1 Innleiing
Nærings- og handelsdepartementet legg med denne proposisjonen fram forslag til harmonisering av låneordningane under tidlegare Statens landbruksbank (SLB) med andre låneordningar i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND).
Ved handsaminga av Innst. S. nr. 89 (1998-99) vedtok Stortinget at SLB og delar av Fylkesmannens landbruksavdeling (FMLA) skulle slå seg saman med SND. Saka blei handsama av Stortinget gjennom St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 3 (1999-2000), jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 (1999-2000). Dei to organisasjonane blei slått saman 1. januar 2000. Det blei varsla at ein tok sikte på å harmonisere låne- og rentesystema fram mot statsbudsjettet for 2001. Stortinget slutta seg til at vilkåra for ei harmonisering skulle vere at kundane skulle «komme ut om lag likt før og etter integreringen», og at drifta skulle bli effektivisert.