St.prp. nr. 1 (2003-2004)

FOR BUDSJETTERMINEN 2004 — Utgiftskapittel: 1400-1471, 2422 og 2465 Inntektskapittel: 4400-4471, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 3
Miljøverndepartementet sitt budsjettforslag for 2004

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast attende til alle resultatområda. Reduksjonen i løyving samanlikna med saldert budsjett 2003 skuldast i hovudsak at det ikkje blir ført opp tilskot til modernisering av nikkelverket på Kola. Dette har samanheng med at det blir rekna med at framdrifta blir seinka 1-1,5 år pga. problem med handteringa av dei store mengdene med svovelsyre som vil bli produserte. Det blir elles vist til innleiinga i del 2 der det er gjort greie for budsjettvise endringar i 2003 innanfor dei ulike resultatområda.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1400

Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)

385.146

452.350

310.735

-31,3

1410

Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410)

337.280

329.912

326.443

-1,1

Sum kategori 12.10

722.426

782.262

637.178

-18,5

Kap. 1400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

157.416

154.841

155.232

21

Spesielle driftsutgifter

60.369

61.628

47.685

60

Tilskot til lokalt miljøvern , kan overførast

5.177

2.000

61

Yttersjø gard

3.700

70

Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar

33.250

35.050

26.077

71

Internasjonale organisasjonar

33.998

33.335

33.457

72

Miljøverntiltak i nordområda , kan overførast

8.000

7.000

7.000

73

Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk , kan overførast

38.425

33.425

26.713

74

Tilskot til AMAP , kan overførast

2.200

2.200

2.200

75

Miljøvennleg byutvikling , kan overførast

2.574

4.000

4.000

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak , kan overførast

10.635

5.371

8.371

77

Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån

14.340

78

Miljøtiltak til nikkelverka på Kola , kan overførast, kan nyttast under post 21

18.762

109.800

Sum kap. 1400

385.146

452.350

310.735

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter som Miljøverndepartementet har til lønn og godtgjersler for sine tilsette. Omlag to tredelar av løyvinga gjeld dette. Løyvinga dekkjer òg driftsutgiftene for departementet, under dette husleige, kjøp av materiell, inventar og utstyr, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd, tiltak for kompetanseutvikling, arkiv- og kontortenester og drift og utvikling av IT-anlegget til departementet. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største.

Meirinntekter under kap. 4400 post 02 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter Miljøverndepartementet har til kjøp av tenester knytte til faglege utgreiingar. I tillegg blir utgifter til enkelte mellombels stillingar i tilknyting til faglege prosjekt dekte, og mindre administrative kostnader knytte til desse stillingane. Posten omfattar alle resultatområda.

Posten vil bli nytta til tiltak og samarbeid på det internasjonale og nordiske området. Den dekkjer mellom anna arbeid knytt til FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) der miljøvernministeren er formann. Det er sett av midlar til utgreiingar innanfor prioriterte område som klima, og til forvaltning av tilskotet til modernisering av nikkelverket i Petsjenga på Kola. Utgreiingar som mellom anna Sysselmannen på Svalbard og Svanhovd Miljøsenter i Pasvik utfører når det gjeld arbeidet i høve til Arktis og samarbeidet med Russland, blir òg dekte av denne posten.

Det er sett av midlar til screening av miljøgifter i nordområda.

Posten dekkjer òg ulike fagprosjekt innafor biologisk mangfald og friluftsliv. Tiltak for å styrkje dei ville laksebestandane og tiltak for fjellreven vil bli prioriterte. Det same gjeld arbeid med gjennomføring og evaluering av forsøksprosjekt om motorferdsel.

Utgifter til utvikling av lovverk og teknologi som legg til rette for meir effektiv plan- og byggjesaksbehandling blir òg dekte under denne posten. Det er òg sett av midlar til arbeidet med forankring av prinsippet om universell utforming i planlegging og tiltak i samband med byutvikling og miljøvenlege og attraktive tettstader.

Det er rekna med midlar til miljøprosjekt under Sjøfartsdirektoratet, mellom anna internasjonalt arbeid i tilknyting til FNs sjøfartsorganisasjon IMO, EU, Nordsjøsamarbeidet og Arktis-samarbeidet, og nasjonalt arbeid som gjennomføring av internasjonale forpliktingar, utarbeiding av forskrifter m.m.

Arbeid knytt til nominasjon av nye norske område til UNESCO si verdsarvliste, mellom anna Vega-øyane og Verstnorsk fjordlandskap, vil òg bli prioritert.

Vidare dekkjer posten informasjonstiltak overfor media og andre målgrupper. Mindre beløp kan òg nyttast som bidrag til finansiering av info-/mediatiltak som andre gjennomfører der desse passar saman med informasjonsopplegget til departementet.

Meirinntekter under kap. 4400 post 21 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 60 Tilskot til lokalt miljøvern, kan overførast

Midlane er innlemma i det ordinære rammetilskotet til kommunane.

Post 61 Yttersjø gard - kjøp av areal rundt garden

Posten var ei eingongsløyving for 2003 og er lagt ned i statsbudsjettet for 2004.

Post 70 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar

Posten omfattar all grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar som blir gitt over budsjettet til Miljøverndepartementet. Støtte blir gitt til organisasjonar som har sitt kjerneområde direkte knytt til miljøvern eller fagspesifikke område.

Posten blir redusert med 9 mill. kr i forhold til i fjor. Dette har samanheng med at tilskotet til Miljøheimevernet - Grønn hverdag blir overført til kap. 1400 post 73. Ein viser til omtale under den posten. Grunnstøtta til Noregs Velforbund går ut frå 2004, då denne organisasjonen ikkje har miljøvern som sitt kjerneområde. Elles er posten prisjustert.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit breitt utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med miljøvern som hovudarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt. Storleiken på driftstilskota blir fastsett m.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå lokalt, deira økonomi og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane. Det blir ikkje gitt grunnstøtte til stiftingar over denne posten.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.

Tabell 20.1 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar

Organisasjon

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Miljøheimevernet

8 000

8 000

Norges Naturvernforbund

4 084

4 324

4 480

Framtiden i våre hender

1 500

1 588

1 645

Den Norske Turistforening

2 743

2 904

3 009

Norges Jeger- og fiskerforbund

3 759

3 980

4 123

Friluftslivets fellesorganisasjon

1 853

1 962

2 033

Norsk Ornitologisk Forening

1 131

1 198

1 241

Kulturvernets fellesorganisasjon

510

540

559

Fortidsminneforeningen

2 398

2 539

2 630

Forbundet Kysten

1 014

1 074

1 113

Norsk forening for fartøyvern

928

982

1 017

Noregs Velforbund

1 775

1 879

Natur og Ungdom

804

852

883

Norges Miljøvernforbund

160

170

176

WWF-Norges Medlemsforening

430

455

471

Norsk forening mot Støy

612

648

671

Norsk Vannforening

175

185

192

Samarbeidsrådet for biologisk mangfold

537

569

589

Norsk Biologforening

74

78

81

Norsk Zoologisk Forening

49

52

54

Norsk Entomologisk Forening

74

78

81

Norsk Botanisk Forening

74

78

81

Foreningen Våre Rovdyr

119

125

130

Norsk Soppforening

47

49

50

Blekkulfs miljødektektiver

400

741

768

Sum

33 250

35 050

26 077

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under denne posten gjeld alle resultatområde, unnateke resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Auken på posten i forhold til budsjettet 2003 gjeld tilskot til ICOMOS som er flytta frå kap. 1429 post 75.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører eit viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FN sitt miljøfond (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:

  • FN sitt miljøfond (UNEP)

  • Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane

  • Interimsekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).

  • Sekretariatet for Den nord-atlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Biodiversitetskonvensjonen

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)

  • Miljøverndepartementet sin del av det norske bidraget til grunnkapital i Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • FN sitt klimapanel (IPCC)

  • FN sin Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)

  • Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og forhandssamtykke ved eksport av kjemikaliar

  • Århuskonvensjonen om miljøinformasjon

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

Kontroll overfor tilskotsmottakar

Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar.

Post 72 Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8. Løyvinga er oppretta for å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Ordninga er ikkje open for søknad. Relevante tilskotsmottakarar blir tilskrivne.

A: Tilskot til drift av Polarmiljøsenteret A/S

Mål:

Målet med ordninga er utvikling av Polarmiljøsenteret A/S i Tromsø.

Kontroll overfor tilskotsmottakar

I tillegg til fagleg kontakt blir det motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar frå tilskotsmottakar. Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av årsrapport og rekneskap, ved kontroll av tilskotsmottakaren si faktiske etablering i senteret og ved at tre av departementet sine direktorat deltek i selskapet sitt styre.

B: Tilskot til FoU-verksemd

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Målgruppa for tilskotsordninga er samarbeidande forskingsinstitutt som er deltakarar i Polarmiljøsenteret.

Kriterium for oppfølging

Forskingsinstitutta og andre som får tilskot rapporterer på talet FoU-prosjekt som er sette i verk og avslutta, mengda av publiserte og selde publikasjonar, under dette også ved internasjonal referee.

Kontroll overfor tilskotsmottakar

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter for tilskota. Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av dei innsende rapportane.

Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast

Mål

Målet med tilskotsordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, kommunar og hushald.

I statsbudsjettet for 2003 vart det varsla ein gjennomgang av ordninga. Som ein del av dette arbeidet er fleire av dei som i dag mottek økonomisk støtte evaluerte. Det gjeld verksemdene GRIP Senter, LOOP og Idébanken. I tillegg er Miljøheimevernet/Grønn Hverdag inkludert i evalueringsrapporten. Sistnemnde organisasjon mottek for inneverande år tilskot over kap. 1400 post 70 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar.

Evalueringa påpeiker at det er naudsynt med endringar som kan rasjonalisere arbeidet i verksemdene og auke miljønytten av dei statlege tilskota.

Gjennom auka samarbeid, samlokalisering og ev. samanslåing meiner departementet at verksemdene vil framstå som mindre fragmenterte, og dei totale ressursane og fagkompetansen vil kunne utnyttast atskilleg meir effektivt. Dette vil dessutan kunne forsterke gjennomslagskrafta og formidlingsevna til verksemdene og gjere dei meir robuste og fleksible, noko som er klart nødvendig.

Verksemdene rettar innsatsen sin mot både kommunar og næringsliv. Etter departementet si vurdering bør interesseorganisasjonar, som m.a. NHO og KS, i større grad bruke og støtte opp om arbeidet i verksemdene, også økonomisk. Interesseorganisasjonane bør medverke sterkare til å spreie og forankre miljøbodskapen hos sine «medlemmer», og ta større ansvar for utviklinga av verksemdene. Det siste kan m.a. skje gjennom aktivt å delta i styra for verksemdene.

På bakgrunn av et ikkje ubetydeleg skarpstillingspotensiale er den totale tilskotsramma til desse verksemdene foreslått redusert.

Som nemnt innleiingsvis mottek Miljøheimevernet - Grønn Hverdag i dag tilskot over kap. 1400 post 70. Departementet foreslår at organisasjonen i 2004 får sitt tilskot over kap. 1400 post 73. Dette vil etter departementet si vurdering vere meir i samsvar med og gi eit meir riktig bilete av kva type aktivitet organisasjonen mottek støtte til. Ut frå same vurdering er driftstilskotet til GRID Arendal flytt over til kap. 1400 post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale tiltak.

For 2004 er det vidare avsett kr 900 000 til tilskot til Miljøstiftelsen Bellona. Føresetnaden for tilskotet er at Miljøstiftelsen Bellona legg fram ein konkret søknad om tilskot til prosjekt, som departementet vil vurdere. Målet med tilskotet vil m.a. vere å medverke til auka kunnskap om og formidling av informasjon om meir miljøvennleg energi- og miljøteknologi. Det blir lagt til grunn at Bellona samarbeider med aktuelle aktørar innan m.a. forsking og næringsliv.

Ordninga vil derfor bli noko endra og vil i 2004 omfatte:

  • Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen for berekraftig produksjon og forbruk, GRIP Senter, som skal utvikle og formidle kunnskap om metodar som sameiner auka verdiskaping med redusert ressursbruk og miljøbelastning

  • Drifts- og prosjekttilskot til Grønn Hverdag - Miljøheimevernet. Verksemda skal gjennom praktiske råd og løysingsforslag påverke m.a. forbrukarane til meir miljøvennleg åtferd

  • Drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen Idébanken. Stiftinga har som formål å fremje og formidle praktiske, lokale forsøk på å realisere ei berekraftig utvikling og gjere synleg det lokale handlingsrommet som finst.

  • Driftstilskot til stiftinga Miljømerking i Noreg, som skal stimulere næringslivet si satsing på å utvikle meir miljøvennlege produkt og stimulere forbrukarane til val av desse (ordninga er nærare omtalt i Barne- og familiedepartementets budsjettproposisjon)

  • Tilskot til Miljøstiftelsen Bellona for arbeid med innsamling, samanstilling og formidling av kunnskap om meir miljøvennleg energi- og miljøteknologi

  • Prosjekttilskot til LOOP, ei stifting som arbeider med å gi meir heilskapleg og samordna informasjon til næringsliv, kommunar og forbrukarar om handtering av alle typar avfall, under dette spesialavfall

  • Driftstilskot til Miljøfyrtårn-programmet som skal medverke til å motivere kommunar og lokalt næringsliv til å bli meir miljøeffektive

  • Drifts- og prosjekttilskot m.m. til ORIO-programmet for auka gjenvinning av våtorganisk avfall og slam. Programmet får også midlar frå Landbruksdepartementet

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i det enkelte tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikter for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga medverkar til å oppnå måla på resultatområde 8.

Mål

Målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftinga AMAP.

Stiftinga AMAP vart oppretta av Miljøverndepartementet 24.06.97. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet. I juni 1997 la AMAP fram ein omfattande tilstandsrapport for miljøet i Arktis, «Arctic Pollution Issues: A State of the Arctic Environment Report». Rapporten gir eit godt grunnlag for opprydding og førebygging av forureiningsproblem i Arktis.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftinga.

Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast

Tilskotsordninga vart oppretta i samband med behandlinga av St.prp. nr. 84 (2000-2001) og vil bli ført vidare som oppfølging av St.meld. nr. 23 (2001-2002) om betre miljø i byar og tettstader. Midlane er i hovudsak retta mot resultatområde 9 Regional planlegging, men òg resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv, 3 Kultur og kulturmiljø og 7 Klima, luftforureining og støy.

Mål

Formålet med ordninga er å utvikle og stimulere til nye løysingar som fremjar miljøvennleg byutvikling og byforvaltning. Dette gjeld både tiltak i miljøbelasta område i byane og nye samarbeidsformer innan arbeidsfelt med mange aktørar og ikkje avklarte ansvarsforhold.

Som oppfølging av St.meld. nr. 23 (2001-2002) har staten invitert nokre byar til pilotprosjekt der offentlege etatar, næringsliv og bebuarorganisasjonar går saman om å utprøve nye løysingar. Dette gjeld til dømes etablering av såkalla miljøsoner, der tiltak som kan gi reinare luft, mindre støy, betre trafikktryggleik, tilgjenge til grøntområde og betre kulturmiljø blir sett samla innanfor eit avgrensa område. Andre pilotprosjekt er omforming av gamle byområde, planlegging, drift og vedlikehald av sentrumsområde og samarbeid med næringslivet om miljøvennlege arbeids- og tenestereiser.

Aktivitetar som er i gang, m.a. samarbeid mellom staten og Oslo kommune om å betre miljøet i Groruddalen og nettverks- og kompetansebygging for utvikling av miljøvennlege og attraktive tettstader i distrikta, vil bli førte vidare.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang blir følgde opp fortløpande både fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar og rekneskapsrapportar av tilskotsmottakar etter avslutta prosjekt. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskapar. Det vil bli sett i gang forskingsbasert evaluering av tiltak som er sette i verk, og resultata frå evalueringa vil bli nytta i det vidare bypolitiske arbeidet lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Midlane under denne posten gjeld resultatområda 7 og 8.

Auken på posten skuldast i hovudsak at tilskotet til GRID Arendal er overført frå kap. 1400 post 73 (4 mill. kr). GRID Arendal vart etablert i 1989 som ein stifting knytt til FN sitt miljøprogram (UNEP). Hovudoppgåvene til GRID Arendal er å vere eit internasjonalt senter for miljøinformasjon og støtte UNEP sine aktivitetar på dette området. I samsvar med avtale mellom Noreg og UNEP medverkar Noreg med 4 mill. kr til grunnfinansiering av GRID Arendal. Midlane til Kiev-konferansen, som vart gjennomført i 2003, er tekne ut.

Mål

Målet med ordninga er å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er særs viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt. Ordninga skal òg medverke til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld klimaendringar, stoff som bryt ned ozonlaget og grenseoverskridande luftforureiningar. Tilskotsordninga blir ikkje kunngjort fordi det er praktisk umogeleg å nå heile målgruppa i ei kunngjering.

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå frivillige organisasjonar og rekneskapar for andre gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formalia- og sannsynskontroll.

Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån

Ordninga vart avvikla frå og med 1991. I 1991 vart det innført ei ny ordning med statsgaranterte miljøvernlån for investeringar i tiltak innan gjenvinning, spesialavfall og miljøteknologi i industrien. Denne vart avvikla frå og med 1997.

Låna er sikra mot pant eller med tilsvarande sikring, f.eks. negativ pantstillingserklæring. I tilfelle gjeldssaneringar, konkursar mv. blir staten sitt garantiansvar effektivt når den sikringa som er etablert ikkje eller berre delvis gir dekning for miljøvernlåna. Det årlege behovet for løyvingar kan ikkje fastsetjast, og forslag til løyving er ikkje oppført. Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. For at dette skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader, har departementet fullmakt til å utgiftsføre utan løyving fastslåtte tap under føresetnad av at det så snart det er føremålstenleg blir fremja forslag til løyving for Stortinget. Denne fullmakta blir føreslått ført vidare i 2004, jf. Forslag til vedtak III. Det var eit tap på 14,3 mill. kr på ordningane i 2002. Garantiansvaret for dei tre ordningane som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, er samla sett redusert frå om lag 164,4 mill. kr pr. 31. desember 2001 til omlag 111 mill. kr ved utgangen av 2002.

