3 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/1999/EF av 12. juli 1999 om vedtaking av eit sett tiltak og åtgjerder for å sikre samverknadsevne mellom og tilgang til transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom forvaltingar (IDA)
EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 156,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1,
med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2,
med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 4, og
ut frå desse synsmåtane:
I resolusjonen sin av 20. juni 1994 5
streka Rådet under at datautvekslinga mellom forvaltingar må samordnast.
I resolusjonen sin av 21. november 1996 6
fastsette Rådet nye politiske prioriteringar med omsyn til informasjonssamfunnet.
I meldinga si av 19. juli 1994 gjorde Kommisjonen framlegg om ein handlingsplan for informasjonssamfunnet.
Kommisjonen har gjort framlegg om ein handlingsplan for den felles marknaden.
I resolusjonen sin av 12. juni 1997 7
oppmoda Europaparlamentet Den europeiske unionen og medlemsstatane om å gjere tiltak med omsyn til utvikling og bruk av ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i dei neste ti åra.
Ved vedtak nr. 2717/95/EF 8
vedtok Europaparlamentet og Rådet eit sett retningslinjer for utvikling av EURO-ISDN til eit transeuropeisk nett.
Ved vedtak nr. 1336/97/EF 9
vedtok Europaparlamentet og Rådet eit sett retningslinjer for transeuropeiske telenett.
I rekommandasjonen sin av 7. april 1995 om ensartede kriterier for evaluering av informasjonsteknologisikkerhet 10
gjekk Rådet inn for bruk av kriterium for evaluering av tryggleiken i samband med evaluerings- og sertifiseringsordningar.
For å kunne verkeleggjere Den økonomiske og monetære unionen, gjennomføre fellesskapspolitikk og -tiltak og fremje kommunikasjon mellom fellesskapsorgan og -institusjonar, må det skipast integrerte datakommunikasjonssystem, heretter kalla «telematikknett», mellom forvaltingar.
Slike nett må knyte saman både dei noverande og dei framtidige datahandsamingssystema til forvaltingane i medlemsstatane og i Fellesskapet over heile Europa, og utgjer difor transeuropeiske telenett for forvaltingar.
Eit effektivt samband mellom desse datahandsamingssystema krev ein størst mogleg grad av samverknadsevne mellom dei ulike systema og komponentane deira.
For å oppnå stordriftsføremoner og å auke nytten av slike nett er det viktig å gjere mest mogleg bruk av standardar, offentleg tilgjengelege spesifikasjonar og open programvare for å sikre smidig samverknadsevne.
Eit betre grensesnitt til offentlege forvaltingar vil oppmuntre borgarane i Den europeiske unionen til å dra nytte av informasjonssamfunnet.
Det at hindringane for kommunikasjon mellom offentlege forvaltingar og den private sektoren vert fjerna, er ein viktig faktor for framgangen og konkurranseevna til industrien i Fellesskapet.
Fellesskapet nyttar eller dreg nytte av dei telematikknetta som medverkar til gjennomføring av fellesskapspolitikken og -tiltaka, av kommunikasjon mellom organa og av Den økonomiske og monetære unionen.
Skipinga av slike nett er ei oppgåve både for Fellesskapet og for medlemsstatane.
For å gjere effektiv bruk av dei finansielle midlane til Fellesskapet må unaudsynleg auke i utstyrsmengd, overflødige granskingar og bruk av ulike framgangsmåtar unngåast.
Felles verktøy og teknikkar for brukarprogram i sektornett kan m.a. nyttast til handsaming og spreiing av dokument, innsamling av data, fleirspråklege brukargrensesnitt og tryggleik med omsyn til elektronisk kommunikasjon.
Den beste måten å skipe og drive desse netta på, samstundes som det vert teke omsyn til kostnadseffektivitet, skjønsemd, fleksibilitet og evne til å tilpasse seg den teknologiske utviklinga, er å nytte ein marknadsretta framgangsmåte, og følgjeleg velje ut leverandørar på eit konkurransemessig grunnlag i ein situasjon med fleire tenesteytarar.
