2 Rådsdirektiv 98/49/EF av 29. juni 1998 om trygging av rettane til supplerande pensjon for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande som flyttar innanfor Fellesskapet
RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 51 og 235,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1,
med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet 2,
med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 3 og
ut frå desse synsmåtane:
Fri rørsle for personar er ein av dei grunnleggjande fridommane i Fellesskapet. I traktaten er det fastsett at Rådet samrøystes skal vedta dei tiltaka for sosial tryggleik som er naudsynte for å gjennomføre fri rørsle for arbeidstakarar.
Arbeidstakarar er sosialt sikra gjennom lovfesta trygdeordningar som vert utfylte med supplerande trygdeordningar.
Det regelverket som Rådet alt har vedteke med sikte på å verne rettane til trygdeytingar for arbeidstakarar som flyttar innanfor Fellesskapet, og til familiemedlemmene deira, dvs. rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 av 14. juni 1971 om anvendelse av trygdeordninger på arbeidstakere og deres familiemedlemmer som flytter innenfor Fellesskapet 4 og rådsforordning (EØF) nr. 574/72 av 21. mars 1972 om regler for gjennomføring av forordning (EØF) nr. 1408/71 om anvendelse av trygdeordninger på arbeidstakere og deres familiemedlemmer som flytter innenfor Fellesskapet 5, gjeld berre lovfesta pensjonsordningar. Den samordninga som er fastsett i desse forordningane, omfattar ikkje lovfesta pensjonsordningar, bortsett frå ordningar som er omfatta av uttrykket «lovgjeving» slik det er definert i artikkel 1 bokstav j) første leddet i forordning (EØF) nr. 1408/71, eller ordningar som ein medlemsstat gjev fråsegn om i medhald av denne artikkelen.
Rådet har vid fullmakt til å nytte skjønn når det gjeld å velje dei tiltaka som er mest føremålstenlege for å nå målet i artikkel 51 i traktaten. Den samordninga som er fastsett i forordning (EØF) nr. 1408/71 og (EØF) nr. 574/72, og særleg dei reglane som gjeld samanlegging, kan ikkje nyttast på supplerande pensjonsordningar, bortsett frå ordningar som er omfatta av uttrykket «lovgjeving» slik det er definert i artikkel 1 bokstav j) første leddet i forordning (EØF) nr. 1408/71, eller ordningar som ein medlemsstat gjev fråsegn om i medhald av denne artikkelen, og bør difor vere omfatta av særlege tiltak der dette direktivet er det første, slik at det vert teke omsyn til eigenarten og dei særskilte kjenneteikna deira og til mangfaldet av slike ordningar i og mellom medlemsstatane.
Ingen pensjonar eller ytingar bør vere omfatta av føresegnene både i dette direktivet og i forordning (EØF) nr. 1408/71 og (EØF) nr. 574/72, og supplerande pensjonsordningar som høyrer inn under verkeområdet til desse forordningane fordi ein medlemsstat har gjeve fråsegn om det i medhald av artikkel 1 bokstav j) i forordning (EØF) nr. 1408/71, kan difor ikkje vere omfatta av føresegnene i dette direktivet.
I rekommandasjon 92/442/EØF av 27. juli 1992 om tilnærming mellom målene og politikken for sosial sikkerhet 6 tilrådde Rådet medlemsstatane om naudsynt å fremje tilpassingar av vilkåra for opptening av rettar til pensjon ved arbeidsopphøyr, og særleg av rettar til supplerande pensjon, for å unngå at mobiliteten for arbeidstakarane vert hindra.
For å medverke til å nå dette målet kan det sikrast at arbeidstakarar som flyttar frå éin medlemsstat til ein annan, eller som har ein tenestestad som vert flytta frå éin medlemsstat til ein annan, får lik handsaming med omsyn til vern av rettane deira til supplerande pensjon som arbeidstakarar som ikkje flyttar, eller som har ein tenestestad som vert flytta innanfor den same medlemsstaten.
Fri rørsle for personar, som er ein av dei grunnleggjande rettane i medhald av traktaten, gjeld ikkje berre for arbeidstakarar, men òg for sjølvstendig næringsdrivande.
I traktaten er det berre artikkel 235 som gjev heimel for å gjere høvelege tiltak på området trygd for sjølvstendig næringsdrivande.
For å kunne utøve retten til fri rørsle på ein fullgod måte, bør arbeidstakarar og andre rettshavarar ha visse garantiar for lik handsaming når det gjeld vidareføring av pensjonsrettar som dei har tent opp innanfor supplerande pensjonsordningar.
Ettersom alle restriksjonar på kapitalrørsler og betalingar er forbodne i medhald av artikkel 73 B i traktaten, bør medlemsstatane gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at ytingar frå supplerande pensjonsordningar vert utbetalte til noverande og tidlegare medlemmer og til andre retthavarar innanfor slike ordningar i alle medlemsstatane.
