St.prp. nr. 12 (1997-98)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1997 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innholdsfortegnelse

2 Endringsforslag

Kap. 947 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

Post 70 Tilskot, overslagsløyving, kan overførast

Post 71 Tilskot til NIS, overslagsløyving, kan overførast

Refusjonsordninga vart etablert i 1994 og utvida i 1996. Føremålet med ordninga er å sikre og helst auke talet på norske sjøfolk på NOR- og NIS-skip i ei konkurranseutsett næring. Ordninga omfattar to parallelle regelverk, eitt for dei skip som fell inn under rammene av den opphavlege ordninga (post 70) og eitt for dei NIS-skipa som kom inn under ei eiga ordning frå andre halvår 1996 (post 71). Refusjonen blir rekna ut på grunnlag av bruttoløn etter oppgåver til Pensjonstrygda for sjømenn. For 1997 utgjer refusjonen 20 pst. av bruttoløna.

Refusjon blir utbetalt over 6 terminar. Den siste terminen har søknadsfrist 20. januar påfølgjande år fordi refusjonssøknadane blir utarbeidd på grunnlag av lønsoppgåvene til Pensjonstrygda for sjømenn.

Samanlikna med tidlegare år har utbetalinga av refusjonar under hovudtilskotsordninga under post 70 auka i 1997 fordi fleire norske sjøfolk kom inn under ordninga, medan utbetalingane er lågare for refusjonsordninga for norske sjøfolk på NIS-registrerte skip (post 71).

Ut frå kravet om realistisk budsjettering foreslår Nærings- og handelsdepartementet at løyvinga under post 70 aukast med 70 mill. kroner frå 339 til 409 mill. kroner og at løyvinga under post 71 blir sett ned med 70 mill. kroner, frå 75 til 5 mill. kroner. I forslaget til løyving er det også teke omsyn til at overførte midlar frå 1996 kan disponerast. I tillegg foreslår Nærings- og handelsdepartementet at løyvingane blir gjort overførbar slik at eit eventuelt mindreforbruk i 1997 kan disponerast til utbetaling av refusjonskrav for siste termin i 1997, som først kjem til utbetaling i 1998.

Kap. 950 Sydvaranger ASA og

Kap. 962, Omstillingstiltak

Post 71 Omstillingstilskot til Sør-Varanger

Omstillinga i Sør-Varanger - Tilrettelegging av Sydvaranger ASA sine aktiva til ny næringsverksemd

Bakgrunn

Stortinget gjorde 20. juni 1996 vedtak om at A/S Sydvaranger skal legge ned den malmbaserte verksemda, jf. St. prp. nr. 62 Om A/S Sydvaranger og omstillingen i Sør-Varanger og Innst. S. nr. 289 for 1995-96. Vidare vart det lagt til grunn at staten sitt engasjement i selskapet skulle opphøyre innan utgangen av 1998. Stortinget slutta seg samstundes til omfattande tiltak for å fremje omstilling i Sør-Varanger og utvikle ny næringsverksemd. Eit av dei sentrale elementa var å legge til rette dei fristilte ressursane ved Sydvaranger-selskapet, slik som kaianlegg, industriområde og bygningar, for ny næringsverksemd. A/S Sydvaranger skulle ikkje ha eigarinteresser i desse nye verksemdene. Selskapet for Industrivekst (SIVA), Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), Sør-Varanger kommune og private vart nemnde som moglege nye eigarar.

I St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 7 for 1996-97 Saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 1997, som Stortinget handsama 20. desember 1997, vart det gjort nærare greie for organiseringa av det vidare omstillingsarbeidet. Der gjekk det fram at Sør-Varanger kommune, Finnmark fylkeskommune, SND og SIVA har vedteke å etablere eit næringsutviklingsselskap som skulle leie det løpande omstillingsarbeidet, mellom anna næringsutvikling, akkvisisjon og lokalt tiltaksarbeid, og at selskapet skulle ha ansvaret for bygningar og eigedomar som selskapet overtek frå Sydvaranger.

