St.prp. nr. 21 (2005-2006)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2005 under Barne- og familiedepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 01 Driftsutgifter

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 01 Driftsutgifter er det eit meirbehov på 2,33 mill. kroner som kjem av at mellombelse tiltak vert utførte av departementet, men finansierte over ulike fagkapittel.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 01 med 2,33 mill. kroner mot ei innsparing på 0,83 mill. kroner på kap. 841 Familievern og konfliktløysing post 22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a., 0,6 mill. kroner på kap. 856 Barnehagar post 21 Spesielle driftsutgifter, 0,335 mill. kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn og 0,565 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200488 600
Løyving 2005184 814
Forslag til tilleggsløyving2 330

1 Inklusive fordeling av innsparingsfullmakt vedteke i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005 og lønsoppgjeret 2005.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter er det eit meirbehov på 2,19 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innafor den samla ramma til departementet. Det gjeld mellom anna midlar til nasjonale ekspertar. Ei slik teknisk overføring inneber ikkje ei svekking av faglege føremål i kapitla.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 med 2,19 mill. kroner mot ei innsparing på 0,097 mill. kroner på kap. 844 Kontantstønad post 21 Spesielle driftsutgifter, 0,428 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 21 Spesielle driftsutgifter, 0,74 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Utvikling og opplysingsarbeid o.a., 0,065 mill. kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn og 0,86 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 20043 997
Løyving 20053 296
Forslag til tilleggsløyving2 190

Kap. 840 Krisetiltak

Post 60 Tilskot til krisesenter, overslagsløyving

Utgiftene til tilskot til krisesentra i 2005 er rekna til å bli 15,488 mill. kroner høgare enn løyvinga på 99,512 mill. kroner.

Meirbehovet kjem av høgare kommunale tilskot til krisesentra enn rekna med i saldert budsjett. Auka kommunale tilskot utløyser auka statlege tilskot.

Departementet foreslår å auke kap. 840 post 60 med 15,488 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 2004177 626
Løyving 200599 512
Forslag til tilleggsløyving15 488

1 Inklusive tilskot til incestsenter.

Kap. 841 Familievern og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Utgiftene til meklingsgodtgjersle er i 2005 rekna til å bli 1,356 mill. kroner høgare enn løyvinga på 10,786 mill. kroner.

Meirbehovet kjem av at fleire meklingar blir utførte utanfor familievernet enn lagt til grunn for løyvinga i saldert budsjett. Dette kjem mellom anna av at ventetida hjå eksterne meklarar er kortare enn i familievernet.

Departementet foreslår å auke kap. 841 post 21 med 1,356 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200410 481
Løyving 200510 786
Forslag til tilleggsløyving1 356

Post 22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,830 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 01. Sjå omtale under kap. 800 post 01.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20045 468
Løyving 20055 988
Forslag om å redusere løyving-830

Kap. 842 Statleg forvaltning av familievernet (jf. kap. 3842)

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

I 2004 vart familievernet feilaktig belasta ein kostnad som barnevernet skulle ha dekka. For å kompensere for dette, foreslår BFD å redusere løyvinga på kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet post 01 Driftsutgifter med 2,8 mill. kroner. Løyvinga på kap. 842 post 01 vert auka tilsvarande. Sjå omtale under kap. 855 post 01.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 2004144 349
Løyving 2005144 879
Forslag til tilleggsløyving2 800

Kap. 844 Kontantstønad

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 846 post 50

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,097 mill. kroner for å finansiera meirutgifter under kap. 800 post 21. Sjå omtale under kap. 800 post 21.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 20041 990
Løyving 200511 080
Forslag om å redusere løyvinga-97

1 Inklusive fordeling av innsparingsfullmakt vedteke i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til kontantstønad i 2005 er rekna til 2 940 mill. kroner, som er 13,5 mill. kroner under løyvinga på 2 953,5 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Det siste overslaget byggjer på tal ved utgangen av september, som inneber at verknaden av hovudinntaket i barnehagane er rekna med i talet på barn med kontantstøtte.

Mindreutgiftene kjem av at det er færre barn som mottar kontantstønad og at utbetalt stønad per barn er lågare enn tidlegare lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med 13,5 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 20043 124 763
Løyving 20052 953 500
Forslag om å redusere løyvinga- 13 500

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utgiftene til barnetrygd i 2005 er rekna til 14 290 mill. kroner, som er 20 mill. kroner under løyvinga på 14 310 mill. kroner.

