2 Programområde 21.1 Administrasjon m.m.
2.1 Forsking og utvikling
I samband med Revidert nasjonalbudsjett 1998, jf. Innst. S. nr. 252 (1997-98), reduserte Stortinget løyvinga på kap. 1301, post 51 Transportforsking, med 5 mill. kr og post 52 Telekommunikasjonsforsking, med 6 mill. kr. Ein slik reduksjon kan ikkje gjennomførast utan å bryte inngåtte kontraktar. Det er derfor nødvendig å auke løyvinga til opphavleg nivå.
Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 51 Transportforsking, med 5 mill. kr og post 52 Telekommunikasjonsforsking, med 6 mill. kr. Telekommunikasjonsforsking omfattar m.a. forsking om utvikling av breibandsnett og samfunnsmessige konsekvensar av bruk av ny IT-teknologi.
Departementet gjer framlegg om å dekkje auken på post 51 Transportforsking ved å redusere løyvinga på kap. 1301, post 70 Tilskot til rasjonell og miljøvenleg transport, med 5 mill. kr.