (koordinatbestemt) informasjon blir forvalta i digital form, er ikkje informasjonen lenger knytt til ein bestemt kartmålestokk. Data samla inn til bruk for eitt formål, til dømes lokalt i ein kommune, er like godt eigna til bruk i landsomfattande kartseriar. Å utnytte innsamla data på tvers av forvaltningsnivåa stiller krav til samarbeid om felles dataforvaltning både mellom stat og kommune og mellom dei forskjellige statlege deltakarane. Dette er understreka i St.meld. nr. 30 (2002-2003) om Noreg digitalt, og vil vere førande i arbeidet med å få med nye partar og auka finansiering til den nasjonale infrastrukturen. Statens kartverk er eitt av Miljøverndepartementet og NORAD sine fagsenter for miljøutvikling og deltek med jamne mellomrom i norske bistandsprosjekt. I det siste året har dette vore knytt til Guatemala, Indonesia, Laos, Vietnam, Sri Lanka, Sør-Afrika, Zimbabwe, Mosambik, Tanzania, Palestina, Romania, Kroatia, Kosovo og Makedonia.

19 Resultatområde 11: Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

Definisjon og avgrensing

Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-10. Resultatområdet innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga innanfor alle dei andre resultatområda. Sentrale oppgåver er å:

  • Medverke til å integrere miljøomsyn i andre område av politikken på ein effektiv måte, m.a. ved i samarbeid med andre departement regelmessig å utarbeide Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, årleg vurdere og omtale miljøprofilen i statsbudsjettet og utarbeide nasjonal handlingsplan for berekraftig utvikling (NA21) som skal følgjast opp årleg. Vidareutvikling og vidareføring av sektoransvaret i miljøvernpolitikken vil m.a. ta utgangspunkt i ei evaluering av systemet med sektorvise miljøhandlingsplanar som er utført av Statskonsult.

  • Medverke og ta i bruk generelle økonomiske verkemiddel og frivillige avtaler med næringslivet (når slike alternativ gir betre resultat i form av miljøvennleg teknologi og mindre belastning på miljøet), generelle administrative verkemiddel (f.eks. forsking, informasjon, forvaltningspolitisk samarbeid, innhenting og formidling av miljødata, og miljølære i skulen) eller andre områdeovergripande verkemiddel (f.eks. desentralisering av oppgåver og mynde til regionalt og lokalt nivå).

  • Utføre forvaltningsoppgåver, internadministrasjon som internadministrativt utviklingsarbeid og oppgåver innanfor personale, økonomi, IKT, og andre oppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under dei andre resultatområda.

Områdeovergripande internasjonalt arbeid er omtalt under resultatområde 8.

Strategiske mål

  • Miljøvernforvaltninga skal innrette verksemda slik at måla i miljøvernpolitikken blir nådde til så låge kostnader som mogleg for samfunnet. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel.

  • Miljøvernpolitikken sitt verdigrunnlag skal profilerast, og miljøvernomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet - og liggje til grunn for miljøvernforvaltninga sitt interne arbeid. Kunnskap og tilgjenge til miljøinformasjon skal medverke til å styrkje forståinga for å betre avgjerdsgrunnlaget i miljøvernpolitikken. Det skal leggjast til rette for å styrkje og fornye miljøvernarbeidet, og stimulere til berekraftig praksis regionalt og lokalt.

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving

Resultatområdet har ikkje eigne nasjonale mål, men må sjåast i lys av miljøvernforvaltninga sine områdeovergripande oppgåver, jf. resultatområda 1-10.

Tabell 19.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver

Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål

Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar

1. Sikre at internadministrasjonen av miljøvernforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga.

Godt utført planlegging, økonomistyring, personalforvaltning og annan internadministrasjon.

Utviklinga innanfor IKT har gode nytteuttak av føretekne investeringar.

Oppdatert internt regelverk.

Godt utført planlegging og gjennomføring av tiltak for organisasjonsutvikling, og god oppføljing av andre tiltak innanfor Regjeringa sitt moderniseringsarbeid .

Gjennomført interne tiltak i tråd med prosjektplan for Grøn stat i Miljøverndepartementet.

2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga

Godt gjennomført budsjettarbeid og styringsdialog med regional miljøvernforvaltning, ytre andre etatar og andre verksemder med oppgåver på miljøområdet.

