St.prp. nr. 23 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Kultur- og kyrkjedepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 300 Kultur- og kyrkjedepartementet

Auka driftsutgifter

Kultur- og kyrkjedepartementets inntekter blir høgare enn budsjettert som følgje av at Utanriksdepartementet i 2007 har betalt tilbake midlar som blei rammeoverført frå Kultur- og kyrkjedepartementet i 2003, jf. omtale under kap. 3300 nedanfor. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter i 2007 på om lag 2,1 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 300, post 01 Driftsutgifter blir auka med kr 2 142 000.

Kap. 305 Lotteri- og stiftelsestilsynet

Auka oppdragsutgifter

Oppdragsverksemda ved Lotteri- og stiftelsestilsynet får langt større omfang i 2007 enn tidlegare budsjettert. Som følgje av dette blir oppdragsutgiftene i 2007 venteleg 6,75 mill. kroner. Dette er 6,0 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3305, post 07 nedanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 305, post 21 Særskilde driftsutgifter blir auka med 6,0 mill. kroner.

Kap. 315 Frivillig verksemd

Auka meirverdiavgiftskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet har i 2007 fått 448 søknader om meirverdiavgiftskompensasjon frå frivillige organisasjonar. Dette er ein auke på 11 søknader frå året før. Det er 24 fleire søkjarar som oppfyller vilkåra for å få kompensasjon samanlikna med 2006. Som følgje av dette gir ikkje løyvinga i år rom for å gi dei frivillige organisasjonane full kompensasjon. For å unngå avkorting i kompensasjonen, er det behov for å auke løyvinga i 2007 med 3,7 mill. kroner. Det endelege kompensasjonsbeløpet avheng av resultatet av klagehandsaminga, som enno ikkje er avslutta.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 315, post 70 Meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar blir auka med 3,7 mill. kroner.

Kap. 320 Allmenne kulturformål

Lønns- og driftsutgifter

Under kap. 320 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak er det for 2007 løyvt 0,8 mill. kroner til dekking av utgifter knytt til Mangfaldsåret 2008. Beløpet skal dekkje lønns- og driftsutgifter knytt til sekretariatet for Mangfaldsåret. Desse midlane må derfor utbetalast frå post 01 Driftsutgifter. Behovet for løyving under kap. 320, post 78 blir redusert tilsvarande.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 320, post 01 Driftsutgifter blir auka med 0,8 mill. kroner og at løyvinga under kap. 320, post 78 Ymse faste tiltak blir redusert tilsvarande.

Kap. 321 Kunstnarformål

Reduserte lønnsutgifter

Løyvinga under kap. 321 Kunstnarformål, post 01 Driftsutgifter skal dekkje utgiftene til statsstipendiatar. Utgiftene blir i 2007 lågare enn tidlegare forventa. Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 321, post 01 Driftsutgifter blir redusert med 1,4 mill. kroner.

Kap. 323 Musikkformål

Lønnsutgifter

Til arbeidet med etablering av eit opplevingssenter for pop/rock i Trondheim er det for 2007 løyvt om lag 3,0 mill. kroner under kap. 323 Musikkformål, post 78 Ymse faste tiltak. Kultur- og kyrkjedepartementet skal betale lønn til prosjektleiaren. Lønnsutbetalinga må gjerast frå post 01 Driftsutgifter. Lønnsutgiftene er rekna til kr 765 000.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 323, post 01 Driftsutgifter blir auka med kr 765 000 og at løyvinga under kap. 323, post 78 Ymse faste tiltak blir redusert tilsvarande.

Kap. 324 Teater- og operaformål

Auka driftsutgifter

Riksteatrets sal av billettar og program m.m. blir høgare enn tidlegare budsjettert. Dette gjer at driftsutgiftene aukar med 6,0 mill. kroner i 2007. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3324 nedanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 324, post 01 Driftsutgifter blir auka med 6,0 mill. kroner.

Kap. 325 Samordningstiltak for arkiv, bibliotek og museum

Auka oppdragsutgifter

Oppdragsverksemda ved ABM-utvikling får eit langt større omfang i 2007 enn tidlegare budsjettert. Som følgje av dette blir oppdragsutgiftene i 2007 venteleg 35,0 mill. kroner. Dette er 15,0 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3325 nedanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 325, post 21 Særskilde driftsutgifter blir auka med 15,0 mill. kroner.

