St.prp. nr. 20 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet 2007 under Barne- og likestillingsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet viser til forklaring under kap. 842 post 01.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 800 post 01 med 1 mill. kroner for å dekkje meirbehov på kap. 842 post 01 knytt til KLP reguleringspremie for tilsette ved familievernkontora.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200689 651
Løyving 200791 953
Forslag til tilleggsløyving-1 000

Kap. 840 Krisetiltak

Post 60 Tilskot til krisesenter, overslagsløyving

Utgiftene til krisesentra i 2007 er rekna til å verte 23 mill. kroner høgare enn løyvinga i saldert budsjett på 123 mill. kroner.

Samla kommunalt tilskot på 20 prosent av godkjente driftsutgifter utløyser 80 prosent statleg tilskot. Det er frivillig for kommunane å gje tilskot til krisesentra. Det har vore ein årleg vekst i utbetalingane sidan den nye finansieringsmodellen vart iverksett frå 1. januar 2005. Nokre av sentra har i 2006 og 2007 teke i bruk nye eller nyoppussa lokale, og dermed fått høgare utgifter til husleige, inventar m.v. Vidare er staben av fast tilsette på tariffløn auka. Lønnsutgiftene er den utgiftsposten som har vakse mest.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 840 post 60 med 23 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2006119 881
Løyving 2007123 000
Forslag til tilleggsløyving23 000

Post 61 Tilskot til incestsenter, overslagsløyving

Utgiftene til incestsentra i 2007 er rekna til å verte 9,84 mill. kroner høgare enn løyvinga i saldert budsjett på 41 mill. kroner.

Frå og med 2006 vart finansieringsordninga for incestsentra endra. Den statlege delen av tilskotet gjekk opp frå 50 til 80 prosent av godkjente driftsutgifter, som for krisesentra. Incestsentra har, som krisesentra, hatt ein stor auke i utbetalingane etter at ny finansieringsmodell vart iverksett.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 840 post 61 med 9,84 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200640 304
Løyving 200741 000
Forslag til tilleggsløyving9 840

Kap. 842 Familievern

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

I St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) går det fram at 18,6 mill. kroner av løyvinga på kapittel 855 post 01 og 1,4 mill. kroner av løyvinga på kapittel 842 post 01 gjeld reguleringspremie i KLP og andre fylkeskommunale pensjonskassar.

I tidlegare prognosar er det ikkje tatt omsyn til arbeidsgjevaravgifta, utgifter til rentekompensasjon som følgje av at fylkeskommunane betalte delar av krava før sakene var handsama for 2004 og 2005 og forseinkingsrenter til KLP og ei fylkeskommunal pensjonskasse. For å dekkje inn deler av meirutgiftene, foreslår BLD at kap 800 post 01 vert redusert med 1 mill. kroner og kap 846 post 21 vert redusert med 1,5 mill. kroner. Mindreutgiftene kan realiserast ved lågare aktivitet innafor desse to kapitla. Bufetat må finansiere meirutgiftene utover dette ved hjelp av innsparingstiltak innafor kap 842 post 01. BLD foreslår derfor ei tilleggsløyving på 2,5 mill. kroner under kap 842 post 01.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2006156 234
Løyving 2007169 773
Forslag til tilleggsløyving2 500

Kap. 844 Kontantstønad

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til kontantstønad i 2007 er rekna til 1 975 mill. kroner, som er 57,6 mill. kroner meir enn løyvinga i samband med revidert nasjonalbudsjett 2007.

Det siste overslaget byggjer på tal for kontantstønadsordninga frå utgangen av september, etter barnehageopptaket. Av meirutgiftene på 57,6 mill. kroner kjem 52 mill. kroner av færre nye barn med plass i barnehage, og resten skuldast fleire barn i aldersgruppa og høgare utbetaling per barn enn tidlegare lagt til grunn.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 844 post 70 med 57,6 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20062 289 726
Løyving 20071 917 400
Forslag til tilleggsløyving57 600

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utgiftene til barnetrygd i 2007 er rekna til 14 420 mill. kroner, som er 39 mill. kroner meir enn løyvinga i revidert nasjonalbudsjett 2007.

Meirbehovet skuldast ein auke i utbetalingane av ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 845 post 70 med 39 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200614 346 170
Løyving 200714 381 000
Forslag til tilleggsløyving39 000

Kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forsking mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Departementet viser til forklaring under kap. 842 post 01.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 846 post 21 med 1,5 mill. kroner for å dekkje meirbehov på kap. 842 post 01 knytt til KLP reguleringspremie for tilsette ved familievernkontora.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20067 559
Løyving 200714 831
Forslag til tilleggsløyving-1 500

Kap. 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Ved adopsjon vert det gjeve adopsjonsstønad på kr 38 320 per adopsjon. I budsjettet for 2007 vart det lagt til grunn 690 adopsjonar. Per andre tertial er det gjeve adopsjonsstønad til 289 adopsjonar.