Etablert eit enkelt, forståeleg og operativt system for dokumentasjon av resultat innan miljøvernpolitikken i samarbeid med andre departement.

Etablert og teke i bruk gode prosessar og system for utvikling av og tilgang til ny kunnskap både internt og i samarbeid med andre styresmakter og Noregs forskingsråd.

Teke i bruk eksisterande erfaring og kunnskap på ein effektiv måte.

3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.

Formidle relevant og ny miljøkunnskap på ein føremålstenleg måte til andre departement.

Etablert tilstrekkeleg kunnskap om andre departement sine mål og utfordringar.

Vidareutvikla Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand for å integrere miljøvernpolitikken i viktige prosessar og sektorar.

Integrert miljøvernpolitiske mål og synleggjort det økologiske perspektivet i relevante stortingsdokument frå Regjeringa.

Medverka til fullskala drift av Grøn Stat, dvs. til at alle statlege verksemder har innført miljøleiing innan 2005.

4. Sikre at nasjonale rammevilkår medverkar til å styrkje og fornye det regionale og lokale plan- og miljøvernarbeidet.

Etablert ei føremålstenleg og god ansvarsdeling mellom sentralt, regionalt og lokalt nivå på miljøvernområdet.

Tilrettelagt for at kommunane betre utnyttar det handlingsrommet dei har på plan- og miljøområdet.

Tilrettelagt for føremålstenlege støttefunksjonar og system for dialog og samhandling i samband med overføring av oppgåver til kommunesektoren.

5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar.

Fortløpande formidla Regjeringa sin miljøvernpolitikk via aktuelle kommunikasjonskanalar.

Teke i bruk eigna arenaer for kommunikasjon med ulike målgrupper internt og eksternt.

Lagt til rette for meir open og tilgjengeleg miljøinformasjon.

Statusbeskriving

Arbeidsmål 1. Sikre at internadministrasjonen av miljøvernforvaltninga er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga.

Det ligg føre ein miljøhandlingsplan og overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøvernforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Det blir arbeidd fortløpande med organisasjonsutvikling i tråd med Regjeringa sitt moderniseringsarbeid.

Leiings- og kompetanseutvikling står sentralt for å sikre effektiv og planlagt bruk av ressursane. Det blir arbeidd kontinuerleg med å utvikle personalressursane og vidareutvikle sentrale personalpolitiske område, under dette livsfasepolitikk, inkluderende arbeidsliv og mobilitet. Departementet har m.a. gjennomført ei 360 graders leiarevaluering, og skal arbeide vidare med utvikling av leiing i lys av dette.

Bruken av informasjonsteknologi skal medverke til effektive og betre arbeidsprosessar. Departementet innfører no elektronisk saksbehandling. Strategi for IKT i heile miljøvernforvaltninga blir følgt opp som eit forpliktande samarbeid mellom departement og etatar. Gjennom arbeid med dei fire satsingsområda i strategien blir det fokusert meir på effektiv samhandling og dataforvaltning, modernisering av informasjonsløysingar i forvaltninga, utvikling av IKT-kompetanse, og å leggje til rette for erfaringsutveksling på tvers av faggrenser. Samla strategi for IKT vil bli fornya med verknad frå 2004.

Arbeidet med Grøn Stat er følgt opp gjennom å integrere miljøleiing i departementet sitt system for verksemdsplanlegging. Dette gjer at medarbeidarane kan delta i og komme med innspel om ulike forslag til tiltak. Samstundes gjer verktøya for verksemdsplanlegging at ein sikrar eit system for oppfølging av og måling av effektane av tiltaka over tid. Tiltaksplanen for Grøn Stat i MD er basert på dei fire satsingsområda; innkjøp, transport, avfall og bygg- og energi.

På innkjøpsområdet er det utarbeidd grøne sjekklister for innkjøp på dei viktigaste områda for intern drift av departementet. For å redusere reiser og kostnader knytt til desse har departementet teke i bruk eit eige videokonferanserom slik at til dømes regelmessige møte med etatane kan gjennomførast derifrå. Innanfor avfallsområdet er vi knytte til eit prosjekt for kjeldesortering som er under oppstarting for statlege verksemder på Akershus festning. I forhold til energibruk arbeider ein for å knyte bygningsmassen til departementet til Forsvarsbygg sin driftssentral for festningsområdet.