Det må sytast for ei skjønsam jamvekt mellom det å stette felles krav og å halde ved lag nasjonale særtrekk i samband med alle tiltak som skal sikre samverknadsevne mellom og tilgang til slike nett.
Det bør difor setjast i verk tverrgåande tiltak og åtgjerder for å sikre samverknadsevne mellom slike nett.
I samsvar med nærleiksprinsippet og prinsippet om rimeleg samhøve slik det er nemnt i artikkel 5 i traktaten, kan ikkje målet med iverksetjinga av slike tverrgåande tiltak og åtgjerder nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og kan difor på grunn av omfanget eller verknadene av det framlagde tiltaket, betre nåast på fellesskapsplan. Det framlagde tiltaket går ikkje lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.
Gjennomføringa av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet og assosieringsavtalene med Det europeiske fellesskapet krev ein høg grad av samverknadsevne innanfor og mellom dei aktuelle telematikknetta.
Telematikknett og elektronisk kommunikasjon har ein ibuande internasjonal dimensjon.
Dei tiltaka som tek sikte på å sikre samverknadsevna til telematikknetta mellom forvaltingar, er i samsvar med dei prioriteringane som er vedtekne i samband med retningslinjene for transeuropeiske telenett.
Det er sett i verk tiltak i samsvar med rådsavgjerd 95/468/EF av 6. november 1995 om fellesskapstøtte til telematisk datautveksling mellom administrasjonar i Fellesskapet (IDA) 11
. Domstolen oppheva avgjerd 95/468/EF 28. mai 1998. Verknadene av dei tiltaka som Kommisjonen har gjort på grunnlag av denne avgjerda før ho vart oppheva av Domstolen, vert haldne ved lag.
I denne avgjerda er det fastsett ei finansiell ramme som i medhald av punkt 1 i fråsegna frå Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen av 6. mars 1995 12
er det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga -
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Verkeområde og mål
Fellesskapet skal vere verksamt på området transeuropeiske telematikknett for forvaltingar og gjere dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, og som har følgjande mål:
oppnå ein høg grad av samverknadsevne innanfor og mellom ulike forvaltingssektorar og eventuelt med den private sektoren, mellom telematikknett i medlemsstatane og mellom Fellesskapet og medlemsstatane med sikte på å støtte skipinga av Den økonomiske og monetære unionen og å gjennomføre den fellesskapspolitikken og dei fellesskapstiltaka som er nemnde i artikkel 3 og 4 i traktaten, samstundes som det vert teke omsyn til det arbeidet som alt er sett i gang innanfor eksisterande program i Fellesskapet eller i medlemsstatane,
føre saman slike nett til eit felles telematikkgrensesnitt mellom Fellesskapet og medlemsstatane,
oppnå vesentlege føremoner for forvaltingane i medlemsstatane og for Fellesskapet ved å rasjonalisere drifta, redusere vedlikehaldet, auke framdrifta med omsyn til skiping og utvikling av nett, oppnå ei datautveksling som i det store og heile er sikker og påliteleg, i tillegg til å oppnå betre kostnadseffektivitet, skjønsemd, fleksibilitet og evne til å tilpasse seg den teknologiske utviklinga og marknadsutviklinga ved skiping og drift av slike nett,
sikre at industrien i Fellesskapet og borgarane i Den europeiske unionen kan nytte seg av dei føremonene som er nemnde i bokstav c),
fremje spreiinga av best mogleg praksis og oppmuntre til utvikling av nyskapande telematikkløysingar i forvaltingane.
Denne avgjerda er ein del av IDA-programmet.
Artikkel 2
Definisjonar
I denne avgjerda tyder
«telematikknett» eit omfattande datakommunikasjonssystem som ikkje berre femner om fysisk infrastruktur og koplingar, men òg om dei tenestene og brukarprogramma som byggjer på denne infrastrukturen og såleis gjer det mogleg med elektronisk informasjonsutveksling mellom organisasjonar og einskildpersonar,
«sektornett» eit transeuropeisk telematikknett for forvaltingar, eller eit sett tenester og brukarprogram som er særskilt meint for å setje i verk eller lette den forvaltingsmessige gjennomføringa av ein særskild fellesskapspolitikk, eit særskilt fellesskapstiltak eller eit særskilt fellesskapsmål, heretter kalla ein «forvaltingssektor»,
«allmenne tenester» telematikknettfunksjonar som stettar felles brukarkrav som t.d. datainnsamling, dataformidling, datautveksling og dessutan tryggleik. Kjenneteikna til kvar teneste skal vere klart gjort greie for og kunne vise til eit visst kvalitetsnivå.