Tabell 20.2 Garantifullmakter under kap. 1400 post 77

I Garanti for lån i SND

(i 1000 kr)

a)

Tap i 2002

0

b)

Garantiansvar 31.12.02

27 968

c)

Fullmakt, nye tilsegner i 2003

0

d)

Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2004

0

e)

Totalramme i 2004

27 968

II Garanti frå SND til andre private kredittinstitusjonar på vegne av staten

   

(i 1000 kr)

a)

Tap i 2002

0

b)

Garantiansvar 31.12.02

2 288

c)

Fullmakt, nye tilsegner i 2003

0

d)

Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2004

0

e)

Totalramme i 2004

2 288

III Statsgaranterte lån i private kredittinstitusjonar og SND

   

( i 1000 kr)

a)

Tap i 2002

14 340

b)

Garantiansvar 31.12.02

80 601

c)

Fullmakt, nye tilsegner i 2003

0

d)

Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2004

0

e)

Totalramme i 2004

80 601

Post 78 Miljøtiltak til nikkelverka på Kola, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga og tilsegnsfullmakta under denne posten gjeld resultatområde 8. Under behandlinga av St.prp. 84 (2000-2001) slutta Stortinget seg til at Noreg løyver inntil 270 mill. kr til modernisering av nikkelverket i Petsjenga på Kolahalvøya. Midlane skal òg dekkje kostnadane ved forvaltning av tilskotet. Føresetnaden for tilskotet er at det blir ein vesentleg reduksjon i utsleppa av SO2, tungmetall og støv frå anlegga, og at det vart gitt skatte- og avgiftsfritak på det norske bidraget. Under statsministeren sitt offisielle besøk i juni 2001 vart avtale om fritak på skattar og avgifter inngått. Den nordiske investeringsbanken (NIB) er engasjert til å forvalte tilskotet. Banken skal òg yte eit lån til prosjektet i same storleik som tilskotet. Avtalane om tilskot og lån mellom NIB og eigarselskapet til nikkelverka vart underteikna første halvår 2002, om lag eit halvt år etter planane, noko som forseinka prosjektet.

Moderniseringsprosjektet er tredelt. Det går ut på å byggje briketteringsanlegg i Zapoljarny og å byggje ny smelteomn og ny svovelsyrefabrikk i Nikel. Investeringane på ca. 93,5 mill. USD blir finansierte med tilskotet frå Noreg og eit tilskot frå Sverige på 3 mill. USD, medan resten blir dekt av lån frå NIB (30 mill. USD) og eigendel frå Norilsk Nikel-konsernet. Ombygginga starta i 2002, ca. eit halvt år forseinka. Bygginga av briketteringsanlegget i Zapoljarny går som planlagt. Norilsk Nikel-konsernet gjer i tillegg omfattande investeringar i gruvedrift, knusing og oppkonsentrering av malm i Zapoljarny. Dette er viktige investeringar for vidare drift av nikkelverket.

Det er venta ein reduksjon i utslepp av svoveldioksid, støv og tungmetall på minst 90% når prosjektet er gjennomført. Dette vil gi merkbar betring av helse og miljø lokalt og for miljøet i Finnmark.

NIB har informert departementet om at prosjektet blir seinka med 1-1,5 år i forhold til tidlegare planlagt ferdigstilling som var innan utgangen av 2006. Hovudgrunnen til dette er at det har oppstått vanskar med handteringa av dei store mengdene med svovelsyre som vil bli produserte; mellom anna blir det vurdert å nytte ein alternativ teknologi som reduserer mengda av produsert svovelsyre. Dette er ein kjent teknologi som òg var eit alternativ tidlegare i planleggingsprosessen. I følgje NIB vil ikkje dette påverke utsleppsreduksjonane. Pga. seinkinga i framdrifta av prosjektet ser det ikkje ut til å vere behov for løyving til prosjektet i 2004. Regjeringa foreslår derfor inga løyving i 2004 på posten. Departementet føljer saka nøye og vil halde Stortinget orientert om utviklinga.

Det er avsett 0,7 mill. kr under kap. 1400 post 21 til å dekkje utgifter ved forvaltning av tilskotet i 2004.

Rest på tilsegnsfullmakta blir etter dette 124,2 mill. kr, jf. Forslag til vedtak VI.

Kap. 4400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 1400)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

02

Ymse inntekter

1.054

87

90

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

600

622

16

Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar

1.425

18

Refusjon av sjukepengar

2.290

21

Oppdragsinntekter

544

688

713

Sum kap. 4400

5.312

1.375

1.425

Post 02 Ymse inntekter

Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, m.a. gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med ca. kr 622 000 i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71.

Post 21 Oppdragsinntekter

Midlane er i hovudsak refusjonar knytte til utgifter i samband med oppdrag innan miljøretta bistand. Eventuelle meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 21, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

21

Miljøovervaking og miljødata

90.613

90.157

90.188

50

Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

85.910

89.586

89.586

51

Forskingsprogram m.m.

123.818

125.818

126.518

52

Rekrutteringsstipend til kvinnelege miljøvernforskarar

1.100

200

53

Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

5.000

5.000

5.000

60

Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald , kan overførast

6.188

4.000

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

22.151

15.151

15.151

79

Diverse tilskot

2.500

Sum kap. 1410

337.280

329.912

326.443

Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking gjeld basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta, forskingsprogram m.m. og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområde.

Post 21 Miljøovervaking og miljødata

Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytte til dei miljøvernpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, m.a. utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast er dekte over andre postar på Miljøverndepartementet sitt budsjett.

Vidare består utgiftene i hovudsak av kjøp av varer og tenester frå forskingsinstitutt m. fl. som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.

Posten dekkjer mellom anna bidrag til artsdatabanken og det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biomangfald. For 2004 er det lagt inn ein auke til overvaking av fjellrevbestanden som er att. Ein viser til samla omtale av fjellreven under kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning.

Miljøovervaking og miljøstatistikk gir kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde, og kva miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. Vidare pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøvernavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye.

Auka vektlegging av resultatoppfølging og sektoransvar i miljøvernpolitikken gjer det nødvendig med meir systematisk bruk av miljøstatistikk enn tidlegare. Samarbeidsavtala med Statistisk Sentralbyrå har gitt gode oversikter over eksisterande statistikk som kan nyttast i samanheng med miljøovervaking.

Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år.

Dette gjeld først og fremst område der det tidlegare har vore nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, m.a. utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon. På andre område er overvakinga under utvikling for å kunne møte nye krav og ny kunnskap. Dette gjeld særleg innanfor biologisk mangfald, nye miljøgifter og kulturminne. I 2004 er det lagt opp til å vidareføre dette.

Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda. Løyvinga for 2004 er uendra i forhold til saldert budsjett 2003.

Mål

Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for jordfagleg miljøforsking (Jordforsk) og Senter for klimaforsking (CICERO) er sentralinstitutt innan sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt innan sine område. NIBR, NILU, NINA, NIKU, NIVA og Jordforsk danna i 2001 selskapet Miljøalliansen AS, som skal medverke til auka verdiskaping og kunnskapsproduksjon i samfunnet.

Posten dekkjer basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, under dette ein del av basisløyvinga til JORDFORSK. Noregs forskingsråd gir råd om fordeling av midlane. Basisløyvingane blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd. Basisløyvinga omfattar grunnløyving og løyving til strategiske instituttprogram, jf. resultatområde 11 i tabellen over resultatområde. Posten inkluderer òg 5,0 mill. kr til nasjonal brukarfinansiering av EU-prosjekt ved miljøinstitutta.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med det enkelte institutt for drøftingar av miljøforvaltninga sine kunnskapsbehov. Noregs forskingsråd sin instituttpolitikk medfører at alle institutta skal evaluerast ca. kvart 6. år. Følgjande institutt er evaluerte: NILU (1997), NIVA (1998), JORDFORSK (1998), NIKU (1999) og NIBR (2001). Ei samla vurdering av felles problem og samarbeidsområde mellom desse institutta var ferdig hausten 1999. Det vart m.a. konkludert med at basisløyvinga har ein ikkje ubetydeleg innverknad på institutta si kompetanseutvikling. Grunnløyvinga er framleis eit sentralt verkemiddel for å sikre nødvendig kunnskapsbasis til å utvikle sentrale fagområde som ein ventar vil vere av verdi for forvaltninga. CICERO vart evaluert i 2000.

Post 51 Forskingsprogram m.m.

Posten er auka med 0,7 mill. kr. Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innafor alle resultatområde, unnateke resultatområde 10 Kart og geodata.

Mål

Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.

Hovudvekta er lagt på forsking innan klimaendringar, inkl. forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking innan biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. I 2003 vart 16 forskingsprogram finansierte over Miljøverndepartementet sitt budsjett, og alle var samfinansierte, hovudsakleg med midlar frå budsjetta til andre departement. Forsking er eit viktig verkemiddel og er derfor nærare omtalt under dei enkelte resultatområda. Det bli framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda innan Noregs forskingsråd.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyre.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek vare på den norske medlemskapen.

Post 60 Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald, kan overførast

Posten er lagt ned i statsbudsjettet for 2004, og midlane er i all hovudsak overførte til rammetilskotet til kommunane under Kommunal- og regionaldepartementet.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Mål

Målet er å syte for at alle miljøinstitutta har ressursar til fagleg rådgjeving til miljøvernforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøvernforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, næringsliv og publikum, kvalitetssikring av data, etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar og bibliotekfunksjonar m.m.

Det blir gitt tilskot på til saman 15,2 mill. kr.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med det enkelte institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.

Kap. 4410 Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 1410)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

50

Refusjon av diverse fond

4.668

4.000

4.000

Sum kap. 4410

4.668

4.000

4.000

Beløpet gjeld den delen av basisløyvinga til NINA-NIKU som er finansiert ved retningslinjer frå Viltfondet og Statens fiskefond. Ein viser til omtale under kap. 4425 under programkategori 12.20.

Programkategori 12.20 Biomangfald og friluftsliv

Regjeringa prioriterer høgt å ta vare på norsk natur. Dei siste hundre åra er villmarka i Noreg redusert frå omkring halvparten av landarealet til 12%, og til berre 5% i Sør-Noreg. For å verne om dei villmarksområda som er att for kommande generasjonar, vil Regjeringa fortsette det intensiverte arbeidet med å gjennomføre nasjonalparkplanen. Sidan tiltredinga i 2001 har Regjeringa oppretta i alt 214 verneområde på til saman 7 840 km2. Aldri har ei regjering teke vare på så mykje av norsk natur på så kort tid som denne Regjeringa. I løpet av 2004 er følgjande verneplanar planlagt gjennomførte innafor nasjonalparkplanen: Varangerhalvøya, Reinheimen, Naustdal/Gjengedal, Ålfotbreen, Geiranger/Herdal, Folgefonna, Ytre kystsone Flekkefjord og Ytre kystsone Kristiansand - Mandal. Gutulia nasjonalpark skal utvidast. Nye nasjonalparksenter vil bli oppretta, og forvaltnings- og skjøtselstiltak i nasjonalparkane vil bli prioriterte. Det er lagt inn ein monaleg budsjettauke for å styrkje oppsyn i regi av Statens naturoppsyn i nye nasjonalparkar og andre verneområde. I 2004 gjer ein framlegg om å løyve meir midlar til kjøp av friluftsområde, m.a. for å sikre nokre av strandperlene for allmenta.

Det er viktig å verne om det biologiske mangfaldet. Regjeringa vil halde fram med å styrkje arbeidet med å ta vare på dei ville laksestammene. I løpet av dei to siste åra er løyvingane til kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salarismeir enn dobla, og innsatsen vil bli ytterlegare styrkt i 2004. Andre bevaringstiltak, forsking og overvaking er òg prioriterte. Ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar har komme på plass og vil bli ferdigstilt i 2004/2005.

Arbeidet med å redde fjellreven frå utrydding blir ytterlegare styrkt i 2004. Det blir arbeidd med eit prosjekt for innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Raudrevkontroll er eit tiltak som vil bli nærare vurdert. I tillegg blir det drive nødvendig overvaking av fjellreven. Gjennomføringa av nasjonalparkplanen er med på å sikre leveområda for fjellreven. Miljøverndepartementet har sidan 2002 stadig auka innsatsen for å ta vare på fjellreven.

Regjeringa vil intensivere arbeidet med skogvernet etter at den førre planen for barskogvern no er fullført, og foreslår auka løyvingar til nytt vern i 2004. Dette gir rom for oppkjøp og vern av område, og midlar til å gjennomføre nye verneprosessar. Frivillig vern som verneform, og aktiv bruk av Statskogareal for å auke skogvernet, vil bli prioritert.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1425

Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)

66.324

61.510

67.500

9,7

1426

Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)

88.950

87.657

92.845

5,9

1427

Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)

424.287

504.205

511.573

1,5

Sum kategori 12.20

579.561

653.372

671.918

2,8

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak tre resultatområde; 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Det blir elles vist til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettvise endringar i 2004 innanfor dei ulike resultatområda.

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

30.264

25.365

28.365

60

Tilskot til kommunal fiskeforvaltning , kan overførast

99

61

Tilskot til kommunale vilttiltak , kan overførast

4.554

5.500

6.000

70

Tilskot til fiskeføremål , kan overførast

6.738

5.000

5.000

71

Tilskot til viltføremål , kan overførast

24.670

25.645

28.135

Sum kap. 1425

66.324

61.510

67.500

Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er hovudsakleg retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men har samtidig eit klart innslag av tilrettelegging for friluftsliv i form av jakt og fiske, jf. resultatområde 2 Friluftsliv.

Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, og motsvarer inntekter over kap. 4425 Refusjonar Viltfondet og Statens fiskefond. Verken jakt-, fellings-, eller fiskaravgiftene er foreslått auka i 2004. Grunna oppspart kapital i fonda, er likevel dei samla utgiftene over kap. 1425 foreslått auka med om lag 6 mill. kr i forhold til 2003. For nærare utgreiing av forholdet mellom kap. 4425 og 1425 og inntektene til fonda, viser vi til omtale under kap. 4425.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.

Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til formål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.

I løpet av 2004 vil det bli utført ein gjennomgang av bruken av fondsmidlane i samarbeid med representantar for brukarinteressene. Føremålet med gjennomgangen vil vere å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte i forhold til måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med det strategiske arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på m.a. driftsplanar. Endringane vil gi grunnlag for enklare rollefordeling mellom forvaltningsnivåa og eit tettare samarbeid mellom den statlege forvaltninga, kommunane, rettshavarane og interesseorganisasjonane om bruken av fondsmidlane.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar som grunnlag for konkrete forvaltningstiltak, og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Midlane skal nyttast til å leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av vilt- og fiskeressursane og allmenta sin tilgang til desse. Midlane dekkjer òg utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar mv. I tillegg dekkjer midlane utgifter til forvaltning av tilskotspostane over kap. 1425 og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kr. Dette er i samsvar med ein fleirårig praksis. Desse utgiftene blir førte ut av posten og inntektsførte på kap. 4427 post 01 som korresponderer med utgifter over kap. 1427 post 01.

Posten er styrkt med 3 mill. kr for å finansiere forvaltningstiltak, mellom anna viltoppsyn.

Post 61 Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. I budsjettet for 2004 blir det gjort framlegg om ein auke på 0,5 mill. kr i løyvinga på posten til tilrettelegging av avgjerdsgrunnlaget for kommunane i viltforvaltninga for ein overgangsperiode.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til gjennomføring av lokale vilttiltak i kommunane.

Posten skal dekkje utgifter til tiltak innan den lokale viltforvaltninga. Kommunane skal i utgangspunktet sjølve dekkje dei administrative kostnadene sine til viltarbeidet, jf. Ot.prp. nr. 37 (1999-2000) Om lov om endring i viltloven. Det er likevel nødvendig i ein overgangsperiode å føre vidare høvet til å stimulere og styrkje kommunale viltforvaltningstiltak. Post 61 er derfor vidareført som ein tilskotspost, der fylkesmannen tildeler midlar til kommunane i tråd med regionalt og kommunalt prioriterte arbeidsoppgåver og tiltak. Direktoratet vil òg leggje til rette for løysingar der kommunane får tilgang til eit fagleg avgjerdsgrunnlag for forvaltning av elg og hjort gjennom overvakingsprogram i regi av NINA, eit nasjonalt hjorteviltregister i Røyrvik, og hjortesenteret på Svanøy.

Posten skal berre dekkje delar av dei kommunale utgiftene til tiltak, etter at fellingsavgifter for elg og hjort blir kravde inn av kommunen og inngår i kommunale viltfond. Midlane er føresett tildelte kommunane frå fylkesmannen, og prioriterte i forhold til kommunar som sjølve har eit avgrensa inntektsgrunnlag gjennom fellingsavgiftene, dvs. kommunar som har små bestandar av hjortevilt, og der dei kommunale viltfonda bør få tilført midlar til prioriterte tiltak via denne tilskotsposten. Det kan gis tilskot til kartlegging av viltressursane og viltinteressene i kommunane, innarbeiding av viltinteressene i kommunale planar, oppretting og drift av driftsplanområde, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, delfinansiering av kompetansegivande etter- og vidareutdanning i viltforvaltning og andre oppgåver som følgjer av kommunane si mynde etter viltlova. Det kan ikkje ytast tilskot til å dekkje administrative kostnader i kommunane. Det skal særleg leggjast vekt på å styrkje interkommunale fellesprosjekt som omfattar kommuneovergripande viltbestandar. Direktoratet kan vidare disponere midlar frå posten til felles tiltak for kommunane, under dette kjøp av tenester i hjorteviltregisteret i Røyrvik og hjortesenteret på Svanøy.

Tildeling skjer på bakgrunn av søknader og melde behov frå kommunane, og fordelingsnøklar av objektiv karakter.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.

Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og resultatområde 2 Friluftsliv. Løyvinga skal gå til både å dekkje lokalt og sentralt styrte tiltak.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvalting og tiltak knytte til berekraftig bruk av utnyttelege bestandar av anadrom laksefisk, til beste for fiskarar og rettshavarar.

Tilskot blir gitt tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Det kan gis tilskot til investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande formål, anvend forsking og overvaking. Det kan òg gis tilskot til tiltak direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske etter laks.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Tilskot til FoU blir kontrollerte spesielt i forhold til dei forventningane som er gitt i tilsegna eller kontrakten.

Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

71.1

Hjortevilttiltak

7.290

7.000

7.000

71.2

Villreintiltak

1.619

1.700

1.700

71.3

Lokale vilttiltak m.v.

10.237

10.945

13.435

71.4

Viltovervaking

5.524

6.000

6.000

Sum post 71

24.670

25.645

28.135

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Ein gjer framlegg om å styrke posten med 2,5 mill. kr til styrking av vilttiltak i sentrale organisasjonar, jf. underpost 3.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.

Bruken av tilskotsmidlane vart endra i 2001 som ei følgje av omleggingsarbeidet i forhold til kommunane, jf. Ot.prp. nr. 37 (1999-2000) og Innst. O. nr. 80 (1999-2000) og Besl. O. nr. 92 (1999-2000). Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. For 2004 er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, midlar frå post 61, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett ivaretekne ved at fylkesmennene forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Direktoratet for naturforvaltning. På bakgrunn av søknader innanfor prioriterte satsingsområde må fylkesmannen ha verkemiddel som kan stimulere til regionale utviklingsoppgåver, og som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak, under dette tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.

Tildeling til fylkesmennene skjer etter nøklar baserte på m.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m. m. Fylkesmennene fordeler midlane vidare etter søknad.

Tiltak som kan gis tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversikter, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å setje i verk tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan òg gis tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Underpost 71.1 Hjortevilttiltak

Underposten skal dekkje tiltak knytte til handlingsplan for forvaltning av hjortevilt som er utarbeidd i samarbeid mellom forvaltninga og organisasjonane i 1995. Underposten skal òg dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for bestandsutvikling og samansetning, og programmet for helseovervaking av hjortevilt. Dette er viktige grunnlagsdata for konkret forvaltning. Midlar blir òg nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m. m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.