Det gjekk fram at Nærings- og energidepartementet vil stille resten av omstillingsløyvinga til Sør-Varanger (ca. 44 mill. kroner) til disposisjon for drift av næringsutviklingsselskapet i ein 5-7 års periode.

I salderingsproposisjonen vart det lagt til grunn at det nye næringsutviklingsselskapet, Kirkenes Utvikling AS, skal spesifisere nærare kva for areal, bygningar og anlegg som kan nyttast aktivt i arbeidet med å etablere ny næringsverksemd i Sør-Varanger, og at det deretter skal drøftast om pris og andre vilkår for overføring av dei relevante eigedomane med Sydvaranger ASA. Departementet skulle syte for at eigedomane kunne overførast kostnadsfritt for næringsutviklingsselskapet ved at nødvendig finansiering vart stilt til rådvelde. I dette låg det som ein føresetnad at eigedomsoverføringane skulle bli finansierte ved statlege tilskot til Kirkenes Utvikling AS med inndekking i utbytte på staten sine aksjar i Sydvaranger ASA.

Av proposisjonen gjekk det også fram at departementet ville ta kontakt med andre departement for å samordne den statlege innsatsen for å styrkje næringssamarbeidet med Nordvest-Russland.

Status - vidareføring av omstillingsarbeidet

I samsvar med St.prp. nr. 62 for 1995-96 har Sydvaranger ASA ansvaret for gjennomføringa av avviklinga, medrekna sikring av anlegg, realisering av aktiva og dekking av selskapet sine uteståande forpliktelsar. Sydvaranger ASA har gitt melding til Bergvesenet om at gruva i første omgang går inn i ein såkalla driftskvile. Selskapet arbeider no med å få godkjend planar om nødvendig sikring. Ved utgangen av 1996 var det 115 tilsette i selskapet. Pr. 30. juni 1997 var talet på tilsette redusert med ytterlegare ca. 60. Ved årsskiftet 1997/98 reknar ein med at det vil vere 25 tilsette i selskapet.

Det løpande omstillingsarbeidet i regi av Kirkenes Utvikling AS er nå fullt operativt. Selskapet er etablert med ein aksjekapital på 2 mill. kroner og med SND, SIVA, Sør-Varanger kommune og Finnmark fylkeskommune som aksjonærar. Etableringa av modulproduksjon i bedrifta Moelven Hako Nord AS i Bjørnevatn er det første større resultatet av verksemda til Kirkenes Utvikling AS. Selskapet har omlag 20 tilsette. Det er stilt 44 mill. kroner av omstillingsmidlane til disposisjon for drifta av næringsutviklingsselskapet. Departementet legg til grunn at denne støtten skal sikre drifta av selskapet i ein periode på 5-7 år.

Arbeidet med overføringar av eigedomsretten til bygningar, tomter o.l. frå Sydvaranger ASA til Kirkenes Utvikling AS har teke lengre tid enn det ein opphavleg rekna med. For å sikre framdrifta i omstillingsarbeidet har det derfor vore nødvendig med nokre førebels løysingar. Medan ein venta på ei endeleg løysing på korleis eigedomsoverføringane skulle skje, har Kirkenes Utvikling AS overteke ein av taubåtane/isbrytarane frå Sydvaranger ASA. Kjøpet var nødvendig for å sikre tilfredsstillande tilhøve ved hamna i Kirkenes. Kirkenes Utvikling AS har finansiert kjøpet med midlar frå omstillingsløyvinga til Sør-Varanger. Kirkenes Utvikling AS har også gjort ein avtale med Sydvaranger ASA om kjøp av sentralverkstaden i Bjørnevatn. Selskapet vurderte kjøpet som nødvendig for å sikre etableringa til Moelven Hako Nord AS i Bjørnevatn. Sydvaranger ASA og Kirkenes Utvikling AS har vidare kome til semje om overføring av administrasjonsbygget til Sydvaranger ASA i Kirkenes sentrum. Overtakinga vil mellom anna kunne gjere det mogeleg å tilby lokale for viktige aktørar innan næringsutvikling og bidra til å styrkje det lokalt baserte næringsutviklingsarbeidet. Den samla kjøpesummen for dei aktiva som er nemnde ovanfor, utgjer omlag 26 mill. kroner.