Stikkord

ABM-utvikling disponerer ei eiga løyving til prosjekt- og utviklingstiltak under kap. 325, post 73. I tillegg har ABM-utvikling hatt som praksis å prioritere prosjekttildelingar innanfor driftsløyvinga under post 01, når det har vore rom for dette. Riksrevisjonen har hatt merknader til at eksterne prosjekt har fått tilskott under post 01. For å kunne utnytte interne og eksterne prosjektmidlar mest mogleg fleksibelt og effektivt, er det behov for å kunne disponere delar av løyvinga under kap. 325, post 01 Driftsutgifter til prosjekt- og utviklingstiltak under kap. 325, post 73 Prosjekt- og utviklingstiltak og omvend ved at nemnde postar får stikkordet « kan nyttast under post 73» og « kan nyttast under post 01». Dei nemnde postane er gitt tilsvarande stikkord i budsjettforslaget for 2008, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål

Auka tilskott til Henrik Ibsens Skrifter

I St.prp. nr. 1 (2007-2008) er det opplyst at Kultur- og kyrkjedepartementet tek sikte på eit samla tilskott på 15 mill. kroner til prosjektet Henrik Ibsens Skrifter ved Universitetet i Oslo i perioden 2007-2010. Universitetsleiinga garanterer at prosjektet vil bli gjennomført som planlagt med eit slikt tilskott frå departementet. Det er løyvt 3 mill. kroner til prosjektet i 2007. Dette beløpet vil bli vidareført i perioden 2008-2010, og utgjer til saman 12 mill. kroner. For å nå eit samla tilskott på 15 mill. kroner er det behov for ytterlegare 3 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 326, post 78 Ymse faste tiltak blir auka med 3,0 mill. kroner.

Tilskott til Ibsenprisen m.m.

Under kap. 326, post 76 Ibsenprisen m.m. er det i 2007 løyvd 3 mill. kroner til etablering av Den internasjonale Ibsen-prisen, utdeling av stipend og arrangement knytte til prisutdelinga. Førebuingane til utdeling av prisen har teke lengre tid enn tidlegare venta, og prisen vil derfor bli delt ut først i 2008.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 326, post 76 Ibsenpris m.m. blir redusert med 3,0 mill. kroner.

Kap. 329 Arkivverket

Auka driftsutgifter

Utgiftene til Arkivverket blir i 2007 4,6 mill. kroner høgare enn budsjettert. Av dei samla meirutgiftene skuldast 1,4 mill. kroner meirutgifter til drift av bygningar og husleige knytt til Riksarkivbygninga og Statsarkivet i Trondheim. Det er ikkje mogleg å dekkje desse meirutgiftene ved innsparingar i andre utgifter utan at dette får negative konsekvensar for drifta i Arkivverket. Som følgje av dette er det behov for å auke løyvinga til Arkivverket med 1,4 mill. kroner i 2007.

Salet av kildepublikasjonar, fotokopiar og transkripsjonar av arkivmateriale ved Arkivverket blir vesentleg høgare enn tidlegare venta. Dette gjer at driftsutgiftene aukar med 3,2 mill. kroner i 2007. Desse meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3329 nedanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 329, post 01 Driftsutgifter blir auka med til saman 4,6 mill. kroner.

Kap. 334 Film- og medieformål

Auka oppdragsutgifter

Oppdragsverksemda ved Norsk filminstitutt får eit større omfang enn tidlegare budsjettert. Som følgje av dette blir oppdragsutgiftene i 2007 om lag 7,7 mill. kroner. Dette er 2,5 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3334 nedanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 334 , post 21 Særskilde driftsutgifter blir auka med 2,5 mill. kroner.

Midlar til utvikling av teknologi for attkjenning av tale

Under post 78 Ymse faste tiltak er det i 2007 løyvt 4 mill. kroner til utvikling av teknologi for attkjenning av tale. Prosjektet var i utgangspunktet planlagt å starte i 2006. Oppstarten blei forseinka og prosjektet kom ikkje i gang før i inneverande år. Som følgje av endra framdrift i prosjektet, bl.a. fordi prosessane med innhenting av tilbod ikkje kan forserast, vil dei utgiftene som var venta å kome i 2007 ikkje kome til utbetaling før i 2008.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 334, post 78 blir redusert med 4,0 mill. kroner.