Underpost 71.2 Villreintiltak

Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. I 2003 vart det sett i verk ei ordning der innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast det enkelte villreinområdet, og der midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak.

Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m.v.

Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av biologisk mangfald, og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.

Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver på vegner av eller i samarbeid med styresmaktene for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning, og ein ønskjer å styrkje dette arbeidet gjennom ein auke av posten på 2,5 mill. kr.

Underpost 71.4 Viltovervaking

Midlane blir nytta til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt, som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Dei sentrale overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.

Kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

51

Refusjonar frå Viltfondet

52.145

48.510

54.500

52

Refusjonar frå Statens fiskefond

15.200

13.000

13.000

Sum kap. 4425

67.345

61.510

67.500

Under dette kapitlet er budsjettert hovuddelen av refusjonane til statsbudsjettet basert på inntektene frå jeger- og fiskaravgiftene til Viltfondet og Statens fiskefond. Refusjonane under kap. 4425 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1425 Vilt- og fisketiltak.

Verken jakt-, fellings-, eller fiskaravgiftene er foreslått auka i 2004. Likevel er dei samla refusjonane frå Viltfondet og Statens fiskefond over kap. 4425 i budsjettet for 2004 auka med om lag 6 mill. kr i forhold til 2003, jf. omtalen under post 51 og 52. Dette skuldast oppspart kapital i fonda. Forslaget er basert på venta inntekter i fonda i 2004, og særskild bruk av kapitaliserte inntekter i fonda frå tidlegare år, jf. omtale under kvart fond nedanfor.

Post 51 Refusjonar frå Viltfondet

Under denne posten blir hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Viltfondet til statsbudsjettet budsjettert. Viltfondet refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50 og til kap. 3904, jf. omtale nedanfor.

Refusjonane frå Viltfondet til posten er foreslått auka med om lag 6 mill. kr. Dette som følgje av m.a. særskild bruk av kapitaliserte inntekter i fonda frå tidlegare år og ein venta samla auke i inntektene i fondet i høve til kva som tidligare har vore budsjettert. Talet på jegerar som vil måtte betale gebyr i 2004 grunna manglande statistikkrapportering trur ein vil bli om lag det same som i 2003.

Nærare om Viltfondet

Mål

§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt eller fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:

  • Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegerservice.

  • Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige typar inntekter til fondet frå enkelte typar fallvilt og frå renter av fondskapitalen.

I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar blir tilbakeførte til det einskilde villreinområde i høve til innbetalte avgifter føregåande år.

Det er ikkje gjort framlegg om auke i jegeravgifta og fellingsavgiftene for 2004, og dei blir haldne på same nivå som for 2003, jf. tabell under. For oversikta sin del er dei økonomiske konsekvensane for kommunen i 2004 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt.

Tabell 20.3 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2004 (tal i heile kroner):

Type avgift:

Storleiken på avgifta i 2004

Estimert tal innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp

Inntektsført

Jegeravgift generelt:

240

191 000

45 840 000

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt:

60

99 000

5 940 000

Viltfondet

Gebyr jaktstatistikk:

150

10 000

1 500 000 1

Viltfondet

Gebyr ekstra jegeravgiftskort:

50

3 000

150 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein:

210

4 000

840 000

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv:

120

1 500

180 000

Viltfondet

Sum statlege avgifter:

54 450 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg:

400

25 400

10 160 000

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv:

230

12 600

2 898 000

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort:

300

17 500

5 250 000

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv:

180

5 000

900 000

Kommunane

Sum kommunale avgifter:

19 208 000

Kommunane

1 Innkrevjing av gebyret skjer etterskotsvis i 2004, for dei som ikkje leverte jaktstatistikk i 2003. Talet er vurdert til ca. 10 000.

Etter innføring av gebyr for å late vere å rapportere utbytte av jakta til statistiske føremål har statistikkgrunnlaget blitt vesentlig betra. Etter at det i 2001 var relativt mange jegerar som let vere å rapportere, er det venta at denne delen no blir stabilisert på om lag 10 000 krav om gebyr. Dette inneber at om lag 5% av jegerane ikkje leverer rapport slik dei skal. Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabellen under. Av tabellen går det fram at det er budsjettert med å ta ut ekstra fondskapital til naudsynte framlegg som vist over på om lag 6 mill. kr i 2004.

Tabell 20.4 Berekning av kapital i Viltfondet i 2004:

 

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.02:

9 116

Budsjettert innbetalt 2003:

55 750

Budsjettert refusjon 2003 (utbetalingar frå fondet):

-56 010

Budsjettert saldo pr. 31.12.03:

8 856

Budsjettert innbetalt i 2004*:

55 950

Budsjettert refusjon i 2004 (utbetalingar frå fondet):

-62 100

Budsjettert saldo pr. 31.12.04:

2 706

* Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 1,5 mill. kr.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene og fordelinga av midlar blir budsjetterte over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Den årlege ramma skal normalt svare til fondet sine stipulerte inntekter same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Refusjonane frå Viltfondet som blir førte under kap. 4425, kap. 4410 og kap. 3904, finansierer utgifter til vilttiltak og viltforvaltning over kap. 1425, forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50 og utgifter til drift av Jegerregisteret i Brønnøysundregistra over kap. 0904 under Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Nærings- og handelsdepartementet.

I budsjettet for 2004 er 4,6 mill. kr foreslått refunderte til kap. 3904 Brønnøysundregistra.

Den samla budsjetteringa av refusjonane frå Viltfondet går fram av tabellen under:

Tabell 20.5 Samla refusjonar frå Viltfondet i 2004:

 

(i 1000 kr)

Formål:

Refusjonar:

Sentrale fallviltutgifter (kap. 1425.01):

1 000

Drift villreinnemndene (kap. 1425.01):

1 000

Prosjekt, administrasjon, jaktstatistikk mv. (kap. 1425.01):

18 365

Kommunal viltforvaltning (kap. 1425.61):

6 000

Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1):

7 000

Villreintiltak (kap. 1425.71.2):

1 700

Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3):

10 935

Viltovervaking (kap. 1425.71.4):

6 000

Vilttiltak i sentrale organisasjonar (kap. 1425.71.5):

2 500

Sum refusjon frå Viltfondet under kap. 1425, jf. kap. 4425:

54 500

Viltforsking, NINA (kap. 1410.50 jf. kap. 4410.50):

3 000

Drift av Jegerregisteret (kap. 0904 jf. kap. 3904):

4 600

Sum refusjon frå Viltfondet i 2004:

62 100

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Sjølv om kommunane har fått primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet, gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar dei særskilt til nødvendige nasjonale oppgåver. Samtidig er det eit mål at avgiftsnivået for hjorteviltjegerane totalt sett ikkje skal auke. Dette er ivareteke gjennom at fellingsavgiftene no blir kravde inn etterskotsvis.

Når det gjeld fallvilt, er det framleis eit behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må framleis gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er budsjetterte under kap. 1425 post 01.

Post 52 Refusjonar frå Statens fiskefond

Under denne posten er omtalt hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Statens fiskefond til statsbudsjettet. Statens fiskefond refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50.

Refusjonane frå Statens fiskefond til posten er foreslått uendra, jf. omtale under om inntekter og avgiftssatsar.

Nærare om Statens fiskefond

Mål

I lov om laksefisk og innlandsfisk mv., § 30, heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet. Fiskaravgift på alt fiske etter innlandsfisk vart sett til kr 0 frå og med 2002, slik at det no berre skal betalast avgift for fiske etter anadrom laksefisk. Det er gitt visse unntak, m.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsføremål.

Følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond er lagt til grunn:

  • Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.

  • Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at omlag halvparten av fondet sine inntekter skal gå til lokale tiltak.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond består av fiskaravgift på anadrom laksefisk og renter av kapitalen i fondet. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er basert på brukarfinansiering.

Avgiftene for fiske etter anadrom laksefisk er for 2004 føreslått haldne på same nivå som for 2003. Avgifta blir dermed på kr 180.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen under.

I 2002 var det 79 000 personar som betalte fiskaravgift. Dette var 14 000 færre innbetalingar enn i 2001, ein nedgang på 15%. Departementet har lagt til grunn at inntektene i 2003 og 2004 blir på om lag same nivå som i 2002.

Tabell 20.6 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2004:

 

(i 1000 kr)

Saldo pr. 31.12.02:

1 591

Budsjettert inntekt 2003:

14 400

Budsjettert refusjon 2003 (utbetalingar frå fondet):

- 14 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.03:

1 991

Budsjettert inntekt i 2004:

14 620

Budsjettert refusjon i 2004 (utbetalingar frå fondet):

- 14 000

Budsjettert saldo pr. 31.12.04:

2 611

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene og fordelinga av midlar blir budsjetterte over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Den årlege ramma skal normalt svare til dei inntekter ein ventar at fondet vil ha same år. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Refusjonane frå Statens fiskefond finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (jf. kap. 4425) og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50 (jf. kap. 4410 post 50).

Den samla budsjetteringa av refusjonane frå Statens fiskefond går fram av tabellen under.

Tabell 20.7 Samla refusjonar frå Statens fiskefond i 2004:

 

(i 1000 kr)

Formål:

Refusjonar

Prosjekt, administrasjon mv. (kap. 1425.01):

8 000

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

5 000

Sum refusjon frå Statens fiskefond under kap. 1425, jf. kap. 4425:

13 000

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50):

1 000

Sum refusjon frå Statens fiskefond i 2004

14 000

Spesielt om lokal bruk av midlane

I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, vil ein arbeide for at minst 50% av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meint å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir òg rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte frå offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Kap. 1426 Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)

Regjeringa legg stor vekt på oppfølging av mellom anna nasjonalparkplanen, òg når det gjeld oppsyn. Regjeringa gjer derfor framlegg om å auke kapittelet med 5,2 mill. kr. Det vil gjere det mogeleg å styrkje etableringa av ei effektiv og framtidsretta oppsynsordning for våre nasjonalparkar og andre større verneområde. Midlane til tiltak i nasjonalparkane er òg auka for å gjere nasjonalparkane meir tilgjengelege for brukarane på ein berekraftig måte. Dette vil gjere det mogeleg med ein større innsats for tilrettelegging i tråd med Regjeringa sin politikk for bruk av verneområde i lokal næringsutvikling, jf. omtalen av dette i St.prp. nr. 65 (2002-2003).

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

50.310

48.200

53.888

30

Tiltak i nasjonalparkane , kan overførast

3.472

7.791

10.791

31

Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde , kan overførast

14.487

16.971

16.971

32

Skjergardsparkar o.a. , kan overførast

15.169

14.195

11.195

70

Tilskot til naturoppsyn , kan overførast

512

500

71

Bru til Tautra , kan overførast

5.000

Sum kap. 1426

88.950

87.657

92.845

Kap. 1426 Statens naturoppsyn omfattar midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn (SNO) og midlar til tiltak i natur- og friluftsområde.

Rolle og oppgåver for Statens naturoppsyn

Statens naturoppsyn (SNO) vart etablert i 1997 med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21.06.1996, jf. Ot.prp. nr. 30 (1995-96). SNO er under utvikling og arbeider for å etablere eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde. Den nasjonale leiinga er lagt til Direktoratet for naturforvaltning. Det heiltidstilsette lokale oppsynet er òg tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad tilknytt eit geografisk område. Dei områda der behovet for styrkt oppsyn er størst, blir prioriterte.

Hovudoppgåvene er informasjon og vegleiing, i tillegg til m.a. kontroll, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår òg viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga, m.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knytt til den lovfesta erstatningsordninga. SNO har òg eit overordna ansvar for lakseoppsynet og oppfølginga av ordninga med skjergardstenesta. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området. Verksemda er basert på eigne oppsynsstillingar i kombinasjon med kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørane innan naturoppsyn. Dette gjeld både fjelloppsynet i regi av fjellstyra, Statskog si fjellteneste og politiet. Særleg er samordning med politiet viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. SNO samverkar med desse gjennom sentrale og regionale oppsynsutval.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn. Posten dekkjer òg lønn til engasjement i den sentrale eininga i Direktoratet for naturforvaltning, og kjøp av ulike tenester i samband med drifta av det samla statlege naturoppsynet. Posten dekkjer òg utgifter til dei lokale rovviltkontaktane som arbeider med dokumentasjon av rovviltskadar.

Posten dekkjer vidare utgifter til IT- og sambandsutstyr, feltutstyr, uniform/arbeidsklede, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturvegleiing mv., og utviklingskostnader. Posten dekkjer òg oppdragsverksemd der dei tilsvarande inntektene er budsjetterte på kap. 4426 post 01.

Regjeringa legg stor vekt på oppfølging av mellom anna nasjonalparkplanen, òg når det gjeld oppsyn. Oppsynet er viktig, ikkje minst når det gjeld informasjon og vegleiing til dei som nyttar nasjonalparkane. Posten er derfor auka med 5,7 mill. kr for å styrkje etableringa av ei effektiv og framtidsretta oppsynsordning for våre nasjonalparkar og andre større verneområde. Mellom anna vil verneområda i Forollhogna og Dovrefjell-Sunndalsfjella få styrkt oppsyn.

Post 30 Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast

Posten dekkjer statlege investeringsutgifter og tiltak i samband med oppfølginga av nasjonalparkane og tilliggjande verneområde i tråd med godkjent forvaltningsplan og andre styringsdokument. Vidare dekkjer posten utgifter til tilretteleggingstiltak av ulike slag i samband med styringa av ferdsla inntil og i nasjonalparkane.

Regjeringa ønskjer på ein berekraftig måte å gjere nasjonalparkar og andre større verneområde meir tilgjengelege for brukarane. Posten er derfor auka med 3 mill. kr. Dette vil gjere det mogeleg med ein større innsats for tilrettelegging i tråd med Regjeringa sin politikk for bruk av verneområde i lokal næringsutvikling, jf. omtalen av dette i St.prp. nr. 65 (2002-2003). Opparbeiding av stigar og løyper, klopping og merking, tiltak for å betre tilgjenget til verneområda, etablering av parkeringsplassar og etablering av informasjonsordningar medverkar til å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet blir kanalisert til bestemte område. Naturen blir lettare tilgjengeleg for brukarane, og dermed betrast òg grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar.

Post 31 Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftslivsområde, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til ulike praktiske tiltak som følgjer av statleg tileigning av nasjonalt eller regionalt viktige friluftslivsområde, eller varige servituttavtaler for å sikre allmenta sine friluftsinteresser i slike område. Posten dekkjer òg feltvise utgifter i naturområde freda ved kgl. res. Dette er m.a. utgifter til opparbeiding av stigar, tilrettelegging for publikum, uteinformasjonstiltak mv.

Post 32 Skjergardsparkar o.a., kan overførast

Posten er primært retta mot resultatområde 2 og dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, i skjergardsparkane og i Vestkystparken. Skjergardstenesteordninga er etablert med bakgrunn i statleg initiativ. Posten skal òg dekkje utgifter til forvaltningsoppgåver/områdeforvaltning, under dette nødvendig merkje- og oppsynsoppgåver i samband med skjergardsparkane og andre friluftslivsområde i kystsona som er sikra av staten.

Departementet legg òg fram forslag om ei bestillingsfullmakt under posten på 2 mill kr, jf. Forslag til vedtak V nr. 1.

Post 70 Tilskot til naturoppsyn, kan overførast

Det blir ikkje foreslått løyving på denne posten for 2004. Utgifter til oppsyn er ført under post 01.

Kap. 4426 Statens naturoppsyn (jf. kap 1426)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Ymse inntekter

109

110

114

18

Refusjon av sjukepengar

192

Sum kap. 4426

301

110

114

Post 01 Ymse inntekter

På posten er ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, mellom anna inntekter frå oppdragsverksemd o.l.

Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)

Regjeringa prioriterer å ta vare på norsk natur. Den gjer derfor framlegg om å auke budsjettet under kap. 1427 med 7,4 mill. kr. Reduksjonen under kap. 1427 post 33 på 8,4 mill. kr er teknisk og knytt til venta utbetalingar på allereie verna skog. Held ein dette utanfor, er auken på kapittelet 15,8 mill. kr.

Regjeringa reduserer driftsbudsjettet til Direktoratet for naturforvaltning noko, men aukar midlane til faglege utgreiingar under 21-posten i samband med innsatsen for å ta vare på fjellreven og arbeidet med nasjonalparkplanen.

Midlane til erstatningar for vern i samband med nasjonalparkplanen er auka ut frå overslag på utbetalingar i 2004. I tillegg er posten for tilskot til nasjonalparksentra auka med 4 mill. kr. Dette vil gjere det mogeleg å forsere etableringa av dei 5 nasjonalparksentra som enno ikkje er bygde (Reisa, Saltdal, Lierne, Røros/Elgå og Rosendal). Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og vegleiing til den som besøkjer nasjonalparkane, og må sjåast i samanhang med Regjeringa sin politikk for bruk av verneområde i lokal næringsutvikling.

Regjeringa synest det er viktig å gjere nye «strandperler» tilgjengelege for allmenta, og aukar løyvinga til dette med 6,0 mill. kr.

Til nytt skogvern er det gjort framlegg om 18,0 mill. kr i løyving, og 40 mill. kr i tilsegnsfullmakt, slik at ein kan verne skog for 58 mill. kr.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

79.025

75.371

73.668

21

Spesielle driftsutgifter

26.599

31.139

34.503

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde , kan overførast

18.062

26.405

32.405

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar , kan overførast

15.238

19.450

19.450

33

Statlege tileigningar, barskogvern , kan overførast

24.913

110.295

101.893

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar , kan overførast

1.275

2.100

5.100

35

Statlege tileigningar, nytt skogvern , kan overførast

18.000

52

Overføring til skogvern under Jordfondet

25.000

60

Kommunal naturforvaltning , kan overførast

497

70

Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål , kan overførast

98.726

98.200

83.200

72

Vederlag for rovviltskade , overslagsløyving

68.469

86.365

89.474

73

Førebyggjande tiltak mot rovviltskade og omstillingstiltak , kan overførast

40.006

32.000

29.000

74

Tilskot til friluftslivstiltak , kan overførast

11.666

10.170

8.170

75

Internasjonale avtaler og medlemskap

978

1.010

1.010

76

Tilskot til kulturlandskapstiltak , kan overførast

59

77

Tilskot til naturinformasjonssenter , kan overførast

8.475

6.400

10.400

78

Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd , kan overførast

5.300

5.300

5.300

Sum kap. 1427

424.287

504.205

511.573

Direktoratet for naturforvaltning si rolle og oppgåver

Direktoratet for naturforvaltning (DN) er Miljøverndepartementet sitt sentrale rådgjevande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga.