Artikkel 3
Tverrgåande tiltak og åtgjerder
For å nå dei måla som er fastsette i artikkel 1, skal Fellesskapet setje i verk dei tverrgåande tiltaka og åtgjerdene som er fastsette i artikkel 4-10, til støtte for sektornett og i samsvar med IDA-arbeidsprogrammet.
For kvart tiltak eller kvar åtgjerd som er planlagd i medhald av denne avgjerda, skal IDA-arbeidsprogrammet innehalde, alt etter kva som høver:
ei fullstendig utgreiing om dei planlagde tiltaka, medrekna mål, verkeområde, grunngjeving og moglege deltakarar, i tillegg til forventa kostnader og føremoner,
ei fullstendig utgreiing om funksjonar og teknisk metode, og
ein detaljert plan for gjennomføringa av tiltaket, saman med opplysningar om kvar einskild oppgåve og om rekkjefølgja deira.
Gjennomføringa av dei tverrgåande tiltaka og åtgjerdene skal omfatte føregranskingar og førehandsdemonstrasjonar, skiping av arbeidsgrupper som er samansette av sakkunnige frå medlemsstatane og frå Fellesskapet, og eventuelt innkjøp av varer og tenester til Fellesskapet.
Gjennomføringa av dei tverrgåande tiltaka og åtgjerdene skal byggje på eigna resultat som er oppnådde innanfor ramma av andre relevante fellesskapstiltak, særleg fellesskapsprogramma for forsking og teknologisk utvikling og fellesskapstiltaka på området transeuropeiske telenett.
Tverrgåande tiltak og åtgjerder skal ha tilvising til høvesvis europeiske standardar eller offentleg tilgjengelege spesifikasjonar, som t.d. opne internettstandardar, for såleis å sikre ein høg grad av samverknadsevne mellom nasjonale system og fellesskapssystem innanfor og mellom forvaltingssektorar og med den private sektoren. Når det gjeld offentlege innkjøp på området system og tenester innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), skal det takast særleg omsyn til fellesskapsretningslinjer og støtteverktøy på området standardisering.
Artikkel 4
Allmenne tenester
Fellesskapet skal vedta alle dei tiltaka som er naudsynte for at eit høveleg utval av felles allmenne tenester som stettar brukarkrava i sektorane, skal gjerast tilgjengelege for sektornett på eit konkurransemessig grunnlag i ein situasjon med fleire tenesteytarar. Desse tiltaka skal eventuelt omfatte ei vidareføring av eigna tiltak som er gjorde innanfor ramma av avgjerd 95/468/EF.
For at brukarar av sektornett skal kunne fastleggje dei tekniske krava sine og gjere tilgjengeleg eit eigna utval av felles allmenne tenester som stettar brukarkrava i sektorane, skal Fellesskapet særleg
fastleggje retningslinjer for arkitekturen til sektornetta for å sikre samverknadsevne mellom dei ulike fysiske infrastrukturane og tenestene,
fastleggje og offentleggjere spesifikasjonar for dei allmenne tenestene som vanlegvis er naudsynte i telematikknett mellom forvaltingar, medrekna kvaliteten på tenesta og dei relevante krava til samverknadsevne som vert stilte i ein konkurransesituasjon med fleire tenesteytarar,
identifisere og/eller spesifisere eigna standardgrensesnitt for å gjere det lettare å overføre og reprodusere nye brukarprogram,
utarbeide og gjennomføre ei ordning for vurdering og offentleggjering av graden av samverknadsevne mellom dei tenestene som ytarane av telematikktenester tilbyr,
sikre ei stadig utvikling av dei felles krava og ei jamleg overvaking av telematikktenestene som dei nemnde ytarane tilbyr.