Departementet har dessutan følgd opp signala i salderingsproposisjonen om å samordne innsatsen for auka næringssamarbeid med Nordvest-Russland. Dette må også sjåast i samband med oppfølginga av næringsstrategien for Nord-Noreg. Det er mellom anna etablert ei interdepartemental arbeidsgruppe som har som føremål å sjå på om det er mogeleg å få til betre koordinering av den samla næringsinnsatsen retta mot Nordvest-Russland. Siktemålet er vidare å få i gang ein strategiprosess for næringssamarbeidet. Vidareutviklinga av Sør-Varanger vil inngå som ein del av satsinga mot Nordvest-Russland.

Under omstillingsramma for Sør-Varanger er det fristilte midlar frå tidlegare prosjekttilsegn. Det gjeld mellom anna omstillingsmidlar som SND har hatt fullmakt til å disponere. Departementet vil disponere unytta prosjekttilsegn under omstillingsramma for Sør-Varanger til nye prosjekt og tiltak som kan gi arbeidsplassar i Sør-Varanger.

Oppsummering - forslag om løyving til omstillingsarbeid

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 962 Omstillingstiltak, post 71 Omstillingstilskot til Sør-Varanger, kan overførast med 26 mill. kroner på statsbudsjettet for 1997, frå 5,2 til 31,2 mill. kroner.

Førtidspensjonsordning ved Sydvaranger ASA

Stortinget gav 20. juni 1997 samtykke til framlegget frå Regjeringa om at det blir oppretta ei ny frivillig førtidspensjonsordning for tilsette i Sydvaranger ASA og dei som nyleg er blitt oppsagte av selskapet, jf. St.prp. nr. 63 og Innst. S. nr. 295 for 1996-97. Føresetnaden var at ordninga blir finansiert ved ei statleg løyving som vert dekt inn av inntekter som staten vil få som aksjonær i samband med avviklinga ved Sydvaranger. Vidare var det ein føresetnad at ordninga skulle tre i kraft frå 1. juli 1997 og at Storebrand Livsforsikring AS skulle stå for administrasjon og pensjonsutbetalingar frå dette tidspunkt.

I følgje Sydvaranger ASA ville i alt 55 personar oppfylle vilkåra for å få tilbod om førtidspensjonering. Dei samla pensjonskrava var av Storebrand utrekna til ca. 63 mill. kroner. Over statsbudsjettet for 1997 vart det løyvd et tilskot på 3 mill. kroner til dekking av løpande pensjonsutbetalingar under ordninga for perioden 1. juli 1997 til 30. juni 1998. Beløpet vart utbetalt til forsikringsselskapet i juli 1997.

Storebrand har nyleg informert departementet om at nokre av dei personane som var aktuelle for førtidspensjonering no er blitt uførepensjonerte. Forsikringsselskapet legg no til grunn at den nye førtidspensjonsordninga vil omfatte i alt 49 personar. Dei samla kostnadene som står att å utbetale for ordninga, er etter dette rekna ut til å bli om lag 53 mill. kroner dersom midlane vert utbetalte som eingongsbetaling pr. 1. juli 1998. I St.prp. nr. 1 for 1997-98 er det lagt til grunn at Nærings- og handelsdepartementet vil komme tilbake med framlegg til ytterlegare løyvingar på eit seinare tidspunkt.

Ekstraordinært utbytte frå Sydvaranger ASA

Nærings- og handelsdepartementet går inn for at det på ekstraordinær generalforsamling i Sydvaranger ASA i desember 1997 blir gjort vedtak om å utdele eit ekstraordinært utbytte på kr 19,50 pr. aksje. Det samla utbyttet blir 41,4 mill. kroner. Staten vil få om lag 36 mill. kroner av dette beløpet. Det er lagt til grunn at utbyttet blir utbetalt innan utgangen av 1997, jf. omtale under kap. 5656.