Arbeidet til DN med mellom anna skogvern og nasjonalparkar, forvaltning av truga arter (fjellrev og store rovdyr), lakseforvaltning, marin naturforvaltning og vassdragsforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

Direktoratet har brei oversikt over naturtilstanden i Noreg og rapporterer fortløpande om dette. Direktoratet har fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta. Dei konkrete miljømåla som direktoratet arbeider mot er omtalte under resultatområda i Del II. Hovudstrategiane for å nå måla er:

  • Sikre ein brei variasjon i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege produksjonsevna

  • Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep

  • Fremje høve til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting

  • Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande naturforvaltning

Nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Ein viser til Innst. S. nr. 9 (2002-2003) der Stortinget oppmoda Regjeringa om seinast i samband med statsbudsjettet 2004 å komme tilbake med ei vurdering av Direktoratet for naturforvaltning sin handlingsplan mot Gyrodactylus salaris og den langsiktige oppfølginga av kampen mot lakseparasitten.

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris er identifisert som den enkeltfaktor som har størst dokumentert skadeeffekt på norske bestandar av villaks. Parasitten vart introdusert til Noreg i 1975, og har sidan blitt spreidd til i alt 44 lakseførande vassdrag.

Omfanget av infeksjonar med Gyrodactylus salaris i norske vassdrag gjer det nødvendig med ein målretta innsats for å utrydde parasitten og førebyggje smitte. Saman med dei tiltaksplanane som no blir gjennomførte mot rømmingar og lakselus i havbruksnæringa, jf. St.meld. nr. 24 (2000-2001), vil ei heilskapleg framtidig nedkjemping av Gyrodactylus salaris medverke vesentleg til å verne dei norske bestandane av villaks mot utrydding og død som følgje av parasittar. Det er lagt opp til at nasjonale laksevassdrag som er infiserte med Gyrodactylus salaris skal ha særleg prioritet i det vidare nedkjempingsarbeidet.

Arbeidet med å nedkjempe Gyrodactylus salaris er fagleg komplisert og krevjande. Å utrydde parasitten frå infiserte vassdrag krev nøyaktig planlegging og gjennomføring. Det nye planverktøyet som er utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning i samråd med Statens dyrehelsetilsyn gir grunnlag for meir effektiv og målretta innsats mot Gyrodactylus salaris. Planane er fagleg godt funderte og skisserer ein heilskapleg strategi for nedkjemping som omfattar vidareutvikling og gjennomføring av kjemiske behandlingar, bruk av fiskesperrer og ytterlegare innsats for utvikling av meir miljøvennlege utryddingsmetodar. I tillegg omfattar planane intensivert overvaking og prøvetaking i vassdrag og oppgradering av smitteførebyggjande og smitteavgrensande tiltak.

Tiltaksplanen inneheld spesifikke tiltakspakkar for åtte definerte smitteregionar og ei prioritering mellom dei ulike smitteregionane. Målsetjinga er å bli kvitt Gyrodactylus salaris i sju av åtte definerte smitteregionar i løpet av ein tiårsperiode. Eit viktig element i planane er ei spesifisert oversikt over smitteførebyggjande tiltak i tre regionar i Noreg som grensar opp til infiserte område i Sverige og Finland. Forutan bilaterale kontaktar blir dette følgt opp i regi av Den Nordatlantiske laksevernorganisasjonen NASCO, som har utarbeidd retningslinjer og samarbeidsordningar retta mot å redusere faren for spreiing av Gyrodactylus salaris i konvensjonsområdet.

I smitteregion Drammensfjorden med Drammenselva og Lierelva er det med dei metodane vi har i dag ikkje mogleg å utrydde parasitten. Målsetjinga er her å redusere faren for spreiing av smitte til andre vassdrag til eit minimum. Direktoratet for naturforvaltning og Statens dyrehelsetilsyn har derfor nyleg anbefalt gjennomføring av ei rekkje smitteførebyggjande tiltak. Dei fleste av tiltaka vil bli følgde opp, men kultiveringsarbeidet i Drammenselva vil bli vidareført, både for å bevare denne viktige laksestammen og for å halde oppe den lokale innsatsen i forhold til informasjon og desinfeksjon av utstyr. Den vidare utviklinga i denne regionen vil likevel bli følgt nøye. Kjemisk nedkjemping av Gyrodactylus salaris skjer i dag ved bruk av rotenon. Dagens rotenonløysing (CFT-Legumin) inneheld ikkje stoff med hormonhermande effekt, men har likevel stoff med uheldige miljøeffektar. Bruken av rotenon står derfor i kontrast til målet om å redusere dei samla utsleppa av miljøskadelege stoff. Eit mål for arbeidet er å finne stoff som er optimalt effektive i forhold til parasitten og som ikkje medfører uakseptable miljøeffektar.

Bruk av metallion kan vere eit aktuelt alternativ. Denne metoden er meir spesifikk i forhold til parasitten og vil dermed vere mindre problematisk i forhold til kjemikaliepolitikken. Bruk av aluminium har vist lovande resultat i laboratorieforsøk og under kontrollerte forhold i anlegg, og metoden vil framleis bli prøvd ut.

Fiskesperrer som effektivt hindrar oppvandring av laks gjennom fleire år er eit viktig element i nedkjempinga, fordi sperrene hindrar reproduksjon av laks i vassdraget. Fiskesperrer vil i det alt vesentlege utgjere eit supplement til rotenonbehandling ved å redusere lengda på den elvestrekninga som må behandlast med kjemiske middel.

For best mogleg å kunne førebyggje og avgrense spreiing av Gyrodactylus salaris er arbeidet med overvaking og prøvetaking i vassdrag høgt prioritert. Målet for overvakinga er å halde fortløpande oversikt over førekomsten av parasitten, avdekkje spreiing på eit tidleg stadium og gi eit best mogleg grunnlag for nedkjempinga.

Smitteavgrensande tiltak er i første rekkje retta mot fiske- og friluftsaktivitetar og oppdrett i ferskvatn. Flytting av levande eller død fisk, vatn, fiskeutstyr, båtar og anna utstyr utgjer dei viktigaste smittevegane. Omfang og innretting av det smitteavgrensande arbeidet vil bli vurdert fortløpande.

Strategien i handlingsplanen og dei konkrete tiltakspakkene i tiltaksplanen gir samla sett eit solid fagleg grunnlag for det vidare arbeidet med å nedkjempe Gyrodactylus salaris og eit realistisk høve til å nå målsetjinga om å utrydde parasitten frå sju av dei åtte identifiserte smitteregionane. Skal målsetjinga bli nådd er det naudsynt med fortløpande oppdatering for å sikre at planane byggjer på best mogleg fagleg grunnlag. Den faglege rådgivinga vil derfor bli ført vidare, samtidig som forskinga på m.a. alternative kjemiske behandlingsmetodar blir styrkt.

Ved kjemiske behandlingar i vassdrag vil det framleis bli lagt monaleg vekt på føregåande undersøkingar med sikte på å setje i verk bevaringstiltak for sårbare organismegrupper. Det vil vidare bli lagt stor vekt på å gjennomføre biologiske og kjemiske etterundersøkingar.

Regjeringa ønskjer å styrkje nedkjempinga av Gyrodactylus salaris gjennom ein målretta innsats på dei felta som er beskrivne over. Som ledd i dette har Miljøverndepartementet i 2003 auka innsatsen på dette feltet til 16 mill. kr. I tillegg kjem ca. 2 mill. kr over Landbruksdepartementet sitt budsjett. For 2004 vil innsatsen over Miljøverndepartementet sitt budsjett bli trappa opp til 20 mill. kr.

Ved opprettinga av det nye mattilsynet frå 1. januar 2004 vil Fiskeridepartementet overta det faglege ansvaret for nedkjemping av fiskesjukdommar både i oppdrett og i ville bestandar, og innsatsen mot Gyrodactylus salaris vil vere ein høgt prioritert del av dette arbeidet.

Samla framstilling av den økonomiske satsinga på bevaring av villaksen

I budsjettet for 2004 vil det bli disponert i underkant av 87 mill. kr til arbeidet med å ta vare på dei ville laksebestandane. Midlane er budsjetterte på:

  • kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter med 8,5 mill. kr til auka innsats for dei ville laksebestandane

  • kap. 1410 post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta med om lag 1 mill. kr til nasjonale forskingsoppgåver knytte til dei ville laksebestandane

  • kap. 1410 post 51 Forskingsprogram m. m. med 7,2 mill. kr til forskingsprogrammet om villaks

  • kap. 1425 post 01 Driftsutgifter med om lag 8 mill. kr til ulike bevaringstiltak

  • kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeføremål med om lag 5 mill. kr til lokale tiltak

  • kap. 1426 post 01 Driftsutgifter med om lag 5 mill. kr til lakseoppsyn

  • kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med om lag 12 mill. kr til særskilte tiltak mot Gyrodactylus salaris

  • kap. 1427 post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål med om lag 40 mill. kr til tiltak for bevaring av laksestammene i forsuringsramma vassdrag

Samla framstilling av satsinga på bevaring av fjellrev

Regjeringa har sett i gang tiltak for å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen. I budsjettet for 2004 blir det gjort framlegg om å disponere om lag 4,9 mill. kr til arbeidet med å ta vare på fjellreven. Dette vil seie ei dobling av midlane i høve til 2003.

Ein gjer framlegg om at om lag 4 mill. kr vil bli nytta til ulike tiltak for å styrkje bestanden, og auke kunnskapen om fjellreven. Eit av tiltaka er eit prosjekt med innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Dette prosjektet er alt i gang. Tilhøvet mellom raudrev og fjellrev skal òg kartleggjast i større grad. Det vil òg bli undersøkt om kontroll av raudrevbestanden er eit aktuelt tiltak i utvalde leveområde for fjellrev. Her skal det først gjennomførast ein konsekvensanalyse. Andre tiltak er identifisering av viktige leveområde for fjellreven, og forsking på genetikk hos rev. Ein gjer framlegg om å nytte nesten 1 mill. kr til naudsynt overvaking av fjellreven, der det mellom anna blir oppretta ein nasjonal database. Arbeidet med fjellreven skjer med utgangspunkt i ein handlingsplan utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning, og Miljøverndepartementet legg vinn på samarbeid med frivillige organisasjonar i arbeidet.

Løyvingane til arbeidet med fjellreven er budsjetterte på ulike postar på Miljøverndepartementet sitt budsjett. I oppstillinga nedanfor er det gjort greie for kor stor del av budsjettet under dei respektive kapitla og postane som blir nytta til formålet.

Midlane er budsjetterte på:

  • kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter med 1 mill. kr til arbeid for bevaring av fjellreven.

  • kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med 3 mill. kr til ulike faglege prosjekt for bevaring av fjellreven i tråd med ein handlingsplan utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning, mellom anna eit avlsprosjekt og arbeid som gjeld tilhøvet mellom raudrev og fjellrev.

  • kap. 1410 post 21 Miljøovervaking og miljødata med 0,9 mill. kr til naudsynt overvaking av fjellrev.

Samla framstilling av satsing på villrein

Noreg er det einaste landet i Europa som framleis har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Villreinen skal ha ein sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida.

  • Løyvingane til arbeidet med villrein er budsjetterte på ulike postar på Miljøverndepartementet sitt budsjett. Samla vil det i budsjettet for 2004 bli disponert om lag 4,8 mill. kr til arbeidet med villrein.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter for Direktoratet for naturforvaltning.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427, post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427.

Dei faglege prosjekta består av arbeid knytt til bevaring av fjellreven, vassdragsforvaltning, konsekvensutgreiingar i høve til nasjonalparkar, internasjonale bistandsoppdrag, jegerprøveordninga, forutan møtegodtgjersle for rovviltnemnder og gaupe- og jervnemnder. Utgifter til drifta av Kongsvold Fjeldstue og Songli forsøksgard blir òg dekte over posten. Det er sett av midlar til tilsynsutval for nasjonalparkar, møtegodtgjersle for sentrale rovviltutval, lokal forvaltning av verneområde og direktoratet sitt arbeid med gjennomføring av det statlegkommunale kartleggingsarbeidet for biologisk mangfald.

Departementet vil auke innsatsen for fjellreven. Vidare vil ein leggje mykje ressursar i arbeidet med å få fram nasjonalparkplanen.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 09 og post 54, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.

Ein gjer framlegg om å auke løyinga med 6 mill. kr. Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å sikre nye friluftsområde. Særleg er det viktig at område i kystsona blir sikra. Det å gjere nye «strandperler» tilgjengelege er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Dette er òg eit positivt verkemiddel som er konfliktdempande.

Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilde friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32). Staten investerer òg i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv.

Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle òg ved ekspropriasjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene.

Investeringsmidlane blir utbetalte når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at staten sine vilkår er oppfylte.

Forslaget inneber behov for tilsegnsfullmakt på 11,2 mill. kr, jf. Forslag til vedtak VI.

Det blir elles vist til nærare omtale av sikringsarbeidet under resultatområde 2 Friluftsliv.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturvernlova. Forutan erstatning og vederlag ved kjøp, skal midlane på denne posten òg dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.

Gjennomføringa av fylkesvise verneplanar vil i 2004 følgje tidlegare fastsett vernetempo, dvs. ei sluttføring av arbeidet med dei fylkesvise verneplanane som gjenstår i løpet av 2005. Løyvinga er ført vidare på same nivå som i 2003. Ut frå dei kostnadsoverslaga vi har i dag gir dette behov ei tilsegnsfullmakt på til saman 51 mill. kr, jf. Forslag til vedtak VI.

Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Post 33 Statlege tileigningar, barskogvern, kan overførast

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Løyvingar til nytt skogvern er omtalt under post 35 og 52.

Barskogvernet som vart vedteke i 1996 er no gjennomført i tråd med Stortinget si behandling av stortingsmeldinga om barskogvern, jf. St.meld. nr. 40 (1994-95). Det vil vere behov for både løyving og tilsegnsfullmakt på posten i fleire år framover, fram til erstatningsoppgjer for dei vedtekne verneområda er gjennomførte.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved barskogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av barskogområde som er verna etter naturvernlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar.

Posten dekkjer òg utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar, jf. Stortinget sine merknader i Innst. S. nr. 325 (2000-2001). Ved makeskifte som erstatningsform i vernesaker har det til no vore praksis at staten har blitt grunneigar i reservatet. Utmarksverdiane utgjer ein aukande del av eigedommane sin verdi, og for mange skogeigarar er det viktig å behalde eigedomsretten i verneområdet på grunn av m.a. jaktrettane. Praksis er no endra slik at skogeigarar kan behalde eigedomsretten i reservat også ved makeskifte. For ytterlegare å effektivisere arbeidet med makeskifteløysingar har Miljøverndepartementet òg gitt Direktoratet for naturforvaltning fullmakt til å nytte opsjonsavtaler ved kjøp av makeskifteareal. Dette vil gjere det mogleg å disponere større byteareal slik at høvet til å tilby attraktive areal i makeskifte vil bli større.

Posten skal vidare dekkje andre kostnader knytte til gjennomføring av skogvernet.

Den framlagde løyvinga på 101,9 mill. kr for 2004 skal dekkje kostnader knytte til allereie verna skog. Ut frå gjeldande kostnadsoverslag og behov for nytt vern er det også behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 20,2 mill. kr, jf. Forslag til vedtak VI.

Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten òg dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.

Gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991-1992), vil følgje ei framdrift som sikrar at planen er sluttført i år 2010.

Ut frå overslag for utbetalingar på posten i 2004, er løyvinga foreslått auka med 3 mill. kr i høve til 2003. Ut frå dagens kostnadsoverslag er det gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 58,2 mill. kr, jf. Forslag til vedtak VI.

Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Regjeringa framhevar i forslaget til strategi for auka skogvern i St.meld. nr. 25 (2002-2003) at det er nødvendig å auke skogvernet i Noreg. Til arbeidet med nytt vern gjer ein derfor framlegg om ei løyving på 18 mill. kr på denne nye posten.

Løyvinga gir rom for ei offensiv vidareføring av skogvernet m.a. ved oppkjøp og vern av område, og midlar til å gjennomføre nye verneprosessar. Viktige utfordringar i dette arbeidet blir å redusere konfliktnivået, samtidig som det blir sikra god fagleg kvalitet i skogvernet.

Viktige utfordringar i dette arbeidet blir å redusere konfliktnivået, samtidig som ein sikrar god fagleg kvalitet i skogvernet. Pilotprosjektet for frivillig vern i samarbeid med Noregs Skogeigarforbund skal ha høg prioritet. Skogeigarforbundet har så langt komme med forslag til ca. 36 000 dekar skog for vern. Av dette er ca. 20 000 dekar produktiv skog. Det er aktuelt å utvide arbeidet med frivillig vern med fleire prosjekt, m.a. gjennom sluttføring av vern for prioriterte areal i Saugbruksskogane og gjennom å setje i verk eit samarbeidsprosjekt med NORSKOG. Regjeringa legg til grunn at frivillig vern vil kunne bli ein viktig konfliktdempande arbeidsmåte i det framtidige skogvernet.

Departementet har sett i verk ein prosess for å vurdere vern etter naturvernlova av området Trillemarka-Rollag Østfjell, som er eitt av dei største gammalskogsområda som er att i Sør-Noreg. Det blir lagt stor vekt på eit nært samarbeid med aktuelle kommunar og grunneigarar i planprosessen.

Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved barskogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar. Posten dekkjer vederlagsordning for område som er under vurdering for vern.

Posten dekkjer òg utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern og bruk av oppsjonsavtalar i den samanheng. For omtale av makeskifteløysingar visar ein til kap. 1427 post 33.

Midlane på denne posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, informasjonstiltak, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, m.v.

Den framlagde løyvinga på 18 mill. kr for 2004 skal dekkje kostnader knytte nytt vern. Det er òg behov for ei tilsegnsfullmakt på 40 mill. kr til nytt vern, jf. post 52 Overføring til skogvern under Jordfondet.

Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Post 52 Overføring til skogvern under Jordfondet

Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2002 vart posten nytta til same føremål, jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002). Jordfondet er forvalta av Landbruksdepartementet. Vedtektene til fondet er endra slik at det også omfattar erstatningar for vern og vederlag i påvente av vern av skogsområde etter naturvernlova, frivillige kjøp av eigedom som er eller skal vernast, kjøp av makeskifteareal i samband med vern, og dekkje utgifter knytte til gjennomføringa av vernet.

Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til posten på 40 mill. kr, jf. Forslag til vedtak VI. Fullmakta vil gi grunnlag for ei offensiv vidareføring av nytt skogvern, mellom anna ved at prioriterte område som hadde meldeplikt fram til 1. august 2003 kan vernast.

Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og delar av resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.

Mål

Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på det biologiske mangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg. I tillegg skal ordninga medverke til å betre høva for fritidsfiske. Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.

Løyvinga er foreslått redusert med 15 mill. kr. Kalkingsverksemda har i dei seinaste åra vore på eit stabilt nivå med om lag 3 000 lokale prosjekt og 24 elvekalkingsprosjekt. Tilførsla av sur nedbør har på den andre sida blitt sterkt redusert dei siste åra. Mellom anna er svovelnedfallet redusert med om lag 65% sidan 1980. Som følgje av denne utviklinga har Direktoratet for naturforvaltning gjennomgått kalkinga for å tilpasse verksemda til forsuringssituasjonen. Sjølv om det vil ta lang tid før utsleppsreduksjonane får full effekt, viser gjennomgangen at det no er grunnlag for å redusere omfanget av kalkinga i dei områda som blir kalka i dag.