Artikkel 5
Felles verktøy og teknikkar
Fellesskapet skal syte for at felles verktøy og teknikkar for brukarprogram i sektornetta vert skaffa frå marknaden eller utvikla dersom marknaden ikkje på tilstrekkeleg vis kan stette kravet med sikte på å redusere dei samla kostnadene i samband med utvikling av brukarprogram, å rasjonalisere og betre tekniske løysingar, å minske den tida som krevst for å gjennomføre verksame system og å lette vedlikehaldet av systema.
For dette føremålet skal Fellesskapet identifisere og spesifisere grunnleggjande og tilbakevendande funksjonar innanfor sektornetta som kan danne grunnlaget for felles verktøy og teknikkar eller modular.
Fellesskapet skal òg fremje utviklinga og bruken av slike felles verktøy, teknikkar og modular i sektornett, og særleg syte for å spreie eigna løysingar som er utvikla innanfor eit sektornett.
Artikkel 6
Samverknadsevne for informasjonsinnhald
Fellesskapet skal fremje samverknadsevne med omsyn til innhaldet i den informasjonen som vert utveksla innanfor og mellom forvaltingssektorar og med den private sektoren. For dette føremålet, og med atterhald for rettslege krav og krav til tryggleik, datavern og konfidensialitet for brukarane av sektornett, skal Fellesskapet vedta føremålstenlege tiltak, særleg med tanke på å
støtte innsatsen til forvaltingane i medlemsstatane for å sikre denne samverknadsevna, lette dei forvaltingsmessige framgangsmåtane og betre informasjonsstraumane,
samordne krava til sektornetta med omsyn til utveksling av formatert informasjon, og sikre spreiinga av eigna løysingar,
overvake den aktuelle tekniske utviklinga på området elektronisk dataoverføring, medrekna nyskapande verktøy for innsamling og presentasjon av data, granske verknaden deira og oppmuntre til at dei vert innførde i sektornetta.
Med omsyn til nr. 1 skal løysingar som lettar samverknadsevna mellom ulike meldingsformat, gjevast førerang framfor utvikling av harmoniserte meldingsformat, men utan å utelukke den sistnemnde løysinga. Det skal takast tilbørleg omsyn til det språklege mangfaldet i Fellesskapet.
Løysingar som gjer det lettare for privat sektor å integrere forvaltingsmessige krav i forretningsverksemd, skal òg gjevast førerang.
Artikkel 7
Referansegrunnlag for rettsleg og tryggleiksmessig praksis
Utan at det rører ved kompetansen og dei særskilde pliktene til medlemsstatane på dei områda som kjem inn under denne artikkelen, skal Fellesskapet medverke til å identifisere dei hindringane som hemmar ei jamn datautveksling mellom nettbrukarar, og sikre ein høveleg grad av tryggleik innanfor sektornetta. Fellesskapet skal særleg
i samarbeid med medlemsstatane og med sikte på å fremje ein felles framgangsmåte, identifisere referansegrunnlaget for rettsleg og tryggleiksmessig praksis for transeuropeisk datautveksling mellom forvaltingar og mellom forvaltingar og den private sektoren,
gje høvelege tilrådingar for å støtte innsatsen til medlemsstatane når det gjeld å nytte den praksisen som er nemnd i bokstav a), innanfor deira eige forvaltingsmiljø,
med omsyn til sektornett og i samsvar med den praksisen som er nemnd i bokstav a): sikre at data som er utveksla, vert godtekne som prov innanfor forvaltingsmiljøet i Fellesskapet, at det vert innført ein metode for vern av personopplysningar, at rettane og ansvaret til brukarane vert fastlagde, og sikre konfidensialitet, integritet, autentisering og ikkje-nekting av utveksla informasjon, i tillegg til tiltak for å kontrollere tilgangen til netta,
fastleggje og analysere dei ulike tryggleiksnivåa, alt etter kva type sektornett det dreier seg om og kva som er føremålet deira,
fastsetje retningslinjer og gjere framlegg om felles løysingar med sikte på å velje og innføre verktøy, komponentar og system som kan sikre dei fastlagde tryggleiksnivåa.