Mindreforbruket kjem av lågare utbetalingar av ordinær barnetrygd, finnmarkstillegg og ekstra småbarnstillegg til einslege forsørgjarar enn lagt til grunn for løyvinga i saldert budsjett.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 20 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200414 219 565
Løyving 200514 310 000
Forslag om å redusere løyvinga-20 000

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet (jf. kap. 3854)

Post 01 Driftsutgifter – Fylkesnemndene for sosiale saker

Fylkesnemndene for sosiale saker er eit statleg, kollegialt og uavhengig forvaltningsorgan som behandlar og avgjer saker om tvangstiltak etter barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Den klart største delen av saker er etter barnevernlova. Vedtak gjort i fylkesnemnda kan berre påklagast av domstolane. Arbeidet til fylkesnemnda og tidsfristar for arbeidet er fastsett i lov.

Det er vanskeleg på førehand å gi gode anslag for utviklinga i talet på saker som vert meldt til fylkesnemndene for sosiale saker. I første halvår 2005 var sakstala om lag det same som for same tidsperiode i 2004, mens det per 1. oktober 2005 har vore ei auke på om lag åtte prosent samanlikna med same periode i 2004.

I prognosar per 1. oktober 2005 har fylkesnemndene for sosiale saker meldt eit behov på om lag 95 mill. kroner. Dette ligg om lag 4 mill. kroner over løyvinga på posten. Departementet foreslår å auke kap. 854 post 01 med 4 mill. kroner mot tilsvarande innsparing på kap. 854 post 21.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200496 088
Løyving 2005192 167
Forslag til tilleggsløyving4 000

1 Inklusive lønsoppgjeret 2005.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår at posten vert redusert med 4,428 mill. kroner. Av dette er 0,428 mill. kroner knytt til finansiering av meirutgifter under kap. 800 post 21. Vidare gjeld 4 mill. kroner ei intern innsparing for å dekkje meirutgifter under kap. 854 post 01. Innsparinga fører til reduserte midlar til utviklingsarbeid knytt til barnevernet.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200421 374
Løyving 200527 144
Forslag om å redusere løyvinga-4 428

Post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt til kommunane når einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar vert busette. Løyvinga dekkjer og statsrefusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytt til denne gruppa. Det særskilte tilskotet vert utbetalt frå UDI og statsrefusjonen via Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Ordninga er regelstyrt og posten er ei overslagsløyving. Talet på einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar som kjem til landet i 2005 er venta å bli om lag 230.

I prognosar per 1. oktober 2005 har Bufetat meldt eit behov på om lag 135,2 mill. kroner, medan UDI har stipulert utgiftene sine til å bli om lag 129,5 mill. kroner. I tillegg har departementet motteke refusjonskrav frå fylkesmannen i Troms og Finnmark på om lag 200 000 kroner. Det inneber at det er behov for ei tilleggsløyving i 2005 på 59,5 mill. kroner. Departementet foreslår å auke kap. 854 post 64 med 59,5 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 2004287 423
Løyving 2005205 400
Forslag til tilleggsløyving59 500

Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid o.a.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,74 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 21. Sjå omtale under kap. 800 post 21.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200420 415
Løyving 200523 110
Forslag om å redusere løyvinga-740

Kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 3855)

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Departementet foreslår at posten vert redusert med 2,8 mill. kroner for å kompensere familievernet for ein feilaktig belasta kostnad i 2004. Sjå omtale under kap. 842 post 01.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 20041 955 950
Løyving 200512 037 307
Forslag om å redusere løyvinga-2 800

1 Inklusive lønsoppgjeret 2005.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår at posten vert redusert med 16,82 mill. kroner. Dette må sjåast i samband med meirutgiftene under kap. 855 post 70. Sjå omtale under kap. 855 post 70.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200417 649
Løyving 200551 649
Forslag om å redusere løyvinga-16 820

Post 45 Større utstyrsnyskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Departementet foreslår at posten vert redusert med 15,85 mill. kroner. Dette må sjåast i samband med meirutgiftene under kap. 855 post 70. Sjå omtale under kap. 855 post 70.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200447 889
Løyving 200556 952
Forslag om å redusere løyvinga-15 850