Med utgangspunkt i utviklinga i forsuringssituasjonen og tilgjengelege prognosar, er det rekna ut at kalkingskostnadene ved eksisterande prosjekt kan reduserast med rundt 5% pr. år. I tillegg vil det vere mogleg å redusere omfanget av tilknytt verksemd, samstundes som ein del igangverande prosjekt kan vidareførast innanfor ei lågare kostnadsramme. M.a. kan mindre hyppig kalking i mange lokale prosjekt gjennomførast utan særlege følgjer for vassmiljøet. Prosjekt som er viktige for dei ville laksebestandane vil bli vidareførte.

Tildelingskriterium

Tilskot kan gis til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil m.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurdert ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan m.a. gis til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir òg gitt tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer òg informasjon om effektar av utførte tiltak og vegleiing om kalking i vatn og vassdrag. I tillegg blir det gitt tilskot til tiltak som gir allmenta betre høve til å fiske. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.

Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., og kommunar.

Ved tildeling av midlar skal det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss felles eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a.

Oppfølging, kontroll og resultat

Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i dei kalka vassdraga. Resultata er positive. Fiskebestandar er reetablerte og sikra og biologisk mangfald er reetablert gjennom kalking. På Sørlandet har laksefisket hatt ei svært positiv utvikling i dei kalka elvane. Direktoratet for naturforvaltning fekk i 2002 utarbeidd ein rapport om moglege negative effektar av kalking for det biologiske mangfaldet. Med unnatak av forbigåande effektar har kalkinga få negative verknader.

Post 72 Vederlag for rovviltskade, overslagsløyving

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

72.1

Vederlag for tap av bufe

44.686

60.390

59.474

72.2

Vederlag for tap av tamrein

23.783

25.975

30.000

Sum post 72

68.469

86.365

89.474

Posten omfattar erstatningar for tap av bufe og tamrein. Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.

Mål

Målet med ordninga er å sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorde rovviltskadar på bufe og tamrein slik dette er nedfelt i viltlova.

Løyvinga på post 72 dekkjer erstatningar for rovviltskadar på bufe og tamrein valda av store rovdyr. Erstatningar blir utbetalte i samsvar med forskrift fastsett i medhald av lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet, § 12 a. Det blir vist til «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001. Erstatningane kan variere frå år til år, m.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving. Dokumentasjonen av skadane er betra etter kvart som innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp i fylka. Skadedokumentasjonen er for heile landet no organisert i regi av Statens naturoppsyn.

Posten er auka noko for å kompensere for den generelle prisstigninga. Løyvinga på underposten som gjeld tap av villrein er auka med 4 mill. kr i tråd med tapsutviklinga dei siste åra.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gått gjennom for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte.

Post 73 Førebyggjande tiltak mot rovviltskade og omstillingstiltak , kan overførast

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

73.3

Førebyggjande tiltak mot rovviltskade

34.356

28.000

25.000

73.4

Omstillingstiltak

5.650

4.000

4.000

Sum post 73

40.006

32.000

29.000

Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og omfattar førebyggjande tiltak og omstillingstiltak mot rovviltskadar. Midlane kan òg nyttast til utviklingsarbeid med førebyggjande og konfliktreduserande effekt.

For 2004 vil det bli lagt særleg vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og omstilling med utgangspunkt i målsetjinga om differensiert bruk av verkemiddel i rovviltforvaltninga, jf. St.meld. nr. 35 Om rovviltforvalting, jf. Innst. S. nr. 301 (1996-97). Det vil bli lagt vekt på ei effektivisering av arbeidet med førebyggjande tiltak gjennom satsing på kostnadseffektive fellestiltak som omfattar fleire sauebesetningar.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å finansiere tiltak som kan førebyggje rovviltskadar.

Oppfølging og kontroll

For tilskot til førebyggjande tiltak og omstilling gjeld særlege vilkår i kvart enkelt tilfelle. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. Når tilskot er gitt til m.a. FoU-tiltak, blir i tillegg kvaliteten på produktet kontrollert i forhold til dei forventningane som er gitt i tilsegna eller kontrakten.

Underpost 73.3 Førebyggjande tiltak mot rovviltskade

Løyvinga dekkjer førebyggjande tiltak for å avgrense rovviltskadar. Midlane vil som tidlegare bli nytta til tiltak og prosjekt i regi av enkeltbrukarar og lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar. Midlane kan òg nyttast til forvaltningsretta FoU. Slikt utviklingsarbeid er nødvendig for å kunne utvikle effektive og målretta førebyggjande tiltak. Den endelege fordelinga av midlar til konkrete tiltak i fylka skjer i dei regionale rovviltutvala eller forsøksnemnder slik Stortinget har bedt om. Midlar blir tildelte etter søknad, og det blir kravd rapportering av tapsreduserande eller konfliktdempande effekt. Den del av løyvinga som blir nytta i Direktoratet for naturforvaltning, blir nytta til fellesoppgåver for distrikta som det ikkje er mogleg eller føremålstenleg å handtere på fylkesnivået.

Underpost 73.4 Omstillingstiltak

Løyvinga skal dekkje kostnader knytte til frivillig omstilling eller tilpassingar i rovviltutsette produksjonar til andre driftsformer eller annan type verksemd for brukarar som er spesielt utsette. Løyvinga må sjåast i samanheng med verkemiddel innanfor landbruket.

Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast.

Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, under dette tiltak som styrkjer allmenta sine interesser.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporter.

Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap

Tilskotsordninga er primært knytt til ei rekkje arbeidsmål på resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men fleire arbeidsmål under resultatområde 8 er òg relevante.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde ovanfor i deira arbeid internasjonalt for vern av biologisk mangfald og berekraftig bruk av biologiske ressursar, og å gjere Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer. Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonen sine målsetjingar og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning kan ha av medlemskapen.

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (FNNPE)

  • Conseil International de La Chasse (CIC)

  • Verdas naturvernunion (Agency member) - The World Conservation Union (IUCN)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

Posten skal òg dekke utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapet, slik som i den nordatlantiske laksevernorganisasjonen - North Atlantic Salmon Conservation Organisation (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler m.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler m.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Post 77 Tilskot til naturinformasjonssenter, kan overførast

Tilskotsordninga er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og 2 Friluftsliv. Ein gjer framlegg om å auke posten med 4 mill. kr. Dette vil gjere det mogeleg å forsere etableringa av dei 5 nasjonalparksentra som enno ikkje er bygde (Reisa, Saltdal, Lierne, Røros/Elgå og Rosendal). Nasjonalparksenter er viktige i arbeidet med å gi informasjon og vegleiing til dei som besøkjer nasjonalparkane. Gjennom denne auken vil staten òg i større mon innfri forventningar som lokale aktørar har til statleg deltaking.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter ved eksisterande og framtidige nasjonalparkar jf. omtale under resultatområde 1. Nasjonalparksentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av nasjonalparkane.

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til forprosjektering og etableringskostnader for nye nasjonalparksenter, og tiltak innan informasjonsformidling ved eksisterande senter. Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 2 mill. kr, jf. Forslag til vedtak VI.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir òg nytta stikkprøvekontroll, m.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Post 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast

Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til arbeidet som skjer i paraplyorganisasjonen Friluftsrådas Landsforbund og i dei interkommunale friluftsråda. Tiltak som styrkjer allmenta sine interesser for friluftslivet vil bli prioriterte.

Friluftsrådas Landsforbund og dei interkommunale friluftsråda står for organisering av arbeidet med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegner av det offentlege. Friluftsrådas Landsforbund vart oppretta 1988/1989 og har i dag 17 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer ca. 158 kommunar med. 63% av befolkninga i landet.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i årlege møte med Friluftsrådas Landsforbund.

Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 1427)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Ymse inntekter

6.705

7.273

7.535

09

Internasjonale oppdrag

3.136

1.766

1.830

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

134

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1.715

18

Refusjon av sjukepengar

832

54

Gebyr

2.148

2.300

2.300

Sum kap. 4427

14.671

11.339

11.665

Post 01 Ymse inntekter

Under posten blir m.a. ført inntekter ved sal av Direktoratet for naturforvaltning sine rapportar og andre produkt og oppdragsinntekter. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01. I tillegg blir her inntektsført refusjon frå kap. 1425 til dekning av direktoratet sine utgifter over kap. 1427 post 01 til forvaltning av tilskotspostane på kap. 1425 og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kr. Dette er i samsvar med ein fleirårig praksis.

Løyvinga under kap. 1427 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta bistand og bilateralt miljøsamarbeid. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 54 Gebyr

Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 01.04.86.

Kvar jeger som går opp til prøven må betale eit eksamensgebyr på kr 200. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 til å drive eksamensordninga. Det budsjetterte beløpet er basert på den venta årlege tilgangen på nye jegerar. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Løyvingane under kap. 1429 høyrer inn under resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Det blir vist til innleiinga i del 2 der det er gjort greie for budsjettvise endringar i 2004 innanfor resultatområdet.

Satsinga på kulturminneområdet held fram for å hindre tap av kulturminne. Avkastninga frå det nyoppretta Kulturminnefondet er dobla i forhold til 2003. Regjeringa vil innanfor dei ordinære tilskotsmidlane særleg prioritere nasjonalt viktige kulturminne, som stavkyrkjene og andre bygningar frå mellomalderen, og arbeidet med å sikre dei norske verdsarvsområda og følgje opp dei nye nominasjonane til lista. Regjeringa legg vekt på at tilskotsmidlane i hovudsak skal gå til konkrete tiltak. Særskilte satsingar i 2004 er verdsarvsområda Bergstaden Røros og Bryggen i Bergen. Forslaget inneber òg ei vidareføring og styrking av arbeidet med andre nasjonalt viktige kulturminne, mellom anna stavkyrkjene. Regjeringa prioriterer òg arbeidet med kystkultur og foreslår tekniske endringar når det gjeld midlar til kystkultur og fartøyvern for å få tydelegare fram kva som er planlagt fordelt av tilskotsmidlar til kystkultur på land, fartøyvernsentra og fartøya. Underpost 72.4 blir for 2004 berre nytta til tilskotsmidlar til kystkultur. Alle tilskotsmidlane til kystkultur som tidlegare var budsjetterte på underpost 72.2 er samla på underpost 72.4. I denne samanhengen er det flytt 10 mill. kr frå underpost 72.2.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1429

Riksantikvaren (jf. kap. 4429)

222.025

228.177

221.580

-2,9

1432

Norsk kulturminnefond (jf. kap. 4432)

200.000

6.500

13.000

100,0

Sum kategori 12.30

422.025

234.677

234.580

0,0

Kap. 1429 Riksantikvaren (jf. kap. 4429)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

81.082

73.790

72.093

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73

46.592

25.850

24.050

50

Tilskot til Samisk kulturminnearbeid

2.000

2.000

72

Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21

92.036

107.684

92.080

73

Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21

87

5.453

7.953

74

Fartøyvern, kan overførast

10.000

19.004

75

Internasjonalt samarbeid, kan overførast

2.228

3.400

900

76

Den nordiske verdsarvstiftelsen

3.500

Sum kap. 1429

222.025

228.177

221.580

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren (RA) er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementet sin rådgjevande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminnevern. Riksantikvaren skal rette sin innsats og sine verkemiddel mot nasjonalt viktige kulturminne, som stavkyrkjene og andre mellomalderminne. Han skal vidare rette innsatsen mot eigarar av freda bygningar og anlegg og prioritere viktige satsingsområde som kystkultur og verdsarvområda. Riksantikvaren har ei viktig rolle i høve til å stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgjevande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.

I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna fagleg ansvar for fylkeskommunane, forvaltningsmusea, Sysselmannen og Sametinget sitt arbeid som regionale styresmakter for kulturminne. Riksantikvaren skal gjennom tilretteleggings- og stimuleringstiltak medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminnevern blir etterlevde.

Riksantikvaren har utarbeidd serviceerklæringar overfor m.a. eigarar av freda bygningar og anlegg.

Regjeringa vil særleg prioritere nasjonalt viktige kulturminne, som stavkyrkjene og andre bygningar frå mellomalderen, og arbeidet med å sikre dei norske verdsarvsområda og følgje opp dei nye nominasjonane til lista. Regjeringa legg vekt på at tilskotsmidlane i hovudsak skal gå til konkrete tiltak. Særskilte satsingar i 2004 er verdsarvsområda Bergstaden Røros og Bryggen i Bergen. Forslaget inneber òg ei vidareføring og styrking av arbeidet med andre nasjonalt viktige kulturminne, mellom anna stavkyrkjene og kystkulturen.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn og godtgjersler til faste og mellombels tilsette, husleige, oppvarming, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer òg kjøp av konsulenttenester i samband med faglege prosjekt/utgreiingar. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til deltaking i kompetansenettverket for miljøretta bistand og anna oppdragsverksemd. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei to nemnde inntektspostane, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73

Posten dekkjer kostnader ved tiltak på freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, m.a. når Riksantikvaren står som tiltakshavar og gjennomfører tiltaket for eigar. Midlane på post 21 må sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72 og 73.

Posten dekkjer òg utgifter til innhenting av kunnskap og utviklingsarbeid, m.a. om metodar for teknisk vedlikehald og skjøtsel av ulike typar kulturminne, samisk kulturminnevern og kulturminneforvaltning i by- og tettstadsutvikling. Midlane blir nytta til kjøp av tenester frå m.a. forvaltningsmusea og NIKU. For 2004 vil nokre midlar under posten òg bli nytta til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigaransvar for. Desse utgiftene vart tidlegare dekte under post 72.

I tillegg dekkjer posten drift av kulturminnebasen. Databasen skal ha opplysningar om kva slag kulturminne som finst, kor dei er og kva vernestatus dei har, og vil kunne formidle kunnskap om kulturminneverdiane til m.a. lokalsamfunn, eigarar og andre interesserte.

Posten er redusert m.a. på grunn av prosjekt som er avslutta. Dessutan er det gjort ein teknisk opprydding mellom postane 01 og 21.

Post 50 Tilskot til Samisk kulturminnearbeid

Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal i hovudsak nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, og blir stilte til disposisjon for Sametinget.

Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

72.2

Vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg

32.410

38.353

20.717

72.3

Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen

6.908

12.457

14.457

72.4

Kystkultur

23.906

25.154

12.100

72.5

Kulturlandskap

1.455

1.550

1.280

72.6

Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

999

7.308

7.308

72.7

Fartøyvernsentra

1.500

3.550

72.8

Tekniske og industrielle kulturminne

15.498

16.502

14.702

72.9

World Heritage List, nasjonale oppgåver

9.360

6.360

17.966

Sum post 72

92.036

107.684

92.080

Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Posten blir nytta til tiltak som fører til forvaltning, vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø og verdifulle landskap. Dette kan skje gjennom direkte tilskot til eigarar av slike kulturminne, kulturmiljø og landskap. Ved større tiltak er det ofte både føremålstenleg og økonomisk mest gunstig at Riksantikvaren eller fylkeskommunane i staden for eigar av kulturminnet, kulturmiljøet eller landskapet står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Det skjer ved at Riksantikvaren eller fylkeskommunane kjøper tenestene og følgjer opp arbeidet. Tiltaket kjem i desse tilfella eigaren til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under post 21.

Endringa på posten skuldast m.a. at midlar til fartøyvern, som tidligare vart førte opp på underpost 72.4 Kystkultur og fartøyvern, er foreslått flytt til post 74 Fartøyvern, som Stortinget oppretta ved behandlinga av budsjettet for 2003. Det er òg auka innsats for å styrkje arbeide med verdsarvområda. Det er vidare lagt inn meir midlar på posten i samband med finansieringa av eit besøkssenter ved Borgund stavkyrkje og for å gjere resultata frå Kaupangundersøkingane betre kjende i Noreg og i utlandet. Sistnemnde skjer i samarbeid med Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet. I tillegg er det flytt nokre midlar frå post 72 til post 73 Brannsikring, for å styrkje arbeidet med brannsikring av Bergstaden Røros.

For 2004 er det òg gjort nokre omdisponeringar mellom underpostane. Det er mellom anna flytt midlar frå underpost 72.2 til underpost 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver, for å samle alle budsjettmidlane til verdsarvsområda på denne underposten.

Midlar som tidlegare vart gitt til fartøyvernsentra som tilskot til drift og investering i anlegga deira, og som tidlegare vart budsjetterte på underpost 72.4 Kystkultur og fartøyvern, er for 2004 flytte til underpost 72.7 Fartøyvernsentra. Det samla tilskotet til fartøyvernsentra til drift og investeringar blir ført vidare på same nivå som for 2003. Underpost 72.4 blir for 2004 berre nytta til tilskotsmidlar til kystkultur. I 2004 er alle tilskotsmidla til kystkultur som tidlegare var budsjetterte på underpost 72.2 samla på underpost 72.4. Det er i denne samanhengen flytta 10 mill. kr frå underpost 72.2. Dette inneber ei samla auka satsing på kystkultur med over 1 mill. kr i 2004 samanlikna med 2003.

Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 16,5 mill. kr, jf. Forslag til vedtak VI, som er ei auke på 10 mill. kr samanlikna med 2003. Auken i fullmakt for 2004 inneber auka aktivitet på feltet ved at fleire større prosjekt kan setjast i gang i 2004. Dette inneber òg at planlegginga av prosjekt blir meir føreseieleg, og legg grunnlaget for meir rasjonell planlegging og gjennomføring.

Underpost 72.2 Vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg

Underposten dekkjer tilskot til freda bygningar og anlegg. Dette er for ein stor del bygningar og anlegg i privat eige, til dømes bustader og bygardar, husmannsplassar, andre gards- og driftsbygningar, anna næringsbygg osv. Ein vesentleg del av løyvinga blir fordelt til freda bygningar og anlegg via fylkeskommunane. I 2004 er alle midlane som tidlegare vart førte opp under denne underposten til dei norske verdsarvområda, flytta til underpost 72.9. Tidlegare har underposten òg dekt tilskot til kystkultur. Desse midlane er no flytta til underpost 72.4 Kystkultur.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg.

Midlane blir nytta til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid på kulturminne av nasjonal verdi. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og vidareføring av tradisjonell handverksteknikk og materialbruk, og utvikling og gjennomføring av spesielle konserveringsoppgåver. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda eller verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Oppfølging og kontroll

Kontrollen skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen.

Underposten omfattar bygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova og som er eit høgt prioritert område. Midlane nyttast til tilskot til det fleirårige stavkyrkjeprogrammet for å setje stavkyrkjene i bygningsmessig god stand. Utover dette dekkjer underposten tilskot til steinkyrkjer og ruinar. Løyvinga for 2004 dekkjer òg 2 mill. kr til vidareføring av arbeidet med eit besøkssenter ved Borgund stavkyrkje.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å verne og sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå middelalderen, under dette stavkyrkjene

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte tilfelle skjer det òg ved kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.