Artikkel 8
Kvalitetstrygging og -kontroll
Samstundes som det vert teke omsyn til resultat frå liknande tiltak, skal Fellesskapet fastleggje, gjennomføre og jamleg ajourføre eit spesifikt, samanhengande, integrert program for kvalitetstrygging som skal nyttast på dei tverrgåande tiltaka og åtgjerdene som høyrer inn under denne avgjerda, og på prosjekt av felles interesse som høyrer inn under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1719/1999/EF av 12. juli 1999 om eit sett retningslinjer, medrekna fastlegging av prosjekt av felles interesse, på området transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom forvaltingar (IDA) 13. Dette programmet for kvalitetstrygging skal omfatte dei tiltaka som er naudsynte for å
betre metodane for fastlegging av brukarkrav og prosjektspesifikasjonar,
betre kvaliteten på prosjektleveransane, både med omsyn til samsvar med prosjektspesifikasjonane og stetting av forventningane til brukarane,
sikre at det vert teke lærdom av dei røynslene som er gjorde, og at dei kjem alle til gode gjennom spreiing av best mogleg praksis slik det er fastsett i artikkel 10.
Artikkel 9
Samverknadsevne i høve til nasjonale og regionale initiativ
Ved gjennomføringa av IDA-programmet skal Fellesskapet, der det er føremålstenleg, freiste å lette samverknadsevna og overføringsverdien i høve til liknande nasjonale og regionale initiativ med omsyn til datutveksling mellom forvaltingar i medlemsstatane.
Artikkel 10
Spreiing av best mogleg praksis
Fellesskapet skal syte for at synspunkt, fagkunnskap og røynsler vert samordna og utveksla innanfor og mellom sektornetta med sikte på å fremje innføringa av gode og nyskapande løysingar.
Det skal takast tilbørleg omsyn til det språklege mangfaldet i Fellesskapet. Fellesskapet skal syte for at resultata av og føremonene med IDA-programmet vert gjorde kjende, at retningslinjer for og tilrådingar om IDA vert spreidde og at krava og røynslene til brukarane vert samordna med standardiseringsorgan og fellesskapsinitiativ på området standardisering.
Artikkel 11
Gjennomføring
Kommisjonen skal gjennomføre det fellesskapstiltaket som er fastsett i artikkel 3-10.
Den delen av IDA-arbeidsprogrammet som omfattar gjennomføring av denne avgjerda, og som Kommisjonen skal utarbeide for heile det tidsrommet som avgjerda gjeld, og som skal vurderast på nytt minst to gonger i året, skal godkjennast i samsvar med dei relevante føresegnene i artikkel 3-10 etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 12.
Dei felles reglane og framgangsmåtane for innføring av samverknadsevne på det tekniske og forvaltingsmessige området skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 12.
Framgangsmåten i artikkel 12 skal likeins nyttast på godkjenning av fordelinga av dei årlege budsjettutgiftene innanfor ramma av denne avgjerda. Eventuelle framlegg om budsjettendringar på meir enn 250 000 euro per prosjektområde gjennom eit år, skal òg handsamast etter denne framgangsmåten.
Dei tekniske spesifikasjonane for tilbodsinnbydingar som skal utferdast under gjennomføringa av denne avgjerda, skal fastleggjast i samordning med medlemsstatane dersom kontrakten er verd meir enn 500 000 euro.
Artikkel 12
Utvalsframgangsmåte
Kommisjonen skal få hjelp av eit utval som er samansett av representantar for medlemsstatane og vert leidd av ein representant for Kommisjonen. Dette utvalet skal kallast «Utvalet for telematikk mellom forvaltingar» (TAC).
Leiaren skal leggje fram for utvalet eit utkast til tiltak som skal gjerast. Utvalet skal kome med ei fråsegn om utkastet innan ein frist som leiaren kan fastsetje etter kor mykje saka hastar. Fråsegna skal gjevast med det fleirtalet som er fastsett i artikkel 205 nr. 2 i traktaten, for avgjerder som Rådet skal ta etter framlegg frå Kommisjonen. Ved røysting i utvalet skal røystene til representantane for medlemsstatane ha den vekta som er fastsett i den førnemnde artikkelen. Leiaren skal ikkje røyste.