Arbeidsmål 2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga.

Det er utvikla eit heilskapleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøvernforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå, og skal ivareta alle føremål, under dette også departementet sitt arbeid med etatsstyring.

Miljøvernforvaltninga har ansvar for utvikling og drift av systema for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Miljøvernforvaltninga skal syte for at data som blir nytta i statlege og sentrale internasjonale rapportar er autoriserte og offisielle norske miljødata. Eit system for resultatdokumentasjon i miljøvernpolitikken er utvikla og under prøving. Det blir m.a. lagt opp til ei systematisk innsamling av miljødata og dokumentasjon av resultata av Regjeringa sin samla miljøvernpolitikk gjennom miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering. Systemet vil gi viktig informasjon for å vurdere utviklinga i miljøet og gjennomføringa av politikken innanfor kvar sektor, og identifisere behovet for ny politikk. Referansesystemet for miljøinformasjon skal innehalde tilvisingar til alle miljødata som blir nytta i Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand (RM), Miljøstatus i Noreg på Internett og internasjonal rapportering. Arbeidet med dataproduksjon, forvaltning og formidling må sjåast i samanheng med IKT-strategi for miljøvernforvaltninga.

Miljøverndepartementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta, og at resultata frå forskinga blir formidla slik at dei òg kan nyttast av andre avgjerdstakarar. Det er lagt stor vekt på å formidle nye forskingsresultat til avgjerdstakarane på ein god måte, og at forvaltninga får forståing for i kor stor grad forskingsresultat ligg til grunn for forvaltninga sitt eige arbeid og dei avgjerder den tek. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalte under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EU sitt 5. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, m.a. i miljødelen av rammeprogrammet.

Arbeidsmål 3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.

Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøvernpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand som blir lagt fram annakvart år. For å konkretisere sektoransvaret har departementa i åra 1998-2002 utarbeidd miljøhandlingsplanar for sine ansvarsområde. Som grunnlag for eventuelt å revidere dei planane som er lagt fram har Statskonsult i vår gjennomført ei evaluering av systemet med sektorvise miljøhandlingsplanar. Vidareutviklinga og vidareføringa av sektoransvaret i miljøvernpolitikken vil ta utgangspunkt m.a. i konklusjonar og anbefalingar frå denne evalueringa. Nettverk for miljølære har blitt eit godt hjelpemiddel for lærarar og elevar på alle nivåa innanfor skuleverket. Mange skular nyttar nettverket sine Internettsider, som òg er kopla opp mot Miljøstatus i Noreg for utdjupande bakgrunnsinformasjon.

Det tverrdepartementale samarbeidet om planen eNoreg omfattar spørsmål som både er knytte til berekraftig utvikling og IKT og til verdet av miljøinformasjon og stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som elektronisk innhald.

Grøn stat - innføring av miljøleiing i statlege verksemder

Staten har eit stort potensial til å påverke miljøet, både gjennom eiga drift og eige forbruk, og gjennom påverknad av produksjon av varer og tenester. Sjølv om dei fleste statlege etatar/verksemder har ei driftsform som ikkje medfører store enkeltutslepp samanlikna med tradisjonell industri, fører omfanget av den totale statlege verksemda til at miljøpåverknaden er betydeleg. Regjeringa har sett som mål at alle statlege etatar og verksemder innan utgangen av 2005 skal ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystema for organisasjonen.

Kvart departement har ansvar for å innføre miljøleiing i eige hus og at underliggjande etatar og verksemder innfører miljøleiing innan 2005. Departementa har sjølve allereie gått føre og starta arbeidet med innføring av miljøleiing i 2002.

Fleire av departementa har no kartlagt miljøverknadene av eiga drift, utarbeidd miljømål og handlingsplanar og sett i gang konkrete tiltak for å redusere miljøbelastninga av eiga drift. Finansdepartementet har m.a. gjennomført ei rekkje energisparande tiltak. F. eks. blir no lys og ventilasjonsanlegg automatisk slått av når møterom og andre fellesareal ikkje er i bruk. Nærare omtale av arbeidet er gitt i budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa. I 2003 har arbeidet med miljøleiing også starta i mange underliggjande etatar og verksemder.