Kap. 340 Kyrkjeleg administrasjon

Auka oppdragsutgifter

Oppdragsverksemda ved Kyrkjerådet og bispedømmeråda får eit langt større omfang enn tidlegare budsjettert. Som følgje av dette blir oppdragsutgiftene i 2007 venteleg om lag 24,6 mill. kroner. Dette er 9,0 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3340 nedanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 340, post 21 Særskilde driftsutgifter blir auka med 9,0 mill. kroner.

Kap. 341 Presteskapet

Reduserte driftsutgifter

Etter gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift blir arbeidsgjevaravgifta frå 2007 rekna ut etter den avgiftssatsen som gjeld i den kommunen der presten har sin tenestestad. I forhold til tidlegare utrekningar blir utgiftene til arbeidsgjevaravgift etter dette redusert med kr 5 470 000 f.o.m. 2007. Løyvingsforslaget under kap. 341, post 01 er redusert tilsvarande i budsjettforslaget for 2008.

Utgiftene til ulike samlingar, etterutdanningskurs m.m. for prestane og til enkelte prestestillingar oppretta i samarbeid med ulike kyrkjelege institusjonar blir om lag 4,0 mill. kroner høgare i 2007 enn tidlegare venta. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3341 nedanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 341 Presteskapet, post 01 Driftsutgifter etter dette blir redusert med kr 1 470 000.

Kap. 342 Nidaros domkyrkje m.m.

Auka driftsutgifter

Omvising i Nidaros domkyrkje og Erkebispegarden, sal av ulike bok- og souvenirprodukt og eksterne oppgåver som Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider gjer for andre blir høgare enn tidlegare venta. Dette gjer at driftsutgiftene aukar med 4,5 mill. kroner i 2007. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3342, post 01 nedanfor.

Utleige av lokale i Erkebispegarden får noko større omfang enn tidlegare budsjettert. Som følgje av dette blir utgiftene i 2007 knytt til utleigeverksemda venteleg om lag 2,7 mill. kroner. Dette er 0,6 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgiftene blir dekte av meirinntekter, jf. omtale under kap. 3342, post 04 nedanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 342 , post 01 Driftsutgifter blir auka med til saman 5,1 mill. kroner.

Kap. 3300 Kultur- og kyrkjedepartementet

Auka inntekter

I 2003 blei det rammeoverført midlar frå Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett til Utanriksdepartementets budsjett til dekking av utgiftene til ei midlertidig stilling som spesialråd ved ambassaden i Washington. Stillinga blei dregen inn ved utgangen av 2006 og midlane er rammeoverført til Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett f.o.m. 2008.

For 2007 er midlane utbetalt frå Utanriksdepartementet og inntektsført under kap. 3300, post 01 Ymse inntekter. Dette gir ei meirinntekt i 2007 på om lag 2,1 mill. kroner. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 300 ovenfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3300, post 01 Ymse inntekter blir auka med kr 2 142 000.

Kap. 3305 Inntekter frå spel, lotteri og stiftelsar

Reduserte gebyrinntekter

Ved utarbeiding av budsjettforslaget for 2007 blei det lagt til grunn ei reduksjon i gebyrinntektene frå gevinstautomatbransjen på grunn av den varsla avviklinga av automatmarknaden frå 1. juli 2007. Det viser seg at reduksjonen blir noko større enn budsjettert. Gebyrinntektene frå lotteriaktørane er venta å bli om lag 36,5 mill. kroner i 2007. Dette gir ei mindreinntekt på 1,7 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3305, post 02 Gebyr-lotteri blir redusert med 1,7 mill. kroner.

Auka inntekter frå registreringsgebyr

Plikta til å vere registrert i stiftelsesregisteret tok til å gjelde frå 1. januar 2007 for alle stiftelsar. 2007 er derfor det første året med fulle inntekter frå den årlege avgifta for stiftelsar. Det viser seg at inntektene frå registreringsgebyra blir høgare enn budsjettert. Inntektene under posten er venta å bli om lag 18,8 mill. kroner i 2007. Dette gir ei meirinntekt på om lag 11,5 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3305, post 04 Avgift, gebyr-stiftelsar blir auka med kr 11 502 000.

Auka oppdragsinntekter

Lotteri- og stiftelsestilsynets oppdragsverksemd knytt til handlingsplanen mot pengespelproblem og informasjon og kontroll i samband med avviklinga av det private gevinstautomatmarknaden frå 1. juli 2007, har fått større omfang enn tidlegare budsjettert. Dei samla inntektene er venta å bli 6,75 mill. kroner i 2007. Dette gir ei meirinntekt på 6,0 mill. kroner. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 305 ovanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3305, post 07 Inntekter ved oppdrag blir auka med 6,0 mill. kroner.