Kommisjonen skal vedta tiltak som skal setjast i verk straks. Dersom tiltaka ikkje er i samsvar med fråsegna frå utvalet, skal Kommisjonen straks gje Rådet melding om dei.
I slike høve skal Kommisjonen utsetje iverksetjinga av dei tiltaka som han har vedteke, i tre månader rekna frå den dagen då meldinga vart gjeven.
Rådet kan med kvalifisert fleirtal ta ei anna avgjerd innan den fristen som er fastsett i førre leddet.
Kommisjonen skal kvart år leggje fram for TAC ein rapport om gjennomføringa av denne avgjerda.
Artikkel 13
Vurdering
Kommisjonen skal annakvart år og i samordning med medlemsstatane gjere ei vurdering av gjennomføringa av denne avgjerda.
Vurderinga skal slå fast kva framsteg som er gjorde med omsyn til dei tverrgåande tiltaka og åtgjerdene som er fastsette i denne avgjerda.
I lys av dei utgiftene som Fellesskapet har hatt, skal vurderinga òg omfatte ei gransking av dei føremonene som dei tverrgåande tiltaka og åtgjerdene har tilført Fellesskapet, medlemsstatane, europeiske føretak og borgarane i Den europeiske unionen, i tillegg til ei fastlegging av område der det kan gjerast betringar og ei vurdering av overføringsverdien i høve til andre fellesskapstiltak på området transeuropeiske telekommunikasjonsnett.
Etter at TAC har granska henne, skal Kommisjonen sende vurderinga si over til Europaparlamentet og Rådet saman med eventuelle høvelege framlegg til endring av denne avgjerda. Vurderingane skal ikkje sendast over seinare enn budsjettframlegga for høvesvis 2001, 2003 og 2005.
Artikkel 14
Utviding til EØS og assosierte statar
Innanfor ramma av dei avtalene som dei har med Det europeiske fellesskapet, kan statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa og Kypros ta del i dei tverrgåande tiltaka og åtgjerdene som er fastsette i denne avgjerda.
I samband med gjennomføringa av denne avgjerda skal det oppmuntrast til samarbeid med tredjestatar og eventuelt med internasjonale organisasjonar eller organ.
Artikkel 15
Finansiell ramme
Den finansielle ramma for gjennomføringa av det fellesskapstiltaket som er fastlagt i denne avgjerda, er 33,1 millionar euro for tidsrommet 1998-2000.
Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.
Artikkel 16
Iverksetjing
Denne avgjerda vert kunngjord i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.Ho tek til å gjelde den dagen ho vert kunngjord og gjeld fram til 31. desember 2004.
Utferda i Brussel, 12. juli 1999.
For Europaparlamentet | For Rådet |
J. M. GIL-ROBLES | S. NIINISTÖ |
President | Formann |
Fotnotar
TEF C 54 av 21.2 1998, s. 12, og TEF C 10 av 14.1 1999, s. 8.
TEF C 214 av 10.7 1998, s. 33.
TEF C 251 av 10.8 1998, s. 1.
Europaparlamentsfråsegn av 18. november 1998 (TEF C 379 av 7.12 1998, s. 74), felles haldning frå Rådet av 21. desember 1998 (TEF C 55 av 25.2 1999, s, 15) og europaparlamentsavgjerd av 13. april 1999 (TEF C 219 av 30.7 1999). Rådsavgjerd av 21. juni 1999.
TEF C 181 av 2.7 1994, s. 1.
TEF C 376 av 12.12 1996, s. 1.
TEF C 200 av 30.6 1997, s. 196.
TEF L 282 av 24.11 1995, s. 16.
TEF L 183 av 11.7 1997, s. 12.
TEF L 93 av 26.4 1995, s. 27.
TEF L 269 av 11.11 1995, s. 23.
TEF C 102 av 4.4 1996, s. 4.
TEF L 203 av 3.8 1999, s. 1.