For å sikre at statlege verksemder har god nok kunnskap og kompetanse om miljøleiing og aktuelle tiltak, er det blitt utvikla kursopplegg og vegleiingsmateriell tilpassa statlege verksemder. I tillegg vil det bli etablert ein interaktiv nettstad til praktisk hjelp for verksemder. Desse verktøya og hjelpemidla vil òg kunne nyttast av andre offentlege og private verksemder.

Integrert produktpolitikk

Det er eit mål å minimere den uheldige verknaden produkt og tenester har på miljøet, noko som seinast vart uttalt i deklarasjonen frå FN-toppmøtet i Johannesburg om miljø og berekraftig utvikling. Dette området vil derfor vere viktig i Regjeringa sitt vidare arbeid med Nasjonal Agenda 21 - handlingsplan for berekraftig utvikling.

Miljøinformasjon

Etter forslag frå Miljøverndepartementet vedtok Stortinget våren 2003 ei ny lov om allmenta sin rett til miljøinformasjon. Med den nye lova er det teke eit viktig steg for å styrkje retten til miljøinformasjon i Noreg. Lova tettar hol i regelverket, styrkjer og klargjer gjeldande rett og medverkar til å operasjonalisere retten til miljøinformasjon etter Grunnlova § 110 b. Lova innfører nye og sterkare rettar for allmenta både i forhold til offentlege styresmakter og offentlege og private verksemder. Den nye lova gjorde det samstundes mogleg for Noreg å ratifisere Århuskonvensjonen i mai 2003, men Noreg går på fleire område lenger enn kva som er nødvendig for å oppfylle konvensjonen.

Lova inneber ei plikt for både offentlege styresmakter og offentlege og private verksemder til på førespurnad å gi ut miljøinformasjon til allmenta. Lova forpliktar vidare forvaltingsorgan på alle nivå til å gjere allment tilgjengeleg oversiktsinformasjon om miljøtilstand og miljøforhold innanfor sine respektive ansvarsområde. Den retten allmenta har til miljøinformasjon frå offentlege organ er styrkt også ved særskilte innsyns- og saksbehandlingsreglar som går lenger enn offentleglova. Lova vil truleg tre i kraft frå 1. januar 2004.

Arbeidsmål 4. Sikre at nasjonale rammevilkår medverkar til å styrkje og fornye det regionale og lokale plan- og miljøvernarbeidet.

Den regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmennene som skal sjå til at nasjonale miljømål blir omsette til regionale og lokale mål og tiltak. Fylkesmannen har ei sentral rolle i samband med samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar dessutan delar av lovverket på miljøvernområdet. Fylkesmannen sine arbeidsoppgåver skal vere i samsvar med Regjeringa sine prioriteringar. Der internasjonale konvensjonar medfører regionale plikter, må dette prioriterast. Samla sett er miljøvernavdelingane sin innsats i hovudsak retta mot resultatområda 1. Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2. Friluftsliv, 4. Overgjødsling og oljeforureining, 5. Helse og miljøfarlege kjemikaliar, 6. Avfall og gjenvinning, 7. Klimaendringar, luftforureining og støy og 9. Regional planlegging. I tillegg har Miljøverndepartementet ansvaret for andre avdelingar hos fylkesmannen når det gjeld område av meir tverrsektoriell karakter som knyter seg til resultatområda 9. Regional planlegging og 10. Kart og geodata. Fylkesmannen sine viktigaste oppgåver er knytte til:

  • Verneplanarbeidet der tempoet må haldast oppe i tråd med gjeldande framdriftsplanar for nasjonalparkplanen, sluttføring av dei fylkesvise verneplanane, marin verneplan og utvida skogvern.

  • Bevaring av villaksen som er eit nasjonalt satsingsområde der etablering av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar er det viktigaste nasjonale løftet. Oppfølginga av stortingsvedtaket i samband med behandlinga av St.prp. nr. 79 (2001-2002) Opprettelse av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder, blir derfor høgt prioritert. Fylkesmennene sitt arbeid med kartlegging av bestandssituasjonen er viktig i eit nasjonalt perspektiv og må prioriterast. Vidare skal kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris førast vidare.