For å gjere det lettare å utøve retten til fri rørsle, bør dei nasjonale reglane om naudsynt tilpassast, slik at det vert mogleg å halde fram med betaling av tilskot til ei godkjend supplerande pensjonsordning som er skipa i éin medlemsstat, frå eller på vegner av arbeidstakarar som er utsende til ein annan medlemsstat, i samsvar med avdeling II i forordning (EØF) nr. 1408/71.
I denne samanhengen krev traktaten ikkje berre stans av all skilnadshandsaming på grunnlag av nasjonalitet mellom arbeidstakarar i medlemsstatane, men òg oppheving av alle nasjonale tiltak som kan vere til hinder for eller gjere det mindre attraktivt for arbeidstakarane å utøve dei grunnleggjande rettane som er sikra ved traktaten slik han er tolka av Domstolen til Dei europeiske fellesskapa i fleire påfølgjande dommar.
Arbeidstakarar som utøver retten sin til fri rørsle, bør få tilstrekkelege opplysningar frå arbeidsgjevarar, forvaltarar eller andre som er ansvarlege for forvaltinga av supplerande pensjonsordningar, særleg om kva val og alternativ som er tilgjengelege for dei.
Dette direktivet rører ikkje ved lovgjevinga til medlemsstatane om kollektive tiltak til trygging av yrkesinteresser.
På grunn av store ulikskapar mellom dei supplerande trygdeordningane bør Fellesskapet nøye seg med å fastleggje ei ramme for allmenne mål, og difor er eit direktiv det mest føremålstenlege verkemiddelet.
I samsvar med nærleiksprinsippet og prinsippet om rimeleg samhøve slik det er definert i artikkel 3B i traktaten kan ikkje måla med dette direktivet nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og kan difor lettare nåast på fellesskapsplan. Dette direktivet går ikkje lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla C
VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:
Kapittel I
Mål og verkeområde
Artikkel 1
Målet med dette direktivet er å verne rettane til medlemmer av supplerande pensjonsordningar som flyttar frå éin medlemsstat til ein annan, og såleis medverke til å fjerne hindringar for den frie rørsla for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande innanfor Fellesskapet. Dette vernet omfattar pensjonsrettar både i frivillige og pliktige supplerande pensjonsordningar, bortsett frå dei ordningane som høyrer inn under forordning (EØF) nr. 1408/71.
Artikkel 2
Dette direktivet skal nyttast på medlemmer i supplerande pensjonsordningar og på andre rettshavarar innanfor slike ordningar som har tent opp eller er i ferd med å tene opp rettar i éin eller fleire medlemsstatar.
Kapittel II
Definisjonar
Artikkel 3
I dette direktivet tyder
«supplerande pensjon» pensjonar ved arbeidsopphøyr og, dersom dei er fastsette ved reglane for ei supplerande pensjonsordning som er skipa i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis, ytingar ved uførleik og ytingar til attlevande som er meinte å skulle supplere eller kome i staden for dei ytingane som vert utbetalte til dei same kategoriane gjennom lovfesta trygdeordningar,
«supplerande pensjonsordning» alle yrkesbaserte ordningar som er skipa i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis, t.d. ei kollektiv forsikringsavtale, ei utlikningsordning som éin eller fleire bransjar eller sektorar er vortne samde om, ei fondsbasert ordning eller ei pensjonstilsegn som er sikra ved rekneskapsmessige avsetjingar, eller eventuelle andre kollektive eller tilsvarande ordningar som er skipa for å gje arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande ein supplerande pensjon,
«pensjonsrettar» alle ytingar som eit medlem eller ein annan rettshavar har rett til etter reglane for ei supplerande pensjonsordning og eventuelt etter nasjonal lovgjeving,
«opptente pensjonsrettar» alle rettar til ytingar som er vortne oppnådde etter at dei vilkåra som krevst etter reglane for ei supplerande pensjonsordning, og eventuelt etter nasjonal lovgjeving, er vortne stetta,
«utsend arbeidstakar» ein person som er utsend for å arbeide i ein annan medlemsstat, og som i samsvar med føresegnene i avdeling II i forordning (EØF) nr. 1408/71 framleis er underlagd lovgjevinga i heimstaten; «utsending» skal forståast på tilsvarande måte,
«tilskot» all betaling som er gjort til eller skulle vore gjort til ei supplerande pensjonsordning.
