7 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar
Kap. 1380 Post og teletilsynet
Post 70 Tilskot til teletryggleik og –vernebuing
Post- og teletilsynet inngår vernebuingsavtalar med fleire tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og –tenester. Pålagde kjøp av vernebuingsmateriell kan ta lenger tid enn planlagt. Dette medfører at kjøpa ikkje alltid vil kunne betalast i budsjettåret. Det er viktig at tilbydarane er sikre på at dei får betalt i samsvar med dei inngåtte avtalane. Departementet foreslår derfor at kap. 1380, post 70 Tilskot til teletryggleik og vernebuing, får tilføydd stikkordet «kan overførast».
Kap. 4380 Post og teletilsynet
Post 01 Diverse avgifter og gebyr
I samband med lønsoppgjeret for 2007 er Post- og teletilsynet tildelt 1,636 mill. kr i lønskompensasjon på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse avgifter og gebyr, med 1,636 mill. kr.