Underpost 72.4 Kystkultur

Tildelinga av midlar til kystkultur innanfor post 72 auka i 2003. Denne satsinga er vidareført i 2004 med ein ytterlegare auke på vel 1 mill. kr. Dette inneber ei samla satsing på kystkultur på 12,1 mill. kr.

For 2004 dekkjer underposten berre utgifter til tilskot til istandsetjing av bygningar og anlegg og andre faste kulturminne med tilknyting til kysten. Dette vil kunne vere kulturminne knytte til sjøfart, fiske, handel, kommunikasjon kombinasjonsbruk, rekreasjon osv. I 2004 er alle tilskotsmidla til kystkultur som tidlegare var budsjetterte på underpost 72.2, samla på underpost 72.4. Det er i denne samanhengen flytta 10 mill. kr frå underpost 72.2. Posten dekte tidlegare både tilskot til å sikre og setje i stand faste kulturminne langs kysten, fartøy, og midlar til drift av dei 3 etablerte fartøyvernsentra. For 2004 er tilskota til å sikre og å setje i stand utvalde fartøy budsjetterte under post 74 Fartøyvern, som Stortinget oppretta ved behandlinga av statsbudsjettet for 2003. Vidare blir utgifter til drift av fartøyvernsentra for 2004 budsjetterte under post 72.7 Fartøyvernsentra.

Mål

Sikre og setje i stand eit representativt utval faste kulturminne langs kysten.

Oppfølging og kontroll

Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.

Underpost 72.5 Kulturlandskap

Underposten skal i hovudsak nyttast til skjøtsel av kulturmiljø som er freda etter Kulturminnelova. Midlane som tidlegare vart gitt til skjøtsel av Småsetranområdet på Røros frå denne underposten, er for 2004 flytta til underpost 72.9 for å samle alle midla til verdsarvområda på ein underpost. Sjå omtale ovanfor.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på verdifulle kulturlandskap der kulturminne og kulturmiljø utgjer vesentlege element. Tilskotet skal primært nyttast til praktiske forvaltningstiltak for å restaurere, skjøtte og sikre kulturlandskap.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen og Sametinget.

Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Midlane blir nytta til å dekkje tilskot til skjøtsel av arkeologiske kulturminne. Midlar til Bergkunstprosjektet blir dekte her, og målet er å sikre 300 lokalitetar. Til no er om lag 200 lokalitetar sikra. I 2004 dekkjer posten òg midlar til Kaupangprosjektet. I tillegg dekkjer midlane tilskot til tiltakshavarar i høve til kulturminnelova §10.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på arkeologiske kulturminne, under dette sikring av bergkunst.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging av tiltaket skjer ved kontroll av om tiltak blir gjennomførte i samsvar med faglege kriterium for tilskotet. Vidare ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren.

Underpost 72.7 Fartøyvernsentra

Underposten er ny for 2004 og etablert for å synleggjere dei samla tilskotsmidlane til drift av fartøyvernsentra og investeringar i anlegga deira. Desse midlane var i 2003 budsjetterte på dåverande post 72.4 Kystkultur og fartøyvern, og utgjer i sum 3,55 mill. kr. Ein viser til nærare omtale under post 72.4. Posten dekte tidlegare tilskot til samisk kulturminnevern, men desse midlane vart flytta til eigen post 50 i statsbudsjettet for 2003. Rekneskapstalet for 2002 gjeld samisk kulturminnevern.

Mål

Medverke til drift og oppgradering av anlegg ved utvalde fartøyvernsenter slik at desse kan utøve verksemda etter formålet.

Oppfølging og kontroll

Generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.

Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne

10 tekniske og industrielle kulturminne er valt ut for spesiell oppfølging. Tilskot til istandsetjing og vedlikehald av dei 10 anlegga blir gitt over denne posten. Posten blir i avgrensa grad òg nytta til å gi tilskot til enkelte andre anlegg. Prioriteringa av Tyssedal kraftanlegg vil bli oppretthalden med sikte på å fullføre istandsetjinga av kraftstasjonen.

Anlegga får òg tilskot til museumsdrift. Dette blir dekt over kap. 328, post 60 Tilskotsordning for museum på Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett. Desse midlane blir fordelte av fylkeskommunane.

Mål

Målet med tilskotsordninga er todelt:

  1. Sikre og setje i stand eit representativt utval tekniske og industrielle kulturminne.

  2. Medverke til drift av 10 utvalde anlegg slik at desse kan utøve verksemda etter føremålet.

Oppfølging og kontroll

  1. Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Vidare gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen.

  2. Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om drifta ved anlegget skjer etter formålet. Riksantikvaren kontrollerer vidare revidert årsrekneskap og årsmelding og rapportar/uttaler frå fylkeskommunane.

Underpost 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver

Arbeidet med å følgje opp UNESCOs konvensjon om bevaring av verdas kultur- og naturarv er eit høgt prioritert område. Dei fire norske verdsarvområda skal vere viktige førebilete for forvaltninga av kulturminna i landet. For å synleggjere denne prioriteringa er alle midlane som tidlegare vart løyvde til dette føremålet frå andre underpostar på kap. 1429, samla på denne underposten i 2004. Auken på posten skuldast òg ei sterkare prioritering av verdsarvområda Bergstaden Røros og Bryggen i Bergen. Denne auka satsinga inneber at det vil bli løyvd om lag 5,5 mill. kr meir til Bergstaden Røros og om lag 2 mill. kr meir til Bryggen i Bergen samanlikna med 2003.

Viktige tiltak på Røros i 2004 vil m.a. vere utbetring og vedlikehald av Røroskyrkja, auka innsats til bevaring av freda bygningar, Småsetranområdet og Uthusprosjektet. Istandsetjinga av Bryggen i Bergen er eit langsiktig og kompetansebyggjande arbeid. Målet er å setje Bryggen i Bergen i forsvarleg stand. Den auka innsatsen i 2004 vil gå med til å styrkje det pågåande arbeidet. Hovuddelen i arbeidet vil vere korrekt fysisk istandsetjing av bygningane, utbetring av bygningsfundamenta og enkelte tiltak for å stabilisere grunnforholda. Innhenting av kunnskap og utvikling av kompetanse er ein viktig føresetnad for få til fagleg forsvarlege løysingar på istandsetjingsoppgåvene og inngår også som ein del av prosjektet. Elles blir utgiftene til arbeidet med nye norske nomineringar til verdsarvlista dekte på Miljøverndepartementet sitt eige budsjettkapitel 1400 post 21.

Mål

Tilskotsordninga skal sikre og setje i stand dei norske verdsarvområda i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå UNESCO.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar som blir gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen utførar kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under post 21

Hovuddelen av midlane på underposten dekkjer brannsikringstiltak i stavkyrkjene. Auken på posten i høve til 2003 skuldast at det er lagt inn ekstra midlar for å styrkje arbeidet med brannsikring av Bergstaden Røros. Brannsikringa av Bergstaden Røros er eit felles prosjekt mellom Riksantikvaren, Stiftelsen UNI, og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Prosjektet vil venteleg vere ferdig i 2005 og har stor overføringsverdi til andre delar av landet.

Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt under posten på 2 mill kr, jf. Forslag til vedtak VI.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre utvalde kulturminne og kulturmiljø mot uventa øydelegging.

Midlane under posten blir nytta til tilskot til etablering av sikring eller drift av sikringsanlegg i utvalde kulturminne og kulturmiljø. Drift, vedlikehald og oppgradering av sikringsanlegg ved stavkyrkjene og tilskot til prosjekt som har relevans for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø er prioriterte. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakar. Fysisk kontroll frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennomførte på eit fagleg akseptabelt nivå.

Post 74 Fartøyvern, kan overførast

Posten vart oppretta av Stortinget ved behandlinga av statsbudsjettet for 2003. For 2004 er dei midlane under post 72.4 Kystkultur og fartøyvern som vart nytta til tilskot til å sikre og setje i stand utvalde fartøy i 2003, flytt til denne posten.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand eit representativt utval fartøy.

Oppfølging og kontroll

Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.

Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast

Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda. Riksantikvaren representerer norske styresmakter i ulike internasjonale organisasjonar og er engasjert i fleire prosjekt. Posten dekkjer tilskot, medlemsavgifter, utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet under den bilaterale miljøvernavtala.

Nedgangen i budsjettmidlar på posten i høve til 2003 skuldast at midlar til tilskot til Den nordiske verdsarvestiftelsen (NWHF) teknisk er flytta til kap. 1429, ny post 76 Den nordiske verdsarvstiftelsen. Vidare er midlar til tilskot til drifta av den norske delen av ICOMOS, 0,1 mill. kr, teknisk flytta til kap. 1400 post 71.

Mål

Få internasjonalt samarbeid på feltet kulturminnevern styrt i ei retning som fell saman med norske politiske og fagpolitiske interesser, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innanfor Riksantikvaren sitt fagfelt, og markere Noreg som eit land med særleg kompetanse på vern av kulturminne i tre.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler m.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølginga av spesielle prosjekt skjer gjennom referansearbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane.

Post 76 Den nordiske verdsarvstiftelsen

Posten er ny og dekkjer tilskot til Den nordiske verdsarvstiftelsen (Nordic World Heritage Foundation, NWHF) gjennom ei grunnløyving på 3,5 mill. kr. Dette inneber ei auke på 1 mill. kr samanlikna med Saldert budsjett 2003. Tildeling av midlar til Den nordiske verdsarvstiftelsen vart gitt på post 75 Internasjonalt samarbeid i St.prp. nr. 1 for 2003.

Mål

Målet med løyvinga er å styrkje oppfølginga av verdsarvskonvensjonen til UNESCO. Den nordiske verdsarvstiftelsen skal m.a. fungere som eit knutepunkt for den samla innsatsen frå dei nordiske landa på området, tilby teknisk ekspertise, spreie informasjon og medverke til nyskapande prosjekt, reise midlar og tilby assistanse til utviklingsland.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Kap. 4429 Riksantikvaren (jf. kap. 1429)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

02

Refusjonar og diverse inntekter

4.133

1.874

1.961

09

Internasjonale oppdrag

1.728

2.155

2.233

16

Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar

1.027

17

Refusjon av lærlingar

30

Sum kap. 4429

6.918

4.029

4.194

Post 02 Refusjonar og diverse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar o.a., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvaren sine rapportar og andre produkt. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond (jf. kap. 4432)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

1.500

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

5.000

13.000

90

Fondskapital

200.000

Sum kap. 1432

200.000

6.500

13.000

Løyving under dette kapitlet rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Norsk kulturminnefond vart oppretta då Stortinget under behandling av St.prp. nr. 63 (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002), løyvde 200 mill. kr som fondskapital. Fondskapitalen er plassert som kontolån i Statskassa med rente tilsvarande renta på 10 års statsobligasjonslån. Avkastninga av kapitalen skal nyttast til tilskot til kulturminneformål og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. post 50. Kulturminnefondet har eit styre på 5 medlemmar og 3 varamedlemmar. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og det er òg vedteke retningslinjer for tildeling av fondsmidlar. For 2004 vil avkastninga utgjere 13 mill. kr. Dette er heilårsverknad av avkastninga på kapitalen i fondet i 2003.

Post 01 Driftsutgifter

Posten er nedlagt som følgje av forslag i St.prp. nr. 65 (2002-2003), jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003) og midlane er førte opp under post 50.

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Beløpet på posten tilsvarer den samla avkastninga av kapitalen i Norsk kulturminnefond som er budsjettert under kap. 4432 post 80 Avkastning. Midlane under post 50 blir førte tilbake til kapitalen i fondet og gjennom dette stilt til disposisjon for dei formåla og prosjekta Norsk kulturminnefond støttar opp under. Ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondet, mellom anna lønn til sekretariatsleiar og administrative funksjonar, styrehonorar og reiser.

Mål

Målet med fondet er å leggje til rette for auka samspel mellom offentlege og private midlar til vern og utvikling av freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Ordninga skal stimulere til auka verneinnsats frå eigarar og næringslivet si side, og til meir effektive samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar. Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål.

Midlane blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø og til prosjekt som fremjar verdiskaping, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet. Prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller monaleg eigeninnsats skal prioriterast. Det skal i gjennomsnitt vere ei privat medfinansiering på 50% i dei prosjekta som fondet engasjerer seg i. Den private medfinansieringa skal vere minst 30% i kvart prosjekt.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Kap. 4432 Norsk kulturminnefond (jf. kap. 1432)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

80

Avkastning frå Norsk kulturminnefond

6.500

13.000

Sum kap 4432

6.500

13.000

Post 80 Avkasting frå Norsk kulturminnefond

Posten gjeld avkastninga av Norsk kulturminnefond. Avkastninga skal nyttast til tilskot til kulturminnetiltak og til forvalting av tilskotsmidlane, jf. kap. 1432 post 50. Fondsmidlane er plasserte som kontolån i statskassa med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.

Programkategori 12.40 Forureining

Regjeringa ønskjer å føre ein aktiv kjemikaliepolitikk, med fokus på å redusere utsleppa av dei farlegaste miljøgiftene, styrkt kontroll og tilsyn og ein aktiv innsats for å styrkje internasjonale reguleringar på kjemikalieområdet. Det blir òg satsa på viktige forskings- og overvakingsaktivitetar. Regjeringa aukar løyvingane til kartlegging av nye miljøgifter (screening), for på eit tidleg tidspunkt å kunne avdekkje nye truslar mot miljøet frå dei farlegaste kjemikaliane, slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk i tide.

I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav vart det trekt opp ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment i fjordar og hamner. Det er sett i gang aktivitetar på alle satsingsområda i strategien, m.a. fylkesvise tiltaksplanar, opprydding i fire høgrisikoområde med spreiingsfare, arbeid for å skaffe oversikt over forureining frå skipsverft og småbåthamner, og pilotprosjekt som skal skaffe erfaring med konkret oppryddingsarbeid. Løyvinga er auka med ca. 42% frå 2002 til 2003, og blir trappa opp ytterlegare i 2004, slik at auken i alt blir på ca. 70%. I tillegg er bestillingsfullmakta styrkt monaleg i perioden. Det blir òg satsa på viktige forskings- og overvakingsaktivitetar.

Regjeringa vil setje av midlar for å sikre at EU sitt rammedirektiv for vatn medverkar til å effektivisere vassforvaltninga. Krava i EU sitt avløpsdirektiv vil på sikt bli innfridde ved å medverke til å utvikle reinseteknologi som sikrar lågast moglege kostnader for kommunane.

Arbeidet med å gjere regelverket enklare og lettare tilgjengeleg for næringslivet er høgt prioritert. Utkast til ei forureiningsforskrift og ei produktforskrift er sende på høyring, og vil erstatte meir enn 40 gjeldande forskrifter. Det blir lagt stor vekt på å få utarbeidd eit nytt databasert søkjeverktøy for bransjevis regelverksformidling.

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1441

Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)

644.101

610.444

615.834

0,9

1443

Statens beredskapsansvar mot akutt forureining

63.692

1444

Produktregisteret

12.619

14.640

14.203

-3,0

2422

Statens miljøfond

36.330

16.350

200

-98,8

Sum kategori 12.40

756.742

641.434

630.237

-1,7

Kystverket overtok 01.01.03 ansvaret for Statens beredskapsansvar mot akutt forureining, og heile kap. 1443 vart flytt til Fiskeridepartementet kap. 1062 Kystverket, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003).

Kap. 1441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

209.086

182.962

192.572

21

Spesielle driftsutgifter

450

450

39

Oppryddingstiltak , kan overførast

33.925

50.880

60.880

63

Tilskot til kommunale avløpstiltak , kan overførast

62.474

65

Tilskot til heilskapleg vassforvaltning , kan overførast

2.925

4.000

73

Tilskot til biloppsamlingssystemet

110.951

118.900

123.180

75

Utbetaling av pant for bilvrak , overslagsløyving

172.799

151.252

151.252

76

Refusjonsordningar

40.964

50.000

50.000

77

Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB , kan overførast

10.979

12.000

78

Tilskot til energiutnytting frå avgiftspliktige sluttbehandlingsanlegg for avfall , kan overførast

40.000

37.500

Sum kap. 1441

644.101

610.444

615.834

Statens forureiningstilsyn sitt ansvar er å delta og medverke sentralt i arbeidet med å skape ei berekraftig utvikling. Statens forureiningstilsyn skal arbeide for ein forsvarleg miljøkvalitet. Forureining, produkt og avfall skal ikkje føre til helseskade, gå utover trivselen eller skade naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.

Statens forureiningstilsyn sine roller for å nå måla er:

  • overvake og informere om miljøutviklinga

  • utøve mynde for å halde ved like og betre miljøet gjennom reguleringar, kontrolltiltak og prosessar som kan understøtte miljøarbeidet regionalt og lokalt

  • gjere tydeleg dei ulike samfunnssektorane sitt ansvar for å oppfylle miljøvernpolitiske mål

  • utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet

  • styre fylkesmennene sine miljøvernavdelingar innan Statens forureiningstilsyn sitt ansvarsområde

  • delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og hjelpearbeidet

  • beredskaps- og aksjonsansvar for akutt forureining vart overført til Kystverket frå 01.01.03 SFT vil framleis ha ansvar for å stille beredskapskrav til private bedrifter og kommunar.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Statens forureiningstilsyn. Posten dekkjer vidare midlar knytte til forsking, utgreiingar (FOU), IT-utgifter (under dette utgifter til drifting av RDS-systemet, miljøstatus etc.) husleige, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til:

  • arbeidet innan overgjødsling og oljeforureining

  • arbeidet innan helse- og miljøfarlege kjemikaliar

  • arbeidet innan avfall og gjenvinning

  • arbeidet innan klimaendringar, luftforureining og støy

  • bistandsarbeidet i samsvar med avtalen med NORAD

  • miljøtilstanden i Noreg

Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4441, postane 04, 05 og 09, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Posten er auka med 9,6 mill. kr som følgje av ei parallelljustering av utgifter og inntekter i samband med spesialavfallsforskrifta, auka satsing på forenkling av regelverk, reinseteknologi innan avløpssektoren, kartlegging av nye miljøgifter og implementering av rammedirektivet for vatn.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter SFT kan få ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust spesialavfall, spesialavfall frå konkursbu eller spesialavfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast

Posten er knytt til resultatområda 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og 6 Avfall og gjenvinning. Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i forureina grunn og forureina sediment som er forureina med farlege miljøgifter som f. eks. PCB. Som ei oppfølging av St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav blir posten foreslått styrkt med 10 mill. kr i 2004 for å kunne forsere arbeidet med oppryddingstiltak og tiltaksretta undersøkingar i område med forureina sediment.

Målet for tiltaka er å hindre at forureina grunn, vatn og sediment som skriv seg frå tidlegare verksemd, feildisponering av avfall o.l., skal medføre fare for helseskade, alvorleg forureining, eller anna alvorleg miljøulempe. Det er òg viktig å hindre skade på viktige norske næringar, som f.eks. fiskeri- og havbruksnæring. Utgiftene til opprydding skal i prinsippet dekkjast av den eller dei som etter forureiningslova er ansvarlege for å motverke eller rydde opp i forureining. Ansvar kan gjerast gjeldande for private, kommunar eller ein statleg sektor.