  • Rovviltforvaltninga der arbeidet med å etablere førebyggjande tiltak skal førast vidare. Ein viser til at det vil bli lagt fram ei ny stortingsmelding om rovviltpolitikken i løpet av 2003.

  • Friluftsliv der det skal leggjast til rette for friluftsliv og å sikre allmenta tilgang til friluftsområde. Fylkesmennene må halde god framdrift i arbeidet med sikring av friluftsområde.

  • Oppfølging av Johannesburgkonferansen og St.meld. nr. 42 (2000-2001) om biologisk mangfald, særlig i utviklinga av eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald. Sentralt i dette arbeidet er etablering av artsdatabank, og data som blir samla inn gjennom den kommunale kartlegginga av biologisk mangfald. Fylkesmannen har ei særs viktig rolle i samband med innhenting og kvalitetssikring av data frå kommunane, og i å vere aktiv i ei felles geodataforvaltning og kompetanseheving i bruken av geografisk informasjon.

  • Arbeidet med forureinande sediment, PCB og andre miljøgifter skal styrkjast. Fylkesmannen skal prioritere utarbeiding av fylkesvise tiltaksplanar for dei mest forureinande fjordsedimenta. Arbeidet med å nå dei nasjonale måla innan forureina grunn inneber ein stor innsats for fylkesmannen i form av opprydding og/eller granskingar. Tilsyn i form av kontroll og reaksjon skal styrkjast for å sikre etterleving av regelverket. Fylkesmannen skal reagere raskt og strengt på alvorlege brot på forureining- og produktkontrollova.

  • Fylkesmannen er forureiningsmyndighet for dei fleste anlegg for mottak, lagring og behandling av avfall. Dette gjeld og avfallsforbrenningsanlegg. Sentralt i dette arbeidet er Fylkesmannen sin oppgåve med å kontrollere anlegga for å sikre at miljøkrava blir overhaldt.

  • Reinsing av avløpsvann. Fylkesmannen gir utslippstillating etter Forureiningslova for avløpsanlegg større enn 1 000 PE og er tilsynsmyndigheit overfor desse anlegga.

  • Delegert myndighet etter forureiningslova på ein rekkje områder vedrørande støy, tildømes skytebaner, pukkverk, motorsportbaner, vindmøller, o.a.

  • Ansvar for regional stat si deltaking og medverknad i den regionale planlegginga, og ansvaret for at nasjonal politikk blir formidla og teken vare på. Fylkesmannen har òg ei oppgåve i å samordne dei statlege interessene i planarbeidet, utføre mekling i motsegnsaker og behandle klager på regulerings- og utbyggingsplanar.

  • Informasjon er eit prioritert verkemiddel for heile miljøvernforvaltninga. Fylkesmannen skal derfor framleis ha skarpt fokus på innhenting, kvalitetssikring, levering og forvaltning av miljø- og geodata. Dataforvaltninga skjer ved hjelp av sentrale fagsystem som er ein del av den nasjonale geografiske infrastrukturen. Vidare skal fylkesmannen formidle kunnskap om utvikling i miljøtilstand og arealbruk.

    Ein syner elles til AAD sin budsjettproposisjon, Programkategori 01.10 Fylkesmennene.

Regjeringa tek sikte på ei gradvis overføring av oppgåver og mynde til kommunane på miljøvernområdet i perioden 2002-2005, jf. St. meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå. Regjeringa vil styrkje det kommunale miljøvernarbeidet ved å gi kommunane auka ansvar og fleire verkemiddel for å ivareta miljøvernoppgåver av lokal karakter.

I tillegg er det viktig å leggje til rette for at kommunane utnyttar betre det handlingsrommet dei allereie i dag har på miljøvernområdet, m.a. gjennom plan- og bygningslova og anna særlovgiving. Det er behov for å gjere tydeleg praktiske rammer, føresetnader og statlege forventningar til kommunen på miljøvernområdet. Ei slik klargjering vil vere ei støtte til dei kommunane som allereie arbeider aktivt på miljøvernfeltet og gjere tydeleg dei forventningane staten har til kommunar som i dag ikkje prioriterer miljøvern høgt nok.