Nærings- og handelsdepartementet legg til grunn at dette utbyttet gir inndekking både for framlegget om å løyve 26 mill. kroner til vidareføring av omstillingsarbeidet i Sør-Varanger under kap. 962, post 71, sjå omtale ovanfor, og det tidlegare løyvde tilskotet til førtidspensjonsordning på 3 mill. kroner gjennom St. prp. nr. 63 for 1996-97 i tråd med føresetnaden. Nærings- og handelsdepartementet føreset at dei resterande 7 mill. kroner av utbyttet frå Sydvaranger ASA nyttast til inndekking av løyvingar til førtidspensjonsordninga i framtidige budsjett.

Likviditeten i selskapet Sydvaranger ASA er no tilfredsstillande og gir rom for det ekstraordinære aksjeutbyttet som det er gjort framlegg om ovanfor. Ved vurderinga av den likviditetsmessige situasjonen må ein ta omsyn til at selskapet vil få kostnader i samband med oppryddings- og miljøtiltak. Dessutan har Höganäs AB fremja eit erstatningskrav på 47 mill. kroner som følgje av bortfall av leveransar av superslig frå Sydvaranger i 1997 og 1998. Leveransane fell bort som eit resultat av at jernmalmverksemda er avvikla. Vidare vil staten ved avviklinga kreve tilbakebetalt eit ansvarleg lån på 42 mill. kroner som selskapet fekk i 1991.

Mogeleg vidareføring av jernmalmverksemda under nye eigarar

Det australske gruveselskapet Australian Bulk Minerals (ABM) har synt seriøs interesse for ei vidareføring av jernmalmverksemda i Kirkenes-området. Selskapet har gjennomførd ein førebels studie og tek no sikte på å sette i verk meir omfattande utgreiingar som skal vere ferdige i mars 1998. Utgreiingane må basere seg på ein avtale mellom dei sentrale partane som er Sydvaranger ASA, Kirkenes Utvikling AS og ABM. Opsjonsavtale ventar ein vert inngått i slutten av november 1997.

Kap. 955 (ny) Norsk Koksverk

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Det er fastsett ei statleg garantiramme på 180 mill. kroner for miljøtiltak på tomta til tidlegare Norsk Koksverk i Mo i Rana. Garantien gjeld utgifter til oppreinsking og andre miljøtiltak som blir gjennomførd etter pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT).

Garantiramma vart opphavleg (i 1990) sett til 100 mill. kroner, men vart auka med 30 mill. kroner i statsbudsjettet for 1995, jf. St.prp. nr. 1 for 1994-95 og med ytterlegare 50 mill. kroner, til 180 mill. kroner, i statsbudsjettet for 1997, jf. St.prp. nr. 63 for 1996-97. Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskild utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av midlar til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 1997 vart gitt av Stortinget 19. november 1996 ved handsaming av budsjettinnstillinga frå næringskomiteen, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 for 1996-97.

Ved utgangen av 1996 var det samla utbetalt om lag 123 mill. kroner under garantifullmakta. Det står etter dette igjen om lag 57 mill. kroner av garantiramma på 180 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet reknar med at det i 1997 vil bli aktuelt å betale ut ca. 25 mill. kroner under miljøgarantien, slik at samla utbetaling på garantien maksimalt vil vere 148 mill. kroner pr. 31. desember 1997.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 25 mill. kroner under nytt kap. 955 Norsk Koksverk, post 71 Refusjon for miljøtiltak, på statsbudsjettet for 1997.

Når det gjeld vidareføring av rehabiliteringsarbeidet i 1998, viser ein til omtale og ny utbetalingsfullmakt i St.prp. nr. 1 for 1997-98.