Kapittel III
Tiltak for å verne rettane til supplerande pensjon for arbeidstakarar som flyttar innanfor fellesskapet
Artikkel 4
Lik handsaming med omsyn til vidareføring av pensjonsrettar
Medlemsstatane skal gjere dei tiltaka som er naudsynte for å syte for vern av opptente pensjonsrettar for medlemmer i ei supplerande pensjonsordning som det ikkje lenger vert betalt tilskot for til denne ordninga fordi dei har flytt frå éin medlemsstat til ein annan, i same grad som for andre medlemmer som det ikkje lenger vert betalt tilskot for, men som vert verande i den same medlemsstaten. Denne artikkelen skal òg nyttast på andre som er rettshavarar etter reglane for den aktuelle supplerande pensjonsordninga.
Artikkel 5
Betalingar over landegrensene
Medlemsstatane skal sikre at både medlemmer i supplerande pensjonsordningar og andre rettshavarar i desse ordningane får utbetalt alle ytingar som dei har krav på under desse ordningane i andre medlemsstatar, med frådrag av eventuelle skattar og transaksjonskostnader.
Artikkel 6
Tilskot til supplerande pensjonsordningar frå eller på vegner av utsende arbeidstakarar
1. Medlemsstatane skal vedta dei tiltaka som er naudsynte for at det framleis skal vere mogleg å betale tilskot til ei supplerande pensjonsordning som er skipa i éin medlemsstat, frå eller på vegner av ein utsend arbeidstakar som er medlem i ei slik ordning under utsendingsperioden sin i ein annan medlemsstat.
2. Dersom det i medhald av artikkel 1 framleis vert betalt tilskot til ei supplerande pensjonsordning som er skipa i éin medlemsstat, skal den utsende arbeidstakaren og eventuelt arbeidsgjevaren hans få unntak frå all plikt til å betale tilskot til ei supplerande pensjonsordning i ein annan medlemsstat.
Artikkel 7
Opplysningar til medlemmer i ordninga
Medlemsstatane skal gjere tiltak for at arbeidsgjevarar, forvaltarar eller andre som er ansvarlege for forvaltinga av supplerande pensjonsordningar, gjev medlemmene sine tilstrekkelege opplysningar om kva pensjonsrettar dei har og kva val som er tilgjengelege for dei under ordninga når dei flyttar til ein annan medlemsstat. Desse opplysningane skal minst svare til dei opplysningane som vert gjevne til medlemmer i ordninga som det ikkje lenger vert betalt tilskot for, men som vert verande i den same medlemsstaten.
Kapittel IV
Sluttføresegner
Artikkel 8
Medlemsstatane kan fastsetje at føresegnene i artikkel 6 berre skal nyttast på utsending som tek til 25. juli 2001 eller seinare.
Artikkel 9
Medlemsstatane skal innføre i den nasjonale rettsskipnaden sin dei tiltaka som er naudsynte for at personar som meiner at dei har lidd urett som følgje av at føresegnene i dette direktivet ikkje er vortne nytta, kan få saka si prøvd ved rettsleg handsaming etter eventuelt å ha lagt henne fram for andre kompetente styresmakter.
Artikkel 10
1. Medlemsstatane skal setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet, innan 36 månader frå den datoen då det tek til å gjelde, eller dei skal innan denne datoen syte for at partane i arbeidslivet ved avtale har innført dei føresegnene som er naudsynte. Medlemsstatane skal gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for at dei til kvar tid skal kunne garantere dei resultata som er målet for dette direktivet. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.
Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.
Dei skal melde frå til Kommisjonen om namnet til dei nasjonale styresmaktene som kan kontaktast når det gjeld gjennomføringa av dette direktivet.
2. Medlemsstatane skal innan 25. januar 2002 sende Kommisjonen teksta til dei internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.
3. Innan seks år etter at dette direktivet har teke til å gjelde, skal Kommisjonen leggje fram for Europaparlamentet, Rådet og Økonomi- og sosialutvalet ein rapport på grunnlag av opplysningar frå medlemsstatane.
Rapporten skal omfatte gjennomføringa av dette direktivet, og skal eventuelt innehalde framlegg til endringar som kan vere naudsynte.
Artikkel 11
Dette direktivet tek til å gjelde den dagen det vert kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Artikkel 12
Dette direktivet er retta til medlemsstatane.
Utferda i Luxembourg, 29. juni 1998.
For Rådet
R. COOK
Formann
Fotnotar
TEF C 5 av 9.1.1998, s. 4.
TEF C 152 av 18.5.1998.
TEF C 157 av 25.5.1998, s. 26.
TEF L 149 av 5.7.1971, s. 2. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 1223/98 (TEF L 168 av 13.6.1998, s. 1).
TEF L 74 av 27.3.1972, s. 1. Forordninga sist endra ved forordning (EF) nr. 1223/98 (TEF L 168 av 13.6.1998, s. 1).
TEF L 245 av 26.8.1992, s. 49.