Post 70 Tilskot til kjøp av plassar, tiltak o.a., kan nyttast under post 01

Då staten overtok ansvaret for det fylkeskommunale barnevernet frå 1. januar 2004 var målsettinga å heve kvaliteten og redusere kostnadsveksten, jf. strategi om den statlege overtakinga av det fylkeskommunale barnevernet og familievernet (Rundskriv Q-19 2003). I tråd med dette er det frå staten overtok ansvaret for det fylkeskommunale barnevernet gjennomført fleire tiltak som medverkar til eit betre barnevern:

  • Det er etablert eit nytt direktorat som ei sentral styrande og koordinerande eining i etaten, og fem nye regionkontor. Dette har vore viktig for arbeidet med å få eit likeverdig tilbod i heile landet og for å få til ein betre fagleg og økonomisk styring og utvikling av verksemda, som var sentrale målsettingar for den statlege overtakinga av barnevernet.

  • Dei 26 fagteama, som står for kontakten mellom etaten og med kommunane, er styrka. Gjennom kontinuitet i kontakten med det kommunale barnevernet vert det lagt til rette for at det statlege barnevernet vert involvert tidlegare i arbeidet med einskildsaker. Dette er viktig for å gi rett hjelp på eit tidleg stadium. Fagteamet deltek med sin kompetanse i utgreiingsfasa og medverkar med dette til at tiltaka vert mest mogeleg treffsikre.

  • Fagteama følgjer opp plasseringar utanfor heimen for derigjennom å sikre at grunngjevinga for plasseringa er styrande for innhaldet i tiltaket.

  • Kvaliteten i institusjonstilbodet har auka. Alle offentlege og private institusjonar er vurderte i høve til Forskrift om godkjenning av institusjonar og Forskrift om krav til barnevernsinstitusjonar. 30 prosent av institusjonane har fått pålegg om fagleg og materiell styrking. Det har vore etterkontrollar som sikrar at naudsynte utbetringar har funne stad og det skjer no oppfølging gjennom nye kontrollbesøk både i private, kommunale og statlege institusjonar.

  • Fosterheimstenesta er utvida og dels desentralisert for å auke rekrutteringskapasiteten samt for å styrkje kvaliteten i rekrutteringsarbeidet. Dermed vert det færre barn som må flytte frå heim til heim.

  • At fleire barn og unge skal få hjelp utan å måtte flytte ut av familien sin er ei klar føring for arbeidet til barnevernet. Auka i talet på nærmiljøbaserte tiltak frå staten overtok ansvaret stadfester dette. Barn og unge med åtferdsvanskar har i dei siste åra fått denne type tilbod gjennom mellom anna MST 1 , PMTO 2 og Webster Stratton 3 .

  • Arbeid med etablering av fem nye åtferdsinstitusjonar basert på det siste tilgjengelige av fagkunnskap har føregått sidan 2004. Institusjonane opnar hausten 2005/våren 2006.

I tillegg til at arbeidet med å etablere eit betre barnevern vart prioritert, vart det sett i gang eit omfattande omstillingsarbeid for å redusere kostnadsveksten i sektoren. Tiltaka er vidareført i 2005. Det har likevel vist seg, etter at ein no har fått meir informasjon om den faktiske kostnadsutviklinga i 2005, at det var meir ressurskrevjande å sikre ei god fagleg verksemd enn tidlegare lagt til grunn, samtidig som omstillingsarbeidet ikkje har hatt så stor innsparingseffekt i 2005 som ein gjekk ut frå. Innsparinga har ikkje vore tilstrekkeleg til å dekkje inn kostnadane ved etableringa og omstillinga. Etaten har samtidig hatt ein klar vekst i talet på barn under tiltak både i 2004 og 2005. Rekneskapsutviklinga for tredje kvartal indikerer eit vesentleg meirforbruk i 2005. BFD ser alvorleg på meirforbruket og arbeider med tiltak for å sikre at fastlagte budsjettrammer kan haldast.

Riksrevisjonen peikar og i sin rapport (Dokument nr. 1 (2005-2006)) på sider ved styringa til BFD og Bufetat som ikkje fungerer tilfredstillande. BFD ser alvorleg på dette og vil setje i verk tiltak med sikte på å betre den økonomiske styringa i og av etaten. I samband med dette vil BFD internt auke ressursbruken knytt til etatsstyring, og ha ei tett oppfølging av direktoratet med særskilt vekt på kritiske faktorar i den økonomiske utviklinga. Bufdir vil og, i dialog med BFD, vurdere eventuelle tiltak for å betre styringa av regionane.