Kap. 956 (ny) Norsk Jern Eiendom A/S

Post 70 Refusjon for miljøtiltak

På statsbudsjettet for 1991 fekk Nærings- og energidepartementet fullmakt til å garantere ovanfor Norsk Jern Eiendom A/S at selskapet skulle haldast skadeslause for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT) knytt til miljøforureiningar på tomta som kan tilbakeførast til verksemda ved Norsk Koksverk A/S. I samband med statsbudsjettet for 1996 vart garantien forlengd med uendra ramme, inntil 10 mill. kroner, fram til 31. desember 1998. Tilsvarande som for miljøgarantien for Koksverktomta er det etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskild utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av midlar til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 1997 vart gitt av Stortinget 21. mars 1997 ved handsaming av St.prp. nr. 34 for 1996-97.

Det vart ikkje aktuelt å trekkje på garantien og føreta utbetalingar i 1996. Nærings- og handelsdepartementet reknar med at det i 1997 vil bli aktuelt å betale ut ca. 2,5 mill. kroner under miljøgarantien.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner under nytt kap. 956 Norsk Jern Eiendom A/S, post 70 Refusjon for miljøtiltak, på statsbudsjettet for 1997.

Når det gjeld vidareføring av rehabiliteringsarbeidet i 1998, viser ein til ny utbetalingsfullmakt i St.prp. nr. 1 for 1997-98.

Kap. 957 (ny) A/S Kongsberg Våpenfabrikk

Ved handsaminga av St.prp. nr. 63 Omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet 1997 og Innst. S. nr. 295 1996-97 ga Stortinget sitt samtykke til at Nærings- og handelsdepartementet kunne overdra staten sine aksjar i AS Kongsberg Våpenfabrikk (KV) til Kongsberg Gruppen ASA på dei vilkår som går fram av proposisjonen, og etter forhandlingar mellom departementet og Kongsberg Gruppen ASA.

Basert på dette har Nærings- og handelsdepartementet og Kongsberg Gruppen ASA no framforhandla ein avtale der Kongsberg Gruppen ASA skal betale 2,3 mill. kroner for aksjane i KV.

Dei løyvingsmessige konsekvensane av avtalen er følgjande:

Refusjon av prosessutgifter

Den gjenverande eigenkapitalen i A/S Kongsberg Våpenfabrikk er ca. 4,7 mill. kroner. Av dette foreslår ein 2,4 mill. kroner tilbakebetalt til staten v/NHD som refusjon av utgifter som staten dekte (forskotterte) i samband med søksmål og forlik med kreditorane. Refusjonsbeløpet på 2,4 mill. kroner er ført som løyving under kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet, post 02 Ymse inntekter, jf. omtale under dette kapitlet.

Sal av aksjar

Nærings- og handelsdepartementet går inn for at staten sin aksjepost i KV blir seld til Kongsberg Gruppen ASA for 2,3 mill. kroner, som er lik den gjenverande eigenkapitalen i selskapet etter at staten har fått tilbakebetalt dei ovannemnde prosessutgiftene på 2,4 mill. kroner. Salssummen foreslås løyvd som inntekt under kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk, post 90 Sal av aksjar, jf. omtale under dette kapitlet.

Post 70 Tilskot til avskriving av aksjekapital

Aksjekapitalen i A/S Kongsberg Våpenfabrikk står bokført med 597 mill. kroner i statsrekneskapen for 1996. Ovannemnde aksjesal til Kongsberg Gruppen ASA fører til at aksjekapitalen i KV blir redusert til 594,7 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om at den resterande bokførte aksjekapitalen avskrivast ved at det blir løyvd 594,7 mill. kroner under nytt kap. 957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk, post 70 Tilskot til avskriving av aksjekapital, jf. omtale under kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk, post 91 Avskriving av aksjekapital.

Kap. 3957 (ny) A/S Kongsberg Våpenfabrikk

Post 90 Sal av aksjar

Staten sin aksjepost i KV foreslås seld til Kongsberg Gruppen ASA for 2,3 mill. kroner, som er lik den gjenverande eigenkapitalen i selskapet etter at staten har fått tilbakebetalt utlagte prosessutgifter på 2,4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om at det på statsbudsjettet for 1997 blir løyvd 2,3 mill. kroner under nytt kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk, post 90 Sal av aksjar, jf. omtale under kap. 957.