Kap. 3324 Teater- og operaformål

Auka sals- og billettinntekter

Riksteatrets inntekter i 2007 frå sal av billettar og program m.m. blir vesentleg høgare enn budsjettert. Dei samla inntektene er venta å bli om lag 22 mill. kroner i 2007. Dette er 6,0 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 324 ovanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3324, post 01 Inntekter ved Riksteatret blir auka med 6,0 mill. kroner.

Kap. 3325 Samordningstiltak for arkiv, bibliotek og museum

Auka oppdragsinntekter

Oppdragsverksemda ved ABM-utvikling får eit langt større omfang i 2007 enn tidlegare budsjettert. Dei samla oppdragsinntektene er venta å bli om lag 35 mill. kroner i 2007. Dette er 15 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 325 ovanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3325, post 02 Inntekter ved oppdrag blir auka med 15,0 mill. kroner.

Kap. 3329 Arkivverket

Auka salsinntekter

Inntektene frå Arkivverkets sal av publikasjonar, fotokopiar og transkripsjonar av arkivmateriale får eit langt større omfang i 2007 enn tidlegare budsjettert. Dei samla inntektene er venta å bli om lag 4,6 mill. kroner i 2007. Dette er 3,2 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 329 ovanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3329, post 01 Ymse inntekter blir auka med 3,2 mill. kroner.

Kap. 3334 Film- og medieformål

Auka oppdragsinntekter

Inntektene frå Norsk filminstitutts oppdragsverksemd blir høgare enn tidlegare venta. Dei samla oppdragsinntektene er venta å bli om lag 7,7 mill. kroner i 2007. Dette er 2,5 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 334, post 21 ovanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3334, post 02 Inntekter ved oppdrag blir auka med 2,5 mill. kroner.

Kap. 3340 Kyrkjeleg administrasjon

Auka oppdragsinntekter

Oppdragsverksemda ved Kyrkjerådet og bispedømmeråda får eit større omfang i 2007 enn tidlegare budsjettert. Dei samla oppdragsinntektene er venta å bli om lag 24,6 mill. kroner i 2007. Dette er 9 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje tilsvarande meirutgifter, jf. omtale under kap. 340 ovanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3340, post 02 Inntekter ved oppdrag blir auka med 9,0 mill. kroner.

Kap. 3341 Presteskapet

Auka inntekter

Inntektene frå refusjonar og eigendelar ved ulike samlingar, etterutdanningskurs for prestane m.m. blir høgare i 2007 enn tidlegare venta. Dei samlainntektene er venta å bli om lag 11,3 mill. kroner i 2007. Dette er 4,0 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirinntektene skal dekkje meirutgifter, jf. omtale under kap. 341 ovanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3341, post 01 Ymse inntekter blir auka med 4,0 mill. kroner.

Kap. 3342 Nidaros domkyrkje m.m.

Auka sals- og billettinntekter

I juni 2006 blei det opna eit nytt besøkssenter ved Nidaros domkyrkje og ei permanent riksregalieutstilling i Erkebispegarden. Sals- og billettinntektene vil som følgje av dette bli høgare enn venta. Dei samla inntektene i 2007 er venta å bli om lag 15,2 mill. kroner. Dette gir ei meirinntekt på 4,5 mill. kroner. Meirinntektene skal dekkje meirutgifter knytt til drifta av besøkssenteret og riksregalieutstillinga og meirutgifter til vakthald m.m., jf. omtale under kap. 342 ovanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3342, post 01 Ymse inntekter blir auka med 4,5 mill. kroner.

Auka leigeinntekter

Leige av lokale i Erkebispegarden har fått noko større omfang i 2007 enn venta. Inntektene frå utleige av desse lokala er venta å bli om lag 2,7 mill. kroner i 2007. Dette gir ei meirinntekt på 0,6 mill. kroner. Meirinntektene skal dekkje meirutgifter knytt til drifta av Erkebispegarden, jf. omtale under kap. 342 ovanfor.

Departementet foreslår at løyvinga i 2007 under kap. 3342, post 04 Leigeinntekter blir auka med 0,6 mill. kroner.

Til forsida