På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke kap. 855 post 70 med 215 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 20041 264 998
Løyving 20051 123 292
Forslag til tilleggsløyving215 000

Kap. 856 Barnehagar (jf. kap. 3856)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 846 post 50

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,6 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 01. Sjå omtale under kap. 800 post 01.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200424 980
Løyving 2005127 880
Forslag om å redusere løyvinga-600

1 Inklusive fordeling av innsparingsfullmakt vedteke i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Post 61 Investeringstilskot, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekkjer eingangstilskot til dekking av anleggs­kostnader ved etablering av nye barnehageplassar. Investerings­tilskotet vert gitt til etablering av ny kapasitet i ordinære barnehagar som aukar talet på barn i barnehagen.

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 20 mill. kroner. Det er knytt vesentleg uvisse til kor mange prosjekt som vil opne i 2005 eller 2006 og om det vil bli søkt investeringstilskot i 2005 eller 2006. I tillegg vil kompensasjon av meirverdiavgift få ulik verknad frå prosjekt til prosjekt.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 2004257 729
Løyving 2005230 000
Forslag til tilleggsløyving20 000

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

Post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,4 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 01 og 21. Sjå omtale under kap. 800 post 01 og 21.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200423 199
Løyving 200539 267
Forslag om å redusere løyvinga-400

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid

Departementet foreslår at posten vert redusert med 1,425 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 01 og 21. Sjå omtale under kap. 800 post 01 og 21.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 20045 022
Løyving 200516 679
Forslag om å redusere løyvinga-1 425

1 Inklusive fordeling av innsparingsfullmakt vedteke i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 70 Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving

Utgiftene til fødselspengar i 2005 er rekna til 9 170 mill. kroner, som er 284 mill. kroner under løyvinga på 9 454 mill. kroner vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Ein reknar med at færre kvinner vil motta fødselspengar og at utbetalinga per familie vil vere lågare enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 284 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 20048 897 413
Løyving 20059 454 000
Forslag om å redusere løyvinga-284 000

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til eingongsstønad i 2005 er rekna til 435 mill. kroner, som er 25 mill. kroner meir enn løyvinga på 410 mill. kroner slik ho blei justert til i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Ein reknar med at fleire kvinner vil motta eingongsstønad enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 25 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 2004419 764
Løyving 2005410 000
Forslag til tilleggsløyving25 000

Post 73 Adopsjonspengar, overslagsløyving

Utgiftene til adopsjonspengar i 2005 er rekna til 135 mill. kroner, som er 15 mill. kroner under løyvinga på 150 mill. kroner vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Ein reknar med færre kvinner med adopsjonspengar per månad enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 15 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 2004145 976
Løyving 2005150 000
Forslag om å redusere løyvinga-15 000

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet (jf. kap. 854)

Post 04 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan etter statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Committee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp.

Færre einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar kjem til landet enn tidlegare. Det fører og til at færre vert busette i løpet av det første året. Departementet foreslår å redusere kap. 3854 post 04 med 7 mill. kroner.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 200414 720
Løyving 200512 400
Forslag om å redusere løyvinga- 7 000

Kap. 3855 Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 855)

Post 60 Kommunale eigendelar

Prognosane for kommunale eigendelar frå regionane har auka med 3,9 mill. kroner. Aukinga kjem av fleire barn i statlege barneverntiltak.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 3855 post 60 med 3,9 mill. kroner for 2005.

  (i 1 000 kr)
Rekneskap 2004351 074
Løyving 2005602 000
Forslag til tilleggsløyving3 900

Fotnotar

1.

Multisystemisk terapi (MST) er eit tidsavgrensa og intensivt familiebasert program. Målgruppa er ungdom mellom 12 og 17 år med store åtferdsvanskar som rus, kriminalitet, skulking, og så vidare.

2.

Metoden Parent Management Training Oregon (PMTO) er rådgiving for foreldre til ”vanskelige” barn mellom 3 og 12 år som viser tydelige teikn på høgt aggresjonsnivå, og som hyppig kommer i konflikt med andre barn og voksne.

3.

Webster Stratton programmet retter seg mot barn i alderen 3 - 8 år. Fokus på tidlig intervensjon står sentralt og effekten av programmet er godt dokumentert.

Til forsida