2 Nærmare om programmet
Føremålet med IDA-programmet er å ta i bruk ein moderne infrastruktur og felles tenester for utveksling av informasjon mellom forvaltingane i EU anten dei er nasjonale eller regionale, og eventuelt mellom desse forvaltingane og felleskapsorgan. Programmet skal lette datautvekslinga på ei rekkje prioriterte sektorområder, t.d. innanfor statistikk, helse- og lækjemiddelkontroll, veterinærkontroll, trygd og pensjon, arbeidsmarknad, miljøvern m.m. Programmet støttar opp under dei sektorvise løysingane med ei rekkje horisontale tiltak, m.a. felles kommunikasjonsløysingar og tenester som alle sektorane kan bruke, t.d. e-post og sikker dokumentutveksling.
Programmet er organisert med ein programkomité og grupper av sakkunnige som kvart år utarbeider eit meir detaljert arbeidsprogram og avgjer kva tiltak som skal prioriterast. EU vil evaluere programmet sitt annakvart år. Etter føresegnene i IDA-programmet skal all datautveksling mellom EU og medlemsstatane gjennomgåast for å avgjere om fellesløysingane frå IDA-programmet vert utnytta. Det legges opp til at isolerte sektorløysingar over tid verte lagde om, slik at felles infrastruktur og tenester vert utnytta på ein mest mogleg standardisert og økonomisk tenleg måte som byggjer på tilbodet i marknaden.
Infrastrukturen i IDA-programmet vil verte bygd opp med eitt eller nokre få tilknytningspunkt for kvar stat. I Noreg blir det lagt opp til at forvaltingsnettet til EU i utgangspunktet skal få eitt tilkoplingspunkt til det statlege tverrsektorielle nettet hos Statens forvaltingsteneste.
Innan ramma av programmet blir det lagt opp til at ein nasjonal sakkunnig skal verte knytt til EU-kommisjonen.