Miljøverndepartementet vil vidare medverke til å leggje til rette for føremålstenlege støttefunksjonar for å fornye og effektivisere det lokale miljøvernarbeidet og stimulere kommunane til å vise engasjement og interesse for miljøvern som eit viktig og framtidsretta politikkområde.

Interkommunalt samarbeid bør utnyttast av kommunane i det vidare arbeidet med miljøvern.

Arbeidsmål 5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar.

Internett er i dag den sentrale kanalen for informasjonsformidling frå Miljøverndepartementet. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengeleg under ei felles inngangsside for miljøvernforvaltninga, www.miljo.no.

Både informasjonsmengda og den teknologiske utviklinga har medverka til at departementet sine internettsider er blitt ein betre formidlingskanal. Eit døme på dette er at alle høyringssaker blir lagt ut på nettet. Brukarane har òg høve til å sende inn høyringsfråsegnene elektronisk. Betre tilgjenge og ei meir opa haldning er m.a. i tråd med Århus-konvensjonen og retten til miljøinformasjon. Bruken av Internett er ein viktig del av strategien for IKT i miljøvernforvaltninga, særleg når det gjeld utvikling av interaktive, brukartilpassa informasjonsløysingar.

Under www.miljo.no er Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) inngangen til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøvernpolitiske resultatområda. Det finst òg eigne nettstader for planlegging etter plan- og bygningslova, www.planlegging.no, for EØS-arbeidet, www.eu-miljo.no, og for den kommande rovviltmeldinga, www.rovviltmelding.no.

Pressa og frivillige organisasjonar er viktige målgrupper for Miljøverndepartementet. Vi legg derfor særleg vekt på at desse gruppene får god tilgang til informasjon, slik at dei på sin måte kan formidle vidare til sine målgrupper.

Pressereiser i samband med nasjonale og internasjonale møte der miljøvernministeren deltek er blant tiltak som blir nytta. Det vil bli lagt stor vekt på informasjon i samband med at miljøvernministeren i år er blitt formann for FN-kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD).

På tradisjonell måte blir det òg utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrifter, og det blir arrangert pressekonferansar ved viktige hendingar.

Det er viktig å ha gode samarbeidsrelasjonar med organisasjonane, og driftstilskot til dei frivillige organisasjonane må sjåast på som eit viktig verkemiddel for å styrkje deira høve til aktivitet og deltaking.

Det blir sett av midlar til ulike informasjonstiltak og aktivitetar. Det blir laga faktaark om ulike tema, gitt tilskot til utstillingar og seminar, og ein markerer internasjonale miljødagar.

Verkemiddel

Resultatområdet er planlagt finansiert med om lag 431,4 mill. kr over Miljøverndepartementet sitt budsjett for år 2004. Resultatområdet omfattar innsatsen av områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver på tvers av alle resultatområda 1-10, og blir finansiert av alle delar av miljøvernforvaltninga, jf. kap. 1400, 1410, 1425, 1426, 1427, 1429, 1432,1441, 1465og 1471. Tilskot til miljøvernorganisasjonane er òg eit viktig verkemiddel for å styrkje medverknad og engasjement omkring ulike miljøspørsmål, jf. kap. 1400, post 70. For år 2004 er det totalt avsett omlag 90,2 mill. kr til miljøovervaking over Miljøverndepartementet sitt budsjett, jf. kap. 1410, post 21. I tillegg blir lønn og drift av fylkesmannen sine miljøvernavdelingar finansiert over kap. 1510, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren og plansida, f.eks. plan- og bygningslova, forureiningslova, naturvernlova m.m.

Ein effektiv og målretta organisasjon er eit avgjerande verkemiddel for gjennomføring av Miljøverndepartementet sine mål.

Fotnotar

1.

For resultatmål 3 er det føyd til eit mål for Noregs årlege utslepp av VOC frå heile fastlandet og heile den norske økonomiske sonen for perioden fram mot 2010. Samtlege resultatmål reflekterer dei forpliktingar Noreg har teke på seg for dei omtalte stoffene i protokollar under ECE-konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureiningar, inkludert Gøteborgprotokollen som Noreg har ratifisert, men som enno ikkje har trådt i kraft. Formuleringa av resultatmåla er endra for å få eit betre samsvar med forpliktingane i det nemnte protokollane.

Til forsida