Forureinar betalerprinsippet ligg til grunn for arbeidet på dette feltet, og så langt det er mogleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina sediment. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at Miljøvernforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar og/eller opprydding der:

  • Staten ved miljøvernforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.

  • Den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.

  • Det hastar med å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.

  • Miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling, m.a. ved å gjennomføre pilotprosjekt.

  • Det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.

I tillegg kan posten nyttast til å medverke til utarbeiding av fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sediment i større fjordområde, til planmessig kartlegging og oppfølging av forureiningssituasjonen, til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet, og til å dekkje utgifter knytte til eit nasjonalt råd for sedimentsaker, jf. St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav.

Fordi tiltaka strekkjer seg over fleire år, er det foreslått å vidareføre bestillingsfullmakta knytt til posten med 20 mill. kr, jf. Forslag til vedtak V. Løyvinga er auka med ca. 42% frå 2002 til 2003, og blir trappa opp ytterlegare i 2004, slik at auken i alt blir på ca. 70%. I tillegg er bestillingsfullmakta styrkt monaleg i perioden.

Post 63 Tilskot til kommunale avløpstiltak, kan overførast

Tilskotsordninga har vore knytt til styresmaktene sitt pålegg om reinsing av avløp som eit ledd i arbeidet for å nå måla under resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining. Alle prosjekt vart ferdigstilte i 2003 og posten er no nedlagt.

Post 65 Tilskot til heilskapleg vassforvaltning, kan overførast

For 2004 er posten innlemma i rammetilskotet til kommunane under Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet

Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Mål

Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med oppsamlingssystemet er å sikre forsvarleg og miljøvennleg innsamling og behandling av bilvrak frå heile landet.

Ordninga skal vere sjølvfinansierande, dvs. at inntekter og utgifter skal balansere over tid. Inntektene kjem frå vrakpantavgifta på førstegongsregistrerte køyretøy, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, og frå inntekter ved sal av stålet i vraka. Vrakpantavgifta blir fastsett på bakgrunn av prognosar for forventa nybilsal og talet på pantevrak, jf. kap. 1441 post 75. Det blir gitt driftsstøtte på kr 591 pr. motteke vrak til godkjende oppsamlingsplassar for å sikre gjennomføring av dei miljøvernoperasjonane dei er pålagde å utføre i samband med mottak av vrak.

  • Det blir gitt transportstøtte til presse- og transportoperatørane til dekning av kostnadene for pressing og frakt av vraka frå oppsamlingsplassane til behandlingsanlegga. Transportstøtta skal sikre at ingen delar av landet fell utanom oppsamlingsordninga på grunn av høge transportutgifter. Storleiken på tilskotet er m.a. avhengig av kva som kan oppnåast ved sal av bilvraka til fragmenteringsverka, jf. kap. 4441 post 08. Tilskotet inneber ei plikt for tilskotsmottakaren til å samle inn vrak frå dei godkjende oppsamlingsplassane.

  • Posten dekkjer òg utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøvernstyresmaktene treng for å administrere ordninga.

Den delen av det eksisterande avgiftssystemet som gjeld utbetaling av pant til bileigar vil bli ført vidare inntil vidare. Ein viser til omtale under resultatområde 6 når det gjeld EU-direktiv om utrangerte køyretøy (2000/53/EU).

Oppfølging og kontroll

Driftstilskotet blir utbetalt av Oslo distriktstollstad etter mottak av ei vrakpantkvittering for at bilvraket er motteke for behandling.

Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving

Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Mål

Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med denne tilskotsordninga er å stimulere bileigar til å levere utrangerte bilar til godkjent biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast.

Posten dekkjer utbetaling av vrakpant, og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Med jamne mellomrom kjem det spørsmål om å innføre særskilt høg vrakpant for å gjere bilparken yngre. Dette vart gjennomført i 1996 ved at det vart utbetalt ein ekstra vrakpremie på kr 5 000 i tillegg til den ordinære vrakpanten på kr 1 000 pr. vrak. Dette kosta staten nesten 1 mrd. kr og førte til at snittalderen på bilparken vart redusert frå 10,4 år til 9,9 år i 1996.

Ei evaluering av ordninga vart presentert for Stortinget i St.prp. nr. 1 (1998-99). Evalueringa var basert på rapportar utarbeidde av Transportøkonomisk institutt. Konklusjonen var at miljøeffekten var liten i forhold til kostnadane og at tiltaket derfor var samfunnsøkonomisk ulønnsamt.

I 1998 vart dei periodiske køyretøykontrollane (EØS-kontroll) innført. Køyretøy som ikkje oppfyller krav til trafikktryggleik og avgassutslepp blir enten avskilta og vraka eller utbetra. Det er rimeleg å tru at ein stor del av dei køyretøya som vart leverte inn som følgje av særskilt høg vrakpant i 1996 enten ville ha blitt vraka eller utbetra for å oppfylle krava i kontrollen.

På denne bakgrunnen ser det ikkje ut til å vere føremålstenleg å innføre ei særskilt høg vrakpant på nytt. Vrakpanten for 2004 vil såleis vere kr 1 500. Det er venta at ca. 100 000 køyretøy blir vraka i 2004.

Oppfølging og kontroll

Vrakpanten blir utbetalt av Oslo distriktstollstad mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjent biloppsamlingsplass for behandling. For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant, blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Post 76 Refusjonsordningar

Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til godkjent behandling.

Spillolje er brukt smørjeolje, og er klassifisert som spesialavfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2002 -2003) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71. Refusjonsordninga vart innført i 1994. For å sikre ei høgare innsamlingsgrad vart det i 1999 bestemt at det frå og med år 2000 skulle utbetalast refusjon med lik sats for all spillolje som blir samla inn, uavhengig av om den kjem frå avgiftspliktig eller avgiftsfri smørjeolje. Eit unntak er spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Det vart rekna med at endringa i utbetalingsgrunnlaget ville føre til at meir spillolje vart samla inn. Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i overkant av 80%. I 2002 har det vore ein svak nedgang i innsamla mengd i høve til 2001. Nedgangen skuldast i stor grad nedgang i sal av smøreolje dei siste åra. Mengd innsamla smørjeolje med rett til refusjon har vore stabil dei siste åra, ca. 25 000 m3. Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Statens forureiningstilsyn. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å følgje. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna. Statens forureiningstilsyn melde i 2002 ei verksemd for bedrageri, og det er i den saka konstatert fleire brot på ordninga for refusjonar.

Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)

Mål

Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.

Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 01.01.00 pålagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Refusjonsordning for innbetalt TRI-avgift vart innført samtidig.

TRI-haldig avfall kan leverast til godkjent mottak for spesialavfall eller godkjent gjenvinningsbedrift, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å redusere kostnadene ved refusjonssystemet og for å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kr/kg, mens avgiftssatsen er på 51,4 kr/kg.

Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore relativt små utbetalingar gjennom ordninga. Moglege årsaker til dette er redusert bruk av TRI, auka gjenbruk som fell utanfor avgifts- og refusjonssystemet og hamstring av avgiftsfri TRI i slutten av 1999. Det er ikkje venta vesentlege endringar i 2004.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Spesialavfallsmottaket og gjenvinningsverksemda skal vere godkjent av Statens forureiningstilsyn.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK)

Mål

HFK- og PFK-gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen.

Stortinget vedtok i samband med si behandling av statsbudsjettet for 2003 å innføre ei avgift på HFK og PFK frå 01.01.03. Avgifta er venta å medverke til reduksjon av bruken av gassane til dei mest naudsynte områda, og dessutan stimulere til produktutvikling og forsvarleg bruk. HFK blir i første rekkje nytta som kuldemedium i kjøle- og fryseanlegg, men betydelege mengder blir òg brukt til brannslokking, og som drivgass til produksjon av isolasjonsmaterial. Avgifta er retta mot import og produksjon av HFK og PFK, både som bulkvare og som delemne i produkt. Avgifta er kr 180 pr. tonn CO2-ekvivalentar, og blir innkravd ved bulkimport og import i produkt der gassane eller blandingar av gassane er nytta.

I samsvar med oppmoding frå stortingsfleirtalet i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2003, vil Regjeringa komme med eit framlegg om ei refusjonsordning. Refusjonsordninga blir heimla i Forskrift om brukt HFK/PFK. Ordninga med avgift og refusjon er venta å stimulere til gjenvinning eller destruksjon av HFK og PFK, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og medverke til å styrkje det etablerte pante- og retursystemet i bransjen.

Oppfølging og kontroll

SFT, eller den SFT gir fullmakt, vil betale ut refusjon. Ein vil komme attende med ei nærare beskriving av korleis ordninga skal gjennomførast.

Post 77 Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB, kan overførast

For å sikre auka innlevering av PCB-ruter vart det i statsbudsjettet for 2002 oppretta ein eigen toårig tilskotspost. Isolerglasruter som inneheld PCB er spesialavfall og skulle leverast til spesialmottak for særskilt handtering. Posten har no eksistert i to år og blir nedlagt som planlagt frå 2004.

Bransjen sjølv fullfinansierer no ordninga.

Post 78 Tilskot til energiutnytting frå sluttbehandlingsanlegg for avfall, kan overførast

Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til utnytting av energi frå anlegg som sluttbehandlar avfall. Ordninga er knytt til avgifta på sluttbehandling av avfall og omfattar energiproduksjon frå avgiftspliktige forbrenningsanlegg og deponi. Det er foreslått løyvd 37,5 mill. kr.

I St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikkgår Regjeringa inn for å redusere utsleppa av klimagassar, m. a. ved å leggje opp til auka bruk av avfall som energikjelde til erstatning for fossilt brensle. Spillvarme frå forbrenningsanlegg, deponigass m. m. er vidare viktige energikjelder i den miljøvennlege omlegginga av energiforsyninga, jf. Innst. S. nr. 122 (1999-2000) til Energimeldinga.

Regjeringa føreslår ei omlegging av avgifta på sluttbehandling av avfall, jf. omtale under kap. 13, Resultatområde 6 Avfall og gjenvinning.

Innføring av den føreslåtte tilskotsordninga i samband med avgiftsomlegginga, avheng av godkjenning av EFTA sitt overvakningsorgan (ESA). Dersom godkjenning blir gitt vil avgiftsomlegginga tre i kraft frå 01.07.04 med Statens forureiningstilsyn som forvaltar av tilskotsposten. Dersom tilskotsordninga ikkje blir godkjent, vil Regjeringa presentere eit alternativ til den føreslåtte tilskotsordninga i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2004.

Regjeringa ser det som uheldig at tilskotsordninga ikkje er på plass og at utsleppsavgifta på forbrenning av avfall ikkje blir innført før 1. juli 2004, og er innforstått med at dette inneber framhalden uvisse i rammevilkåra for dei involverte. Regjeringa finn det likevel nødvendig å vente på avklaring frå ESA med omsyn til tilskotsordninga, nettopp for å unngå uvisse om kor vidt Regjeringa sitt forslag til tilskotsordning vil kunne gjennomførast.

Kap. 4441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 1441)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Refusjon av kontrollutgifter

5.552

6.788

02

Inntekter, SFT si beredskaps- og kontrollavdeling i Horten

7.286

04

Gebyr

20.087

12.559

21.059

05

Leigeinntekter

986

857

888

08

Inntekter frå sal av bilvrak

23.755

30.595

31.696

09

Internasjonale oppdrag

3.639

4.347

4.503

16

Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar

1.721

17

Refusjon av lærlingar

30

18

Refusjon av sjukepengar

1.970

Sum kap. 4441

65.027

55.146

58.146

Post 01 Refusjon av kontrollutgifter

Posten blir nedlagt, då Grenlandsordninga vart lagt om i 2003.

Post 02 Inntekter, SFT si Beredskaps- og kontrollavdeling i Horten

Posten vart lagd ned då Beredskaps- og kontrollavdelinga i Horten vart overført til kap. 4062 Kystverket under Fiskeridepartementet frå 01.01.03.

Post 04 Gebyr

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på forureinande verksemd. Posten omfattar gebyrinntekter frå konsesjonsbehandling og kontroll.

Vidare omfattar posten gebyrinntekter frå tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og produkt.

Inntekter fastsette i forskrift om førehandsmeldingar av nye kjemiske stoff, jf. resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, blir òg førte under denne posten.

Posten omfattar òg gebyrinntekter i samband med ny forskrift om plikt til å betale gebyr til SFT ved levering og deklarering av spesialavfall.

Inntektene frå denne ordninga har tidlegare vore inkludert i budsjettet ved meirinntektsfullmakt og har følgjeleg ikkje framgått av tabellen ovanfor. Auken på 7,0 mill. kr i år skuldast ei budsjetteknisk parallelljustering av både utgiftssida (jf. kap. 1441, post 01) og inntektssida knytt til dette gebyret.

Auken elles på posten med 1,5 mill. kr har samanheng med avviklinga av den særskilte kontroll- og overvakingsordninga for Grenland (jf. tidlegare kap. 4441, post 01). Avviklinga av ordninga frigjer ressursar til auka kontrollinnsats elles, og inntektene er derfor godskrivne denne posten.

Kap. 1441 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 05 Leigeinntekter

Inntektene omfattar dei leigeinntektene Statens forureiningstilsyn har i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1441 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 08 Inntekter frå sal av bilvrak

Løyvinga er rekna ut under føresetnad av levering av 100 000 bilvrak til fragmentering, jf. utgifter kap. 1441 post 73.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene er knytte til oppdrag i samband med Statens forureiningstilsyn sitt samarbeid med NORAD, m.a. gjennomgang og evaluering av miljøprosjekt og institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp, jf. kap. 1441 post 01. Kap. 1441 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1

Kap. 1443 Statens beredskapsansvar mot akutt forureining

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

42.767

21

Spesielle driftsutgifter

7.040

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

13.885

Sum kap. 1443

63.692

Kapitlet vart lagt ned då Beredskaps- og kontrollavdelinga i Horten vart overført til Kystverkt frå 01.01.03, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003).

Kap. 1444 Produktregisteret

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

12.619

14.640

14.203

Sum kap. 1444

12.619

14.640

14.203

Rolle og oppgåver for produktregisteret

Produktregisteret er oppretta for å rasjonalisere innsamling av kjemikalieinformasjon til bruk innan HMS-arbeid, og er det sentrale statlege registeret på dette området. Produktregisteret er i første rekkje eit serviceorgan for Arbeidstilsynet, Oljedirektoratet, Giftinformasjonen, Statens forureiningstilsyn, Statens institutt for folkehelse, Statens arbeidsmiljøinstitutt og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern. Produktregisteret kan dessutan medverke med open informasjon til andre som har oppgåver innan HMS-sektoren. Det vil i 2004 bli arbeidd vidare med å effektivisere og fornye Produktregisteret.

Produktregisteret har følgjande mål: Samle inn, systematisere og arkivere opplysningar om kjemikaliar, og leggje til rette opplysningar ut frå registrerte data, slik at definerte brukarar får tilgang til riktig informasjon. Omarbeide graderte data til ugradert informasjon for å gjere opplysningane meir allment tilgjengelege.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter, under dette utgreiing, informasjon m.m., for Produktregisteret. Posten er redusert i forhold til 2003 budsjettet.

Kap. 2422 Statens miljøfond

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

70

Statens miljøfond, rentestøtte

805

850

200

90

Statens miljøfond, lån , kan overførast

35.525

15.500

Sum kap. 2422

36.330

16.350

200

Statens miljøfond vart etablert i 1998 som ei låneordning med formål å sikre finansiering av prosjekt som medverkar til å redusere utslepp av klimagassar og andre miljøskadelege utslepp, jf. resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, 6 Avfall og gjenvinning og 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.

Det er gitt tilsegner for heile den totale utlånsramma på 250 mill. kr, og alle resterande tilsegner blir utbetalte i 2003.

Då Statens miljøfond vart oppretta, vart det løyvd 50 mill. kr under kap. 2422 post 50 Statens miljøfond, grunnkapital, jf. St.prp. nr. 65 (1997-98). SND forvaltar låneordninga og grunnfondet (tapsfondet). Den seinaste økonomiske utviklinga har ført til mange tap på låna fra fondet. Nærings- og handelsdepartementet har meldt at ein ventar at grunnfondet vil vere tapt innan utgangen av 2003. Miljøverndepartementet vil komme tilbake til saka i ny salderinga for 2003.

Post 70 Statens miljøfond, rentestøtte

Rentestøtta er venta å utgjere kr 200 000 i 2004. Rentestøtta utgjer differansen mellom tidlegare gitte lån med låg rente og gjennomsnittsrenta på 5-års statsobligasjonar.

Post 90 Statens miljøfond, lån, kan overførast

Det blir ikkje ført opp løyving på denne posten fordi alle lånetilsegner vil bli utbetalte i 2003.

Kap. 5322 Statens miljøfond, avdrag

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

91

Innbetaling av avdrag

10.303

14.000

14.000

Sum kap. 5322

10.303

14.000

14.000

Post 91 Innbetaling av avdrag

Basert på fortløpande lån og utbetalingar er avdraga utrekna til 14,0 mill. kr for 2004.

Kap. 5621 Statens miljøfond, renteinntekter

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

80

Renteinntekter

6.702

9.000

7.000

Sum kap. 5621

6.702

9.000

7.000

Post 80 Renteinntekter

Basert på fortløpande lån og utbetalingar er renter m. m. utrekna til 7 mill. kr. Inntektsposten inkluderer òg rentestøtte gitt under kap. 2422, post 70.

Programkategori 12.50 Kart og geodata

Utgiftene under programkategori 12.50 høyrer inn under resultatområde 10 Kart og geodata. Ein viser til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2004 innanfor resultatområdet.

Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1463

Regional og lokal planlegging

992

1465

Statens kjøp av tenester i Statens kartverk

379.378

349.254

331.323

-5,1

2465

Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)

3.806

9.896

12.000

21,3

Sum kategori 12.50

384.175

359.150

343.323

-4,4

Kap. 1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

21

Betaling for statsoppdraget , kan overførast

379.378

349.254

331.323

Sum kap. 1465

379.378

349.254

331.323

Kapitlet dekkjer etablering og drift av infrastruktur for geografisk informasjon. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Statens kartverk, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.

Post 21 Betaling for statsoppdraget, kan overførast

Det er ein generell reduksjon i ramma til Statens kartverk for 2004. Det blir gjennomført ved ei skarpstilling av aktiviteten i Statens kartverk, samstundes med at ein reduserer talet på fylkeskartkontor i samsvar med Stortinget sitt vedtak. Dette gjer det mogleg å halde oppe innsatsen på sjøkartlegging og auke kjøp frå private på mellomlang sikt.