Post 91 Avskriving av aksjekapital

Departementet gjer framlegg om at det på statsbudsjettet for 1997 blir løyvd 594,7 mill. kroner under nytt kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk, post 91 til avskriving av aksjekapitalen i A/S Kongsberg Våpenfabrikk, jf. omtale under kap. 957, post 70.

Aksjekapitalen i A/S Kongsberg Våpenfabrikk, som er bokført med 597 mill. kroner, vil bli nedskriven til 0 i statsrekneskapen for 1997 på grunnlag av det foreslåtte aksjesalet til Kongsberg Gruppen ASA på 2,3 mill. kroner og avskrivingsløyvinga på 594,7 mill. kroner.

Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Post 90 Lån til grunnfinansieringsordninga, overslagsløyving

Då Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vart oppretta, vart det avklara at låneordningane til fondet skulle finansierast ved innlån frå statskassa. SND kan ta opp innlån til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. SND betalar og ein låneprovisjon på 0,4 pst. p.a. SND refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5342 i 1997, jf. nedanfor. Innlån og avdrag bruttoførast, slik at løyvingane aukar når innlåna vert konvertert frå lang- til kortsiktige lån.

SND har ein utlånsportefølje på om lag 8 mrd. kroner under grunnfinansieringsordninga. Løyvinga som skal dekke SND sitt innlånsbehov i 1997, foreslås auka med meir enn 50 pst. samanlikna med SIII 1997 fordi ein stor del av innlåna til SND blir tatt opp som kortsiktige to månaders lån, dvs. at både innlån til og tilbakebetaling (avdrag) frå SND skjer fleire gonger i løpet av året enn tidlegare. Dermed aukar tilhøyrande avdragspost under kap. 5341, post 93 tilsvarande. Dette har ingen innverknad på SND sitt totale utlånsvolum under ordninga.

På bakgrunn av dette gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til innlån til SND si grunnfinansieringsordning med 9,85 mrd. kroner, frå 18,75 til 28,6 mrd. kroner.

Post 91 Lån til risikolåneordningane, overslagsløyving

SND har ei utlånsportefølje på om lag 2,6 mrd. kroner til landsdekkjande og distriktsretta risikolån. Løyvinga som skal dekke SND sitt innlånsbehov i samband med risikolån i 1997, foreslås redusert med om lag 240 mill. kroner i tilhøve til SIII 1997. Dette har hovudsakleg samanheng med at det er vanskeleg å budsjettere løyvinga nøyaktig. Redusert innlånsbehov inneber at avdraga under kap. 5341, post 94 og vert redusert. Storleiken på innlånsløyvinga har ingen innverknad på SND sitt totale utlånsvolum under ordninga.

På bakgrunn av dette gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND sine risikolåneordningar med 236,7 mill. kroner, frå 3 036,7 til 2 800 mill. kroner.

Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 02 (ny) Ymse inntekter

Departementet gjer framlegg om at det blir løyvd 2,4 mill. kroner som inntekt under kap. 3900, ny post 02 på statsbudsjettet for 1997. Beløpet er refusjon av utgifter som staten dekte (forskotterte) i samband med søksmål og forlik med kreditorane til A/S Kongsberg Våpenfabrikk, jf. omtale under kap. 957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk.

Kap. 3958 (ny) Norsk Jernverk A/S

Post 70 Tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonsordning

Over statsbudsjettet for 1988 vart det løyvd 132,6 mill. kroner til ei førtidspensjonsordning ved Norsk Jernverk AS over kap. 960, post 73, jf. St.prp. nr. 29 for 1988-89.

Midlane vart utbetalt til eit fond under forvalting av Uni Forsikring (seinare Storebrand Livsforsikring). Ordninga foreslås avvikla ettersom ingen personar lenger er omfatta av den. Unytta fondsmidlar på førtidspensjonsordninga utgjer om lag 60 mill. kroner, og foreslås tilbakebetalt til staten i løpet av 1997.