Det faktiske talet på adopsjonar er lågare enn lagt til grunn i budsjettet, og for 2007 reknar ein med at det vil bli tildelt stønad til om lag 440 adopsjonar. Nedgangen skuldast ein uventa stor nedgang i talet på tildelingar frå land ein tradisjonelt har adoptert barn frå, som til dømes Kina. Totale utgifter til adopsjonsstønad blir då 16,861 mill. kroner i 2007, noe som er 9,595 mill. kroner lågare enn budsjettert.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200618 848
Løyving 200726 456
Forslag til tilleggsløyving- 9 595

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar vert busette. Prognosar frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) per 1. oktober 2007 viser at talet på einslege, mindreårige som kjem til landet er venta å verte om lag 190. Det totale talet på barn som inngår i ordninga er 992 barn, mot 1 283 som tidlegare lagt til grunn. IMDi har dermed stipulert utgiftene sine til å verte om lag 96,932 mill kroner. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap 854 post 64 med 30,337 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2006102 188
Løyving 2007127 269
Forslag til tilleggsløyving- 30 337

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til tiltak i barnevernet knytt til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer statsrefusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytt til denne gruppa barn. Kommunane har ein frist på tre år før kravet om refusjon blir forelda. Løyvinga på posten er 139,86 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 854 post 65 med 33,94 mill. kroner, som er i tråd med prognosar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2006160 234
Løyving 2007139 860
Forslag til tilleggsløyving33 940

Kap 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 01 Driftsutgifter , kan nyttast under post 22

I St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) går det fram at 18,6 mill. kroner av løyvinga på kapittel 855 post 01 og 1,4 mill. kroner av løyvinga på kapittel 842 post 01 gjeld reguleringspremie i KLP og andre fylkeskommunale pensjonskassar.

Bakgrunnen for tilleggsbehovet til reguleringspremie er omtalt under kap 842. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 855 post 01 med 4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 45. Bufetat må finasiere meirutgiftene til reguleringspremie ut over dette innafor budsjettrammene til Bufetat i 2007.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20062 512 624
Løyving 20072 596 317
Forslag til tilleggsløyving4 000

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 855 post 45 for å dekkje inn 4 mill. kroner av tilleggsbehovet til reguleringspremie, jf. nærare omtale under kapittel 842 post 01 og kapittel 855 post 01. Innsparinga vert realisert ved å utsetje planlagte investeringar.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200624 106
Løyving 200739 312
Forslag til tilleggsløyving- 4 000

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid

I statsbudsjettet for 2007 er det løyvd til saman 6 mill. kroner til etablering av ein nettbasert finansportal for å betre informasjonen til sluttbrukarane i finansmarknaden. Budsjettmidla er løyvde over kap. 865 post 21 (2 mill. kroner) og kap. 1600 post 21 (4 mill. kroner). Barne- og likestillingsdepartementet har inngått ei avtale med Forbrukarrådet om etableringsprosjektet finansportalen.no. Departementet er oppdragsgivar og forvaltar budsjettmidla til prosjektet, og gjer utbetalingar til Forbrukarrådet. Hittil i år er det utbetalt 4 mill. kroner til prosjektet. Av praktiske omsyn, sidan det er BLD som utbetalar til Forbrukarrådet, foreslår departementet at den delen av løyvinga på 2 mill. kroner som står att på Finansdepartementets kap. 1600 post 21 blir omdisponert til kap. 865 post 21.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 865 post 21 mot tilsvarande innsparing på kap. 1600 Finansdepartementet post 21.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20065 389
Løyving 200711 006
Forslag til tilleggsløyving2 000

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2007 er rekna til 10 460 mill. kroner, som er 200 mill. kroner meir enn løyvinga i Revidert nasjonalbudsjett 2007.

Av den venta utgiftsveksten på 200 mill. kroner kjem 144 mill. kroner av ein auke i talet på barnefødslar. I tillegg kjem mellom anna høgare utgifter som følgje av utvida fedrekvote.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 70 med 200 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20069 625 740
Løyving 200710 260 000
Forslag til tilleggsløyving200 000

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til eingongsstønad i 2007 er rekna til 415 mill. kroner, som er 5,875 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett.

Mindrebehovet kjem av at ein reknar med at færre kvinner vil få eingongsstønad enn lagt til grunn i saldert budsjett.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 71 med 5,875 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2006432 396
Løyving 2007420 875
Forslag til tilleggsløyving-5 875

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar i 2007 er rekna til 285 mill. kroner, som er 5 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett.

Reduksjonen kjem mellom anna av at bokførte utgifter til foreldrepengar i 2006 vart noko lågare enn anslaget som ligg til grunn for løyvinga.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2006266 709
Løyving 2007290 000
Forslag til tilleggsløyving-5 000

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 04 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan etter statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Commitee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Prognosar per 1. oktober 2007 frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet viser at ein reknar med ein auke i talet på nye einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som kjem til landet.

Departementet foreslår derfor at løyvinga vert auka med 5,314 mill. kroner frå 6,606 mill. kroner til 11,92 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200610 300
Løyving 20076 606
Forslag til tilleggsløyving5 314

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 03 Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

På posten vert det ført refusjonar for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar for utgifter utover den kommunale eigendelen knytt til bruk av plassar i eigne barneverntiltak eller ved kjøp av plassar. Departementet foreslår å budsjettere med 47,9 mill. kroner på kap. 3855 post 03.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200655 708
Løyving 200755 000
Forslag til tilleggsløyving- 7 100
Til forsida