3 Programkategori 21.2 Luftfartsformål
3.1 Godtgjersle for innanlandske flyruter
Widerøe's Flyveselskap ASA auka frå starten av vintersesongen 1998/99 kapasiteten på kortbanerutene på Helgeland og Vestlandet, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (1998-99). I samsvar med opplegget for 1999 gjer Samferdselsdepartementet framlegg om å løyve ei godtgjersle til selskapet tilsvarande luftfartsavgiftene knytte til den nye produksjonen. For perioden 25. oktober - 31. desember 1998 er dette rekna til 2,3 mill. kr. Samla løyving i 1998 på kap. 1310, post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter, blir etter dette 249,1 mill. kr.
For å dekkje inn utgiftsauken på kap. 1310, post 70, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 1311, post 70 Overføring til Luftfartsverket, med 2,3 mill. kr til 96,8 mill. kr.
Med det utvida rutetilbodet på Helgeland og Vestlandet vil dei samla avgiftsinntektene frå den regionale luftfarten auke tilsvarande, slik at inntektsgrunnlaget for den statlege infrastrukturen i luftfarten ikkje blir monaleg endra. Endringane på kap. 2450 Luftfartsverket, post 24, er så små at Samferdselsdepartementet ikkje finn grunn til å endre Luftfartsverkets budsjett.
3.2 Oslo Lufthavn AS - lånebehov i 1998
Den samla investeringsramma for Oslo Lufthavn AS er rekna ut til om lag 10,2 mrd. kr, ekskl. pir B, men medrekna dei kommersielle tilleggsinvesteringane, jf. St.prp. nr. 37 (1996-97). Låneramma for Oslo Lufthavn AS er rekna ut til om lag 9,1 mrd. kr. Investeringane og låneramma er omtalte i kap. 1.7.2 i St.prp. nr. 1 (1998-99) for Samferdselsdepartementet. Samferdselsdepartementet opplyste der at det om nødvendig ville komme tilbake til fordeling av låneramma mellom 1998 og 1999 seinare i haust.
På grunnlag av utbyggingsbudsjettet for flyplassen har Oslo Lufthavn AS no rekna ut låneramma for 1998 og 1999. Oslo Lufthavn AS har opplyst at lånebehovet i 1998 er rekna ut til 2 000 mill. kr, dvs. 420 mill. kr lågare enn vedteken låneløyving. Det reduserte lånebehovet svarer til auken i lånebehovet vedteken ved handsaminga av St.prp. nr. 64 (1997-98), jf. Innst. S. nr. 229 (1997-98). Årsaka til det reduserte lånebehovet i 1998 er m.a. at nokre sluttoppgjer med leverandørar er skuva fram til neste år. Dessutan vil nokre utbyggingskontraktar bli ferdige først i 1999. Dette gjeld brannstasjon for vestre rullebane, opprusting av vestområdet på flyplassen, støyisolering av bustader og kjøp av bustader i området nær flyplassen.
Samferdselsdepartementet gjer derfor i denne proposisjonen framlegg om å redusere låneramma til Oslo Lufthavn i 1998 med 420 mill. kr til 2 000 mill. kr. Forslag til låneramme for 1999 er lagt fram i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (1998-99).
3.3 Overføring av eigedelar frå Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS
Det er sett i gang eit arbeid med overføring av bygg og tilhøyrande faste installasjonar på Gardermoen frå Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS. I tillegg vil ein del driftsmidlar på Gardermoen og Fornebu bli overførte frå Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS. Det gjeld eigedelar som Luftfartsverket i dag eig, og som er bokførte i Luftfartsverkets balanse. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med ei nærare orientering om saka, medrekna den budsjettmessige handteringa av overføringane.