På denne bakgrunn foreslås ei inntektsløyving på 60 mill. kroner under nytt kap. 3958 Norsk Jernverk AS, post 70 Tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonering.

Kap. 3959 (ny) Fosdalens Bergverks-Aktieselskap

Post 70 Tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonsordning

I samband med avviklinga av Fosdalens Bergverks-Aktieselskap vart det på statsbudsjettet for 1989 løyvd 6 mill. kroner til ei førtidspensjonsordning under kap. 971, post 74, jf. St.prp. nr. 46 for 1989-90.

Midlane vart utbetalt til eit fond under forvaltning av Forenede Forsikring (seinare Gjensidige Forsikring). Som følgje av at ingen personar lenger er omfatta av ordninga er ca. 5 mill. kroner tilbakebetalt i 1997.

På denne bakgrunn foreslås ei inntektsløyving på 5 mill. kroner under nytt kap. 3959 Fosdalens Bergverks-Aktieselskap, post 70 Tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonering.

Kap. 3968 (ny) Raufoss ASA

Post 90 Sal av aksjar

Raufoss ASA (RA) har ein aksjekapital på 150 mill. kroner, fordelt på 7,5 mill. aksjar à kr 20. Staten eig 4 mill. aksjar, eller 53,33 % av aksjekapitalen.

Da RA vart delprivatisert i 1990 fekk dei tilsette tilbod om å tegne eit visst tal aksjar med rabatt. Nær 50 pst. av dei RA-tilsette kjøpte aksjar i selskapet.

Leiinga i selskapet tok tidlegare i haust opp spørsmålet om å etablere ei ordning med eit nytt aksjetilbod til tilsette, leiinga og styremedlemmer i Raufoss ASA. Forslaget gjekk ut på at staten skulle legge til rette for at dei kan kjøpe inntil 230 000 av staten sine RA-aksjar i løpet av 1997, 1998 eller 1999 for kr 115 pr. aksje, og eventuelt betale kr 1 pr. aksje for denne retten.

Nærings- og handelsdepartementet ser positivt på eit opplegg som gjer det mogeleg for dei RA-tilsette å kjøpe fleire aksjar i eige selskap. Departementet har heller ikkje prinsipielle innvendingar mot at staten går noko ned i eigarprosent, såframt aksjemajoriteten blir oppretthalde. Staten gjorde det same i Kongsberg Gruppen ASA i 1996. Departementet foreslår at staten aksepterer eit tilbod om å selje 230 000 aksjar, og at aksjane blir seld til ei stifting med føremål å selje aksjar vidare til RA-tilsette. Dette er elles ein framgangsmåte som mellom anna Norsk Hydro ASA nyttar ved sal av aksjar til sine tilsette.

RA-aksjen har for tida ein børskurs rundt kr 115, slik at salet samla vil gi staten ei inntekt på rundt 26,5 mill. kroner. Staten vil etter ovannemnde sal framleis ha aksjemajoriteten i Raufoss ASA med 50,27 pst. av den samla aksjekapitalen.

Departementet gjer på dette grunnlag framlegg om at det blir løyvd 26,5 mill. kroner under nytt kap. 3968 Raufoss ASA , post 90 Sal av aksjar på statsbudsjettet for 1997.

Kap. 4635 Låne- og garantiprovisjonar

Post 72 Garantiprovisjon - Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, grunnfinansieringsordninga

Staten har garantert for dei innlåna som den tidlegare Industribanken tok opp i den private kredittmarknaden inntil banken vart ein del av SND i 1993. Provisjonssatsen for staten sitt garantiansvar for innlånsmassen er sett til 0,4 pst. p.a. Provisjonen blir rekna ut og innbetalt etterskotsvis, dvs. året etter, og den vert redusert etter kvart som garantiansvaret minskar. Det vart budsjettert med ei løyving på kr 700 000 i garantiprovisjon frå SND for 1996 med innbetaling i 1997. Innbetalinga vart noko høgare enn ein rekna med på budsjetteringstidspunktet. På bakgrunn av dette gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til garantiprovisjon frå SND på statsbudsjettet for 1997 med kr 55 000, frå kr 700 000 til kr 755 000.

Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar

Post 93 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, grunnfinansieringsordninga,

Som det går fram av kap. 2420, post 90 ovanfor, er ein større del av SND sitt innlånsbehov knytt til grunnfinansieringsordninga blitt konvertert til kortsiktige innlån. Dette vil auke løyvingane både til innlån frå statskassa til SND og avdrag frå SND til statskassa. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag på SND si grunnfinansieringsordning med 12,05 mrd. kroner, frå 15,75 til 27,8 mrd. kroner.

Post 94 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, risikolåneordningane

Som det går fram av kap. 2420, post 91 ovanfor, vil SND sitt innlånsbehov knytta til risikolåneordningane bli lågare i 1997 enn budsjettert. Dette vil også gi utslag på avdragsinnbetalingane i 1997. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til avdrag på SND sine risikolåneordningar med 46,7 mill. kroner, frå 3 526,7 til 3 480 mill. kroner.

Post 96 Industrifondet, avdrag på valutalån

I samsvar med forslag i salderingsproposisjonen for 1997 (St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 7 for 1996-97) under kap. 5341, post 96 vart SND sine innlån i valuta knytt til gjenståande valutalån gitt av Industrifondet midt på 1980-talet innfridd i januar 1997. Dei gjenståande låna og eventuelle tap på låna handsamast no på same måte som ordinære lån gitt av Industrifondet før fondet vart innlemma i SND. Innfriinga førte til større innbetaling til statskassa enn det som vart budsjettert i salderingsproposisjonen. Dette skuldast i hovudsak at inntektsføring av oppgjer for tap under ordninga i 1995 ikkje vart tatt med i utrekningsgrunnlaget då posten vart budsjettert.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag på valutalån med 6,05 mill. kroner, frå 39,2 til 45,25 mill. kroner.

Kap. 5601 Renter frå statsbankane

Post 75 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, grunnfinansieringsordninga

Som det går fram av kap. 2420, post 90 ovanfor, er ein større del av SND sitt innlånsbehov knytt til grunnfinansieringsordninga blitt konvertert til kortsiktige innlån. For tida er det lågare rentesats på kortsiktige lån enn på langsiktige. Dette gjer grunnlag for å justere ned renteinntektene for 1997. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til renter frå SND for innlån knytt til grunnfinansieringsordninga med 80 mill. kroner, frå 480 til 400 mill. kroner.

Post 76 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, risikolåneordningane

Som det går fram av kap. 2420, post 91 ovanfor, er SND sitt innlånsbehov knytt til risikolåneordningane blitt noko lågare i 1997 enn budsjettert. Dette gjer grunnlag for ei mindre nedjustering av renteinntektene for 1997. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til renter frå SND for innlån knytt til risikolåneordningane med 4 mill. kroner, frå 195 til 191 mill. kroner.

Post 79 Industrifondet, valutalån

Som følgje av høgare avdragsinnbetaling i samband med at SND innfridde innlån i valuta knytt til valutalånsordninga, jf. omtale under kap. 5341, post 96 ovanfor, er renteinntektene knytt til ordninga vorte høgare enn budsjettert i salderingsproposisjonen for 1997 (St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 7 for 1996-97). Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til renter frå valutalånsordninga med kr 142 000, frå kr 300 000 til kr 442 000.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting

Post 80 Utbytte

NHD går inn for at det på ekstraordinær generalforsamling i Sydvaranger ASA i desember 1997 blir gjort vedtak om at det blir utdelt eit utbytte til aksjonærane i selskapet på 41,4 mill. kroner. Staten sin del av utbyttet vil utgjere om lag 36 mill. kroner, jf nærare omtale under kapitla 950 og 962 om omstillinga i Sør-Varanger og tilrettelegging av Sydvaranger ASA sine aktiva til ny næringsverksemd.

Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om ein auke av løyvinga under kap. 5656, post 80 Utbytte med 36 mill. kroner på statsbudsjettet for 1997, frå 898 til 934 mill. kroner.

Til forsiden