Vidare er ansvaret for skredkartlegginga overført til Nærings- og handelsdepartementet, noko som inneber ei overføring på 2,5 mill. kr til kap. 905 Norges geologiske undersøkelse. Det er gjort ei teknisk endring på vel 1 mill. kr i samband med flytting inn i Statens hus i Vest-Agder. Det er lagt til i underkant av 2 mill. kr til kompensasjon for endra utrekning av arbeidsgivaravgift. Statens bidrag sikrar ei samla finansiering av Kartverket si hovudverksemd, bygging og vedlikehald av ein nasjonal geografisk infrastruktur, og oppgåva som staten si fagstyresmakt på kartområdet. Det blir utarbeidd spesifiserte produksjonsmål og aktivitetar som grunnlag for departementet si styring med og kontroll av statsoppdraget.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 90 mill. kr i samband med arbeidet med å etablere moderne elektroniske sjøkart for norskekysten, jf. Forslag til vedtak V nr. 2.

Ein gjer òg framlegg om at inntil 3 mill. kr kan omdisponerast mellom denne posten og kap. 2465 post 45, jf. Forslag til vedtak IV.

Kap. 2465 Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

24

Driftsresultat

-4.000

-4.000

0

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

7.806

13.896

12.000

Sum kap. 2465

3.806

9.896

12.000

Det er foreslått at resultatkravet på 4 mill. kr knytt til den konkurranseutsette verksemda i Statens kartverk fell bort, då denne verksemda er føresett selt frå 01.01.04, samstundes som formidling av kartdatatenester skal overførast til Norsk Eiendomsinformasjon AS.

Hovudoppgåva for Statens kartverk er å byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til stadfesta (koordinatbestemt) informasjon. Den pågåande utbygginga av breiband og nye kommunikasjonskanalar i Noreg vil gjere Kartverket til ein sentral leverandør av data for ei rekkje tenester.

Som staten sitt fagorgan innan kart og stadfesting (koordinatbestemming) skal Kartverket ivareta dei forvaltningsoppgåvene som følgjer med, under dette arbeid med standardar og regelverk og samordning med andre land på området. Kartverket skal dessutan delta i forsking og utvikling av kartteknologi, og samarbeide med norsk industri og kartbransje, m.a. om eksportretta tiltak. Kartverket skal syte for at den geografiske informasjonen etaten forvaltar blir sikra for ettertida.

På enkelte område blir basisproduksjonen forsert ut over det statsoppdraget gir grunnlag for gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt. Det er budsjettert med ein liten auke i 2004 slik at samfinansieringa held seg på omtrent same nivå som i 2003. Fleire av Kartverket sine produksjonsmål føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt kan blir realiserte.

Dei reine driftsutgiftene til Kartverket, så som husleige, administrasjon o.l. blir dekte med ein forholdsvis del over statsoppdraget.

Basisproduksjonen omfattar i hovudsak følgjande oppgåver:

  • Etablering og drift av nasjonalt geodetisk grunnlag

  • Medverknad til etablering av geodetisk grunnlag, og drift og etablering av kartgrunnlag i kommunane

  • Drift og utvikling av nasjonal kontrollteneste for satellittposisjonering

  • Etablering og drift av geografiske primærdatabasar, m.a. administrative grenser, eigedomskartverk, GAB (Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret), sentralt stadnamnregister og vegdatabase

  • Sjøkartlegging

  • Etablering og drift av nasjonale kartseriar, m.a. hovudkartserien for land og sjø i trykt og digital form

  • Drift av arkiv og databasetenester, under dette sikring av historisk informasjon

  • Norsk bidrag til global geodesi og kartlegging

  • Utarbeiding av standardar og fagleg vegleiing

  • Samordning av Noreg digitalt, under dette det som har vore lagt under Geovekst og Arealis

  • Forvaltningsoppgåver, m.a. når det gjeld administrative grenser, eigedomsregistrering og stadnamn

  • Beredskapsoppgåver

  • Innføring av tinglysinga som eit sentralt register i Statens kartverk

I tillegg utførar Statens kartverk nasjonale oppgåver knytte til andre departement sine budsjett, for eksempel kontroll av riksgrensa, drift av luftfartshinderdatabasen, kart til Forsvarets formål mv.

I 2004 skal Statens kartverk følgje opp St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» - et felles fundament for verdiskaping, i samsvar med dei forslaga som vart behandla i Stortinget i juni 2003. Dei konkurranseretta oppgåvene i marknadsdivisjonen som kan utførast av private aktørar, blir selt ut frå 01.01.04. Dei andre oppgåvene i marknadsdivisjonen skal overførast til selskapet Norsk Eiendomsinformasjon AS. Det vil bli inngått eiga avtale mellom Kartverket og Norsk Eiendomsinformasjon om rettar og plikter knytte til dataformidlinga, under dette også royalty til Statens kartverk som dataeigar. Miljøverndepartementet vil stå for salet av dei konkurranseretta oppgåvene.

Reduksjonen av talet på fylkeskartkontor frå 18 til 12, slik det framgjekk av stortingsmeldinga og behandlinga i Stortinget, skal gjennomførast i 2004. Regjeringa har følgt opp Statens kartverk si heilskaplege løysing av 18.09.03 for organisering av fylkeskartkontora. Det vil skje innanfor ei ramme på 5 regionar med 3 til 5 kontor i kvar region. Innan kvar region vil eit kontor ivareta ein del felles administrative funksjonar, mens dei 12 kontora vil få ein nokolunde lik fagleg kompetanse. For å møte behovet for auka kjøp av tenester, vil det ved kvart kontor bli ei bemanning basert på 6 fagpersonar pr. fylke. Dette vil redusere talet på tilsette i det regionale leddet frå 180 til 112. Med bakgrunn i noko reduksjon i talet på oppgåver og meir bruk av moderne teknologi, vil dette vere ei forsvarleg løysing som gir Statens kartverk eit større handlingsrom over tid. Kartverket har kome med forslag til regioninndeling og val av framtidige kontorstader ut frå dei prinsippa om lokalisering som Stortinget la til grunn ved behandling av St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» - et felles fundament for verdiskaping.

Når det gjeld tinglysing vil dei første tinglysingsmedarbeidarane bli etablerte i Kartverket sine lokale i 2004, men hovuddelen av overføringa vil komme mot slutten av perioden. Sluttføring er venta i 2007. Det vil bli lagt vekt på at dei medarbeidarane som blir overtallige i Statens kartverk som følgje av sal av konkurranseretta oppgåver, overføring av formidling til Norsk Eiendomsinformasjon AS, reduksjon i talet på fylkeskartkontor og skarpstilling av oppgåveportefølje, får eit tilbod om arbeid innan tinglysing når det er mogleg.

Statens kartverk skal føre vidare arbeidet med skarpstilling av oppgåveporteføljen, slik at Statens kartverk står fram som eit tydelig nasjonalt fagorgan.

Statens kartverk har allereie komme langt, og lengst av dei nordiske kartverka, med å leggje ut produksjonen av geografisk informasjon til privat sektor. Kartverket vil i åra framover fokusere på si rolle som dataforvaltar, mens datainnsamling og dataformidling i større grad kan setjast bort eller utførast i samarbeid med andre. Kartverket skal vere koordinator for innsamling av informasjon til Noreg digitalt, og inngå ei avtale med kvar enkelt part som inkluderer samfinansiering og leveranse av standardisert informasjon. Det er i 2004 viktig å få med flest mogleg nye parter inn i samarbeidet om Noreg digitalt. Dette sikrar nødvendig finansiering og ein felles nasjonal infrastruktur av geodata med mange brukarar.

Post 24 Driftsresultat

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

24.1

Driftsinntekt

-636.683

-564.254

-446.323

24.2

Driftsutgift , overslagsløyving

584.535

543.464

431.619

24.3

Avskriving

12.924

13.500

11.500

24.4

Renter av staten sin kapital

2.875

3.290

3.204

24.5

Til reguleringsfondet

32.350

Sum post 24

-4.000

-4.000

0

Statens kartverk er ei statleg forvaltningsbedrift som styrer den interne økonomien etter bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp, mens statsbudsjettet og statsrekneskapen blir rapporterte etter kontantprinsippet. Kartverket si tilknytingsform vil bli nærare vurdert i samråd med Finansdepartementet, i og med at den konkurranseretta verksemda blir seld ut. Miljøverndepartementet foreslår derfor at driftsresultatet blir sett til 0.

Underpost 24.1 Driftsinntekter

Kartverket sine bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:

Tabell 20.8 Kartverket sine driftsinntekter

     

(i mill. kr)

Rekneskap 2002

Saldert bud- sjett 2003

Plan

2004

Betaling for statsoppdraget

Samfinansiering, belastningsfullmakter o.l.

Sal av kart og geografiske data

379

120

94

349

115

100

331

100

15

Sum driftsinntekter

593

564

446

Rekneskap 2002 er ført opp i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap. Plan 2003 refererer seg til saldert budsjett 2003.

Kartverket sine salsinntekter, etter salet av konkurranseretta oppgåver og overføring av formidlingsteneste til Norsk Eiendomsinformasjon AS, er i hovudsak knytte til selskapet PRIMAR Stavanger, som formidlar sjøkart i samarbeid med andre land sine sjøkartverk, og royaltyavtale med selskapet Norsk Eiendomsinformasjon som formidlar Kartverket sin basisinformasjon.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Posten omfattar utgifter til lønn og andre fortløpande driftsutgifter, og etablering og oppgradering av Kartverket sine databasar og geografiske infrastruktur elles.

Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av staten sin kapital

Avskrivingar og renter av staten sin kapital er budsjettert ut frå ein forventa bokført kapital på 53 mill. kr pr. 31.12.03.

Underpost 24.5 Til reguleringsfondet

Eit eventuelt avvik mellom budsjettert beløp under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i kontante inn- og utbetalingar. Pr. 31.12.02 var reguleringsfondet på 33,9 mill. kr.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten skal omfatte alle varige investeringar over kr 200 000. Grensa er auka m.a. for å få samsvar med nasjonal nyskaffingsverdi i reglane for offentlege nyskaffingar.

Kartverket sitt produksjonsutstyr er it-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, edb-basert kartproduksjon mv. Kartverket må løpande fornye og utbetre utstyrsparken sin for å kunne utnytte effektivitetsvinstane i ny teknologi i produksjonen sin, og møte etterspørselen etter nye produkt. Det budsjetterte investeringsnivået svarer likevel ikkje til meir enn ca. 2,5% av totalomsetnaden.

Posten kan overskridast ved sal av utstyr der inntektene blir rekneskapsførte under kap. 5645 post 45, jf. Forslag til vedtak II nr. 2.

Tabell 20.9 Kartverket sin kapitalbalanse

       

(i mill. kr)

Rekneskap 31.12.01

Rekneskap 31.12.02

Venta 31.12.03

Venta 31.12.04

Eigendelar

Anleggsmidlar:

Driftsmidlar, eigedommar

54,4

49,3

53,3

53,8

Aksjar, andelar

0,0

0,0

0,0

0,0

Utlån og obligasjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum anleggsmidlar

54,4

49,3

53,3

53,8

Omøpsmidlar1:

Varebehaldning, varer i arbeid

16,8

22,6

22,6

22,6

Kortsiktige fordringar

82,9

58,2

81,9

81,9

Kortsiktige plasseringar

0,0

0,0

0,0

0,0

Kassebehaldning og innskot

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum omløpsmidlar

99,8

80,8

104,5

104,5

Sum eigendelar

154,2

130,1

157,8

158,3

Tabell 20.10 Kartverkets gjeld og eigenkapital

Gjeld og eigenkapital

Eigenkapital2:

Eigenkapital utan reguleringsfond

-29,7

-64,9

-40,9

-40,9

Reguleringsfondet

1,6

33,9

1,6

1,6

Sum eigenkapital

-28,2

-30,9

-39,3

-39,3

Langsiktig gjeld3:

Staten sin renteberande kapital

54,4

49,3

53,3

53,8

Anna langsiktig gjeld

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum langsiktig gjeld

54,4

49,3

53,3

53,8

Kortsiktig gjeld4:

Kortsiktig gjeld

139,9

155,3

155,8

155,8

Mellomverande med statskassen

-11,9

-43,6

-11,9

-11,9

Sum kortsiktig gjeld

128,0

111,7

143,9

143,9

Sum gjeld og eigenkapital

154,2

130,1

157,8

158,3

Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskapsførte i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap.

Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigedelar og gjeld. Eventuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå reguleringsfondet) og Kartverket sitt bedriftsøkonomiske resultat blir rekna mot eigenkapitalen.

3 Langsiktig gjeld. Kartverket finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som «lån» i statskassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggskapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike «lån».

Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslutning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekneskapsført i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap.

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 7 Klima, luftforureiningar og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid, og miljøvern i polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Auken på kap. 1471 skuldast i hovudsak rammeoverføring av 3,3 mill. kr til ACIA (Arctic Climate Impact assessment) arbeidet, midlar til oppstart av oppgradering av den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land til heilårsstasjon, samt den faste konsekvensjusteringa av midlar til Antarktissamarbeidet.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1471

Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)

108.979

109.283

120.320

10,1

Sum kategori 12.60

108.979

109.283

120.320

10,1

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Driftsutgifter

108.481

102.785

105.822

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

6.000

14.000

50

Stipend

498

498

498

Sum kap. 1471

108.979

109.283

120.320

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93), og fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga i polarspørsmål.

Norsk Polarinstitutt skal òg hjelpe Direktoratet for naturforvaltning, Statens forureiningstilsyn, Riksantikvaren og Sysselmannen som fagleg rådgivar, og skal halde ved lag brei forskingsbasert kompetanse i miljøvernforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk. Norsk Polarinstitutt har ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis. Norsk Polarinstitutt skal ha spisskompetanse til å utvikle og leie overvakingsprogram. Norsk Polarinstitutt skal i samarbeid med dei andre miljødirektorata, Sysselmannen og andre relevante aktørar setje i verk og vidareutvikle system for miljøovervaking av norsk Arktis. Norsk Polarinstitutt skal medverke til å stimulere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader. Norsk Polarinstitutt skal medverke til å utvikle Ny-Ålesund til den sentrale polare forskingsplattforma i Europa.

Norsk Polarinstitutt er organ for oppfølging og gjennomføring av norsk miljølovgiving i Antarktis og skal gjennom ekspedisjonsverksemda ivareta forvaltninga sine kunnskapsbehov og utøve nødvendig kontroll. Norsk Polarinstitutt deltek som fagleg representant i den norske delegasjonen i Antarctic Treaty Consultative Meeting.

Norsk Polarinstitutt skal, saman med dei andre miljødirektorata, fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan Barentsregionsamarbeidet og det bilaterale norskrussiske miljøvernsamarbeidet. Norsk Polarinstitutt deltek i den norske fellesgruppa under miljøkommisjonen og arbeider med havmiljøspørsmål knytte til hovudsatsingsområdet «Dei nordlege havområda».

Norsk Polarinstitutt vil fokusere forskinga si på prosessar som forklarer regionale klimaendringar, effektane av desse på naturen og økotoksikologi. Norsk Polarinstitutt skal utforske og overvake det marine miljøet i iskantsona i Barentshavet grunna den innverknad dette har på næringsproduksjonen i havet, og dermed bestanden av pattedyr, fugl og fisk i området. Forsking på isbjørn og andre aktuelle arter skal følgjast opp for å overvake effektar av forureining og klimaendringar.

Norsk Polarinstitutt skal medverke til den nasjonale og internasjonale klimaforskinga gjennom å skaffe fram kunnskap om korleis samspelet mellom atmosfære, hav og is påverkar klimaet i den europeiske delen av Arktis. Norsk Polarinstitutt skal òg følgje opp den paleoklimatiske forskinga på dei store avsetnadene av is i Antarktis og på brear og marine sediment på Svalbard. Norsk Polarinstitutt skal vere sekretariat for Miljøverndepartementet i ACIA under Arktisk Råd.

Som nasjonal sentralinstitusjon for polarforsking skal Norsk Polarinstitutt representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora, vere eit internasjonalt kontaktpunkt i polarsaker, og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø. Norsk Polarinstitutt skal vere den sentrale aktøren i Polarmiljøsenteret, og styrkje dette som eit internasjonalt tyngdepunkt innan polarforsking og polar miljøvernforvaltning. Norsk Polarinstitutt skal aktivt arbeide for å styrkje forskingssamarbeidet i senteret. Norsk Polarinstitutt skal òg utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg elles og drive utoverretta informasjon om polarområda m.a. gjennom samarbeid med Polaria.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til instituttet si samla forskings- og ekspedisjonsverksemd. Som eksempel på to forskningsprosjekter kan nevnes:

Norsk-russisk isbjørnprosjekt

Det er ikkje gjennomført teljingar av den norske bestanden av isbjørn sidan byrjinga av 1980-talet. Eit påliteleg estimat over bestanden er eit heilt vesentleg utgangspunkt for å kunne overvake utviklinga og påvise endringar, og for å kunne sikre ei best mogleg forvaltning. Nyare forskingsresultat tyder på at Noreg og Russland deler ein felles bestand i området Svalbard - Frans Josefs Land.

Etter initiativ frå norsk side vart det i 2003 starta eit treårig samarbeidsprosjekt for å få etablert eit nødvendig og sikkert estimat for denne felles bestanden av isbjørn. Prosjektet kjem på i alt 4,5 mill. kr over tre år.

Norsk-russisk forskingssamarbeid i Arktis

Overvaking av miljøsituasjonen i norsk del av Arktis er ei av hovudoppgåvene for Norsk Polarinstitutt. For å følgje utviklinga og beskrive endringar i miljøet i Arktis i eit breiare perspektiv, er data frå omkringliggjande område heilt essensielle. Norsk Polarinstiutt starta i 2003 eit toårig samarbeidsprosjekt med Arctic & Antarctic Research Institute of Roshydromet i St. Petersburg med det formål å samle og samanstille norske og russiske miljødata for Arktis. Data skal vidare presenterast og gjerast tilgjengelege for brukarane gjennom ein felles internettportal. Prosjektet kjem på ca. 1,3 mill. kr over to år.

Løyvinga under posten omfattar vidare midlar til sekretariat for International Arctic Science Committee og Svalbardkurset.

Posten dekkjer òg utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd, utgifter knytte til drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance», og utgifter knytte til leige og drift av Polarmiljøsenteret. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyving kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. Forslag til vedtak II nr.1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktissamarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktisekspedisjonane.

Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktistraktaten og Miljøprotokollen til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.

Løyvinga skal òg dekkje oppgraderinga av den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land til heilårsstasjon. Vidare skal løyvinga medverke til å dekkje utgiftene til etablering og drift av ei flystripe på blåisen ved Troll-stasjonen, som også er ein del av det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network).

Med denne satsinga vil Noreg styrkje sin nærvær i Antarktis betydeleg, og også medverke i større grad til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda.

Mål

Stipendmidlane skal auke kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Oppfølging og kontroll

Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 1471)

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

01

Sals- og utleigeinntekter

13.150

16.698

17.299

03

Inntekter frå diverse tenesteyting

15.948

21.008

17.294

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

204

18

Refusjon av sjukepengar

283

Sum kap. 4471

29.585

37.706

34.593

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, under dette utleige av forskingsfartøy, husleigeinntekter og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.

Til forsida